
1 minute read
Utvær s
UTVÆR
Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Lysblinken frå det monumentale fyrtårnet frå 1900 når 35 kilometer ut i Nordsjøen. I sommarsesongen kan du bli med på fyrsafari frå Hardbakke til Utvær. DETTE OPPLEVER DU
Turen startar med avgang frå Hardbakke i Solund. Avhengig av vêret vil turen gå nord eller sør for Ytre Sula og gjennom øyriket i Solund. Det vert ikkje lagt opp til stopp på turen til Utvær. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det vert høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det (tillegg).
Terrenget er litt ulendt på Utvær og det kan vere vått, så ta med gode sko. Ofte er det litt kaldare på Utvær enn på fastlandet også, så det kan vere lurt å ha med ei hue og ei god jakke.
Vener av Utvær har sal av kaffi, vaflar og ferdaminne ved fyrstasjonen. Du kan betale med vipps og kort.
INFORMASJON OG BESTILLING
SESONG Kvar laurdag i perioden 26. juni – 21. august. DETTE OPPLEVER DU
10.45 Avgang frå Hardbakke, Solund 11.30 Ankomst Utvær 14.30 Avreise frå Utvær 15.15 Ankomst Hardbakke
PRIS Vaksne: 700,- Barn (4 – 16 år): 250,- Barn (0 – 3 år): GRATIS. Inkludert: Transport til og frå Utvær, guida tur på Utvær.
BESTILLING
Kjøp billett på fjordkysten.no/utvaer