1 minute read

Toppturar i Sunnfjord s

Next Article
Kinn s

Kinn s

TOPPTURPERLA SUNNFJORD

Midt mellom storhavet i vest og de høgste toppane i Skandinavia finn du Sunnfjord. Ei lite trafikkert vinterperle. Når stormane fra vest rullar inn over landet, så snør det i Sunnfjord, takka være nærheita til Jostedalsbreen. Og det snør mykje. Sunnfjord er eit av områda i Noreg med mest nedbør.

I Sunnfjord finn du eit variert terreng med nedkjøringer av ulik vanskegrad, både for dei som er ferske på ski eller dei som ønskjer seg litt meir utfordringer. Toppar og dalfører i flere retninger gjer at det alltid er mogeleg å finne god snø og tilgjengelige sider, sjølv ei stund etter at snøen har falt. Det er flere toppturparkeringar i området og lagt godt til rette for at folk skal komme seg på tur. Trengsel er rett og slett ikkje ein relevant faktor i Sunnfjord. Her er det snø nok til alle.

Foto: Line Hårklau.

JØLSTRAVATNET – ALDRI TOMT FOR MOGLEGHEITER

På vinteren finn du mange moglegheiter rundt Jølstravatnet. Terrenget er prega av alle dalane som snor seg rundt vatnet i ulike retninger, og nærleiken til Jostedalsbreen. Her finn du toppar på mellom 1200 og 1800 m.o.h, med fine nedkøyringer for alle nivå. Her går du rett og slett ikkje tom for muligheter!

VÅRSOL OG TOPPTUR PÅ GAULARFJELLET

Nasjonal turistveg Gaularfjellet er et perfekt utgangspunkt for toppturer, både vinter og vår. Når vegen opnar om våren opnar det også mange moglegheiter for fantastiske opplevingar i vårsola.

Men vinteren har også mykje å by på. Med feller når du topper som Sunnfjordbjørnen, Blåfjellet og Geitebotsfjellet.

Foto: Line Hårklau.

JØLSTER SKISENTER – LEIKEN HEISBASERT FRIKØYRING

Etter nokre dager med toppturar kan det kanskje friste med litt heisbasert skikøyring. Då er Jølster Skisenter eit godt alternativ.

Skisenteret, som er dugnadsbasert, har heisar som tek deg opp til godt preparerte bakkar, eller morosam frikøyring. Skisenteret er også eit godt utgangspunkt for topptur til Kvamsfjellet.

This article is from: