1 minute read

Storehesten • Blægja s

Next Article
Kinn s

Kinn s

STOREHESTEN • BLÆGJA

TINDEREKKA MELLOM FØRDEFJORDEN OG DALSFJORDEN

Mellom Førdefjorden og Dalsfjorden ligg dei markante toppane på rekke og rad. Stupbratt stig dei opp frå Førdefjorden medan dei frå Dalsfjorden og Bygstad har ei mildare framtoning. Turalternativa og rutene er varierte og mange og ein kan starte turane frå fleire ulike punkt.

Storehesten

Storehesten (1209 moh) (også kalla Kvamshesten i nyare tid) er namnet på det mest markante og majestetiske fjellet i Sunnfjord og ligg mellom Førdefjorden og Dalsfjorden. Frå toppen av Storehesten (1209 moh) kan ein sjå vest i havet, nord til Ålfotbreeen, austover til Jostedalsbreen og sørover til fjella kring Bergen.

Den markante profilen som reiser seg steilt opp fra landskapet omkring, kan frå sør minne om ein hestekropp. Som turmål er dette en topp som kan anbefales både for unge og eldre, og familier med barn fra ca. 10 år, men også for erfarne fjellvandrere som ønsker utfordringer på alternative ruter.

Blægja

Med sine 1304 moh. er Blegja den høgste toppen i Heilefjellmassivet. Spesielt frå nordsida av Førdefjorden er den bratte veggen i Heilefjellet og dei karakteristiske Heilevangstaurane imponerande.

Blegja blir gjerne kalt Dronninga blant fjella i Sunnfjord, og ikkje utan grunn. Turen opp er kravjande, men naturopplevinga desto større. Frå toppen kan du nyte synet av Sogn og Fjordanes bratte fjellverden frå oven! Du ser den fantastiske vestlandsnaturen med fjord, fjell, isbre, øyar og hav så langt auge rekk.

This article is from: