Isbrann er historia om Knut og Sissel som flyttar til eit småbruk på Vestlandet.
Knut leitar etter ei djupare meining med livet, men møtet med dei enkle dagane
på landet viser seg å vere alt anna enn enkelt. Tømmerhogst med hest, og springvatn som frys om vinteren, er ikkje så triveleg som ein skulle tru. Kjersti Kollbotn skriv uredd og medrivande om korleis vi lever i dag.