1 minute read

Hornelen s

HORNELEN

Mektige Hornelen er Europas høgste sjøklippe. Hornelen er eit storslått syn der den ruvar 860 meter over havet. Synet av Hornelen kan nytast frå tusenårsstaden Gloføyke i Bremanger.

BESTIGE HORNELEN

Dette er turen for deg som er ute etter ei spektakulær oppleving. Stien er krevjande og bratt, men til gjengjeld kan ein nyte fantastisk utsikt undervegs. Dette er ein dagstur som passar for dei som er vant med å gå i ulendt terreng. Den beste tida å bestige Hornelen er mellom mai – september. Det er ikkje anbefalt å gå opp Hornelen når det ligg snø på fjellet. Det er to ruter opp til Hornelen, med start frå enten Hunskår eller Berleneset. Den flottaste utsikten får du om du går opp frå Hunskår og ned til Berleneset. Denne turen tek om lag 7 – 8 timar. Sjå fjordkysten.no/hornelen for informasjon om transportmoglegheiter i området.

GUIDA TUR TIL HORNELEN

Guida turar med Norway Adventures. PRIS: 890,- per person. Prisen er basert på minimum 3 deltakarar. Påmelding seinast dagen før. INFORMASJON OG PÅMELDING: norway-adventures.com · info@norway-adventures.com

OVERNATTING

Bremanger Fjordhotell ligg i Svelgen og er det ideelle utgangspunktet for dagsturar både til fjells og til havs.

bremangerfjordhotell.no

This article is from: