Mjuk som kordfløyel

Page 1


Lyrikkforlaget © 2021 Inkognito publisering Postboks 112 4395 Hommersåk www.lyrikkforlaget.no Lyrikkforlaget er et imprint av Inkognito publisering ISBN: 9788283981063 Omslag: CF media Sats: CF media Materialet i denne publikasjon er omfattet av åndsverklovens bestemmelser. Uten særskilt avtale med Lyrikkforlaget er enhver eksemplarfremstilling og tilgjengeliggjøring bare tillatt i den utstrekning det er hjemlet i lov. Utnyttelse i strid med lov eller avtale kan medføre erstatningsansvar.

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 2

12.05.2021 14:36:01


Elin Eika Bringa

Mjuk

som kordfløyel

LYRIKKFORLAGET

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 3

12.05.2021 14:36:01


mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 4

12.05.2021 14:36:01


Forord Då eg var lita, omtrent fem år gamal, sat eg på fanget til mormor. Mommo, som eg kalla ho. Ho strauk meg over kinnet, og sa: «Du er mjuk som fløyel du, Elin.» Eg strauk over hennar kinn, og svarte: «Du er mjuk som kordfløyel du, Mommo.» Denne historia er blitt meg gjenfortalt fleire gonger i oppveksten. Dei vaksne hadde det nok moro med at eg samanlikna mormors hud med eit noko humpete materiale. Sjølv kan eg berre hugse at ei av dei mjukaste tinga eg eigde på den tida, var ei grøn kordfløyelsbukse.

No tenkjer eg at mange av dei nære relasjonane vi har, anten det er ektefelle, barn eller eigne foreldre og besteforeldre, er litt som mi grøne bukse. Som oftast er dei relasjonane mjuke og gode. Men aldri så reint lite, kan dei være humpete, og dei går opp og ned. Denne boka handlar om desse humpane. Dei oppog nedturane vi har med dei vi held kjærast. Den handlar om kjærleiken, sakn, om avstand og det umisselege. Om det å kjenne på at det ikkje berre er kort veg, men gangavstand mellom himmel og helvete. Denne boka er om dei menneska i livet vårt som er mjuke som kordfløyel. 5

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 5

12.05.2021 14:36:01


Vatn La meg vere bekken som sildrar i tankane dine la meg vere fossen som brusar i hjartet ditt la meg vere vatn

la meg vere livsnødvendig

6

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 6

12.05.2021 14:36:01


Hjarteskuggar Du leikar i skuggane i mitt hjarte tør du nokon gong trø ut i soli

7

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 7

12.05.2021 14:36:01


Legge til kai Er berre ei fastfrosen bryggje prøvar å stå imot kaldknuste bølgjer som riv og trengjer seg inn i mitt inste

ventar på nokon som kan førestille seg sommar

8

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 8

12.05.2021 14:36:01


Regn Du minner meg om regn

om lette kilande dropar på armen når sola skin

om strie straumar som trengjer seg inn i andletet og gjer at eg må knipe med augo om styrtbyger som grev djupe grøfter i grusen du er regn

og eg har aldri vore mindre vasstett

9

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 9

12.05.2021 14:36:01


Småstein Ikkje den kampesteinen som tyngjer ned skuldrene dine og ikkje den sanda som berre renn gjennom fingrane dine

om eg får velje vil eg vere den småsteinen i skoen din den som du merkar at er der men ikkje gneg så mykje at du tømmer den ut

10

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 10

12.05.2021 14:36:01


Held fast Om du berre held skal eg vera fast

11

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 11

12.05.2021 14:36:01


Fortida Snart kjem han Fortida

valsar inn med skoa på etterlet seg søylete spor som eg er tvinga til å sope opp når gjørma stivnar jævla rotekopp

12

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 12

12.05.2021 14:36:01


Saman No kan dei berre kome så ljose hell tunge dei berre vil

for herifrå og ut eig vi dagane

13

mjuksomkordfløyel_sats_v3.indd 13

12.05.2021 14:36:01


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.