72 mill. kr driftsresultat
164,3 mill. kr investert
ÅRSRAPPORT MØRENETT ÅRSMELDING, RESULTAT OG SELSKAPSINFORMASJON #2015 / ÅRSRAPPORT
1 879,4 mill. kr balanse
#2015 / ÅRSRAPPORT
INNHALD: 3
Direktøren har ordet
4
Organisasjon og bakgrunn
6
Nøkkeltal
7
Årsmelding frå styret
10
Resultat
11
Balanse
13
Innhaldsliste notar
14
Notar til rekneskapen
28 Kontantstraumoppstilling 29 Revisjonsmelding 30
Strategi og framtidsutsikter
31 HMS 32
Netteigardivisjonen
34 Entreprenørdivisjonen 36
Styret
2
#2015 / ÅRSRAPPORT
Alle straumkundar skal møte eit kostnadseffektivt og nøytralt nettselskap med velfungerande nett til akseptabel pris.
DIREKTØREN HAR ORDET RUNE KIPERBERG ADMINISTRERANDE DIREKTØR
2015 har vore eit år prega av fleire endringar i nettselskapa sine rammevilkår. Desse stakar ut kursen i retning av klarare skille mellom monopol og konkurranse. Målet er at alle straumkundar skal møte eit kostnadseffektivt og nøytralt nettselskap med eit velfungerande nett til ein akseptabel pris. Særleg har Olje- og energidepartementet sin proposisjon 35 L (2015-2016) Endringer i energiloven, sendt Stortinget 4. 12. 2015, skapt engasjement. Her tilrår departementet lovheimel for å innføre krav om selskapsmessig og funksjonelt skille mellom nettverksemd og all anna konkurranseutsett verksemd. Målet er at lovendringa skal bidra til redusert risiko for kryssubsidiering og auka nøytralitet mellom monopol og konkurranseutsett verksemd. Selskapsmessig skille medfører at nettverksemda skal vere skilt ut i ei eiga juridisk eining som ikkje kan eige eller vere eigd av konkurranseutsett verksemd. Funksjonelt skille medfører at nettverksemda skal vere organisatorisk uavhengig. Mørenett støttar forslaget om både selskapsmessig og funksjonelt skille. Nettverksemda i Noreg er organisert som eit monopol finansiert av brukarane. Skal vi evne å skape tillit hos kundane våre må vi synleggjere at vi evnar å tilby rett nettkvalitet til ein rett kostnad innanfor ei nøytral ramme skild frå anna konkurranseutsett verksemd. Det vil bli meir og meir utfordrande for nettselskapa å stette samfunnet sine forventningar til teknologiutvikling og leveringskvalitet i ei framtid også prega av meir ekstremver. Dette medfører kapitalbehov for å realisere naudsynte større investeringar i åra framover, samstundes som behovet for kompetanse aukar. Forslaget om selskapsmessig og funksjonelt skille vil etter vår vurdering kunne legge til rette for strukturendringar som sikrar stordriftsfordelar og god nettkvalitet til eit redusert kostnadsnivå for kunden. Det er ikkje eit distriktspolitisk tiltak å drive eit nettselskap, men ei distriktpolitisk plikt å tilby kunden rett kvalitet til rett pris.Regulatoriske endringar i retning klårare skille mellom monopol og konkurranse var ei medverkande årsak til at Tafjord og Tussa valde å fusjonere nettverksemdene til Mørenett AS med verknad frå 1. januar 2014. Selskapet er organisert som eit felleskontrollert nøytralt nettselskap utan konserntilknyting, og er blant dei 10 største nettselskapa i landet. For å nå måla våre om 100 % effektiv drift, gjennomfører vi eit omfattande synergiprogram for å redusere årlege driftskostnader med minimum 45 mill. kroner i løpet av 2018. Så langt er vi på rett kurs, ikkje minst takka vere god samhandling og involvering frå alle tilsette. Med fokus på kunde, medarbeidarar og eigarar er vi eit offensivt nettselskap godt rusta for framtida vi ser kjem.
3
#2015 / ÅRSRAPPORT
ORGANISASJON OG BAKGRUNN Mørenett AS har som føremål å eige, utvikle, bygge og drifte nett for overføring av elektrisk kraft.
ADM.DIR.
INTEGRASJON
ØKONOMI/ORGANISASJON/INNKJØP
NETTEIGARDIVISJONEN
ENTREPRENØRDIVISJONEN
Selskapet er organisert i to divisjonar: netteigar og entreprenør. I stab er det åtte stillingar innanfor økonomi, HR, HMSK og innkjøp. I tillegg har selskapet ei stilling som integrasjonsleiar. Ved slutten av 2015 hadde Mørenett 211 fast tilsette og 13 lærlingar innan energimontørfaget. Med hovudkontor i Ørsta, og avdelingar i Ålesund, Herøy, Vanylven og Norddal, er Mørenett godt rusta til å drifte nettet i konsesjonsområdet. Visjonen vår Vi samlar krafta på Møre. Tilhøyrande verdiar er nytenkjande, ærleg og robust. Dette gir stikkordet NÆR. Strategien vår Mørenett skal utvikle effektive strategiar for måloppnåing på tre likeverdige målområde: - Eigarar – Avkastning og føreseieleg utbytte - Kundar – Auka forsyningstryggleik og leveransekvalitet - Tilsette – Attraktiv arbeidsplass og sterkare fagmiljø Forretningside Mørenett skapar verdiar for eigarar og kundar gjennom å vere: - Eit effektivt og framtidsretta nettselskap - Ein konkurransedyktig og lønsam leverandør av eksterne tenester 4
#2015 / ÅRSRAPPORT
Eigarskap Mørenett AS er eit resultat av ein fusjon mellom nettverksemdene i Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. Selskapet er organisert som eit felleskontrollert selskap mellom eigarane Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. Tafjord Kraft AS eig 53,66 % og Tussa Kraft AS eig 46,34 %. Frå eigarane er det forventningar til at Mørenett AS skal skape stabil og god forsyningssikkerheit for kundane, i tillegg til gode og solide resultat gjennom realisering av synergiar og auka effektivitet. Vi skal ha ei aktiv haldning til å levere gode resultat og gi god informasjon til eigarane og kundane i området vårt. Konsesjonsområdet Mørenett AS har ansvaret for overføring av all elektrisk energi i kommunane Ålesund, Giske, Sula, Norddal, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Ørsta, Volda og Hornindal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS eig og vedlikeheld eit kraftnett med om lag 6 776 km linjer og kablar (frå 11 til 132 kV), 2 573 nettstasjonar og 28 transformatorstasjonar. Mørenett AS har om lag 62 000 kundar i distribusjonsnettet.
5
#2015 / ÅRSRAPPORT
NØKKELTAL
TAL I MILL. KR
2015
2014
DEFINISJONAR
RESULTAT OG BALANSE Energisal 5,1 6,0 Nettleige 475,4 440,0 Driftsinntekter 564,5 544,8 Driftsresultat 72,0 40,8 Årsresultat 32,5 9,9 Totalkapital 1 879,4 1 860,9 Eigenkapital 699,2 660,9 Utbyte 16,2 4,8 EBITDA
171,8 145,0
Driftsresultat + avskrivingar
Årlege investeringar
164,3 127,5
Driftsresultat monopol (inkl. estimatavvik)
94,4
1,8
LØNSEMD Totalkapitalrentabilitet
3,9 %
2,4 %
Eigenkapitalrentabilitet 7,7 % 2,1 %
(Resultat før EOP + finanskostnader)/gjennomsnittleg totalkapital Resultat før EOP/gjennomsnittleg eigenkapital
Resultatgrad 13 % 7,9 % (Resultat før EOP + rentekostnader)/(driftsinntekter + finansinntekter) Kapitalomløp 0,3 0,3 (Driftsinntekter + finansinntekter)/gjennomsnittleg totalkapital KAPITALTILHØVE Eigenkapitalprosent 37,2 % 35,5 %
Eigenkapital/totalkapital
Rentedekningsgrad 3,5 1,5
(Resultat før skatt + finanskostnader)/finanskostnader
Likviditetsgrad 1
Omløpsmidlar/kortsiktig gjeld
0,8 1,0
Utbyteprosent 50,0 % 48,1 % Utbyte/årsoverskot
PERSONAL Fast tilsette
211 218
Omsetning pr. tilsett
2,7 2,5
Omsetning/fast tilsette
Driftsresultat pr. tilsett
0,3 0,2
Driftsresultat/fast tilsette
NØKKELTAL BRANSJE NVE-avkastning nettkapital
6,0 %
Levert sluttbrukar distribusjonsnettet GWh
1 712,8 1 645,8
Tap i distribusjonsnettet GWh
86,3 81,7
Tap i distribusjonsnettet i % KILE i mill. kr
4,8 %
0,1 %
4,7 %
16,3 14,5
Driftsresultat/gjennomsnittlege varige driftsmidlar
Tap i distribusjonsnettet/innlevert kraft i distribusjonsnettet Kvalitetsjustert inntektsramme ved ikkje levert energi
6
#2015 / ÅRSRAPPORT
ÅRSMELDING FRÅ STYRET 2015 LOKALISERING Mørenett AS har hovudkontor i Hovdebygda i Ørsta kommune, og avdelingar i Ålesund, Valldal, Hornindal, Fiskå og Dragsund. Selskapet har distribusjonsnett i kommunane Hornindal, Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein, Hareid, Sula, Ålesund, Giske, og Norddal. Regionalnettet dekkjer i tillegg kommunane Sandøy, Haram, Vestnes, Skodje, Ørskog, Stordal, Sykkylven og Stranda. Mørenett AS har om lag 62 000 kundar i distribusjonsnettet. VERKSEMDA Mørenett AS er eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS med 53,66 % og Tussa Kraft AS med 46,34 %. Mørenett AS eig og driv eit energiforsyningsnett med 2 573 nettstasjonar og 28 trafostasjonar. Selskapet er organisert etter eit bestillar-utførar prinsipp der vi har divisjonar med ansvar for netteigar og entreprenør, og ein stab som skal støtte oppunder dei ulike prosessane i selskapet. Forbruket i Mørenett sitt distribusjonsnett har siste året hatt ei auke på 4 %, og i 2015 er det levert 1 798,7 GWh til sluttbrukar mot 1 727,5 GWh i 2014. Tapet i distribusjonsnettet i 2015 vart 86,3 GWh eller 4,8 %. I distribusjonsnettet har aktiviteten gjennom året vore høg med ferdigstilling av mange mindre og mellomstore anlegg, både i samband med fornying av nettet og til straumforsyning av nye kundar. Når det gjelder drift- og vedlikehaldsoppgåver er desse gjennomført i samsvar med plan, både for brytarrevisjonar og tilstandsinspeksjonar av linjer og stasjonar. Særskilt kan fokus på skogrydding nemnast, der sterk tilvekst krev stadig større ressursar. Innan ekstern verksemd har aktiviteten vore god, og dei viktigaste forretningsområda her er veglys og fiber. VIDARE DRIFT Styret stadfestar at føresetnaden for framleis drift av Mørenett AS sine forpliktingar og aktivitetar er til stades, og denne føresetnaden er lagt til grunn i utarbeidinga av årsrekneskapen. Styret stadfestar at årsmeldinga gir eit rettvist bilete over utviklinga og resultatet til selskapet. FRAMTIDIG UTVIKLING Mørenett AS er eit resultat av ein fusjon av Tafjord Kraftnett AS og Tussa Nett AS. 2015 var det andre driftsåret vårt, og vi har hatt fokus på endringsprosessar for å nå dei ulike synergimåla som var ein del av vedtaksfundamentet for etableringa av Mørenett AS. Framdrifta er hovudsakleg i samsvar med planen, og i løpet av 2018 skal selskapet ha ein kostnadsbase som gjer at Mørenett AS vert målt som 100 % effektive. Nettselskapa sine rammevilkår er i endring, og 2015 gav oss ein del avklaringar i forhold til krav om eit klarare skille mellom monopol og konkurranse. Med bakgrunn i dette vurderer vi å skille ut konkurranseutsett verksemd, og reknar med å finne ei løysing i løpet av 2016. Innanfor nettmonopolet ønskjer Mørenett AS å vere ein sentral aktør i vidare strukturendringar i regionen vår. Analyse av årsrekneskapen Samla driftsinntekter for Mørenett AS vart 564,5 mill. kr i 2015, auke frå 544,8 mill. kr i 2014. Resultat før skatt 52,1 mill. kr som er ein auke på 38,5 mill. kr frå fjoråret. Årsresultatet for 2015 vart 32,5 mill. kr, mot 9,9 mill. kr i 2014. Det økonomiske resultatet er tilfredsstillande med bakgrunn i selskapet sine mål om å bli meir kostnadseffektive over tid. Selskapet har gjennomført forskings- og utviklingsaktivitetar tilsvarande 0,9 mill. kr. 7
#2015 / ÅRSRAPPORT
Selskapet har ved utgangen av 2015 ei samla meirinntekt inkl. renter på 83 mill. kr. Ved utgangen av 2014 var samla meirinntekt 94, 1 mill.kr, og nedbygging av meirinntekta går etter planen. Samla kontantstraum frå driftsaktivitetar i selskapet var på 170,6 mill. kr. Driftsresultatet var på 72 mill. kr. Differansen skriv seg i hovudsak frå endring i leverandørgjeld, kundefordringar og meirinntekt. Dei samla investeringane for 2015 var på 164,3 mill. kr og gjeld i hovudsak nyog reinvestering i nettanlegg. Mørenett AS si likviditetsbehaldning var tilfredsstillande 31.12.2015. Selskapet har likevel avgrensa evne til å finansiere eigne investeringar. Investeringsplanane er omfattande, og dette er løyst ved å sikre selskapet finansiering gjennom trekkrettar i bank. Selskapet si kortsiktige gjeld ved utgangen av året var 247,2 mill. kr, og det utgjer 20,9 % av samla gjeld. Selskapet si finansielle stilling var tilfredsstillande. Vi kan per 31.12.2015 betale delar av kortsiktig gjeld ved hjelp av dei mest likvide midlane våre. Totalkapitalen var ved utgangen av året 1 879,4 mill. kr og eigenkapitalen var på 699,2 mill. kr. Eigenkapitaldelen utgjer 37,2 %. FINANSIELL RISIKO Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbytte til eigarane våre, og vi søker å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er eksponert for renterisiko på fleire område. Målet er å ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå på område som vi sjølve kan påverke. Vi er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma vår, gjennom finansiering av investeringane våre og gjennom selskapet sine pensjonsforpliktingar. Kredittrisiko Hovudtyngda av selskapet sine debitorar er privatpersonar og bedrifter som har nettleige eller kjøper tenester frå ekstern verksemd. Risiko for tap på fordringar er vurdert som låg, både innanfor fordringar på nettleige og innanfor den eksterne verksemda vår i entreprenørdivisjonen. Likviditetsrisiko Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS, der vi gjennom kontosystemet vårt er sikra nødvendig likviditet. Vi har avtalar som sikrar oss likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. ARBEIDSMILJØ OG PERSONALE Ved utgangen av 2015 var det 211 fast tilsette i Mørenett AS, ein nedgang på 7 fast tilsette frå 2014. Selskapet hadde på same tidspunkt 13 lærlingar, mot 18 lærlingar i fjor. Selskapet har eit godt arbeidsmiljø, noko som blir stadfesta av resultatet vi fekk i trivselsundersøkinga som vart gjennomført i 2015. I 2015 har selskapet hatt 32 skadar med og utan fråvær, mot 25 i 2014. 8 av desse skadane har medført 83,5 fråværsdagar. Selskapet jobbar dagleg med helse, miljø og tryggleik, og vi vil i tida framover setje i verk fleire tiltak med fokus på å redusere arbeidsulykkene i selskapet. Arbeidsmiljøutvalet har gjennomført 4 møte i 2015. Ei rekke saker er handsama, og informasjon til tilsette er gitt av arbeidsgjevar og/eller tilsette sine organisasjonar. Samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar har vore godt i 2015. LIKESTILLING Mørenett AS har per 31.12.2015 19 kvinnelege tilsette. Av 211 fast tilsette gir dette ein del på 9 %. Mørenett AS har som utgangspunkt at personalpolitikken skal vere tilrettelagt for å stimulere til ei aktiv likehandsaming med fokus på ikkje-diskriminerande åtferd. Mørenett AS har retningslinjer for tilsetjing som skal fremje likestilling, og eit lønssystem som er kjønnsnøytralt og skal hindre ulik handsaming. I tillegg har Mørenett AS lagt forholda godt til rette med fleksible arbeidstidsordningar og 8
#2015 / ÅRSRAPPORT
permisjonsvilkår, noko som gjer det mogleg både for kvinner og menn å kombinere jobb og familie på ein best mogleg måte. Det er likevel ikkje til å kome forbi at energibransjen er sterkt dominert av menn både på fagarbeidar- og ingeniørnivå. Det er også langt mellom dei kvinnelege søkjarane til dei mest tradisjonelle e-verksyrka. Det er likevel i dag kvinnelege fagarbeidarar og ingeniørar på dei ulike nivåa i organisasjonen. DISKRIMINERING Selskapet godtek inga form for diskriminering. Det omhandlar lik behandling for alle uavhengig av etnisitet, nasjonalitet, hudfarge, språk, religion og livssyn. YTRE MILJØ Nettverksemda påverkar det ytre miljø gjennom bygging og drift av luftlinjer, jord- og sjøkablar og transformatorstasjonar. Det ytre miljøet blir påverka reint visuelt, samstundes som det legg beslag på ein del areal og medfører restriksjonar på anna verksemd nær linjene. Mørenett legg vekt på at kraftlinjer skal leggjast slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande, og det er sett fokus på bruk av miljøvennlege produkt. RESULTATDISPONERING Årsresultatet for Mørenett AS etter skatt vart i 2015 på 32,5 mill. kr og styret foreslår følgjande disponering av årsresultatet:
Utbyte Annan eigenkapital
16 242 400 kr
Fond for vurderingsforskjellar Totalt disponert
16 110 501 kr 131 881 kr
32 484 782 kr
Med bakgrunn i selskapet sin økonomiske situasjon finn styret det forsvarleg å dele årsresultatet mellom eigarane og selskapet.
9
#2015 / ÅRSRAPPORT
RESULTAT
TAL I 1 000 KR NOTE
2015 2014
Energisal 2,13 5 076 5 967 Nettinntekt 2,13 475 389 439 968 Andre driftsinntekter
2,13
84 043
98 847
SUM DRIFTSINNTEKTER 564 509 544 783 Varekostnad 14 174 10 387 Energikjøp og overføringskostnader
117 704
113 936
Løns- og personalkostnader
115 909
119 115
3,18
Avskrivingar 6,7 99 744 104 187 Andre driftskostnader
2
144 931
156 340
SUM DRIFTSKOSTNADER 492 462 503 965 DRIFTSRESULTAT 72 046 40 818 Finansinntekter og finanskostnader Andre renteinntekter
4
1 272
2 457
Rentekostnader 4 20 811 28 782 Andre finanskostnader
4
RESULTAT AV FINANSPOSTAR
401 860 (19 939)
(27 184)
Ordinært resultat før skatt 52 107 13 634 Skattekostnad på ordinært resultat
5
19 622
3 735
ORDINÆRT ÅRSRESULTAT
32 485
9 898
ÅRSRESULTAT 32 485 9 898 Overføringar Avsett utbyte
17
16 242
4 762
Overføring anna eigenkapital
17
16 110
4 762
Avsett fond for vurderingsskilnader
17
132 373
OVERFØRINGAR 32 485 9 898
10
#2015 / ÅRSRAPPORT
BALANSE
TAL I 1 000 KR
NOTE 2015 2014
EIGEDELAR ANLEGGSMIDLAR Lisensar, konsesjonar
6
23 585
16 500
Utsett skattefordel
5
61 274
78 360
SUM IMMATERIELLE EIGEDELAR 84 859
94 860
Bygningar og bustader
64 469
7
62 160
Nettanlegg 7 1 401 501 1 385 465 Transportmidlar, inventar og maskinar
7
49 214
53 577
Anlegg under arbeid
7
78 165
30 112
SUM VARIGE DRIFTSMIDLAR
1 591 039
Aksjar i dotterselskap Andre aksjar og liknande
1 533 624
8
3 701
3 569
8, 10
1 895
1 895
Pensjonsmidlar 18 4 086 3 771 SUM FINANSIELLE ANLEGGSMIDLAR
9 682
9 235
SUM ANLEGGSMIDLAR
1 685 581
1 637 719
OMLØPSMIDLAR
Varelager 14 20 057 24 040 Kundefordringar
11, 19
93 556
100 851
Andre fordringar
11
40 470
61 087
SUM FORDRINGAR
134 026
Bankinnskot og kontantar
15
161 939
39 738 37 169
SUM OMLØPSMIDLAR
193 821
223 147
SUM EIGEDELAR
1 879 401
1 860 866
11
#2015 / ÅRSRAPPORT
BALANSE
TAL I 1 000 KR NOTE 2015 2014
EIGENKAPITAL OG GJELD EIGENKAPITAL Aksjekapital 16 400 000 400 000 Fond/overkurs 17 139 843 139 711 Anna innskoten eigenkapital
17
29 055
29 055
Anna eigenkapital
17
130 277 92 097
SUM EIGENKAPITAL 699 175 660 863
GJELD Pensjonsforpliktingar 18 37 442 70 245 SUM AVSETNING FOR FORPLIKTINGAR
37 442
70 245
Langsiktige lån
12, 21
895 557
895 557
SUM LANGSIKTIG GJELD
895 557
895 557
11, 19
51 917
30 440
5
9 893
9 276
Skattetrekk andre trekk og offentlege avgifter
68 387
54 579
Avsett utbyte
17
16 242
4 762
Anna kortsiktig gjeld
13
100 788
135 144
SUM KORTSIKTIG GJELD
247 227
Leverandørgjeld Betalbar skatt
SUM GJELD
234 202
1 180 226
1 200 003
SUM EIGENKAPITAL OG GJELD
1 879 401
1 860 866
12
#2015 / ÅRSRAPPORT
INNHALDSLISTE NOTAR: 14
Note 1. Rekneskapsprinsipp
16 Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde 16
Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godtgjersle til revisor
17
Note 4. Finanspostar
18
Note 5. Skatt
19
Note 6. Immaterielle eigedelar
19
Note 7. Varige driftsmidlar
20
Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.
20
Note 9. Finansiell marknadsrisiko
21
Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m.
21
Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytte selskap
21
Note 12. Fordringar og gjeld
22
Note 13. Meir/mindreinntekt
22
Note 14. Varer
22
Note 15. Bankinnskot
23
Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon
23
Note 17. Eigenkapital
23
Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar
26
Note 19. Transaksjonar med nærståande partar
26
Note 20. Pant og garantiar
27
Note 21. Ekstern gjeld
27
Note 22. Anleggkonstraktar
13
#2015 / ÅRSRAPPORT
NOTAR TIL REKNESKAPEN Note 1. Rekneskapsprinsipp Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova sine reglar og god rekneskapsskikk. Bruk av estimat Under utarbeidinga av årsrekneskapen har leiinga brukt estimat og føresetnader som har påverka resultatrekneskapen og verdiane av eigedelar og gjeld, samt usikre eigedelar og forpliktingar på balansedagen, i samsvar med god rekneskapsskikk. Inntekter Inntekter frå sal av varer blir resultatført når levering har funne stad og det vesentlegaste av risiko og avkastning er overført. Inntekter frå sal av tenester og langsiktige tilverkingsprosjekt blir resultatført i takt med prosjektet si fullføringsgrad, når utfallet av transaksjonen kan estimerast på ein påliteleg måte. Framdrift blir målt som påløpte kostnader i forhold til totalt estimerte kostnader. Når transaksjonen sitt utfall ikkje kan estimerast påliteleg, vil inntekter tilsvarande påløpte prosjektkostnader bli inntektsført. I den perioden det blir identifisert at eit prosjekt vil gi negativt resultat, vil det estimerte tapet på kontrakten bli resultatført fullt og heilt. Nettverksemda blir regulert av styresmaktene, ved at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) fastset årleg inntektsrammer for kvart selskap. Inntektsramma skal gi dekning for netteigar sine faktiske kostnader, og ei rimeleg avkastning på investert kapital. Kvart år vert avviket mellom faktiske tariffinntekter og godkjent inntekt utrekna i form av ei meir-/mindreinntekt. Akkumulert meir-/mindreinntekt (saldo) vert rekneskapsført som anten gjeld til nettkundar eller fordring på nettkundar. Av akkumulert meir-/mindreinntekt vert det rekna rente, basert på rentesats fastsett av NVE. Skatt Skattekostnaden i resultatrekneskapen omfattar både betalbar skatt og endring i utsett skatt. Utsett skatt utgjer 25 % av mellombelse skilnader mellom rekneskapsmessige og skattemessige verdiar, samt skattemessig underskot til framføring ved utgangen av rekneskapsåret. Skatteaukande og skattereduserande mellombelse skilnader som reverserer eller kan reversere i same periode, er utlikna. Visse postar blir likevel vurdert særskilt, under dette pensjonsforpliktingar. Netto utsett skattefordel blir balanseført i den grad det er sannsynleg at denne kan bli nyttegjort. Utsett skatt og utsett skattefordel som kan balanseførast, er ført netto i balansen. Betalbar skatt og utsatt skatt er regnskapsført direkte mot eigenkapitalen i den grad skattepostane relaterer seg til postar ført direkte mot eigenkapitalen. Klassifisering og vurdering av balansepostar Omløpsmidlar og kortsiktig gjeld omfattar postar som forfell til betaling innan eit år etter innkjøpstidspunktet, samt postar som relaterer seg til varekretsløpet. Andre postar er klassifisert som anleggsmiddel/langsiktig gjeld. Omløpsmidlar blir vurdert til lågaste av innkjøpskost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført til nominelt beløp på opptakstidspunktet. Anleggsmidlar er vurdert til innkjøpskost, fråtrekt av- og nedskrivingar. Langsiktig gjeld blir balanseførast til nominelt beløp på etableringstidspunktet.
14
#2015 / ÅRSRAPPORT
Forsking og utvikling Utgifter til utvikling blir balanseført i den grad det kan identifiserast ein framtidig økonomisk fordel knytt til utvikling av ein identifiserbar immateriell eigendel og utgiftene kan målast på ein påliteleg måte. I motsett fall blir slike utgifter kostnadsført løpande. Balanseført utvikling blir avskrive lineært over økonomisk levetid. Utgifter til forsking blir kostnadsført løpande. Varige driftsmidlar Varige driftsmidlar blir balanseført og avskrivne lineært over driftsmidlet si forventa levetid. Vesentlege driftsmidlar som består av betydelege komponentar med ulik levetid er dekomponert med ulik avskrivingstid for dei ulike komponentane. Direkte vedlikehald av driftsmidlar blir kostnadsført løpande under driftskostnader, mens påkostningar eller forbetringar blir tillagt driftsmidlet sin kostpris og avskrivne i takt med driftsmidlet. Dersom gjenvinnbart beløp av driftsmiddelet er lågare enn balanseført verdi blir det gjort nedskriving til gjenvinnbart beløp. Gjenvinnbart beløp er høgst av netto salsverdi og verdi i bruk. Verdi i bruk er noverdien av dei framtidige kontantstraumane som eigedelen er forventa å generere. Dotterselskap/tilknytte selskap Dotterselskap er selskap der Mørenett AS har kontroll, og dermed avgjerande innverknad på selskapet sin finansielle og operasjonelle strategi, normalt ved å eige meir enn halvparten av den kapitalen som gir røysterett. Tilknytte selskap er selskap der Mørenett AS har betydeleg (men ikkje bestemmande) innverknad, over den finansielle og operasjonelle styringa (normalt ved eigardel på mellom 20 % og 50 %). Dotterselskap vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen då det er uvesentleg for eit konsernrekneskap. Konsernrekneskap er difor ikkje utarbeidd. Eigenkapitalmetoden fører til at vår del av årsresultatet, fråtrekt avskriving på meirverdiar, vert resultatført i selskapsrekneskapen. Verdien av investeringa i balansen vert regulert med resultatdelen med frådrag for eventuelle utdelingar og med tillegg for eventuelle kapitalinnskot. Interne vinstar blir eliminert. Tilknytte selskap vert vurdert etter kostmetoden i selskapsrekneskapen. Behaldning av varer Varelageret er vurdert til kostpris. Fordringar Kundefordringar vert ført opp i balansen til pålydande etter frådrag for avsetning til forventa tap. Avsetning til tap vert gjort på grunnlag av ei individuell vurdering av fordringane. Andre fordringar vert ført opp til lågaste av pålydande og verkeleg verdi. Kortsiktige plasseringar Kortsiktige plasseringar (aksjar og andelar vurdert som omløpsmidlar) blir vurdert til lågast av innkjøpskost og verkeleg verdi på balansedagen. Motteke utbytte og andre utdelingar frå selskapa blir inntektsført som annan finansinntekt. Pensjonar Selskapet har både innskotsordning og ytingsbasert pensjonsordning for sine tilsette. Innskotsordninga blir handtert i samsvar med lov om obligatorisk tenestepensjon (OTP). Ytingsbasert pensjonsordning blir regulert i samsvar med regelverket for offentlig pensjon. Innskotsordninga omfattar medarbeidarar som 01.01.2014 kom frå tidlegare Tussa Nett AS og nytilsette etter 01.01.2014, medan ytingsbasert ordning gjeld for medarbeidarar som tidlegare var tilsett i Tafjord Kraftnett AS og pensjonistar i Tussa Nett AS. For innskotsordninga ligg det føre ein innskotsplan og for ytingsbasert ordning ligg det føre ein ytingsplan. I 2015 har selskapet hatt innskotsplan på 5 % for løner mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygda) og i tillegg 8 % for lønn mellom 6 og 12G. Oppsparte midlar kjem til utbetaling ved oppnådd pensjonsalder. Ytingsplan er ei pensjonsordning som definerer den pensjonsutbetalinga som tilsette vil få ved pensjonering. Pensjonen blir normalt fastsett som ein del av den tilsette si sluttlønn. Tilsette som ikkje har full opptening vil få sin pensjon redusert høvesvis.
15
#2015 / ÅRSRAPPORT
Årets netto pensjonskostnader inngår i posten lønns- og personalkostnad i resultatrekneskapen. Nærare om ytingsbasert pensjonsordning Netto forplikting er berekna med utgangspunkt i noverdien av dei framtidige pensjonsytingane (utover Folketrygdens ytingar) som den tilsette har tent opp pr. 31.12, trekt frå verkeleg verdi av pensjonsmidlane. Netto pensjonsforpliktingar på underfinansierte ordningar er balanseført som langsiktig rentefri gjeld, medan eventuelle netto pensjonsmidlar på overfinansierte ordningar er balanseført som langsiktig rentefri fordring dersom det er sannsynleg at overfinansieringa kan nyttast. Pensjonsforplikting er berekna med utgangspunkt i tilrådingar frå Norsk Regnskapsstiftelse og fyller krava i IAS 19 mellom anna når det gjeld diskonteringsrente, avkastningsrente, venta lønnsvekst og G regulering. Vi nyttar ikkje korridorløysing. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert med ein gong og ført mot eigenkapitalen. Berekningane er basert på lineær oppteningsmodell. Kontantstraumoppstilling Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.
Note 2. Salsinntekter pr. forretningsområde Tal i 1 000 kr Kraftomsetn. Distr.nett Reg.nett Sentr.nett Anna x) Eliminering SUM Sal energi 5 076 - - - - - 5 076 Nettleige - 402 759 196 336 3 453 - (127 159) 475 389 Andre inntekter - - - - 74 585 9 458 84 043 Sum driftsinntekter 5 076 402 759 196 336 3 453 74 585 (117 701) 564 509 Varekjøp - 1 454 996 19 12 183 (478) 14 174 Energikjøp/overføringskostnader 5 076 148 387 91 404 (4) 0 (127 159) 117 704 Løn/personalkostnader - 43 684 25 870 540 45 815 0 115 909 Estimatavvik pensjon ført mot EK og skatt - (12 245) (7 251) (151) (12 842) 32 489 0 Andre driftskostnader - 102 622 22 118 (190) 15 943 4 438 144 931 Avskrivingar - 61 673 28 327 907 274 8 563 99 744 Sum driftskostnader 5 076 345 575 161 464 1 121 61 373 (82 147) 492 462 Driftsresultat - 57 184 34 872 2 332 13 212 (35 554) 72 046 Driftsresultat ekskl. estimatavvik 0 44 939 27 621 2 181 370 (3 065) 72 046 x) Anna: Belysning, fiber/breiband og annan aktivitet utanfor nettmonopolet.
Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor Tal i 1 000 kr Lønskostnader 2015 2014 Løn 133 556 133 497 Aktiverte timar eigne investeringar (57 810) (41 385) Arbeidsgjevaravgift 20 216 20 075 Pensjonskostnader 14 540 2 249 Andre ytingar 5 407 4 679 Sum 115 909 119 115 Selskapet har i rekneskapsåret sysselsett totalt 207 årsverk.
16
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 3. Lønskostnader, tal tilsette, godtgjersler, lån til tilsette og godgjersle til revisor (framh.) Tal i 1 000 kr Ytingar til leiande personar Dagleg leiar Styret Lønn 1 335 - Bonus 0 - Pensjonsutgifter 70 - Annan godtgjerdsle 8 506 Sum godtgjersle 1 413 506 Det er ikkje gitt lån eller stilt garantiar til administrerande direktør, styremedlemer eller andre nærståande partar. Styret har ikkje avtalar om anna vederlag enn styrehonorar. Administrerande direktør har personleg pensjonsavtale med arbeidgjevar vedkomande pensjon utover 12G. Utover dette har verken administrerande direktør eller styreleiar avtalar som forpliktar selskapet ved opphøyr eller endring av tilsetjingshøve eller verv. Revisor Kostnadsført godtgjersle til revisor er fordelt på følgjande: Lovpålagt revisjon 398 Attestasjonstenester 67 Skatterådgjeving 10 Andre tenester 63 Sum honorar til revisor 538 Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.
Note 4. Finanspostar Tal i 1 000 kr Finansinntekter 2015 2014 Inntekt på investeringar i TS 732 773 Annan renteinntekt 96 683 Morarenter 444 1 001 Sum finansinntekter 1 272 2 457 Finanskostnader 2015 2014 Rentekostnader eksterne lån 19 726 28 125 Annan rentekostnad 1 031 656 Valutatap 3 19 Andre finanskostnader 452 841 Sum finanskostnader 21 212 29 641
17
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 5. Skatt Tal i 1 000 kr 2015 2014 Betalbar skatt kjem fram slik: Ordinært resultat før skattekostnad 52 107 13 634 Permanente skilnader 30 390 (58 151) Resultat på investering i TS (732) (773) Endring mellombelse skilnader (45 126) 82 668 Endring framførbart underskot - (3 022) Grunnlag betalbar skatt på resultatet i året 36 640 34 356 Betalbar skatt på resultatet i året 9 893 9 276 Skattekostnaden i året kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 9 893 9 276 Brutto endring utsett skatt 12 184 (21 504) Endring utsett skatt vedrørande føring over EK (7 356) 15 964 Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 4 902 - Total skattekostnad i året 19 622 3 735 31.12.2015 31.12.2014 Betalbar skatt i balansen kjem fram slik: Betalbar skatt på resultatet i året 9 893 9 276 Sum betalbar skatt 9 893 9 276 Spesifikasjon av grunnlag for utsett skatt: Skilnader som vert utlikna: Anleggsmidlar (124 955) (126 081) Fordringar (1 950) (1 667) Gevinst- og tapskonto (1 580) (1 774) Andre mellombelse skilnader (83 257) (94 228) Sum (211 742) (223 750) Utsett skatt (+)/ Utsett skattefordel (-) (57 170) (60 413) Skilnader som ikkje vert utlikna: Pensjonsmidlar (+) / Pensjonsforpliktingar (-) (33 356) (66 474) Sum (33 356) (66 474) Utsett skattefordel (9 006) (17 948) Endring i utsett skatt/skattefordel som følgje av endra skattesats 4 902 - Utsett skattefordel i balansen 25 % (61 274) (78 360) 2015 2014 Samanheng mellom skattekostnad og skatt berekna av resultat før skatt: 27 % av resultat før skatt 14 069 3 681 Effekt av permanente skilnader 63 54 Effekt av endring skattesats til 25 % på utsett skattefordel 5 490 - Skattekostnad i henhald til resultatrekneskap 19 622 3 735 Effektiv skattesats 37,7 % 27,4 %
18
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 6. Immaterielle eigedelar Tal i 1 000 kr Konsesjon Goodwill Lisensar Sum Kostpris 01.01.15 110 000 2 127 94 112 221 Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar - - 12 585 12 585 Avgang selde immaterielle eigedelar - - - - Kostpris 31.12.15 110 000 2 127 12 678 124 806 Akkumulerte avskrivingar 31.12.15 (99 000) (2 127) (94) (101 221) Akkumulerte nedskrivingar 31.12.15 - - - - Reverserte nedskrivingar 31.12.15 - - - - Balanseført verdi pr. 31.12.15 11 000 - 12 585 23 585 Avskrivingar i året 5 500 - - 5 500 Nedskrivingar i året - - - - Mørenett nyttar lineære avskrivingar for alle immaterielle eigedelar. Den økonomiske levetida for anleggsmidlane er berekna til: - Konsesjon 20 år - Goodwill 5 år - Lisensar 5 år Tilgang kjøpte immaterielle eigedelar gjeld implementering av nytt ERP-system. Av dette er 2,8 mill. kr aktiverte interne kostnader.
Note 7. Varige driftsmidlar Tal i 1 000 kr Varige driftsmidlar Tomter Transpm/tele Bygningar Nettanlegg Sum varige inv/uts. driftsmidlar Anskaffelseskost pr. 01.01.15 3 514 213 359 90 041 2 470 328 2 777 243 Tilgang kjøpte driftsmidlar - 6 720 - 96 940 103 660 Omklassifisering - (964) 964 - - Prinsippendring/utrangering utanfor anleggsregisteret - (1 991) - (1 991) Avgang selde driftsmidlar - 5 922 100 0 6 023 Anskaffelseskost 31.12.15 3 514 211 202 90 905 2 567 268 2 872 889 Akkumulerte avskrivingar 31.12.15 - 161 989 30 459 1 165 768 1 358 215 Akkumulerte nedskrivningar 31.12.15 - - 1 800 - 1 800 Balanseført verdi pr. 31.12.15 3 514 49 214 58 646 1 401 500 1 512 874 Avskrivingar i året - 11 083 2 257 80 904 94 244 Nedskrivingar i året Økonomisk levetid - Inntil 30 år Inntil 50 år Inntil 35 år Avskrivingsplan - Lineær Lineær Lineær I tillegg kjem anlegg under arbeid med 78 165 Det er i løpet av året ikkje gjort nedskriving av anleggsmidlar, reversering av nedskriving frå tidlegere år eller gjort endring i avskrivingsplanar. Kontorlokale blir leigt i adm.bygg til Tafjord Kraft AS og Tussa Energi AS. Årleg leige var høvesvis 3,6 og 4,5 totalt 8,1 mill. kr.
19
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 8. Dotterselskap, tilknytt selskap m.m.
Tal i 1 000 kr Erverva Kontor Land Eigardel St.del Elsikkerhet Møre AS 29.5.09 Ørskog Norge 67 % 67 % Smarthub AS 21.2.13 Molde Norge 42 % 42 % Investeringa i dotterselskapet (Elsikkerhet Møre AS) vert vurdert etter eigenkapitalmetoden i selskapsrekneskapen. Det tilknytte selskapet (Smarthub AS) er vurdert til kostmetoden. Investering etter eigenkapitalmetoden Meirverdianalyse Elsikkerhet Møre AS Balanseført eigenkapital på kjøpstidspunktet 880 Tilknytt meirverdi - Goodwill - Kostpris 880 Berekning av resultatandel i året Del resultat i året 887 Resultatdel i året 887 Berekning av balanseført verdi pr. 31.12.15 Inngåande balanse pr. 1.1.15 3 569 Tilgangar / avgangar - Resultatdel i året 887 Internforteneste - Motteke utbytte (600) Innbetalt / tilbakebetalt kapital - Andre endringar i løpet av året (155) Utgåande balanse pr. 31.12.15 3 701 Meirverdi i driftsmidlar knytt til investering i tilknytt selskap vert avskrive linært med 10 % årleg, medan goodwill blir avskrive med 20 %. Tilknytte selskap Forretningskontor E igar-/stemmedel Eigenkap. siste år Resultat siste år (100 %) (100 %) SmartHub AS Molde 42 % 3 735 137 Balanseført verdi pr. 31.12.15
Balanseført verdi 1 884 1 884
Note 9. Finansiell marknadsrisiko Overordna mål og strategi Selskapet har som mål å sikre gode resultat og stabilt utbytte til eigarane våre, og vi søker å balansere gode resultat med langsiktig verdiskaping. Renterisiko Mørenett AS er eksponert for renterisiko på fleire område. Målet er å ha ei føreseieleg rente på eit akseptabelt nivå på område som vi sjølve kan påverke. Vi er utsett for renterisiko både gjennom nettregulering knytt til inntektsramma vår, gjennom finansiering av investeringane våre og gjennom selskapet sine pensjonsforpliktingar. Kredittrisiko Hovudtyngda av selskapet sine debitorar er privatpersonar og bedrifter som har nettleige eller kjøper tenester frå ekstern verksemd. Risikoen for tap på fordringar er vurdert som låg, både innanfor fordringar på nettleige og innanfor den eksterne verksemda vår. Likviditetsrisiko Likviditetsrisiko oppstår dersom det ikkje er samsvar mellom kontantstraumen til verksemda og finansielle forpliktingar. Selskapet har bankavtale med Handelsbanken AS der vi gjennom kontosystemet vårt er sikra naudsynt likviditet. Vi har avtalar som sikrar oss likviditet framover gjennom unytta trekkrettar. 20
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 10. Aksjar og delar i andre føretak m.m. Tal i 1 000 kr Eigardel REN AS 2,6 %
Kostpris Balanseført verdi 1 11
Marknadsverdi -
Note 11. Mellomverande med selskap i same konsern og tilknytte selskap
Tal i 1 000 kr Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Fordringar 2015 2015 Lån til føretak i same konsern - - Kundefordringar - 394 Andre fordringar - - Sum - 394 Av dette fordringar som forfell > 1 år - -
Elsikkerhet Møre AS Smarthub AS Gjeld 2015 2015 Leverandørgjeld 193 - Annan kortsiktig gjeld - - Sum 193 -
Note 12. Fordringar og gjeld Tal i 1 000 kr Fordringar med forfall seinare enn 5 år 2015 2014 Andre langsiktige fordringar - - Langsiktig gjeld med forfall seinare enn 5 år 2015 2014 Gjeld til kredittinstitusjonar - - Anna langsiktig gjeld - - Sum - -
21
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 13. Meir/mindreinntekt Tal i 1 000 kr Nettinformasjon Sentralnett Regionalnett Distribusjonsnett Driftsresultat (inkl estimatavvik pensjon) 2 332 34 872 57 184 Meir (+)/mindre(-)inntekt: Faktisk inntekt 3 707 192 964 399 025 Tilbakeført meir-/mindreinntekt i året - 8 000 10 000 Kostnader overliggande nett - 80 223 129 932 = Justert faktisk inntekt 3 707 120 741 279 092 Årets inntektsramme 3 714 119 455 276 213 Inntektsramme justert for AVS/AKG/KILE 3 411 118 023 272 912 Berekna meir-/mindreinntekt i året 296 2 717 6 181
Sum monopol 94 388
595 695 18 000 210 155 403 540 399 382 394 346 9 194
Inng. saldi ME/MI-inntekt inkl. rente pr. 01.01 (1 134) 18 730 77 481 95 077 Årets bevegelsar inkl. renter (4 300) (5 045) (2 705) (12 051) Akk. meir-/mindreinntekt pr. 31.12 inkl. renter (5 434) 13 685 74 776 83 026 Balanse: Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 01.01 6 890 619 956 861 090 1 487 936 Sum driftsmidlar etter fordeling pr. 31.12 6 017 622 356 880 076 1 508 450 Gjennomsnittlege driftsmidlar 6 454 621 156 870 583 1 498 193 1 % påslag for netto arbeidskapital 65 6 212 8 706 14 982 Avkastningsgrunnlag 6 518 627 368 879 289 1 513 175 Avkastning (driftsresultat*100/avkastningsgrunnlag) 35,8 5,6 6,5 6,2
Note 14. Varer Tal i 1 000 kr 2015 2014 Lager av innkjøpte varer 20 057 24 040 Sum 20 057 24 040 Av samla varelagerverdi for Mørenett AS pr. 31.12.2015 er 20 057 mill. kr vurdert til kostpris.
Note 15. Bankinnskot Tal i 1000 kr 2015 2014 Innskot driftskonto 33 560 33 423 Bundne skattetrekksmidlar 6 179 3 746 Selskapet sin likviditet er organisert i ei konsernkontoordning der samla tilgjengeleg saldo syner på toppkontoen. Vi har disponibel kassakreditt på 50 mill. kr på denne kontoen, slik at disponibelt beløp er 83,6 mill. kr.
22
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 16. Aksjekapital og aksjonærinformasjon
Tal i 1 000 kr Aksjekapitalen består av: Antall Pålydande Balanseført A-aksjar 10 000 40 400 000 Mørenett AS har 2 aksjonærar 31.12.2015. Selskapet sine aksjar er utstedt i aksjeklasse A. A-aksjane gir røysterett tilsvarande del av totalt utstedt A-aksjar til ei kvar tid. Oversikt over aksjonærane 31.12.2015: A-aksjar Eigardel Stemmedel Tafjord Kraft AS 5 366 53,66 % 50,0 % Tussa Kraft AS 4 634 46,34 % 50,0 % Totalt antall aksjer 10 000 100,00 % 100,0 % Gjennom aksjonæravtalen har partane regulert at selskapet skal være felleskontrollert.
Note 17. Eigenkapital Tal i 1 000 kr Aksjekapital Overkurs Innskot Fond for Anna Sum anna EK vurd. forskj. EK Eigenkapital pr. 01.01.2015 400 000 137 020 29 055 2 691 92 097 660 863 Estimatavvik pensjon - - - - 22 069 22 069 Resultat i året - - - 132 32 353 32 485 Avsett utbytte - - - - (16 242) (16 242) Eigenkapital pr. 31.12 2015 400 000 137 020 29 055 2 823 130 277 699 175
Note 18. Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Pensjonskostnader - midlar og forpliktingar Mørenett AS har både kollektiv innskotsordning i DNB og kollektiv ytingsordning via vårt medlemskap i BKK Pensjonskasse. Innskotsordninga omfattar tilsette som 01.01.2014 kom frå Tussa Nett AS og tilsette etter 01.01.2014. Spareplanen utgjer 5 % for lønn mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygden) og 8 % for lønn mellom 6 og 12 G. Ytingsordninga gjeld tidlegare tilsette i Tafjord Kraftnett AS. Det er Gabler AS som administrerer BKK Pensjonskasse og ytingsordninga blir rekneskapsført i samsvar med IAS 19. I tillegg har vi pensjonistar i ytingsbasert pensjonsordning frå tidlegare ordning i Tussa Nett AS. Årlege aktuarberekningar blir utarbeidd av aktuar i Gabler AS og DNB LIV AS. Ytingsplan i sikra ordning Ytingsplan omfattar alders-, uføre- , etterlatte- og barnepensjon. Den gir dei tilsette ein bestemt framtidig pensjonsyting basert på oppteningsår og lønnsnivået ved pensjonsalder. Alderspensjonen utgjer ved full opptening 66 % av pensjonsgrunnlaget for lønn opp til 12G. Alle født i 1943 eller seinare vil få pensjonen sin levealdersjustert, noko som kan føre til ei pensjonsutbetaling som er mindre enn 66 % av pensjonsgrunnlaget. Pensjonen er ei bruttoordning og blir regulert i samsvar med regelverket for offentleg pensjon. Ordninga blir finansiert ved at medlemmene betalar 2 % av pensjonsgrunnlaget. Anna pensjonspremie blir dekt av arbeidsgjevar. Ytingsplan i usikra ordningar Dei usikra ordningane består av AFP og ei driftspensjonsordning for tidlegare dagleg leiar si lønn mellom 12 G og 14 G. Desse er vist samla under usikra ordningar. Gammal AFP-ordning, inngått før 31.12.2010 og der arbeidsgjevar finansierer 25 % av pensjonen - i tillegg til ein årleg medlemspremie, blir avslutta i 2015.
23
#2015 / ÅRSRAPPORT
Ny AFP-ordning Den nye AFP-ordninga er ei ordning som gir eit livslangt tillegg på den ordinære pensjonen. Dei tilsette kan velje å ta ut den nye AFP-ordninga frå og med fylte 62 år, også ved sida av å stå i jobb, og ordninga gir ytterlegare opptening ved arbeid fram til 67 år. Den nye AFP-ordninga er ei ytingsbasert fleirføretakspensjonsordning, og blir finansiert gjennom premie som blir fastsett som ein prosent av lønn. Rekneskapsmessig blir ordninga handsama som ei innskotsbasert pensjonsordning der premiebetalingar blir kostnadsført løpande. Ingen avsetningar blir gjort i rekneskapen. I 2015 utgjorde premien 2,4 % av lønn mellom 1G og 7,1G. Tilsette som i dag har innskotsbasert pensjonsordning i selskapet er omfatta av ordninga. Tilskot til AFP-ordninga inngår i lønnskostnadene og utgjorde i 2015 2,5 mill. kr. Estimatavvik Vi nyttar ikkje korridorløysing for estimatavvik. Alle estimatavvik, både i forhold til forpliktingar og midlar, blir amortisert i nåtid og ført mot eigenkapitalen. For pensjonsmidlane blir avkastningsrenta sett lik diskonteringsrenta ved inngangen til året. Den faktiske avkastning på pensjonsmidlane i 2015 vart 0,7 % - der minus 1,7 % er ført som estimatavvik/aktuariell tap direkte mot eigenkapital, medan 2,4 % er ført som avkastning/redusert pensjonskostnad i resultatrekneskapen. Planendringar Planendringar blir resultatført. Den økonomiske effekten av levealdersjustering i alderspensjonen frå folketrygda og tenestepensjonsordninga for alle årskull, samt individuell garanti, er innarbeidd i tidlegare år. Individuell garanti er ein garanti som delvis skjermar dei som er født i 1958 eller tidlegare frå effekten av levealdersjustering. Den nye uføreordninga som er innført frå 01.01.2015 er venta å redusere arbeidsgjevar sine framtidige forpliktingar, men samtidig auke folketrygda sin del av den årlege kostnaden. Økonomiske føresetnader Mørenett AS har vurdert at marknaden for obligasjonar med førsterett (OMF) tilfredsstiller krava i IAS 19.83 til føretaksobligasjonar. Demografiske føresetnadar Selskapet har i pensjonsberekningane i ei rekke år brukt Gablers dynamiske dødelegheitsgrunnlag GAP07 for den aktive delen av medlemsmassen. I samband med at Finanstilsynet innførte K2013 som dødelegheitsgrunnlag for forsikringsordningar vurderte Gabler GAP07 mot faktisk observert dødelegheit i medlemsmassen. Berekningane underbygger at GAP07 er eit forventningsrett dynamisk dødelegheitsgrunnlag i forhold til krav i Norsk Regnskapsstiftelse si rettleiing for pensjonsføresetnader. Kurva reallønnsvekst Forventa lønnsvekst lagt til grunn i Mørenett AS sine pensjonsberekningar for aktive medlemmer bygger på Gablers regresjonsmodell. Modellen nyttar alder som forklaringsvariabel for reallønnsutvikling til arbeidstakarar. Samanhengen mellom alder og reallønnsutvikling kan vi forklare mellom anna med at unge gjer fleire lønnshopp enn eldre arbeidstakarar. Basert på historiske bestandsdata i pensjonskassa er det utleia ein tilpassa lønnskurve som viser at den gjennomsnittlege reallønnsveksten for tilsette i Mørenett AS fell med alder. Denne kurven blir lagt til grunn for aktuarielle berekningar. Berekningar viser at kurva lønnsvekst gir lågare pensjonsforplikting enn lineær lønnskurve. Pensjonsmidlar i BKK Pensjonskasse BKK Pensjonskasse fekk ei avkastning i 2015 på 0,7 prosent (26 mill. kroner) mot ei indeksavkastning på 3,0 prosent. Mindreavkastninga vart 77 mill. kroner i forhold til indeks. Aksjeeksponeringa er 32,5 prosent, medan bufferkapitalen er 420 mill. kroner. Dette er vel 100 mill. kroner mindre enn ved forrige årsskifte. Samla tapspotensial med korrelasjon er berekna til 83 prosent av bufferkapitalen og vert vurdert å vere ein akseptabel risikosituasjon. Forvaltningskapitalen var 3 546 mill. kroner. I 2015 betalte Mørenett normal årspremie til pensjonskassa. Risikovurdering av ytingsbaserte ordningar Gjennom ytingsbaserte ordningar er selskapet påverka av fleire risiki som følge av usikkerheit i føresetnader og framtidig utvikling. Dei mest sentrale risiki er følgjande: •
Forventa levetid: Selskapet er forplikta til å utbetale pensjon for dei tilsette livet ut. Auke i forventa levealder blant medlemmene aukar forpliktinga for selskapet.
•
Avkastningsrisiko: Selskapet blir påverka ved ei endring i faktisk avkastning på pensjonsmidlane som vil medføre endring i netto forplikting
•
Inflasjons- og lønnsvekstrisiko: Selskapet si pensjonsforplikting har risiko knytt til både inflasjon og lønnsutvikling, sjølv om lønnsutviklinga er nært knytt til inflasjonen. Høgare inflasjon og lønnsutvikling enn lagt til grunn i pensjonsberekningane, fører til auka forplikting for selskapet.
•
Renterisiko: Ved neddiskontering av pensjonsutbetalingar blir marknadsrenter lagt til grunn. Generelt lågt eller fallande rentenivå aukar brutto pensjonsforplikting for selskapet, medan aukande rentenivå reduserer forpliktingane. 24
#2015 / ÅRSRAPPORT
DNB LIV Den delen av ytingsbasert ordning som er i DNB LIV gjeld utbetaling av pensjonar til pensjonistar i gamle Tussa Nett AS. Føresetnadene som blir lagt til grunn her er Norsk Rekneskapsstiftelse sine tilrådingar. I den talmessige delen av pensjonsnoten under er det ei oversikt over tall aktive medlemmer og pensjonistar for høvesvis sikra og usikra ordningar. Dei aktuarmessige berekningane byggjer på følgjande føresetnader:
BKKP 2015
1. Diskonteringsrente 2. Forventa avkastning 3. Forventa lønsvekst
DNB 2015
2,4 %/2,5 %
2,7 %
2,5 %
2,7 %
2,5 %
2,5 %
2,25 %
2,25 %
5. Forventa regulering av pensjonar under utbetaling
1,5 %
1,5 %
6. Uttakstilbøyelegheit AFP
25 %
-
7. Uttakstilbøyelegheit direktørpensjon v/62 år
25 %
-
Gap07/K63
-
4. Forventa G-regulering
8. Demografiske føresetnader
I føresetnadane i pkt. 1 over, der det er oppgitt to %-satsar for same år, gjeld den første for kostnaden og det siste for forpliktingane i utgåande balanse. I pkt. 8 betyr nemninga Gap07 Gablers dynamiske dødelegheitstabellar frå 2007, medan K63 er uføretabellar.
Tal i 1 000 kr
Dato for rekneskapsavslutning
Mørenett AS total
Mørenett AS sikra
Mørenett AS usikra
31.12.2015 31.12.2014
31.12.2015 31.12.2014
31.12.2015 31.12.2014
A. Pensjonskostnad i perioden Årets pensjonsopptening (Service Cost) 7 860 5 378 7 316 5 074 544 304 Arbeidsgivaravgift av oppteninga i året 1 100 758 1 024 715 77 43 Rentekostnad på pensjonsforpliktinga 5 538 8 747 5 173 8 398 365 349 Forventa avkastning på pensjonsmidlar (4 044) (7 709) (4 044) (7 709) - - Resultatført planendring - (8 222) - (12 393) - 4 171 Medlemsinnskot (1 174) (1 179) (1 174) (1 179) - - Resultatført pensjonskostnad ytingsordning 9 281 (2 227) 8 295 (7 094) 986 4 867 B. Balanseført pensjonsforplikting DBO ved slutten av perioden 274 640 278 158 248 893 262 785 25 746 15 373 Midlar ved slutten av perioden 241 283 210 454 241 283 210 454 - - Balanseført pensjonsforplikting inkl. arb.g.avgift 33 356 67 704 7 610 52 331 25 746 15 373 C. Avstemming pensjonsforplikting Pensjonsforplikting i inngåande balanse 67 704 25 546 52 332 16 672 15 373 8 874 Resultatført pensjonskostnad 9 281 (2 227) 8 295 (7 094) 986 4 867 Aktuarielt tap (gevinst) ført mot eigenkapital (29 425) 51 454 (39 302) 49 464 9 876 1 990 Innbetalingar inkl. arb.g.avg. (13 776) (6 755) (13 715) (6 711) (60) (44) Utbet. pensjon over drift ekskl. arb.g.avgift (428) (314) - - (428) (314) Balanseført pensjonsforpl. ved slutt av perioden 33 356 67 703 7 610 52 331 25 746 15 373 D. Medlemsstatistikk Tal aktive medlemer i ytingsordning 102 108 100 105 Tal pensjonistar 146 127 3 3 Innskotsordning: Innskotsplanen utgjer 5 % for lønn mellom 1 og 6 G (G=grunnbeløpet i Folketrygden) og 8 % for lønn mellom 6 og 12 G. Resultatført kostnad er 2,5 mill. kr i 2015. Ordninga omfattar 114 medlemmer.
25
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 19. Transaksjonar med nærståande partar Tal i 1 000 kr Nærstående part Tilknyting Eigardel Elsikkerhet Møre AS Dotterselskap 67 % Tussa Kraft AS Aksjeeigar 46 % Tussa Energi AS Dotter av aksjeeigar Sunnmøre Energi AS Dotter av aksjeeigar Tussa IKT AS Dotter av aksjeeigar Tussa Installasjon AS Dotter av aksjeeigar Tussa-24 AS Dotter av aksjeeigar Enøk-senteret AS Dotter av aksjeeigar Smarthub AS Tilknytt selskap 42 % Tafjord Kraft AS Aksjeeigar 54 % Tafjord Kraftproduksjon AS Dotter av aksjeeigar Tafjord Kraftvarme AS Dotter av aksjeeigar Tafjord Marked AS (drift) Dotter av aksjeeigar Tafjord Marked AS (straum) Dotter av aksjeeigar Tafjord Fibernett AS Dotter av aksjeeigar Naturgass Møre AS Dotter av aksjeeigar Rune Kiperberg Adm. direktør Erik Espeset Styreleiar Transaksjonar med nærståande partar Selskapet har foretatt fleire forskjellige transaksjonar med nærståande partar. Alle transaksjonar er foretatt som del av den ordinære verksemda og til armlengdes prisar. Dei vesentlegaste transaksjonane som er gjort er som følgjer:
Tal i 1 000 kr a) Kjøp av varer og tenester frå aksjeeigar/dotter av akjeeigar til 91 118 b) Kjøp av varer og tenester frå dotterselskap 10 815 c) Sal av varer og tenester til aksjeeigar/dotter av aksjeeigar 41 838 d) Sal av varer og tenester til dotterselskap 4 Balansen inkluderer følgjande beløp som følgje av transaksjonar med nærståande partar: 2015 2014 Kundefordringar 10 282 12 598 Leverandørgjeld 19 783 9 623 Sum 30 065 22 222
Note 20. Pant og garantiar I låneavtalen mellom Mørenett AS og Handelsbanken er det gjort avtale om negativt pant. Dette avgrensar Mørenett AS sine moglegheiter til å pantsetje eignelutane sine.
26
#2015 / ÅRSRAPPORT
Note 21. Ekstern gjeld Tal i 1 000 kr Beløp Bokført verdi Rente Løpetid Forfall Trekkfasilitet A 450 000 450 000 3.md. NIBOR + margin 18 mnd 12.06.2017 Trekkfasilitet B 600 000 445 557 3.md. NIBOR + margin 36 mnd 12.12.2018+1 Selskapet har TNOK 154 443 i tilgjengelege trekkrettar 31.12.2015. I låneavtalen har vi pålegg i forhold til nivå på eigenkapitalprosenten og rentedekningsgrad. Krava for eigenkapitalen er 25 % og for rentedekningsgraden 1,2. Berekningar syner at begge krava er oppfylte.
Note 22. Anleggskontraktar Anleggskontraktar er vurdert etter prinsippet for løpande avrekning. Fullføringsgraden er basert på forholdet mellom påløpne kontraktskostnader på balansedagen og estimerte totale kontraktskostnader. Avsett opptent, ikkje fakturert inntekt pr. 31.12.2015 er kr 0.
27
#2015 / ÅRSRAPPORT
KONTANTSTRAUMOPPSTILLING KONTANTSTRAUMOPPSTILLING, INDIREKTE MODELL NOTE Kontantstraum frå driftsaktivitetar Ordinært resultat før skatt Betalt skatt i perioden 5 Avskriving og nedskriving 6, 7 Tap/vinst ved sal av anleggsmidlar Resultatdel etter eigenkapitalmetode Endring i varelager Endring i kundefordringar Endring i leverandørgjeld Forskjell mellom kostnadsført pensjon og inn-/utbetalingar pensjonsordningar Postar klassifisert som investerings- og finansieringsaktivitetar Endring i andre tidsavgrensingspostar Netto kontantstraum frå driftsaktivitetar Kontantstraum frå investeringsaktivitetar Innbetalingar ved sal av varige driftsmidlar Utbetalingar ved kjøp av varige driftsmidlar 6, 7 Innbetalingar ved sal av aksjar og partar i andre føretak Utbetalingar ved kjøp av aksjar og partar i andre føretak Netto kontantstraum frå investeringsaktivitetar Kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Innbetalingar ved opptak av ny langsiktig gjeld Utbetalingar ved nedbetaling av langsiktig gjeld Nettoendring mot konsernkontoordning KK-systemet Utbetaling av utbyte 17 Netto kontantstraum frå finansieringsaktivitetar Behaldning av kontantar og bankinnskot Netto endring i kontantar og bankinnskot Behaldning av kontantar og bankinnskot ved starten på året 15 Behaldning av kontantar og bankinnskot ved slutten på året 15
TAL I 1 000 KR
2015 2014 52 107 13 634 (9 276) - 99 744 104 187 957 (23) (131) (373) 3 983 701 7 296 (40 272) 21 476 (7 678) (5 608) (8 592) - (140) 70 074 50 454 170 619 111 898
1 010 303 (164 297) (126 434) - 2 - (1 332) (163 287) (127 461)
- - - (4 762) (4 762)
895 557 (633 811) (214 627) - 47 119
2 570 37 16 39 738
31 556 5 613 37 169
28
#2015 / ÅRSRAPPORT
29
#2015 / ÅRSRAPPORT
STRATEGI OG FRAMTIDSUTSIKTER Mørenett er organisert som eit felleskontrollert selskap eigd av Tafjord Kraft AS og Tussa Kraft AS. I dette ligg det at selskapet er ein nøytral aktør utan konserntilknyting og som eigarmessig er skilt frå anna verksemd. Hovudmålet vårt er at selskapet innan utgangen av 2018 skal vere eit 100 % effektivt nettselskap med god leveringstryggleik for kundane, god avkastning til eigarane og godt arbeidsmiljø for medarbeidarane. Mørenett AS ønskjer også å vere sentral i vidare regional strukturendring. Det er eit auka fokus på nettverksemda sin nøytralitet, drive både av reguleringar frå EU, men også frå regulator og nasjonale politiske miljø. Olje- og energidepartementet har gjennom prop. 35 L føreslege endringar i Energilova, med mellom anna innføring av krav om selskapsmessig og funksjonelt skille. I Mørenett gjennomfører vi no ein prosess med tanke på å skille ut konkurranseutsett verksemd, som mellom anna elektroniske kommunikasjonsnett og veglys, i eiga juridisk eining. Dette, saman med selskapet sin uavhengige organisasjonsmodell, gjer at vi er godt rusta for å innfri forventningane til selskapet som ein nøytral nettaktør. I arbeidet med å sikre Mørenett sin nøytralitet har vi også i 2015 hatt fokus på eigne strukturar og forretningsprosessar. Organisatorisk har vi eigne stabsfunksjonar innan økonomi, innkjøp, HR, HMSK og integrasjon. Netteigardivisjonen vår skal analysere, prioritere og bestille tiltak i nettet, medan entreprenørdivisjonen har ansvaret for operativ og effektiv gjennomføring. For å understøtte desse prosessane har vi i 2015 innført IFS som eige forretningssystem (ERP-system) og Customer som eige kunde- og informasjonssystem (Nett KIS-system). Vi har også etablert eigne IT-løysingar innanfor HMS og kvalitet, sakshandsaming, webside og skrivebordsløysing. For å nå dei økonomiske måla våre har vi gjennom fusjonsprosessen identifisert 35 ulike synergiområde. Nokre har kort horisont og er allereie gjennomførte, medan andre krev større omstillingar. For å sikre gjennomføring og framdrift er desse organiserte i eit eige integrasjonsprogram. Eigarskapen til synergiprosjekta er lagt til linjeorganisasjonen, men vi har i stab ein eigen integrasjonsleiar for å sikre tilstrekkeleg fokus på omstillingsarbeidet. Største enkeltområda er innan drift og vedlikehald, støttefunksjonar og tenester knytt til måling, avrekning, fakturering og kunde (MAFIKtenester). For å nå målet om 100 % effektivitet i løpet av 2018 skal synergitiltaka i sum resultere i om lag 45 mill. kr i reduserte driftskostnader. Dette tilsvarar om lag 12 % av dei samla driftskostnadene våre. Valt modell for organisering og etablering av eigne system og strukturar, gjer Mørenett AS godt posisjonert for vidare strukturell utvikling i regionen. Selskapet har god breidde i kompetanse og ressursar, og er einaste regionalnettselskapet i Møre & Romsdal med døgnbemanna driftssentral. Vi ønskjer difor ein konstruktiv dialog både med regulator og andre nettaktørar rundt vidare samhandling velkomen. Med fokus på kunde, eigarar og medarbeidarar er vi eit offensivt nettselskap godt rusta for framtida.
30
#2015 / ÅRSRAPPORT
HMS Mørenett skal vere ein trygg arbeidsplass med medarbeidarar som trivst, utviklar seg, tek ansvar og skaper resultat. Vi legg stor vekt på førebyggande HMS-arbeid.
Helse, miljø og sikkerheit er viktig for Mørenett – sikkerheit kjem alltid først. Mørenett arbeider med krevjande oppgåver, og skal vi nå målet vårt om null alvorlege skadar er gode HMS-rutinar særs viktig. Vi tek ansvar for at dei som ferdast i nærleiken av dei elektriske anlegga og installasjonane våre kan gjere det på ein sikker måte. Vi gjennomfører systematisk opplæring knytt til el-tryggleik og førstehjelp, og har årlege HMS-dagar der alle lovpålagte kurs vert gjennomførte.
NØKKELTAL FOR HMS 2015 2014 Registrerte skadar med og utan fråvær Fråvær som følgje av arbeidsulykker (dagar)
32
25
83,5 12,5
Sjukefråvær (%)
4,4
3,4
Tal fast tilsette (eksl. lærlingar)
211 218
Lærlingar
13
Gjennomsnittsalder tilsette
47 47
Personalomsetning (%)
3,77
18
3,6
Mørenett AS sin aktivitet skal ikkje vere til ulempe for miljøet og samfunnet. Relevante ulemper og miljøpåverknader blir alltid vurderte opp mot nytteverdiar i planlagde prosjekt. Vi legg kraftlinjer slik at den visuelle effekten blir minst mogleg skjemmande. Vi fokuserer også på bruk av miljøvennlege produkt. Mørenett følgjer til ei kvar tid gjeldande lov- og regelverk.
31
#2015 / ÅRSRAPPORT
NETTEIGARDIVISJONEN Netteigardivisjonen har 44 medarbeidarar, og divisjonen forvaltar ansvaret og oppgåvene som følgjer nettmonopolet.
NETTEIGARDIVISJONEN
SEKSJON PLAN
SEKSJON ENERGIMÅLING
SEKSJON DLE
SEKSJON DRIFTSSENTRAL
Gjennom 2015 har vi hatt fokus på å planlegge og prioritere dei rette investeringane, legge til rette for meir kostnadseffektiv drift, samordne avdelingane våre på nordre og søre Sunnmøre, robust beredskap og at vi skal ha motiverte tilsette i eit trygt HMS-miljø. Meir konkret har det vore arbeidd mykje med: •
Innføring og samordning av nye, felles Mørenett-arbeidsprosessar, på tvers av geografi
•
Å etablere og vidareutvikle overordna kraftsystemplan med underliggande lokale planar
•
Beredskapsplanlegging
•
Å forbetre prosessen rundt prioritering og oppfølging av avvik etter tilstandskontroll
•
Bidra ved innføring av nye systemverkty
Nye arbeidsprosessar kjem opp både på grunn av samordningsbehov mellom avdelingane, og av at nye systemløysingar utløyser nye behov. Standardiseringsarbeidet vil vise igjen ved enklare innkjøp og færre lagervariantar. Gjennom innføringa av nytt felles sak- og arkivsystem har vi lagt til rette for lik informasjon og tilgang i den mobile kvardagen. Mørenett har store investeringsbehov framover, og det er avgjerande at planar og prosjekt er godt gjennomarbeidd, både på overordna nivå og meir lokalt på distribusjonsnivå. I enkelte område har vi i periodar hatt for mykje feil i nettet. Planlegging av tiltak og prosjekt i slike område kjem til å ha stort fokus framover. For å sikre prioritering og gjennomføring av dei viktigaste prosjekta har vi starta opp med månadlege bestillarmøte, der vi følgjer opp aktiviteten både innanfor investering og drift/vedlikehald. Innan vedlikehald har vi arbeidd mykje for å bli meir spesifikke på vedlikehaldsbestillinga. Tiltak er prioritert i ulike kategoriar, dei minst viktige er prioritert ned, og dei viktigaste for HMS og leveringstryggleik er prioritert opp. Gjennom slike tiltak, både innan investering og vedlikehald, skal vi oppfylle strategien om god leveringskvalitet og robust nettdrift til redusert kostnad. Gjennom samarbeidet i Smart Strøm Nordvest (SSNV) skal Mørenett gjennomføre forskriftskravet om nye smarte energimålarar innan 1. januar 2019. I 2015 vart det skrive kontrakt med målar- og montasjeleverandør. Montasjen av målarane i prosjektet startar hausten 2016. For Mørenett vil montasjen skje frå januar 2017 til juli 2018.
32
#2015 / ÅRSRAPPORT
FORBRUK DISTRIBUSJONSNETTET
2015 2014
Levert sluttbrukar GWh
1 712,4
1 645,8
Tap GWh
86,3
81,7
Sum GWh
1 798,7
1 727,5
Tap i distribusjonsnettet %
4,8 %
4,7 %
NØKKELTAL DISTRIBUSJONSNETT 2015 2014 Høgspentlinjer (km)
873 877
Høgspentkabel (km)
940 938
Nettstasjonar (stk.)
2 573
2 563
Fordelingstransformatorar (stk.)
2 690
2 636
Fordelingstransformatorar (MVA)
1 420
1 431
Lågspentkablar (km)
2 822
2 548
NØKKELTAL REGIONAL- OG SENTRALNETT 2015 2014 22 22
132 kV jordkabel (km)
26 26
192 192
22- 66 kV sjøkabel (km)
26 26
22 - 66 kV jordkabel (km)
40 39
Transformatorstasjonar (stk.)
28 28
Installert transformatoryting (MVA)
415 415
132 kV sjøkabel (km)
22 - 66 kV luftlinjer (km)
997 971
Lågspentlinjer (km)
132 kV luftlinjer (km)
1 310
1 310
Maksimalt effektuttak i distribusjonsnettet var 340 MW (22. januar 2015, time 10). Dette er 4 % lågare enn i 2014 og heile 12 % lågare enn i 2013, då maksimalt effektuttak var 381 MW. Energiomsetning i Mørenett sitt distribusjonsnett var 1 798 GWh. Dette er 4,0 % meir enn i 2014, men 1,1 % nedgang frå 2013. Nettapet i distribusjonsnettet vart 86,3 GWh, som er 4,80 % av omsetninga. I 2015 vart det mata 1 415 GWh produksjon (+ 8 %) i regionalnettet, og 502 GWh (+ 38 %) til distribusjonsnettet (endring frå 2014 i parentes). Total produksjonsinnmating var 1 919 GWh i 2015. KILE-kostnad for 2015 vart 16,3 mill. kr. Dette er meir enn vi har sett oss som mål, og det er sett inn tiltak for å redusere KILE-kostnader både som følgje av planlagde utkoplingar og som følgje av feil i nettet.
33
#2015 / ÅRSRAPPORT
ENTREPRENØRDIVISJONEN Entreprenørdivisjonen har 166 medarbeidarar, og divisjonen utfører oppgåver knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging av kraftnett, elektroniske kommunikasjonsnett, lysanlegg og elkraft.
ENTREPRENØRDIVISJONEN
INGENIØRTENESTER
SEKSJON PROSJEKT
SEKSJON DRIFT
I 2015 har vi hatt fokus på å få ny organisering til å fungere, samstundes som vi har løyst dei løpande oppgåvene knytt til feilretting, vedlikehald og utbygging. Det er stor aktivitet i Mørenett AS sitt forsyningsområde, og det har vore mange oppgåver å ta tak i. Det er netteigardivisjonen som er entreprenørdivisjonen sin største oppdragsgjevar. Om lag 80 % av divisjonen sine ressursar vert brukt mot selskapsinterne oppdrag. Innsatsen er fordelt med om lag halvparten mot drift og vedlikehald, den andre halvparten gjeld investeringar i nye- og rehabilitering av eksisterande anlegg. Vi har gjennom året sett i drift 38 nye nettstasjonar, og bygd om 36 mastetransformatorar etter krav frå DSB. Vi har utbetra jordplater, og utbetra og oppgradert lågspentkrinsar. Fleire høgspent- og lågspenttrasear er lagt om, og det er elles gjennomført ei rekke større og mindre oppdrag i forsyningsnettet. Sjølv om største delen av ressursane vert nytta internt, er oppdrag for eksterne aktørar eit viktig forretningsområde. Om lag 35 av divisjonen sine 166 årsverk vert leverte til oppdragsgjevarar utanfor Mørenett AS. Det vert i hovudsak levert tenester mot tre ulike område: elektroniske kommunikasjonsnett (ekom), lysanlegg og elkraft. OED fremma før jul forslag om endring i energilova. Viktigaste endringa for Mørenett er at det kan kome krav til selskapsmessig og funksjonelt skille mellom monopolverksemd og anna verksemd. Det er forventa at Stortinget tek stilling til lovendringa i løpet av mars 2016. Om endringa vert vedteken, noko som er sannsynleg, får ikkje Mørenett lov til å levere tenester utanom nettmonopolet etter 2019. På bakgrunn av dette vart prosjektet «Utskilling av ekstern verksemd» starta i november 2015. Sluttrapporten frå prosjektet vart ferdigstilt 21. januar 2016. OED sitt lovforslag påverkar i stor grad korleis Mørenett skal organisere seg framover, og rapporten legg eit godt grunnlag for ei faktabasert og god handsaming av dei utfordringar lovforslaget gir oss. Om Mørenett skal nå målet om 100 % effektiv drift i 2018 må kostnadane våre framleis betydeleg ned. For entreprenørdivisjonen betyr dette at vi må klare å bygge ut og drifte kraftnettet med færre personar enn før. Då må vi organisere oss godt, og vi må arbeide smart. I 2015 har vi brukt mykje tid på å få på plass ei felles ressursstyring for aktivitetane i entreprenørdivisjonen. Ressursstyring skal sikre rett prioritering mellom ulike oppdrag, og skal bidra til at vi får utnytta arbeidsdagane våre betre. Vi er i gang med å gjennomføre naudsynte omstillingar, men mykje står att. For at vi skal lukkast må vi endre måten vi løyser dei grunnleggande arbeidsflytane i nettselskapet på. 34
#2015 / ÅRSRAPPORT
Planleggarane, lagerpersonellet og montørane har fått nye oppgåver, og det er mange nye ansvarsgrenser som må trekkast opp. Dette er ein jobb som krev at vi er opne for nye tankar, men som og fordrar at vi er både tålmodige og at vi held stø kurs over tid. Frå februar 2016 får vi samla Mørenett si verksemd i Ålesund på Høgvoll. Tettare kontakt mellom planleggingsmiljøet og det utførande miljøet vil gjere det enklare å nå måla våre. Tilsvarande vil satsinga vår på mobile løysingar, og på å få informasjon ut til nettbrett og ut på arbeidsplassen gjere det enklare å samhandle mellom ulike delar av organisasjonen. Vi må halde fram med å justere og forbetre dei ulike verktya og systema våre, og heile tida forbetre oss. Gjennom det skal Mørenett bli eit enda betre nettselskap enn vi er i dag.
35
#2015 / ÅRSRAPPORT
STYRET
ERIK ESPESET STYRELEIAR
ELLING DYBDAL NESTLEIAR
Stilling: Konsernsjef i Tafjord
Stilling: Konsernsjef i Tussa
Utdanning: Sivilingeniør NTH/NTNU,
Utdanning: Sivilingeniør, NTH og
Master of Business Administration,
bedriftsøkonom, BI
Helsinki School of Economics
NINA MELLE SCHARNING STYREMEDLEM
Stilling: Organisasjonssjef i Tussa Kraft
TERJE SØVIKHAGEN STYREMEDLEM
Stilling: Økonomi- og finansdirektør
Utdanning: Bachelor barnevern, Høgsku-
i Tafjord Kraft
len i Volda og psykologi, arbeidsrett og
Utdanning: Diplomøkonom ,BI, MBA finans,
leiingsfag, Universitetet i Bergen
NHH og autorisert finansanalytikar, NFF
JO STIAN TVERBERG STYREMEDLEM
MAY BRIT TØMMERVIK STYREMEDLEM
Stilling: Adm. dir. i Tussa Installasjon
Stilling: Organisasjonssjef i Tafjord Kraft
Utdanning: Sivilingeniør elektro, NTNU
Utdanning: Master of management, BI
STIG KYRKJEEIDE STYREMEDLEM
PER ANTON KILSTI STYREMEDLEM
Stilling: Sivilingeniør plan i Mørenett
Stilling: Ingeniør prosjektering i Mørenett
Utdanning: Sivilingeniør elkraft, NTH
Utdanning: Ingeniørhøgskule, Elkraft
BJØRNAR DAHLE STYREMEDLEM
OLE JOHAN REKKEDAL STYREMEDLEM
Stilling: Overmontør i Mørenett
Stilling: Ressursstyring/prosjektering i
Utdanning: Energimontør
Mørenett Utdanning: Energimontør
36