Mittryfylke 1 2013

Page 1

M Nr. 1

2013

I utvikling

Kjell Arnold Pettersen (56) er tredje generasjon som arbeider på smelteverket i Sauda. Han har sett ei rivande utvikling i dei 40 åra han har hatt arbeidsplassen sin her.

Optimistkommunen • Ryfylkekokken • Portrettet: Leif Magne «Luffen» Kleppa • Hotell som livsstil


Innhald

28

Ryfylkekokken

17

Portrettet

Strand Guitars

Rosehagen - eit historisk fleirbrukshus Smelteverket i Sauda - ein fabrikk i utvikling Portrettet - Leif Magne «Luffen» Kleppa Forsand- kommunen med eige optimistprosjekt Kommentar: Erik Danielsen Mat: Ryfylkekokken Frode Selvaag Min Tur: Hans Magne Helland Lauvsnes Gartneri - Jan Terje Vignes satsar på tomatproduksjon Ryfylke Fjordhotel - godt samarbeid Det skjer i Ryfylke Gitarmakarane på Jørpeland har kjende artistar som kunder Aktuelt: Ole Madsen

M

Magasinet Mitt Ryfylke blir gitt ut i samarbeid mellom kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan og Ryfylkealliansen. Postadresse: Sandsvegen 134, 4230 SANDTips oss: tips@mittryfylke.no Annonser: nina@mittryfylke.no Telefon: 52 79 04 80 Framsidefoto: Fotograf Nordtveit Opplag: 14 000 Distribuert i Ryfylkekommunane, og på diverse stadar i Stavanger – og Haugalands-regionen. Trykk: Kai Hansen Trykkeri

2

Juni 2013

Redaktør Judith Sørhus Litlehamar judith@norsk-plan.no

Smelteverket i Sauda

45

38

Ryfylke Fjordhotel

4 12 17 20 27 28 30 34 38 42 45 50

12

Journalist Elin Moen Karlsen elin@norsk-plan.no

Journalist Toyni Tobekk toyni@norsk-plan.no

Design Astrid Eidhammer Hjelmeland astrid@norsk-plan.no

34

Lauvsnes Gartneri

Fotograf Jan Nordtveit jan@fotografnordtveit. com

Annonser Nina Østebø nina@mittryfylke.no


Mitt ka for någe? Velkomen til oss! Ja, me som står stolte, smilande og samla i hop! Eller er me ein sprikande region som prøver å pusla seg saman att? Kva er det første du tenkjer på når eg seier «Ryfylke»? Vanskeleg spørsmål? Eller fort gjort å svara? Spør du dei 27 540 personane som bur her, får du sikkert 40 000 ulike meiningar.«Mangfaldig og ekte», seier me. Ja, det vil seia me som styrer Ryfylkealliansen, foreininga som skal jobba for identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke. Me er programforplikta til å seia det. Men, tenk om me seier feil? - Joda, dokke er i alle fall mangfaldige. Står jo ikkje akkurat i saman. Sauda vil vera med Etne, Finnøy vil gå mot Rennesøy, Forsand flørtar med Gjesdal, Hjelmeland vil kosa med Strand, Strand vil til Stavanger og Suldal vil vera med seg sjølv. Seier somme. I den politiske verda er det alltid dei som posisjonerer seg og meiner. Og med rette. Dei som styrer med politikk skal jo gjera Ryfylke og verda betre for deg og meg. Då må dei også sjå på kommunegrenser. Eg er ikkje så opptatt av kor grensene går. I dag seier såkalla faktaboksar at det geografiske Ryfylke er der kor Sauda, Suldal, Hjelmeland, Strand, Forsand og Finnøy er. Det vil seia vel 47,5 prosent av all geografi i Rogaland, og knappe seks prosent av folketalet. Me har god plass … Eg er meir opptatt av tilhøyrsle enn postnummer. Sjølv er eg 39 år, har vore finnøybu i 31 år og ryfylking i 23. Korleis eg reknar? Vel, i 1982, åtte år gammal, flytta vår familie frå

Tysvær til Finnøy. Åtte nye år seinare, i august 1990, forstod eg at eg var BÅDE finnøybu og ryfylking. Det var då eg starta på Strand vidaregåande skule på Tau. Og me enkle øybuar møtte like enkle og utruleg gilde sjeler frå både Jørpeland, Fiskå, Årdal, Forsand, Tau, Hjelmeland, ja endå til frå Bjørheimsbygd. Og me fann eit hopehav, i både lynne, framferd og sjølvironi. Så utvida horisonten seg, då eg oppdaga at suldøler og saudabuar var typar eg identifiserte meg med også. Stolte, litt smålåtne folk, som alle meiner at dei bur i perlå i Ryfylke. Som vaksen har eg blitt kjent med dei som driv næring. Med trufaste bønder, tolmodige industriarbeidarar, solide handverkarar, kreative kunstnarar og visjonære høgteknokratar. Du finn det meste her i Ryfylke også, i eit mangfaldig og ekte Ryfylke. Nå er eg sprekkeferdig og stolt over å få dela ut magasinet Mitt Ryfylke. Det aller, aller første, som i år skal ut med tre nummer. Og vonaleg med fire utgåver frå neste år av. Eg trur Mitt Ryfylke-magasinet kan vera eit lim innvortes i Ryfylke og ein oppvekkjar ut av Ryfylke. Mitt ka for någe? Mitt Ryfylke! Og eg skal garantera det er ikkje det same som ditt Ryfylke.

Tor Øyvind Skeiseid Ryfylkepatriot Prosjektleiar Ryfylkealliansen

Mitt Ryfylke på instagram

@Sheimofnorway Painting the Sky #mittryfylke #galleriskjæveland

@birgitoh #visitnorway #mittryfylke #naturelover #spring

Juni 2013

3


Eit fleirbruks

Skyene er tunge og mørke. Det kvite treetasjes huset med treutskjeringar og skifertak ligg i ein hage som ennå ikkje har fått grønfargen på. Huset vitnar om svunne tider, den gongen ein stålverksdirektør var ein mann frå den øvste klassen i bygda og budde i ein storslagen villa med ein vakker rosehage og eigen gartnar. Framfor huset ligg 12 stein- og buskinnramma bed og midt mellom desse står to stålskulpturar og kneisar med nakkane mot fjorden som ligg roleg eit steinkast nedanfor. Rosene er ennå berre nakne, tynne greiner midt i barkbedet. Om nokre månader skal det bløme og dufte av roser i alle slags fargar i beda. Inne skin det i levande lys og vasar med roser. Kanelsnurrane på disken sender ut ei freistande lukt av friskt bakverk. Det er berre to andre i kafeen nå midt i beste middagstid ein torsdag ettermiddag. – Det begynte eigentleg berre som ein sprø idé, fordi Strand kommune ville


Ein gong budde driftsdirektøren på Stålverket her. Nå har den tidlegare direktøbustaden frå 1917 blitt eit fleirbrukshus med kafé, selskapslokale og galleri. Og ikkje minst – ein historisk rosehage.

hus omgitt av roser

bruke huset til asylmottak, fortel ansvarleg dagleg leiar, Anne Berit I. Amdal. Dette var i 2009. Det var mange tankar og idear rundt kva Grahamshuset, som det heiter, og tomta skulle nyttast til. 20 år med barnehagedrift i Grahamshuset var over. Det blei snakka om å rive huset og byggje nytt kulturhus på tomta. – Det var eit altfor fint hus til å rivast og ein altfor fin stad til å øydeleggje, slår Amdal fast. Ho peikar på at 1000-årsplassen til kommunen også ligg her i hagen. Derfor melde dei si interesse for å drive eit fleirbrukshus i det kommunalt eigde Grahamshuset. Dei fekk positive tilbakemeldingar med ein gong og etter kvart ein langsiktig leigekontrakt. Det har gått med mange dugnadstimar sidan dei overtok huset og hagen. – Det såg ikkje ut her, huset var heilt herpa då vi overtok, fortel Haugen. I dag inneheld kjellaren med tjukke kvite murveggar eit galleri, medan kafé- og selskapslokala er i hovudetasjen. Utanfor på framsida er det bord og stolar, og her kan du nyte ein kaffikopp. I toppetasjen er det kontorlokale, men denne etasjen er ennå ikkje pussa opp. Ideen var ein kultur- og næringspark i hjartet av Jørpeland. – Vi har lyst å lage ein møteplass på Jørpeland, seier dei to samstemt.

Grahamshuset fekk namnet etter ein av driftsdirektørane på Stålverket, som heitte nettopp Graham. – Det var eit enormt klasseskilje her på den tida. Framleis er det fleire av den eldre garde som ennå ikkje har vore i Rosehagen, nettopp på grunn av dette klasseskiljet. Arbeidsfolk fekk ikkje lov å gå her i huset, seier Amdal. For å kunne nytte Rosehagen som eit lokale for selskap, kurs og konferansar har dei valt å ha eit enkelt kafekonsept. I 2011 inngjekk dei eit samarbeid med Ostehuset i Stavanger. Dei samarbeider også med lokale kokkar om nokre gourmetrettar og kan tilby catering. – Ostehuset tar all førproduksjon og baking av bakverk. Vi får inn ferskvarer og set saman rettane, fortel Amdal. Sidan starten har byutviklingsgruppa Melting Pot drive galleri i huset. Dei held hovudsakleg til i kjellaren, men kafelokala blir også nytta som utstillingsstad. Det er eit halvt årsverk knytta til galleriet. – Vi er veldig opptatte av å ha anerkjende kunstnarar i galleriet vårt. Vi har mellom andre hatt Pia Myrvoll, Kjell Pahr Iversen, Kjell Johannesen, Kristian Finnborud, Olav Storø og Gunn Vottestad som utstillarar. Vi har ikkje vald å ha anerkjende kunstnarar fordi vi vil vere snobbete, men fordi det er viktig å kunne vise til ein CV med kunstnarar av ein viss kvalitet for å få dei beste, slår Amdal fast. Dei har også fått kunstnarane til Rosehagen på kunstkvel-

Juni 2013

5


Foto: Elin Moen Karlsen

dar for private og bedrifter. Det har mellom anna Kjell Pahr Iversen, Kjell Johannesen og Svein Tang Wa vore med på. I februar i fjor starta dei opp med konsertkonseptet Åpen scene på torsdagskveldane. Her har både lokale og meir kjente musikarar vore med og underhalde det siste året. – Utgangspunktet var å ha ein scene for lokale aktørar. Vi ønskjer å lage eit kulturtilbod på Jørpeland. Vi har fått til dette konsertkonseptet i tett samarbeid med Preikestolen bluesklubb og kulturskulen, fortel Henning Haugen om hjartebarnet sitt. Dei har også hatt meir klassiske

6

Juni 2013

konsertar nede i galleriet. Dette har mellom andre Gunnar Hauge Voster og Richard Andre Helvig vore med på. Vi er innom ein torsdag kveld då desse unggutane speler med indiebandet sitt Minds Clouded på Åpen scene. Bandet består for øvrig også av vokalist Emilie Adams. – Det er kjekt å ha noko å øve fram til og ein plass å vise oss fram. Det er også lett å organisere og folk kjem og høyrer på oss, seier seier dei tre unge bandmedlemmane. Dei tre musikarane sit på kvar sin barstol inntil vindauga. På eit langbord framfor dei sit ein heil gjeng med ungdommar og lyttar til Adams si mjuke røyst, medan altmulegmusikarane

Voster og Helvig byter på å spele bass, gitar og piano. I ein krok sit to vaksne venepar. – Rosehagen er ein flott stad å gå ut. Huset har ei fantastisk plassering og nydeleg utsikt. Det er jo ennå ein plass som er litt i støypeskeia, men dei har eit spennande og breidt tilbod, skryt Johannes Ihle. – Det er ein fantastisk stad, samstemmer Bente Leivestad. – I tillegg til at det ligg fint til og er eit fint hus, har dei god mat og kan tilby uteservering. Ho er begeistra for konserttilbodet Åpen scene. – Dei gir folk eit lågterskeltilbod, kor dei kan gå og oppleve kjente som viser seg fram og kor det er hyggeleg å gå,


seier Leivestad. Ho trur også det er nyttig med eit slikt tilbod for å oppdra strandbuane til å nytte seg av dei lokale kulturtilboda som finst. Det er ikkje bare inne i huset det skjer spennande ting i Rosehagen. I fjor sommar blei det opna ein skulpturpark ute i hagen. Skulpturane er laga av anerkjente norske og utanlandske kunstnarar, og er laga i syrefast, rustfritt stål. Stålskulpturane har blitt til i eit samarbeid mellom Scana Steel Stavanger, Strand kommune og byutviklingsgruppa Melting Pot. Det aller siste nye utandørs er sjølve rosehagen. Roseentusiasten Idar Jansen, som er viden kjent i det norske rosemiljøet, har donert dei historiske rosene sine til Rosehagen. Arbeidet med å flytte rosene begynte i fjor, og haldt fram nå i vår. – Rosesamlinga til Idar Jansen er heilt unik, det er ingen i Norden som har ei slik samling. Dei mest sjeldne rosene er tatt vare på andre stader, men vi har fått rundt 100 rosebuskar hit. Vi har fått med oss Strand og Forsand hagelag på å jobbe med å få dei historiske rosene på plass, seier Amdal. Når hagen står ferdig blir det som ein park, og dei håpar å kunne trekkja turistar hit. – Dei treng ikkje reise til Rosendal for å oppleve roser. Våre roser kjem til å overgå det dei kan vise fram av historiske roser, slår Amdal fast. Ho kan fortelje at rosene også er duftande roser, slike som dei lagar parfyme av. – Det kjem til å gå eit par år før hagen er skikkeleg oppe og går, legg ho til. Då skal det vere blømande roser frå mai og ut september. Det har allereie blitt investert ein del kapital i oppussinga av huset og hagen. Andre etasje har dei ennå ikkje gjort noko med. – Vi har søkt om å få kjøpe huset av Strand kommune, fordi det ikkje er forsvarleg å leggje inn meir eigenkapital. Det er vanskeleg å få finansiert ei vidare oppussing i eit hus vi ikkje sjølv eig, slår Haugen fast. – Skal huset setjast 100 prosent i stand, må huset i privat eige, legg han til. Får dei kjøpe huset er det også andre draumar dei ønskjer å realisere på sikt. – Vi drøymer om ein vinkjellar eller vinbar i kjellaren. Vi har også lyst å setje opp eit lysthus i hagen, røper Amdal. Men førebels er fokuset på å få roser i beda og lokale aktørar på scenen. Av Elin Moen Karlsen Foto: Fotograf Nordtveit


Årets fotograf Rogaland fotograflaug 2012 Årets bilde og portrett Norges fotograflaug sin landskonkurranse 2013

PÅ TUR MED

Dansegalla - Ole Ivars

Storefjell, fredag 6. - søndag 8. september. Kr 3990,- inkl. overnatting, mat og billett til dansegalla. Påmelding innan 1. juli

Helgetur til Bergen

Portrett BrylluP reklame rePortasje mob. 922 22 875 www.fotografnordtveit.com Følg oss på facebook

i samarbeid med Bygdekvinnelaget, fredag 4. - søndag 6. oktober. Kr 3200,- inkl. overnatting og revybillett til show: Christine Hope roer seg kraftig ned. Påmelding innan 1. august.

