3 minute read

KAPITTEL 2.4 AKTIVITETAR

Next Article
SUNNFJORD

SUNNFJORD

Trøkk n´Truck

Sjå feite sportsbilar, veteranbilar, Amcar og lastebilar. Test ut ulike motoriserte køyretøy, eller ta turar med helikopter og båt. Pluss på fantastisk musikk, mat og drikke, og du får Trøkk n’ Truck – ein fest for folk flest.

Førde / Sunnfjord / post@tntforde.no / trokkntruck.no

Havblikk

To dagar med 8 dødsfeite artistar og verdas finaste publikum på verdas finaste Fanøy!

Florø / Kinn / mail@havblikk.net / havblikk.net

Teaterfestivalen i Fjaler

Teaterfestival kvart år i september. Festivalen har ei tematisk overbygning, og det vert lagt vekt på å skape møtepunkt mellom kunsten og bygda på fleire nivå.

Dale i Sunnfjord / Fjaler / teaterfestivalenifjaler@gmail.com / teaterfestivalenifjaler.no

Skjærgårdstreffet

Sidan 1998 har Skjærgårdstreffet vorte arrangert i vakre Askvoll. Konseptet har preg av skjergard, med mykje aktivitetar og moro for store og små.

Askvoll / Askvoll / askvollsgt@gmail.com / facebook.com/Skjaergardstreffet

For fleire arrangement scann QR kode:

Havhesten

Etter 10 minutts vandring frå Florø sentrum finn du badeanlegget Havhesten – ideelt plassert ved sjøen med utsikt mot både fjord og fjell.

Florø / Kinn / +47 577 56 720 / leiar@havhesten.no / havhesten.no

RIB-tur med FjordGuiding

Opplev det beste FjordKysten og Sunnfjord har å by på med privat RIB. FjordGuiding skreddarsyr turar frå Gulen til Florø for å gje deg ein oppleving du seint vil gløyme! I sommarhalvåret kan du bli med på RIB-tur til Alden for å bestige Den norske hest – fjellet som stig loddrett opp av havet.

Askvoll / +47 994 78 212 / steffen@fjordguiding.no / ribaskvoll.no

MS Atløy

MS Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Servering av mat på bestilling. Kan leigast til arrangement og for grupper.

Florø / Kinn / +47 900 98 990 / leiar@atloy.no / atloy.no

Fyrsafari til Utvær

Opplev Norges vestlegaste fyr på Utvær. Staden har eit historisk sus og ein fasinerande natur heilt ytst i havgapet, og i sommar kan du bli med Vidar Hop Skyssbåter på fyrsafari til Utvær.

Hardbakke / Solund / +47 577 43 000 / post@utver.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/fyrsafari-til-utvaer

Øyhopping med postbåten

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Hardbakke / Solund / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/oyhopping-med-postbaten--solund-bulandet-vaerlandet

Kajakktur med Kvåleskajakk

Lurar du og din familie på kva ein skal finne på i ferien? Kom til Skei i Sunnfjord og ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgane blå. Guida tur til Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer.

Jølster / Sunnfjord / +47 992 35 646 / ingvald.kvaale@enivest.net / kvaaleskajakk.online

Guida tur på Svanøy

Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøy. Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle», er den sørlegaste og frodigaste øya i Kinn kommune. På ein guida tur på Svanøy får du nærkontakten med hjorten på Norsk Hjortesenter, og du får innsikt i korleis Svanøy Røykeri får fram dei beste smakane frå laksen.

Svanøybukt / Kinn / +47 577 43 000 / mail@fjordkysten.no / fjordnorway.com/no/se-og-gjore/guida-tur-pa-svanoy

Turguiding Værlandet og Bulandet

Ruth Bakke er fødd og oppvaksen på Værlandet. Ho tek deg med på vandring i den flotte naturen med spanande flora og fauna, og unik geologi. Du kan lære om kystkulturen, vitje museum og utstillingar, vere med på guida sykkeltur på vegen og bruene som knyt saman Værlandet og Bulandet.

Værlandet / Askvoll / / +47 416 37 997 / ruth.bakke@enivest.net / facebook.com/Turguiding-Værlandet-

Bulandet-Ruth-Bakke-202418047182743

Norway Adventures

Norway Adventures har over 19 år erfaring med guida aktivitetar, både sommar og vinter, og dei har spesialisert seg på fleirdagsturar. Kajakkturar, vandring, sykling, Via Ferrata, multisport, familie aktivitetar, turar på ski og med truger, teambuilding og kurs.

Davik / Bremanger / +47 576 24 170 / info@norway-adventures.com / norway-adventures.com

Sjøbris Adventure

Sjøbris Adventure tilbyr coasteering-, kajakk og yogaaktivitetar i Måløy og omegn. Gjennom leik, bevegelse og utfordringar i sjø og på land skapar vi eventyrlige og kraftfulle opplevingar. Med fokus på heilskapleg helsevelferd, tryggleik i vatn og bærekraft bidrar vi til gode følelsar, utvikling av det menneskelege potensiale og ivaretaking av naturen.

Måløy / Kinn / +47 952 44 993 / post@sjobrisadventure.no / sjobrisadventure.no

Gulen Dive Resort

Gulen Dive Resort er lokalisert sentralt i Gulen kommune, med kort reise avstand fra Bergen eller Florø. Gulen Dive Resort er eit av Europas beste dykke resorter og tilbyr alt innan dykking og vassport. Her finn du nokre av dei mest spektakulære dykkemåla i Norge.

Dalsøyra / Gulen / +47 577 84 020 / orjan@gulendiveresort.com / gulendiveresort.com

Viking Footprints

Ein smak av livet i vikingtida i Hyllestad. Her kan du utforske vikinghagen, lære om planter og gardsliv i vikingtida, prøve historiskehandverksteknikkar, og prøve deg på øksekasting og bogeskyting. Du får lære om den ekte vikinghistoria, og ha det moro med viking-aktivitetar.

Hyllestad / Hyllestad / +47 939 42 454 / contact@vikingfootprints.com / vikingfootprints.com

This article is from: