6 minute read
Teatersjefen ønsker velkommen tilbake
Herborg Kråkevik og Linda Eide vert å sjå på Det Vestnorske Teateret i vår. Foto: Silje Holter Teatersjefen ønsker publikum velkommen tilbake
Etter to år med pandemi der lange nedstengingar og strenge koronareglar har vore kvardagen, ser teatersjef Solrun Toft Iversen (ved Det Vestnorske Teateret) fram til ein lys vår der ho håpar publikum igjen vil strøyme til byens kulturscenar.
Kvifor meiner du det er så viktig å samlast i teateret?
– Eg trur den siste tida har gjort det tydeleg for mange kor mykje fattigare vi vert både som enkeltmenneske og som samfunn utan felles opplevingar. Vi lever i ei tid med mykje uro og polariserte ordskifte. For å trivast og for å bli klokare i lag treng vi kjensla av fellesskap og eit rom der vi kan både gløyme og hugse saman.
Kva kan folk oppleve på Det Vestnorske Teateret i vår?
– Vi spelar vestlandskrønika «Heim 4» til 26. mars. Det er siste kapittelet av dei fire «Heim»-framsyningane og denne siste tek føre seg små og store hendingar i tiåret 1995–2005. Sjølv om vi har spelt ei stund no, er det kjekt å møte publikum kvar kveld og kjenne på stemninga og møte mellom publikum og dei som står på scenen.
Så er det dokumentardramaet «Telavåg» som står for tur. Her skal vi spela i «Gestapohuset» i Veiten 3, som var nazistane sitt hovudkvarter i Bergen under 2. verdskrigen. Det vil nok gi publikum ein ekstra sterk dimensjon, trur eg.
Etter to års utsetjing ( på grunn av pandemien) kjem endeleg teatergruppa Statsteatret tilbake til oss med si heilt nye framsyning «2066 Atter ein konge», som dei nyleg haddde premiere på i Rogaland Teater i Stavanger til stor jubel frå det trufaste publikummet og som har hausta gode kritikkar.
Dei har frå 2011 til 2022 laga ti framsyningar i ein teaterserie som tek føre seg ulike historiske periodar og hendingar i Noreg mellom åra 1066-2066.
Med denne serien skriv Statsteatret Noregs historie på nytt. Tusen år portrettert gjennom ti framsyningar i løpet av ti år. Dei har undersøkt kor vi kjem frå som folk, kvifor vi er blitt som vi har blitt, og fabulerer på kor vi er på veg som nasjon og som folk i framtida.
Med «Atter ein konge» er dei no komen til den tiande og siste framsyninga i denne unike serien.
«Linda Eide har ei høne å plukka med Herborg Kråkevik» er tittelen på ei ny munter framsyning som skal spelast hos oss på Det Vestnorske Teateret (i Logen) frå 22. april til 14. mai. Dei har med seg trekkspelvirtuos Heine Bugge og saman lovar dei å gi oss eit uforsonleg ballespark til verdas skakke gang. Det vert song, karakterar, forteljingar, foredrag, og ein god slump Herborg, Linda og Heine. Lattervekkande og tankevekkande. Vart og voldsomt. Alt for å mana fornufta tilbake, som dei sjølv seier det. Dette er ein samproduksjon med Teater Ibsen og skal spelast der og på turné til hausten.
Og endeleg før sommaren skal «Kunsten å lage ei felle» av Tore Vagn Lid med Transiteatret-Bergen spelast på vår scene, under Festspillene i Bergen, som eit samarbeid med dei.
Er det noko du vil utheve ved vårens program?
– Våren 2022 er det 80 år sidan Telavågtragedien i 1942. Det vert færre og færre att av tidsvitna som gjennomlevde utslettinga av bygda si, tap av fedre, brødre og søner, internering og tortur. Aksjonen mot Telavåg skulle setje eit eksempel mot Englandstrafikken og motstandsrørsla. Represaliane var så gjennomgripande at bygda for all ettertid vil vere prega av dei. Både utslettinga og gjenreisinga er uløyseleg knytta til staden sin identitet.
Forteljinga om Telavågarane si skjebne utgjer ei av dei sterkaste døme på okkupasjonen si maktutøving i Noreg og er dessutan lokalt forankra i vår region vest for Bergen, derfor er det veldig viktig for meg at vi no set søkelys på denne tragedia ved denne framsyninga. Det er tre år sidan eg hyra på Stig Amdam som står for både manus og regi. Han har gjort ein stor jobb med å samla dokumentarisk materiell som dannar grunnlag for manus.
b Frå «2066 Atter ein konge» her med Cato S. Storengen og Per Kjerstad. Foto: Mathies Erlandsen a Frå venstre: Skodespelarar i «Telavåg»: Sturla Alvsvåg, Liv Bernhoft Osa, Lasse Lindtner, Reidun Melvær Berge og Stig Amdam (manus og regi). Foto: DVT.
Kven skal spele i stykket?
– Vi er så heldige å ha fått med oss to av teater-Noregs dyktigaste skodespelarar, nemleg Liv Bernhoft Osa frå Voss og Lasse Lindtner frå Bergen som har permisjon frå Nationaltheatret i Oslo for å gjere dette stykket. Saman med to yngre talentfulle skodespelarar (også dei frå regionen vår), Sturla Alvsvåg og Reidun Melvær Berge, vil dei framkalle bileta av ei fortid vi ikkje har lov til å gløyme, avsluttar teatersjef Solrun Toft Iversen. ▗
Chiffon Maxi Dress fra ByTiMo, Scabal 3600,–
Open Back Dress fra ByTiMo, Scabal 3600,–
SESONGENS VAKRESTE KJOLER
Det er vår, og solens varme stråler kan endelig nytes igjen. Start tidlig, med vårens vakreste kjoler fra Match og Infinity. Lange og korte, i alle farger og fasonger - her finner du garantert noe du vil elske til alle sesongens anledninger.
Par en vakker kjole med stilige regnjakker og sneakers fra BRGN, og la vårens regnskurer komme.
Rossby Coat, BRGN 3499,– SerenaDress – Ellaogil, Infinity 2000,–WillowDress – PiaTjelta, Infinity 4200,–
BertaDress – LoveLolita, Infinity 2500,–
Sølepytt Sneaker, BRGN 1999,–
til vår nydelige butikk i andre etasje på Galleriet. Vi har også butikker på Lagunen og Horisont.
Besøk gjerne nettbutikken vår på infinityshop.no, og følg oss på Instagram på @infinitybergen.
A-VIEW, AMERICAN DREAMS, ARNIE SAYS, ABRAND, BALL, BYIC, BY MALINA, BON DEP, CAMILLA PIHL, CRÀS CAROLINE SVEDBOM, CALVIN KLEIN, ELLA & IL, FRONT SOCIETY, GEGE, HVISK, HAPPY SOCKS, HAPPY SWEEDS, INUIKII IVY COPENHAGEN, ISLOW, JOHNNY LOVE, JIM RICKEY, LOVE LOLITA, LAKRIDS, LÀST, MBYM, MEOTINE, MACKAGE MONO, NOELLA, OTRA, OROBLU, PIA TJELTA, PAVEMENT, RAVN, URBAN PIONEERS, UBR, SISTIE, SWELL, SIX AMES STEAMERY, UNTOLD STORIES, 5 UNITS, QUAY, WHO IS SHE, VOLUSPA, ZUZANNA G, UGG, STEVE MADDEN, TRAMAROSSA