1 minute read

DEI VAKRASTE SYKKELPERLENE

Next Article
SUNNFJORD

SUNNFJORD

Har du nokon gong lurt på korleis det vil vere å ha naturen heilt for seg sjølv? I vakker storslått natur kan du utforske FjordKysten og Sunnfjord frå sykkelsetet.

FjordKysten og Sunnfjord passar perfekt for sykkelentusiastar i alle aldrar, både vår, sommar og haust. Her finn du lite trafikk, lett kupert terreng og eit mylder av øyar som er knytt saman av lokale båt- og ferjeruter. Ta gjerne sykkelen med på øyhopping. Her kan du sykle langs lite trafikkerte og idylliske vegar. Sykle gjennom urbane område med tett busetnad, før du tek av på ein lite trafikkert veg som slyngar seg gjennom ope og flatt jordbrukslandskap. Reis på fossejakt i fossens rike – Sunnfjord, og kombiner ein sykkelferie med andre aktivitetar som fiske, vandring, kajakk og rafting.

Kysten P Langs

Kombiner sykkel langs FjordKysten og Sunnfjord med Norled sitt FJORD-card. Då kan du reise så mykje du vil i 5 dagar med ekspressbåtane. Hopp av og på, medan du sykler utvalde strekningar.

Sjå QR kode for ruteskildringar på utvalgte sykkelruter:

This article is from: