Mag2017

Page 1

Næringsmagasinet – eit vedlegg til Avisa Nordhordland 6. september 2017

Alt er i endring:

Næringslivet satsar til trass for tøffe tider

– avisa for distriktet


Innhald

Næringsmagasinet SIDE 4–5

PSW med hårete mål SIDE 6

Fornybarfond

SIDE 8–10

Rekordår på Mongstad SIDE 12

Lærlingesatsing

Svein M. Nordvik

FOTO: MORTEN SÆLE

Næringslivet i raskare endring

K

va tenkte folk flest som levde på slutten av 1800-talet då den industrielle revolusjonen begynte? Sannsynlegvis brukte dei store ord om endringane; utbygging av jernbane med alt det positive som det medførte, om dampskip og seinare motorskip, fabrikkanlegg, utbygging av vegar, telegraf – alt dette påverka samfunnsutviklinga og verksemdene. Poenget er; Menneska har i alle tider opplevd endringar. Når hest og kjerre vart erstatta med jernbane, så var det eit kvantesprang. Tilsvarande er det mange eksempel å liste opp. Det er lenge sidan, men endringane var der – på ein positiv måte! Mange av endringane tidlegare hadde lang brukstid. Det er berre 20 år sidan digitaliseringa i Norge var gjennomført. I 2007 kom iPhone på marknaden, den revolusjonerte dåtida sine mobiltelefonar, nye løysingar gav nye moglegheiter. Det er ikkje meir enn 10 år sidan! Telefaks – som forenkla kommunikasjonen – kom på 1980-talet og for folk flest er det no historie – levetida var ikkje lang. I dag snakkar alle om digitaliseringa som påverkar vår kvardag.

Vil investere 500 millionar

Det handlar om å bruke teknologi på ein måte som gjer oss meir effektive, som skal frigjere tid til andre oppgåver. Vi skal få meir kunnskap om ei sak – der og då. Ventetid er ikkje lenger tema, sanntidsinformasjon er tema. Dette påverkar bedriftene fordi tidsbildet er endra. Det som tidlegare tok veker og månader, tar no timar og dagar, ja oftast berre eit tastetrykk. For bedrifter er den teknologiske utviklinga eit stort pluss. Unødvendige arbeidsoppgåver fell bort, arbeidsoppgåver forenklast og nye arbeidsoppgåver oppstår. Eit eksempel er analyse. Det å bruke all informasjonen som er tilgjengeleg er blitt eit fagfelt. Informasjon vert sett i system. Vi legg alle igjen elektroniske spor, dette utnyttast av mange i kommersielle forhold.

SIDE 20–21

Mediebransjen har hatt, og har, store endringar, finans har det og vi ser det offentlege er flink til å ta i bruk ny teknologi. Både NAV, helsevesenet og kommunal handsaming av saker er eksempel på det.

SIDE 14–15

Grøn med realisme

Næringslivet merker det. Ny teknologi skal gje eit fortrinn. Det kan bety at ei arbeidsoppgåve kan ta slutt. Det er ikkje noko nytt. Det nye er at endringane skjer raskare og raskare – og vi ser ikkje alltid rekkevidde og konsekvensar.

SIDE 24–27

Gull i blågrøne skogar? SIDE 30–31

Bakerisuksess SIDE 34–35

– Å bry seg kan ikkje digitaliserast 2

Næringsmagasinet 2017

For næringslivet er det viktig å bruke teknologien på ein måte som gjer den robust for framtida: Etablere eit anna kostnadsmønster som gjer at kundane får eit betre tilbod og til ein gunstig pris. Kvardagen blir betre for både tilsette, kunde og leverandør, men personvernet vert sett på prøve. Teknologiutvikling er sjølvsagt nødvendig – det gir framskritt og fordelar. Det set store krav til oss alle. Vi må omstille oss, vi må lære å bruke teknologien og utnytte den på ein positiv måte. Vi må akseptere at endringar skjer – hele tida! Det set også store krav til våre utdanningsinstitusjonar – at elevar og studentar er og blir verande nysgjerrige – og at innovasjon står sentralt. Det å forstå teknologien sine moglegheiter er – og blir – ein suksessfaktor. Derfor eit omgrepet «livslang læring» så viktig – vi må hele tida få påfyll av kunnskap. Det er ved stadig å forbetre oss at vi sikrar framtida. Alt er i endring! Svein M. Nordvik

Dagleg leiar Nordhordland Næringslag

Idé, produksjon og layout: Avisa Nordhordland Forsidefoto: Helge Hansen/Statoil Mongstad Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykk AS Nordhordland


Velkomen innom til oss. Her er litt aV Vårt VareutVal

Me har eigen verkstad og reservedelar til Maskinene du kjøper hjÅ oss

stihl Mo oto orsag ger

ver rneu uts styr

ryddesager

vedklø øyvarar

vedkap ppsager

snø øFr res sar rar

snø øryd dding

koMp postkverner

hageM Mas skiner

brend der rup vare- / bÅthengarar

Mu uck tr rucker

Fis skars hag geredskap

br ranns sikr re skap

brannver rnu uts st ty yr

sveis seu uts styr

Metabo elektroverktøy

deW Walt elektroverktøy

trykkluFtutstyr

var rMeo ovnar

stig ger/tr røer

Flagg/Flagg gstenger

po ostkas ssar

høgtrykkvaskarar

lauvblÅsarar

Milj jøbens sin/o olj jer

kiler reiMer

skr ruar r / Fes steMater riell

spiker / kraMp per

søylesko/b bes slag

nøklar/lÅs

dør rhÅndtak

bahco hÅndverktøy

Fiskars økser

arbeid dstø øy

elektr ris sk utstyr

tilb behø ør elektr rover rktø øy

batter ri

las ser r og avstand dsMÅlarar

dab b rad dio o/ hørselvern

ar rbeids slys

løFteu uts styr

tau u/ For rtø øyning gsurtstyr

sMø øreMid dler r

Mu ultiM Meter r

reing gjer ring gsMid dlar

bygg gkjeMi

lysp pærer

bil- / bÅtelektrisk

ved duts st ty yr

kulelag ger r

din lokale Faghandel

Følg oss på Facebook! Shell

eråsReik et bygg

sør nord

E39

Åpningstider:

Mand. - ons.: 08.00 - 16.30 Torsd. - fred.: 08.00 - 19.00 Lørdag: 09.00 - 15.00 STORT UTVAL I SLANGAR OG VATNINGSUTSTYR FRÅ HOZELOCK!

Kvassnesvegen 2 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 79 90 www.reigstad.no EIGEN VERKSTAD OG DELELAGER!

ME FILAR NØKLAR MEDAN DU VENTAR!

STORT UTVAL I HAGEREDSKAPAR FRÅ FISKARS!


Halv milliard: – Me tok att fjorårsomsettinga i juli, og me klarar truleg nærare ein halv milliard i omsetting i år. Og me tenar pengar, seier PSW-sjef FOTO: Yngve Garen Svardal Oddbjørn Haukøy.

PSW Group har hårete mål på Mongstad

I

Skal bli dobbelt så s

2017 er det ti år sidan PSW Group såg dagens lys, og på den tida har dei vore gjennom svært mykje. To store kriser og ein gigantisk opptur på midten har ført til at det truleg aldri har vore keisamt i selskapet.

Fyrst kom finanskrisa i 2008 før bedrifta gjekk rett inn i ein heftig oljeopptur der ein nærast trykte pengar i oljebransjen før det kom ein bråstopp med oljekrisa som ein strengt tatt er midt oppi framleis. – Finanskrisa var meir eit pauseinnslag mot det me opplever no, seier PSW-sjef Oddbjørn Haukøy til Avisa Nordhordland. I den pågåande oljekrisa har han

4

vore nøydd til å seia opp folk som er både kameratar og kollegaer. –  Å seia opp folk er det verste ein gjer. Ein vert aldri van med det, seier Haukøy, som legg til at det er grep ein er nøydd til å ta. PSW var ein gong ei rein vedlikehalds- og modifiseringsverksemd, men oljekrisa har tvunge dei til å tenka nytt. Difor har dei kjøpt opp fleire bedrifter dei siste åra, for å få fleire bein å stå på. Blant selskapa dei har kjøpt opp er britiske Itecsolutions som driv med monitorering, analysar og preventivt vedlikehald av utstyr og innretningar innan subsea- og drilling og Sotra-baserte SEC som leverer system, tenester og vedlikehald til subsea og drilling-industrien. Desse

Næringsmagasinet 2017

oppkjøpa gjer at PSW no mellom anna er store innan elektrifisering av sokkelen. Dei har og gått saman med Wergeland-gruppen i Gulen og gjort eit prosjekt saman i Sløvåg innan vedlikehald og oppgradering på bustadriggen Floatel Superior. – Dette har vore heilt essensielt for å gå vidare, seier Haukøy.

Han kallar samarbeidet med gulingane for ein stor suksess som dei vil halda fram med. – Det at ein seglar riggane inn her og får gjort jobben, det vil ein sjå meir av. Det er fleire som vil inn for reaktivering og klassing av riggar, fortel han.

Til no har det vore elleve riggbesøk i Fensfjorden i regi av PSW, mellom anna var PSW om bord for å klargjera Songa sine nye riggar då dei kom til området.

Haukøy kallar samarbeidet med Wergelandgruppen for ein «perfekt match» og eit godt grunnlag for vidare samarbeid. Konsernrekneskapen for PSW viste i 2016 281 millionar i omsetting og eit årsresultat på rundt tre millionar kroner. Men det ser ut til at jubileumsåret vert monaleg sterkare for dei. – Me tok att fjorårsomsettinga i juli, og me klarar truleg nærare ein halv milliard i omsetting i år. Og me

Nordhordland


her held dei til: PSW sitt anlegg på Mongstad. Foto: PSW group

Oppgradering: PSW har gått saman med Wergeland-gruppen i Gulen og gjort eit prosjekt saman i Sløvåg innan vedlikehald og oppgradering på bustadriggen Floatel Superior. Foto: Floatel

store på fem år tenar pengar, seier Haukøy.

Men han legg ikkje skjul på at det er hardt arbeid å sikra seg arbeid i eit humpete marknad. – Ein må vera veldig nøyaktig i prisinga si. Det er små marginar som avgjer om du får jobben eller ikkje, seier han. Difor har dei styrka salsapparatet og anbodsarbeidet sitt, sjølv om dei har vore nøydd til å nedskalere på andre område. Han seier det framleis er for stor kapasitet i marknaden. – Så me må jobba hardare for å få arbeidet, seier han. Likevel klarar dei å ta mar-

Nordhordland

knadsandelar i eksisterande marknadar, mellom anna på riser-vedlikehald. Han gjev anlegget deira på Mongstad mykje av æra for det. –  Anlegget er gjennomtenkt og sett opp for smart klassing av risarar. Logistikken er minimal, og me har utvikla ein del smarte løysingar for å jobba det fram, seier han.

Mongstad er hovudkontoret til PSW, og det er og der dei ser for seg den største veksten. Der jobbar 110 av selskapet sine rundt 200 tilsette. – Om aktiviteten held seg som den er no, har me lagt ein femårsplan og vil prøva å dobla omsettinga og kapasiteten her på Mongstad, seier ein offensiv Haukøy. – Kor realistisk er det?

– Nett no føler eg det er veldig realistisk, seier han.Måla er sett i takt med dialogen med eksisterande kundar, men dei ser og på å utvida spekteret og tileigna seg nye produkt som dei ser på som ei viktig brikka for vidare utvikling.

«Finanskrisa var meir eit pauseinnslag mot det me opplever no» Oddbjørn Haukøy

Han viser til at dei har skaffa seg ein del kontraktar med ein horisont på tre til fem år framover. – Marknaden vil humpa og gå framover, men eg føler me er på rett veg med strategien vår og med tanke på kva element me skal satsa på framover, seier han. Yngve Garen Svardal

Tekst

Næringsmagasinet 2017

5


NYSGJERRIG: Administrerande direktør Oddbjørn Haukås Jacobsen i Framo Flatøy tykkjer fornybarfondet og moglegheitene det kan gje Framo Flatøy er spanande. Men han veit ikkje om dei kjem til å nytta seg av det enno. BEGGE FOTO: Yngve GAREN SVARDAL

Framo Flatøy har hatt fleire år i motbakke:

Snusar på fornybarfond Eit gigantisk statleg fond som skal hjelpa bedrifter med å utvikla ny teknologi har vekt nysgjerrigheit på Flatøy. – Det der var spanande, utbryt Oddbjørn Haukås Jacobsen, administrerande direktør for Framo Flatøy etter at Terje Breivik (V) har vore på valkampstopp for å fortelja om hjartebarnet sitt, det gigantiske fornybarfondet på 20 milliardar kroner som skal verta etablert i Stavanger like over nyttår. Dei siste åra har vore direkte knalltøffe for Framo Flatøy. På nokre år har ein halv milliard av omsettinga forsvunne, og 90 personar har mista jobben. Berre fyrste halvår 2017 var heile 100 personar ute i permisjon, fordi det ikkje var arbeid til dei. Toppleiinga på Flatøy fatta stor interesse for fondet, under møtet. –  Noko slikt kan gje tryggleik i ein

6

syklisk marknad, meiner produksjonssjef Richard Sulen. Intensjonen med fornybarfondet er mellom anna å hjelpa eksisterande industri med å få nye marknader og fleire bein å stå på, ved til dømes å gjera eksisterande teknologi meir anvendeleg anten i eksisterande marknad eller i nye marknader. Eit krav er at det direkte eller indirekte bidreg til ein reduksjon i klimagassutsleppa. Breivik tek på seg æra for å ha komme opp med ideen, etter å ha møtt mange som seier dei ikkje hadde tilgang på nok pengar for å ta noko frå forskingsstadiet og inn på marknaden. Han seier at ein vil stilla eit avkastingskrav som gjer at fondet går rundt, men at det skal tenkast langsiktig. Då gjerne i eit 15-årig perspektiv. Det er tankar som Jacobsen og Framo Flatøy likte å høyra. – Framo hadde i 1983 mange gode idear, men det gjekk mange år før det

Næringsmagasinet 2017

var såpass butikk at det byrja å gå rundt på dei ideane. Ein måtte passera år 2000, seier han. Også produksjonssjefen likte tankane. – Ein kan tora å setta i gang noko når ein har ein partnar, seier Sulen. No brukar Framo Flatøy resursane sine på å robotisera, digitalisera og standardisera så dei kan gå opp og ned i volum utan at staben på Flatøy må gjere det same i framtida. For dei er veldig klare på at det vil gå opp og ned også i framtida. –  Er det eit teikn på at de ser for dykk at de aldri vert så store att som det var før? –  Den som visste det. Dette er eit middel for å trygga dei arbeidsplassane me har, seier Jacobsen. Han seier at bransjen er i ferd med å stabilisera seg etter ein lang tur i utforbakke. – Det er prosjekt som er i ferd med å røra seg att, seier han.

NYSGJERRIGE: Oddbjørn Haukås Jacobsen, Sigve Gjerstad og Richard Sulen føl godt med når dei vert presentert for fondet. Når det kjem til fornybarfondet er han førebels meir avmålt til avisa om selskapets tankar. Men han er nysgjerrig. – Det er tidleg å seia, men det høyrest spanande ut at det er pengar stilt til rådvelde til utvikling av eksisterande industri, seier han til Avisa Nordhordland. Yngve Garen Svardal

Tekst

Nordhordland


RETT PÅ SJØ OG VEI

N O R D H O R D L A N D N Æ R I N G S PA R K

NYE NÆRINGSTOMTER FOR SALG OG LEIE 10 MINUTTER FRA KNARVIK LANGS E39

Nordhordland Næringspark er stedet der synergier skapes. Flere bedrifter har oppdaget fordelene med å etablere seg her, og nå kan også din bedrift få plass i næringsparken. Vi skreddersyr tomter, størrelser og plassering etter dine behov. Mange tomter er solgt, og byggingen er allerede i gang. Grunnarbeidet ved havneområdet er også godt i gang, og vi vil etterhvert kunne tilby tilgang til kaianlegg og næringsområder ved sjø. Ta kontakt for mer informasjon.

"Vi etablerer oss i Nordhordland Næringspark" og flere er på vei!

otlandsdal bygg

www.NHNP.no

Tommy Guldbrandsøy // Tlf: 918 75 390 // E-post: tommy@atr-eiendom.no Roger Gjervik // Tlf: 918 75 391 // E-post: roger@atr-eiendom.no


E

g trivst heilt fantastisk her. Eg gler meg til å komma på jobb igjen etter ferien, seier ein entusiastisk Statoil Mongstad-sjef, Rasmus Wille til Avisa Nordhordland. Han har tatt seg tid til ein lenger prat med lokalavisa om tilstanden på raffineriet. Han er toppsjefen for 750 Statoil-tilsette og 60 lærlingar. Det er ein krevjande jobb, men Wille seier han er opptatt av at det ikkje er noko «one man show». Difor har han og hatt ein stor rotasjon i leiargruppa si i dei tre åra han har vore sjef på Mongstad. – Det er bevist så eg kan utvikla leiarar, men og for å tilpassa og sikra at eg har rett person på plass i rett stilling, seier den joviale dansken.

Wille seier han er opptatt av å la folk få ein sjanse, så ein kan motivera dei og dermed får det beste ut av folk. Men det er sjølvsagt ikkje alltid ein treff blink når ein hentar folk opp eit nivå og som dermed må flyttast vidare i systemet. – Då prøver me å flytta dei over til ein posisjon der dei kan blomstra. Det er det beste for Mongstad, selskapet og personen sjølv, seier Wille.

UNNVÆRLEG: – Eg brukar tid på å gjera meg unnværleg så fabrikken køyrer når eg ikkje er der. Då kan eg bruka tida mi på møter i Stavanger og tenka forretningsutvikling, seier Statoil Mongstad-sjefen Rasmus Wille. FOTO: Yngve Garen Svardal

Statoil Mongstad har rekordår:

Har aldri produsert

Statoil Mongstad sin toppsjef har ein enkel leiarfilosofi. Det handlar om å få folk til prestera. – Er du ein som ein ikkje kan vera forutan i ein organisasjon har du feila. Difor brukar eg tid på å gjera meg unnværleg så fabrikken køyrer når eg ikkje er der. Då kan eg bruka tida mi på møter i Stavanger og tenka forretningsutvikling, seier sjefen. Og ting kan tyda på at dei har lukkast. Drifta av Statoil Mongstad går i alle fall så det susar. Fyrste halvår

8

2017 sette dei produksjonsrekord. Aldri før har dei produsert meir bensin og diesel enn då. – Me har og hatt god stabil regularitet i anlegget. Økonomisk er marginane framleis gode, som dei har vore dei siste par åra. Det er positivt, seier han. – Men det viktigaste er at me ikkjehar hatt nokre alvorlege hendingar eller tilløp til alvorlege hendingar i 2017, seier han. I så måte var 2016 eit monaleg meir krevjande år. Heile Statoil-konsernet også Statoil Mongstad har vore opptatt av å kutta kostnader dei seinare åra. Eit resultat av dette er at hundrevis av menneske har mista jobben på Mongstad og tenester har vorte «outsourca». Mange har frykta for trygg-

Næringsmagasinet 2017

leiken, men Statoil sjølv har avvist det. Men i 2016 vart fleire hendingar kjent som gav kritikarane vatn på mølla. Alt i 2012 vart IT-arbeidet til Statoil flytta til India. I 2014 klarte ein indisk IT-arbeidar å resetta ein server ved ein feil i India, noko som forstyrra ein lasteoperasjon på Mongstad. I ein periode same år hadde over 100 tilsette i det indiske selskapet tilgang til heile Statoils dataanlegg. Som ein konsekvens av dette vart ein granskingsrapport gjennomført og færre fekk tilgang til IT-systema. 23. oktober i fjor skjedde det ein hydrogenlekkasje på Mongstad og 600 arbeidarar vart evakuert frå anlegget. Det var folk tett på, og det kunne fort ha gått liv tapt, har Statoil sjølv konkludert med. Den hendinga

kan og knytast direkte til kostnad, då det kom fram at selskapet hadde brukt for lite pengar på overflatebehandling, grunna manglande risikoforståing. Ein konsekvens av det er at Statoil Mongstad no har auka overflatevedlikehaldet sitt med hundre prosent. – Kvar gong vi snakkar med nokon i ein leiarposisjon i Statoil snakkar ein heile tida om at ein fokuserer på tryggleiken. Korleis kan då slike ting som dette skje? –  Det er eit godt spørsmål. Men ein av konklusjonane etter hendinga i oktober var at me som leiing ikkje hadde vore gode nok til å laga den risikovurderinga, seier Wille. – Men er då alt snakket om fokus på tryggleiken berre tomme ord frå

Nordhordland


: BEGGE Foto: Jon Halstein Tjore/Statoil Mongstad

t så mykje drivstoff Statoil for å tilfredsstilla opinionen og myndigheitene? – Nei, det opplever eg ikkje det er. Det er mange ting ein kan kikka på når det kjem til sikkerheit, og det er ein god trend på Mongstad, meiner han.

– Korleis er det å vera sjef når slike ting skjer? –  Det er ikkje «sjov». Det er mitt ansvar og det spring eg ikkje frå. Han seier at då må han finna ut kva han kan gjera betre og kva organisasjonen kan gjera betre.

Wille gjentek at dei har fokusert på å auka overflatevedlikehaldet og tempoet på det. Samt at dei har jobba med kulturen og handlingsmønsteret, så alle har ei felles forståing for kva som må gjerast om det kjem ein lekkasje igjen. –  Så de har ikkje kutta for masse, slik at det går på tryggleiken laus? –  Nei, det har me ikkje, seier han. – Sikkerheit er krevjande å jobba med og det er noko me må jobba med heile tida, seier han.

Sett bort frå den alvorlege hendinga var også 2016 eit godt år på Mongstad. I 2016 enda dei med eit resultat på 600 millionar kroner etter 2,9 milliardar kroner i omsetting. Året kunne truleg ha vorte endå litt betre, men dei sleit med regulariteten mot slutten av året. Får dei meir stabil drift vil dei klara å utnytta det når andre raffineri i Europa er nede av ulike grunnar. – Er du då sjølv nede av ein eller annan grunn, går du glipp av det, peikar han på.

Nordhordland

«Eg trivst heilt fantastisk her. Eg gler meg til å komma på jobb igjen etter ferien» Rasmus Wille

Dei siste tre åra har Statoil Mongstad levert gode resultat med til saman 8,9 milliardar på botnlinja. Det var høgst naudsynt då dei fire åra før det leverte 11,5 milliardar kroner i minus. Wille seier han trur framtida til Statoil Mongstad er litt tryggare no enn den var for nokre år sidan. –  Ja, eg føler det. Men det er viktig å forstå at det går i syklus. Me vert ikkje målt på eit år eller to. Men på ein lang periode, la oss seia ti år. Skal me tru på Mongstad må det handla om effektivitet og å vera robust på det tidspunktet det går ned, seier Wille. For dei er heilt sikre på at det vil gå nedover igjen og. Då må dei vera førebudde.

Framhald neste side >>

Næringsmagasinet 2017

9


TRAVELT: Det er travelt når 750 tilsette skal sørga for at gigantraffineriet er oppe og går så ein kan tena pengar på produksjonen.

FOTO: Helge Hansen/Statoil Mongstad

Det vert laga enorme mengder bensin og diesel på Mongstad. Raffineriet kan levera halvparten av all diesel som vert brukt i Noreg i løpet av eit år og fire gonger bensinforbruket. Samstundes vert det seld meir og meir elbilar i Noreg, og snart kjem kanskje hydrogenbilane for fullt. Det merkast. –  Det er ikkje tvil om at forbruket av bensin og diesel går langsamt ned i Noreg. På den måten merkar me det, for me vil sjølvsagt heller ha nærmarknaden enn senda det ut. Men Mongstad er sett opp som eit eksportraffineri og har unike moglegheiter der. Det gjer at vi kan tene pengar på eksport av drivstoff også til land langt vekke, meiner Wille. Og måten dei gjer det på er ved å bruka pengar. Enorme summar vert brukt på å oppgradera anlegget. I

10

samband med ilandføringa av Johan Sverdrup-anlegget oppgraderer dei kaiar og lastearmar til skipa som skal komma og henta olja som vert pumpa i land på Mongstad. I tillegg skal det byggast eit nytt miljøanlegg som skal gjenvinna damp frå bensin når dei lastar om bord i båtar. Dei skal og bruka store pengar slik at dei kan auka produksjonen av lavsvovel-bensin. – Slik me er sett opp i dag vert svovelinnhaldet for høgt i forhold til dei marknadane me ser for oss i framtida, seier han. Særleg i USA skjer det endringar i spesifikasjonane frå 2020 av, difor vil Statoil Mongstad alt i dag endra seg så dei er klare når endringane i spesifikasjonar kjem.

«Det er ikkje tvil om at forbruket av bensin og diesel går langsamt ned i Noreg.»

Rasmus Wille

fleire hundre millionar på å oppgradera anlegget, sommaren 2016 brukte dei 600 millionar kroner på ein stor driftsstans på anlegget, men går alt deira veg, kan det verta investert fleire milliardar på Mongstad. For draumen om raffinering av Johan Sverdrup-olja er ikkje lagt død. – Men me kjem ikkje til å ta det opp no, olja skal jo vera her til 2065. Mitt fokus no er at vi skal bli så robust som mogleg og gjennomføra dei planlagde prosjekta. Me har meir enn nok å ta oss til, så det står ikkje øvst på min agenda. –  Men du har ikkje gjeve det opp? – Nei! Yngve Garen Svardal

Tekst

Det er store pengar i sving når ein først gjere noko, no skal dei bruka

Næringsmagasinet 2017

Nordhordland


DIN LOKALE LEVERANDØR AV

REKLAMEPRODUKTER

! g o l i d e m

Mongstad

Eit kraftsenter i Nordhordland Vel 1100 personar har sitt daglege arbeid knytt til Statoil sine aktivitetar på Mongstad. Ringverknadene av dette er mellom 4000 og 5000 arbeidsplassar totalt. Statoil sine aktivitetar på Mongstad omfattar drift av eit oljeraffineri, eit prosessanlegg for foredling av våtgass, ein råoljeterminal og eit kraftvarmeverk som er tett integrert med raffineriet. På Mongstad er òg Statoil medeigar i det største teknologisenteret for CO2-fangst i verda. På Mongstad produserer vi langt meir drivstoff enn vi brukar i Noreg, er ei stor oljehamn i Europa og er med det ei av dei største eksportbedriftene i landet.

So

Vi produserer òg straum tilsvarande i underkant av 10 prosent av

al !

forbruket i Hordaland.

Du treffer oss på tlf: 4766 9999 post@firmagaven.no www.firmagaven.no

Velg lokalt - prøv oss!

Velkommen til Fedje!

Kompetanseløft

kurs og opplæring

Kolos Inspection AS er en lokal leverandør som utfører både sertifisert sikkerhetsopplæring og dokumentert opplæring for arbeidsutstyr iht. krav og retningslinjer fra Arbeidstilsynet. TRUCKFØRERKURS - T1, T2 og T4 4 –7.september & 31.oktober– 03. november kr. 4.900,- pr. deltaker G11 - LØFTEREDSKAPSKURS 11–12. september, 9–10. oktober, 13 –14. november & 4 –5.desember kr. 3.900,- pr. deltaker G4 - TRAVERSKRANKURS 13 –15. september & 15 –17. november kr. 4.900,- pr. deltaker G8 - LASTEBILKRAN 6 – 8.desember kr. 4.900,- pr. deltaker

FAB. NR.8 kan tilby:

Bjellands Café tilbyr:

Vi har marina med gode forhold når det gjelder vann og strøm. Tilrettelagt for bobiler, god plass. Kurs og konferanser, blåturer. Ring for tilbud. Leligheter for utleie og salg.

God mat til fornuftige priser med alle rettigheter. Arrangerer dans og revy gjennom sommeren. Se våre arrangement på facebook. Vi arrangerer private festligheter, det være runde dager, bryllup, hva du måtte ønske å markere. Ring for tilbud.

Kontaktinformasjon:

Åpningstider:

Kremmarholmen 43 Fedje Tlf. nr: 992 41 000 E-post: tore@frugard.no

Fredag 1800-2300 eller lengre om det er gjester Lørdag 1200-2300 eller lengre om det er gjester Søndag 1200-1800 Merk Buffet ml. kl 1400 og 1700 fast. Ellers vil vi nevne at det finnes rimelig drivstoff for båter på Fedje.

DET ER PÅ FEDJE DET SKJER Følg oss på facebook: www.facebook.com/FabrikNr.8

G20 - FASTMONTERT HYDRAULISK 11–13.oktober kr. 4.900,- pr. deltaker LIFTFØRERKURS 8. september & 10. november kr. 2.400,- pr. deltaker Priser for kurs forutsetter tilstrekkelig antall deltakere.

Kontaktpersoner: Svein Åge Gundersen +47 469 50 589 sveinag@kolos.no Terje Bjørge +47 403 32 233 tbe@kolos.no

Kolos Inspection AS utfører også bedriftstilpasset opplæring: • Brukerkurs for spesialutstyr • Holdningsskapende kurs, kran/løft • Introduksjonskurs, regelverk • Repetisjonskurs / Oppfrisking Pris på forespørsel.


Bak frå venstre: Markus Medaas (TAF-elev industrimekanikarfaget) Alvermarka, Thomas Furseth (industrimekanikarfaget) Lindås, Simon Nikolay Sund (kjemiprosess), Håvard Syslak (automasjonsfaget) Lindås, Mathias Sjøvold Gullaksen (automasjonsfaget) Fedje, Jarle Solend (kjemiprosess) Alversund, Idunn Brubakken Hjellvik (Industrimekanikarfaget) Fonnes og Thomas Miljeteig (kjemiprosess) Alversund. Framme frå venstre: Benjamin Haugland Sleire (TAF-lærling industrimekanikarfaget) Lindås, Ingvild Ones Spjell (TAF-elev industrimekanikarfaget) Hundvin, Malin Rivedal Fonnes (automasjonsfaget) Kaland, Ellinor Tonheim Gundersen (kjemiprosess) Frekhaug, Mathilde Blommendal Bauge (logistikkfaget) Manger, Celina Holmås Olseth (kjemiprosess) Lindås og Maja Emilie Solen FOTO: Statoil Mongstad Hermansen (kjemiprosess) Manger. Ståle Fagerbakke (automasjonsfaget) frå Gulen er ikkje med på bildet.

28 lærlingar byrja hjå Statoil Mongstad i haust:

Aukar talet på lærlingar For fyrste gong på mange år er Statoil Mongstad byrja å tilsetta folk att.

D

ei siste åra har Statoil Mongstad vore nøydd til å kutte fleire hundre stillingar som ein del av sine kostnadskutt. Ein konsekvens av det har vore at det har vore «umogleg» å få seg fast jobb der ute.

Den trenden er i endring no. – Sjølv om me har hatt nedbemanningar har me byrja å erstatningsrekruttera, seier Statoil Mongstad-sjef Rasmus Wille til Avisa Nordhordland. Ein konsekvens av det er at i sommar har 20 nyutdanna fagarbeidarar fått fast stilling på anlegget. – Det er fantastisk å sjå ansikta dei-

12

ra når dei har fått sin fyrste faste jobb og kan byrja på liva sine, seier Mongstad-sjefen. For sjølv om det har vore nedgangstider og mange tusen har mista jobben i Statoil-konsernet, har dei tatt inn lærlingar. Dei har aldri vore under 130 på landsbasis. I år tok dei inn 141 lærlingar og TAF-elevar, 28 av dei på Mongstad. Av desse kjem 15 frå Nordhordland og Gulen. Totalt er det no rundt 60 lærlingar hjå Statoil på Mongstad. Desse har fått lærlingplass etter ein større opptaksprosess der karakterar er eitt kriterium. Andre ting som vert vektlagd er at kandidatane har lite udokumentert fråver frå vidaregåande skule, og det vert rekna som positivt at dei har ei aktiv fritid. Kandidatane har også vore gjennom eit intervju.

Næringsmagasinet 2017

Ein av grunnane for å ta inn så mange lærlingar er at det handlar om erstatningsrekrutering. – No kan me gje dei den kompetansen me treng, seier Wille.

«Me må tilsetta ein del av lærlingane, elles er det ingen som vil søka hit, og når oljeprisen går opp og me treng folk er dei ikkje der.»

For i ein så stor organisasjon som Statoil Mongstad med 750 tilsette vil det alltid vera nokon som sluttar i jobben av ulike årsaker som flytting eller alder. Difor er det og behov for å få inn ny kompetanse. – Me må tilsetja ein del av lærlingane, elles er det ingen som vil søka hit, og når oljeprisen går opp og me treng folk er dei ikkje der, seier kommunikasjonsansvarleg Jon Halstein Tjore.

Jon Halstein Tjore Yngve Garen Svardal

Tekst

Nordhordland


Vil du bli firmakunde * hos Jernia KnarviK? Send en mail til knarvik@jernia.no, så registrerer vi deg som firmakunde.

SPAR

KAFFETRAKTER 1,5 LITER 1000 W Før 499,Eks. mva. 199,-

499,-

VAFFELJERN DOBBELT Før 699,Eks. mva. 399,-

40%

199,-

VANNKOKER STÅLL 1 LITER 1800 W FØR 699,Eks. mva. 159,-

D TIL JERNIA K BU L UN I ST NØKKELFILING

¬

V

IS

IN NTERIØRMALING FRA SCALA

32 FOR

PA

ND

ERER

D E N RIM

E LI

BB ¬ KLU DE

30%

130,-

¬

249,-

200,-

¬ MED LEM

250,-

SPAR

T

E

SPAR

GS

426,-

OLJEFYLT RADIATOR 1000 W Før 699,Eks. mva. kr. 341,-

JERNIA KNARVIK

Åpningstider: Mand.–fre. 10-20, lør. 10-18. Tlf. 56 35 03 30

Det tas forbehold om trykkfeil, utsolgte og ikke leverte varer. * Tilbud gjelder selvfølgelig for alle kunder.


Utbyggingsplanar: Ola Braanaas ønsker å etablere eit postsmoltanlegg på land i det som er planlagt å verte Mjåsund næringspark på Mjømna. Grunneigar og Foto: Camilla Aasen Bøe tiltakshavar for reguleringsplanen som er under utarbeiding er Frode Kversøy.

Vil investere 500 milli På Mjømna vil Ola Braanaas bygge eit postsmoltanlegg som kan skape 20–25 arbeidsplassar. Med mindre han vert lei av å vente på å få lov.

O

m vi kan bygge raskare nokon anna stad, så gjer vi det, seier Ola Braanaas. Utanfor piskar tunge regnbyer over fasaden i glas og grått. Inne er det kontor med glasveggar, kvite skjorter og tosetarar i farga

14

skinn på Firda seafood sitt hovudkontor på Byrknes i Gulen.

til ti månader, mot 12 eller 18 månader i dag.

Det handlar om eit postsmoltanlegg på land i det som etter planen skal verte Mjåsund næringspark på Mjømna. Området på 411,3 mål skal romme tre bygg på 10.000 rutemeter til landbasert akvakultur og ei djupvasskai. I tillegg vert det rom for lager, fiske- og foredlingsindustri og anna næringsverksemd på området, går det fram av planforslaget som konsulentfirmaet A/Stab AS har utarbeidd på vegner av grunneigar Frode Kversøy.

Måten det skal skje på, er som følger: I tankar på land skal Braanas først drive fram smolt, sjøvassklar settefisk, frå egg. – Slik vi driv i dag tek dette seks månader til eitt år, sidan fisken er vekselvarm og veks seinare om vinteren. Ved å bygge eit nytt anlegg som baserer seg på resirkuleringsteknologi kan vi styre vasstemperaturen, noko som vil gje raskare tilvekst og redusere produksjonstida på smolten med kring 45 dagar. Så kjem det som er heilt nytt for

– Målet er å få opphaldstida i sjø ned

Næringsmagasinet 2017

Firda seafood: Postsmolt. – Ved å la fisken vekse seg til ei vekt mellom 300 gram og eit kilo før fisken vert sett i sjøen, skal opphaldstida i sjø verte redusert med totalt 130–200 dagar. Det er først og fremst eit tiltak for å betre dyrevelferda og drive meir berekraftig med tanke på lakselus, seier Braanaas. Kvifor ikkje legge heile produksjonen til land? – Det er store teknologiske problem knytt til det, og det er ikkje økonomisk berekraftig. Dei som har drive lengst med det har ikkje klart å få overskot på det, sjølv ikkje i fjor då lakseprisane var på 60–70 kroner.

Nordhordland


Mjåsund Næringspark: Dette arealet på 411,3 daa vil grunneigar Frode Kversøy å få regulert til Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommunar – Geodata AS næringsareal.

Mjømna: Anlegget er prosjektert på Mjømna vest i Gulen, der det er tilkomst via Byrknesvegen og via sjøvegen. Kartgrunnlag: Kartverket, Geovekst og kommunar – Geodata AS

ionar på Mjømna Totalt vil postsmoltanlegget koste 400–500 millionar kroner ferdig utbygd. Samanlikna med tradisjonell oppdrett vil kostnader til straum og teknisk anlegg vere store. Om det kan redusere kostnaden som lus og sjukdom utgjer, vil det vere verdt det. Teknologien som gjer anlegget mogleg, har ifølge Braanaas vore i vinden dei siste åra. – Før kravde slike anlegg store mengder vatn. No vert vatnet reinsa og resirkulert slik at forbruket går ned. Dermed er det mogleg å etablere her ute, seier han. Det som har bekymra folk i lokalmiljøet, er forbruket av ferskvatn frå

Nordhordland

tre vatn på Mjømna. Braanaas meiner uroa er utan grunn. –  I anlegget vil det sirkulere 600.000 liter vatn i minuttet, der ein prosent vatn vert skifta ut og resten reinsa og resirkulert. Dermed vil vi trenge 3000 liter ferskvatn og 3000 liter sjøvatn kvart minutt. Dette ferskvatnet utgjer ein femtedel av den naturlege avrenninga frå vatna. Braanaas er klar til å sette spaden i jorda og reise eit bygg til 150 millionar kroner så raskt som råd, men det er skjær i sjøen. Først må reguleringsarbeidet fullførast, så må han søke om konsesjon og løyve frå sentralt hald, ein prosess som gjerne tek to år.

«Det er først og

fremst eit tiltak for å betre dyrevelferda og drive meir berekraftig med tanke på lakselus.»

Ola Braanaas

Han meiner kommunen kunne gjort meir for å lette denne prosessen. – Vi synst at det kunne vore betre tilrettelegging. Andre stader utviklar kommunane næringsareal som dei stiller disponibelt for bedrifter som vil etablere seg. Her må ein i stor grad gjere jobben sjølv, seier Braanaas. –  Vi ønsker å bygge opp verksemd i området her, og det er ein fordel for oss å legge dette lokalt, men om nokon ikkje ønsker oss her, bygger vi ein annan stad. Då går samfunnet her glipp av 20–25 arbeidsplassar, barn i barnehagen og folk i butikken. Camilla Aasen Bøe

tekst

Næringsmagasinet 2017

15


– Har vore på­dri­var Slik sva­rar ord­fø­rar i Gu­len, Hall­vard Op­pe­dal, på kri­tik­ken frå Ola Braa­ naas.

G

u­len kom­mu­ne kjen­ner seg ik­kje att i des­se på­stan­da­ne frå Ola Braanaas. Saka det­te gjeld er at han gjen­ nom sitt fir­ ma gjekk til flei­ re kom­mu­nar med spørs­mål om kom­ mu­na­ne kun­ne legge til rette are­al til eit post­smolt­an­legg. Dei vil­le ha eit fer­dig pla­nert om­rå­de som dei der­et­ ter vil­le kjø­pe til kost­pris. Gu­l en kom­m u­ne set­te i gang ein pro­sess opp mot Fyl­kes­man­nen om tre konk­re­te om­rå­de som kun­ne vere ak­tu­el­le, og bad om førehandsuttale kes­ man­ nen om kor raskt vi frå Fyl­ kun­ne kom­me i gang med ut­byg­ging. Eit av om­rå­da, på Mjøm­na, var eigd av ein lo­kal ent­rep­re­nør, og han var svært in­te­res­sert i at an­leg­get skul­le kome på hans om­rå­de, og han kun­ne opp­ar­bei­de om­rå­de og sel­je det di­ rek­te til Ola Braanaas og hans fir­ma. Det­te er et­ter kom­mu­nen sitt syn ei god ord­ning, og det er no ar­beid på

gang med re­gu­le­rings­plan for det­te om­rå­det. Gu­len kom­mu­ne har vore med som ar­ran­gø­rar av eit fol­ke­mø­te om saka, og el­les vore til dis­po­si­sjon. Vi har så­leis et­ter vårt syn vore på­dri­ va­rar for at an­leg­get skul­le kome til Gu­len, og at Ola Braanaas på ein god måte kun­ne star­te opp med ut­byg­ gin­ga. Så vil eg sei ge­ne­relt at Gu­len kom­ mu­ne, gjen­nom vårt ar­beid med are­ al­de­len i kom­mu­ne­pla­nen har hatt eit tett sa­mar­beid med opp­dretts­næ­rin­ ga, og prøvd å legge til rette are­al i sjø slik næ­rin­ga ynskjer. Vi har no 11500 da. sjø­are­al til dis­ po­si­sjon for næ­rin­ga, noko som er høgt både sa­man­lik­na med an­dre næ­rin­gar og an­dre kom­mu­nar. Det­te har vore med på at Ola Braanaas og an­dre har kun­na ut­vik­le næ­rin­ga på ein god måte, noko også kom­mu­nen er gla­de for. Det­t e sa­m ar­b ei­det hå­par eg vil fort­set­te også i fram­ti­da, slik at vi i lag kan vere med på å ut­vik­le den­ne næ­ rin­ga fram­over på ein god og be­re­ kraf­tig måte. Hall­vard Op­pe­dal, ordførar

tekst

Usamd: Hall­vard Op­pe­dal, ord­fø­rar i Gu­len kom­mu­ne, er ik­kje samd i må­ten Ola Braa­naas frams­ til­ler saka. Ar­k iv­fo­to: Yng­v e Ga­r en Svar­dal

SAMMEN SKAPER VI ET STERKT NÆRINGSLIV - Møteplass, nettverksarena og talerør for våre medlemmer -

nonl.no 16

Næringsmagasinet 2017

Nordhordland


Kilstraumen Brygge har mykje å by på • • • •

Overnatting for korte og lengre opphald. Hytter, rorbuer, leiligheter og rom i vertshuset. Gode lokaler til kurs og møter Overtidsmat levert til Mongstadområdet

Vi inviterer til julebord frå 17.november til og med 17.desember. Det vert god mat og god drikke, og kvelden vert avslutta med dans og livemusikk. Reservasjon av plassar. For meir informasjon; sjekk ut www.kilstraumen.com Kontakt oss på mob. 948 53 975 eller epost: post@opplevaustrheim.no

Hos Reklamehuset kan du handle det meste du trenger innen reklame. Vi har egne produksjonslokaler i Knarvik og på Frekhaug, og et kontor i Sløvåg. Vår produksjon består i hovedsak av skilt og dekor, bannere og storprint m.m, samt ulike trykksaker. Vi har to designere som kan hjelpe deg med det du trenger av grafisk veiledning. Vi er også medlem i New Wave Profile, Skandinavias største gruppering for profilklær og gaveartikler. Profilmarkedsføring er et stort og voksende medium og det er effektivt om det brukes riktig og konsekvent. Ta kontakt med oss så hjelper vi deg!

VI PRODUSERER OG LEVERER l SKILTING OG UTSMYKKING AV NÆRINGSBYGG, SKOLER, BARNEHAGER, BUTIKKER ETC. l BILDEKOR l FASADESKILT l ANLEGGSSKILT l LYSSKILT l VINDUSDEKOR l STORPRINT PÅ DUK, FOLIE, PVC ETC. l MESSESTANDS

Knarvik Kvassnesveien 44, 5914 Isdalstø Tlf. 56 35 62 50, post@reklamehuset.no

www.reklamehuset.no

l l l l l l l l

ROLL-UP BEACHFLAGG UTFORMING AV FIRMALOGO TRYKKSAKER KLÆR OG TEKSTILER GAVEARTIKLER STRØARTIKLER STEMPEL M.M.

Sløvåg, Vidsyn Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra Tlf. 41 55 33 25, evy@reklamehuset.no


- eit verdi Vi har støtta Ungdomsmila og gratulerer med 35-års jubileumet. Ungdomsmila er Noregs største løp for ungdom med ca. 2600 deltakarar i alderen 13 - 18 år. I tillegg til løpa er det: • Miljøkurs for 8. og 9. klasse • Trafikkurs og ernæringskurs for 10 klasse • Økonomikurs og ernæringskurs for 1. og 2. klasse for VGS For ungdommane er det gratis å delta både på løpa og kursa. I tillegg betalar KnarvikMila halvparten av busskostnadane. Frå fagleg hald blir det hevda at Ungdomsmila er eit av dei beste verdiarrangement som blir arrangert for ungdom i heile Noreg.

- avisa for distriktet

Masterbilde

Leknesvegen 254, 5915 Hjelmås, Tlf: 56 35 55 30, ekneskarosseri.no

Bilde 1

Knarvik senter

Bilde 2

Bilde 3

18

Næringsmagasinet 2017

Nordhordland


iarrangement for ungdom Bilde 4

Nybygg - Påbygg - Rehabilitering Tlf 480 38 227

Bilde 5

www.fiskenett.no - Tlf: 56 34 98 60 - produsent av sportsnett -

Svarkupong - Finn 5 feil Blant dei rette svara blir det trekt ut fleire fine premiar.

WergelandGruppa er oppteken av at born og unge er fysisk aktive!

www.wergeland.com

Premie:

gavekort kr. 5.000,- gitt av:

Det er ein feil på kvart av bilda på desse to sidene. Fyll ut kupongen under og send svaret innan 11. september til KnarvikMila, postboks 177, 5903 Isd dallsttø

Namn: ................................................................................................. Adresse:.............................................................................................. Telefon:................................................................................................ Feil bilete 1:.............................................................................................. Feil bilete2: ......................................................................................... Feil bilete3: .......................................................................................

V i skr ed de r sy r d in e f e r i e drø mme r

Feil bilete 4: ......................................................................................

G Trave l Ås a ne Re i s eby rå

Feil bilete 5: ..................................................................................... Nordhordland

Tlf 55 53 57 50 Ma il : getaway.a s an e @g travel . n o

Næringsmagasinet 2017

19


Fem på gata om yrkesval, utdanning og framtida med mindre olje

Grøn med realisme

Svein Røtne (70) Fargekonsulent, maling

– Eg har sjølv vore i Kina og sett den raude sola gjennom svovelskyene, eg veit kva kolkraft fører til. Det seier Svein Røtne om framtida for norsk olje og gass. Avisa Nordhordland snakka med fem på gata om dei ville valt ein annan veg til yrkeskarrieren om dei fekk velja på nytt, om deira tankar rundt ungdommen sine yrkesval og framtida for næringslivet i Nordhordland.

20

Næringsmagasinet 2017

E

g ville nok valt ein annan veg om eg fekk velja på nytt, då ville eg blitt arkitekt. I min oppvekst var moglegheitene for å velja fritt ikkje til stades på same måte som i dag, ein vart ført inn i det som omgjevnadene kravde.

Trass fokus på det grøne skiftet og utfasing av oljenæringa vil han ikkje erklære næringa død enno. – Dette er det delte meiningar om, men vi vil ha olje i mange år enno, særleg med tanke på veksten i Asia og Afrika. Røtne meiner dei unge ikkje må legga vekk tanken om ei framtid i oljebransjen enno. – Verksemder i bransjen har stor mangel på kvalifisert arbeidskraft. Eg vil ikkje avskrekka dei unge frå å tenka olje, men tenke parallelt mot

ei grøn framtid. Så lenge vi produserer den reinaste olja og gassen bør vi vera leiande på dette området. Om det kan erstatte kolkraft er olje pr. i dag eit miljøvenleg alternativ, vi må sjå kvardagen i augene, seier han. – Eg har sjølv vore i Kina og sett den raude sola gjennom svovelskyene, eg veit kva kolkraft fører til. Når det er sagt er eg absolutt for ei grøn framtid. Eg er ein grøn mann, men med realisme, seier han med eit smil. Han har no ei 50 prosent stilling på Frekhaug Stål, som har kundar relatert til oljenæringa på si kundeliste. – Vi merkar at oljebransjen får ein oppsving, det får fort følgjer vidare, seier han. Morten Sæle

Tekst og foto

Nordhordland


Miriam Skurtveit (24) Barnehagelærar

E

g trur nok eg ville valt same utdanning om eg kunne velja på nytt. Det er kjekt og allsidig, ingen dagar er like. Det er kjekt å bidra til dei små barna sitt liv, seier Skurtveit.

Ho oppfordrar dei unge til å velja utdanning med hjarta, ikkje berre med hjernen. – Dei bør velja noko dei likar, og noko det er mogleg å få jobb i, sjølv om dette gjerne forandrar seg heile tida, seier ho. – Og så trur eg det er viktig at ein fullfører det løpet ein har begynt på.

Erlend Moldekleiv (18) Tømrar

O er lik.

m eg hadde fått moglegheiten til å velja på nytt ville eg gått for det same, eg ville vore tømrar, seier Moldekleiv, som stortrivst i yrket sitt. – Det er varierte og interessante dagar, ikkje ein dag

Han oppfordrar andre unge til å satsa på byggfag, og har stor tru på ei framtid i bransjen. – Det er mykje variert arbeid, seier han. Grønt skifte og strengare miljøkrav gjer seg også gjeldande i byggebransjen. – Det er mellom anna blitt mykje strengare med sortering av avfall frå byggeplassen, seier Moldekleiv, men legg til at dei ikkje merkar så mykje til det grøne skiftet til dagleg.

Beate Eknes (35) Miljøterapeut

S

ei det, eg trur nok eg ville valt det same, men eg ville gjerne gjort det litt annleis, seier miljøterapeuten, som er utdanna almennlærar med spesialpedagogikk. – Eg ville absolutt hatt ein del av den kunnskapen eg har tileigna meg. Eknes seier det ikkje er lette val ungdommen står framfor. – Dei bør tenka meir på interesse, gjera noko dei har interesse for, seier ho. – Dei bør prøve å få seg jobbar, slik at ein kan teste ut litt, dei må vera litt på, kanskje få seg ein jobb som ringevikar.

Utdanning som gir valmoglegheiter er hennar tips til ungdommen. – Vel ei utdanning som gjev deg fleire bein å stå på, slik at ein kan skifte yrke. Næringslivet meiner ho må finna andre måtar å gjera ting på. – Nyskaping og innovasjon blir viktig. Ein må kunna snu arbeidskapitalen, snu teknologien og ikkje legge ned, men vera open for nye ting. Det trur eg gjeld alle arbeidsplassar, sjølv på kort sikt kan ein ikkje basere seg på å leve av olja, men finne annan teknologi. Det handlar om innovasjon, seier Eknes.

Nordhordland

Jan Rantrud (69) Høgskulelektor

J

a, eg ville nok valt den same retninga om eg kunne valt karriere på nytt, seier Rantrud.

Han vil råda ungdommen som står framfor eit utdanningsval til å satsa på noko innan fornybar energi, men seier ungdom har ei utfordrande oppgåve med å ta eit val for framtida. – Det som ser lyst og tiltrekkande ut i dag kan vera noko heilt anna i morgon, seier Rantrud. Næringslivet i Nordhordland meiner han også bør retta seg mot fornybar energi for å gå ei lys framtid i møte. – Eg trur faktisk ein treng å satsa på dette alt no, det ser ut som olja vil bli fasa ut uansett, seier han. – Norge vil klare seg heilt fint utan olje. Andre nordiske land uten oljeverksemd har det ikkje vondt, og har samanliknbare velferdstenester som Norge.

Næringsmagasinet 2017

21


HYLKJEFLATEN 16 Eierseksjoner

10

SEKSJONER SOLGT!

PRISER FRA: 2.590.000,SENTRALT PÅ HYLKJEFLATEN.

KONTAKT:

Hilde Alværn Løland 91 30 27 20 / hilde@midgardgruppen.no

Fått krav om avfallsplan? Me hjelper med dokumentasjon og tek hand om avfallet ditt.

56 34 33 10 - ngir.no - ngir@ngir.no


Alt i dekk og felg · Lastebil / industri · Anlegg / landbruk · · · ·

MC / ATV Bobil / campingvogn Personbil / hengere Kjettinger

www.villanger.com - tlf. 55 18 00 58 - Hjordlandsveien 1, 5135 Flaktveit - villangerdekk@outlook.com

Møt oss gjerne på transportMessse Vest 15-16. septeMber på eikås

DekkLeVeranDøren For nÆringsLiVet

I NORDHORDLAND OG BERGEN Vi holder til i Åsane, Hjordlandsveien 1, 5135 Flaktveit

Vi leverer alt i dekk og felg i ulike prisklasser! Ta kontakt for et godt tilbud!

24 timers vakt hele året! Vakttelefon 41 77 00 11


1 Taredyrking: Dyrka tare veks på anlegg av tau som vert strekt ut i sjøen. Foto: Engesund Fiskeoppdrett 2 Optimist: Bård Johannessen i Havtare AS. Foto: Camilla Aasen Bøe 3 Potensial: Jorunn Skjermo, seniorforskar ved Sintef, slår fast at taren kan bli ei stor, ny næring. Foto: Sintef 4 Produkt: Tørka sukkertare. Foto: Sintef 5 Forsøk: Engesund fiskeoppdrett undersøker effekten av å kombinere lakseoppdrett og taredyrking. Foto: Engesund fiskeoppdrett

Kråkesølv eller gull i b 8 milliardar kroner i 2030 og 40 milliardar i 2050. Det er potensialet, og dei siste åra har ei bråte nye selskap komme til for å sikre seg sin del av denne kaka. Står tarenæringa på kanten av det store gjennombrotet?

B

ård Johannessen trur det. Som tilsett i oljeindustrien har han dei siste åra fått kjenne grunnfjellet skake, og sjølv om han sjølv til no har vore trygg, legg han alternative planar. – Eg og bror min, Torje, som jobbar med oppdrett, hadde ein kreativ

24

kveld, der taredyrking dukka opp som ein vag idé, og deretter balla det på seg, seier Johannesen. I april 2016 oppretta dei selskapet Havtare AS og sommaren 2017 er to konsesjonssøknader i sluttfasen hos Gulen kommune, medan ein tredje søknad er midtvegs.

Næringsmagasinet 2017

Frå stoveglaset på Byrknes peikar Bård Johannessen i tre himmelretningar, dit anlegga skal ligge. Totalt legg Havtare AS med desse søknadane 697 daa sjøareal under seg. Maksimalt kan det gje ei avling på 1600 tonn tare årleg.

skal i sjøen, er det snakk om millionbeløp i investeringar. –  Vi har vore i kontakt med fleire som seier dei vil kjøpe alt vi kan produsere, og vi er overbeviste om at vi skal tene pengar og ha omsetnad på dette, seier Johannessen.

Verdien av denne avlinga kan vere frå 12 til 50 euro per kilo tørrvekt, avhengig av type tare, kvalitet og ikkje minst etterspurnaden i marknaden.

Likevel er vesentleg usikkerheit knytt til den nye næringa. Ei av dei som kan mest om tare i Norge er Jorunn Skjermo, seniorforskar ved Norsk senter for tang- og tareteknologi ved SINTEF. Forskinga ho presenterer viser at

Til no har nysatsinga ikkje kosta anna enn eigeninnsats, men når taren

Nordhordland


fakta ◗◗Tang og tare er kjent

under fellesnemnaren makroalgar. ◗◗Makroalgar kan nyttast til mat og helsekost, fôr og fôringrediensar, kosmetikk, legemiddel, biokjemikaliar, bioenergi, mineral, gjødsel og jordforbetring. ◗◗Dyrking av makroalgar skjer ved hjelp av tauanlegg i dei øvste 10-15 meterane i sjøen og krev ikkje kjemikaliar, fôr eller anna ureining. ◗◗I 2016 stod Kina for 69 prosent av tareproduksjonen i verda. Deretter er Indonesia, Filippinane, Korea og Japan dei største produsentane. ◗◗Globalt er 93 prosent av taren dyrka, medan resten er hausta av viltveksande tare. ◗◗I Norge reknar forskarar med at tarenæringa i 2050 kan produsere 20 millionar tonn tare på 1200 km2, til ein verdi av 40 milliardar kroner. Verdipotensialet til lakseoppdrett er estimert til 238 milliardar kroner i 2050. ◗◗I Norge er det 480 artar makroalgar. Av desse er det først og fremst butare, sukkertare og raudalgen søl som er under utvikling for industriell dyrking.

blågrøne skogar? tarenæringa kan gje fleire titals milliardar kroner i tiåra som kjem. Samstundes trur ho ikkje på eit plutseleg stort gjennombrot. – Dette går sakte men sikkert, og ein må jobbe planmessig og bygge opp dyrkinga. Fiskeridepartementet har tildelt over 240 konsesjonar, men eg tippar det er berre 10–15 bedrifter i Norge i dag som faktisk er i gang med å dyrke, seier ho. Ein kort innhaustingsperiode stiller den nye næringa overfor utfordringar. Haustar ein for tidleg, er ta-

Nordhordland

ren ikkje fullvaksen. Haustar ein for seint, er risikoen for påslag av andre organismar på taren stor. Dermed må teknologi for å hauste og foredle hundrevis av tonn med tare på kort tid på plass. På forskings- og utviklingsfronten er eit anna sentralt spørsmål korleis ein kan nyttiggjere seg av taren på best mogleg vis. – I eit bioraffineri kan ein hente ut høgverdikomponentar som antioksidantar som gjev veldig godt betalt, protein og mineral som det finst ein

god del av i taren, men som ikkje gjev like godt betalt, og ein rest som kan eigne seg til gjødsel eller produksjon av biogass for tungtransport. Det er utvikla teknologi for å vinne ut ein del av desse stoffa, men ikkje på industriell skala, forklarar Skjermo. I dag er den dyrka taren i Norge først og fremst nytta til mat, der heile planten kan nyttast. Frankrike og andre land ligg framom Norge i løypa med å utvikle relevant foredlingsteknologi. – Det er viktig at vi er på bana og

får på plass slike prosessar slik at vi ikkje berre vert råstoffleverandørar i denne næringa. Eg har veldig tru på at om fem år har vi komme godt i gang. Då er det ikkje berre mat lenger, men andre produkt i kommersiell produksjon, seier Skjermo. Eit spørsmål som er heva over all tvil, er at norskekysten er svært godt eigna til taredyrking. Analysar av tilgjengeleg areal for taredyrking i Norge har avdekka det Skjermo omtalar

Framhald neste side>>

Næringsmagasinet 2017

25


1 Kvalitet: Marit Gjerstad i Norges Vel oppmodar alle nye bedrifter til å ta kvalitet på høgste alvor. Her med dyrka sukkertare i hendene. Foto: Norges Vel 2 Ledig: Rosa og lilla område i arealplankart for sjø i Gulen viser område som er sett av til akvakultur. Rosa er i bruk, medan lilla er ledig. Kart: Gulen kommune

●● Sintef-rapport Dyrking av makroalgar ved hjelp av berre sollys og næringsstoff frå sjøen og opptak av CO2, vil vere karbonnøytralt. Biomassen vil bidra betydeleg til å møte behova for mat, fôr, materiale, kjemikaliar, drivstoff og legemiddel i den nære framtida. Gjennom ein ny bioøkonomi basert på dykra makroalgar vil Norge etablere eit framtidig råstoff som utkonkurrerer landbaserte jordbruksressursar og på same tid vil bidra til å erstatte fossile ressursar. Denne blå økonomien vil styrke Norge si rolle som den leiande sjømatnasjonen så vel som ein leiande leverandør av marin, berekraftig biomasse. For å styrke ein ny bioøkonomi basert på dyrka makroalgar må ein fokusere på tre prioriterte område: ◗◗Teknologi for produksjon av biomasse ◗◗Prosessar for bioraffineri ◗◗Marknad og produktutvikling KJelde: A new Norwegian bioeconomy based on cultivation and processing of seaweeds: Opportunities and R&D needs

26

som enorme område som er veleigna for taredyrking. Lokalt er også potensialet stort. Dei tre lokalitetane som Havtare AS søker om, er blant dei områda som allereie er regulert til akvakultur i Gulen kommune sin reguleringsplan, men som til no ikkje har vore i bruk. Totalt har Gulen kommune regulert 11.550 daa i sjø til akvakultur, og per no er knappe 5000 daa av dette i bruk. Dei beste områda er der havstraumar løfter opp næringssalta taren nyttiggjer seg, dermed er kystnære område som utanfor Byrknes betre eigna enn djupe fjordarmar. Eit unntak som er under utforsking, er å dyrke tare nær anlegg for fiskeoppdrett, såkalla integrert akvakultur. I Masfjorden er Engesund fiskeoppdrett i gang med eit slikt forsøksprosjekt i Leirvika i Austfjorden i samarbeid med Hortimare, Sulefisk, Osland Havbruk, Møreforsk og Norsk Sjømatsenter A/S.

Næringsmagasinet 2017

«Vi har vore i kontakt Vi har med fleire som seier dei vil kjøpe alt vi kan produsere, og vi er overbeviste om at vi skal tene pengar og ha omsetnad på dette.» Bård Johannessen

–  Første året, 2013, hadde vi nokre titals meter, og fekk ein fantastisk vekst på taren. Deretter hadde vi 800 meter tare i eit tomt laksebur utan merd, men der var veksten dårlegare enn venta. I år blir taren strekt på utsida av lakseburet, som eit skjørt, seier dagleg leiar ved Engesund fiskeoppdrett, Svein Eivind Gilje. Taren nyttiggjer seg overskotsnæring frå oppdrettsanlegget, slik graset på bøen nyttar gylla. Dermed vert fjordar som i utgangspunktet ikkje gjev taren like gode vekstvilkår, næringsrike for dei blå skogane. Det som er mest interessant for Gilje, er korleis taren påverkar laksen og berekrafta i laksenæringa. – Tare trekker til seg fantastisk biomangfald med vill småfisk og rognkjeks, som et lakselus. Når vi no legg taren rundt laksemerda er det for å sjå om taren dermed kan fungere som eit lusefilter. I framtida vert det også mangel på råstoff til laksefôr, og om ein kan nytte både protein og gode feittsyrer frå taren i laksefôret får ein auka berekrafta, seier Gilje.

Nordhordland


3 Potensial: Tare byr på eit vell av moglegheiter, men vegen til å realisere desse er framleis krevjande. Foto: NTB Scanpix 4 Tarenettverk: F.v.: Daniel Fedøy og Wenche Leite Kalvøy frå Seaweed As, Kaja Rød og Maren Sæther frå Seaweed Energy Solutions As, Edvin Skår frå Austevoll Seaweed Farm As, Bjarne Stangeland frå Auklandshamn As, Arne Skeie frå Hardangerfjord Seaweed Farm As, Nikolai Buer frå Lofoten Esca Verno As og Lill-Ann Gundersen frå Norges Vel. Foto: Norges vel

Gilje er heller ikkje blind for det potensialet som ligg i taren i seg sjølv, og planen for Leirvika på sikt er å gå heilt over til taredyrking. – Dette er ei ny og spennande utvikling som Engesund vil vere med på, slår Gilje fast. Engesund Fiskeoppdrett er langt frå dei einaste som vil sikre seg sin del av den gryande veksten. Ei komplett oversikt over nyleg etablerte verksemder i tarenæringa er vanskeleg å skaffe, men om ein tek utgangspunkt i verksemder med ordet seaweed i namnet, kjem ein trend til syne. Av totalt 24 verksemder, er 12 etablert i 2016, mot fem i 2015, to i 2014, ei i 2014 og ei i 2009 . Så langt i 2017 er det etablert tre bedrifter med ordet seaweed i namnet. Tore Alfheim ved Innovasjon Norge stadfestar at dei har sett ein auke i slike verksemder dei siste par åra. Det han er oppteken av, er at tarenæringa unngår tabbane som førte til at blåskjel aldri tok heilt av.

Nordhordland

– Vi har ei historie med blåskjel som ikkje gjekk så bra fordi ein ikkje hadde gjort ein grundig jobb for å avklare marknaden og kva krav marknaden stilte. Eg har stor tru på at vi skal klare å produsere taren, men det må også vere nokon som vil kjøpe det. Det er der næringa er i dag, seier Alfheim. – Eg ser det er algefeber langs kysten no, men eg håpar at dei som tykkjer taredyrking er interessant tek det stegvis. Ingen må tru at dette er «easy business». Det er ikkje nokon rask gevinst på dette, seier Marit Gjerstad. Ho er seniorrådgjevar i Norges vel og koordinerer mellom anna den nyetablerte Norsk taredyrkerforening. Medlemmane der er taredyrkarar som har fokus på produksjon til mat, og som driv frittståande taredyrkingsanlegg. Per i dag er det seks medlemsbedrifter som gjennom foreininga får anledning til å utveksle erfaringar i møte med ulike problemstillingar i næringa. Rekneskapen til desse bedriftene viser at vegen vidare er lang.

«Eg ser det er algefeber langs kysten no, men eg håpar at dei som tykkjer taredyrking er interessant tek det stegvis. Ingen må tru at dette er «easy business.» Marit Gjerstad

Berre ei bedrift enda i pluss i 2016. Samstundes som Gjerstad i høgste grad er optimist på næringa sine vegne, har ho føtene godt planta på jorda. – Det er mange flaskehalsar. Kapital, teknologiutvikling, tilgang til stillingar, marknad, produktutvikling, logistikk, distribusjon. Det er mykje som skal på plass i heile verdikjeda. I Vesten er tare ein uvand ingrediens i mat utanom som superfood og ein kuriositet. Interessa er gradvis aukande, men Gjerstad ser ikkje føre seg noko stort gjennombrot for næringa i løpet av dei kommande fem åra. – Om fem år håpar eg at vi har fått effektivisert produksjonen, at vi er komne lenger med teknologien og at vi ikkje minst er godt i gang med salet. Norge må konkurrere på produktkvalitet, og det er veldig viktig at alle aktørane har felles forståing for det og at ein går litt i same takt for å utvikle den nye næringa, seier Gjerstad. Camilla Aasen Bøe

Tekst

Næringsmagasinet 2017

27


KAMPANJE

HOS

LAKKBEHANDLING: Basic Spa (2-steg): Ord. 2600,Advanced Spa (3-steg): Ord. 3800,Exclusive Spa (4-steg): Ord. 4800,-

Avd.1 Åsamyrane 285/Nyborg ved esso Avd.2 Hagerupsvei 99/Storetveit ved Shell

Tlf:

46 44 44 86

Post@premiumautospa.no Åpent: Man-fre 08.00-16.00

*Kampanjen varer frem til 15. september

Nå kr. 1900,-

Nå kr. 2500,Nå kr. 3200,-


OPPTIL

% 0 5AVSLAG

*

LAKKFORSEGLING: Premiun NanoX: Ord. 6 000,Premium Diamond: Ord. 8 000,P. Diamond & NanoX: Ord. 10 000,-

INTERIØRBEHANDLING: Leahter Spa: Ord.2200,-

Nå kr. 5200,-

Nå kr. 6400,-

Nå kr. 1100,-

Interiør spa & Impregnering: Ord.5000,-

Nå kr. 3900,-

Nå kr. 2900,-


Stadig framgang: Goman Rognaldsen på Lindås hevdar seg blant dei mest lønsame av alle bedriftene i området. Nedst til venstre er Torgeir Sveine, adm.dir. ved Foto av Torgeir Sveine: Coop. Alle andre foto: Yngve Garen Svardal Coop Norge Industri og dagleg leiar ved Goman Rognaldsen.

Bakarbedrift med top At olje, oppdrett og industri tener store pengar er ikkje uventa. At eit bakeri i Lindås hamlar opp med dei største, er derimot ei overrasking.

I

kkje overraskande toppar oljenæring og fiskeoppdrett listene over bedrifter i våre dekningskommunar med størst resultat før skatt i 2016. Meir overraskande er det at eit bakeri totalt sett kjem på 17.-plass i ei slik oversikt. Kva er nøkkelen til at Goman Rognaldsen år etter år kan vise til ein auke i både omsetnad og resultat? – Bakeriet har ein fantastisk flink arbeidsstab av flinke folk som gjer ein

30

god jobb. Der har bra utstyr og er eit godt bakeri, seier Torgeir Sveine. Sveine er administrerande direktør i Coop Norge Industri, som eig Goman Holding AS. I 2010 kjøpte Goman Holding 50,01 prosent av Rognaldsen bakeri på Lindås, som fram til då hadde vore familieeigd. Frå bakeriet vart starta i 1999, har bakeriet drive med overskot i alle år utanom 2009 og 2010, då resultatet enda på -2,8 millionar og -569.000

Næringsmagasinet 2017

kroner. Sidan 2011 har resultatet bakeriet har levert hatt ein jamn auke opp til fjorårets resultat før skatt på 9.513.000 kroner. Omsetnaden har også auka jamt og trutt frå 11,9 millionar i 1999 til over 108 millionar i 2016. Både når det gjeld omsetnad og resultat før skatt, var 2016 eit rekordår for Goman Rognaldsen. – Styrkane til Goman Rognaldsen er at der er høg kompetanse med flinke fagfolk som står på og gjer at både forbrukar og butikk er fornøgde med varene dei får, seier Sveine om bakgrunnen for suksessen. Andre faktorar som spelar inn

på dei gode tala er stadig investering og utvikling av selskapet. I takt med auken i omsetnad har talet tilsette auka til 91 i 2016. Det er kjøpt nytt utstyr for å halde fram med å utvikle bakeriet. Ifølge Sveine har det i gjennomsnitt vore investert tre millionar kroner i året i bakeriet på Lindås, fordelt på både bygget og bakeriet. Styrken i Coop-konsernet kan heller ikkje undervurderast, særleg når det gjeld marknadstilgang. I 2016 sa fleire Coop-butikkar i Sogn og Fjordane opp avtalen med Naustdal Dampbakeri, og gjekk over til å selje brød frå Goman Rognaldsen. Denne sommaren har endå fleire Coop-butikkar i Sogn og Fjordane gått over til

Nordhordland


●● Topplister: resultat før skatt 2016

fakta ◗◗Topplistene viser

kva føretak i dei ulike kommunane som hadde størst resultat før skatt i rekneskapsåret 2016. ◗◗Der driftsresultat viser skilnaden mellom driftsinntekter og driftskostnader, inkluderer resultat før skatt ned- og avskrivingar, men ikkje skattekostnader. ◗◗For Fedje sin del er lista avgrensa til føretak med positivt resultat før skatt i 2016. ◗◗Tala er henta frå regnskapstall.no ◗◗Alle tal i heile tusen kroner. ◗◗Føretak som ikkje er ført opp på desse kommunane i regnskapstall.no sine lister kan mangle frå denne oversikta.

ppresultat Lindås-brøda. Sjølv om hovudmarknaden for brød frå Goman Rognaldsen er i bergensområdet, er denne utvidinga nordover utvilsamt noko som viser att som del av veksten i omsetnaden det siste året. På kva måte artar behovet for endring og omstilling seg i denne bransjen? – For oss handlar det om å følge med på forbrukarane sine ønske. Dei siste 10–15 åra har vi prøvd å lage høgkvalitets ferske brød, som til dømes steinomnsbakte brød. Det vil kunden ha, og det har vi lykkast godt med, seier Sveine. Nettopp ferske brød utgjer hovudtyngda av produktporteføljen til Go-

Nordhordland

man Rognaldsen. I tillegg produserer bakeriet prefabrikkerte brød som kan steikast i butikk, og kaker. Sjølv om Goman Rognaldsen driv og går godt, ser Sveine tilgangen på ny kompetanse som ei potensiell utfordring for bakarbransjen. – Utdanningsnivået på bakarar i Norge kan vere til dels utfordrande. Vi har fått tak i dei folka vi treng, men i bransjen generelt er dette ei utfordring. Eg kunne ønske det var meir fokus på fagarbeidarutdanning innan bakarfaget, og ikkje berre konditorar, seier Sveine. Camilla Aasen Bøe

Tekst

Drifts- Drifts- Resultat inntekter resultat før skatt Austrheim utan Mongstad Romy Shipping AS 58239 8822 9732 Myklebusthaug Shipp. AS 17655 -1185 2824 Wilhelm invest AS 90 37 2563 Myklebusthaug Manag. AS 24713 1948 2234 1980 136 1704 K Sætre Rederi AS Sundfjord bygg AS 6001 1643 1628 Fonnes Shipping AS 11252 1191 1179 4863 1085 887 Fonnes Båtservice AS Austrheim Elektro AS 2992 727 727

Eigedelar 111810 65097 12889 13968 87940 2751 7056 9792 1654

Fedje Livi multiservice AS 79 31 31 61 80 32 30 167 Oss på Fyret Hillesøy AS Gulen Firda Sjøfarmer AS 925175 326404 323685 Firda Seafood group AS 5147 1 217565 Wergelandgruppen 38402 16818 35395 174839 31455 31129 Norva24 vest AS 170447 24624 25286 Wergeland Halsvik AS Birkeland Entreprenørf. AS 86768 13761 13833 O. Braanaas AS 0 -92 9259 87544 10370 9144 Martin E Birknes eftf AS 0 -227 7335 White invest AS

706828 649540 486191 196742 129310 55766 568589 128349 35074

Lindås utan Mongstad Lindås Tomteselskap AS 25853 16849 16961 109468 10090 9513 Goman Rognaldsen AS Opplæringskontoret for NH 10510 8211 8235 47581 8775 8010 Nesfossen Smolt AS Rema 1000 Knarvik 170913 7755 7914 Anfield invest AS 0 -8 7795 7594 7600 Norwegian Weather Pro.AS 86767 Foss eiendomsselskap AS 8967 7354 7054 R Christensen invest AS 0 -52 6484

47007 53487 10587 61585 26530 10972 24419 33848 10107

Mongstad Statoil Refining Norway AS 2909528 692387 764943 Mongstad terminal DA 374155 149161 151093 Mongstad admin. AS 104469 70899 69353 Mongstad eiendomssel. AS 86328 58619 57223 CCB Mongstad AS 400836 25523 26326 Imr Property AS 14497 8324 6316 Magne Hope AS 92715 4842 5252 Storemyra 247 AS 7498 5464 3978 Grunnevika eiendom AS 4380 3112 3134 Mongstad Terminalen AS 7389 2831 2754

10874141 285960 1174200 425092 234806 150635 51458 55128 39710 7918

Masfjorden Entr. Ansgar Birkeland AS 27940 6289 6429 Viking Haugsvær 8176 861 858 Nordbygda eiendom AS 1213 732 776 Masfjorden Elektro AS 5204 696 728 Matretunet AS 1356 1089 692 Atno consulting AS 2216 671 678 Kvingo regnskapskontor W. 1012 669 669 Reknes Byggjevarer LL 29112 1223 552

19461 3168 10866 7383 15164 3058 52 17505

Meland Framo Holsnøy AS 201893 31925 29681 Salar Bruk AS 92371 18864 19130 Tobir Holding AS 800 -131 10048 Migg AS 2095 899 7905 Pantheon Holding AS 0 -34 6957 Bjørn Hagen AS 72957 6957 6937 Ome Projects AS 26312 6776 6778 Mebas AS 25 -14 6314 J & Ke Samport AS 0 -102 4129

216754 111066 101580 12396 23595 30960 10982 8399 36776

Radøy RadøyGruppen Insul. AS 27493 5868 5250 Radøy bemanning AS 25956 4784 4558 Solberg Scandinavian AS 68067 6481 4097 Entr. AS Rune Ulvatn 20243 3657 3861 Dynaplan AS 16594 1766 3779 Bygger'n Stevnebø 34725 2863 2894 Marona AS 140 -137 2510 Helland eiendom & inv. AS 3840 932 2072 13941 2006 1974 Helland utleie AS

22529 10500 46494 19517 15691 17663 65928 26000 6116

Næringsmagasinet 2017

31


t! e h y N Jens Strandenes Knut Henanger Eivind Sagstad

MESSETILBUD!

Vi er blitt Hellvik Husforhandler! Møt oss på stand E-14 på Boligmessen i Vestlandshallen 8.-10. september!

Bestill vår flotte huskatalog på www.hellv vikhus.no

XL-BYGG Frekhaug har solgt byggevarer i mange år, og etablerer nå egen boligavdeling – Hellvik Hus Frekhaug. Er du på jakt etter ny bolig eller hytte – liten eller stor, for flatt eller skrått terreng, stilarter fra tradisjonell til moderne? Alle husmodellene våre kan tilpasses dine behov og ønsker. Kom innom oss på stand E-14 på boligmessen i Vestlandshallen og ta en boligprat med oss! Vi har mange gode messetilbud! GRATISBILLETTER: Kom innom oss på kontoret, eller kontakt Eivind på eivind@xlfrekhaug.no.

Hellvik Hus Frekhaug, Mjåtveitflaten 55, 5918 Frekhaug. Tlf: 56 17 42 40 – post@xlfrekhaug – www.hellvikhus.no

WE BRING THE THUNDER

OG DU ER INVITERT!

FÅ EN

GRATIS

TORSDAG DEN 7. SEPTEMBER KL. 09.00 - 15.00

OR HVA OG SP ELST! H M O S RSTE 100 FØ E TIL DE ND BESØKE

KJØP MER - FÅ MER

EVENT DEALS

Alle priser eks.mva M18 ONEDD-0X

KJØP FOR

2.500,eks.mva

KJØP FOR

5.000,eks.mva

KJØP FOR

49 933451911

M18 ONEIWF12-0X

4933459198

M18 ONESX-0X

M18 FPP2L-502X

4933459203

4933459356

7.500,eks.mva

S I HDLEVEREFFERT! BOX KO

S I HDLEVEREFFERT! BOX KO

S I HDLEVEREFFERT! BOX KO

SI LEVERE X -BO 2 X HD TER! KOFFER

1.690,-

eks.mva HULLSAGSETT FOR ELEKTRIKER

4932451547

FÅ EN VERKTØYSEKK

FÅ EN M18 JSR DAB+ ARBEIDSRADIO

FÅ ET M18 NRG 402 BATTERISETT

999,eks.mva

2.190,-

eks.mva HULLSAGSETT FOR VVS

4932451548

4.490,-

eks.mva

eks.mva

SHOCKWAVE BITSSETT

SETT MED MÅLEBÅND, KNIV OG MERKEPENN

4932430908

999,eks.mva

Mjåtveitflaten 55, 5918 Frekhaug. Tlf. 56 17 42 40. post@xlfrekhaug.no Åpningstider: mandag - onsdag og fredag 07.00 - 17.00 Torsdag 07.00 - 19.00. Lørdag 09.00 til 16.00

4932459375

249,eks.mva

249,eks.mva

xl-bygg.no

Forbehold om trykkfeil.

1.790,--


Ser du de

enorme mulighetene

i dette bildet?

Bølgekraft - et nytt, norsk og miljøvennlig industrieventyr DU kan ta del i. Det norske miljøteknologiselskapet Ocean Energy er en pioner i arbeidet med å sikre tilgang til det som kan bli en av fremtidens viktigste energikilder: BølgEkraft. Nå har vanlige småsparere og investorer mulighet til å ta del i utviklingen av et spennende industrieventyr – med en grønn og bærekraftig profil! Slik fungerer det: Med «the Storm Buoy», stormbøyen, kan et bølgekraftverk motstå de enorme naturkreftene som inntreffer under uvær og stormer på havet uten at anlegget er unødvendig overdimensjonert. Det skjer ved at den flytende delen av kraftverket

senkes under vann ved ekstremsituasjoner, og dermed «rir været av». Selve generatoren er trygt plassert på havbunnen. «the Storm Buoy» utvikles i samarbeid med flere universitetsmiljøer og det maritime kompetanse- clusteret på Nordvestlandet. Prosjektet er grundig evaluert, støttet av Innovasjon Norge, og nominert til DNBs Innovasjonspris. Vil du ta del i det som kan bli et nytt, norsk industrieventyr? Det ligger et enormt marked i utviklingen av nye og bærekraftige energikilder. Norske myndigheter har tro på «the Storm Bouy», og har omtalt den som «Et mulig paradigme-

skifte inne utviklingen av bølgekraft.…» Selskapet har nå gjennom flere års intens utvikling og patentering kommet frem til den fasen hvor produktene gradvis skal kommersialiseres og introduseres til markedet.

Dette krever ytterligere kapital og nå kan du få din andel av den videre utviklingen mot denne spennende og nye fasen for selskapet. Det handler både om å gjøre en investering, og om å bidra til utviklingen av grønn energi for fremtiden. Vil du gripe muligheten? Les mer om prosjektet på www.ocean-energy.no

Motta komplett informasjon ved å sende e-mail til: oce@oce.as, eller ring oss på: 88 00 30 40

www.ocean-energy.no

JA, DETTE ER FREMTIDEN Og DET VIL JEg VÆRE MED PÅ, SEND KOMPLETT INFORMASJON TIL: adressate betaler for sending i Norge

NAVN:

Distribueres av Posten Norge

POSTNR./STED: TLF./MAIL:

Nordhordland

Nordhordland

ADRESSE:

Ocean Energy aS Svarsending 8636 0097 Oslo

Næringsmagasinet 2017

33


– Å bry seg kan ikkje digitaliserast Banksjefen i Nordea, Margunn Bjørnestad, har heile karriera jobba for at næringslivet i Nordhordland skal lykkast.

S

idan 2004 har Margunn Bjørnestad jobba med å gje råd og finne finansieringsløysingar til næringslivet i Nordhordland. No er ho banksjef og leiar for Nordea sine banktenester til næringslivet på Vestlandet. Hadde du allereie då du starta ein plan om å komme hit du er i dag? – Absolutt ikkje. Eg lurer framleis på kva eg skal bli når eg blir stor, seier Bjørnestad og ler, før ho held fram. – Det var veldig tilfeldig. Eg hadde sommarjobb i DNB i to år og tykte det å jobbe i bank var kjedeleg. Som nyutdanna fekk eg jobb i eit datafirma, der eg skulle selje domenenamn og epostar. Det er ikkje lenger tilbake enn 2000, men det var ikkje alle som skjønte at det var viktig. Så fekk eg tilbod om jobb i bank der eg treivst godt med mangfaldet av menneske og kundar. At eg er kommen hit eg er i dag handlar om at eg tek ansvar, har stor arbeidskapasitet og likar å jobbe. Eg føler det er tilfeldig, men eg har gjort meg fortent til det. Sidan 2004 har du jobba spesifikt inn mot bedrifter. Korleis skil det seg frå privatmarknaden? – For banken reknar vi seks gongar høgare risiko på lån til bedrifter, dermed er det dyrare for bedrifter å få lån. Samstundes er det min jobb å hjelpe bedrifter til å lykkast ved å finne løysingar. – Det enklaste er å seie nei, men eg må kunne forstå, engasjere meg og vere løysingsorientert for at bedrifter skal vidareutvikle seg. Det kan bety å seie ja, og det kan bety å utfordre kundane og vere ein strategisk samarbeidspartnar som ser moglegheiter. Det krev stor kjennskap til næringslivet, trendar og tendensar, og å sjå moglegheiter både lokalt og internasjonalt. Det er det som gjer det gøy. Eg blir aldri utlært. Kva utfordringar har du personleg møtt på vegen hit?

34

– Eg har, som alle andre, møtt ulike folk på min veg og opplevd ulike hersketeknikkar. Første gong eg vart leiar var eg 22 år og vart sett på som «ho unge». Eg har aldri latt meg pille på nasen, men eg har heller ikkje gjort det til ein kamp. Eg blir heller skarp i tonen og tenker at slik skal ikkje eg bli.

for ulik kompetanse ved behandling av søknader i små kommunar. Kva har vore det mest krevjande for banken den siste tida? – Vår største utfordring er å finne ut korleis vi skal posisjonere oss medan endringstakta er veldig høg. Då tenker eg først og fremst på digitaliseringsbølga som treffer vår bransje hardt. Mykje kan digitaliserast, men vi skal framleis vere ein god rådgjevar med menneske på begge sider av bodet. Evna til å bry seg og vere løysingsorientert er vanskeleg å digitalisere. Bedriftsmarknaden krev meir skreddarsaum, meir handverk.

Kva kjenneteiknar næringslivet i Nordhordland? – Det er veldig mange små og nokre store, gode verksemder og eit stort mangfald. Ei undersøking har vist at nordhordlendingane ikkje er dei som lever lengst, men stå-på-viljen er høg og arbeidsløysa er tradisjonelt låg. Ein er god til å vere løysingsorientert, og det viser seg i bedrifter som har stått støtt gjennom dei siste åra. Korleis vil du skildre utviklinga i næringslivet dei siste fem åra? – Veldig mange har vorte tvinga til å tenke nytt på grunn av oljeprisfall og digitalisering, og menneske er laga slik at når ein må, så evnar ein også. Gründersatsinga som har vakse fram gjennom Industriutvikling Vest er det ikkje sikkert hadde fått same responsen for ti år sidan. Mange har lukkast gjennom krevjande tider, og mange gjer det bra framleis. Eg bur i Meland og ha eit stort hjarte for å sjå Nordhordland lykkast. Her er mange flinke folk som både kan og vil. Kven er det som klarar seg best? – Dei som evnar å tenke langsiktig og bygge stein på stein i staden for kortsiktige strategiar og store utbytte. Der har nok Nordhordland ein fordel ved at ein ikkje er kjend for å føre ein utsvevande livsstil. Det å vere nøktern kjem både bedrifter og personar til gode. Kva er det viktigaste for næringslivet akkurat no? – For at samfunnet skal utvikle seg må politikk, næringsliv og finans spele på lag. Industri og arbeidsplassar er grunnleggande for samfunnet, og vi må rope høgt om kva næringslivet treng. Ny veg til Vågsbotn er definitivt kjempeviktig. Forsvarlege rammevilkår for vidareutvikling av næringslivet, både skatt og behandling er også veldig viktig. Det er alt

Næringsmagasinet 2017

Eg har ein grunnleggande filosofi om at alle ønskjer å lykkast, og då er spørsmålet korleis eg kan trigge dei til utvikling. Margunn Bjørnestad

Korleis møter du desse utfordringane? – Eg er veldig oppteken av at eg skal stå for det eg gjer og stå rakrygga uansett. Om eg må seie nei til ei bedrift eller nedbemanne, skal eg kunne forklare kvifor. Det kan kanskje samanfattast som å vere ryddig. Kva legg du vekt på i di rolle som sjef ? – Machiavelli seier at alle menneske traktar etter rikdom, makt og anerkjenning. Eg har ein grunnleggande filosofi om at alle ønskjer å lykkast, og då er spørsmålet korleis eg kan trigge dei til utvikling. Den største utfordringa er menneske som individ. Alle veit kva dei trivst best med, og må gå i seg sjølv og spørje seg om ein er på rett plass og sjå kvar vegen vidare går. – Mitt ansvar er å ta omsyn til at alle er ulike individ med ulike styrkar og fokusere på det gode i folk. Det å sjå kollegaer utvikle seg og kundar lykkast er gøy. Eg er oppteken av at om du skal leie andre, må du ha forståing for at dei har eit liv utanom banken. Då må du tole at alle har opp- og nedturar. Camilla Aasen Bøe

Tekst og foto

Banksjef: Margunn Bjørnestad har gått frå stilinga som regionbanksjef for NordvestHordaland i SPV til banksjef for Business Banking Vest i Nordea.

Nordhordland


Nordhordland

NĂŚringsmagasinet 2017

35


Vinner du kampen om de beste hodene? garuda.no

Garuda leverer rekrutteringsprosesser som holder en høy etisk standard. Med 25 ürs tilstedevÌrelse pü Vestlandet har vi solid kunnskap om hva som skaper gode og langsiktige ansettelsesforhold.

garuda.no - 55 11 71 30


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.