Skredfare av Maria Tryti Vennerød

Page 1


M ARIA T RYT I VEN N ERØD S K RE DFA RE  |  Dikt og andre tekstar


Dei største spørsmåla i vår tid er altfor store. Få av oss klarer å ta inn over seg konsekvensane av endringane som er på gang, geopolitisk, digitalt, genteknologisk eller klima­­messig. Konsekvensane av desse revolusjonane er så gedigne og samstundes så ukjende, at det kjennest nesten umogleg å forhalda seg i det heile tatt. Ingen ønskjer å bli tatt for å moralisera – heller ikkje å posera eller å kasta stein i glashus. Som forfattar ønskjer eg likevel å gå inn i det som ikkje er lett, og som eg ikkje har oversikt over. Det kjennest nødvendig å gå inn i det umoglege, men samstundes umogleg å nærma seg det nødvendige. Men her må ein vera. Medan massemediene må søka stemmer som er klåre og profilerte, finn eg som forfattar meining i å dykka ned i sjølve ambivalensen, og å leva i og insistera på denne. Skredfare spring ut frå prosjektet Fem Årstider, eit multimedialt prosjekt som strekte seg sjennom 2013 og som vart gjennomført i samarbeid med Det norske Teatret og Dramatikkens Hus. Ulike tekstar møtte publikum gjennom www.femårstider.no, i Klassekampen, på fire ulike stuntteaterstader og til slutt på Scene 3 på Det Norske Teatret. Denne boka er eit utval av tekstane.

5


Dikta og tekstane følgjer årstidene og dei ulike hendingane og debattane som fann stad, men kan samstundes lesast uavhengig av kvarandre eller tidspunkta dei vart skrivne. Boka er ein personleg respons til verda, slik eg opplevde den medan eg skreiv. Tekstane varierer i lengd, sjanger og tematikk, men inngår i eit ønske om og forsøk på å fanga og setja ord på noko eg saknar.


VINTER Fugl sit på rim Fjør kjem ut av jakka Dunjakka lettar, før ho landar På grein

9


GODT NYTT ÅR Eg veit eg smiler Eg har slanka meg rundt haka Eg smiler, men eg meiner det! Stig på Dei henger frå seg dyner, jakker, skjerf Kom inn Ta deg eit glas Det byrjar å bli tradisjon, – kor lenge sidan sist du var her? Har alle fått? I år er naboen heime, så det blir liv Kalle har laga maten Og eg har rydda, han grisar så fælt når han kokkelerer Du ser bra ut. Du ser mykje piggare ut. Eg snakkar ikkje kilo. Du ser frisk ut. Nei, herregud – eg har putta inn sånne – ser du ikkje? Jo, men eg har råd. Er ikkje fint å overdriva, sa eg, men eg sa det, vil berre ha litt. Han var flink. Men du, seriøst – det er noko i auga dine. Du er opnare. Eg veit – det er noko med dei periodane, du har det jævlig men er vakrare enn – du er sårbar, det er difor 10


du strålar, det er eit paradoks. Eg er så lei for at – men fantastisk at du tok deg tid, unnskyld – ? Nei vi står berre og – kva? – ha! Pen kan du sjølv vera. Lysa blafrar. Dei brenn for fort. Men vi har mange! Kalle, sjekkar du kjøkenet? Eg trur vi kan setja oss, sit kvar du vil, men ingen får sitja med partnarane sine! annakvar kvinne og mann Finn nokon du ikkje kjenner Jo, men nokre her kjenner du veldig godt – Ikkje høyr på han, set deg kvar du vil, hysj Kalle! ja, seier eg Dette er årets høgdepunkt: Årets startpunkt og slutt Og akkurat som vi sit her Kom Kalle Jo men det er ferdig no, trur du ikkje? Vi som – viss vi skal vera ærlege – ikkje alltid elles har tid Vi veit at akkurat i kveld – Å høyr no er naboen i gang Kalle, kom – Jo, men ikkje, Kalle – eg har allereie – Ja vel. Unnskyld Slik er han Gjer seg til martyr Eg er så utruleg glad for at kvar og ein av dykk – Men det er ille med hunden; verre år for år. Vi er nøydde å sperra han inne Vi tenner lys og det skin gjennom lappar av voven krystall; lyset er vakrast mot snøen som sirklar nedover: då kjenner vi oss oppløfta. Det er ikkje kaldt, berre sånn at vi finn kvarandre i lune krokar. For kvar vedsekk eg hentar så gler eg meg over dette, at eg har ved, at eg lever 11