Hanne Krogh; Ta meg til havet Haugesund, laurdag 5. - søndag 6. oktober Kr 1680,- inkl. overnatting, buffet og konsertbillett. Påmelding innan 1. september. Påmelding, meir info og fleire turar: www.suldal-billag.no Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no Facebook

Sjå videoen RiksvegRidder på youtube.com

Vi er banken for hele Ryfylke - du finner oss i din egen kommune.

Vi er 50 ansatte som er her for å hjelpe deg med alle finansielle behov knyttet til bank, forsikring og eiendomsmegling – enten det gjelder privat eller næring. Du finner oss i Sauda, Sand, Årdal, Jørpeland, Tau, Forsand, Judaberg og Vikevåg. Har du prøvd vår mobilbank for privat eller bedrift? Finn oss online på em1.no og sr-bank.no

Tlf. 52 79 04 00 - post@suldal-billag.no www.suldal-billag.no


Kontakt: Hanne Sundbø hanne@hagalid.net tlf. 982 19 973 Følg Galleri Eldhuset på fjesboka.

Nytt sommargalleri i Hjelmeland - ta turen til Hagalid

Galleri Eldhuset Keramikk • blåst glas • bilde • stål • smykke • tekstil/klede

Opningstider sommaren 2013:

Opningshelg 15. - 16. juni: laur - sun 11-18 resten av juni: fred - sun 11-17 juli/aug: ons - sun 11-17 september: sun 1. 11-17 Norsk Frukt og Laksefest 6.- 8. september: sommaravslutning, informasjon kjem. Elles for grupper: ope etter avtale, bestilling 2 dagar før.

www.hagalid.net

Arbeidarane sitt liv i Flørli Utstilling frå anleggstida

Opning 9. juni kl 15.00 – open heile sommaren

Smaken av den andre sida Utforming: norsk-plan.no

I Galleri Eldhuset midt i tunet på Hagalid kan du frå 15. juni sjå og kjøpa vakre ting av varig verdi frå kjende norske kunstnarar og kunsthandverkarar. Kombiner turen opp den imponerande vegen 5 km frå Hjelmelandsvågen med ein fottur til Skomakarnibba. P-plass rett før tunet.

(av Finnøy)

Ingenting stygt om slektsgarden på Vignes, men tilgang på vatn, det hadde han ikkje. Og då kan ein jo ikkje dyrka ei einaste tomat. Men på den andre sida av Finnøy fann farfar min både kone, ein gard med vatn – og ikkje minst lidenskap for tomatdyrking. Den dag i dag nyt me godt av den same tilførsla av vatn, og erfaring bygd opp gjennom tri generasjonar. Og med Juanita-tomatene frå Lauvsnes Gartneri kan også du nyte smaken av den andre sida, heile året. Helsing Jan Terje Stolt tomatgartnar på den andre sida.

F

lørlibygda har mykje spennande å by på sommaren 2013 - i kraftstasjonen frå 1917 er det utstilling om arbeidarane sitt liv i Flørli basert på Forsand Sogelag sitt hefte «Linjespenn i tid og rom». To driftige damer - Inger Lise Tangen og Marit Haddeland - som begge har røter frå Flørli startar Flørli Mat og Seng AS. Dei vil drive kafè i kraftstasjonen basert på lokal mat og tradisjonar, dei tilbyr frukostservering i det gamle skulehuset og dei leiger ut rom til overnatting. Stavanger Turistforening har restaurert Flørli Turiststasjon med blant anna nytt kjøkken og eiga leikeavdeling for barn. Verdens lengste tretrapp er nyleg opprusta: du kan gå 4444 trappetrinn langs røyrgata opp til fjells- eller du kan følgje ei merka vandreløype rundt på området og opp til øvste del av bygda. I Flørli har Ryfylke Friluftsråd anlagt ny småbåthavn slik at du kan komme med eigen båt eller du kan følgje turistferja eller rutegåande kombibåt. For meir info: www.visitlysefjorden.no

LYSEFJORDEN UTVIKLING

visitlysefjorden.no

| www.lgartneri.no


Har DU lyst på en spennende og fremtidsrettet jobb?

Vg1 Naturbruk blå linje På Vg1 Naturbruk vil du lære om produksjon knyttet til sjø og vann, som fiske, akvakultur og opplevelser. Vg2 Akvakultur Elevene får erfaring i moderne fiskeoppdrett. Elevene får teori og praksis på skolen. Vg2 Fiske & Fangst Et tilbud til deg som vil bli fisker eller fiskeskipper. Vi samarbeider med næringen slik at elevene blir utplassert i aktuelle bedrifter. rygjabo.vgs.no

Utforming: norsk-plan.no

Innen fiskeri- og oppdrettsnæringen vil du finne gode og utfordrende jobber.

Vil di bedrift ta inn lærlingar og utdanne framtidas fagarbeidarar?

Bli lærebedrift!

Vil du vite meir, ta kontakt med RYTOPP, tlf.52790672/70

facebook.com/pages/Rygjabø-VGS

trenger din karriere et løft?

Aktivt næringsliv gir godt bygdeliv

Rekrutterin

g

Vikarutleie

Bedriftsetablering, vekst og nyskaping - treng DU råd?

Karriererådgiving www.asap-personal.no

Foto: Anne Lise Norheim

SULDAL VEKST har KOMPETANSE og NETTVERK!

Sjå meir om oss på www.suldalvekst.no

Personalutleie - rekruttering

Dir. Sæthersgate 1 - 4100 Jørpeland 51 74 15 90 - post@asap-personal.no


Industrien lever i Sauda. Smelteverket er fylt av energi, varme og ei sterk tru p책 framtida.

Pulsen i Sauda


Smelteverket i Sauda

F A B R I K K E N

Smelteverket i Sauda vart etablert i 1915 og leverer manganlegeringar til den internasjonale marknaden. Manganlegeringane frå Eramet blir brukt i stålproduksjon og har eit breidt bruksområde, frå verktøy, proteser, syklar og bilar – til supertankarar, skyskraparar og fly. Eramet overtok bedrifta frå Elkem i 1999. Smelteverket har to smelteomner i tillegg til eit raffineringsanlegg.   Smelteverket er ei klassisk hjørnesteinsbedrift og har hatt stor betydning for utviklinga av regionen, blant anna ved at bedrifta frå oppstarten hadde ansvaret for å etablere infrastruktur i form av sjukehus, bustadar, vegar og idrettsanlegg. På det meste sysselsette verket 1300 personar, i dag er det 200 tilsette ved smelteverket.  I dag er utvikling og forskning viktig ved Smelteverket. Det blir arbeidd med store prosjekt for å auke energigjenvinninga frå prosessane, og ein ser på korleis ein best kan utnytte overskotsenergi – blant anna vannbåren varme. Bedrifta ynskjer å spele ei sentral rolle i næringsutviklinga, noko som blant anna viser igjen ved at det er etablert ein eigen næringspark inne på anlegget. Smelteverket fekk Haugaland HMS sin arbeidsmiljøpris i 2011.  Eramet Norway er eit heileigd dotterselskap av det franske gruveselskapet Eramet Group. Selskapet har tre produksjonsanlegg i Noreg: Porsgrunn, Kvinesdal og Sauda Eramet. Til saman har selskapet sju omnar og to raffineringsanlegg. Eramet Norway hadde ei total omsetjing på 4,2 milliardar og ein produksjon på 509 000 tonn i 2012. Smelteverket i Sauda står for omlag 40 prosent av dette.



2 3

4

14

Juni 2013

5


– Det er sjeldan at fabrikkar ligg slik midt i byen. Dette understrekar rolla vår som ei hjørnesteinsbedrift.

Kåre Bjarte Bjelland, Verksdirektør

7

8

1

9

6

1. Heitt. Den lokale popstjerna Gary Glitter er godt kledd i den sølvgrå frakken for å halde ut den steikande varmen. Då TV2-programmet Klaus på kanten vitja smelteverket meinte Klaus Sonstad at ein minst kunne steike pizza her inne. 2. Motor.Odd Vik (82) er primusmotor i snekkerbua. Her har pensjonistane sin arbeidsdag. 3. Røff tone. Dialogen er mektig. Den røffe tonen og den godhjarta mobbinga går hand i hand. Kjell Arnold Pettersen (tv) og Egon Handeland har kjent kvarandre sidan dei var barn. No jobbar dei saman, et lunsjen sin saman og deler kontor. 4. Støv og skit. I den store hallen speglar solstrålene seg i dei farga vindauga. Kunsten som er laga av støv og skitt gir hallen eit større og mektigare uttrykk. Her har det til og med vore konsert med den greske komponisten Mikis Theodorakis. 5. VIKTIG. – Me kjenner ansvaret for jobben som skal bli gjort. Det er viktig for oss at me har ei sterk bedrift i ryggen slik at me kan føre smelteverket vidare til neste generasjon. Fabrikken er framleis viktig for Sauda, seier Kjell Arnold.

6. POPSTJERNE. Somme gonger er det rom for ein pust i bakken. Til og med popstjerner som Garry Glitter må kvile av og til. 7. Krefter. Varme. Energi. Massivt. På Smelteverket er det store krefter i sving. 8. Driftssentralen. Frå venstre; Dag Åsmund Ørnes, Sverre R. Olsen (lærling) og John Sverre Utter har full kontroll over alt som skjer på smelteverket. Dersom alarmen går trengs det raske beslutningar. 9. KAMERATAR. I 1973 fekk Kjell Arnold det første skapnummeret på arbeidsjakk. – Du må tole litt skal du jobbe her, det er varmt og tungt arbeid, men kameratskapen er uvurderleg, seier han. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

Juni 2013

15


Min arbeidsdag

Ryfylkepuls Me utfordrar bedriftsleiarar til å dokumentera arbeidsdagen sin i bilete. Først ute er: Ingvill Gjertsen frå Spa - hotell Velvære på Hjelmeland.

4

1. Mye bagasje på folk som kommer langveisfra… fullt i alle møterom og hotellrom... Og vi koser oss!!! 2. Cava Moments… noen gjester skal kose seg veldig i dag... Best å få det ut på hotellrommene før gjestene kommer… 3. Hjelp... varmestyringsystemet er ute av drift….og fullt hotell… What to do?? 4. Over 100 gjester som vil bade og ha spa… har vi nok badekåper, håndkle og tøfler mon tro? 5. I dag er det gjennomgang av HMS-rutiner og jeg er med spaavdelingen på dagens vannprøver i basseng-området.

Kulturtipset

Foto: Privat

Opplev industrihistorie og arkitektur. Kanskje til og med verdsarv i Sauda? Rjukan og Notodden er godt i gong med ein prosess for å komma på Unesco si verdsarvliste. Det er ingen problem å argumentera for at Sauda har vel så mange kvalitetar, for i Sauda har me framleis svært mykje av det opphavlege intakt:

• Jonegarden på Hustveit – døgnopne utstillingar, unikt kulturlandskap, flott turområde • Sinkgruvene i Allmannajuvet – moderne arkitektur i verdsklasse som opnar i 2014. • Kraftutbygging representert ved verneverdige Stasjon III og den nye kraftstasjonen i Søndenåhavn • Eit levande smelteverk • Åbøbyen – bustadområde som blei reist for tilsette på • Sauda smelteverk. Her er også Industriarbeidarmuseet • Sauda Klubb – klubblokale for funksjonærar ved smelteverket. Og sist, men ikkje minst: Folkets Hus, som skal bli Saudas framtidige kulturhus. Åshild Marie Øverland, Kultursjef i Sauda

16

3

1

Juni 2013

5 2

Mitt ryfylke Kan du tenkje poetisk, ikkje berre strategisk? Kan du satse, utan å vite, heilt kva du får? Kan du leve eit liv utan alle svara? Neivel, då har du eit liv i A4 format. Dette vesle diktet skreiv eg eingong tidleg i tenåra. Det må ha vore inspirert av oppveksten min i Erfjord i Ryfylke. Sidan den gongen har mange av oss frå mellom anna Erfjord, styrt karrieren og liva våre i tråd med draumane. For nokon av oss er det A4, for andre ikkje. Satsing er likevel eit sentralt omgrep. Me les og høyrer om satsing i mediene og samfunnsdebatten ellers. Kva vil det sei å satse? på framtida - på Ryfylke - på dei eller dei aksjane - eller til og med på landbruket? Eg satsar nok ikkje når eg veit fullt ut kva eg «får». Det er sikkert.

Foto: Morten Hetland

Altså ligg det eit element av - ja, kva kallar me det: usikkerheit, risiko, innovasjon eller moglegheiter i omgrepet. Dessutan er det jo eit verb, det er noko me gjer, noko som viser, og som får konsekvenser me ikkje kontrollerer fullt ut. I mitt Ryfylke er det nok stabilitet til å satse. I mitt Ryfylke er det definitivt nok ressurser å satse på også. Det som står att då, står vel på... meg. Ingebjørg Vik Laugaland, Hjelmeland. Bonde og Vandrarprest med visjon om å gå rikare vidare.


Gründer og politikar Leif Magne Kleppa (56) er annige. Kanskje det er difor han satsar meir på næringsliv enn politikk.

P R O F I L

Navn: Leif Magne «Luffen» Kleppa. Alder: 56 Sivilstatus: Gift med Sigrund Kleppa, born: May Sissel 30 år, Elin 26 år og Joakim 24 år Aktuell: Byggjer ut hyttefelt ved Mosvatnet på Gullingen Drøymer om: Å få jobbe med prosjekt som gjer at folk vil til Hjelmeland, få omverda til å sjå og oppleve Hjelmeland som den plassen som gir dei positiv energi og sjansen til å leve det gode liv. Les: Mykje aviser, eg er vel nesten «avisoman», og krim når eg er på ferie. Høyrer på: P4 Førebilete: Eg vel å tenkje lokalt og då er det utan tvil Anders Romsbotn. Han har vore eit førebilete på å våge å satse og stadig sjå nye moglegheiter.

Mannen bak ideane


Kalenderen seier det er vår, men når ein ser på fargane som spelar seg på Gullingen kan ein vere litt meir i tvil. Bak det brune og haustlege ved Mosvatnet står Leif Magne Kleppa og vinkar på hyttetrappa. Rundt oss er det fleire nye hytter og fleire som er klare til å bli bygde. Det er grytidleg morgon, men Luffen som han gjerne blir kalla ser ut som om han er ein ekte morgonfugl. Ein annige morgonfugl. – Velkommen på hytta, seier han og ler. Det er vel ikkje hytte dette, nesten som eit hus. Den eg hadde før her oppe, det var hytte det, seier han og slår opp døra til hytta han har bygd i sitt eige hyttefelt ved Mosvatnet. Kaffien er klar og blir servert til gjester som sit i ekte jærstolar, eit ekte Hjelmelandsprodukt. – Sjølvsagt har me lokale møblar, må jo har det, seier Leif Magne. – Me bur mykje her oppe, kona (Sigrund Kleppa red. merk) er oppvekstsjef i Suldal og har vel nesten like mange døgn her på hytta som ho har heime på Hjelmeland.

18

Juni 2013

Gründeren og høgre-politikaren Leif Magne trivst her oppe i fjelllufta. Då firmaet hans Enkel Bygg og Butikk byrja å byggje ut hyttefeltet ved Mosvatnet fann Leif Magne og kona ut at dei òg ville slå seg ned her. 20 av dei 23 tomtene i feltet er selde, alle med veg fram til hyttedøra og alle fasilitetar. – Det er mange meiningar om kva hytter folk vil ha. Men eg trur veg fram til døra er eit fortrinn. Og ikkje minst den utsikta då, seier han frå terrassen. Terrassen har ikkje berre fin utsikt. Den har også delvis overbygg og badestamp. – Kona måtte ha overbygg , slik at ho kan sitje ute her heile året. Og så brukar me jo badestampen ein del. Manglar berre konjakken no, seier han og ler. Han er ein av dei som stod bak den ville ideen om Spahotell Velvære på Hjelmeland og har drive med innovasjon


og utvikling så lenge han kan hugse. – Anders Romsbotn var ein utruleg aktiv person i Hjelmeland. Det var han som starta prosessen med hotellet, han ville gjerne ha oss med og dermed var me i gang. Prosessen har vore interessant, men slitsam. Få hadde tru på hotell på Hjelmeland, og dermed måtte me satse sjølve for å få det til. – Hadde du gjort det igjen? – Ja, eg hadde gjort det igjen viss eg visste at eg fekk same oppbakking frå familie og kollegaer som eg fekk i perioden me arbeidde med å realisere hotellet. Eg fekk gode rammevilkår til å jobbe med prosjektet, kunne bruke mykje tid på grubling før realisering. Det hadde ikkje gått utan den tida. – Etter opninga i 2006 har det vore mange utfordringar knytt til økonomi, men med god innsats frå alle er hotellet framleis i full drift. Framleis må eg svinge bortom hotellet på morgonen for å sjå korleis det går, om det står mange bilar der. Det er viktig å fylgje med, slår Leif Magne fast.

– Hadde eg drive dette i Stavanger hadde ingen kjent til meg.

Leif Magne er fødd og oppvaksen i Hjelmeland. Som barn hugsar han godt då onklane Magnus og Øystein fortalde om livet til sjøs, om tankbåtar som seilte ut i den store verda. – Eg fekk alltid gul og grøn amerikansk tyggis når onkel Magnus kom frå sjøen, han budde og hjå oss når han var heime frå sjøen heilt til eg vart 15 år. I Hjelmeland har han gått alle trappetrinna, frå søndagsskule, folkeskule, framhaldsskule, ungdomsskule og til slutt fagbrev som murar og papir på murmeistertittelen. – Eg dreiv som murar med eige firma til eg var 30 år, så var eg innom ein daglegvarehandel som butikksjef før eg byrja å jobbe i Hjelmeland Næringsutvikling. I dag er eg prosjektleiar i ulike firma som me driv. Han kjenner ikkje jantelova på kroppen og bryr seg lite om dei som meiner han er i ferd med å få for mange hattar og roller. Eit enkelt rollesøk i næringslivsbasen proff.no viser at Leif Magne har heile 22 roller som dagleg leiar, styreleiar og styremedlem. – Hadde eg drive dette i Stavanger hadde ingen kjent til meg. Men her i distrikta får ein lov til å vere nokon, lov til å ha eit navn.

Her får ein mange roller dersom ein vil, det er både positivt og negativt det. I sist valkamp lanserte Leif Magne høgt og tydeleg seg sjølv som ordførarkandidat. På nytt var det spa-hotellet som fekk han til å snu og la ordførarstolen gå til Trine Danielsen frå same parti. Etter at kommunen var inne og ettergav gjeld for å redde hotellet bestemte Leif Magne seg for å satse meir på næringslivet enn på politikken. – Eg innsåg at det hadde ikkje gått å kombinert dei rollene. Rolla som ordførar hadde vore sabla spanande, men for innbyggjarane i Hjelmeland er eg trygg på at Trine (Danielsen red merk) gjer ein glimrande jobb. Å trekkje seg frå ordførarstolen er ikkje det same som å avslutte ein politisk karriere. Leif Magne vil gjerne bidra meir og meiner det trengst ei haldningsendring for å sikre god utvikling av servicenæringane i Ryfylke. – Eg slåst for det eg trur på. Nett no er det utvikling av næringa innan hytte, fritid og rekreasjon. Folk må forstå at dette er viktig å satse på for framtida. Hugs på at nokre ein gong i tida og meinte det ikkje var greitt å drive med oppdrettsnæring, i dag kan ein sjå kva resultat den næringa har gitt oss. – Me må vere stolte av å vere vertskap. Stolte av det me kan tilby. Kallenavnet Luffen kom til verda då Leif Magne gjekk i småskulen. Kvifor veit han ikkje, det berre dukka opp og er i dag å rekne som reine merkevara. Ryktene seier at han var eit like stort midtpunkt i flokken då som no. – Er du modig? – Ja, eg meiner det. Eg trur eg må vere modig for å jobbe slik eg har gjort i eit lokalsamfunn som Hjelmeland. Han trør i grusen framfor hyttedøra. Han er annige. Først skal han ta ein runde på byggeplassen, ikkje for å meine så mykje, men for å vise seg fram. Eg er berre innom, dei likar det. Går godt, seier eg berre. Går godt, går godt. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

Juni 2013

19


12. juni i fjor blei Ryfast vedtatt som Ryfylke sitt ferjefrie samband. For mange forsandbuar var dette ein sorgtung dag. Ordførar Ole Tom Guse valde derimot å heise optimistflagget.

Flagget til topps Han sat på Gusesteinen i Bergebakkane ein kveld og kikka utover bygda med fjell og fjord, hus og hestar, sauer og sand. Her har han sete mange kveldar. Akkurat denne kvelden begynte han å tenkje på kva som ville skje om Ryfast blei vedtatt som Ryfylke sin ferjefrie forbindelse. – Før eller seinare må vi slutte å kjempe imot, tenkte eg, og så må vi heller jobbe for å bli best muleg med Ryfast. Viss nokon skal gå føre og jobbe for dette, må det vere ein politikar. Eg som ordførar har minst å tape, for eg får sjansen til å kome til ordet meir enn eit vanleg kommunestyremedlem. Eg kan i større grad nytte media som talerøyr, seier Forsandordførar Ole Tom Guse (44) på avslepen Kvinesdal-dialekt. Den kvelden blei tankane om optimistprosjektet Forsand 20-12-2020 fødde. Guse sendte epost til Ritekunst, som er kunstnarekteparet Wenche Sunde og Roy Albrigtsen frå Rettedal i Forsand. Han lurte på om dei kunne lage ein logo for prosjektet. Og det ville dei. I lenger tid haldt han prosjektplanane hemmelege for dei rundt seg. Sjølv ikkje rådmannen fekk vite noko. På kommunestyremøtet den 13. juni 2012 lanserte han prosjektet for kommunestyret. – Kona og rådmannen hadde fått vite om prosjektet dagen før.

20

Juni 2013

Då eg lanserte prosjektet delte eg ut t-skjorter og heiste flagget med prosjektlogoen for første gong. Dei blei nok litt paffe. Eg bad om frivillige representantar frå dei andre partia til å drive prosjektet vidare og fekk med meg tre stykk, fortel ordføraren. Desse tre var Silje Wiik frå Arbeidarpartiet, Laila Espedal frå Senterpartiet og Hilde Levik frå Høgre. I pressemeldinga som ordføraren sende ut i samband med prosjektlanseringa står det: «Målet er å finne dei gode løysingane i tida frå 2012-2020 slik at forsandbygda framleis kan oppleve vekst og stå fram som attraktiv. Den 20-12-2020 er det sannsynlegvis eitt til to år sidan Ryfast blei opna og då er det tid for å gjere opp status for om vi har lukkast i optimistprosjektet.» Vidare skisserer ordføraren i pressemeldinga døme på gode løysingar med etablering av lokale arbeidsplassar for å erstatta pendling for dei som får lenger reisetid, etablering av pendlarkontor som kan redusere reisedagar, nye og utvida kollektivruter som buss eller båt, informasjonskampanje om Forsand sitt tilbod til dei som vil flytta ut frå byen til eit rolagare og naturskjønt område. I januar i år inviterte prosjektgruppa til optimistseminar på Lysefjordsenteret. – Det kom 75 stykk på seminaret, og det er mange med tanke på kor stor kommunen vår er, slår Guse smilande fast. Han innleia seminaret med å fortelje om optimistprosjektet. Vidare var det pris på pendling og reisetider han fortalde tilhøyrarane om. – Eg ville avlive ein del myter om pris og reisetid, seier ordføraren. Han gjorde nøye arbeid på førehand. Han nytta informasjon frå Statens vegvesen, i tillegg til at han sjølv køyrde streknin-


L O G O E N

Forklaring til logoen som Rite Kunst laga for optimistprosjektet Forsand 20-12-2020: - det blå er framtida - det grøne er håpet som spirer frå frø til noko stort - det gule er dei lyse hovuda i bygda - det oransje er varmen frå fellesskapet - det lilla-blå er utfordring og andeleg vekst - dei oppadgåande linjene symboliserer vekst

gane med stoppeklokke. – Eg fann ut at å reise til Sandnes om Ryfast kontra med ferje over Høgsfjorden som i dag, vil ta 20 sekund lenger, viss det ikkje er kø, seier han med eit avventande nikk. Dette har i ettertid endra seg til to minutt, fordi fartsgrensa er sett ned frå 90 til 80 kilometer i timen. Tilhøyrarane blei overraska over at skilnaden var så liten. Det blei Guse sjølv også då han fann det ut. – Altså er ikkje reisetida lenger eit problem. Prisane må vi jobbe meir med, konstaterer Forsand-ordføraren. Guse trur Ryfast vil betre kollektivtilbodet for innbyggjarane i Forsand. I dag er det få bussar som går til og frå kommunen utover skulebussar til vidaregåande skular. – I dag er det jo ei pendlarrute som går frå Tau til Forus via Høgsfjorden. Etter Ryfast kjem det til å gå to pendlarruter frå Forsand. Vi vil jobba aktivt for å gjere kollektivtilbodet endå betre, og viss det ikkje blir betre snakkar vi om at Forsand kommune skal tilsetje ein kommunal bussjåfør, fortel ordføraren. Etter innleiinga til ordføraren på optimistseminaret var det tid for kafebord-diskusjonar. Diskusjonstema var samferdsel, fritidstilbod, kommunale

tenester, arbeidsplassar/næring, bygda og folket, dei ville ideane og dei endå villare ideane. Ein av dei ville ideane har det allereie blitt noko av. Dagleg leiar i Forsand Byggservice, Egil Oaland, deltok på optimistseminaret. – Under diskusjonen om ville idear var det ein som sa til meg; du, Egil, kan jo lage verdas største hammar. Eg syntest jo sånn umiddelbart at det høyrdest litt «tosje» ut, men i tida framover kverna det i hovudet mitt, fortel byggsjefen. Utanfor kontorvindauget hans ligg ein gigantisk trefarga hammar og kviler på den asfalterte parkeringplassen i regnet. – Eg gjekk og tenkte på korleis eg kunne få lage verdas største hammar, og spurde etter kvart ein av mine kreative tilsette, Oliver Vogt, om han kunne tenkje seg å lage ein slik hammar. Han tok utfordringa med ein gong, fortel Oaland. Etter ein månads tid var treskjærar Vogt ferdig med hammaren på 3,5 tonn. Hammaren har heilt rette proporsjonar og er saga ut av grantre frå Jæren. – Vi har søkt Guiness rekordbok om å få hammaren godkjent som verdas største, men dei hadde ikkje ein kategori for dette. Ikkje ennå, smiler Oaland.

Juni 2013

21


– Eg trur eit fastlandsssamband er framtida for Forsand, og sjølv om det ikkje burde lege der det nå skal liggje, så trur eg vi er veldig dyktige til å tilpasse oss. Egil Oaland Den massive hammaren står nå på taket til byggfirmaet. Som bedriftseigar er han også opptatt av å sjå framover. – Når Ryfast er vedtatt, må vi gjere det beste ut av det. Eg trur eit fastlandssamband er framtida for Forsand, og sjølv om det ikkje burde lege der det nå skal liggje, så trur eg vi er veldig dyktige til å tilpasse oss. Vi legg om reisemønsteret ganske fort, og når det har gått litt tid blir det heilt naturleg for oss, slår Oaland fast. Han trur eit fastlandssamband vil vere bra med tanke på rekruttering av arbeidskraft til den lokale arbeidsmarknaden. – I dag er fjorden ei sperre, seier han. Det nye bustadfeltet i Bergebakkane med totalt 102 bueiningar er også eitt av tiltaka for å møte utfordringane Forsand vil stå overfor etter Ryfast. I tillegg jobbar Forsand Byggservice med eit bustadfelt nede ved sjøen i Bergevik. – Skal du ha vokster i ein kommune, må du ha tomter. Nå kan vi tilby tomter frå 190.000 kroner og opp mot millionen. Eg vil seie at vi kan tilby eit breidt spekter av tomter, smiler Forsand-ordførar Ole Tom Guse breidt.

22

Juni 2013

Forsand kommune har dei siste åra hatt ei auke i folketalet. Per 21. februar 2012 hadde kommunen 1226 innbyggjarar ifølgje Statistisk Sentralbyrå (SSB). – Vi hadde ein vokster på 37 personar i fjor, og det er ganske utruleg, smiler Guse endå breiare. Med optimistprosjektet håpar han at den positive folkevoksteren skal halde fram også etter Ryfast. – Folketalsutviklinga framover er ifølgje SSB meir positiv for kommunane Strand og Forsand her i Ytre Ryfylke enn ho er for kommunane lenger inne i Ryfylke, fortel ordføraren. Kva kan så Forsand lokke potensielle nye innbyggjarar med i høve til nabokommunen Strand, som ligg nærare Ryfasttunnelen og dermed Nord-Jæren? – Strand og Forsand har mange av dei same fortrinna, men vi har Lysefjorden og heieområda innover på sørsida av fjorden tettare på oss slik at vi meir er ein friluftskommune. Vi er også framleis ein kommune som er så liten at det er lett å vere aktiv og engasjere seg i idrettslag, bedehus og kulturliv, er Guse sitt svar. – Vi kjem heller ikkje utanom den gode økonomien i For-


– Eg ville avlive ein del myter om pris og reisetid.

sand kommune. Med desse ressursane smører vi tannhjula, slik at det skjer mykje her. Den gode økonomien gjer også at vi kan ha låge kommunale avgifter på ein del kommunale tenester, held han fram. Dei aller fleste innbyggjarane i Forsand har kjempa mot Ryfast etter at det blei klart at tunnelen Espedal-Frafjord blei stroken frå Ryfylkepakka sin finansieringsplan i desember 2003. Guse jobbar med å oppretthalde ferjedrift på Høgsfjorden etter at Ryfast har kome på plass i 2018. – Sjølv om eg er optimist, sluttar eg ikkje å jobbe for det eg meiner er best for kommunen vår, slår han fast. Forsand kommune har vore i samtale med Sandnes og Gjesdal kommunar om støtte til ferjedrift på Høgsfjorden og Espedal-Frafjord-tunnelen, og har fått denne støtta. Kommunestyret i Forsand skal i sommar ta endeleg stilling til kva som skal gjerast i samband med ferje og tunnel. – Eg trur det er rom for begge delar utan at det vil øydeleggje for Ryfast, konstaterer Guse. Ifølgje Ole Tom Guse pendlar 38 prosent av arbeidsstokken i

Forsand-ordførar Ole Tom Guse

Forsand inn i kommunen og 45 prosent ut. Han er spent på kva som skjer med både inn- og utpendling med Ryfast. – Det er spennande tider framover. For å vere heilt ærleg trur eg det blir meir spennande å vere ordførar i Forsand med Ryfast enn viss vi hadde fått eit røyr over Høgsfjorden, ler Guse, før han tar seg ein sup Pepsi Max. Hilde Levik, som er ei av dei som blei med i arbeidsgruppa for optimistprosjektet frå kommunestyret, driv Lysefjorden Hyttegrend på Oanes. Ho må tenke nytt etter Ryfast. – Eg var jo i utgangspunktet mot Ryfast, men nå må vi prøve å gjere det beste ut av det. Vi må leggje om drifta av hyttegrenda og leggje meir vekt på førehandsbestilling sidan ferjetrafikken ikkje kjem til å gå forbi døra vår lenger. Vi må bli endå flinkare å reklamere for oss sjølve, slår ho fast. For sin eigen del gler ho seg til mindre trafikkstøy utanfor stovedøra. – Vi er jo slik at vi tenker på kva som er til vår eigen fordel, smiler ho. Ho er med i optimistprosjektet fordi ho ønskjer å jobbe for

Juni 2013

23


– Sjølvsagt blir det ei utfordring for oss, for turistane vil jo ikkje køyre forbi som før, men då må vi bli betre til å reklamere og la folk få vite om oss. Monica Johannessen

Marianne Levik

Hilde Levik

Torill Haukelid

Arvid Oaland

at Forsand framleis skal vere ein god kommune å bu i også etter at Ryfast har kome på plass. – Vi har flott natur, vi har gode offentlege tenester som skule, barnehage, sjukeheim og det at vi er så få gjer at kva kvar einskild seier betyr meir. Vi har alt vi treng og er nær Jørpeland, det er også positivt. Eg håpar samarbeidet med Strand blir godt også i framtida. I Forsand kjem du bort frå byen, men er likevel ikkje så langt borte, seier Hilde Levik. Marianne Levik er byjente og har budd på Oanes i Forsand i to år. Vi treffer ho på jobb på Joker Lysefjorden. – Kommunen jobbar godt for oss som bur her, og eg trivest godt, slår ho fast. Ho peikar på at ho berre treffer positive menneske på jobben. Det meinar ho mellom anna skuldast arbeidsgjevaren hennar, Rune Stangeland. Når Ole Tom Guse skal nemne andre optimistar i Forsand, er nettopp Rune Stangeland det namnet som først dukkar opp. Stangeland innrømmer at han er optimist av natur. – Eg ville jo som dei fleste forsandbuar hatt bru over Høgsfjorden, men når Ryfast nå er vedtatt, så må vi sjå fram mot det. Som Lysefjordbrua går jo Ryfast-tunnelen begge vegar. Vi må sjå mulegheitene som ligg der. Vi kan kome oss til byen kva tid vi vil, og kome oss heim derifrå også når vi vil. Nå kjem prisen seg også, seier Joker-kjøpmannen. – Eg trur det blir meir tilsig til Forsand med Ryfast. Vi kan jo tilby attraktive bustadtomter i Bergevik og i Bergebakkane, tomter som er billigare enn i byen, legg han til. Han er fødd og oppvaksen i Forsand. – Eg trivst veldig godt her. Vi har gode oppvekstvilkår med gode fritidstilbod for folk i alle aldrar. Med Lysefjordbrua kan vi også ta ein biff på Preikestolhytta eller på Verkshotellet på Jørpeland, om vi ønskjer det, seier Stangeland.

24

Juni 2013

Monica Johannessen

Arvid Oaland, kokk og altmulegmann, er innom butikken for å kjøpe lunsj. Han trur Forsand blir ein god plass å bu også etter Ryfast. – Det blir steinbra, Forsand kjem jo til å bli som Manhattan. Røyret er framtida, peikar han på medan han smiler lurt. På Coop Marked Forsand treffer vi kona til ein av sandkongane i bygda, Torill Haukelid. Ho kjem opphavleg frå Hana, men har budd i Forsand i 48 år. – Det er veldig mykje bra her i Forsand. Vi har naturen rundt oss med tilgang til fjell, skiterreng, sjø og vatn. Det er ein god kommune å bu i også for dei med handikappa ungar. Du blir tatt vare på i Forsand, vi er ei lita bygd der vi kjenner dei fleste, du forsvinn ikkje i mengda her, seier ho nøgd. Når vi opnar porten inn til fortidslandsbyen på Landa blir vi møtt av hunden Eragon. Matmor Monica Johannessen, og mangeårig husfrue på Landa, kjem smilande imot oss. Saman med Årstein Løland og Inge Håvard Årskog har ho kjøpt Landa. Ho er frå Jørpeland, men flyttar til Forsand denne våren. – Sjølv om Ryfast kjem vil turistane framleis sjå fantastisk natur, det er jo det dei er på jakt etter. Sjølvsagt blir det ei utfordring for oss, for turistane vil jo ikkje køyre forbi som før, men då må vi bli betre til å reklamere og la folk få vite om oss, slår husfrua fast. Dei nye eigarane av fortidslandsbyen har store planar for framtida. Mellom anna ønskjer dei i framtida å kunne tilby overnatting i trelavvoar, men også tradisjonell camping med telt og bubilar. – Forandring er jo nifst, men forandring er også ei utfordring, sluttar Johannessen med eit breidt smil. Av Elin Moen Karlsen Foto: Fotograf Nordtveit


VELKOMMEN TIL SPA-HOTELL VELVÆRE I HJELMELAND Spa-hotell Velvære tilbyr Spabad: Oppvarmet avslapningsbasseng, massasjebad, kaldkulp, dampbad og sauna. Spabehandlinger for kropp og sjel (massasjer, hudpleie, fotpleie, kroppepleie). Garderober og dusj. Restaurant / uterestaurant og bar. Egen sommermeny. Liten badestrand og brygge/havn. Overnatting i rom med utsikt. Halvparten av rommene har balkong. Selskaper og feiringer. Priser: Båtplass m/strøm kr. 200 pr. døgn. Tilgang til spabad inkl. garderobe og dusj: Kr. 100 pr. person. Leie badekåpe og håndkle: Kr. 50 pr. person. Tilgang til dusj/garderobe: Kr. 50 pr. person. Overnatting hotellrom fra kr. 590 pr. person (sommerpriser). Vi har egen gjestehavn

med strøm

For mer informasjon: www.spahotellvelvaere.no - Tel: 480 50 600 - Email: post@spahotellvelvaere.no

VerVekampanje 2013 Landets største næringsforening er i stadig vekst. Og bra er det, for jo flere på laget jo sterkere står vi.

Vervekampanjen 2013 er nå godt i gang!

Fram til 1. september har du muligheten til å få en signert utgave av Kjartans Tango til en verdi av kr 449,- ved deltakelse i vervekampanjen.

For MEr inForMaSjon, Ta konTakT: Tove-Mette Sædberg Telefon: 51 51 08 71 – Mobil: 93 26 64 01 Epost: saedberg@stavanger-chamber.no

Elianne Strøm Topstad Telefon: 51 51 08 73 – Mobil: 92 64 25 83 Epost: topstad@stavanger-chamber.no

Min jobb er å gi deg en god trykkeopplevelse

Kristiansand Rigetjønnveien 3 - 4626 Kristiansand Tlf: +47 38 00 30 50 - Faks: +47 38 01 43 42 Den gode trykkeopplevelsen

Stavanger Kontorveien 12, 4033 Stavanger Tlf: +47 51 90 66 00 - Faks: + 47 51 90 66 35

www.kai-hansen.no


Sølvsmeden på Finnøy

HURRA

– Sjefen er på ferie!

Ein komplett gullsmedbutikk der du finn det meste av gullsmedvarer.

Håndlaga bunadsølv laga av og for Ryfylkingar på den einaste sølvsmia i Ryfylke.

WWW.SOLVSMED.NO Mandag-lørdag 9-16 Kvelder etter avtale 51 71 26 72

Me sender også med posten

WWW.SOLVSMED.NO Mandag-lørdag 9-16 Kvelder etter avtale 51712672

Foto: Bjarte Vestbø

kvalitet, service og tradisjon

TOSKEN

KOKKEN

KOKKEN N E K S O T & Eit matshow på ryfylksk vis! Med Ryfylkekokken Frode Selvaag og livsgnistar Tor Øyvind Skeiseid. Vår base er matkultursenteret Landahuset på Finnøy. Men, matshowet er også mobilt! Lyst på ein kokk og ein tosk?

Kontakt frode@frodeselvaag.no 915 49 133 tor@ryfylkelivsgnist.no 982 06 333

www.ryfylkelivsgnist.no


Kommentar:

Videregående skoler som hjørnesteinsbedrifter Ryfylke har endret seg mye i etterkrigstiden. Fra å være et naturbasert samfunn via industrisamfunnet til det post-industrielle samfunnet vi har i dag. Den strukturerte og produksjonsrettede virksomheten byttes ut med service og tjenesteproduksjon i stadig sterkere grad. Denne utviklingen påvirker også kravene til kompetanse og ferdigheter. Det blir i mindre grad behov for ufaglært arbeidskraft. Utdanningsdepartementet dokumenterer at over 90% av elevene som av ulike grunner ikke makter å gjennomføre videregående skole, ender opp hos NAV. En stadig mer kompleks samfunnsstruktur, et gjennomregulert arbeidsliv med strenge krav til HMS og annen dokumentasjon, stiller nye og økte krav til realkompetanse for å delta i arbeidslivet. I praksis betyr dette at de aller fleste jobber har krav om fagbrev og dokumentasjon på ferdigheter for det som ofte betegnes som enkle og lite risikofylte arbeidsoppgaver. Av alle utlyste stillinger i 2010, i offentlig og privat sektor, var det kun i 3% av stillingene det ikke ble stilt krav om formalkompetanse (SSB). Det betyr at kompetanse er selve forutsetningen dersom vi skal etterstrebe målsetningen om at «alle skal med». Å få «alle med» betinger tilbud om utdanning til alle deler av befolkningen, tilpasset den enkeltes kapasitet. De videregående skolene i Ryfylke står i dag fram med mandat til å gi ungdommen et bredt utdanningstilbud med kompetanse tilpasset behovene i regionens næringsliv. I tillegg imøtekommes unges ønske om generell og spesiell studiekompetanse. Dette er de videregående skoler sin hovedoppgave, og slik skal det være. Men som vi alle i Ryfylke opplever og erfarer, har våre regionale skoler en utvidet rolle som en viktig aktør for å utvikle lokalsamfunn. Min påstand er at kompetansetilgang og kompetanseløft i framtida blir nøk-

kelord for å sikre stabilitet og gode levekår i hele Ryfylke. Her er vi nettopp med kjernen av det Sauda, Rygjabø og Strand videregående skoler med fellesprosjektet Utdanning i Ryfylke ønsker å få til: «Gjennom tilrettelegging og samarbeid med næringsliv og offentlig virksomhet, vil vi skreddersy utdanningstilbud etter behov. Gjennom partnerskap med næringsliv, fagskoler, høgskoler og universitet, skal vi kunne tilby utdanning på alle nivå, til ethvert kompetansebehov og utdanningsbehov som næringsliv, landbruk og offentlig virksomhet melder. Vi skal skreddersy dette slik at deltagerne kan bo hjemme, være i jobb og gjennomføre videreutdanningen samtidig. Og utdanningen skal være «gratis». Dette får vi til ved bruk av moderne teknologi med videokonferanseutstyr lokalisert ved de videregående skolene, samt på Hjelmeland og Forsand. De videregående skolene i Ryfylke er da, hver på sin plass, en hjørnesteinsbedrift i sitt nærmiljø! Eksempelvis underviser 90 ansatte med høy kompetanse i 2013 de ca. 420 elevene ved Strand videregående skole. I Ryfylke er det en betydelig bedrift. Forskning har dokumentert at det er 50 % større sjanse for at ungdommer som har fått videregående utdanning i hjemmeregionen, vender tilbake til hjemstedet etter fullendt utdanning (universitet, høyskole). Det gir perspektiver for en langsiktig regional effekt for Ryfylke. I tillegg synliggjøres viktigheten av å bevare våre regionale skoler med topp kvalitet i alle ledd, slik at ikke ungdommen reiser bort for å ta

videregående utdanning. Jeg vil videre peke på betydningen av tilgang til kompetanse og utdanning i nærmiljøet for valg av bosted. Den utviklingstrenden av samfunnet jeg skisserte innledningsvis, medfører at det blir mer påkrevd med livslang læring for oss alle. Da blir det slik, at den utdannelsen vi før sa oss ferdige med etter videregående, fagbrev, høyskole eller universitet – i framtida i realiteten bare blir et sertifikat for videre læring. Det strategisk riktige mener jeg er at de videregående skolene i Ryfylke innbyrdes evner å samarbeide. I samarbeid med fagskoler, høyskoler, næringsliv, utnytter sine særpreg og kompetansebaser for å komplementere tilbudet om livslang læring i Ryfylke. Gjennom UIR er vi allerede igang med høyskoletilbud som en kan bygge videre på til bachelor/mastergrad. I tillegg til dette har vi tilbud innen videregående fag for voksne slik at de kan ta fag og oppnå fagbrev, delta i fagskoletilbud samt ulik sertfisering for næringsliv. I dag har ca 1200 personer så langt benyttet seg av tilbudene ved UIR, noe som har resultert i 5155 studiepoeng! Vi bør derfor alle, som kommune, bedrift eller innbygger i Ryfylke, være med og bidra til å utvikle de videregående skolene i regionen vår. I neste omgang er det å bygge livskraftige lokalsamfunn.

