1 minute read
Fyrsafari til Utvær s
FYRSAFARI TIL UTVÆR
Utvær er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Lysblinken frå det monumentale fyrtårnet frå 1900 når 35 kilometer ut i Nordsjøen. I sommarsesongen kan du bli med på fyrsafari til Utvær. DETTE OPPLEVER DU
Turen startar med avgang frå Hardbakke i Solund kvar onsdag, fredag og laurdag, og Eivindvik og Skjerjehamn kvar fredag. Det vert ikkje lagt opp til stopp på turen til Utvær. På Utvær går du Nordsjøløypa rundt øya saman med ein guide. Undervegs kan du sjå tufter etter kapellet som vart flytta i 1718 og merke etter sliping av sverd. Det vert høve til å gå ein tur opp i fyret for dei som ønskjer det (tillegg).
Terrenget er litt ulendt på Utvær og det kan vere vått, så ta med gode sko. Ofte er det litt kaldare på Utvær enn på fastlandet også, så det kan vere lurt å ha med ei hue og ei god jakke.
Vener av Utvær har sal av kaffi, vaflar og ferdaminne ved fyrstasjonen. Du kan betale med vipps og kort.
SESONG
Kvar onsdag, fredag og laurdag i perioden 18. juni – 13. aug. Onsdag og laurdag kan du vere med på fyrsafari til Utvær frå Hardbakke
11.00 Avgang frå Hardbakke, Solund 11.50 Ankomst Utvær 14.30 Avreise frå Utvær 15.30 Ankomst Hardbakke
Fredag kan du vere med på fyrsafari til Utvær frå Eivindvik, Skjerjehamn og Hardbakke
11.00 Avgang frå Eivindvik, Gulen 14.15 Avgang Utvær 11.20 Avgang frå Skjerjehamn 15.10 Ankomst Hardbakke 11.55 Avgang frå Hardbakke 15.35 Ankomst Skjerjehamn 12.45 Ankomst Utvær 15.50 Ankomst Eivindvik
PRIS Frå Hardbakke:
Vaksne kr. 750,- Barn (4 - 16) kr. 250,- Barn (0 - 3 år) GRATIS.
Frå Eivindvik og Skjerjehamn:
Vaksne kr. 1150,- Barn (4 - 16) kr. 450,- Barn (0 - 3 år) GRATIS. Inkludert: Transport til og frå Utvær, guida tur på Utvær. BESTILLING Kjøp billett på fjordkysten.no