2 minute read

Kinn s

Next Article
Kinn s

Kinn s

KINN

Opplev sagaøya Kinn og la deg bergta av øya, historia og den vakre naturen. Med flott turterreng og lett tilkomst frå Florø, er Kinn eit populært turmål gjennom heile året.

Kvar dag går det lokalbåt mellom øyar og skjer frå Florø til Kinn. Ein tur rundt øya er ei forfriskande oppleving. Du kan gå opp i den majestetiske Kinnaklova og komme tett på dyrelivet. Kanskje ser du ørna som bur her ute? Etter at du stig i land på Kinn følgjer du vegen til høgre mot Kinnakyrkja. Kinnakyrkja er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. Turen til kyrkja tek om lag 20 minutt langs ein 1 km lang grusveg. Kvar dag mellom 20. juni og 28. august er det vertskap på Kinn. Du er velkomen inn i mellomalderkyrkja for å kjenne på stemninga i tida før, under og etter tidebønene. Her er det og mogleg å kjøpe enkel kaffimat. OBS! Ta med kontanter! Frå Kinnakyrkja kan du vandre mot det ruvande fjellet som er delt i to, Kinnaklova. Visst du tør kan du gå opp i Kinnaklova for å nyte utsikta. Nytt den same stien opp og ned frå Kinnaklova, og følg den merka stien gjennom skaret. Den merka stien tek deg tilbake til kaia der lokalbåten legg til. Turen rundt øya er 4 kilometer og tek omlag 2 timar.

Det er mogleg å overnatte og vere på dagsbesøk i det gamle skulehuset på Kinn, som i dag er ei turistforeningshytte. Kontakt Signe Nordvik, tlf. 415 30 520 for å booke overnatting.

TURFORSLAG 20. juni – 5. august

Måndag – tysdag – torsdag – fredag – laurdag

Kl. 12.00: Avreise med lokalbåt fra Fugleskjærskaia i Florø. Laurdag: Kl. 10.00 Kl. 12.35: Ankomst Kinn. Laurdag: Kl. 11.05. Vandring til Kinnakyrkja (omlag 20 minutt). Kl. 13.30: Open kyrkje med tidebøn. Vandre rundt øya. Nyt medbrakt lunsj i det fri. Retur: Kvardagar kl. 15.15 – Laurdag kl. 15.05 Onsdag: Avreise kl. 08.30. Retur kl. 15.15. OBS! Alle må ringe til båten før den går frå Florø for å melde fra om at ein skal med fra Kinn. Telefonnr. til båten finn du i venteskuret på kaia. Vi tek atterhald om ruteendringar. For oppdatert og komplett rutetabell sjå entur.no

BÅTBILLETT

Billett kan kjøpast om bord i båten.

GUIDING

For tilbod om guida tur på Kinn, ta kontakt på tlf. 57 74 30 00 eller mail@fjordkysten.no. Kr. 400 per person (min. 4 personar).

This article is from: