1 minute read
TURISTINFORMASJON
Visit FjordKysten og Sunnfjord er samlokalisert med turistinformasjonen i Florø. Vi tipser deg gjerne om kjekke ting å gjere på FjordKysten og i Sunnfjord. Lurer du på korleis du kan komme deg frå A til B eller flotte stader å overnatte? Kom gjerne innom oss på gateplan i rådhuset i Florø, eller kontakt oss på telefon eller epost.
TURISTKONTOR FLORØ:
Telefon: +47 577 43 000
• E-post: mail@fjordkysten.no
Strandgata 30, 6905 Florø
SOMMAROPNE TURISTKONTOR:
Måløy
Telefon: +47 909 12 480
• E-post: maloyturistinformasjon@gmail.com
I Hop, Gate 1, 6700 Måløy
Hyllestad
Telefon: +47 458 71 940
• E-post: nks@misf.no
Kvernsteinsparken, Lifjordvegen 9, 6957 Hyllestad
Solund
Telefon: +47 908 82 860
• E-post: post@solund.info
Hardbakke Senter, Storehaugen 4F, 6924 Hardbakke
Dale
Telefon: +47 976 50 966
• E-post: tunet@jakobsande.no
Jakob Sande senteret, Nikka Vonens veg 31-35, 6963 Dale i Sunnfjord
Visit FjordKysten og Sunnfjord har ei heilskapleg tilnærming til gode opplevingar. Gjennom å ta omsyn til reiselivet sin påverknad på omgjevnadane og forvaltning av ressursgrunnlaget legg vi til rette for at all verdiskaping i reiselivet er forankra i prinsipp for bevaring av natur, kultur og miljø, styrking av sosiale verdiar og økonomisk levedyktighet.
Som eit ledd i reiselivsutviklinga har vi som mål å kvalifisere for «Merke for Bærekraftig reisemål» innan utgangen av 2024. Merket inneberer ikkje at eit reisemål er berekraftig, men at destinasjonen er forplikta til å jobbe systematisk for ei meir ansvarleg og berekraftig utvikling.
Gr N Omstilling
Reiselivsverksemdene i FjordKysten og Sunnfjord har fokus på å ivareta dei unike og reine naturressursane og skape opplevingar knytt til lokal kultur og nære verdiar. For å sikre ei strukturert og langsiktig utvikling vel fleire å miljøsertifisere si verksemd. Produkt og tenestar med offisiell miljøsertifisering er merka i reiseguiden med «Reis Grønt»-merket, eit nasjonalt symbol som synleggjer at verksemda følgjer strenge reglar for blant anna produksjon og avfallshandtering, energibruk og transport.
Bli Ein Meir Bevisst Turist
Som gjest er du ein viktig bidragsytar i vårt arbeid med berekraftig reisemålsutvikling. Gjennom små og gode valg kan du gjere reisa di så skånsom som mogleg:
• Velg miljøsertifiserte produkt og tenester
• Handle lokalt
• Vern om kultur og miljø
• Ferdast ansvarleg i naturen