
1 minute read
Korleis komme hit s
Korleis komme hit
Det er enkelt å reise til regionen, enten med ekspressbåt frå Bergen, ekspressbuss frå dei største byane i Norge, med Hurtigruta, fly til Førde og Florø, eller med eigen bil.
EKSPRESSBÅT
Å reise med ekspressbåt langs kysten er ein komfortabel måte å reise gjennom det vakre kyst- og fjordlandskapet. Mandag – fredag går det ekspressbåt til og frå Bergen 2 gongar dagleg. Lørdag og søndag går båten ein gong dagleg. For informasjon om billettar og rutetider, sjå norled.no eller entur.no
FLY
Widerøe har fleire daglege avgangar frå Bergen og Oslo.
wideroe.no
Det enkelt å ta seg frå flyplassen i Bergen, som har internasjonale ankomstar, og vidare med ekspressbåt, fly, buss eller bil til regionen.
HURTIGRUTEN
Hurtigruten som går langs norskekysten vert rekna som ei av verdas vakraste båtreiser. Hurtigruta har stopp i Florø og Måløy dagleg på nord- og sørgåande rute. For meir informasjon sjå
hurtigruten.no BUSS
Lokale og regionale bussruter tek deg lett og rimeleg til regionen. Norway Bussekspress (nor-way.no) tek deg hit både frå Bergen og Trondheim. Du kan enkelt reise til regionen frå Oslo med Nettbuss (nettbuss.no). For lokale bussruter sjå entur.no
BIL
Det er enkelt å nå regionen med bil. Frå Bergen tek det ca. 2,5 timar til Solund i sør og ca. 6 timar til Måløy. Frå austlandet kan du køyre ferjefritt heilt til Florø.
BILUTLEIGE
Det er bilutleige både i Florø, Måløy, Lavik og Førde. Sjå fjordkysten.no
RUTEOPPLYSNING
Sjå entur.no for ruteopplysningar for buss, båt og ferje.
KJØP AV KART
Turkart, sjøkart og andre typar kart kan ein kjøpe på dei lokale bokhandlarane og på dei fleste turistinformasjonane.
37
Ytre Nordfjord Turlag
Ta deg ei overnatting på eit av våre fyr, Skongsnes eller Kråkenes fyr. Her kan du finne roen blant bølgeskvulp og vakre solnedgangar.
ytre.nordfjord.turlag@gmail.com • tlf. 489 55 867