Nordhordland Næringslag 50 år

Page 1

Laurdag 9. juli 2022

NORDHORDLAND

ANNONSE

ANNONSØRINNHOLD NONL.

Bedriftene i regionen såg at utbygginga på Mongstad ville vera ein «revolusjon» for arbeidsmarknaden i distriktet vårt. Denne utviklinga ville lokalt næringsliv ta sin del av. Det er eit viktig bakteppe for etableringa av Nordhordfland Næringslag, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag sidan 2018.

Stod fram med samla kraft – og dei vågar å tenkja stort Dei stod fram med samla kraft og greip utfordringane og den nye verda som opna seg då oljealderen kom til Nordhordland og Gulen. Nordhordland Næringslag kan no sjå seg tilbake etter 50 år og fastslå at dei har gitt viktige bidrag for å løfta fram både lokalt næringsliv og samfunnsliv. Dei er klare for nye utfordringar på veg inn i det grøne skiftet og står på barrikadane for samferdsel og større kraftforsyning. Det var først og fremst Mongstadutbygginga som var bakteppet for at bedriftsleiarar i regionen såg behovet for eit tettare samarbeid. Dei såg tidleg at det var nødvendig å stå saman i kampen for å få til ei positiv utvikling i regionen og sikra at lokale bedrifter skulle sikra seg oppdrag knytt til den store utbygginga. Nordhordland Handverk- og Industrilag såg dagens lys i juni 1972, og oppslutninga var god frå første stund.

Ein «revolusjon» - Dei såg at utbygginga på Mongstad ville vera ein «revolusjon» for arbeidsmarknaden i distriktet vårt. Denne utviklinga ville lokalt næringsliv ta sin del av, og det ville dei ikkje makta utan samarbeid, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag sidan 2018. Først i 2004 vart Svein Nordvik tilsett som den første daglege leiaren i organisasjonen. Tilsetjinga av dagleg leiar medførte ei betydeleg profesjonalisering av laget. Seinare har næringslaget også styrka drifta med stillingar som er knytt til koordinering og kompetanse.

Har jobba gratis i alle år Baste Tveito er imponert over den innsatsen medlemmane

Opna dørene for alle Organisasjonen fekk stadig nye medlemmar, og etter ein lang diskusjon bestemte laget seg i 2016 for å inkludera alle næringar. Dørene vart opna for både handel og anna næringsliv. I dag har næringslaget ca 360 medlemsbedrifter, og har skifta namn frå Nordhordland Handverkog Industrilag til Nordhordland Næringslag.

Kamp for kraft, TAF, læreplass-garanti og E39 Næringslaget har vore ein viktig medspelar og pådrivar også utover sine næringsinteresser. Mellom anna har laget vore ein sentral aktør for å få etablert ein læreplass-garanti for elevar ved dei vidaregåande skulane i Nordhordland – som den einaste regionen i landet som kan tilby denne garantien til elevar som består VG2. Næringslaget har også vore med på å berga TAF-ordninga, som fleire gonger har vore under hardt press og stått i fare for å bli avvikla. Innan samferdsle er det kampen for veg- og tunnelutbygging på E39strekninga Klauvaneset-Vågsbotn som no har stor fokus hjå medlemsbedriftene i NONL. - Vi har gjort vårt for at dette prosjektet no er inne i komande transportplan-periode (NTP), men vi kan ikkje kvila på laurbæra, seier Tveito. I ei årleg medlemsundersøking i NONL kjem det klart fram at dette prosjektet er svært viktig for bedriftene. Næringslaget sitt engasjement var i si tid heilt avgjerande for å få gjort noko med flaskehalsen Åse-Herland, der medlemsbedriftene gjekk inn med

i næringslaget har lagt ned gjennom mange år – utan ei krone i godtgjersle for å vera med i styre og ulike utval. - Medlemsbedriftene gjer ein stor dugnadsinnsats i dette

forskottering av prosjektet, som elles ville blitt utsett på ubestemt tid.

Kraftkrise i det grøne skiftet Nordhordland Næringslag har også stort fokus på kraftsituasjonen og nettkapasiteten i Nordhordland. - Vi var dei første i landet, i alle fall blant dei første, som sette fingeren på manglande kraftforsyning for å utvikla nye og viktige etableringar som er heilt avgjerande i det grøne skiftet. Etter sterkt påtrykk frå næringslaget er det gitt grønt lys for to nye kablar over Fensfjorden. - Meir kraft og bygging av nye nettlinjer er kjempeviktig for nyetableringar og utvikling i t.d. Mongstad-området. Den grøne industrien er avhengig av mykje straum.

- Det hastar Baste Tveito peikar på at Vestland er svært avhengig av olje- og gassindustrien, og Nordhordland dobbelt så avhengig som resten av Vestland. - Det betyr at det grøne skiftet må koma raskare her enn andre stader, for at vi ikkje skal bli akterutsegla og mista mange arbeidsplassar. Vi har «verdas beste» infrastruktur, men manglar kraft, seier Tveito. Han framhevar det gode samarbeidet som ulike aktørar i Vestland utgjer i Næringsalliansen. Alliansen har under pandemien fungert som eit samlande talerør overfor styresmaktene. Næringslags-leiaren er også tilfreds med kommunane i regionen, som han meiner er gode på å leggja til rette for næringsområde. - Vi er ein svært næringsvenleg region både kommunalt og politisk, seier Baste Tveito.

samarbeidet – alt er basert på at bedrifter og enkeltpersonar stiller opp med frivillig innsats for å utvikla ein mest mogleg attraktiv bu- og arbeidsregion og vekstvilkår for bedriftene,

Grøne og kraftfulle jubileumsønskje - Vi har levd veldig godt av olje- og gassarbeidsplassar i generasjonar. No er ein ny revolusjon i gang – det krevst ein klar strategi for korleis denne omstillinga skal gjennomførast, seier Baste Tveito. Her er hans jubileumsønskje – med klar adresse til nasjonale styresmakter. Styresmaktene har gitt næringslivet ein klar marsjordre: Kutt klimautslepp med 50 prosent innan 2030. Hydrogenfabrikkar og batterifabrikkar blir framheva som avgjerande i omlegginga til grøne industriarbeidsplassar. Men dagleg leiar i næringslaget slår fast at dette er ein visjon det ikkje er lagt nokon konkret strategi bak for å oppnå. - Styresmaktene må først bestemma seg for kvar desse fabrikkane skal leggast, og så syta for at desse stadane får den kraftforsyninga det er behov for, seier Tveito. Han viser til at svenskane ligg langt framfor Norge i tilrettelegging for batterifabrikkar, og Storbritannia og EU eit hestehovud framfor i satsing på blå hydrogen. - Norge har visjonar, men ingen strategi som viser korleis vi skal koma dit, seier Tveito.

seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

13


14

Laurdag 9. juli 2022

ANNONSE

NORDHORDLAND

ANNONSØRINNHOLD NONL.

ÆRESMEDLEMMAR: Her er æresmedlemmar i Nordhordland Næringslag samla under jubileumsmarkeringa. F.v: Svein M. Nordvik (den første daglege leiaren), Karstein Stene (den første styreleiaren), Arnt Brandtun, Ivar K. Johannessen, Ivar Fivelsdal, Hans Wergeland, Magne Hope, Roald Olsvold, Marvid Dale. Arvid Sulen var ikkje til stades. (Foto: privat)

- Ei eventyrleg reise I dag er det moderne og gode arbeidsplassar i regionen. Det har vore ei eventyrleg reise, seier Karstein Stene, som vart valt til den første styreleiaren då Nordhordland Handverk- og Industrilag vart skipa i 1972. Nordhordland Næringslag, som namnet er i dag, feira denne veka 50 årsjubileum, og den første styreleiaren helsa forsamlinga under markeringa i Kilstraumen. Næringslaget har spelt ei stor rolle i arbeidet for velstandsutviklinga i regionen, i form av viktige arbeidsplassar. - Men det går ikkje an å snakka om industriutbygging og arbeidsplassar i Nordhordland og Gulen utan å nemna Nordhordland Tiltakskontor, som arbeidde aktivt for å få etablert arbeidsplassar, stoppa fråflytting, og få distriktet ut av fattigdom. Stene fortel at den første store oppgåve til det første styret i næringslaget var å samla alle næringsdrivande i regionen og fronta den samla kapasiteten overfor storentreprenørane som kom til Mongstad for å bygga oljeraffineriet for Rafinor AS.

- Næringslaget vart teke vel i mot. Dei store entreprenørane kjøpte tenester av næringslaget sine medlemmar. Bedriftene vart utfordra til bygging av bustader, brannstasjon og verkstad på Mongstad, og var tungt inne i bygginga av det nye og store administrasjonsbygget til Rafinor AS. Ein god start, seier Stene. - Det er rett å seia at ut frå etablering av næringslaget vart det fostra nye idear og tankar om vidare satsing. Medlemmar i laget bidrog vesentleg til å bygga opp Mongstadbase – Mongstad sør. Mongstadbase er eit storverk, seier Stene.

Eit industri-under Den første styreleiaren uttrykte også si beundring for industribyggarane i Gulen. - Gulen-entreprenørane starta sanneleg ikkje som «kapitalkrefter», men med gode idear og tru på ei framtid. Det er eit industri-under, fastslår Karstein Stene, og siterer frå «Haugtussa» av Garborg - «Det stig av hav eit Alveland».

Karstein Daae Stene var første formann i styret i Nordhordland Handverkog Industrilag, no Nordhordland Næringslag. (Kjelde /utlån: Nordhordland Næringslag)

Vi gratulerer med jubileet


NORDHORDLAND

Laurdag 9. juli 2022

ANNONSE

ANNONSØRINNHOLD NONL.

Ny styreleiar i næringslaget: – Stolt av læreplassgarantien Korsøen har vore med i styret i næringslaget dei to siste åra, men har følgt laget i mange år.

blei auka; (30 GW innan 2040); og med det nye Trollvind-feltet (1GW) vest for Bergen, ligg forholda godt til rette her.

Sikra sårt tiltrengt arbeidskraft

- Gradvis dreining mot grønare arbeidsplassar, men olje vil framleis fortsatt ha stor betydning

Styreleiaren er stolt av arbeidet som blir gjort i næringslaget si «ressursgruppe» - i samarbeid med skuleverket/ NAV for å unngå at færrast mogleg ungdommar fell ut av skulen, men får tilpassa lærlingeplass. - Dette er utruleg viktig for regionen vår, og er med på å sikra sårt tiltrengt framtidig arbeidskraft, auka livskvalitet for den enkelte det gjeld, og reduserte sosiale kostnader for AS Norge. Det er mange positive ringverknader med dette arbeidet, seier Beate S. Korsøen.

Beate S. Korsøen er ny styreleiar i Nordhordland Næringslag.

Ho skreiv historie då ho i mai vart den første kvinnelege styreleiaren i 50 års-jubilanten Nordhordland Næringslag. - Samarbeid på tvers mellom ulike aktørar vil bli ein av nøklane til framtidig suksess, seier Beate S. Korsøen.

Ho fortel at motivasjon for å bli styreleiar er at næringslaget jobbar med veldig interessante og spennande saker - til det beste for medlemmane i laget. Som for eksempel kraftsituasjonen, E39 og ringveg aust, eit godt regionsenter, variert og relevant utdanningstilbod, og rekruttering av riktig fagpersonell for framtida.

Sjølv er 54-åringen utdanna siviløkonom frå NHH, med etterutdanning i innovasjon og endringsleiing. Ho har jobba 14 år i Sparebanken Vest si næringsavdeling i region Nordhordland, og starta hausten 2020 i ny jobb som leiar for ny satsing i PSW på Mongstad med området PSW offshore wind. - Eg har stor tru på at havvind kan verta ei stor og viktig næring for Norge, og ikkje minst for regionen vår. Og etter at ambisjonane for havvind i Norge nyleg

- Mange industrisamfunn jobber for å posisjonera seg, og der må vi jobbe for å sikra at regionen vår held stand og er relevant. Her er det avgjerande å ha fokus på gradvis re-industrialisering frå olje og gass til meir fornybare og grønare løysingar. Men eg er overtydd om at oljerelatert verksemd vil vera aktuelt i mange år framover, - det er viktig for regionen og verksemdene her, seier ho. Den nye styreleiaren slår fast at Fensfjordbassenget - med verksemdene på Mongstad, i Sløvåg og Skipavika, vil vera ein av dei viktigaste industrihamner i Norge i framtida. Korsøen er veldig opptatt av innovasjon, - sjå moglegheiter og løysingar. Ho har eit tydeleg fokus på strategiarbeid. - Eg har eit sterkt engasjement for å sikra at Nordhordland og Gulen framleis skal ha ein sterk posisjon og at regionen skal vera ein god plass å arbeida og leva i - med alt det inneber.

Strilsk nøysemd blir sløgd

Det første styret i Nordhordland Næringslag, tidlegare Nordhordland Handverk- og Industrilag. Frå venstre: Erling Kleppe, Ole Hjelme, Ivar Fivelsdal, Per Fr. Hillestad, Karstein Daae Stene (formann), Arnt Brandtun, Roald Reknes, Mons Åsgard. Bjarne Fjæreide og Osvald Olsen var også styremedlemmar, men fråverande då bildet vart tatt. (Kjelde /utlån: Nordhordland Næringslag).

Det første styret Det første styret i Nordhordland Handverk- og Industrilag (1972) var slik samansett: Karstein Stene – formann Arnt Brandtun, Ivar Fivelsdal, Erling Kleppe, Ole Hjelme, Bjarne Fjæreiide, Roald Reknes, Mons Aasgard, Osvald Olsen Det vart vedteke at laget har til formål å ivareta medlemmane sine faglege, økonomiske og sosiale interesser. Det skal fremja forståing for desse i

næringsliv og samfunn av kollektiv karakter. Laget skal arbeida for å heva det handverksmessige og industrielle nivå, og arbeida for kollegial forståing og samhald mellom medlemmane.

Klar tale til regjeringa Allereie hausten 1972 kom styret i Nordhordland Handverk- og Industrilag med sin første resolusjon, saman med andre næringssamskipnader i Hordaland – adressert til statsministeren om avgiftsauke til folketrygda frå 14,8

prosent til 17,2 prosent. «Det stadig aukande avgiftspresset saman med andre særkostnader, ferje- og transportutgifter elles, råkar verksemder i vårt distrikt svært sterkt. Avgiftssystemet i den forma det no vert bygt ut, verkar direkte hemmande på verksemdene sin sysselsettingsgrad og motverkar dei reint distriktspolitiske siktemåla som styresmaktene har tenkt å gjennomføra», heiter det mellom anna i resolusjonen.

Vi gratulerer med jubileet

Dagleg leiar i Nordhordland Næringslag reagerer kraftig på at skattesystemet set beinkrok på små og mellomstore bedrifter, som har vore veldrivne i fleire generasjonar og har bygd stein på stein. Han slår fast at strilsk nøysemd og forretningsførsel blir straffa. - Desse bedriftseigarane har ikkje hatt for vane å ta utbytte til eiga vinning, men pløyer overskot og verdiskaping tilbake i selskapet for å utvikla og skapa trygge arbeidsplassar. Dette blir ikkje premiert i dagens skattesystem, dei blir sløgd i skatt, og må ta ut utbytte for å betala skatten. Det er uforståeleg, distriktsfiendleg og favoriserer kortsiktig gevinst og store kapitalkrefter. I verste fall kan konsekvensen vera at lokale bedrifter kan bli kjøpt opp og flytta ut av distriktet, seier Baste Tveito.

15


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.