Foto: Lisa Gii L Foto: Knutho L men Foto: Kai h ansen Foto: s verre h jørne vi K Foto: Knutho L men Foto: r uben s o L tved t byen F Lorø 2023 Sommar
.... og det har dei gjort: Nilia
Lorentze på bildet her fyller 12 år 13. juni. Då ho blei fødd, så var ho det første barnet som ble fødd på Askrova-Tansøy på årevis. Dei siste åra har barna komme jamnt og trutt.
Er det noko i drikkevatnet på Tansøy og Askrova? Eitt eller anna må det vere, for her har folketalet halde seg stabilt eller stigande i fleire år.
– Er det fordi det er så gøy å hoppe i høyet her?
Vi spør Tora Agledal (28), Iselin Valvik (40) og May-Lisbeth Flataker Eldevik (41) om kvifor dei har slått seg ned i øysamfunnet og no går rundt gravide.
Dei ler godt.
– På ein måte har du kanskje rett. For det er eit trygt, godt og leikent miljø for barn å vekse opp i, smiler May-Lisbeth.
22 av 90 er under 15 år
Florø er heldig som har mange levande øysamfunn som omkransar byen; som til dømes Svanøy, Tansøy og Askrova, Reksta
Den fruktbare øya leverer Tre nye øybuarar kjem
Sommar
byen
tan S øy og aS
og Fanøy. Gode båtruter, driftige menneske, jobbmoglegheiter, nærbutikken og eit godt bygdelag er ingrediensar som er viktige for trivsel på bygda.
Og trivelege bygdesamfunn er det spennande å besøke for turistar og andre tilreisande.
På Askrova og Tansøy bur det no 90 menneske. 19 av dei er 15 år eller yngre. I løpet av året stig det talet til 22.
– Eg har termin 2. juli, smiler May-Lisbeth medan dottera Victoria (10) stryk ho på magen.
– Eg får mitt første barn i august, fortel Iselin.
– Og eg i oktober, smiler Tora.
Vi sit i den flotte leikeparken på Askrova. Ein leikepark som skal fyllast i endå større grad av frydefull barnelatter i åra som kjem.
Fall for samhaldet her - og ein kar!
May-Lisbeth er frå Måløy og har jobba som frisør i Florø i mange år. No er ho tilsett på Toppen Frisør på Amfi og båtpendlar til jobb.
– Det var ei venninne som introduserte meg for han eg har vore sambuar med i 16
år. Og han er frå Tansøy. Så det var jo han eg fall først for, men miljøet her i lokalsamfunnet fall eg nesten like fort for. Det er eit veldig godt samhald i bygda, fortel ho. No har ho budd på Tansøy med sambuar Vidar og dottera Victoria i ti år.
– Alle hjelper alle. Det er eit godt og inkluderande samfunn med ein ungdommeleg giv, meiner Tora.
Tora og sambuar Christian frå Spania held på å renovere eit 100 år gammalt hus på Tansøy som dei fekk kjøpt i fjor. Og i den prosessen kjenner dei også på den store dugnadsånda i bygda.
– Tansøy og Askrova er små samfunn, men dei gir store nettverk, slår Tora fast. Ho er havbruksingeniør og lokalitetsansvarleg for ein av lokalitetane til Svanøy Havbruk, medan Christian jobbar i Firda Seafood.
Frå norwich til a skrova
Iselin er utdanna fotograf og budde 18 år i Norwich før ho flytta tilbake til barndomsheimen på Askrova med sin engelske sambuar Josh i 2020.
– Det var Josh som ville til mine barndoms-
2 Sommarbyen 2023
Fo to: Veronica Strømme tan S ø
kroVa
leverer igjen: kjem til verda i år
GØY: Folk på Askrova og Tansøy er uhøgtidelege folk som likar å leike og vere aktive. Litt vanskeleg var det for May-Lisbeth som kanskje har fødd når du les dette!
trakter. Han ønskjer å bli fiskar og meinte det ville vere spennande å flytte frå ein britisk by med eit par hundre tusen innbyggjarar til eit lite øysamfunn med under 100. Eg var vel litt meir skeptisk, smiler Iselin som no er medarbeidar hos Svanøy Røykeri.
– Eg saknar det store utvalet i mat og tenester som Norwich kunne by på, men det er fint for ungar å vekse opp her på øya. No er Josh diverre blitt arbeidsledig, så dei som les dette må tilby han jobb, gjerne som fiskar, om vi skal bli verande, seier ho med eit truande glimt i auget.
Tora og May-Lisbeth ler, og det gjer dei ofte på Tansøy og Askrova om vi skal tru dei.
– Det er eit lokalsamfunn prega av godt humør og uhøgtidelege og driftige folk i alle aldrar som går godt saman, meiner dei tre.
Ein palle med bleier, katt og høylass
Når dei tre føder i løpet av året, så vil det stå ein palle med bleier på inngangsdøra når dei kjem heim frå fødestova. Ja, for det er ein av gimmickane Askrova Bygdelag lokkar med for å auke folketalet i bygda.
TRE STADIER:
Tora (t.v) får ein son i oktober, Iselin får ei dotter i august, og May-Lisbeth får ein son i juli - etter terminen vel og merke.
– Hos oss er det berre å hoppe i høyet og produsere ungar, for så lenge ungane treng bleie og tørr- og våtserviettar, så får dei det gratis frå bygdelaget, fastslår «trivselskonsulent» og potet i bygda, Henning Haugholt som vi snakkar med på telefon.
– Det er ein fin gimmick, det, smiler dei tre damene.
Vi ser oss rundt i leikeparken, og det kjem ein felles tanke frå dei gravide.
– Det hadde vore fint og hatt ein barnehage her no.
Men skule treng dei ikkje, meiner dei.
– Sjølv om det er mange ungar her no, så fungerer det veldig godt med skulegang i Florø for dei. Dei fleste av oss på øya tek
båten til arbeid, og ungane våre skal uansett gå på skule i Florø når dei blir eldre. Då er det best at dei kjem inn i eit skulemiljø der heilt frå starten av, meiner May-Lisbeth.
– Eg går i 5B på Florø barneskole. B står for «best», kjem det smilande frå Victoria som er einig med mammaen sin.
– Men Victoria; kvifor synest du det er så fint å bu på Tansøy og Askrova?
– Fordi eg kan sitje i høylass, eg kan ha katt, eg kan bygge trehytte, leike med dyr og hamre meg i fingrane utan at det gjer noko!
Svaret kom raskt og kontant. Så det så.
Per Øyvind Helle
Sommarbyen 2023 er eit partipolitisk og uavhengig magasin gitt ut av Firdaposten. / Firdaposten | www.firdaposten.no / Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee | svend@firdaposten.no / Journalist: Per Øyvind Helle | per.oyvind.helle@firdaposten.no | Foto: Der ikkje anna er oppgitt, Per Øyvind Helle / Formgjeving: Gunnar-Arne Haaland, Grafisk Bi-inntekt / Trykk:Amedia Trykk, Lillestrøm
NATURLEG FRIDOM: Kven drøymer ikkje om denne tida; då du var barn og fekk vere med på høylasset. I slik naturleg fridom veks ungane på Askrova opp. F OT O : T ER j E SvARDA h L
3 S OMMAR bYEN 2023
– Endeleg er vi tilbake! Helen står i baugen for Rek i land
– Vi har hatt fem års pause. Det er nok. No er vi tilbake med eit brak!
Helen Rognsøy står i baugen på Atløy og slår jublande ut med armane.
Rek i land er bygdelaget Havglimt på Reksta si storsatsing.
– 4.-6. august skal vi ta heile øya og havet i bruk. Det blir så gøy!
Helen Rognsøy strålar der vi møter ho om bord på Atløy. Og det er ikkje tilfeldig, for veteranbåten skal frakte øyadansfolket til og frå Reksta på skikkeleg tradisjonrikt bygdefestvis laurdag 5. august.
ny sjef på øya
Vi skal ikkje heilt dra parallellen til «a new sheriff in town», men no er Helen leiar for Havglimt og frontar Rek i land.
– Du skal ikkje tvile på at eg er sjef, nei.
Helen ler godt og boblar av glede over å endeleg kunne invitere til uformell, maritim folkefest i havgapet.
– Det skal vere enkelt, tradisjonrikt og gøy for både store og små, seier Helen og ramsar opp nokre av aktivitetane dei skal ha.
– Havrafting, kajakk, skattejakt, lære å sløye fisk, møt dyra på Reksta og pop-up akvarium.
– Pop-up akvarium?
– Ja, vi lagar eit akvarium på kaia til Steinar Bendiksen og fyller det med spennande havliv. Det er veldig spennande for både liten og stor, smiler Helen.
Sildeløp og damekor
Dykkarar vil hente opp spennande ting frå sjøbotnen til barnas storauga glede. Brannmenn er alltid populært, og det blir quiz med Helen sjølv som engasjert quizmaster.
– Vi set
opp telt på kaia i Rognaldsvågen, og så har vi program som involverer heile øya. Mellom anna får barna møte dyra på Reksta, og vi arrangerer sildeløp i staden for potetløp, ler den nye sjefen.
Fredagen startar på kaia med ein eigenkomponert song dedisert til Rek i land, Reksta og Helen. Den er det damekoret med Ingrid Reksten som framfører. Quiz og spotify-pøbb-kveld - med innslag av trekkspel - følgjer deretter. atløy og Glimmer Dagprogrammet laurdag er mellom klokka 11 og 15, og då kan besøkande ta rutebåten ut og inn frå Florø.
Sommar
byen r ek Sta
På kveldstid laurdagen har Helen fått i stand eit samarbeid med Atløy.
– Vi kjem til å gå frå Florø med folk ut til dansen kvelden i 19-tida, og tilbake igjen når dansen er ferdig i kaiteltet klokka to på natta, opplyser Lasse Seim i Atløys Venner. Det er Glimmer med Jan Kjetil og Maria som speler opp til dans på kvelden.
– Det blir ei storveges helg, og vi er veldig glade for at Atløy fann tid til å bli ein del av kveldsopplegget. Då blir det liksom skikkeleg god, gammal øyadansstemning for gjestane, seier Helen.
Det blir også sett opp festivalcamp på gamleskulen for dei som vil overnatte.
– Ta med telt, bubil eller campingvogn. Her er det straumuttak,toalett og vatn. Båtfolket er også hjarteleg vekomen. Her har vi fine kaiar og fasilitetar, reklamerer Helen.
Du finn meir informasjon om Rek i land på facebooksida deira.
Per Øyvind Helle
S amarbe ID : Helen og Rek i land samarbeider med Lasse Seim i Atløys Venner om transporten til og frå øyadansen.
k L ar : Helen Rognsøy kan nesten ikkje vente på å få invitere folk til Rek i land igjen.
4 Sommarbyen 2023
Arrangement i sommar
Her er ei oversikt over nokre arrangement langs kysten i sommar:
MORO FOR ALLE ALDRE
Symjing for liten og stor Sklie og stupetårn Styrketrening Spinning Badstue Badebrygge
Kafé Gratis parkering
Ta med venner og familie og nyt eit bad i fantastiske omgjevnader!
Åpningstider frå 19. juni t.o.m 20. august 2023.
m adcon: palmekystfestivalen 23.–24. juni. Pre SS efoto
JUNI
n 11. SOMMARLEIKANE, Friidrett, Florø Stadion
n 16. SILDEBORDET i Florø
n 17. LAKSENS DAG i Florø
n 17.-18. KINNASPELET på Kinn
n 19.-25. RIDELEIR, i Florø i regi Flora Hestesportklubb
n 23.-24. PALMEKYSTFESTIVALEN, Florø
n 23.-24. HAVBLIKK, musikkfestival på Fanøy
n 26.6. -2.7. RIDELEIR, i Florø i regi Flora Hestesportklubb
n 30. UNDER HILLAREN, konsert med The Celtic Ad Lib på Askrova
JULI
n 1. SOMMARDANSEN i Norddalsfjord
n 3.-9. RIDELEIR, i Florø i regi Flora Hestesportklubb
n 6. DUO RUUT, konsert på Vesle Kinn, Florø
n 6.-9. VÅT MORO, havsportfestival i Florø
n 13-15. ROCKWEEKEND, musikk- og familiefestival, Bremanger
n 14.-16. BYGDEHELGA, Botnane-Årebrot
n 31.7.-6.8. RIDELEIR, Florø i regi Flora Hestesportklubb
Mån. / ons. / tors. / fre.
Kl. 10.00 – 20.00
Tirs. kl. 06.30 – 20.00
Laur. / søn.
Kl. 09.30 – 15.30
havhesten.no
VI I GRØNSBERG BYGG ønsker alle våre kunder og kollegaer en flott sommer!
r ideleir: Flora Hestesportklubb arrangerer rideleir i ei veke, kvar månad i sommar.
AUGUST
n 4.-5. REK I LAND, på Reksta
n 4.-6. KALVÅG KYSTFESTIVAL, i Kalvåg
n 7.-13. RIDELEIR, Florø i regi Flora Hestesportklubb
n 12.-14. EIKEFJORDDAGANE, familiefestival i Eikefjord
n 14.-16. FRIIDRETTSSKULE, i Florø i regi Florø T&IF
n 14.-18. HANDBALLSKULE, i Florø i regi Florø SK Handball
n 26. DOBBELTGJENGER, konsert Vesle Kinn, Florø
Sep T ember
n 7. TOM ROGER AADLAND, konsert Vesle Kinn, Florø
n 8. ÅGE ALEKSANDERSEN & SAMBANDET, konsert Florø
PÅ FIRDAPOSTEN.NO vil vi i starten av kvar veke oppdatere ei «Det skjerspalte» der du kan lese om arrangement som kjem til i løpet av sommaren.
Vi minner nye og gamle kunder om å kontakte oss om du skulle gå med byggeplaner, renoveringsplaner eller ser at din tid og kompetanse ikke strekker til.
Vi hjelper!
Kontakt oss
Tlf: +47 577 41 000
E-post: post@groensberg.no
5 Sommarbyen 2023
A til Åwww.atilaa.no Bilde: Salt Arkitekter Foto: WeAre
1 - kr o PÅ DU gna D : Yvonne Wikholm er ein av dei frivillege som skal drive Krisen Kro på dugnad kvar laurdag i sommar. F oto : Per øyvin D Helle
2 - lUDvik ' e n : Stavang har fått ein stor og flott pøbb og sosial møtestad. Foto: lUDviken
3 - i SHUS et: På Ishuset arrangerer dei også intimkonsertar. Her ein konsert med Rossmann. Foto: Jo H an J. b akken
4 - kn U t H olmen : I baren på Knutholmen får du litt av kvart. Foto: Davi D Za D ig
5 - Stemning : Pøbben på Dampen i Davik skapar alltid god stemning. Foto: Dam P en FJ or DPara D i S
Ludvik'en, Ishuset og Krisen Kro:
Det skal ikkje stå på namna når du er tørst
Når du har gått ein av dei mange flotte fjellturane langs kysten vår, eller legg til i ei gjestebrygge i havgapet; kva har du lyst på då? Noko å drikke kjem truleg høgt opp på ønskjelista.
Og det får du rundt om på mange koselege pøbbar og kroer i Florø-skjergarden. Det nyaste tilskotet er pøbben Ludvik'en i Stavang. Her har driftige sjeler nett opna eit stort, nytt serveringslokale i ein del av det gamle trelastbygget i bygda - i
Sommar
byen
Stavang, aS krova og Fanøy
same bygg som nærbutikken. Her får du både noko godt i glaset og noko å bite i.
Driv kroa på dugnad
På Krisen Kro på Askrova har hyttefolk og fastbuande gått saman om å laurdagsopne kroa.
– I utgangspunktet skal vi ha ope mellom klokka 14 og 18 på laurdagar, seier Yvonne Wikholm frå Sotra.
Ho er gift med ein kar frå Hammerseth der dei har tatt over eit småbruk.
– Vi er på Askrova lenge i sommarmånadane, og saman med fleire andre har vi bestemt oss for å drive kroa på dugnad alle laurdagar i sommar, fortel ho.
– Dei er flinke med dugnadsarbeid her på øya, så det er berre kjekt å bidra til at det skjer noko sosialt på kroa på laurdagane også, smiler ho og legg til at det blir 3-4 damer som skal bytte på å halde kroa opa.
– Folk skal vite at du kan få øl, vin, kaker, pizzabollar og kaffi kvar laurdag, smiler ho og skjenker i eit prøveglas. i shuset og konsertarena
Batalden Ishus er ein unik kombinert overnatting- og serveringsstad på Fanøy. I den flotte pøbben i engelsk stil er det ikkje berre mogleg å få seg eit glas iskald drikke og noko å ete. Her arrangerer dei også intimkonsertar gjennom året.
Flyttar vi oss til Svanøy finn vi også ein serveringsstad. Svanøy Kro ligg fint til på rutebåtkaia. Og på same måten som dei andre serveringsstadene, så er også her eit flott uteområde der du kan nyte kva du enn kjøper. Dreg du til Kalvåg (Knutholmen), Davik (Dampen) eller Svelgen, så er det sjølvsagt gode høve for å nyte godt i glaset der også. Per Øyvind Helle
6 Sommarbyen 2023
1 2 3 4 5
Karper, kanonar og sjørøvarhav i Svelgen
Hotelleigar Jostein
Eimhjellen har jobba systematisk dei siste åra med å bygge opp eit attraktivt uteområde ved hotellet i Svelgen.
Siste tilskot er «sjørøverleikeplassen», der han har lagt blått hav kring sjørøvarskuta i form av eit gummidekke.
– Vi har investert og bygd opp uteområdet over tid med natursteinsmurar, skifer, grøntområde, beplantning, paviljong og grillhytte. No begynner det å bli eit område som vi stolt kan vise fram til gjestane våre. Bremanger Fjordhotell skal vere tilpassa også for turistar. Vi er omgitt av mykje flott natur i kommunen, understrekar han.
Han har fått med seg tusenkunstnaren Odd Styve på Kjelkenes til å dreie nye flott kanonløp til sjørøvarskytset. Også innvendig blir det jobba med oppgradering av lokale, lydsystem og sanitæranlegg.
Frå gardssamfunn til industribygd; reiselivet neste
Svelgen var eit tradisjonelt gardssamfunn heilt til 1950-talet då bygda utvikla seg til ein større industristad med verksemda Elkem Bremanger som dominerande arbeidsplass.
– Industrien vil alltid vere viktig for bygda, men vi treng fleire bein å stå på. På hotellet har vi tatt stor risiko og investert millionar av kroner for å tilby eit godt produkt til reiselivsmarknaden, seier Eimhjellen.
Eitt av tilboda i bygda er ei kulturhistorisk interessant turløype med stoppestader i sentrum av Svelgen. Løypa består av 28 punkt med historie og bilde frå utviklinga av industristaden og dagens kommunesenter, og gir både turtrim og kunnskap.
Gjestebrygge, karpedam
og basseng
Dei siste åra har Svelgen Fjordhotell blant anna utvida med ein moderne restaurant, bygd eit komplett treningsstudio i kjellaren, lagt ut ei 40 meter lang gjestebrygge, lagt til rette for bubilparkering, fått på plass ein flott karpedam, og altså no fått på plass eit leikeområde med ei sjørøvarskute i hagen. – No rustar vi oss for reiselivet gjennom dei store investeringane vi sjølve har tatt på hotellet. Og vi
har mange flotte opplevingar og aktivitetar å tilby med utgangspunkt i Svelgen, seier Eimhjellen. Han nemner blant anna hjortegarden i Ålfoten og fjellturar på dei unike devonske fjellformasjonane der mellom anna vidgjetne William Cecil Slingsby gjekk i 1885. – Og etter at Skatestraumstunnelen kom på plass, så er vi også det nærmaste hotellet til Hornelen, avsluttar ein reiselivsorientert hotelleigar som ønskjer å spele på lag med fleire for å få reisande til Svelgen.
Per Øyvind Helle
Ditt lokale begravelsesbyrå.
For deg som har mistet noen. Sammen med dere skaper vi en fin og verdig gravferd!
Vi tilbyr gravstein fra Sæthre Stenindustri AS, og tilfører også navneinnskripsjoner på alle typer stein.
KOM TIL KARPENE: Jostein Eimhjellen eig Svelgen Fjordhotell. No ønskjer han fleire reiselivsgjestar. Karpedam, gjestebrygge, flott hotellhage og planar om ei industrihistorisk utstilling og utandørs basseng, er blant tiltaka på hotellet.
SJØRØVARHAV: Sjørøvarskuta har fått blått hav rundt seg når du besøkjer den i sommar.
7 S OMMAR by EN 2023 byen SVELGEN Sommar 23. – 24. JUNI
FLORØ MADCON POSTGIROBYGGET ROC BOYZ WATERPROOF | RAKKERNE palmekystfestivalen.no
|
Strandgata 34, 6905 Florø, Tlf: 970 37 500 nina@kinnbegravelse.no www.kinnbegravelse.no
Oda styrer spelet for siste gong:
No skal det toppast!
Oda Alisøy har nærast vakse opp på sceneplatningen ved Kinnakyrkja. Og då ho gifta seg i fjor kunne det berre skje ein stad; på Kinn.
Ho har gått gradene frå taus bygdejente via viking og tiggarjenta Sygni, til hovudrollene Sunniva og Borni. I år er det tredje gongen ho regisserer Kinnaspelet.
– Nervane er litt meir under kontroll no enn då eg regisserte første gongen i 2019, smiler florøjenta som har gjort austfolding av seg.
– Eg gler meg heilt vilt til sommarens vakraste eventyr!
e in fellesskap for livet
Kring 160 menneske står på scena under Kinnaspelet – spelet mange meiner er den mest storslåtte utandørs teaterforestillinga i landet.
– Naturen, menneska, tradisjonen; Kinnaspelet er ei overdådig kultur- og naturoppleving som gir alle oss som er med på dette ein slags felles identitet for
Sommar
livet. Eg er privilegert som har fått oppleve alle sidene ved dette magiske eventyret på sagaøya, seier Oda.
I 2019 sa ho dette før regidebuten sin: «Som med andre sikre vårteikn kjem «Hymne til Kinn» smygande på når april blir til mai. Lukta av hav, ramslauk og sauelort startar så smått å snike seg inn i nasen. Synet av røyk og bål gjer meg trangen til å danse «Vikingdans», og replikkar frå verdas vakraste utespel ramlar ut av kjeften i tide og utide. Då veit du at det snart er tida, tida til å vende heim – heim til Kinn – til Kinnaklova –til Kinnaspelet!»
– Eg har same kjensle i år, smiler Oda. d røymde om prinsessa
Som treåring tutla Oda rundt på sceneplatningen og berre drøymde om å bli løfta opp av den vakraste prinsessa ho visste; Sunniva (Borni).
– Ho skulle jo løfte opp eit lite jentebarn, og eg sneik meg med i bygdefolket i håp om at det skulle bli meg – og det blei det!, smiler Oda.
Skodespelardraumen starta der ute på Kinn den sommaren.
– Eg ville bli som den prinsessa, det hadde eg bestemt, ler Oda.
Og Oda fekk draumerolla til slutt. Frå 2011 til 2015 spelte ho Borni (og Sunniva).
– Det var passande nok mi første store teaterrolle som profesjonell skodespelar etter musikkutdanning ved LIPA-skulen i Liver-
pool og teater- og filmutdanning i New York, smiler ho.
Tar den heilt ut
Då Oda debuterte som regissør i 2019, blei det heftige pyroeffektar då vikingane kom stormande inn frå vest. Ho fekk også plassert Kinnaspel-koret på innsida av kyrkjegardsmuren, slik at koret blei flytta inn meir sentralt og skodespelarane fekk meir flate å spele på.
– Som vanleg har eg ein million tankar om kva som kunne vore bra, kva endringar som bør gjerast og kva som kan gi spelet det vesle ekstra. Kva det blir i år får publikum vente og sjå. Eg kan i alle fall love at vi skal ta den heilt ut og toppe opplevinga for folk, strålar Oda. For det er på Kinn ho får ut dei beste kjenslene sine. Her har ho stått på scena i årevis, og her har ho gifta seg. For berre ei veke etter Kinnaspelet i fjor, så var det duka for eit eventyrleg bryllaup på sagaøya då Oda fekk sin Phillip i dei mest spektakulære seremoni-omgjevnader.
Mykje skal til for å toppe kjensla på Kinn den helga, men det blir nok kjenslevart for Oda under årets Kinnaspel også.
– Det er siste gongen eg regisserer Kinnaspelet, på ei stund i alle fall, så hjarteslaga vil nok dunke litt ekstra i år også. Men Kinn og Kinnaspelet blir eg aldri ferdig med. Øya og spelet renn i blodet på meg.
Per Øyvind Helle
TO: F I rdA p OST e N
SUNNIVA: Oda Alisøy drøymde om å spele Sunniva alt som 3-åring. Den draumen, den vart sann. FO
8 S O mm A rbye N 2023 byen K INN
–
Betre for publikum
Når båten legg til kai på Kinn i år og du ruslar bortover St. Sunnivavegen til Kinnakyrkja, så vil du oppleve at vegen er blitt betre å gå på. Kinn kommune har fått lagt ny grus slik at det blir enklare å fote seg langs vegen, ikkje minst for funksjonshemma. I tillegg har dugnadsgjengen til Kinnaspelet laga ein sti med grus langs kyrkjegardsmuren slik at publikum ikkje blir våte på beina om vêret skulle slå seg vrangt. Dei har også laga meir stødige sitjebenkar i naturamfiet ved scena.
I ruskevêret i fjor tok kulingen under generalprøva fredagen tak i det oppsette kafételtet, kasta det bortover marka slik at teltstengene knakk. No har Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane spytta i 100.000 til eit splitter nytt kafételt som vil stå der flott og godt.
Informasjon om årets Kinnaspel finn du på kinnaspelet.no
9
TIDL e G K r ØK a ST: I fjor var Oda regissør, men ho fekk tid til å spele viking også. Og hennar vesle Elliot får sjølvsagt kjensla på Kinn inn med morsmjølka.
Fo T o : Pr I vaT
GIFT: I juni 2022 gifta Oda seg på Kinn med sin Philip.
Fo T o : Pr I vaT
T re Å r o G KL ar : Oda var tre år då ho stod på sceneplatningen på Kinn for første gong. Fo T o : Pr I vaT
F o T o : K I nna SP e L e T Nyeogflotte bustadar under oppføring! krusereklame.no Mobil 911 08 640 - kjell@fanevik.no Pris frå kr. 4.490.000 inkl. eigen båtplass i småbåthamn.Instetunet KÅRA TIL EIT AV NORGES FINASTE BYGGJEFELT. Eit nytt og spanande bustadprosjekt med hus, leilegheiter og båtplass. Vi leverar
DUG na D: Hilde Amundsen er ei av dei som har bidrege til grusstien.
skreddarsydde løysingar.
Denne scena kan fort huse den finaste festivalen i sommar
Er det den finaste festivalen vi har vore på? Bernhoft og publikum var i alle fall i ekstase i fjor. Og artistlista i år borgar for ei ny strålande musikkhelg på Fanøy.
Arrangørane av Havblikk på Fanøy har fått eit godt namn hos mange artistar i Norge. I fjor uttalte Bernhoft at han ville komme tilbake som frivillig om han ikkje blei invitert igjen. I nydelege omgjevnader på kaia, ved Ishuset, lot han seg sjarmere i senk.
Bernhoft kjem ikkje i år, men han har lagt inn eit godt ord hos sine artistkollegaer i Norge. Med namn som Erlend Ropstad, Daniel Kvammen, Darling West og Datarock på plakaten, er det duka for herleg festivalstemning 23.-24. juni på den flotte øya vest av Florø.
o ppdag ny musikk
Ein ting er at Havblikk har klart å booke Daniel Kvammen, rockefenomenet Erlend Ropstad og comeback-karane i det fantastiske livebandet Datarock. Vel så spennande er bookingane av meir ukjente artistar som daze-pop-trioen Great News, som har skapt eit lydspråk som bryt gjennom alle
Sommar
byen Fanøy
soniske grenser. Og Lindsjørn som er oppvaksen med Outkast som soundtrack i bilen og Beyoncé som soundtrack føre spegelen.
For dei som var på festivalen i fjor, så veit dei at arrangørane har «feeling» for å presentere gode, ukjende artistar – ukjende for det store publikum vel og merke. For
Heigh Chief, Rossmann og Drongo var artistar som verkeleg leverte varene.
Når dette blir skrive er det framleis nokre billettar igjen til Havblikk, så ver om deg om du vil ha ei spesiell oppleving i havgapet.
Per Øyvind Helle
Opplev sagaøya Kinn
Det vil i sommar vere opa kyrkje med vertskap på Kinn 20. juni – ut august, kvar dag. Ta turen ut med sommarruta 12.00 og la deg bergta av øya, historia, mellomalderkyrkja og den vakre naturen!
Guida tur til Svanøy
Opplev historiske Svanøy! Her får du guida omvising på Norsk Hjortesenter og Svanøy Røykeri. Kvar fredag 12 – 16 frå medio juni – medio august. Booking: fjordkysten.no
Kystmuseet i Florø
Her kan du oppleve lokale båttypar frå ei svunnen tid og vandre gjennom kystlandskap med historiske sjøbuer og kystlynghei. På sommaren kan både små og store helse på dei søte geiten som er på beite like ved museet. Ope heile året.
Vågsberget handels- og gjestgjevarstad
Ein godt bevart handels- og gjestgjevarstad som fortel historia om enorme rikdommar, stor naud og ein god handel. Omvisingar medio juni – medio august.
På tur med UT
På UT sin app finner du et enormt utvalg av fantastiske turer du kan gå i og rundt Florø, fra øyane ytterst i havgapet til majestetiske fjelltoppar på land!
Kajakkturar
Bli med på flotte padleturar i den flotte skjergarden vår! Turane vert lagt ut på nettsida til turlaget, flora.dnt.no
Besøk dn T-hytta på Kinn!
For o vernatting kontakt Signe Nordvik, tel. 415 30 520
www.flora.dnt.no
10 Sommarbyen 2023
C omebaCK: Datarock har spelt over 1000 konsertar i 36 land på fem kontinent, og på festivalar som Coachella, Roskilde, Reading og Leads. Foto : t o m oxl ey
SUKS e SS: Med Bernhoft på scena i naturflotte omgjevnader, blei det suksess for Havblikk i fjor. Årets artistliste borgar for det same.
www.fjordkysten.no
Strandgata 30, tlf 57 74 30 00
Turistinformasjonen i Florø,
Foto: Børre Eimhjellen
Donkeyboy og Linnea til Rockweekend
Tradisjonsrike Rockweekend går av stabelen i Iglandsvik 13.-15. juli. Der vil «Den fineste Chevy'n» runge mellom veggane i Havlyskjellaren.
Styret i Opplev Bremanger ønskjer å løfte fram artistar som treff eit publikum frå 18 år og oppover. Og med Halva Priset på plakaten, så er dei nok sikra dei yngste i målgruppa. Donkeyboy og Linnea Dale appellerer også til dei unge, men treff også eit litt eldre publikum. Og med coverbandet The Poor Boys CC Revival Band - Creedence Forever, så får rockenostalgikarane også sitt.
I år har festivalen tatt tilbake den gamle tradisjonen med torsdagsjam som ei oppvarming til konsertane fredag og laurdag.
Familiearrangement på dagtid laurdagen høyrer også med, og der vil det flotte sjøhusmiljøet på Iglandsvik vere arena for aktivitetane og underhaldninga. Det er berre å gle seg!
Per Øyvind Helle
Sommar
Fjord1 - Best på miljøvennleg og påliteleg transport
• Vi tek ansvar for klimaet og fjordane våre, med sterkt fokus på å redusere klimautslepp og energiforbruk.
• Vi ivaretek folk og lokalsamfunn.
• Vi er pådrivarar for innovasjon og utvikling, og ser alltid etter ny kunnskap og kompetanse.
Les om vårt arbeid knytt til berekraft her:
11 Sommarbyen 2023 byen Igland Sv
k
I
l I nnea dale : Linnea Dale speler på laurdagen. Det gjer også Donkeyboy som Dale har vore gjestevokalist for tidlegare. F o T o : v e gard b re I e Pho T ogra P hy
39 Ladenalegg
20 Heilelektriske Samband
32 Elektriske Ferjer
Selsafari i 65 knop eller sjampanje i Vetvika? Berre spør Odd Jonny
og vonleg starte opp med danseundervisning etter kvart.
Sommar
– Så då er det først ut i 65 knop og så på benken til sambuaren etterpå for å behandle møre musklar etter ribturen?
berre i raske rib-turar i bedrifta hans.
Odd Jonny er fiskar på ringnotbåten Vestfart, men i friperiodane er fiskebåten bytta ut med to båtar med langt høgare marsjfart.
– Eg har investert i to ribbåtar. Den eine går i 45 knop fullasta med 12 passasjerar, og den andre med 2x350 hestekrefter går i 65 knop. Eller 80 knop om eg er åleine om bord, seier den driftige karen, som også har eit eige foretak der han driv med trefelling og utleige av anleggsmaskiner.
Sanseleg sjøsprøyt
Saman med sambuar Ane-Jørgine har Odd Jonny kjøpt Amtskaivegen 4 i Kalvåg. Der skal dei drive kvar si bedrift.
– Eg skal drive med klasseromsteori til båtførarprøva og høghastigheitskurs, og dessutan bruke uteområdet ned mot sjøkanten til type eventaktivitetar eg vil tilby til dei som kjøper rib-turar av meg. Det kan til dømes vere øksekast og andre typar blåtur-leikar, fortel Odd Jonny, som også vil lage kai til båtane sine.
Sambuar Ane-Jørgine er både utdanna dansar, fysioterapeut og personleg trenar. Ho skal drive fysioterapibedrifta si i bygget
Kalvåg
– Kanskje ikkje så dumt det, ler Odd Jonny, men han er snar med å leggje til at ribturane ikkje er noko belastning for rygg og muskulatur.
– Somme ønskjer behagelege safariturar i 25 knop i den blendande skjergarden vår, medan andre er ute etter fart. Men skal vi opp i høg fart, så gjer vi ikkje det utan at sjøen tillet det, understrekar han.
Han har også eit samarbeid med drivarane av Kvanhovden Fyr, og ribturane ender gjerne opp der med grilling utanfor det spektakulære fyret.
– Om det er selsafari til Vetvika eller høg fart og tett på tronge sund, så er målet å gje gjestane mine sanselege opplevingar knytt til sjøen.
Ein av få instruktørar
ha teke høghastigheitskurs, så vil bota bli høgare enn det kurset kostar. Og både politi og kystvakt har uttalt at dei utover sommaren kjem til å kontrollere at førarar av vasskuterar og båtar som er bygd for fart, har kurset i orden.
Odd Jonny er ein av få i landet som har lov å instruere i høghastigheitskurs. Han vil halde kurs både i Ålesund, Måløy, Kalvåg, Florø, Førde, Sogndal, Bergen og Askøy. Per Øyvind Helle
o DD J onny: Odd Jonny Grotle er fiskar, men med planane han og sambuaren har for bygget dei har kjøpt i Kalvåg, så ender han kanskje opp som heiltids opplevingsentreprenør?
Foto: Sol Fur E
Odd Jonny har ikkje berre oppdrag i farvatna i Bremanger. Han er også ofte i Florøområdet.
– Vi er fire mann som fordeler oppdragskøyringa alt etter kven som er oppteken på jobb, fortel han.
Dei siste vekene og framover vil Odd Jonny også gjennomføre høghastigheitskurs som er blitt obligatorisk for dei som ønskjer å føre båt etter vasskuter som kan gå over 50 knop.
– 1. juni tredde den nye lova i kraft. Om du no blir tatt i å køyre over 50 knop utan å
SJam PIS : DNT hadde ei samling i Kalvåg tidlegare i år. Der var blant anna Frank Løke med for å halde foredrag. Odd Jonny tok dei med på ribtur til Vetvika og vidare til Kvanhovden der dei grilla. – Frank Løke var veldig begeistra, kan han fortelje.
Fo to: Sol Fur E
12 Sommarby E n 2023
byen
Odd Jonny Grotle etablerte Bremanger Rib og Sjøtjenester i fjor. Men det går ikkje
S an SE l E g : På ein ribtur kjem du tett på livet. F ot o : Sol Fur E
13 Sommarbyen 2023
Med Enivest surfar du på prisvinnande internett*, med kundeservice i Norgestoppen** Nett der du er Sjekk kva du kan få på enivest.no *1. plass - nPerf Speed Test H2 2021 - H2 2022, fast breiband **3. plass - Kundeserviceprisen 2023, fast breiband
Best i test for tredje år på rad
o PU l Æ r T: Sildebordet i Florø har funne si eiga form som publikum openbert set pris på. I tillegg til god sild og bra underhaldning, er dette ein stad der folk kan treffe kvarandre og prate i ein hyggeleg og uhøgtideleg atmosfære. Her frå 2016.
Dei har publikums-rekorden i – Første året fekk vi sjokk
16. juni blir Sildebordet arrangert for 30. gong. – Det var som sild i tønne dei åra det var over 10.000 i Strandgata. No er det litt meir kos og kvalitet, seier Arild Melvær og Stig Bredesen i Sildekomitéen.
Arild og Stig har vore med i Sildekomitéen i alle år. Arild var kultursjef i kommunen då Harry Ertresvaag og nokre laksefolk kom opp med idéen om eit slags laksebord i 1992.
– Ja, for det var først laks det var snakk om. Men vi tok til fornufta og satsa på sildebord i staden. Florø er trass alt tufta på silda, smiler Arild.
Sommar
byen
Florø
I 1992 hadde alt Haugesund halde på med Sildabordet sitt nokre år. Konseptet var ikkje heilt det same som florøgjengen sitt. For medan det var meir diskar og småbord i Haugesund, så satsa Florø på å lage verdas lengste samanhengande sildebord.
Skulle løpe stafett rundt borda
– Vi bygde bordet frå Torggata-krysset til ut i øvre del av Strandgata. Og vi inviterte ordførar Einar Steensnæs i Haugesund oppover for å vise kva vi var gode for. Han og vår ordførar på den tida, Kolbjørn Dyrli, skulle vere i spissen for ein stafett rundt langebordet med ei sild som stafettpinne. Men det blei det ikkje noko av, humrar Arild.
– Vi trudde det skulle komme nokre hundre. Jau, du!
– Arve Opsahl skulle underhalde frå scena som då stod på Rådhusplassen. Vi i Sildekomitéen åt middag med Olsenbandensjefen ein og ein halv time før han skulle på scena og på det første Sildebordet i byen. Då vi kom ut frå hotellet fekk vi sjokk. Vi trudde det skulle komme fleire hundre
som benka seg rundt borda og kring scena. Jau, du. Det kom mange tusen!
Stig ler.
– Vi trudde ikkje våre eigne auge. Her var det berre å kaste seg rundt og prøve fikse sild til folket, men vi gjekk sjølvsagt tomme. Det var mange som ikkje fekk gratis sild det året, og stafetten rundt langbordet kunne vi gløyme, folk stod jo tettpakka. Så tett var det at om du skulle på andre sida av bordet, så måtte du anten krype under det eller tar turen heilt til ein av endane, smiler Stig og Arild.
Erfaringa tok dei med seg, så sidan den gong har dei vore betre førebudde.
12.000 er rekorden
I 1998 stipulerte politiet publikumstilstrøyminga på Sildebordet til 12.000. Det populære irske folkmusikkbandet The Dubliners var nok noko av årsak til det då dei spelte gratiskonsert i Strandgata.
– Det er til dags dato det største enkeltarrangementet i Sogn og Fjordane, slår Arild fast.
14 Sommarbyen 2023
P
FØ r ST e G on G : Oddvar Træen målte det første Sildebordet i 1992 til 206, 15 meter. Rekorden blei sett nokre år seinare med 357 meter. 6000 kom det første året! Kring 10 gongar fleire enn Sildekomiteen hadde sett føre seg! Fak SI m IL e : F I r Dapo S T en 23. j U n I 1992
Sogn og Fjordane.
I seinare år har Sildekomitéen fokusert meir på kvalitet og herleg gatestemning enn dei kanskje litt vel publikumstronge åra på 1990-talet.
– Sildebordet er eit viktig og folkeleg gratisarrangement for publikum som held i hevd byen si sildehistorie. Og vi vil halde fram med å drive dette på dugnad så lenge folk kjem og så lenge næringslivet ser verdi i å støtte eit tradisjonsrikt arrangement, seier Arild.
noko for alle
Opninga blir det i år Trine Horne som tek seg av. Florøværingen er til dagleg Norsk Sjømatråd sin utsending i Frankrike og skulle dermed vere vel kvalifisert til oppgåva. Som vanleg har komiteen også hanka inn godlyd: Dei unge musikarane i Grenades kjem, og det same gjer eit kor på 30 frå Hamar, som skal synge saman med Brandsøykoret. Det skal delast ut prisar; sjølvsagt Ingrid og Bjarne Sundes Minnepris, pluss at Byggeskikkprisen får ein ny arena.
– Så er det jo bandet Folk Flest som spelar mesteparten av tida - dei skal også ha konsert på Haavebua om kvelden, fortel Arild.
Eit smakspanel skal kåre ein vinnar av folket sine sildeoppskrifter. Vinnaren vil bli annonsert direkte på scena, og denne oppskrifta blir ein av rettane neste år. I år får bordgjestane ein sild i lake, med det førebelse namnet Glassmeistersild, og i tillegg får ein nøttesild, karrisild og tomatsilda «Stimen». Tørkasild står sjølvsagt også på menyen.
Tivoliet vil vere på plass til glede for dei minste, og på kulturhuset har bandet Down Home Boys har teke opp igjen den gamle tradisjonen med sildedans.
– Det som er kjekt med denne helga, er at det er noko for alle, slår Arild og Stig fast.
Per Øyvind Helle
n U bbe SILD: Stig Bredesen står for det meste i eit telt og sel nubbesild (tørkasild), på Sildebordet, så han har ikkje nubbesjans til å få med meg alt som skjer i gata. – Men eg har det veldig gøy, altså!
30 Å r : – Vi håpar folk kjem i hopetal og gjerne vippsar oss kollekt og kjøper spann med sild med heim. Kontantar er det lite med for tida, så folk må hugse kortet, seier Arild Melvær med glimt i auget bak solbrillene.
15 Sommarbyen 2023
Fak SI m IL e: Firdaposten 23. juni 1992.
Sildebordet er eit viktig og folkeleg gratisarrangement for publikum som held i hevd byen si sildehistorie.
Ramsalt kystkultur og 80-talstema på kystfestivalen
Folk må gjerne anlegge hockeysveis, for i år blir temaet på Kalvåg Kystfestival 1980-talet. – Både gjennom konsertar, show og andre innslag er det åttitalet som gjeld, smiler festivalleiar Jannicke Brenden Frøyen.
Det er fire år sidan sist Kalvåg Kystfestival blei arrangert.
– 4.-6. august er vi tilbake med eit brak. Vi gler oss enormt til ei helg i kystkulturens namn, smiler Jannicke og løftar vandrepokalen i rokonkurransen over hovudet til ære for fotografen.
– Om eg skal delta sjølv er eg usikker på, men eg skal i alle fall sjå på, for rokonkur-
Sommar
byen
Ka LvåG
ransen er både glimrande underhaldning og ramsalt kystkultur, slår ho fast.
Det er tilbake til dei lokale røtene, folkelege kulturtradisjonar, lokal historieformidling og nostalgisk musikk som innbyr til folkefest for kystfestivalen i år.
Tøtteshow og adam Douglas Øvst på konsertplakaten står Bremangeramerikanaren Adam Douglas, ein musikar og artist som har hatt enorm suksess dei siste åra. I tillegg kjem partybandet Kokken Tor, som er synonymt med energisk festmusikk. Kalvågs eigne Tøttene stiller med nytt show og i tillegg kjem partybandet Turbostipend.
– Både Kokken Tor, Turbostipend og showet til Tøttene vil vere 80-talsprega, så folk må gjerne kle seg i 80-talskle, oppfordrar Jannicke.
Dei siste 40 åra har det vore ei rivande utvikling i Kalvåg.
– Fiskeria, sjøbuene, reiselivsutviklinga på Knutholmen, generell næringsutvikling; det starta ei ny tid for Kalvåg utover på åttitalet. Og dette vil vi ta for oss i det populære heftet vi lagar. Akkurat no held
Arvid Langeland på å sy saman stoffet i heftet, fortel Jannicke.
Heftet blir delt ut til alle husstandar i Bremanger, samt til publikum på festivalen.
e rotisk pøbb og leikar for barn
At det er noko for alle på Kalvåg Kystfestival skulle denne deloverskrifta borge for. – Frå erotisk pøbb via salsboder i gata, til rokonkurranse, heftige konsertar og show, salsboder i gata, sentrumsquiz og leikar for barn; - Kalvåg Kystfestival 2023 blir ein heidundrande fest for både store og små, konkluderer Jannicke.
Det vert bubilcamping på Kalvøya, telting i Bontelabo, og idrettslaget Frøy arrangerer det tradisjonelle trappeløpet. Ei familievenleg helg med vekt på kystkultur er tanken.
Tøtteshowet og Turbostipend står på scena fredagen, medan Adam Douglas og Turbostipend held konsertar laurdagen. For detaljer om programmet kan du følgje facebook-sida til Kalvåg Kystfestival. Per Øyvind Helle
16 Sommarbyen 2023
ro : Det blir ikkje mykje ro for dei som skal ro i kampen om vandrepokalen, for då er det eit sabla liv langs bryggene der publikum heiar - og på vika piskar årene opp sjøen som om sildestimene står tett.
ro : Festivalleiar Jannicke Frøyen Brenden løftar vandrepokalen til rokonkurranse og har førebels roa før festivalen.
bryGG e ST emn I n G : 6.-8. august kan på du nytt nyte festivalstemninga rundt Knutholmen.
a Dam D o UGL a S : Bremangeramerikanaren held konsert på årets festival. Fo T o: Tor G r I m Ha Lvar I
Herlegsommar! VI HAR g DU TRENG TIL SOMMAREN
1. ETG. GULL OG UR VINMONOPOLET
CUBUS
VIKI PÅ SENTERET
RINGO
ZAVANNA
LAYER
MEKK REMA 1000
2.ETG. EUROSKO
TOPPEN FRISØR KITCH`N
SUNNFJORD APOTEK
VITA EXCLUSIVE
SUNKOST
NILLE
POWER
3.ETG. NORLI PRINCESS
KAFE KANDIS
SPORT OUTLET
Stolt hovedsponsor for Våt Moro 6. – 9. juli
Blimedlemi kundeklubbenvår ogfåtilgangtildei eksklusivefordelane duogså!
INNMELDING: AMFI.NO/FLORO
17 Sommarbyen 2023
N 0 NO KKEN KO J
AMFI Myeå gledesegtil.Alltid.
A
Følgosspå
Følg oss på
10-19 (16) | AMFI.NO/FLORO REMA 1000 07-21
20 år med Eikefjorddagane blir feira med Vinskvetten og «Elg»
– Vi gler oss stort til å invitere folk til 20-årsjubileet vårt, for i år slår vi på stortromma, smiler leiar Astrid Bygdås Høgset i Eikefjord Grendalag. Det driftige grendalaget har med seg mange lag og organisasjonar i Eikefjord når dei arrangerer Eikefjorddagane for 20. gong helga 18.–20. august. Den populære festivalen har preg av god gammaldags marknadsstemning for både små og store, for barnefamiliar og for det smilande festglade dansefolket.
– Folk får dei tradisjonelle dagaktivitetane for barn og litt til i år, fortel Astrid.
Og med litt til meiner ho mellom anna eit utvida mattilbod der dei håpar å få på plass diverse foodtruckar laurdagen. Ein konkurranse med flotte premiar, partileiardebatt og opplegg for ungdom på ettermiddagen blir det også i teltet på dagtid.
Festivalen startar fredagen i teltet i bygdesentrum med ei overrasking som Astrid held tett til brystet.
– Den kan eg ikkje seie så mykje om, men under opninga blir det også kakebord og kos, og vi skal dele ut Eikefjordprisen, fortel ho.
Fredagen held fram med kyrkjekonsert
Sommar
byen e ikefJ or D
med Øyvind Elgenes, meir kjent som «Elg» frå Dance with a Stranger. Hans karakteristiske røyst vil skape musikkmagi i Eikefjord kyrkje.
Etter kyrkjekonserten blir det show med Vinskvetten i festivalteltet. Vinskvetten med Bjørn Jensen i spissen er klare til å servere drama, spenning, musikk og uvanleg staute mannfolk (for alderen då), ifølgje dei
sjølve. Men først og fremst får du haraball og moro når karane frå Salhus går på scena. – Etter det fyldige dagprogrammet laurdagen, så avsluttar vi med dans i teltet med Vi Menn, seier festivalleiaren.
Etter kvart kan du lese det detaljerte programmet på eikefjordgrendalag.no.
Per Øyvind Helle
18 Sommarbyen 2023
GL a DG J en G : Det nye styret i Eikefjord Grendalag har mange oppgåver når dei skal arrangere Eikefjorddagane. Frå venstre framme: Agniezska Toporska, Astrid Bygdås Høgset, Trine Solheim. Bak frå v: Ole Petter Hasti Leversund, Anders Ole Sunnarvik, Anette Barlund, Egil Russøy. Hilde Dalberg var ikkje til stades.
. MUSTANG MACH-E 0,25% FASTRENTE I 3 ÅR! FRA 2.990,-/MND* 5 års fri service inkludert Inkludert vinterhjul Rask levering Betingelser. Pris levert Auto 8-8. CO2 0 g/km bl. forbruk 0 l/mil. Utelukker enkelte andre rabatter. Gjelder kontrakter signert tom. 30.06.23. Leasing: Startleie/etabl.gebyr: kr 119.900,- Mndsleie: kr 2.990,-. Totalpris: kr 227.540,Fastrente. 3 års bindingstid, kjørelengde 45.000 km. Ford Credit levert av Santander Consumer Bank AS. Forbehold om prisendringer og trykkfeil. www.auto8-8.no Auto 8-8 Forum Auto 8-8 Forum Avd. FLORØ Leirvåggata 29 6900 Florø Tel. 57 75 29 30 Avd. FØRDE Sandersplassen 2 6808 Førde Tel. 57 83 09 60
No kan du overnatte i «nøkkelmerka» natur
Det er ein på Reksta og ein i Eikefjord; «fuglekassar» for folk som ønskjer å leige rom i unik, urørt norsk natur.
Torstein Aa er designar og ein av gründerane bak Birdbox gjennom selskapet Livit. Dei små nøkkelferdige overnattingsromma blir produsert i Eikefjord hos Brødrene Aa. – Det går veldig bra. No har vi selt over 10 Birdboxar og har mange på gang. Dei er let-
IONIQ 6 RWD, LONG RANGE PREMIUM
Ei KE fJ o RD og R EKSTA
te nok til å kunne plasserast på unike stader med minimale inngrep i naturen. Og no har vi altså fått opp to i Florø-området. Vi har selt ei til Reksta der kjøparane sjølv driftar den, og så har eg sett opp ein her i Eikefjord som eg og far min eig sjølve. Den står på eit småbruk der vi leiger grunn, fortel Torstein.
– Så då er du ikkje berre utviklar og produsent, men har kasta deg inn i sjølve overnattingsdrifta også?
– Ja, og no skal vi i gang med eit samarbeidsprosjekt med ein grunneigar i Seljord
der vi skal drive og leige ut fem Birdboxar på same måten, smiler Torstein. Birdbox er ei minimalistisk opplevingshytte som er designa for å få gjestane så tett på naturen som mogleg, med komforten til eit hotellrom: Birdbox er montert på søyler på ein måte som gjer minimalt inngrep i naturen, og om den skal flyttast seinare vil området sjå urørt ut. Du kan booke Birdbox på heimesida deira.
Per Øyvind Helle
Fra kr 3.690,-/mnd.*
Inkl. metallic lakk og vinterhjul
IONIQ 6.
Inntil 614 km rekkevidde.
Helt nye IONIQ 6 er en helt ny elektrisk sedan og har et unikt, strømlinjeformet design som gir den laveste luftmotstanden og den lengste rekkevidden blant våre elbiler. Med bakhjulstrekk kan du kjøre inntil 614 km og med IONIQ 6 med firehjulstrekk inntil 583 km. Les merpå Hyundai.no
REKSTA: Seng, ein liten kjøkkenkrok, lenestolar, ventilasjon - og ikkje minst «a room with a view.» Det er det du får om du leiger Birdboxen på Reksta. P R ivAT f o T o
E i KE fJ o RD : Birdboxen i Eikefjord står rett over skulen. Lenger vekk treng du ikkje gå før naturen kjem tett på. fo T o : Emil
R A mu SSE n byen
Sommar
Auto 8-8 Forum, avd. Førde Sandersplassen 2, 6808 Førde Tel. 57 83 09 60 Auto 8-8 Forum, avd. Florø Leirvåggata 29, 6900 Florø Tel. 57 83 09 60 www.auto8-8.no
Tenk at kunsten min No treng dei ikkje
– Eg så glad for dette. No treng ikkje kunstverka mine stå å mygle i kjellaren på den gamle husmorskulen i Førde lenger. Der var det forresten mykje liv før i tida, skal eg seie deg!
Oddvar Torsheim flirer sitt sjarmerande smil. Glimtet i auget, som gjerne kan vere litt krasst, og som har prega kunsten hans i heile hans 84-årige liv, lyser brått mot oss som ein blitz.
Saman med Oddvar og dagleg leiar Jan Fredrik Fosse på Knutholmen, går vi dei hundre metrane frå restauranten ved bryggekanten til Kålvågvegen 178; «Røysbutikken» på folkemunne. No får det gamle forretningsbygget namnet «Galleri Torsheim.»
Jan Fredrik Fosse har arbeidd med «Galleri Torsheim» i to år.
– Visuelle uttrykk er viktig for Knutholmen, både gjennom arkitekturen, interiøret og maten vi serverer. Det er gjennomtenkt det vi held på med. Då kan vi ikkje henge kva som helst på veggane, slår Jan Fredrik fast.
Gjennom samarbeidet med Sand-familien har han og Knutholmen fått eit sterkare forhold til kunst og biletkunst.
– Det er litt av bakgrunnen for at eg tok kontakt med Oddvar. Eg har alltid vore glad i kunstuttrykket hans, og det skadar jo heller ikkje at mannen er ein herleg person, smiler Jan Fredrik.
– Det er ideen, planlegginga og gjennomføringa av slike prosjekt som gjer det verd å halde på. Vi må utvikle oss, seier Jan Fredrik og slår ut med armane i det vi stig inn i galleriet.
– Wow!
Journalisten blitt rett og slett overvelda. For bak ytterveggane i det gamle forretningsbygget materialiserer det seg eit lokale som bryt med det gamle kystkulturmiljøet vi elles assosierer Knutholmen med.
– Det er nesten Håkonshallen, utbasunerer Oddvar.
g ull i golvet og lyd til 700.000 Når vi er på besøk, er det nokre veker igjen til galleriet opnar kring midten av juni.
– Det er mykje som står att, men du anar teikninga?
Ja, vi anar teikninga, Jan Fredrik. Sidan januar har bygningsarbeidarane totalrenovert det gamle bygget. Saltak har erstatta det flate taket, men det er innvendig dei største endringane har skjedd. 800 moderne kvadratmeter fordelt på to etasjar skal no huse kunsten til det mange meiner er den største nolevande biletkunstnaren i Sogn og Fjordane.
Første etasje har resepsjon, foajé, garderobe, toalett og eit samanhengande stort konferanserom.
– Her har vi plass til over 200 gjestar. Vi har investert mykje i ventilasjonsanlegg og 700.000 i lyd- og lysanlegg. Eg trur ikkje du finn ein konferansesal mellom Bergen og Ålesund som kan matche det tekniske vi kan tilby kundane våre. Og med Torsheim på veggane og gull i golvet, så må jo dette bli bra, smiler Jan Fredrik.
Sommar
– Det er fantastisk at dei har fått til dette og vil ha kunsten min permanent her. Du veit, religion og kunst kan du ikkje tre ned over hovudet på folk, det må du like. Og heldigvis så likar Fosse-familien kunsten min, smiler Oddvar.
– Står ikkje med lua i handa
Vi går opp i andre etasje. Under det høge skråtaket er lokalet delt inn i to seksjonar.
Eine delen blir i moderne kvitt med gipsplater, medan den andre delen blir meir nordisk i stilen med kryssfiner og svarte skruar.
– Vi byggjer tre ulike seksjonar der Oddvar sin kunst kan fordelast etter epokane hans. Og slik får vi eit levande bygg både i form, farge og bruk, forklarer Jan Fredrik og viser til at konferansesalen også kan brukast som konsertarena.
I andre etasje er det også laga ein stor altan med flott utsikt.
– De har ikkje spart på noko?
– Nei, det har vi ikkje råd til, ler Jan Fredik.
– Vi skulle bruke fem millionar kroner på
kjøpet og renoveringa. No har vi brukt ti millionar og det går vel litt til. Men dette er ei investering på mange plan for oss. Eg er trygg på at Galleri Torsheim vil gi oss og gjestane våre valuta for pengane.
– Dei står ikkje med lua i handa i Fossefamilien, kjem det frå Oddvar.
– Det gjer heldigvis ikkje du heller, svarar Jan Fredrik.
– Nei du, for den har eg for det meste på hovudet! Eg har plaga ei dame på Sunnfjord Hotell i 30 år med den her lua. No er ho gullsmed, forresten. Og ho har laga nye til meg opp gjennom åra når den gamle har fått nok.
– Picasso visste heller ikkje
– Eg får litt migrene av det her. For kvar og korleis skal vi fordele verka mine på veggane?
Vi er nede i første etasje igjen, og Oddvar og Jan Fredrik heng opp måleriet «Nymfe som set opp håret på stranda» i foajéen. Oddvar er tydeleg glad og stolt over at han no får sitt eige permanente galleri, men så det var det med å finne ut av korleis
20 Sommarbyen 2023
byen Kalvåg
Fan Ta STISK lo K ale : Oddvar er særs begeistra over utforminga på Galleri Torsheim. Her står han med Jan Fredrik i inngangspartiet på bygget som også blir eit moderne konferansebygg.
Ta KK nemle g : Kalvåg blir ein stor attraksjon rikare når Galleri Torsheim står klart i juni. – Eg er så takksam for meg dette, smiler kunstnaren sjølv.
I «Galleri Torsheim» får 250 kunstverk av Oddvar Torsheim si permanente utstilling. Og Knutholmen i Kalvåg får eit moderne konsertog konferanselokale.
–
min får ein heim her i Kalvåg. mygle i ein kjellar lenger!
kunsten hans best kan presenterast på veggane.
– Eg er glad eg har dotter mi Jorunn med meg. Ho er fantastisk til å hjelpe meg med både det eine og hitt, legg han til.
For tida held dei på med å ramme inn 75 teikningar som skal opp i galleriet.
– I tillegg har jo eg drøssevis med oljemåleri og anna. Og så blir det å samle dei ulike epokane mine i dei ulike delane av lokalet slik at publikum får ein slags raud tråd, seier Oddvar.
– Kor mange epokar har du?
– Mange, flirer han.
– Eg var jo ganske politisk av meg rundt EU-spørsmålet på 1970-talet, og eg hadde ein periode der eg var oppteken av litt ekteskapsgreier. Vi får sjå korleis vi fordeler alt eg har i lokalet her. Dessutan veit eg ikkje kor mange som ligg i kjellaren på husmorskulen. Eg har jo skapt og samla i årevis. Picasso visste heller ikkje kor mange måleri han hadde liggande, fortel Oddvar.
At han dreg samanlikninga med Picasso er heilt i orden for ein lekmann; Torsheim
Tor SH e I m : – Du veit, religion og kunst kan du ikkje tre ned over hovudet på folk, det må du like. Og heldigvis så likar Fosse-familien kunsten min, smiler Oddvar.
or IGI na L: «Nymfe som set opp håret på stranda» måla Oddvar i 1993. Kanskje blir dette det første du ser når du stig inn i Galleri Torsheim. – Vi må teste ut kvar det passar. Og så må eg flikke litt på det, for eg ser at det er ein blyantstrek i hjørnet som skal vekk, observerer Oddvar. Ingen tvil om at dette er eit originalt Torsheim-verk.
heng like høgt som Picasso i denne heimen (skjønt, Picasso heng vel strengt tatt ikkje i det heile tatt i denne heimen.)
o riginalen med sauesaksa
Det er ein fryd å gå rundt med Oddvar og Jan Fredrik denne dagen. Ei barnleg glede glimtar i auga deira. Det er lett å sjå at begge gler seg enormt til opninga.
– Eg er 84 år. Eg er så glad for at nokon no tek vare på livsverka mine og viser dei fram. Det er jo ikkje sikkert eg blir hundre, veit du, så det er fint å få oppleve dette no.
Oddvar er i storslag og legg ut om ungdomstida si. Då han starta på møbelfabrikk på Os, men gjekk så lei at han sa til sjefen at neste dag så reiste han til sjøs. I eitt år var han sjømann. På tur i Det indiske havet fekk han beskjed om at far hans hadde fått han inn på kunst- og handverksskule i Bergen.
– Og no er eg her, konstaterer Oddvar og stryk seg i skjegget.
– Veit du at ei diger sauesaks er det einaste som bit på skjegget mitt! Det er urettferdig, det skulle grodd like godt oppå her
gir 800 kvadratmeter med rom til Oddvar sin kunst. I løpet av juni flyttar kring 250 kunstverk frå ein kjellar i Førde til permanent utstilling i Galleri Torsheim.
rob ÅT: – Eg kan å ro, veit du. Far min laga båtar då eg vaks opp på Rovdestranda. Robåten blir ein flott installasjon her i galleriet og konferanssesalen, smiler Oddvar og tek tak i tofta medan Jan Fredrik kosar seg glugg av historiane Oddvar vartar opp med.
som her, illustrerer han med ei hand i fjeset og ei på lua.
– Somme seier at eg er ein original, men eg er ikkje meir original enn nokon andre, veit du. Tenk over det.
Oddvar har jo rett. Vi er alle originalar. Og dei mange hundre oljemåleria, akvarellane, teikningane og grafiske verka som skal pryde Galleri Torsheim, er i høgste grad originalar. Plukka ut frå mørkret i ein kjellar. Slik at vi kan fundere og smile over motiva til kunstnaren som er kjent for si latterleggjering av fordommar og vanetenking gjennom surrealistisk fantasi og samfunnskritisk tendens.
– Kunst er ein idé om ein ting, proklamerer Oddvar.
Og Oddvar Torsheim har hatt mange idéar om ting opp gjennom livet. Det har også Jan Fredrik Fosse på sitt vis.
– Vi lever berre ein gong. Å realisere Galleri Torsheim er stort, avsluttar Jan Fredrik.
Per Øyvind Helle
21 Sommarbyen 2023
ny TT LIV: «Røysbutikken»
en G a SJ er T: Jan Fredrik fortel om korleis 2. etasje skal bli sjåande ut. – Vi er ikkje heilt ferdig, men det går fort no dei siste par vekene.
Anne drøymer om liv og røre
Fanøytunet på Fanøy skal på ny huse reiselivsaktivitet. No under namnet Fanøy Island Lodge.
Det er eigedomsselskapet Semi AS som eig bygningane på tunet, medan Norway Adventures med ekteparet Anne og Rogier van Oorschot i spissen skal drifte overnattingsstaden som no har fått kring 30 sengeplassar.
Semi as har brukt vinteren til å renovere bygningane på Fanøytunet.
– Vi har allereie hatt ei gruppe frå Sunnfjord på overnattings- og teambuildingsbesøk, og vi gler oss til å ta imot gjestar framover, smiler Anne.
Island Lodge
Med dei kundegruppene van Oorschot ser for seg framover, der både norske og utanlandske kundar er målgruppa, så har dei valt å endre namnet på tunet til Fanøy Island Lodge.
– Vi har hatt eit møte med lokalbefolkninga, og vi har fått god respons både på namnet og planane våre. Vi er begeistra for Fanøy, alt er i tipp topp stand her. Hus, naust, vegnett – alt er velstelt og veldrive på øya. Lokalsamfunnet er rett og slett veldig levande og velorganisert, meiner Anne.
Enn så lenge, så vil overnattingstilbodet
Sommar
byen
Fanøy
vere eit tilbod for lukka grupper via bestilling hos Norway Adventures, men ei eiga nettside for Fanøy Island Lodge er truleg klar når du les dette.
Grillhallen og b åten
Anne fortel at dei har pussa opp dei to
leilegheitsbygga som er komme til etter at sjølve Fanøybua blei bygd. Dei har også flikka på bua, og investerer mellom anna i nye møblar. Interiørdesignar blei hyra inn, og det er blitt eit «fresht» preg på bygningane.
– Gjennom Semi AS har Nødseth-famili-
Åge Aleksandersen
Fredag
sørger for at du kan kjøpe god mat og drikke hele fredags kvelden i Florahallen
22 Sommarbyen 2023
a LL e F o T o : n or way a dV en T ure S
ny TT LIV: Anne van Oorschot drøymer om stor aktivitet på Fanøy.
i Florøhallen
- Dørene åpnes 19:00 - Jan Kjetil Klubben underholder i foajéen 20:30 - Åge og Sambandet 23:00 - Musikk og åpen pub i foajéen www.rockeklubben.no
8. september 2023
18:00
https://fmck.hoopla.no/sales/
Scan UR koden: Kjøp av billetter www.fmck.no
Arr: og www.rockeklubben.no www.fmck.no Florø MCklubb Florø Rockeklubb og Florø MCklubb Se og Facebok: «Åge i Florø» www.levvalivet.no & Sambandet
Sponsorer:
i tunet dei har pussa opp
en som eigarar investert mykje for å modernisere tunet. Vi er takksame for samarbeidet med dei, understrekar Anne.
Ho legg vekt på at tunet og området rundt er ganske usjenert og passar slik perfekt til dei opplevingsprodukta dei sel.
– Kundane våre likar aktivitet og leik. Derfor har vi utvikla heilt spesielle leikar og aktivitetar som vi kombinerer med god mat og overnatting. No vil eg ikkje seie for mykje om kva slags leikar dette er, for då forsvinn jo litt av overraskingsmomentet, smiler ho.
På tunet er det to rorbuer som har to leilegheiter kvar med høg standard. I tillegg er det ei leilegheit i hovudhuset og ei leilegheit i eit bygg som er forma som ein båt heilt i sjøkanten.
– Og så har vi Grillhallen vår! Der er det eit godt grillkjøken, men du skal ikkje sjå bort frå at det blir litt musikk også – namneinspirert som vi er av Grieghallen, ler Anne.
Møterom, moderne kjøken, etesal og flott uteområde kompletterer det dei håpar blir eit attraktivt tilbod til lukka grupper.
Padlefestival og pop-up restaurant?
– I første omgang blir det ein overnattingsstad for kundane våre, men på sikt så drøymer vi om restaurantdrift igjen på sommaren. Folk må gjerne kontakte oss om dei vil starte ein liten pop-up-restaurant her. Og
vi ser også for oss å utvikle andre aktivitetar, slik som ein padlefestival og yogahelger, fortel Anne. Og når vi skriv dette er det driftige og kreative ekteparet van Oorschot også på jakt etter ein person som kan ha ei vertskapsrolle på Fanøy Island Lodge.
– Vi ønskjer eit samarbeid med ein driftig person lokalt. Og saman kan vi kanskje utvikle aktiviteten på Fanøy slik at det kan bli ein fulltidsjobb, avsluttar Anne.
Per Øyvind Helle
EIENDOMSVEDLIKEHOLD OG STELL AV GRØNTAREAL
Vi utfører mange oppdrag i alle årstider.
Vi har lang erfaring med lokale og dyktige ansatte som gjer jobben til konkurransedyktig pris.
•Plenklipping
•Klipp og stell av hekk, busker og trær.
•Stell av hage, planter og bed.
•Kosting, spyling og fasadevask
23 Sommarbyen 2023
rom me D UTSIKT: Dei nyrenoverte leilegheitene har sjølvsagt flott utsikt.
b ÅT en : Leilegheita i bygget som er forma som ein båt, tippar vi blir eit populært utleigeobjekt.
•
Postboks 274, 6902 Florø • Tlf. 57 75 21 40 • www.origod.no
– Vi vil ha solnedgang, latter og song, kjærleik og hjarte i brann!
Sivert Orheim og Leander Høyvik arrangerer Palmekystfestivalen for andre gong. I år har dei lagt lista høgt og inviterer til to dagars festival på nytt festivalområde på kunstgrasbana ved Florahallen.
– Det blir ein festival med artistar som appellerer til eit breitt publikum, og ei festivalstemning som skal få fram smil og hoppande glede, smiler dei to.
Starta i ein hage
Før Sivert og Leander arrangerte festivalen i ordna former i eit telt på torget i Florø i fjor, var Palmekystfestivalen namnet fotball- og tvillingbrørne Peter og Stefan Aase brukte på ein årleg, privat sommarfest dei arrangerte i hagen sin.
– Før vi arrangerte festivalen i fjor sat eg og Sivert heime hos han og drøste over kva namn vi skulle ha på festivalen vår. Då dukka Aase-tvillingane sitt palmekystnamn opp i hovudet. Du får jo ein assosiasjon til sydlandsk glede, feriestemning og gode vibbar når du høyrer ordet, så det tenkjer vi er eit godt namn på det vi ønskjer å skape, fortel Leander.
– Florø er jo «palmekysten.» Ein vakker, fargerik by som vi er glade i. Det ligg patriotisme i namnet, smiler Sivert.
– Og om det ikkje alltid er like varmt i Florø som palmekyst-namnet skulle tilseie, så gir energien publikum skaper på festivalen varme til alle, meiner Leander.
Fire veker før festivalen nærmar dei seg 800 selde billettar. Og når du les dette så er billettsalet kanskje bikka tusen?
madcon, kebab og solhattar
Artistane på festivalen er Postgirobygget, Madcon, Roc Boys, Waterproof og Rakkerne.
– Postgirobygget har jo blitt eit husband på alle landstreffa til russen, så mange ungdommar er glade i musikken deira. Det er derfor eit band som vil treffe fleire generasjonar, meiner Sivert og Leander.
Waterproof er eit coverband med eitt breitt utval energiske partylåtar, medan
Roc Boyz er ein norsk rap-gruppe som gjorde seg bemerka med låta «Wreckonize» med sine 12 millionar streams. Trioen har eit godt grep om den yngre generasjonen. Den yngre generasjonen vil nok også sette pris på russebandet Rakkerne frå Bergen. Madcon har ei lang historie bak seg og har gjort både nasjonal og internasjonal suksess. Kanskje hugsar du armrørslene frå koreografien heile Europa var med på då dei song «Glow» under Eurovision-finalen på Telenor Arena i 2010? Palmekystfestivalen oppfordrar i alle fall til å «share the moment» også i år.
– Vi legg til rette publikumsområde for dei under 18 år og for funksjonshemma, og vi har artistar som vi meiner appellerer til breie aldersgrupper. Vi har kjøpt inn «merch»-solhattar som folk kan «chille» i,
24 Sommarbyen 2023
byen Florø Sommar
P o STGI r obyGG e T: Dei norskspråklege, allsongvenlege låtane til Arne Hurlén og gjengen hans, lever vidare frå generasjon til generasjon og verkar temmeleg uslitelege. Pre SS e F o T o
ma DC on : Opprinneleg starta Madcon i 1992, då med fem faste medlemmer. Men dei siste tiåra har bandet vore ein duo beståande av Tshawe Baqwa og Yosef WoldeMariam. Pre SS e F o T o / P r omo
H o PPan D e G le D e : Leander Høyvik og Sivert Orheim gler seg stort til å dele
Dei to ungdommane som står bak Palmekystfestivalen i Florø er klare på kva dei vil ha 23.-24. juni.
og ved gang- og sykkelvegen langs Havrenesvegen blir det fin og fargerik skilting. På sjølve festivalområdet vil vi også ha frisk og fargerik dekor. Og vi har eit samarbeid med Amanda som skal selje kebab og pizza. Dette blir rett og slett veldig bra, konkluderer dei to unge festivalarrangørane. Så då er det berre å gjere seg klar til å syngje med på Postgirobygget sin sommarslagar:
«Det var øl, berusende ord. Det var sommer, det var sol. Det var hjerter i brann, blikkstille vann - alt på denne jord. Og det var kjærlighet. Ja, det var kjærlighet. Minner som aldri vil dø. En sol som farga himmelen rød. Idyll.»
Per Øyvind Helle
EU-kontroll service og reparasjoner av alle bilmerker Bunkring fra flytebryg ge og Fugleskjærskaia
Sommarope: 20. juni – 13. august
Måndag – fredag 11.00 – 17.00
Laurdag og søndag 12.00 – 16.00
Viss du er nysgjerrig på båt og kystkultur, vil eit besøk på Kystmuseet i Florø ikkje skuffe deg. Ein av juvelane i den store båtsamlinga vår frå då vind og musklar var motor, er Bakkejekta frå 1700-talet.
Her kan du sjå fiskereiskap og gjenstandar frå våre små kystsamfunn og du kan også sjå korleis Flora vart by, og få eit innblikk i silda si rolle for kysten.
www.kyst.museum.no
25 Sommarbyen 2023
WaT er P r oo F: Med Jørn frå Vågsøy, kjent frå Idol, og vokalistkollega Susanne, så er Waterproof kjent som eit fyrverkeri av ei coverlåtpartyband. Pre SS e F o T o
den sydande festivalkjensla med publikum.
Florø er jo «palmekysten.»
98 BENSIN • DIESEL • FARGA DIESEL (EN590)
MARINE GASSOLJE • FYRINGSOLJE
SMØREMIDLER • KJEMIPRODUKT
Ein vakker, fargerik by som vi er glade i.
•
•
•
Bunkring mindre båter Drivsto pumpe for kjøretøy
Bunkring større fartøy
Strandavegen 19, 6905 Florø · Tlf. 57 74 05 30 · www.fbh.as
Florø Bil & Havneservice AS
Bilverksted · Oljesenter · Drivstoff
Åpent hverdager kl. 08 – 16.30
Foto: Musea Sogn og Fjordane
Turbyen Florø
Flora Turlag gjer eit storarta dugnadsarbeid for folkehelsa. Gjennom sine mange opparbeidde turløyper, og mange organiserte turar i løpet av året, legg Flora Turlag til rette for eit enkelt, aktivt, allsidig og naturvennleg friluftsliv.
Flora Turlag har over 900 medlemmar og er eit aktivt turlag med mange ulike aktivitetar gjennom heile året. Turlaget har eit tilbod til alle – frå̊ barn til senior, på dagtid, ettermiddag og helg – gjennom heile året.
Dei hyppige Tur&Kultur-turane er populære, og det er også den årlege og populære Trimpoengkonkurransen som har 64 meir eller mindre krevjande ås- eller fjellturpostar i regionen. Dei og andre turtips finn du på flora.dnt.no.
Også i Bremanger er turlaget, Keipen Turlag, driftige. Dei sambeider med Flora Turlag om mange turopplevingar. Du finn informasjon på keipen.dnt.no.
Per Øyvind Helle
26 Sommarbyen 2023
TUREN TIL KINN OG TEATERET VED HAVET –EI OPPLEVING DU IKKJE FINN MAKEN TIL! BÅT FRÅ BERGEN OG FLORØ. 22 OG 23. JUNI 2024 Sjå www.kinnaspelet.no for meir info og billettar 17. og 18. juni
ved det store djup www.natvik.no
Songen
byen
FlorØ
Sommar
Fire pils og ein pizza: Siste servering i Florø?
Åge Aleksandersen er ein musikalsk nasjonalskatt og Florø har alltid stått han nær. 8. september står han på scena igjen i kystbyen – med sitt kjære Sambandet.
13 år er gått sidan førre Åge-konsert i Florø. Men vi skal heilt tilbake til 1979 då Åge Aleksandersen med Sambandet for første gong rocka Florø, i Flora Samfunnshus. Den gong var det den nystarta MC-klubben i byen som stod bak konserten.
Vår Bruce Springsteen
– Åge har spelt i Florø over 30 gongar. Først med Prudence, seinare solo, og så med Sambandet. Han har opparbeidd eit stort hjarte for byen, seier Dag Magne Knapstad.
Som i 1979, så er det Dag Magne som også i år har sikra seg konsert med Åge når han no gjer comeback i Florø. Denne gang i regi av Florø Rockeklubb.
Mange trekk parallellar til Bruce «The Boss» Springsteen når dei tenkjer på Åge
Sommar
byen
F LO rø
Aleksandersen. Åge er blitt 74 år, men held seg til liks med Springsteen i veldig god form og er energisk på scena. Også det musikalske og samfunnsengasjementet kan minne om Springsteen.
– Å stå på scena framfor gamle og nye tilhengarar i Florø blir like moro som på Samfunnshuset i gamle dagar. Men alt det som skjer før og etter konsertane – der merkar eg at eg ikkje lenger er 30. Likevel gjer vi fleire jobbar i år enn på mange år med Sambandet. Det er ein mani. Eg køyrer på –heilt til eg når stupet, seier Åge sjølv og legg til:
– Florø, mitt Florø – no kjæm vi igjen –men er dette siste gongen?
Levva livet!
Om du er 18 eller 70, så har mange av oss eit forhold til Åge sine låtar. I år har han også gitt ut ny musikk, mellom anna låta «Din sommer.»
Åge seier sjølv av den neste konserten alltid er den viktigaste. Så når han og eit topptrimma Sambandet står på scena i Florahallen fredag 8. september, så er du sikra ei oppleving du vil hugse med glede.
Og når du syng med av full hals til «Levva livet», så er det nok akkurat det du kjenner på – at du lever livet her og no.
Per Øyvind Helle
LEGENDE: Åge Aleksandersen har rocka Norge gjennom fleire generasjonar.
Drivstoff til sj� og land
Våre
Almenningsfjellet
Bremanger
Bryggja
Byrkjelo
Furuholmen
Haugsbygda
Klubbevika
Kolset
Måløy
Sandane (kommer)
Smørhamn
Stryn
Sørbøvåg
Dragsund
Florø
Leirvik
Fosnavåg Kulen
Utvik
Åheim
Moldøen Ålesund
FO TO: Kai Ha NSEN Med vårt MH24 kort får du rabatt på hver tanking. Telefon: 57 85 36 50 | Epost: post@mhservice.no mhservice.no
stasjoner:
27 S O mmar By EN 2023
I Davik har dei verkeleg fått opp dampen. – Heile bygda er med oss
Dei skal utvide restauranten til dobbel kapasitet, oppgradere servicebygget til bubilcampen og få gjestebrygge på plass i løpet av sommaren. – Det er vel få som gir slik full gass som vi, ler dagleg leiar Adrian Lefdal hos Davik Fjordparadis as.
I 1999 starta ekteparet Randi og Karl Johan Drageset Dampen Serveringsstad i Davik. – Dei la grunnlaget for det som i dag er blitt eit fjordparadis som heile bygda involverer seg i, seier Adrian.
For då familien Lefdal med far til Adrian, John Olav i spissen kom inn på eigarsida for nokre år sidan, ville dei at bygda framleis skulle kjenne eigarskap til serveringsstaden og dei gamle, ærverdige bygga. Gjennom ein emisjon i fjor inviterte dei difor innbyggjarane til å bli med på eigarsida.
– Mange blei med oss, og bygda er i hundre over den aktiviteten Dampen gir til Davik, smiler Adrian.
48 bubilplassar, trubadur og sommarliv
Aksjeselskapet heiter Davik Fjordparadis, men merkevara dei sel er Dampen.
– Her har vi restaurant, kafé, bar, utleige av rom og hus og opparbeidd ein glimarande bubilcamp med alle fasilitetar og plass til 48 bubilar. Vi har djupvasskai, campingplass for telt og... ja, kva er det vi ikkje har, smiler Adrian og trekkjer pusten.
Aktivitetsnivået aukar heile tida. Trubadurar er ofte på besøk, quiz er populært, og i løpet av sommaren blir Dampen endå meir tilgjengeleg for båtturistar då ei gjestebrygge skal på plass.
– Davik er ein idyll som eg har forelska meg i, konkluderer Adrian. rullande badstove og naustutleige
Dampen har også fått på plass ei flott badstove på hjul som er populær etter eit bad i den friske fjorden.
– Vi tilbyr gratis utleige av båtar til fiske og Rulledampen (badstova) er også gratis til buande gjestar i bubil eller i romma våre. I tillegg har vi laga til eit naust som fungerer som eit selskapslokale til utleige, fortel Adrian.
Han trekkjer fram fine turmoglegheiter, fiske, quizkveldar, live-musikk og ikkje minst kos og avslapping ved fjorden som
Sommar
gode grunnar til å ta turen til Davik i sommar.
– Det å sitje under pergolaen på uteområdet og nyte fjordutsikta med noko godt i glaset, det er grunn god nok til å besøkje oss, meiner han.
Dampen er open fredag til søndag. Bubilcampen er open alle dagar. Nærbutikk og bensinstasjon ligg i same området.
Per Øyvind Helle
DAMPEN SI HISTORIE
■ Ivar Wiik frå Ålfoten starta landhandel kring 1880 på nedre Davik. Då blei det også bygt dampskipskai. I 1923 tok Paul A. Drageset frå Innvik over landhandelen både med bakeri, dampskipsekspedisjon og telefonsentral. Han bygde etterkvart nytt forretningsbygg og dreiv også bunkrings- og bensinstasjon.
■ I 1951 blei det bygd ny kai. I 1983 tok Frode Drageset over familebedrifta. I 1999 overtok ekteparet Randi og Karl johan Drageset forretningsbygget og den gamle butikken på kaia og starta Dampen Serveringsstad. I dag står restauranten der stilrein i eit maritimt miljø. Gamle bilde frå Davik prydar veggane og modellar av velkjende fylkesbåtar står på hyllene.
■ Og Dampen har vekse seg til ein populær fritidsstad for bubilreisande og andre som ferdast langs kysten.
H i STorie : Historia til Dampen går heilt tilbake til 1880-talet. Det er berre å nyte synet og eimen av gammal kulturhistorie om du tek turen.
28 Sommarbyen 2023
byen
Davik
mari T im T: Restauranten på Dampen er i maritim stil. Trubadurar løftar ofte stemninga.
ro : Fjordutsikta er det ingenting å seie på.
Dam P en : Serverings-, overnattings- og opplevingsstaden Dampen i Davik blir stadig meir populær. Det kan dagleg leiar Adrian Lefdal fortelje. Her er han i muntert serveringshumør med dattera Anna.
Grøne smaragdtonar under «Hillaren»
Den vesle naturscena «Hillaren» på Askrova har husa spennande sommarkonsertar dei siste tre åra. I år vil konserten samstemme med slagordet til øya: «Den Grøne Smaragd.»
Folket på Askrova kallar øya si «den grøne smaragd.» Og likskapen til Irland, som blir omtalt som «Smaragdøya», er store: Grøne, slake og vakre heier. Og storslåtte naturfenomen. Som hillaren over grendahuset på Askrova, med den spektakulære utsikta vestover i havet.
I år er det Robert Wåge på gitar og sang, og Bård Larsen på mandolin og koring, som kjem til Askrova for å spele keltiske balladar under hillaren på Askrova. Som duo kallar dei seg The Celtic Ad Lib.
– Fredag 30. juni er datoen, opplyser Halvard H. Lunde i Svanøy folkeakademi.
– Den keltiske balladetradisjonen er melodisk og tekstbasert, der den tek opp tema som lengt, kjærleik, fest og kvardagsliv på øyane lenger vest for oss enn Askrova, fortel Halvard og tenkjer då på keltiske tradisjonar på Irland.
Men, som Halvard seier: – Sjølv om dei keltiske balladane
kan vere både melankolske og vakre, har finskjorta ein tendens til å lukte øl når du kjem heim morgonen etterpå.
Askrova bygdelag har, i samarbeid med Svanøy folkeakademi og Espeset gard, gjort hillaren over i grendahuset på Askrova til ei spanande kulturscene, der vi har opplevd både teater, operagalla og popkonsert med Linnea Dahle. I år vert det altså keltiske balladar som står på menyen.
Per Øyvind Helle
I år blandar auren seg inn i folkefesten i Strandgata
Knutepunkt Florø
Florø hamn er ei miljøvenleg pulsåre som knyt regionen vår til verda, eit naturleg bindeledd mellom veg og sjø. Ei aktiv hamn, pulserande av liv og røre, med passasjerbåtar, containerfarty, supplybåtar, fiskefarty, brønnbåtar og fraktebåtar som syner byen sine maritime tradisjonar. Florø si rolle som eit viktig knutepunkt vert i tillegg ivareteke av flyplassen, rett i nærleiken. God kommunikasjon gjer det enkelt å reise til og frå byen;
· Direktefly til og frå Oslo og Bergen
· Hurtigrute
· Ekspressbåt til og frå Bergen, Nordfjord og Sogn.
· Regelmessige avgangar.
Fugleskjærskaien – FLORØ Postboks 17, 6901 Florø
hamn@kinn.kommune.no - Tlf: (47) 57 75 67 40
Laksens Dag er, saman med Våt Moro, det årlege arrangementet i Florø som byr på flest aktivitetar i løpet av ein dag.
Laksens Dag er eit familiearrangement for gladlaksar i alle aldrar. 17. juni blandar også auren seg inn i dei mange, flotte festival- og lakseaktivitetane midt i Florø sentrum.
Her er noko av det du vil oppleve - og alt er gratis utanom om kveldskonserten!
- Tusenvis av smaksprøvar på ulike lakse- og aurerettar
- Kokkenes Mesterlaug
- Arbeidsbåtar i hamna som du kan besøke
- Byakvariet er ope og har laks i akvariet sitt
- Barn kan fjernstyre foring av laks i merdene til E. Karstensen i Batalden frå Byakvariet
- Barnas Kjøkken
- Bondens Marknad
- Sceneshow og konkurransar med Remi og Jonah frå Jonahs dyreverden på NRK
- Blindsmaking av laks og aure
- Musikkinnslag frå scena av Olivia Husabø
- Gatekonsert frå scena med heftig soul, funk og rock frå det nykomponerte storbandet Naupilus Allstars som består av dyktige musikarar frå Florø og Bremanger.
- Kveldskonsert og hit-parade på Haavebua med Pegasus
Den komplette oversikta over programmet finn du på laksensdag.no.
Per Øyvind Helle
29 Sommarbyen 2023
TH e C e LTIC a D LI b : Robert Wåge på gitar og sang, og Bård Larsen på mandolin og koring.
- Rebusløp på båtane som ligg til kai
byen aS krova Sommar byen F Lorø Sommar ww w.fl oroh amn.no
HAMN
FLORØ
wwwflorohamnno
e-post:
–
Ei artig, sosial og lærerik naturoppleving for barna
Friluftsskulen er eit aktivitetsopplegg for born og unge i alderen 9–13 år. Deltaking kan bli eit minne for livet for dei unge.
– Dette blir artig, sosialt og lærerikt for dei, smiler ho.
Gratis for barna
Gjennom ulike aktivitetar, ferdsel og opplevingar, ønskjer friluftsrådet å gje dei unge ei forståing av naturen sin eigenart og tolegrenser. Friluftsskulen er eit dagstilbod for born og unge og vil gå føre seg i ulike naturmiljø. Over lengre avstandar nyttar ein buss for å komme til dei ulike lokalitetane.
Påmeldinga er gratis for barn i alderen 9–13 år. Eit treårig tilskot frå Bufdir sikrar friluftsskular også dei neste to åra.
– Kinn og Bremanger kommune bidreg til å dekkje deltakaravgifta – i tillegg til tilskotet frå Bufdir. Friluftsrådenes landsforbund er også med i spleiselaget, opplyser Anna.
Dei fire friluftsskulane har plass til 20 deltakarar kvar, så her er det er første barn til mølla! Påmeldinga er bindande.
Fire friluftsskular
i k inn og b remanger
Det blir fire friluftsskular i Kinn og Bremanger i sommar. Ein i Florø, ein i Måløy og to i Bremanger.
Sommar
byen
arran GØ r : Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd.
Foto: daG mara WojtanoW ic
F rilu F t S kule : Gøy og lærerikt! F ot o : r uben Soltvedt
summering og avslutning. Deltakarane vert henta kl. 15 av føresette.
Foreldre er òg hjarteleg velkomne. Friluftsrådet tar atterhald om å kansellere dersom det vert for få påmelde.
Undervisninga på friluftsskulane startar klokka ni og sluttar klokka 15 den første dagen. Dag 2 startar ein klokka ni og overnattar til dag 3. Dag 3 avsluttar ein klokka 15. Det er frivillig om ein ønskjer å overnatte. Overnattar ein, så kan barna velje mellom telt, lavvo og hengekøye.
Ålfoten og Hauge
I juli er det to friluftsskular i Bremanger. Ålfoten 7.–9. juli.
Dag 1: Oppmøte kl. 9 ved parkeringsplassen ved Langesjøvatnet. Bli-kjend-leikar, kanotur på Langevatnet, fisking, bading og leik.
Dag 2: Oppmøte kl. 9 ved hjortegarden. Helse på dyra, orientering med kart og kompass, matlaging og setje opp leir.
Dag 3: Allemannsretten, naturquiz, ekskursjon og pakke saman leir. Hauge 17.-19. juli.
Dag 1: Oppmøte kl. 9, bli-kjend-leik, båt, fisking, krabbeteiner og matlaging.
Dag 2: Oppmøte kl. 9 ved grendahuset. Kart og kompass, orientering, matlaging, leik, kano, fisking, bading og setja opp leir.
Dag 3: Allemannsretten, naturquiz. Opp-
– Vi veit at vêrforholda på Vestlandet er skiftande og vind og nedbør kan kome med jamne mellomrom. Eit undervisningsopplegg med båtar og kajakkar ved kysten fordrar at vi har lite vind. Dagsprogramma må vere fleksible slik at vi kan endre og ha alternative løysingar dersom tilhøva vert for vanskelege, seier Jonathan.
Informasjon om kva deltakarane må ha med seg av nistepakke, utstyrssekk, kle og sko med meir, finn ein på facebooksida til dei tre arrangementa.
Ta gjerne kontakt med Anna Kobbeltvedt eller Jonathan Wiik om du har spørsmål. Telefon: 94 15 68 45/ 45 41 60 25. Epost: anna@friluftsrad.no/jonmwiik@hotmail.com
Per Øyvind Helle
Sommardansen over alle sommardansar
og latteren er det klart for lokale heltar i bandet Glimmer med Jan Kjetil Klubben i front. Den store avslutninga på kvelden er det Plumbo som står for.
– Her blir det høg allsongfaktor og topp stemning, spår Sølve Midtbø i ungdomslaget.
n
HÆ la i taket: Alltid tipp topp stemning på sommardansen i Norddalsfjord. F oto : a rn e
Ser ein på talet på publikummarar er sommardansen i Norddalsfjord eit av dei største kulturarrangementa i heile Florø-regionen. Og etter fjorårets suksess inviterer den driftige gjengen i ungdomslaget til hæla i taket og utvida program 1. juli i år. Kvelden startar med eit standup show av Ørjan Burøe. Han reiser for tida landet rundt med sitt show «Solo.» Etter humoren
Og med plass til nærmare 800 i teltet, så er det inga bekymring for dårleg vêr.
– Vi byggjer også ti meter med ny bar i år, så flaskehalsen vi opplevde i fjor blir vekke i år, fortel Midtbø.
Det blir sett opp buss til Florø og Svelgen etter dansen.
Per Øyvind Helle
30 Sommarbyen 2023
byen
orddal
Frilu F t SS kule Sommar
SFjord
Heimhug Ungdomslag i Norddalsfjord tek den årlege sommardansen sin til nye høgder.
– Vi har ein flott kystnatur, og vi vil inspirere til at born og unge kan få eit nært og godt forhold til naturen, seier Anna Kobbeltvedt i Fjordane Friluftsråd som arrangerer friluftsskulane.
Friluftsskulen har gjennomgåande tre hovudtema i undervisningsopplegget: Det er fokus på dei rettar og pliktar som er nedfelt i allemannsretten. Vidare er det lagt vekt på kunnskap om orientering og bruk av kart og kompass på land og på sjøen, og korleis ein finn, lagar og ter seg på ein raste- og leirplass.
3.–5. juli er utgangspunktet Florø med oppmøte ved Sørstrand Folkepark 3. juli. Der blir det bli-kjend-leikar, bading og matlaging. Deltakarane vert henta klokka 15 av føresette. På dag to blir det buss til Teigen leirstad der ein får innsikt i kart og kompass, orientering, matlaging, ekskursjon og å setje opp leir. Siste dagen er det allemannsretten ein tek føre seg, med naturquiz, nedpakking av leir og buss tilbake til Florø.
S ommar : Sol, kos og bading på Sørstrand Folkepark. F ot o : e gi L a arda L
Ta på deg badebuksa og spring!
kjenner mange til; nydelege naturstrender i Bremanger som folk valfartar til. Men flotte badestrender finn du også mange andre stader.
Stranda i Svortevika, LillePrata i Florø, Sanden på Svanøya, Valvika på Askrova – og mange andre «hemmelege» små viker rundt om.
I Florø er Sørstrand Folkepark den store badeperla. Friluftsområdet er tilrettelagd med bord og benkar, grillhytte, volleyballbane, flotte stiar og bruer ut til små holmar. Servicehus, grillar og kiosk finn du også. Her er det eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir òg nytta til rekreasjon elles i året.
Også i Eikefjord har dugnadsfolket og bygdelaget opparbeidd ei nydeleg sentrumsstrand med alle fasilitetar, og til og med ein fiskeplattform.
Så ta på deg badebuksa og spring! Skulle det vere litt kaldt i sjøen; ta på deg ei ullbadebukse:-) Eller tar turen til det flotte innandørs badeanlegget Havhesten i Florø.
Per Øyvind Helle
sommardansar
Bremanger Turistinformasjon
BremangerTuristinfo
BremangerTurist
DET GODE LIV
• Strender • Båtliv • Fjord •
• Fjell • Bre • Uteliv • Stillheit •
Sommar
naturStrender i kinn kommune
BREMANGER KOMMUNE
Kalvåg - Svelgen Tlf. 481 40 488
E-post: turistinformasjon.bremanger @bremanger.kommune.no
LEVE, VIRKE, NYTE
Foto: Sverre Hjørnevik, Svenn Petter Kjerpeset og Bremanger Turistinfo
PLumbo : Plumbo kjem til Sommardansen i Norddalsfjord i år Fo to: t r ond r eidar t eigen
BREMANGER
Ålfotbreen
Vingen
Vetvika
Svelgen sentrum
Kalvåg 31 Sommarbyen 2023
Hornelen
byen
Grotlesanden og Vetvika
Frå solgangsbris og fiskelykke til båtkos på brygga
Lune viker, storslått hav, gode uthamner, majestetiske øyer og sentrumsnære tilbod gjer at båtfolker likar seg i skjergarden rundt Florø.
Her er ei oversikt over nokre gjestebrygger og uthamner med utgangspunkt i Florø.
1: Florø Gjestebrygge
Byens gjestebrygge midt i det flotte hamnebassenget er populært blant båtfolket. Du finn eit av Norges beste gjesteservicehus her og mange maritime servicebedrifter. I tillegg finn du eit godt utval av kafear, serveringsstader og lokale butikkar i byen.
2: Fanøy Gjestebrygge
Du finn både gjestebrygge og nærbutikk like ved rutebåtstoppet på øya. Der kan du også leige kajakk. Pøbben og overnattingsstaden Ishuset er eit fiskestangkast unna.
3: Svelgen Gjestebrygge
Ved den flotte hagen til Bremanger Fjordhotell finn du både gjestehamn og bubilområde.
4: Knutholmen, Kalvåg
Du finn ein stor gjestebrygge i bygda som er kåra til ei av ti kystperler langs Norskekysten. Spa, galleri, treningssenter og restaurant.
5: Askrova Gjestebrygge
Gjestehamn like ved nærbutikken som byr på både daglegvarer og pøbb. Tilgang til straum, vatn og trådlaust nett.
Sommar
6: Rindheim Gjestehamn, Reksta/ Rognaldsvåg
Gjestehamna på øya er godt tilrettelagd med vatn, landstraum og toalett/dusj like ved. Nærbutikk.
7: Svanøybukt Gjesthamn
På Sunnfjords perle finn du både gjestehamn, butikk og kro. Servicehus med fri bruk av dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel. Gratis wi-fi på land. Du kan leige syklar på butikken.
8: Stavang gjeste- og bubilhamn
Ved nærbutikken finn båtfolket det ein treng: Serviceanlegg med dusj, toalett,
Uthamner i Florø-skjergarden
1: å lvora ved Stavøya
Ideell for barnefamiliar. Treplattingar og trebruer. Sittegrupper og grillplassar. Grillhytte med gassomn. Langgrunn lagune og lita sandstrand.
2: Sponga, Domba på Hovden
Lita hytte på kaia med langbord og gassgrill. Godt utgangspunkt for fisketurar og korte og lange gåturar, til dømes til Kvanhovden fyr.
3: Æsøysundet på Skorpa
Plass til 8-10 båtar. Grillhytte med langbord og varmeomn. Flott turterreng, til dømes Blåkollen 393 m.o.h.
4: Hillersøya ved Vevlingen
Kaiplass, flytebryggjer og gjestehytte med gassgrill. Flott for både barnefamiliar og andre båtreisande. Det er ikkje busetnad på øya.
Per Øyvind Helle
vaskemaskin, tørketrommel. Straum tilgjengeleg både for båt og bil.
Er du bubil-entusiast?
I Florø er det bubilparkering to stader. Ved Florø Stadion som ligg like ved det flotte turterrenget i dei to byane som åsen krinsar rundt, og ved Florø Bil og Havneservice i Strandavegen.
FLORØ GJESTEBRYGGE: Idyllisk lokalisert i kystbyen.
byen BåTFER i E
32 S O mm ARBYE n 2023 1 3 4 2 Kinn kommune 5km © Mapbox © OpenStreetMap © 2023 Norkart AS/Geovekst
1 5 6 7 8 2 3 4
og kommunene/NASA, Meti
Havet
sine skjulte
skal opp i lyset
Kystmuseet i Sogn og Fjordane vil ha deg med under havoverflata i sommar.
I utstillinga Havet sine skjulte skattar tek historikar og fotograf Atle Ove Martinussen deg med under havoverflata.
Gjennom makrobilete av småkryp, vinkelbilete av undervasslandskap, fjellformasjonar og fisk blir du kjent med verda under vatn.
Målet er å gjere skattane i havet, og den stille og ukjente verda tilgjengelig for folk flest.
Den spennande fotoutstillinga appellerer til både store og små, og vil stå på kystmuseet i Florø frå 14. juni til 31. august.
Nokre av fotografia er trykt på
skattar
handlaga kinesisk bambuspapir. Bambuspapiret er laga med same teknikkar som for 2000 år sidan. Desse bilda trykt på bambuspapir finst berre i eit eksemplar som du ser i utstillinga.
Og når du først er på kystmuseet, så ta deg også tida til å nyte eimen og synet av gamle båtar og kystkultur. Her kan du oppdage lokale båttypar frå ei svunnen tid og vandre gjennom kystlandskap med historiske sjøbuer og kystlynghei. Langs godt tilrettelagde turstiar kan du følgje natur- og kulturløypa og oppleve nærkontakt med geitene som hjelper med å halde kulturlandskapet i hevd.
Per Øyvind Helle
Bua gjer det enklare å vere aktiv i sommar
BUA i Florø er ein utstyrssentral for dei som ønskjer å låne seg fritidsutstyr. I Florø finn du BUA i Strandgata, like ved Turistinformasjonen.
Alle innbyggjarar og tilreisande som er på ferie i Florø, kan få låne diverse sommarutstyr.
BUA er ein nasjonal ideell organisasjon som skal gjere det enklare, spesielt for barn og unge, å prøve fleire og meir varierte aktivitetar, utan å auke forbruket.
Det er enkelt, berekraftig og ikkje minst gratis. Her får du låne saker og ting som telt, sovepose, hengekøye, ryggsekkar, turkjøkken, gåstavar, kart og kompass, fiskeutstyr, robåt, skateboard og meir med. Og i Turistinformasjonen like ved BUA har dei syklar til utleige.
Per Øyvind Helle
Vi ønsker alle våre gamle og nye kunder en fantastisk sommer og vi ser frem til ett godt samarbeid videre. Hilsen alle oss
ITM har nå blitt en del av Parker Wellbore!
Parker Wellbore Globalt er en leverandør av kontraktsboring og borerelaterte tjenester samt utleieverktøy og tjenester.
Parker Wellbore sine boretjenester hjelper kundene med å optimalisere driften med en flåte av landog offshore-lekterrigger og ved å betjene kundeeide rigger.
Utleievirksomheten tilbyr rørbaserte kjøretjenester, fiske og reentry, maskinverkstedtjenester og utleie av utstyr for nedihulls, rør og trykkkontrollutstyr.
Parker Wellbore Norway vil fortsatt levere de samme !jenestene som før
FIN ORDNING:
Laila Schønhardt og Anna Beate Helle var med då BUA opna i 2022. BUA er eit godt tilbod for dei som manglar utstyr eller ønsker å prøve noko nytt.
Sommar
F RI lu F t Sl
Florø Botnaneset – 6900 Florø, Norway
Tlf: +47 48 04 05 00 – E-post: itm@itm.no
Vi i FLORØ NÆRINGSBYGG
ønsker alle våre kunder en fin sommer!
Og vil med dette minne alle våre gamle og nye kunder om å kontakte oss ved eventuelle spørsmål eller annet.
Ha en god sommer
33 S O mma R bye N 2023 byen
v
I
byen
FlORø Sommar
Våt Moro jubilerer med hydrofoilbrett og Via Ferrata
6.–9. juli feirar havsportfestivalen Våt Moro i Florø sitt 10-årsjubileum. Etter stor suksess i fjor, legg arrangørane lista høgt i år.
Amfi-kaia og Florevika er leikeplassen for små og store under festivalen, og det er her dei fleste dagaktivitetane finn stad; til dømes nyheita e-foil som er eit elektrisk hydrofoilbrett, SUP-utleige og vasspark med trampoline og sklie. Nytt i år er småaktivitetar som ansiktsmåling, sekkeløp, kaste posar på boks, stylter og anna moro.
Festivalen strekkjer seg også ut i skjergarden der det blir sjørøvertokt for dei minste, og godt kjende aktivitetar som havrafting, kajakkturar, tube og mykje anna for dei litt større. Ungdom frå 12 til 16 år kan og vere med på «Ung Ekstrem» som
Sommar
byen
F Lorø
er ein guida aktivitetspakke med SUP, havrafting og vasscootertur med førar.
Via Ferrata og SK aar
– I år tilbyr vi også Via Ferrata-tur i samarbeid med nyopna og svært så spektakulære Hornelen Via Ferrata. Turen har avgrensa tal plassar og påmeldinga stengjer 24. juni, så her må ein vere rask å melde seg på, fortel Christian V. Hope som er ansvarleg for marknadsføring og artistbooking.
Våt Moro for dei aller minste finn stad i Byparken. Parkområdet blir fylt opp med vassklier, badeskum, ansiktsmåling, våte svampar, vassballongar, konkurransar og mykje barnelatter. Våt Moro-maskoten «Krokofanten» syt for at stemninga er på topp gjennom heile dagen, og deler ut gratis frukt, is og ulike typar drikke.
– Vi kallar kveldsarrangementa våre for «AfterSea», og trur vi har treft godt med programmet, smiler Christian.
«AfterSea» finn stad i festivalteltet på Torget kvar kveld. I år er det SKAAR som toppar plakaten med sin konsert torsdag 6.
juli. I tillegg skal CLMD også spele torsdagen. Den populære fredagsquizen er obligatorisk, og same kvelden entrar partybandet Waterproof scena. Laurdag blir det Klubb Lollipop med Monica «Minnie-Oh» Johansen, skamlause hits, gloheitt dansegolv – og lollipop og glowsticks til alle!
Per Øyvind Helle
34 Sommarbyen 2023
moro : Dei aller minste får atter ein gong boltre seg i Byparken. F o T o : Tarjei Lange L and
H aV ra F T ing : Havrafting er alltid populært. Fo T o: HåVard S T ub H a ug
Ope kvardagar i sommar frå 1. juni 11-17 (15)
Antikk og Rariteter
NAUSTDAL DAMPBAKERI
NAUSTDAL DAMPBAKERI
NAUSTDAL DAMPBAKERI
NAUSTDAL DAMPBAKERI
- Møteplassen i Strandgata
- Møteplassen i Strandgata
- Møteplassen i Strandgata
NAUSTDAL DAMPBAKERI - Møteplassen i Strandgata
- Møteplassen i Strandgata
Ferske bakevarer kvar dag
Ferske bakevarer kvar dag
Ferske bakevarer kvar dag
Ferske bakevarer kvar dag
Antikk & Rariteter
Ferske bakevarer kvar dag
på Sandane
Her finn du:
- bondemøblar
- støylsbord
- ølbollar, staup
- tiner, salongar,
- handarbeid,
- lysekrune
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no
Prøv gjerne vår nye nettbutikk dampbakeriet.no
OPE: Kvardagar: 07.30-16.30
OPE: Kvardagar: 07.30-16.30
OPE: Kvardagar: 07.30-16.30
OPE: Kvardagar: 07.30-16.30
OPE: Kvardagar: 07.30-16.30
Laurdag: 09.00-16.00
Laurdag: 09.00-16.00
Laurdag: 09.00
Laurdag: 09.00-16.00
Laurdag: 09.00-16.00
Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40
Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40
Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40
Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40
Strandgata 45, 6905 Florø, Tlf: 57 72 41 40
Velkommen innom!
- norsk glas og porselen
Antikk er også gjenbruk!
Velkommen innom!
Velkommen innom!
Velkommen innom!
Velkommen innom!
Ring gjerne og avtal tid
10 mil frå Sogndal
Velkomen til låven - Ring 918 16 245
35 Sommarbyen 2023 Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 821 sandane -Telefon 57 86 84 00 Kraf Ma i So 202 Postb. 283, 6821 sanda Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021 Postb. 283, 6821 sandane -Telefon 57 86 84 00 2021 Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 821 sandane -Telefon 57 86 84 00 Kra Ma i S 20 Postb. 283, 6821 san Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021 Postb. 283, 6821 sandane -Telefon 57 86 84 00 Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021 Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2023 Kraft og køyreglede Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021 Postb. 283, 6821 sandane -Telefon 57 86 84 00 Kraft og Markna i Sogn o 2021 Postb. 283, 6821 sandane -Telef Kraft og køyreglede Marknadsleiar i Sogn og Fjordane 2021
Hole in one eller bading?
Kva
er favoritten din når det kjem til sommaraktivitet? Badminton og grilling? Bading og sjøliv? – Vi vil slå eit slag for golf, smiler tre nybegynnarar.
Frå hav til bre er Florø og regionen vår som skapt for naturopplevingar. Anten i eigen regi eller gjennom tilrettelagde tilbod.
I Brandsøy finn du eitt av dei flotte tilrettelagde tilboda. Her har dugnadsgjengen i Florø Golfklubb opparbeidd ei sekshols golfbane i naturskjønne omgjevnader. Med Sunnfjord Hestesportsenter som nabo, gir ein golfrunde både god mosjon i idyllisk natur, sosial leik (eller konkurranse) med andre, og gjerne eit møte med menneske og hest.
– Golf er ein glimrande hobby som er gjevande på mange plan, slår Odin Lillestøl (18) fast.
Han var ein av tre som tok Veien Til Golfkurset for nokre veker sidan.
– e in kjekk turnushobby
For Kari Lid er golf ein hobby ho no har starta med i turnusfri-periodane sine.
– Eg har gått ei stund og hatt lyst til å prøve golf, og no var det berre å hive seg i det, smiler ho og medgjer at det er ein krevjande hobby å beherske.
– Javisst er det vanskeleg, men veldig kjekt. Rett og slett gøy, og veldig sosialt.
Det er Rune Grimstad einig i. Han blei «lokka» med av kollegaer i Linja til å ta VTG-kurset.
– Vi er ein gjeng på jobben som driv med golftrening og sosial konkurranse kvar onsdag. Så no tenkte eg at eg fekk ta introduksjonskurset som går over ei helg. Det har vore veldig lærerikt. Dessutan er terskelen for å spele golf blitt mykje lågare enn før då du måtte ha noko som heitte «grønt kort». No er det eit helgekurs, og så kan du spele på bana, fortel han.
Men før du speler på bana, så kan det vere greitt å øve seg litt på utslagsbana i Brandsøy. Den er open for alle.
Ping!
Ein «driving range» er ei øvingsbane der du som ikkje har prøvd golf før kan teste deg. I Brandsøy kan også ikkje-medlemmer og dei som ikkje har VTG-kurs bruke øvingsbana. 30 kroner kostar det å kjøpe seg ei korg med ballar på golfautomaten ved bana. Og ved automaten står det ein del golfkøller til fri bruk.
Så då er det berre å rusle bort til øvingsbana, stille seg opp og prøve å treffe ballen.
«Ping!» Det er godlyden som kjem om du treff godt. Og sjølv om den lyden sjeldan kjem, så er det noko fascinerande med denne marginale sporten som gjer at stadig fleire prøver seg på bana i Brandsøy.
Her kjem mor med barn for ei avkopling, vennegjengen som skal ha ei uformell, artig konkurranse, og båtturistar som vil bytte ut den blå åkeren med den grøne marka for ei stund. Ta deg ein tur du også og test om golf er sommaraktiviteten for deg.
Per Øyvind Helle
Sommar
byen
Florø
Aktiv sommar i Florø
Her har du nokre sommaraktivitetar du kan hive deg på. Ta kontakt med Turistinformasjonen i Strandgata eller dei mange bygdelaga rundt om for fleire tips.
Turistinformasjonen i Strandgata vil ha ope alle dagar frå 26. juni til 13. august.
Tlf. 57 74 30 00. Ope man – fre 10.00 – 18.00, laur – sun 10.00 – 15.00. www.fjordkysten.no
n KAJAKK: Kari-Anne M. Strømmen, tlf. 906 82 961, Tine Kroppan Holvik, tlf. 971 68 809
n STAND UP PADLING: Else Karin Seljeseth, tlf. 906 42 608
n SYKLAR: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00
n BÅTAR: Krokane Camping, tlf. 57 75 22 50
n ROBÅTAR PÅ STOREVATNET: Florø Turistinformasjon, tlf. 57 74 30 00
n GRATIS LÅN REDNINGSVESTAR, FISKEUTSTYR etc: BUA Florø, Strandgata 32, Ope man og tors 14-16.
n GOLF: Florø Golfklubb, Tove Natvik, tlf. 977 52 410
n TENNIS: Florø Tennisklubb, Jan Hallstensen, tlf. 965 09 540
n FISKEBÅT MED SKIPPER: Nytraal, Kristian Grov, tlf. 911 33 022
n SEGLING: Florø Seilforening, Frode Stavang, tlf. 481 52 323
n KINO OG BIBLIOTEK: Florø Kulturhus, florøkulturhus.no
n SOLDALEN BESØKSGÅRD: 4H-gard, Inn på tunet-gard, tlf. 924 62 201
n HAVHESTEN BADELAND: tlf. 57756720 havhesten.no
n FLORØ MOTORSPORT KLUBB: Facebook: Florø Motorsport Klubb
n LEIRDUESKYTING: Flora Jeger og Fiskerforening v/Jan Otto Hovden, tlf 417 52 461
n FLORA TURLAG: Tid og stad for turane; flora.dnt.no
n FLORA HESTESPORTSENTER, hestesportsenter.no
Per Øyvind Helle
36 Sommarbyen 2023
bl I me D: Kari Lid, Odin Lillestøl og Rune Grimstad er nybegynnarar. – Dette var enda kjekkare enn vi håpa på. Golf er ein finfin sommaraktivitet, smiler dei.
Ekstraservice? Det er landhandelen, det!
Nærbutikkane i bygdene er ein attraksjon i seg sjølv, og speler ei viktig rolle for fastbuande og besøkande. No kan du ekspedere deg sjølv til langt på kveld på fleire av dei.
Butikken på bygda fungerer i praksis som ein velferdsssentral for innbyggjarane; og nærast som eit opplevingssenter for besøkande.
No har fleire av landhandlane i bygdene kring Florø innført sjølvbetjent butikk.
Landhandelen tar på seg fleire og fleire oppgåver i lokalsamfunnet, i tillegg til sal av daglegvarer. Den moderne nærbutikken er både post, bank, turistinformasjon og bensinstasjon. Butikken kan tilby varelevering og hjelp til å fylle ut skjema – og ikkje minst ein kaffikrok.
I tillegg til betjent butikk i kjernetida,
så har landhandelen på Askrova, på Fanøy og i Stavang no sjølvbetjent butikk frå klokka 07-23 kvar dag, 365 dagar i året. Og på Svanøy går dei enda lenger; der blir det døgnope.
Å handle sjølvbetjent er enkelt. Bankkortet ditt fungerer som inngangsnøkkel. Du berre «tæppar» deg inn. Så er det berre å gå rundt i hyllene og handle det du treng, skanne varene i kassen og betale med kort. Om du treng hjelp når du skal vere din eigen ekspeditør i kassen, så er det enkelt å få fjernstyrt hjelp via mikrofon og videokamera i inngangspartiet.
Men ta gjerne turen til landhandelen når betjeninga er der også. For butikken fungerer like mykje som turistinformasjon og sosial møtestad med sine kaffikroker og benkeplassar. På Svanøy har dei til og med bruktbutikk i butikken! Det er rett og slett noko nostalgisk fint over å gå inn i ein landhandel.
Per Øyvind Helle
Sommar
byen n ærbutikkane
Sommar
byen Di S kgolf
D i S kgolf: I Botnane opnar den første diskgolfbana i regionen med 20 utkastramper. Bildet er frå Florø der ei litt mindre diskgolfbane er under bygging.
tansøy l andhandel, a skrova Opna sjølvbetjent butikk sommaren 2022. Ope 07-22. Krisen kro ligg vegg-i-vegg. Gjestebrygge og sal av diesel, bensin, motorolje og litt fiskeutstyr.
Stavang l andhandel
Sjølvbetjent butikk med kaffikrok, ope 07-23. Ludviken pøbb ligg vegg-i-vegg. Gjestebrygge og sal av diesel, bensin, motorolje og litt fiskeutstyr. b atalden l andhandel, fanøy Sjølvbetjent butikk med kafelokale, ope 07-23. Ishuset pøbb, overnattings- og konsertlokale like ved. Gjestebrygge.
Svanøy handel
Sjølvbetjent butikk heile døgnet. Svanøy kro vegg-i-vegg. Gjestebrygge.
I tillegg er det landhandel i Rognaldsvåg på øya Reksta, men den tilbyr ikkje sjølvbetjening i tillegg til vanleg betjening enn så lenge.
Diskgolfbane og utleige av rom med utsikt
Dei aktive bygdelaga kring Florø syt for levande og gode nærmiljø: Ryddedugnader i strandsona, trivelege arrangement, utleige av hytter, hus og rom, ei fiskestong eller ein sykkel; bygdelaga fiksar det meste.
I sommar opnar til dømes Botnane og Årebrot Grendalag den første diskgolfbana i regionen.
I tillegg til Botnane og Årebrot Grendalag, er dette nokre av bygdelaga du kan kontakte om du skulle ta turen i den flotte bygda deira:
Eikefjord Grendalag - Hovden-Barekstad
Grendalag - Heimhug Ungdomslag (Norddalsfjord) - Batalden Grendalag - Bygdelaget Havglimt (Reksta og Kinn) - Askrova
Bygdelag (Askrova og Tansøy) - Stavang
Bygdelag - Svanøy Grendautval - Ålfoten
Liv&Lyst
Per Øyvind Helle
37 Sommarbyen 2023
o P na : Ordførar i Kinn, Ola Teigen opna den sjølvbetjente butikken i Stavang.
kake : Litt ekstra høyrer med når ein opnar sjølvbetjent butikk. Her frå kafeen under opninga av Batalden Landhandel i år. foto : b atal D en l an D han D el
Eg har vore mykje rundt om i verda, men dette overgår det meste!
– 17. juni er datoen vi opnar for klatring i det som etter mitt syn er Europas mest spektakulære via ferrata-løype, fortel Rogier van Oorschot entusiastisk.
Rogier har drøymt lenge om ei spektakulær via ferrata-løype opp Hornelen, Europas høgaste sjøklippe, 860 meter over havet.
– No har eg testklatra ruta, og det kan eg seie med handa på hjartet; Hornelen Via Ferrata er ei naturoppleving utan sidestykke. Eg har vore mykje rundt om i verda, men dette overgår det meste!
Det er Norges Boltefond som har hatt arbeidet med via ferrata-løypa.
– Dei starta frå toppen av fjellet, og har arbeidd seg nedover fjellsida. Hovudårsaka til det er at fjellet måtte reinskast for lause steinar frå toppen og nedover, fortel Rogier.
Rogier har lang fartstid som tilretteleggar av flotte naturopplevingar for folk gjennom selskapet der han er hovudeigar, Norway Adventures as. Nederlendaren har guida mange menneske på unike naturopplevingar utanfor allfarveg. Det er ni år sidan han hadde det første møtet med reiselivsorganisasjonar og moglege samarbeidspartnarar om draumen sin.
– Det er fantastisk at vi no er i gang, seier han.
Tre ruter
Den første ruta er ein kort introduksjonstur med litt klatring for dei som vil prøve via ferrata:
– Hekseveggen er namnet på den andre
løypa. Det er ein halvdagstur for dei som vil utfordre høgdeskrekken og få ein spennande klatreoppleving med skip og sjø like under seg. Det er nokre gangparti, men ein god del klatring å bryne seg på. Løypa ender i Smalsarhuken, der ein byrjar på returen etter at utsikt, heksehistorier og lunsj er fortært, smiler Rogier. Då har du klatra i ein kilometer på kryss og tvers i fjellveggen.
Om meistringskjensla i Hekseveggen gjorde at du blei biten av basillen, må du sjølvsagt tilbake for å prøve Olavsrute heilt til topps ein annan dag!
Den startar med introløype, så går ein til Smalsarhuken og klatrar derifrå til fjellets topp, 270 meter over havet. Derfrå klatring til topps.
Olavsruta er heile løypa, frå fjæra til fjellets topp – 860 meter over havet. Her klatrar du den korte introduksjonsløypa og så går du opp til Smalsarhuken og deretter er det klatring til topps. Her får ein prøvd å
klatre opp loddrette parti, dingle med beina frå rasteplassane som heng i fjellveggen og til slutt erobre toppen av Europas høgaste sjøklippe! Returen frå toppen er lengre og tyngre enn returen frå Hekseveggen, men i flott natur.
– Det er berre å gle seg til ei heilt unik oppleving og eit heilt fantastisk adrenalinrush, konkluderer Rogier.
Fyrtårn for kystopplevingar
Hornelen Via Ferrata AS er hundre prosent eigd av Norway Adventures as der Rogier eig kring 60 prosent av aksjane.
– Hornelen er ei skjult perle i Fjord-Norge som fleire no vil kunne få oppleve. Eg trur Hornelen Via Ferrata også vil ha den effekten at tilreisande får opp auga for andre fantastiske natur- og aktivitetsopplevingar i regionen vår, seier Rogier som både er grunnleggjar, eigar, administrerande direktør og guide.
Han legg til at dei har laga løypa og stien
38 Sommarbyen 2023
–
V er DSKL a SS e : Rogier van Oorschot var heilt i hundre då han testklatra Hornelen Via Ferrata i april. Olavsruta
byen
b remanger Horne L en
Sommar
– Verdsklasse, heilt vanvittig, dette blir eit heilt fantastisk reiselivstilbod, smilte han midt i veggen i
slik at den skal gjere minst mogleg skade på naturen, både fysisk og visuelt.
– Sporlaus ferdsel er viktig for oss, og alle gjestar på våre turar skal praktisere dette for å beskytte denne unike opplevinga i generasjonar framover, presiserer Rogier.
Det siste året har Norway Adventures vakse frå 3,5 til 5,5 årsverk. Hovudsetet er i Davik der Rogier bur, men det store nettverket hans gjer at Hornelen Via Ferratateamet har innslag både frå Colombia, Brasil, Tyskland – og Stjørdalen.
– Via Ferrata-satsinga gjer også at vi hyrar inn guidar i tillegg til våre eigne. Vi har fått på plass bra med kvalifiserte guidar, men vi tek gjerne imot fleire, fortel Rogier.
Og guidane Hornelen Via Ferrata ser etter må vere sporty, fjellvande, ha klatra før og ikkje vere redde for verken høgder, hekser eller anna skrømt.
Per Øyvind Helle
Hornelen Via Ferrata: Historisk klatrerute
■ Via Ferrata kjem frå det italienske «jernveg», grunna bruken av jerntrinn, bøylar og tak festa i fjellet. Dette har blitt gjort i Alpene over lang tid, først som transportruter over fjella, men i seinare tid også for moro.
■ Hornelen ruvar 860 meter over Skatestraumen og er eit ikonisk fjell i Nordfjord og Norge. Sogene fortel om Olav Tryggvason som klatra opp veggen rundt år 1000, og mange meiner difor at Hornelen er den første klatreruta i Norge. Hornelen er også eit samlingspunkt for hekser og anna skrømt året rundt, men spesielt om sommaren rundt Jonsok. Blant dei lokale blir Hornelen også kalla Smalsarhorn, grunna det karakteristiske hornet ein ser når ein ser fjellet i profil frå nord eller sør.
Booking & tryggleik
■ For å sikre tryggleiken under heile opplevinga hos Hornelen Via Ferrata, har dei brukt mykje tid på å utarbeide sikkerheitsreglar, samt rutinar og kurs. Du får sjølvsagt kyndig instruksjon der alt blir nøye forklart både du startar på turen og undervegs på turen. Les om førebuingar og korleis booke tur på heimesida hornelenviaferrata.no.
ADRENALIN OG RO: Rogier sit midt i fjellveggen på Olavsruta. Det er er mektig oppleving som vekslar mellom å gi adrenalin og ro i sjela. F O t O : N OR GE s B OLt EF OND
BLIKKFANG: Fjord, fjell og Frøysjøen kjempar om blikket ditt på toppen av Hornelen. F O t O : sv ERRE Hjø RNE v IK
DRAUMEN ER BLI tt v ERKELE G: Rogier sit på toppen av Hornelen. No har draumen om Via Ferrata blitt verkeleg. F O t O : sv ERRE Hjø RNE v IK
F O t O : N OR GE
B OLt EF OND
t RYGt: Norges Boltefond står bak mange via ferrata-løyper i Norge, også i Hornelen. Dei har lang erfaring med å sikre trygge ruter.
s
39 sOMMARBYEN 2023
FO t O: N ORGE s B OLt EFOND
En vei fra 499NOK Bagasjen sjekkes helt fram til endelig destinasjon. Book billetter til andre destinasjoner direkte hos eller WIDEROE.NO GJENNOMGÅENDE RUTER
Florø - Oslo