1 minute read
Askvoll s
ASKVOLL
Askvoll byr på mektige naturopplevingar – frå fjord til øyar ytst i havgapet. Kommunen er eit eldorado for dei som er glad i å gå tur. Her finn du fleire av dei beste toppturane i regionen, som Alden (481 m.o.h.) og Blegja (1304 m.o.h.). Den sjølvbetjente DNT-hytta Nipebu er eit ypparleg utgangspunkt for både dagsturar og fiske. Turkart er til sals på rådhuset i Askvoll og utvalde butikkar i kommunen.
Er du interessert i historie og kultur, vil eit besøk på Helle Kniv- fabrikk vere av interesse. I Rivedal står statuen av Ingolf Arnarson, den første norrøne busettaren på Island.
Lengst vest i havgapet ligg Bulandet og Værlandet, eit ferieparadis for heile familien. Her ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240 meter vei. Øyane her er eit populært reisemål for dei som likar å sykle, padle, fiske eller å gå fotturar.
Kommunesenteret Askvoll er ein flott base for oppleving av eit myldrande folkeliv om sommaren, og for dagsturar til Bulandet, Værlandet og Atløy. Leig ein sykkel for ein lett tur langs fjord og sjø, eller ta ein tur i kulturvandringsløypa som starter i hamna.
HØGDEPUNKT:
• Øyhopping med sykkel • Bulandet og Værlandet – la deg sjarmere av det vesle øysamfunnet, lengst vest i havet • Holmedal – besøk Helle Knivfabrikk • RIB-tur til Alden – bestig «den norske hest», eit av dei mest markante fjella på vestlandskysten • Atløy – idyllisk øy med flott turterreng, sykkelvegar og gode fiskevatn • Stongfjorden – sjarmerande bygd med ei spennande industrihistorie • Staveneset – eitt av Noregs vestlegaste fastlandspunkt • Stormopplevingar • Vilnes kyrkje på Atløy • Kulturvandring i Askvoll og Stongfjorden