1 minute read

Brevandring og Astrupsegga s

Next Article
Kinn s

Kinn s

BREVANDRING OG ASTRUPSEGGA

Skei ved austenden av Jølstravatnet er eit fantastisk utgangspunkt for turar og opplevingar for heile familien. Her kan du bu på Thon Hotel Jølster eller ein av dei mange campingplassane i området og ta for deg av det naturen har å by på.

Haugabreen

Haugabreen er en lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. For å nå Haugabreen må du køyre gjennom det fantastiske landskapet i Stardalen og gjennomføre ein liten vandretur inn til sjølve breen. Bre & Fjell arrangerer turar gjennom heile sommaren med Thon Hotel Jølster som utgangspunkt. Guidane nyttar turen turen inn mot breen til å fortelle om breen si rolle i utforminga av landskapet og om lokal brehistorie. Ved brefoten tar ein på stegjern, isøks og tau og går inn på breen.

Astrupsegga

Astrupsegga er ei klatrerute som gir deg utsikt over området der kunstnaren Nikolai Astrup budde og arbeidde. Ruta startar på Kjøsnes yst i den majestetiske Kjøsnesfjorden og utsikta opnar seg raskt mot Jølstravatnet.

Bre og Fjell sine kompetente guidar tar deg med på ei oppleving for livet. Sjølve klatringa er på sju taulengder (totalt omlag 280 m) og det vanskelegaste punktet er 4- på ein skala frå 1 til 9. Det meste av klatringa er enkel og på denne turen handlar det om å meistre fjellet og oppleve storslått natur. Sjølve bonusen får du likevel ikkje før du når toppen, der du får nyte eit av dei mest praktfulle utsyna Jølster kan by på. Stien tilbake til Skei sentrum går i lett terreng via Vikastøylen.

This article is from: