
1 minute read
Pilegrimscruise s
PILEGRIMSCRUISE TIL SVANØY OG KINN
Bli med på eit magisk kystcruise frå Florø til to av våre mest populære historiske reisemål; «Sunnfjords perle» Svanøy og sagaøya Kinn. Kinn med ei av dei eldste steinkyrkjene i landet, Kinnakyrkja, og Svanøy med si vikinghistorie og herskapelege Svanøy Hovedgård, er begge nøkkelstadar i Kystpilegrimsleia. På denne guida dagsturen får du oppleve ei saga frå viking til pilegrim, vakker natur og levedyktige øysamfunn i den unike skjergarden kring Florø lengst vest i Norge.
Denne guida turen startar frå Fugleskjærskaia i Florø med MS Skorpefjord, og går først til Svanøybukt på Svanøy, den sørlegaste og frodigste øya i Kinn kommune. På Svanøy Hovedgård får du omvising og eit innblikk i den fasinerande historia til denne herskapelege staden, i dag nytta til sommarhotell og arrangement. Her er også høve til å førehandstinge lunsjtallerken med lokalmat.
Etter omvisinga spaserar vi tilbake til båten og turen går vidare i vakker skjergard mot Kinn. Her følgjer vi grusvegen om lag 1 km til Kinnakyrkja. Her kan du gå inn i kyrkja og kjenne på den heilt spesielle stemninga, og guiden gir deg eit innblikk i historia. Like ved kyrkja ligg den karakteristiske fjellformasjonen og det eldgamle seglingsmerket, Kinnaklova.
Etter omvising går vi tilbake til båten ved Kinn kai, og seglar mellom øyar og skjer og forbi kjente landemerke som Batalden og Stabben fyr før vi legg til i Florø hamn.
INFORMASJON OG BESTILLING
SESONG Kvar onsdag, laurdag og søndag mellom 21. juni – 29. august
ONSDAG 10.00 – 15.00 LAURDAG 12.00 – 17.00 SØNDAG 13.00 – 18.00
BESTILLING
Kjøp billett på fjordkysten.no/pilegrimscruise eller skyssbat.no
PRIS
Vaksen/Honnør: 750,- Barn (4 – 16 år): 375,- Barn (0 – 3 år): GRATIS TIPS Kan kombinerast med omvising og ølsmaking på Vesle Kinn i etterkant av turen onsdag og laurdag.