
1 minute read
Hyllestad s
HYLLESTAD
I Hyllestad kan bli med på ei reise attende i tid. I Kvernsteinsparken kan du sjå spor etter den særeigne kvernsteinsproduksjonen, som går heilt tilbake til vikingtida. Kvernsteinsparken har guida omvising i sommarsesongen der du blir med på ei tidsreise.
Majestetiske Lihesten er eit populært turmål for fotturar og klatring, og er eit landemerke på vestlandskysten. Her kan du velge mellom den luftige Nipestien til spektakulære Gygrekjeften, topptur til det høgste punktet Risnesnipa, eller ta ein enklare variant frå idylliske Porten Gard.
I Hyllestad er det mange små, idylliske stadar, der ein verkeleg kan oppleve fred og ro. Ta ein sykkeltur langs fjorden, eller ein padletur på fjord eller vatn. Føler du for litt meir fart kan du bli med på ein vannscootersafari.
Likar du aktivitetar som fiske og fotturar er du komen på rett plass. Hyllestad byr på eit rikt sjøfiske i tillegg til fine vatn for ørretfiske. Leig eit feriehus eller bu på eit koseleg familiehotell. Uansett kva du vel, er du garantert fjordutsikt!
HØGDEPUNKT:
• Kvernsteinsparken – sjå spor etter då vikingane produserte kvernstein i stor skala. • Topptur til Lihesten, Risnesnipa 777 moh eller
Gygrekjeften 714 moh
• Lihestklyvet – organisert årleg fjelltur til Lihesten, 20. juni 2021 • Fiske – gode forhold for både fjord-, hav- og innlandsfiske • Den Trondhjemske Postvei mellom Leirvik og Dale – flott område for fotturar og terrengsykling • Kvernhusfossen på Skor – eitt av Noregs finaste vassbruksmiljø med fem lafta kvernhus og ei grindbygd vassag • Kulturvandringsløype i Hyllestad • Porten Gard • Vannscootersafari med Sognefjord Boating