byLIV Bergen #1/2022

Page 34

Herborg Kråkevik og Linda Eide vert å sjå på Det Vestnorske Teateret i vår. Foto: Silje Holter

Etter to år med pandemi der lange nedstengingar og strenge koronareglar har vore kvardagen, ser teatersjef Solrun Toft Iversen (ved Det Vestnorske Teateret) fram til ein lys vår der ho håpar publikum igjen vil strøyme til byens kulturscenar.

Teatersjefen ønsker publikum velkommen tilbake Kvifor meiner du det er så viktig å samlast i teateret? – Eg trur den siste tida har gjort det tydeleg for mange kor mykje fattigare vi vert både som enkeltmenneske og som samfunn utan felles opplevingar. Vi lever i ei tid med mykje uro og polariserte ordskifte. For å trivast og for å bli klokare i lag treng vi kjensla av fellesskap og eit rom der vi kan både gløyme og hugse saman.

Kva kan folk oppleve på Det Vestnorske Teateret i vår? – Vi spelar vestlandskrønika «Heim 4» til 26. mars. Det er siste kapittelet av dei fire «Heim»-framsyningane og denne siste tek føre seg små og store hendingar

34 | byLIV

i tiåret 1995–2005. Sjølv om vi har spelt ei stund no, er det kjekt å møte publikum kvar kveld og kjenne på stemninga og møte mellom publikum og dei som står på scenen. Så er det dokumentardramaet «Telavåg» som står for tur. Her skal vi spela i «Gestapohuset» i Veiten 3, som var nazistane sitt hovudkvarter i Bergen under 2. verdskrigen. Det vil nok gi publikum ein ekstra sterk dimensjon, trur eg. Etter to års utsetjing ( på grunn av pandemien) kjem endeleg teatergruppa Statsteatret tilbake til oss med si heilt nye framsyning «2066 Atter ein konge», som dei nyleg haddde premiere på i Rogaland Teater i Stavanger til stor jubel frå det trufaste publikummet og som har hausta gode kritikkar. www.bergensentrum.no


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.