1 minute read

Dykking og havfiske s

Next Article
Dagsturhyttene s

Dagsturhyttene s

DYKKING OG HAVFISKE

DYKKING

FjordKysten og Sunnfjord byr på fantastiske forhold for dykking. Stor artsrikdom, spennande dykketerreng og mange vrak å dykke på gjer at dykkarar frå heile verda tar turen til regionen. Gulen Dive Resort er eit av Norges beste dykkesenter og tek deg med på profesjonelle dykkeopplevingar. gulendiveresort.com

FISKE

Omgitt av ope hav og fjordar er forholda perfekte for sjøfiske, året rundt. Vinterfiske er ei heilt spesiell oppleving, og det er ofte då ein får dei største fiskane på kroken. Visste du at det er om vinteren skaldyr er best? Fiske har alltid vore viktig for samfunna langs kysten. Her fins det framleis tradisjonelle fiskevêr og øyar der fiske er den viktigaste inntektskjelda for innbyggjarane. Her finn du hytter, rorbuer og sjøhus som har lagt forholda spesielt til rette for fiskeferiar. Desse ligg like ved sjøen og har tilgang til gode båtar og fasilitetar for preparering og oppbevaring av fangsten. Du kan også bli med ein lokal fiskar på guida fisketur og få tips om dei beste fiskeplassane. Bak i denne guiden finn du ei oversikt over bedrifter som tilbyr guida fisketurar og utleige av båtar.

TRYGGLEIK PÅ SJØEN

Vêret langs kysten kan skifte brått. Sjekk alltid vêrmeldinga og hugs å ta med varme klede og nødvendig tryggleiksutstyr før du legg ut på fisketur.

This article is from: