Lyrikkforlaget © 2022
Lyrikkforlaget
Postboks 112
4395 Hommersåk
www.lyrikkforlaget.no
ISBN: 9788283982688
Omslag: Egil Olsen
Sats: Thomas Gaudland
Materialet i denne publikasjonen er omfatta av heimlane i åndsverkslova. Utan særskild avtale med Lyrikkforlaget er kvar einskild eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate i den utstrekkinga det er bestemt i lova. Utnytting i strid med lov eller avtale kan medføra erstatningsansvar.
Samspel OTTAR LØVOLL
Prolog
No vev eg ei matte av gamalt tøy
Bomull og gabardin
Heile mitt liv skal vevast inn i golvmatta lang og fin
Ei skjorte i blått og ei sommarnatt
Bål under grøne tre
Sjå, alle fargane skal stå att
før bålet har brunne ned
Ei stripe i raudt har sin eigen klang
Høyrde vi hanen gol?
Då blir det ein bord av gull og lys
du gjekk under morgonsol
No skal eg gå her med naken fot
Kjenne, og finne svar
Kjem du ein dag kan du prøvegå
på bordane der du var
5
Spiren
Nattskog
Det er så stilt i denne skogen at du kan høyre fuglane
som ikkje syng
Det er så stilt i denne skogen at du kan høyre vinden
før han vaknar
Og når mørket kjem sigande
går eit skrik gjennom kroppen
utan ein lyd
8
Diktet No tek eg diktet mitt i handa
og legg det til spiring i den varme molda
Snart skal det bryte
gjennom jordskorpa
og sette knuppar og blad
Snart skal eg ta
dei modne fruktene i hendene
og kjenne
Kjenne ord som eg aldri før
har hatt i min munn
9
Sol over fjellkanten
Sol over fjellkanten i januar
Eit lite glimt
Ver snar, ver snar
seier sola
Då kan vi løfte oss
og vandre
til vi heilt kan sjå
kvarandre
når vi skin
10
Reisa
Sjå snøfillene i lufta
Sjå oppover lenge
Heilt til du mistar taket
i bakken og sviv
Ei uendeleg reise der du ikkje forstår
at du aldri kjem til staden
der alt blir til
11
Våren Våren kjem ikkje alltid
utanfrå
med gule strålar
og varm vind
Våren kjem ofte
gjennom huda
på ein sovande knupp
Sprengjer seg ut
til ei klokke
med ein dirrande støvberar
i midten
12
Eggsamlinga Storesøster mi
samla på englar
Nydelege glansbilete
av ljose jenter
med små fuglevenger
Då eg kom i puberteten
stal eg dei
Limte dei opp
rundt kantane
på eggeskrinet mitt
Ei strålande frise av englevenger
limt på sin rette plass
13
Godt råd
Ein kveld
møtte eg kjærleiken
oppstasa og glad
Kvar skal du no
sa eg
Spør heller
kvar eg kjem ifrå
sa han Det var eit råd
han fekk angre på
14
Ulukka Har du sett på maken sa han
då ulukka var ute Ja, sa ho men det er lenge sidan no
15