i eit land med ved, at eg har bestilt i tide, og at det framleis er tennbrikker. Det er noko med lengsla etter det vi gløymer; at vi skal finna noko i hjarta til kvarandre; kva er kjærleik om ikkje nettopp dette med å innlemma? Det er så rørande; det rører meg alt saman, vi står her samla i år igjen, vi er ikkje unge, men vi står i same halvsirkel som den gongen vi leika vaksne, og no er vi vaksne, no er vi nesten gamle, og vi tenkjer med takksemd på kor heldige vi er her, i verdas kaldaste land, at vi har eit stearinlys å varma hendene på. Tenk kor lett det ville vore berre å tura fram; gløyma kor heldige vi er. Tenk kor lett det er å henga seg opp i små detaljar; det som aldri er bra nok. Det er viktig å vera takksam. Men no gløymer eg meg bort: Hanne er først, ho fortel at ho byrjar å komma over tomheita etter Per. At ho sjølvsagt alltid vil kjenna på at han ikkje er her, men at ho no også klarer å gle seg over ting, innimellom. At det er fint å vera her. Ho ler og tørkar seg i auget. Kalle spør om ho ikkje av og til drøymer om ein ny mann. Hanne smiler raudt og ser ned. Gi deg, Kalle, seier eg, men Kalle held trykket oppe. Fortel då, seier han, og let seg ikkje merka med at eg er irritert. Det er både konstruert og vakkert å sitja og liksom ta tida innover seg. Livet sjølv. Det er eit fint høve til å snakka saman. Slik som du, Halvard. Vi hadde nesten gitt opp å få deg med meir, så langt innsogen du var i desse turane dine – Unnskyld viss eg forstyrrar. Nei då Eg ser du er bedogga, du har fest? Slapp av, det er berre naboen! Ja. Unnskyld, dei er så fulle. Kva kan eg hjelpa med? Bra du morar deg Ja 12


Det høyrest Ja Eg feirar også Ja Eller – vi, då. Eg er ikkje åleine Nei Vi er ein gjeng. Eg gjekk berre ut litt før dei andre. Eg forstår Eg ville berre ønskja godt nytt år Ja? Godt nytt år Godt nytt år! Det var berre det. Og Fredrik, no er det deg! Eg veit ikkje om du vil vi skal snakka om det – Eg meiner, det blir nesten rart å ikkje … Eg reknar med alle veit? Er det ikkje – å! – unnskyld! Unnskyld meg, Fredrik. Nei, nei. Gløym det. Her er alt lov. Det var forresten naboen. Han ville ønskja godt nytt år. Er han einsam? Eg trur meir nysgjerrig. Eg trur ikkje einsam, Han har besøk Er det han som går der ute? Kvar Det går nokon og trakkar Kvar? I hagen Du ser spora Ja Er det naboen som går og trakkar? No går han 13


Ja men han gjekk og trakka? Han gjorde visst det Trur du han er einsam? Han har besøk Ja men viss han har besøk, kvifor går han og trakkar Han har ikkje gått Ser du ikkje Ser du skuggen No står han i ro Han ser at vi ser Han har eit drag over ryggen, ser du? Ein vinkel Det er noko med han Det kviler eit hat Å? Over han Du tullar Er du ikkje einig Kanskje han er einsam Han er full av hat Tullebukk Skal vi be han inn? Er det fordi han er åleine, eller er han full av hat Han vil ikkje inn. Då ville han spurt Men det er rart han trakkar, han trakkar rundt oss. Kva var det han sa, sa du? Det har eg sagt Alt det der som vart avdekt i den rapporten – Du meiner terrorrapporten Folk som hadde varsla: Utruleg at dei ikkje vart høyrde Vi er ferdige med det no. 14


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.