1 minute read

Hestad Kapell s

Next Article
Kinn s

Kinn s

HESTAD KAPELL

Hestad Kapell står støtt på den smale landtunga som deler Viksdalsvatnet frå Hestadfjorden. Kyrkja blei bygd i 1805 og ferdast du langs Nasjonal Turistveg Gaularfjellet må du stoppe for ei omvisning og kansje eit bad i idylliske Hestadfjorden. Den romantiske kyrkja er ei populær kyrkje å gifte seg i, og kan leigast til vigslar.

Kapellet erstatta ei stavkyrkje som hadde stått der sidan mellomalderen. Snikkararbeidet i kapellet er grovt, og det er brukt materialar av ulike slag. Inne i kapellet er det lite som er endra sidan 1805.

Segna fortel at det stod ei kyrkje her allereie på 1100-talet, men den første skriftlege kjelda som nemner kyrkja er ein paveleg rekneskap frå 1327. I 1805 blei stavkyrkja riven og erstatta av eit nytt kyrkjebygg. Koret og skipet er tømra, medan våpenhuset er stavbygd med ytterkledning. Grovgjort snikkararbeid og materialar som er brukte opp att gjev inntrykk av at kyrkja kan ha blitt oppført på dugnad av bygdefolket. Det er brukt stavar frå den gamle stavkyrkja i tårnet, og truleg kjem hjørnestolpane i våpenhuset òg frå den gamle kyrkja. Altertavla og preikestolen er måla i dei same fargane og er frå den tida då kyrkja blei bygd. Årstalet 1805 står i gavlfeltet på altertavla. Fortidsminneforeningen har eigd Hestad kapell sidan 1917, då foreininga overtok kyrkja utan vederlag frå dei 17 gardbrukarane som eigde henne.

OPNINGSTIDER

1. juli – 31. juli kl. 11.00 – 16.00 (Stengt måndag og tirsdag.) Omvising for grupper utanom opningstid kan bestillast på tlf. 905 90 996 til Åshild Kjelstad Seljesæter eller via e-post til asksel@online.no eller hestad@fortidsminneforeningen.no KONTAKT: Tlf. 905 90 996 · asksel@online.no · hestad@fortidsminneforeningen.no

This article is from: