1 minute read
Kvernsteinparken s
KVERNSTEINSPARKEN
Bli med på steineventyret!
Kvernsteinsparken i Hyllestad er eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia. Vi tar deg med på ei reise tilbake i tid då det var stor aktivitet i Hyllestad! I hundrevis av steinbrot jobba steinhoggarar og tok ut kvernstein etter kvernstein. Kvernstein var noko alle måtte ha. Utan kvernstein ikkje noko mjøl – og ingen mat! Kvernstein i hundretusental forlét Hyllestad og vart seld i heile Noreg, Danmark og Sverige. Her er det snakk om stor industri, dyktige handverkarar, drevne handelsfolk og mykje pengar!
Når du besøker Kvernsteinsparken kan heile familien bli med på kjekke aktivitetar! Du kan prøve deg som steinhoggar, male korn og bake ditt eige brød, eller kanskje du heller vi prøve deg som jeger med pil og boge? Vi kan også lokke med kos rundt bålet med kaffi og noko å bite i frå kaféen. I parken kan du følgje den flotte steinhoggarløypa vår gjennom steinbrota. Her får du lære meir om den store industrien kvernsteinshogginga var i Hyllestad og korleis det var å leve på den tida. Deler av løypa er tilrettelagt for rullestol.
OPNINGSTIDER
18. juni – 14. august, tysdag – sundag kl. 11.00 – 16.00. Du kan fritt oppleve kvernsteinsbrota i parken utanom opningstidene. PRIS: Vaksne kr. 60,- / Barn (7 – 17 år) kr. 30,- / Barn (under 7 år) GRATIS MAT: Vi serverer kvernsteinsbrød, sveler og kaffi. GRUPPETILBOD: Omvising på norsk, engelsk, tysk (1 t, kr. 1.000,- maks 25 personar) KONTAKT: Tlf. 458 71 940 · post@kvernstein.no · kvernsteinsparken.no