1 minute read
Svanøy s
SVANØY
Svanøy, kjent som «Sunnfjords perle», er ei frodig øy med ei spennande historie. Du kan enkelt reise til Svanøy med lokalbåt heile året, og om sommaren kan du bli med på guida tur!
Frå Florø seglar lokalbåten gjennom eit storslått landskap til Svanøybukt på Svanøy. Svanøybukt er ein møtestad for både lokale innbyggjarar og feriegjester. Historiske Svanøy Hovedgård, ligg 10 minutts vandring frå Svanøybukt. Svanøy Hovedgård har gjennom tida vore både adelssete og bispegods. 5 kilometer frå Svanøy Hovedgård ligg Norsk Hjortesenter, eit nasjonalt kunnskapssenter for hjort. Her kan du oppleve hjorten på nært hald!
I Svanøybukt finn du gjestehamn med straum, landhandel og kro. På landhandelen kan du få gratis kart over øya og leige sykkel. Ein sykkeltur på den frodige øya er ei flott oppleving! Ring gjerne til 57 74 00 29 for å reservere sykkel på førehand. Like ved landhandelen ligg Svanøy Kro. Her kan du nyte lokalprodusert mat med råvarer frå Svanøy!
GUIDA TUR PÅ SVANØY
SESONG Kvar fredag i perioden 20. juni – 5. august
BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no/svanoy eller reserver plass ved å ringe 57 74 30 00 seinast dagen før.
DETTE OPPLEVER DU
12.00 Avreise med lokalbåt frå Fugleskjærskaia i Florø 12.50 Ankomst Svanøybukt 12.50 Transport frå Svanøybukt til Norsk Hjortesenter 13.10 Omvising på Norsk Hjortesenter 14.00 Transport til Svanøy Hovedgård 14.20 Omvising på Svanøy Hovedgård 15.05 Vandring til Svanøybukt på eige hand. Her er det mogleg å kjøpe lunsj på Svanøy kro med lokale råvarer 15.20 Avreise med lokalbåt frå Svanøybukt 15.50 Ankomst Florø. Alternativ båtrute frå Svanøybukt til Florø er 16.50. Ankomst Florø 17.40. PRIS Vaksne: Kr. 315,- Barn: Kr. 160,-. Inkludert: Transport på Svanøy, omvising på Norsk Hjortesenter og Svanøy Hovedgård. Eventuell båtbillett frå Florø kjem i tillegg og må kjøpast om bord i båten.