1 minute read
By the way!
Visste du at Astrup jobba fram sin eigen sjølvbergingshage?
Denne kan du oppleve på Astruptunet.
Visste du at Jakob Sande skreiv den kjente og kjære julesongen «det lyser i stille grender» ein varm sommardag medan han låg under ei ripsbuks?
Vilnes Kyrkje
Vilneskyrkja på Atløy er ei vakker middelalderkyrkje i tre frå 1674, og er den eldste trekyrkja i Sunnfjord.
Atløy / Askvoll / +47 918 74 724 / post@askvoll.kyrkja.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/vilnes-kyrkje
Sagaøya Kinn
Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, med Kinnakyrkja og Kinnaklova. Kinnakyrkja er bygd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sida 1100-talet. Om sommaren kan du vere med på dagleg tidebøn og guida omvising. Fjellveggen bak kyrkja reise seg steilt opp, og den ruvande Kinnaklova er nærmaste nabo. Den er eit kjend seglingsmerke langs skipsleia.
Florø / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/oya-kinn
Ausevika Helleristningsfelt
Opplev eit av dei største helleristningsfelta i Norge. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet.
Stavang / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/ausevika-helleristningsfelt
Refviksanden
I enden av bygda Refvik ligg Refviksanden. Nyt varme og fine sommardagar eller ei av dei mange hauststormane.
Refvik / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/refviksanden
Kannesteinen
Den stettforma steinen Kannesteinen finn du i bygda Oppedal, ca 10 km frå Måløy sentrum.
Måløy / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/kannesteinen
Kvernhusfossen på Skor
Kvernhusfossen i Skor finn du 20 min gange frå Breivik Hyttegrend. Idyllisk plass med 5 restaurerte kvernhus og eit sagbruk. I tillegg ligg der ei restaurert steinbru som er del av den Trondhjemske postveg.
Hyllestad / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no
Hjertebladhagen
Hjerteblad er like mykje ei oppleving som ein butikk. Folk kjem langvegs frå for å oppleve Hjertebladhagen og få lærdom og inspirasjon av Merete sin kunnskap.
Skifjorden / Hyllestad / +47 934 48 983 / merete@hjerteblad.no / facebook.com/hjertebladhagen/
Steinkrossen i Korssund
Heilt vest i Fjaler, finn du den gamle gjest-gjevarstaden Korssund. Staden har fått namnet sitt etter den 3,84 meter høge steinkrossen som vart reist av kong Olav den Heilage om lag 1039 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen «Olavskross», og er ein av dei største i landet.
Korrsund / Fjaler / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/mat-og-overnatting/korssund-gjestehamn