Erik danielsen Rektor Strand Videregående Skole

Juni 2013

27


Ryfylkekokken Frode Selvaag er levande oppteken av gode råvarer og lokal mat. Slikt blir det matkultursenter av.

Ambassadør for lokal mat Nede på kaien i Steinnesvåg på Finnøy ligg Landahuset, eit ekte matkultursenter der Ryfylkekokken driv serveringsstad, kursstad og eige kjøkken. – Me må vere stolte over kva me har i Ryfylke. Å vere eit godt vertskap er ikkje noko ein kan lære, det er noko som er medfødt. Du må ha ei genuin interesse for å glede andre, seier Frode. Inne i Landahuset står to hyller med lokale produkt frå Ryfylke, her kan ein kjøpe lokalt syltetøy, saft og sjokolade. For Frode er det viktig å vere ein ambassadør for råvarer og matvarer med god kvalitet. Lokalt og ekte framfor industrielt og billig, er hovudtanken. – Eg skulle gjerne sett fleire av desse småprodusentane i Ryfylke. Men alle kan ikkje byggje ut eigne lokale og kjøkken. Det burde gå an å lage kuvøser, nesten som det gamle meieriet på Sand der til dømes Allergikokken held til i dag, slike miljø der fleire bedrifter kan leige seg inn for å få tilgang til godkjent kjøkken. – Me har berre sett ein lillefinger av den interessa som finst der ute for trygg og rein mat. Og kvifor skal alle produsen-

28

Juni 2013

tar bli så store. Dei fleste av oss kan vere lukkelige som små. Han sparkar frå i debatten om at Rogaland mister fotfestet som matfylket. – Rogaland er ikkje det matfylket me gjerne vil vere. Me må ikkje ta livet av mangfaldet som finst her. Me må våge å satse meir på dei små, våge å sjå til kommunar som Inderøy i Trøndelag som har laga til Den Gyldne Omvei. Der tilbyr dei lokal kunst, kultur og matopplevingar som gir regionen ein heilt spesiell identitet. Frode brenn for det ekte, reine og lokale. Det har han fått med seg frå barndommen i Sandeid i Vindafjord. Her lærte han mykje om mat, spesielt frå farmor og mormor. Mormor var kjent for å stille opp som kokke i Sandeid, enten det var snakk om bryllup, dåp eller gravferd. Og Frode var ofte med. Slik vart mat og gode matopplevingar ein del av kvardagen. Etterkvart vart det kokkeutdanning ved Karmsund videregående skole. Så vart det læretid hjå sjølvaste Arne Brimi i Lom. I dag er også kontakten til Brimi sterk, Frode har sjølv omtalt kjendiskokken som ein åndeleg far. No arrangerer også

Ryfylkekokken turar til Brimi-land og Arne Brimi besøkte nyleg arrangementet Treffpunkt Ryfylke. Før Ryfylkekokken kom til Landahuset var han innom Gastronomisk Institutt i Stavanger, som kokk ved den norske ambassaden i Washington DC, sous-sjef på Craigs Kjøkken i Stavanger og kjøkkensjef ved Spa Hotell Velvære på Hjelmeland. I dag er han i ferd med å oppfylle draumen om eit eige matkultursenter, som ikkje er så lett å finne dersom du ikkje kan vegen. – Eg likar meg her nede på kaien. Her er det fiskebåtar på sjøen og liv i hamna. Det passar meg fint, eg treng ikkje vere i sentrum. – Det er ikkje noko i vegen for at Ryfylke kan bli det for Norge som Tos-


cana er for Italia. Me har spekteret og mangfaldet. Men me må slutte å snakke om at det er naturen som skal fange turistane. Me må byrje selje historia vår, og matkulturen. – Me må by på det me er gode på, og la turistane få smake på maten vår. Kor mykje lokal mat kan ein få tak i langs landevegen eigentleg? Det er ikkje mykje. Og det er synd. Sjølv har han hatt eit travelt år, både privat og i kokkeuniform. I fjor gifte han seg med Cathrine, i år vart dei foreldre og flytte inn i nytt hus. Som Ryfylkekokken har han hatt eit optimistisk første år på Landahuset. Det har gått mykje betre enn venta. No byrjar event-bedriftene i Stavanger å oppdage oss, og det er bra. Det er mykje mathistorie og kultur

i veggene på Landahuset. Under ei glasplate ligg boka Matgleder i Ryfylke som han har gitt ut saman med Tor Øyvind Skeiseid til utstilling, og på loftet er ei eltebolle frå det tidlegare bakeriet blitt eit robust bord med glasplate over. Frode har bygd opp eit godt nettverk i Ryfylke, ikkje minst har han fleire samarbeid med kulturaktørar som gir han fleire bein å stå på. Og med ein serveringsstad som til saman kan ta imot 160 gjester er moglegheitene mange. Likevel ser han alltid eit potensiale for å bli betre. Ein blir aldri betre enn det siste måltidet ein har laga, meiner Frode bestemt. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

Laks med ramslauk Ein glad laks frå Ryfylke Dampa nykål, bakt Juanita tomat, Ramslauksaus 4 personar 160 gram laks per porsjon, med skinn, men utan bein salt Ramslauksmør: smelt 100 gram smør og bruk stavmixar til å blande smøret og 4 blad Ramslauk. Avkjøl, høvle over laksen Legg på smurt brett, bak i omn, 150 grader i 10 minutt. Dampa nykål: 1 lite nykål, delt opp i 4 båtar. kok i salta vatn i omlag 3 minutt Hell av vatnet Bakte Juanita tomatar 2 ss Solsikkeolje 1 stilk Ramslauk 1/2 ts salt 100 gr Juanitatomater, med hamsen på (men ta dei av klasen) Bak i omn, like lenge som laksen og samme temperatur Ramslauksausen 1 beger seterrømme 1 ss Ramslauksmør 2 ss Friskpressa Eplesaft (gjerne frå Ryfylke, me har fleire gode produsentar) 4 blader Ramslauk som du finhakkar litt salt Varm opp rømmen med eplesaft. Ha i ramsløksmøret og den finhakka ramslauken. Kjør med stavmixar, smak til med salt.

Juni 2013

29


Min tur Tekst og foto: Hans Magne Helland Ein velkjent tur i noko av det fagraste Ryfylke har å by på. Her går du i alt frå vakre stølsområde til høge snaufjell med mektig utsikt, og du finn til og med ein “fjellrestaurant” som kan slå krokfot på dei fjågaste restaurantane i storbyen. Turen min startar ved Osane på austsida av Sandsavatnet.   Du ser hytta frå parkeringsplassen, men du har likevel ein liten veg å gå. Følg merka sti mot Sandsa, det kan følast litt tungvint å gå i motsett retning av hytta, men etter omlag ein halvtime passerer ein Steinstøl og er på kurs mot hytta. Stien går så i til tider tett skog langs Sandsavatnet (er vatnet nedtappa kan ein også gå i strandkanten og sleppe unna litt kratt).   Turistforeninga meinar ein vil bruka omlag to timar på den fem kilometer lange turen mellom Osane og Sandsahytta. Er du sprek kan du halvere det, nokon kan nok legge på litt og!   Når ein kjem fram til hytta fredag, er det berre å nyte livet og kanskje freiste badelukka i badekulpen ein finn eit par hundre meter frå hytteveggen. Er det finvêr tek du frokostkaffien på terrassen med panoramautsikt utover vatnet. Turens lengste etappe går laurdagen, og ein har fleire turalternativ. Eg vil her beskrive ei litt alternativ (og ikkje DNT-merka) rute i starten, før eg kjem inn på merka sti. I staden for å gå same sti tilbake til vegskillet ved Steinstøl, tek me med oss nokre ekstra høgdemeter og følgjer Valåna i nordlig retning opp lia bak Sandsahytta. Her kan ein legge turen oppom Svinstølnuten (1170moh) og Snønuten (1164moh), evt berre ein av dei, før ein går ned til Svinstølvatnet langs bekken frå Veratjørn. Ein kan og eventuelt droppe begge toppane og følgje dalen litt lenger

nord og runde rundt Snønuten (1164moh), slik at ein kjem ned i nordenden av Svinstølsvatnet.   Ved Litletjørn like ved Svinstølvatnet passar det fint med ein nistepause. Her vakar fisken om kapp, og det er fint å bade.   Når ein har fått i seg kvikk-lunsjen er det berre å følge merka sti vidare mot Stranddalshytta via Fagerstølen, og opp Stranddalsjuvet. Stranddalen er ei oppleving i seg sjølv. God stemning, fantastisk mat (du blir garantert mett), og til og med øl eller vin kan du få til maten (eller solnedgangen!).   Det kan ofte vere mykje folk i Stranddalen, så det er lurt å reservere sengeplasser på førehand. Kontaktinformasjon finn du på www.stavanger-turistforening.no. Turistforeninga reknar 6 timar på denne turen. (Så kan du eventuelt legge på litt tid om du vel den alternative starten). Eventuelt ta det som ein tur, og ta den tida du treng. Ein har det aldri travelt når ein er i fjellet! Siste dag går du frå Stranddalshytta og tilbake til bilen ved Osane.   Gå over brua ved hytta og ta til venstre i staden for å gå ned dalen du kom opp dagen før. Nå skal me gå sørvestover og oppom Napen (1350moh), turens høgaste punkt. Etter kun kort gange kjem du til eit nytt stidele, du skal følgje skiltinga til høgre mot Napen, det sig jamt oppover Kjelkaskaret før det går bratt ned mot Øystastranddalen. Eit flott vatn med mange flotte teltplasser. Det einaste

Sandsa Osane

30

Juni 2013

Sandsa

Svinstølsvatnet


som kan vere litt sjenerande er straumlinjene som går rett over vatnet. Men, ein er trass alt i ein kraftkommune, då må ein sjå sjarmen med slike inntektsgivande straumlinjer.   Etter å ha passert vatnet i Øystastranddalen startar stigninga for fullt. Men ha godt mot, det er ikkje meir enn omlag 450 høgdemeter frå vatnet og heilt til toppen av majestetiske Napen! Toppen er ein avstikkar frå stien, og du kan legge frå deg sekken ved stidele der det er skilta mot toppen, for å spare litt krefter. Napen har ei storslått utsikt og det er vel verdt dei ekstra kraftstega ein må ta for å nå toppen!   Etter toppstøtet går ein ned at til stidele og følgjer så stien vidare vestover mot Lånene, her byrjar gå brattare nedover mot elva som renn frå Svinstølsvatnet. Ein kryssar elva og følgjer stien nedover mot Osane der ein absolutt bør avslutta turen med eit bad i Sand-

savatnet. Turistforeninga reknar omlag 5 timar på turen. Me prøver å få tatt denne turen ein gang i året. Og høgdepunktet er middagen i Stranddalen, etter ein lang dagstur frå Sandsahytta. Eg vil også anbefala å booke lavvoen i Stranddalen, då ligg du mest heilt i vatnkanten, og det er berre å hoppe rett uti vatnet når du lettar på augelokka om morgonen. Frisk og rask og klar for den herlege frukosten dei byr på inne i hytta.   Sandsahytta har begrensa matutval, så ynskjer du ein betre middag her, må du bere med deg det du treng første etappen. Dette gjeld og niste til laurdagen.   Vel ein å gå oppom alle toppane; Svinstølnuten, Snønuten og Napen har denne turen ca 1660 høgdemeter oppover og tilsvarande ned att. Lengda er totalt på rundt 30km. God tur! Stranddalen

Stranddalen

Vegval

Øystastrandalen

Napen

Juni 2013

31


Mot straumen

www.ryfylkemuseet.no

Ryfylkemuseet har avdelingar i heile Ryfylke og er lokalisert langs den Nasjonale Turistveien

Hoppa no – eller seinare? Godt med ein kvil på veg mot målet etter lang vandring!

På Ryfylkemuseet møter du fleire sider frå Ryfylke. Du opplever korleis livet var for nokre hundre år sidan, du kan leike i ein eventyrverden skapt av ein lokal forfattar, smake tradisjonsmat, besøke husmansplasset eller storgarden, gå tur i kulturlandskapet på Hustveit eller lære om kulturen rundt industrien. Det er mange måter å oppleve Ryfylke på gjennom museet. Hovudsete: Nordenden 4230 Sand, Tel + 47 5279 2950

www.suldal-turistkontor.no

ryfylkebiblioteket.no Ryfylkebiblioteket Finnøy Ryfylkebiblioteket Forsand Ryfylkebiblioteket Hjelmeland Ryfylkebiblioteket Sauda Ryfylkebiblioteket Strand Ryfylkebiblioteket Suldal

Døgnope bibliotek

med e-bøker for lånarar i Ryfylke

www.ryfylkebiblioteket.no


Vil du følgja med på det som skjer i Suldal?

SULDAL

Eksotisk - Aktiv - Trygg

K O M M U N E

Kommunen

Kompetanse

På Suldal kommune sine heime-sider finn du opplysningar om kommunen og aktuelle nyheiter.www.suldal.net

Suldal treng mange typar kompetanse. For ledige stillingar i Suldal kommune, ta kontakt med personalsjefen eller sjå ledige stillingar på www.suldal.net

Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

Kr 550,- ut året. Ring 52 79 05 90 eller redaksjon@suldalsposten.no

Produsert av Suldalsposten

Det er i lokalavisa du får greie på det!


Det gror og veks rundt Jan Terje Vignes (32). Ikkje ein gong plantesjukdom klarte å stoppe tomatprodusenten.

Gartneri i vekst Du kan ikkje unngå å sjå dei kvite drivhusa som tronar i landskapet på Finnøy. Det tar mykje plass å drive med tomatproduksjon. Mykje plass og mykje lys. Oppe på kontoret til sjefsgartnar og eigar av Lauvsnes Gartneri, Jan Terje Vignes ligg det sjølvsagt tomatar på bordet, langs veggen står plakettane: Bygdeutviklingsprisen 2012, Årets Ung Bonde 2012 og Næringslivsprisen på Finnøy 2011. Over arbeidsbordet tronar drivhustaket. – Det er mogleg det blir produksjon her og viss me utvidar. Då flyttar me berre kontoret, seier Jan Terje og ler. I dag er han ein av landets største tomatprodusentar, med ein produksjon på 500 tonn cherrytomatar og 25 tilsette satsar han kraftig på drivhusnæringa. Jan Terje produserer sin eigen søte cherrytomat; Juanita. Ei tomat som er å finne i omlag 60 prosent av matvarebutikkane i landet. – Det tok oss fleire år å kome fram til den søte tomattypen. Me er den einaste som produserer Juanita, og no kjem det også til å stå frå Ryfylke

34

Juni 2013

på pakkane. Me har arbeidd for å få med Ryfylkelogoen også, men den må me nok vente litt på, seier Jan Terje. Det var eit frøfirma som kom med det eksotiske tomatnavnet Juanita som eigentleg betyr honningsøt. I tillegg til tomatane har Jan Terje 7500 verpehøner og driv med kyr og sauer i samdrift med naboen. – Det er litt galskap i dette, men i botnen ligg det heile tida eit mål om å få det til, om å skape noko, seier Jan Terje. Han kom heim frå jordbruksskulen i Lyngdal som 19-åring og bygde sitt første drivhus på heimegarden. Det var to mindre drivhus på garden frå før, men Jan Terje ville gjerne satse. I dag har han endeleg fått på plass heilårsproduksjon av tomatar under kunstig lys. Totalt har han investert om lag 45 millionar kroner, men det stoppar ikkje der. – Me har planar om å utvide med 10 – 15 mål til. I tillegg er eg involvert i vidareforedling av over-



skotstomatar og i arbeidet med å få Bioenergi Finnøy på beina. Biogassanlegget er planlagt å ligge på nabotomta til Jan Terje, og gartneriet vil truleg bli den største kunden til anlegget. – Det blir viktigare og viktigare å tenkje på miljø og gjenvinning, seier den unge bonden. – Eg har hatt planar om å få til heilårsproduksjon i mange år, men mange har meint det kom til å bli for dyrt. No er eg no glad me har fått det på plass, og det viser godt att på omsetjinga. Varmen slår imot deg når du går inn i drivhusa, her står tomatplantene tett i tett, under kunstig lys og i ein temperatur som er godt over 20 grader. Sjølv om vinden piskar rundt dørene på Finnøy denne dagen er arbeidsuniformen til dei som plukkar tomatar shorts og t-skjorte. Inne blant tomatpakkar og stablar med grøne kassar går far Geirulf. Etter nokre år vekke der han var med å starte opp Finnøy Buss er han no attende for fullt på gartneriet. Noko sonen set pris på. – Det er kjekt at far er med her. Og nyttig. Det meste er sårbart her inne, me må vere tilstades heile tida. Det er ikkje meir enn 2-3 timar utan vatn her så døyr plantene, seier Jan Terje og viser til at han har heile tre vasskjelder å stole på dersom ulukka er ute. Sjølv om arbeidet er blitt ein livsstil påstår Jan Terje at han er blitt flinkare til å ta fri og reise på ferie no enn


– Det er litt galskap i dette, men i botnen ligg det heile tida eit mål om å få det til, om å skape noko. han har vore før. Livet på garden kan vere hektisk, og då er det godt å kunne ta med kona Lisa og borna Even (2 1/2) og Gina (6 mnd) på tur. – Eg klarer å slappe av no når eg er vekke, men eg må likevel ha kontrollen. Må vite kva som skjer heile tida. Jan Terje er også aktiv på utsida av garden. Han er blant anna styreleiar for Ryfylke Gartnerlag som nå organiserer gartnerstanden i lag med Tomatfestivalen på Finnøy. Denne standen har Jan Terje hatt ansvar for dei ti siste åra. I fjor fekk Jan Terje eit godt bevis på kor sårbar næringa eigentleg er. Ein frykta plantesjukdom slo til i drivhuset tidleg på vinteren i 2012. Dermed måtte dei rive ut alle tomatplantene og brenne all innredning. Produksjonen stoppa opp i fleire månadar og dei fleste tilsette vart permitterte. Jan Terje

sto igjen med eit tomt drivhus og ei litt meir usikker framtid. – I ettertid ser eg at dette var lærerikt, men det er ein situasjon eg ikkje unner nokon, fortel Jan Terje. – For oss var det i alle fall viktig å få ta det med rota og får det vekk før det spreidde seg, slår far Geirulf fast. Sjukdommen som slo til blir kalla TCV og er ein sjeldan type, det siste utbrotet gartnaren på Finnøy kjenner til var eit i England i 2007. Då me besøkjer gartneriet er sjukdomshistoria komen litt på avstand, Jan Terje ser at det går an å byggje opp igjen på realtiv kort tid, og forsikringsselskapet har nyleg sagt ja til kravet om erstating. – Det er krevjande å dyrke tomatar, men det er og noko av det kjekke ved det. Ein kan i alle fall ikkje berre gi opp, slår Jan Terje fast. Av Judith Sørhus Litlehamar Foto: Fotograf Nordtveit

Du vil alltid få eit godt og inspirerande opphald på Lindum

lakseslottet.no Epost: post@lakseslottet.no Telefon: 52 79 91 61

LINDUM 1895 Lakseslottet Lindum er eit historisk hus der særeigen atmosfære og god bevertning alltid har vore ramma for samlingar der gjesten er i fokus. Du finn oss ved Suldalslågen, med eigen lakserett, om lag to timar reiseveg frå Haugesund, Kinsarvik, Seljord, Stavanger eller Stord.

LINDUM 2013 Juni 2013

37


Saman om det

Dei er ektefeller og driv hotellet saman. Men kven av dei er eigentleg direktøren?   Tina Cosette og Erling Asbjørnsen fortel lattermilde historia om det store selskapet frå Bergen som gjesta hotellet ei helg for nokre år sidan. Dei var riktig mange i selskapet, og Tina var med dei under heile opphaldet. – Eg trur eg var til stades på alle måltider, eg var der då dei kom og då dei drog, eg var med dei på det meste, seier ho. Erling tek over: – Den dagen dei skulle reise kom eg ut av kontoret vårt og trefte ei eldre dame med stor bagasje i gangen. Eg baud meg å hjelpe ho ned med bagasjen, og etterpå sto ho i reseps-

38

Juni 2013

jonen og fortalde til alle at ”direktøren bar min koffert”. Tina: – Eg hadde altså følgd selskapet rundt heile helga. Då eg stod i resepsjonen medan selskapet gjorde seg klare til å reise fekk eg likevel høyre ein av gjestene seie ”eg synest nok leiinga kunne vist seg medan vi var her”. Det er altså Tina som er hotellsjef medan Erling er direktør. I den store samanhengen betyr det ikkje så mykje. Dei går båe ut og inn av den daglege drifta: skifter på senger, tapper øl, byter lyspærer, serverer, tar imot bestillingar. – Vi har ikkje vaktmeister, seier Tina. – Det er i så fall meg.


Har du vore på hotellet på Sand har du garantert sett dei: Tina, lita og lett på tå, blid og energisk, målretta, alltid til stades. Den litt høgare Erling, rolig og blid, litt meir i bakgrunnen, men også han – alltid til stades.

Uteserveringa med nærleiken til fossen og fjorden er eigarane svært fornøgde med.

Og eg synest det er kjekt med den variasjonen, i den eine augneblinken å stå med nystroken uniform og ta imot gjester for så i neste å stå ute i kjeledress og spyle husfasaden.   Uansett korleis dei snur og vender på det, og uansett kva rang dei har og ikkje har, så er det avgjerande at dei er to om det, seier dei. For det går i hotell døgnet rundt, sju dagar i veka, og skulle den eine sitte heime med ungane og venta med ein kald middag på den som ikkje hadde tid å kome heim, ja så hadde det ikkje gått så godt. Det er dei samde om. – Det må vere eit par som driv eit hotell som dette. Og

dei må eige det, slår Erling fast. Kjenne på eigarskapen, jobbe for seg sjølv, eige prosjektet, det har vore viktig for dei i dei 27 åra som er gått sidan ideen om hotellet ved fjorden oppstod. Korleis starta det heile, eigentleg? Vi spolar tilbake: Tina kom til Suldal i 1984, Erling i 86 . Tina kom opphavleg frå Bærum, men reiste til Stavanger i 1978. Ho trefte Erling på Sand då ho reiste dit med jobben på budsjettmøte. Erling dreiv på den tida dåverande Sand Fjordhotel, og fram til hausten 1987 drev dei det saman.   I nokre år var dei også på lakseslottet Lindum. Dei fekk barn og slo seg til ro i kommunen. Byrja sysle med ideen om å skape sitt eige hotell. – Den gongen budde vi i eit hus rett bakom hotellet her, og vi sat og såg ned på dette området ved fjorden som vi meinte ville eigne seg fantastisk godt til eit hotell.  Dei bestemte seg for å forfølgje ideen, og dermed starta ein 10 år lang jobb for å få hotellet på plass. Det skulle vise seg å ikkje bli berre enkelt.   For på tomta kor paret ønskte å byggje hotell sto eit gammalt sagbruk som måtte vekk skulle det bli rom for noko nytt. Og det var sterke interesser i lokalsamfunnet for å bevare saga. Det vart 10 år med to steg fram og eitt tilbake: skulle sagene flyttast eller kunne hotellet liggje ein annan plass, kunne ein ikkje berre rive dei gamle sagene og gje rom for ny etablering og ny næring, kunne ein ikkje få til utvikling og samstundes gje rom for å la historiske røter få stå i jorda? I ein perm på hotellet har ekteparet Asbjørnsen samla alt som vart skrive og sagt i avisene i dei ti åra som gjekk. Og det var ikkje lite. Lesarbreva var mange og lange, og her var innlegg og saker frå ikkje mindre enn tre kommunestyreperiodar før saka vart løyst. Det var tøft medan det sto på, seier dei. Kjensla av å ha bygda ”imot seg” det ubehagelege når kampen kjendest personleg. Ikkje vite om du kom i mål. – Men vi visste jo ikkje då at det skulle ta 10 år. Kvar gong vi skreiv ein ny søknad, kvar gong vi måtte gå ein runde til, så trudde vi jo at dette var den siste. No ordnar det seg!   I tillegg til å leggje planar for det nye hotellet, hadde båe to arbeid utanom. Heime hadde dei to små barn som òg kravde sitt. Det kom godt med å ha gode støttespelarar, både fagleg og familiært, då det stod på. Mormor flytta nesten inn på Sand for å hjelpe til og utan ho hadde nok ikkje alt gått like greitt, seier dei. Og å gje seg var aldri eit alternativ. – Vi fekk tilbod om gode jobbar i Stavanger, men vi kunne ikkje gje opp og la det fare. Då ville vi jo aldri fått vite om det hadde gått eller ikkje. Vi måtte prøve det ut. Og dei fekk hotellet sitt til slutt. 1. mai 1996 opna Ryfylke Turisthotel dørene. – Etter at vi opna stoppa lesarinnlegga i avisene heilt, seier Tina

Juni 2013

39


og peiker på permen. – Vi svara aldri på eit einaste lesarbrev i avisa den gongen, og vi har aldri brydd oss om å dra det fram etterpå. No er det eit tilbakelagt stadium.   Det gjekk fort og bratt oppover med hotellet frå starten av. Det nye, svære hotellet skulle utforskast, og folk kom frå fjern og nær for å sjå og oppleve det mykje omskrivne hotellet . – Ei stund trur eg vi berre sov to timar i døgnet, minnest Tina. Det var travelt, men kjekt. I dei 17 åra som har gått har hotellet og drifta fått prøvd seg ut i forma, dei har bygd ut, bygd om, planlagd basseng, skrinlagt planen att, prøvd seg på nye marknader. Noko har kome til etter nøye planlegging, andre ting har skjedd meir tilfeldig. Som det hollandske busselskapet dei kom i kontakt med via turistkontoret i Stavanger heilt i oppstarten. Dei valde å prøve ut Sand og Suldal, og har sidan vore faste kundar av hotellet som kjem med 9 femdagarsbussar i året. Dette året skal dei i tillegg utvide med 9 todagarsturar. Og slik etablerte dei seg i den utanlandske marknaden.   Hotellet sine gjester er hovudsakleg frå Stavanger-regionen og Haugalandet. Gjestene frå sørfylket er typiske seminargjester, medan Haugalandet står for ferie- og fritidsgjestene. – Mange oppsøker hotell som vårt for å ha seminar fordi det ligg høveleg til. Akkurat langt nok vekke frå byen til at alle må overnatte, og det gjer noko med gruppa når ikkje folk går heim etter middagen eller forsvinn ut på byen, forklarar Tina. Internateffekten kallar dei det. I tillegg til dei hollandske bussane kjem det turistbussar frå Tyskland og Russland, og ein del gjester frå alle mulege land. – Vi har greidd å kome oss inn på ein marknad der. No er det nesten fullt hjå oss, forklarar ho vidare. – Vi føler og at vi er eit viktig tilskot for lokalsamfunnet i all slags samanheng, og dei lokale er flinke brukarar og gode ambassadørar for oss. Dei siste åra har det vore mellom 14 000

40

Juni 2013

og 15 000 gjester i året, og hotellsjefen er svært stolt over å ha gått med overskot 16 av 17 år dei har drive. Så kva er planane no? Utvide meir? Nei, seier dei, no er dei på ein plass kor dei kan vere inn i framtida. Dei har funne si driftsform, hotellet har sett seg. Det er heilt greitt at det ikkje vart bygd basseng, slik dei hadde planar om ei stund. Det hadde blitt for dyrt å drive, det ser dei no. Når Suldals-politikarane no har byrja planleggje bygging av ein symjehall på Sand, så ser dei heller fram til den som eit positivt tilskot for gjestene sine.   Men dei har ingen planar om å byrje kvile på laurbæra enno, det er det ikkje tid og rom for. Rekrutteringa til bransjen er generelt vanskeleg, og til eit hotell som ikkje ligg midt i byen er det ikkje enklare. Staben i dag består, forutan nokre få lokale, av sju ulike nasjonalitetar.   Å bemanne for dei ekstreme dagane, for toppane, er som kjend ei umuleg oppgåve, så dei går ofte inn sjølve og er med der det trengst. Ikkje sjeldan går dei heim frå hotellet på ettermiddagen, kvilar litt og et middag, før dei går tilbake på hotellet om kvelden for å vere med på det som skjer. – Vi har blitt flinkare til å ta ferie og heilt fri, hevdar dei sjølve. – Vi er på hotellet dei fleste dagane i veka, men ikkje nødvendigvis lange dagar alle dagar. I vekene jobbar vi med drifta, i helgene blir tida brukt til administrative oppgåver.   Og kvar sommar reiser dei nokre veker til hytta ved Oslofjorden. På vegen vestover legg dei alltid inn minst ei overnatting på hotell. Og det må vere eit nytt hotell kvar gong. – Då ser vi på kva dei får til og ikkje får til og sankar nye idear vi kan ta med oss, ler dei. No er dei ikkje småbarnsforeldrer lenger heller, ungane er flytta ut og studerer. Ikkje hotellfag, og ekteparet Asbjørnsen har ingen forventingar til at dei kjem til å ta over nokon gong. Ungane kan vel ha fått si dose med hotellfag heimefrå, dei


Tina Cosette og Erling Asbjørnsen eig og driv hotellet saman, og meiner eigarskapen til prosjektet er ein avgjerande faktor for at det skal gå godt.

har i periodar gitt uttrykk for at mor og far burde hatt ein hobby, medgjev Tina. – Vi er blitt flinkare til å kople ut no, meiner Erling. Men så tenkjer dei på det og kjem fram til at tanken på hotellet nok alltid er med anten dei er på hotellet eller på heimebane. Det er slik det er. I vinter vart Ryfylke Fjordhotel kåra til Årets Suldalsbedrift, ei utmerking som det lokale vekstselskapet gir til

ei lokal bedrift kvart år. Det var kjekt å omsider få ei slik utmerking frå lokalsamfunnet, tenkjer Tina og Erling. – Men vi lever ikkje av prisar. Diplomet har vi hengt fint på veggen i resepsjonen, og det var triveleg med merksemda vi fekk rundt prisen. Men så er det full fart vidare, slår Tina fast idet ho og mannen tar kaffikoppane med seg for å gå tilbake til arbeidet. Det er alltid arbeid som ventar, nye oppgåver å ta fatt på og mange år med hotell i tankane som ligg framføre dei enno.

Juni 2013

41


Juni

Kvar

7. - 9.

Ryfylkedagane på Sand, 30-års jubileum! , www.suldal-turistkontor.no

Suldal

6. - 8.

Strandadagane, handels- og kulturdagar i Vågen og i Jørpeland sentrum www.ryfylkebyen.no

Jørpeland

8.

Sommarutstilling med Orlando Campbell på Ottohuset, open fred., laur. og søn. frå 13.00 - 18.00 heilt til 18. august, www. ottohuset.no

Finnøy

8.

Opning av bru over Høse, Brua er ein del av Nasjonal Turistveg Ryfylke,

Suldal

8.

Storaurefestival i Suldalsosen, www.suldalsvatnet.no

Suldal

8

Sommarutstilling i Galleriet i Rosehagen med fleire kunstnarar, hovudutstilliar er Ellen Kalvig, ope tys-laur kl. 11 - 17 til og med 31. juli, www.rosehagen.net,

Strand

8.

Fullsceilidh Spelemannslag speler på Nesasjøhuset, www.ryfylkemuseet.no,

Suldal

9.

Kretsturnstemne for damer kl. 13.00, www.saudaturnforening.no

Sauda

9.

Sommaropning Flørli kraftstasjon med utstillingar og kafé alle dagar fram til 18. august, kl. 11.30 til 18.00, www.florli.no

Forsand

9.

Guida kajakktur i Jørpelandsvågen, avgang Jørpelandsvågen kl. 12. Dagl. avg. heile sommaren: www.lysefjordkajakk.com

Strand

9.

Familieaktivitetar, kunstutstillingar, kafé og sal i Mølleparken, Tau. Ope kvar søndag heile sommaren, www.ryfylke.com

Strand

9.

Viglesdalsløpet med fellesstart kl. 12.00. www.ryfylke.com

Hjelmeland

11.

Tur til Mollastølen, med kjentmann. Oppmøte ved Sauda Rådhus kl. 17.00. www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

11.-13.

Guida tur i Ritlandskrateret frå kl. 11 til 15. Kvar tysdag, onsdag og torsdag i juni, juli og august. www.ritlandskrateret.no

Hjelmeland

14.

Skumparty for ungdom frå 8. Klasse og opp på Jørpeland ungdomsskule

Sauda

15.

Hovlandsnuten opp, Norgescupløp, startpunkt Risvoll skule frå kl. 10.00. www.hovlandsnuten.no

15.-16.

Sommaropning på Galleri Eldhuset på Hagalid, resten av juni: fred - søn 11-17, juli og aug: ons - søn 11-17, www.hagalid.no,

Hjelmeland

16.

Litterat-turen, fjelltur med opplesing av tor Obrestad og Edmund Austigard , www.hjelmeland-kommune.no

Hjelmland

16.

Randøyrittet, sykkelritt for heile familien, Randøy skule kl. 13.00, www.ryfylke.com

Hjelmeland

21.-23.

Trekkspillfestivalen Saudatreffen, www.saudaferie.no

Sauda

22.

Kraftrittet i Suldal, www.kraftrittet.no

Suldal

22.

Midtsommarfest (viss vêret er bra), Jørpeland Torg, frå kl. 12, www.ryfylkebyen.no

Strand

23.

St. Hans-feiring på Jørpeland med utedans og bål, www.strand-kommune.no

Strand

25.

Sesongopning Fortidslandsbyen Landa, alle dagar unntatt måndagar, frå 11-17, til og med 18. august, www.landapark.no

Forsand

28.-30.

Sykkelrittet Tour de Fogn, www.fogn.org

Finnøy

29.

Sommaropning på Preikestolen fjelllstove, frå 11.00 til 15.00, www.preikestolenfjellstue.no

Forsand

29.

Sommaropning på Stranddalen

Suldal

29.

Sommarunderhaldning med ulike artistar på Jørpeland Torg kvar laurdag t.o.m. 3. august, www.ryfylkebyen.no,

Strand

29.

Skartveitdagen på Halsnøy, www.skartveitgjestehavn.no

Finnøy

29.

Familiedag på bygdatunet Kolbeinstveit: www.ryfylkemuseet.no

Suldal

JULI

42

1.

Sommarutstillinga i Spinneriet på Hjelmeland opnar, ope laurdagar og søndagar i juli frå 11.00 til 15.00, www.ryfylke.com

Hjelmeland

4.

Kyrkjespel i Årdal gamle kyrkje kl. 19.00, www.hjelmeland-kommune.no

Hjelmeland

6.

Halvøydag i Vatlandsvåg på Ropiedhalvøya frå kl. 12.00, www.facebook.com/vatlandsvag

Suldal

11.

Sommarkonsert med Tønes på Høiland gard i Årdal kl. 19.00, www.ryfylke.com

Hjelmeland

12.

Familiedag på Håland frå 12.00 til 17.00 www.ryfylkemuseet.no

Suldal

13.

Ombodagen www.ombo.no

Ombo

13.-19.

Nordover mot Haukeli, www2.turistforeningen.no

Suldal

13.

Sommarmarknad i Marvik på Ropeidhalvøya frå kl. 12.00, www.marvik-landhandel.no

Suldal

13.

Stintekonkurranse, Lysefjorden Marina i Bergevik: www.lysefjorden.no

Forsand

16.-19.

Familiecamp i Preikestolen basecamp, www.preikestolenfjellstue.no

Forsand

17.

Lesestund Kolbeinstveit kl. 13.00 www.ryfylkemuseet.no

Suldal

24.

Familiedag på Hustveit frå 12.00 til 17.00 www.ryfylkemuseet.no

Sauda

29.

Olsokkonsert og gudsteneste i Årdal gamle kyrkje www.hjelmeland.kyrkja.no

Hjelmeland

Juni 2013


Det skjer i Ryfylke

Nysatsing på Hagalid. Tidlegare reiselivssjef i Ryfylke, Hanne Sundbø, har skifta beite og byrja med gardsturisme og kunstformidling. Sommarutstilling: Opnar 15. Juni og held ope fleire dagar i veka i heile sommaren. Foto: Privat Gjenskapar historia: Med store dosar alvor og skjemt viser Hjelmeland teaterlag korleis ei gudsteneste frå 1800-talet kunne forløpe. (Foto: Hjelmeland teaterlag) Ottohuset på Judaberg i Finnøy er eit bittelite hus, i alle fall i kulturhusmålestokk. Stiftinga som står bak kulturstova greier likevel å trekkje artistar i alle kategoriar til plassen, og i sommar er det den britiske kunstnaren Orland Campbell (27) som skal stillast til offentleg skode. Sommarutstilling: Fram til og med 17. august på Judaberg. Foto: Geir Landa August

Kvar

1.

Blinkfestivalen med rulleskiløp og Lysebotn opp: www.blinkfestivalen.no

Forsand

3.

Høgt & lågt – friluftsfestival i Lysebotn, www.hxl.no,

Forsand

3.

Familiedag på bygdatunet Kolbeinstveit: www.ryfylkemuseet.no

Suldal

3.

Erfjordfestival i Hålandsosen, www.facebook.com/erfjordnet

Suldal

9.-11.

I hjerte av Dyraheio, www2.turistforeningen.no, Suldal

Sauda

10.

Sauda turlag har overnattingstur til Sandvass, www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

11.

Sommarkonsert med Ryfylkeklang, i Spinneriet i Hjelmeland

Hjelmeland

12.

Fognamarsjen, oppmøte på skulen kl. 15.00, www.fogn.org

Finnøy

15.

Familiedag på Viga frå 12.00 til 16.00 www.ryfylkemuseet.no

Suldal

16.-18.

Tomatfestivalen på Finnøy, www.tomatfestivalen.no,

Finnøy

17.

Start 2. etappe Tour des Fjords i Hjelmelandsvågen, www.tourdesfjords.no,

Hjelmeland

17.

Krabbefestival ved Lysefjorden Marina, www.lysefjorden.no

Forsand

17.

Konsert med Glenn Lyse, www.ottohuset.no

Finnøy

18

Tripp Trapp Triathlon, startar ved Lysefjordsenteret klokka 09.30: www.tripp-trapp.no

Forsand

18.

Barnas turlag, padling i kano på Storemyr/Klovsteintjødna, Storemyr i Åbødalen kl. 11.00, www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

18.

Sauda turlag har tur med gudsteneste til Jordavatnet, www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

24.

Familieskattejakt i Veslefrikk barnehage kl. 13.00, www.saudaferie.no

Sauda

25.

Sauda turlag har dagstur til Strandalen, www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

25.

Sauda turlag: Tysso via Ferrata i Rallarens fotspor (ruta frå 71 grader nord) www.sauda.turistforeningen.no

Sauda

29.-1.

Tangofestival i Lysebotn, 29. august – 1. september, www.baredromtango.com

Forsand

30.

Konsert Full Rock Basar kl. 20.00, www.ottohuset.no

Finnøy

Informasjon om attraksjonar i regionen: www.saudaferie.no, www.ryfylke.com, www.suldal-turistkontor.no, www.strand-turist.com,

www.lysefjordeninfo.no, www.finnoy.kommune.no, www.ryfylkemuseet.no

Juni 2013

43


Hjelmeland Sparebank er ein sjølvstendig og solid sparebank i og for Ryfylke, med hovudkontor i Hjelmeland. Banken, som har ein forvaltningskapital på ca. 2 milliardar kroner, tilbyr alle finansielle tenester for privatpersonar og næringsliv. Banken sysselset 22 personar.

Bank – Sparing – Forsikring

4130 HJELMELAND, Tlf: 51 75 44 00 fax: 51 75 44 01 post@hjelmeland-sparebank.no, hjelmeland-sparebank.no

Hjelmeland - Naturlegvis! © Stavanger Aftenblad, Pål Christensen. Utforming: norsk-plan.no

Hjelmeland Sparebank

Velkommen til

Hjelmeland kommune

Informasjon om kommunen vår finn du på www.hjelmeland.kommune.no

Det er vi som er Ryfylkemegleren! Ryfylke Eiendomsmegling jobber med salg av alle typer eiendom. Vi ønsker å være til stede for alle i lokalmiljøet som har behov for meglertjenester. Besøk vårt kontor på Jørpeland eller ta kontakt på tlf 51 74 55 00 / ryfylkemegleren.no

Ryfylke Eiendomsmegling har solgt boligtomter, rekkehus, hyttetomter, forretningseiendommer, skogsområder, hytter, leiligheter, naust, eneboliger, gårdsbruk og nausttomter for sine kunder. Vi har således erfaring med salg av alle typer eiendom og står klare til å ta hånd om salget av DIN eiendom.

Vi leverer mer enn du forventer! ENGASJEMENT | ERFARING | SERVICE | KVALITET


– Vi har noko vi vil lage, vi vil byggje stadig betre instrument. Det er det som driv oss.

Ă˜rjan BrĂĽtveit Berge

Gitarmakarar i

verdsklasse


I 2005 starta kameratane Ørjan Bråtveit Berge (32) og Odd Blikra Egeland (32) sitt eige gitarmakeri i den gamle snikkarverkstaden på Stålverket på Jørpeland. Nå har dei Lars Martin Myhre, Anne Grete Preus, Lillebjørn Nilsen, Thomas Dybdahl og Odd Nordstoga på kundelista. Ørjan Bråtveit Berge møter oss ved porten inn til stålverksområdet i sin sølvgrå Audi 90. Han køyrer føre oss mellom dei høgreiste og nedslitne bygningane som høyrer til «Verket». Rundt ein krapp sving, opp ein liten og bratt bakke og vi er framme ved tretrappa som fører opp til gitarmakeriet. Når vi har kome oss inn den støle døra blir vi møtt av lukta av friskt treverk, som sender oss tilbake til sløydsalen på barneskulen. På golvet til høgre for døra står svarte gitarkassar på rekke og rad. Hælane på cowboystøvlane til Ørjan slår

46

Juni 2013

i treplankane. Odd Blikra Egeland helsar oss blidt med eit ubarbert smil over ei rutete flanellskjorte. I den gamle snikkarverkstaden har dei hatt jobbkvardagen i åtte år, og her har dei bygd snart 130 gitarar. Eigentleg var det litt tilfeldig at det var akkurat gitarmakarar dei to kameratane skulle bli, meiner dei sjølve. Jodå, dei er begge ivrige gitaristar, det har dei vore sidan møtet med gitarlærar Kjell Olav Høyvik på ungdomsskulen på Jørpeland, men likevel. Under militærtenesta var dei på ei messe der


– Eg har kjøpt ein barytongitar frå Strand som eg er veldig godt nøgd med. Eg bruker han mykje, og han veks. Når går eg med planar om å la gutta lage ein 12-strenger til meg. (Denne gitaren har han allereie fått laga, red.anm.)

Lars Martin Myhre

– Eg er verkeleg begeistra for mine to Strand-gitarar. Dei er begge OM-modellar. Eg kom første gong i kontakt med dei flinke og hyggelege gitarbyggarane på Jørpeland då eg blei anbefalt dei til reparasjon av min dyrebare Martin vintage tenorukulele.

Lillebjørn Nilsen

– Gitaren eg kjøpte heiter Strand OO 14. Eg er utruleg godt nøgd med han. Han lyder veldig opent og fint i toppen, og eg har laga mange låtar på han. Gitaren innbyr særleg til fingerspel, med korte avstandar på gripebrettet. Heilt enkelt: Han låter utruleg bra.

Paul Hansen

Sitat av kjende Strand-gitareigarar. (Henta frå Musikkpraksis sin reportasje på Strand Guitars i 2012)

Musikkinstrumentakademiet i Østfold hadde stand. Odd hadde allereie lese om dei på Internett. Dei søkte begge og kom inn. Etter eitt år i Moss med innføring i alle instrument; piano, messingblåsarar, fiolin, gitarar, trekkspel og treblåsarar, valde dei å spesialisere seg på gitar i to år i Sarpsborg. Så blei akademiet lagt ned. Etterpå var dei tre månadar hos gitarbyggjar Daniel Roberts i Montana, USA. – Vi lærte mykje i løpet av desse tre månadane, og det vi gjer i dag byggjer mykje på det vi lærte i USA, fortel Odd. Så kom dei over lokala inne på stålverksområdet, og eventyret var i gang for alvor for dei to 24-åringane. – Vi bestemte oss for å starte opp for oss sjølve då vi var i USA, seier Ørjan.

– Valet var anten å knyte oss opp mot ein butikk for å drive med servicearbeid eller å starte for oss sjølve. Det var eit enkelt val, held Odd fram. Dei driv med reparasjon av instrument også, men det er bygginga som er hovudgeskjeften. – Vi tener meir på sal, men salet er ikkje så stabilt som reparasjonane. Vi får også ofte kundar på grunn av at vi har reparert andre instrument dei har, fortel Odd. Det var nettopp det som skjedde med gitarkameraten Lillebjørn Nilsen. Historia om Lillebjørn Nilsen sine gitarkjøp hos jørpelandsgutane starta med at dei skulle reparere ein ukulele for han. Dei leverte den ferdig reparerte ukulelen på døra hos han i hovudstaden. – Vi fekk kome inn i stova. Vi hadde med oss eit par gitarar,

Juni 2013

47


så det enda med at vi sat der og spelte i lag. Han fekk låne gitarane av oss då vi reiste, og før vi hadde kome oss ut av Oslo ringte han og sa at han ville ha den eine, smiler Ørjan. Sidan har det blitt ein Strand-gitar til på Nilsen. – Lillebjørn Nilsen har utruleg mange gitarar, han trong eigentleg ikkje ein til, men ville likevel ha. Det er eit kvalitetsstempel for oss, slår Odd fast. Andre kjende norske gitaristar som har Strand-gitarar er Paul Hansen i Vamp og tidlegare Vamp-vokalist Vidar Johnsen. Spelemannsprisvinnar og visesongar Tønes alias Frank Tønnesen frå Sokndal har også ein gitar laga på Jørpeland. Det same har jazzgitaristen og komponisten Bjørn Klakegg. På dei trepanelte veggane heng det skrujern, tvinger, hoggjern, klemmer og anna verktøy på rekke og rad. Nokre

plakatar med kjente gitarvirtuosar som Eric Clapton og Stevie Ray Vaughan heng ved sida av nokre halvferdige gitarkroppar. På andre sida av den grøn- og burgunderraudmåla døra inn til sjølve produksjonsrommet står det fleire ferdige gitarar i eit stativ. Dei to gitarmakarane haustar lovord frå kundane sine og bransjen. Thomas Brekke skriv i bladet Musikkpraksis om to av stålstrengemodellane deira: Det finnes utrolig mange produsenter som lager hi-end akustiske gitarer, men norske aktører er det få av. Derfor synes jeg det er gledelig at Strand Guitars leverer saker som både ser bra ut og låter tilsvarende. – Det er fleire som byggjer gitarar i Norge, men ikkje andre som produserer så mykje som vi gjer nå, kan Ørjan fortelje. Dei byggjer all slags typar strengeinstrument, mellom anna har dei bygd ein ukulele og ein mandolingitar, men det er


stålstrengs-gitarar dei lagar flest av. – Vi liker best å byggje stålstrengsgitarar, men hadde vi fått valt ville vi bygd forskjellige instrument heile tida, meiner Odd. Dei produserer ni forskjellige modellar innan akustiske gitarar. Dei bruker rundt 100 timar på kvar gitar. I byggjeprosessen har dei ei klar arbeidsfordeling. – Vi har spesialisert oss litt. Eg lagar lokk og botn, seier Odd. – Medan eg bøyer sidene og lakkerer, held Ørjan fram. I ein Norge Rundt-reportasje hos Strand Guitars får vi vite at det krevst 30 lag med lakk for at gitaren skal bli bra. – Korleis kjennest det då når dei står med den ferdige gitaren i nevane som dei har laga sjølve? – Det er ei god kjensle når vi får tatt på strengene, men lyden veit vi jo etter kvart korleis er. Det er ei endå betre kjensle når kunden har vore og henta gitaren, synest Ørjan. – Og så er det spennande å vente på tilbakemeldinga, legg han til. På heimesidene deira har dei lagt ut epostsvar dei har fått frå nøgde kundar. Dag Arve Sandnes frå gruppa Staut i Oppland skriv til gitarkameratane frå Ryfylke: Jeg spiller i et 100 prosent akustisk band, og det nytter ikke å komme med noe annet enn godt treverk og strengelyd når det skal gjøres en ny plate. I den anledning må jeg «skammelig» innrømme at mine smått dyrbare USA-gitarer har blitt satt i dårlig lys av to Strand-OM gitarer dere har «høvlet» ut på treskjærerbenkene deres... Freddy Mono skriv: Jeg ville bare fortelle dere litt om hvor fornøyd jeg er med samarbeidet vårt og hvordan vi sammen gjorde Euphoria- prosjektet mulig ut i fra min ide og grunnskisse. Jørpeland here we come! Planken låter kanon! Det blir nok bare bedre og

bedre etter hvert som jeg får kjørt den inn skikkelig. Knallfint guttær! Elin Prøyssen (ja, ho er dottera til Alf Prøysen, red. anm.) og Egil Johansson har fem Strand-gitarar og skriv til Odd og Ørjan: Fantastisk hva dere får til! Foreløpig kan vi ikke se at det er andre instrumenter vi trenger, men fristelsene kommer sikkert etter hvert. Slik held lovorda fram. Det første året bygde dei to gitarar, den aller første var det faren til ein kamerat som kjøpte. Dei siste åra har dei bygd mellom 20 og 30 gitarar i året. Målet er 100. – Vi må byggje opp merkevara, og då er det jungeltelegrafen som gjeld, slår Ørjan fast. – Vi har etter kvart fått til ei god merkevare, men det er jo eit nisjeprodukt vi lagar, så det går seint, legg kameraten til. Høgt oppe under taket ligg stablar med materiale og tørkar. Mahogni, palisander og gran som dei sjølve importerer frå USA. – Draumen er å kunne leve heilt av dette, men førebels gjer vi ikkje det. Vi er varsame og køyrer låg risiko, seier Odd nøkternt. Han jobbar 50 prosent med rekneskap for Hovland AS, medan Ørjan har 60-prosentstilling som gitar- og bandlærar i kulturskulen i Strand kommune. – Alt vi har av utstyr eig vi sjølve, vi har ikkje lån på noko, fortel Ørjan. Det har dei klart ved å la alt dei tener gå inn i bedrifta i fleire år. Nå har dei begynt å ta ut løn. – Det er tilsvarande det polakkar får, så det er ikkje løna som driv oss. Vi har noko vi vil lage, vi vil byggje stadig betre instrument. Det er det som driv oss, sluttar Ørjan. Av Elin Moen Karlsen Foto: Fotograf Nordtveit

Juni 2013

49


Vil styrke reiselivet

Foto: Privat

Ole Madsen meiner Ryfylke bør satse meir på opplevings - og rundreiser. – Turistane må finne fram til opplevingane på ein enkel måte, seier den nye leiaren i Reisemål Ryfylke. – Korleis blir det å ta over jobben som dagleg leiar i Reisemål Ryfylke? – Eg gler meg voldsomt til å vere med å vidareforedle og formidle Ryfylke som eit utstillingsvindauga for reiselivet i Noreg. Eg er audmjuk med tanke på det arbeidet som er gjort gjennom åra for å utvikle reiselivet i Ryfylke frå Reisemål Ryfylke, det offentlege og ikkje minst frå bedriftene. Eg vil ikkje kome med noko programerklæring no før eg har starta i jobben, men det blir særs viktig at me klarer å vere eit samlande destinasjonsselskap som jobbar for at næringa skal få det best mogleg. Det blir også viktig å arbeide for å få større gjennomslagskraft og den utviklinga me ynskjer framover. – Du har erfaring frå Lysefjorden Utvikling, kor viktig blir den no framover? – Erfaringane frå arbeidet i Lysefjorden

A K T U E L T 50

Navn: Ole Madsen (43) Bur: Jørpeland Aktuell: Blir ny dagleg leiar i Reisemål Ryfylke

Juni 2013

Utvikling og Stiftelsen Preikestolen ser eg som ein god ballast. Eg har opparbeida meg eit godt nettverk og kjennskap til reiselivet. Stikkord kan vere utviklinga av kultur- og naturopplevingar, kjennskap til lokale og regionale reiselivsbedrifter og dei tilreisande sine behov og ønskjer.

sine på eigen hand. Nye billige flyruter og båtruter mot Fjord Norge er ein viktig faktor i denne utviklinga. Utfordringa blir å utvikle produkta slik at turistane finn fram til opplevingane på ein enkelt og forutsigbar måte. Me må bli endå flinkare på å utvikle salbare opplevings-og rundreiser.

– Kva er Ryfylke sine største utfordringar reint reiselivsmessig? – Reiselivsnæringa lever av gjestene med overnattig, mat og opplevingar. Den største utfordringa må vere å få større lønnsemd med fleire godt betalande gjester. Dette heng igjen sammen med å få eit godt forhold mellom kvalitet og pris, ikkje minst gjeld det å få større aktivitet spredt ut over heile året.

– Kva drøymer du om å oppnå i jobben? – Eg drøymer om at reiselivet i Ryfylke framstår som lønnsomt, samla og slagkraftig med gode samarbeidsrelasjonar mot Fjord Norge og reiselivet i Rogaland. Og at Ryfylke har styrka posisjonen sin som innfallsporten til Fjord Norge og er blitt det leiande kultur-og naturbaserte reiselivsmålet i Norge.

– Kva er Ryfylke sine største attraksjonar? – Ryfylke har natur- og kulturopplevingar i verdsklasse. Heilskapen med fjord, fjell og øyane er vår største attraksjonskraft. Me har ikona i Lysefjorden med Preikestolen og Kjerag, som er attraksjonar av nasjonal og internasjonal storleik. Nasjonal turistvei som bind saman Ryfylke er også ei veldig viktig satsing. – Kva burde me hatt meir av i Ryfylke? – Reiselivet er i endring, det gir eit større behov for ei koordinering og samordning av satsninga. Kortferie er på moten, og stadig fleire finn reisene

– Kva blir dei største utfordringane til Reisemål Ryfylke framover? – Selskapet skal gjere alt for at aksjonerane ser nytteverdien i selskapet og samhandlinga. Me må styrke oss internt i Ryfylke og finne dei rette samarbeidsformene og konstellasjonane mot blant anna Stavanger og Fjord Norge, slik at alle partar kjem styrka ut. Regjeringa har laga ein ny reiselivsstrategi som blir viktig, i tillegg kjem også Rogaland fylkeskommune og Ryfylke IKS med nye reiselivsplanar. – Kvifor skal turistane kome til Ryfylke? – Fordi Ryfylke verkeleg er eit reisemål som er verdt å besøke. Av Judith Sørhus Litlehamar


Spesialdesigner etter dine ønsker!

Plankontoret Hallvard Homme AS

Tlf 414 22 884

“Ryfylke-serien”

www.glasskjellaren.no

Arealplanlegging, landskapsarkitektur, arkitektur, prosjektstyring, prosjektutvikling 379 37000 – post@plankontoret.no www.plankontoret.no

Sukkagarden - der historia sit i veggene Solveig og Ola Sukka tlf. 92418460 / 92640803 Kvildal, 4237 Suldalsosen e-post: sukkagarden@gmail.com sukkagarden.no

Tlf. 959 47 018

GALLERI SKJÆVELAND Nedre Barkvedvegen 44 4100 Jørpeland

E-post: sidsel@sidsels.no - www.sidsels.no

«Der fortid møter fremtid»

• Omtrekking møbler • Søm av båtputer

www.galleriskjæveland.no

• Salg av møbelstoff • Søm av kalesjer

Bjerga TurisTgarTneri 4182 Skartveit Mobil 984 81 76 post@bjergaturistgartneri.no • bjergaturistgartneri.no

orvath ianoservice

Horvat orvathh HPPianoservice ianoservice orvatPh Pianoservice H H Din lokale Din lokale pianostemmer Din lokale pianostemmer pianostemmer

pianostemmer Din lokale Hjelmeland Hjelmeland - Tlf. Tlf. 924 24 098 Tlf. 924 924 24 24-098 098 pianostemmer Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 hpiano@online.no hpiano@online.no hpiano@online.no hpiano@online.no

Hjelmeland - Tlf. 924 24 098 hpiano@online.no

Autorisert regnskapskontor Jørpeland: 51 74 14 00 Årdal: 51 75 42 50 firmapost@partnerregnskap.no

FORTELJARKOKERIET - Forteljarførestillingar - Forteljarkonsertar - Forteljarkurs Forteljar Anne Elisebeth Skogen

Forteljar

forteljarkokeriet.no • aeskogen@online.no • Tlf. 91340078 Anne Elisebeth Skogen

Sommerutstilling Sommerutstilling med med

Sommerutstilling med ORLANDO CAMPBELL ORLANDO CAMPBELL ditt lokale byggevarehus på Otto-huset, Finnøy ditt ditt ditt ditt ditt lokale lokale lokale lokale lokale byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus byggevarehus ditt lokale byggevarehus ditt lokale byggevarehus på Otto-huset, Finnøy ORLANDO CAMPBELL Montér Suldal Montér Montér Montér Montér Suldal Montér Suldal Suldal Suldal Suldal Montér Suldal Montér Suldal Sandsvegen 134 Næringsparken på Otto-huset, Finnøy monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no monter.no Tlf. 47 65 52 00. 07-16 (18) (9-14) monter.no Kunstutstilling og cafe med enkel servering. Kunstutstilling og cafe på med enkel servering. Få også med deg skulptur-parken Judaberg. Sandsvegen 134 Næringsparken Åpent fre-lør-søn kl. 13-18 Få også med deg skulptur-parken på Judaberg.

Tlf. 47 65 52 00. 07-16 (18) (9-14)

Åpent fre-lør-søn kl. 13-18

Kunstutstilling og cafe med enkel servering.

Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen Sandsvegen 134 134 Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken 134 Næringsparken Næringsparken Sandsvegen 134 Næringsparken Tlf.Tlf. 47Tlf. 47 65 Tlf. 47 65 52 Tlf. 47 65 52 00. 47 65 52 00. 65 07-16 52 00. 07-16 52 00. 07-16 00. (18) 07-16 (18) 07-16 (9-14) (18) (9-14) (18) (9-14) (18) (9-14) (9-14) Tlf. 47 65 52 00. 07-16 (18) (9-14)


Denne logoen kan bli din!

Bli med i Ryfylkealliansen! Ryfylkealliansen er ei foreining som gjennom langsiktig merkevarebygging, skal fremje identitet, bulyst og verdiskaping i Ryfylke. I dag er me 103 medlemer, med både bedrifter, seks kommunar, stiftingar, lag, festivalar, vekstselskap, enkeltpersonføretak m.m.

Kvifor bli med? Auka merksemd om di verksemd og Ryfylke! Møteplassar! Sterkt nettverk! Profilering! Meirverdi! Fellesskap! Inspirasjon! Så bli med du også!

Kontakt: tolli@ryfylkelivsgnist.no eller tor@ryfylkelivsgnist.no mob. 940 28 577 - 982 06 333

Mangfaldig og ekte www.ryfylke.no • facebook.com/pages/Ryfylkealliansen


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.