1 minute read

Fyrsafari s

FYRSAFARI TIL KVANHOVDEN, YTTERØYANE OG STABBEN FYR

Bli med MS Atløy på fyrsafari til Kvanhovden, Ytterøyane og Stabben fyr! Turen går med veteranbåten MS Atløy på ein fantastisk rundtur i Florø-skjergarden. Atløy er den einaste av Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sine førkrigsskip som er teken vare på i tilnærma opphaveleg stand. Båten gjekk i to mannsaldrar i lokale ruter over heile Sogn og Fjordane.

Turen vil gå nordover gjennom det trange sundet Nærøysundet før den går på austsida av øya Hovden. Her rundar båten Nord-Hovden før den kjem til Kvanhovden fyr. Turen går vidare sørover over Hellefjorden med majestetiske Store Batalden på utsida og naturskjønne Vevlingen på innsida. Her seglar båten gjennom tronge sund mellom holmar og skjær utover til Båsundet, nordvest for Skorpa. Herifrå går turen rett vest til Ytterøyane fyr. Frå Ytterøyane fyr seglar båten inn til Stabben fyr før den går i retur til Florø.

Vêret kan skifte fort på kysten. Det kan vere lurt å ha med seg varme kle og vindjakke.

INFORMASJON OG BESTILLING

SESONG Kvar tysdag og torsdag i perioden 29. juni – 5. august

BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no/fyrsafarifloro eller reserver plass ved å ringe 57 74 30 00 seinast ein halvtime før avgang.

DETTE OPPLEVER DU

17.00 Avreise med MS Atløy frå Kolkaia i Florø. Båten vil gå gjennom tronge sund mellom holmar og skjær i Florø-skjergarden. Det vil ikkje bli mogleg å gå i land på fyra, men her kjem fotomotiva på rekke og rad, det er mykje å sjå frå båten.

20.30 Ankomst Kolkaia i Florø PRIS Vaksen: 400,- Barn (4 – 16 år): 200,- Barn (0 – 3 år): GRATIS

This article is from: