Materie orig 22.04.14 12:47 Side 3
Edda-dikt Gj e n di kt in g o g k om m en tar a r av
Knut Ødegård band 2 gudedikt F o ro r d a v j o n fo sse
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 4
Til minne om mor og far sigrid hol (1908–1999) og arne knutsson ødegård (1911–1995)
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 5
I NN H AL D
Forord av jon fosse 7
VaVtrudnesmål 11
G rI mn es må l 53
s KI rn es F er d 99
H å rB a rd s K Va det 135
H Yme s KV ad et 177
l O Ket re tt a 217
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 6
t r Yms KV ad et 269
a l l VI sm ål 301
B a l d er s d ra um ar 327
rI G s t u l a 343
Etterord og kommentarar av Knut Ødegård 389
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 7
Dikt eller drama? FORORD av Jon Fosse
det er eit stort lyft Knut Ødegård har teke på seg, for han gjer ikkje mindre enn å lyfta dei gamle gudane våre, æsene, og deira motstandarar, jotnane, opp framfor oss, slik at vi kan sjå dei, i all deira dåd og udåd og menneskelege dårskap. dei har elles helst halde seg rimeleg godt løynde for oss nyare norske menneske, det er ikkje så mange av oss som kan lesa språket der ein kan læra dei å kjenna, det som no gjerne vert kalla for norrønt, og sjølv om ein kan det rimeleg godt, så er det mange tekststader som er vanskelege å tyda og å tolka. den gamle gjæve prest og anarkist Ivar mortenssonegnund (1857–1934) gjorde i si tid det same lyftet. Og hans attdiktingar står seg framleis, sjølv om dei til dels er vanskelege å skjøna, ikkje berre fordi tekstane i seg sjølve kan vera vanskelege, ja det er sant nok, som det òg er sant at dei òg kan vera einfelte, men mest av di mortensson-egnund la sin nynorsk så tett som mogeleg opp til gamalnorsk. noko er å vinna på å gjera det, og noko er å tapa. rett nok skal ikkje eit godt dikt skjønast på vanleg vis, men om ein ikkje skjønar orda, ja så blir diktet uskjøneleg på feil vis! [7]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 8
På norsk har dei gamle gudedikta til no i tillegg til i Ivar mortensson-egnunds attdikting, lege føre i attdikting til bokmål ved norrønfilologen professor ludvig Holm-Olsen (1914–1990). Og om mortensson-egnund lyfte fram den nesten magiske poetiske krafta i desse dikta, så gjorde Holm-Olsen den bragd å klara å gjera dikta skjønelege, på vanleg vis. Både gjennom attdiktingane sjølve, og gjennom merknadene sine. men kanskje gjorde han det til dels på kostnad av den magiske poetiske krafta i dikta? likevel står det fast at utan Holm-Olsens store innsats hadde nok desse dikta, om ein berre hadde mortensson-egnund å lesa, vore stengt land for dei aller fleste av oss. Knut Ødegård meistrar å gjera både det Ivar mortensson-egnund klarte, å skriva fram den magiske poesien, og det ludvig Holm-Olsen klarte, å gjera dikta skjønelege. dikt? eg tek meg i heile tida å skriva om gudedikt, om dikt. eg gjer det av gamal vane, av opplæring, for det er då snakk om dikt, om kvad? Ja det er det. Og skal ein skriva til dømes den norske lyrikkhistoria, må det vel kjennast som det einaste rette å byrja med noko frå den norrøne poesien. men er det verkeleg snakk om dikt, er ikkje heller desse dikta rett og slett stutte teaterstykke? det er som om det støkk i ein. Har ein altså sjølv, og dei fleste andre, vil eg nesten tru, teke så grunnleggjande feil så lenge? For det underlege er at når ein byrjar å sjå desse tekstane som dramatikk i staden for som lyrikk, så blir ein slegen av at det er då dramatikk det er! Har ein altså vorte lurd i alle dei år? sjølv trengde denne innsikta seg på meg då eg vart beden om å skriva ein dramatisert versjon av dei [8]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 9
norrøne gudedikta, dette er drama, ikkje dikt, tenkte eg etter kvart som eg trengde lenger og lenger inn i tekstane. men sjølvsagt er det lyrisk drama. For desse stutte sceniske stykka har, som all god dramatikk, poesien i seg og med seg. det er ikkje, og har aldri vore, nokon motsetnad der. tvert imot. Kan verkeleg gamal vane og opplæring heilt ha klart å skugga for det? tenkte og tenkjer eg, og eg tenkjer at om nokon ein gong skulle skriva den norske dramatikkens historie, måtte ein byrja med eitt eller fleire av dei tekstane som er med i denne boka, til dømes, i tur og orden, med Vavtrudnesmål, skirnes ferd, Hårbardsmål, Hymeskvadet, loketretta, trymskvadet, allvismål eller Balders draumar, alt saman er tekstar skrivne som dialogar, og skal ein òg i dette påtenkte dramatikkhistoriske verket ta med noko om historia til den dramatiske monologen kan ein godt byrja med Grimnesmål – der Odin sit mellom eldar som stadig nærmar seg han – eller med rigstula, som så å seia kan kallast ein parafrase av eit repetetivt rituelt drama, eller kanskje aller helst gå til eitt av dei to dikta som stod i det fyrste bandet av Knut Ødegårds attdiktingar, til Voluspå. Og så kan ein byrja å sjå føre seg korleis desse stutte stykka vart framførde, kvar, og ved kva høve? av kven? eg kjenner meg ganske sikker på at stykka vart framførde i ein eller annan kultisk samanheng, slik det antikke greske dramaet vart, og truleg med annan ordlyd enn den som har nådd oss. Og sjøvsagt er ikkje eg den einaste som har tenkt desse tankane. det er sjeldan slik. Og eg fekk så vita at professor i folkloristikk ved universitetet i reykjavik, terry Gunnel, har vore oppteken av dette, og i fleire essay har han skrive godt og til å få [9]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 10
forstand av om emnet. men korleis no dette teateret ein gong var får ein nok aldri vita, korkje av Gunnel eller andre, tenkjer eg. Og til sist får ein nøya seg med å vita det ein vita kan, og med å oppleva det ein oppleva kan, og som no Knut Ødegård så raust lèt oss vita og oppleva gjennom sine attdiktingar, så trygt utførde av ein som samstundes både kjenner grundig det norrøne, og som er poet i all si skrift og i all si ferd. Jon Fosse Grotten, i januar 2014
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 11
VAVTRU DN E SM Å L Vafþrúðnismál
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 12
1
Óðinn kvað: «ráð þú mér nú, Frigg, alls mik fara tíðir at vitja Vafþrúðnis; forvitni mikla kveð ek mér á fornum sto˛fum við þann inn alsvinna jo˛tun.» 2
Frigg kvað: «Heima letja ek mynda Herjafo˛ðr í go˛rðum goða, þvíat engi jo˛tun ek hugða jafnramman sem Vafþrúðni vera.»
[ 12 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 13
1
Odin kvad: «Om råd bed eg, Frigg, fara eg vil på vitjing til Vavtrudne. Forviten er eg om forngamal kunnskap med allvise jotunen å kappast.» 2
Frigg kvad: «eg tykkjer Hærfar heime bør sitja i gudars gardar. For ingen veit eg blant jotnar så sterk i vitet som Vavtrudne.»
[ 13 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 14
3
Óðinn kvað: «Fjo˛lð ek fór, fjo˛lð ek freistaða, fjo˛lð ek reynda regin; hitt vil ek vita, hvé Vafþrúðnis salakynni sé.» 4
Frigg kvað: «Heill þú farir! heill þú aptr komir! heill þú á sinnum sér! ǿði þér dugi, hvars þú skalt, aldafo˛ðr, orðum mæla jo˛tun.»
5
Fór þá Óðinn at freista orðspeki þess ins alsvinna jo˛tuns; at ho˛llu hann kom ok átti Íms faðir; inn gekk Yggr þegar.
[ 14 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 15
3
Odin kvad: «mangstad eg fór, mangt eg freista, i mangt eg maktene prøvde. men eg vil vita korleis Vavtrudnes store salar er.» 4
Frigg kvad: «Far då med lykke, med lykke kom att, lykke så langt du fer! må vitet deg duga der du, aldafar, skal med ord møta jotunen.»
5
Fór då Odin til ordkunnskapsstrid med den allvise jotunen, til halla han fór som far åt Ims åtte, Ygg gjekk straks inn der.
[ 15 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 16
6
Óðinn kvað: «Heill þú nú, Vafþrúðnir! nú em ek í ho˛ll kominn, á þik sjalfan sjá; hitt vil ek fyrst vita, ef þú fróðr sér eða alsviðr, jo˛tunn.» 7
Vafþrúðnir kvað: «Hvat er þat manna er í mínum sal verpumk orði á? Út þú né komir órum ho˛llum frá, nema þú inn snotrari sér.» 8
Óðinn kvað: «Gagnráðr ek heiti, nú emk af go˛ngu kominn þyrstr til þinna sala; laðar þurfi hefi ek lengi farit ok þinna andfanga, jo˛tunn.» [ 16 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 17
6
Odin kvad: «Heil, Vavtrudne! i halla er eg komen for deg sjølv å sjå. Først vil eg vita kor vis du er og allklok, jotun.» 7
Vavtrudne kvad: «Kven er mannen som i mine salar talar slik til meg? ut kjem du ikkje or halla mi er du kje klokaste karen.» 8
Odin kvad: «Gagnråd eg heiter, gått har eg langt, trøytt og tørst eg kjem til gards. Venleg velkomst eg treng som vandra har lenge og gjestmilde, jotun.» [ 17 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 18
9
Vafþrúðnir kvað: «Hví þú þá, Gagnráðr, mælisk af golfi fyrir? Farðu í sess í sal! Þá skal freista hvárr fleira viti, gestr eða inn gamli þulr.» 10
Óðinn kvað: «Óauðigr maðr, er til auðigs kømr, mæli þarft eða þegi; ofrmælgi mikil hygg ek at illa geti hveim er við kaldrifjaðan kømr.» 11
Vafþrúðnir kvað: «segðu mér, Gagnráðr, alls þú á golfi vill þíns um freista frama, hvé sá hestr heitir er hverjan dregr dag of dróttmo˛gu.» [ 18 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 19
9
Vavtrudne kvad: «Kvi vil du då, Gagnråd, stå på golvet og tala? Få deg sete i salen! Klårt vil vi sjå kven som veit mest, gjesten eller den gamle vise.» 10
Odin kvad: «ein fattig mann som fer til ein rik skal tala si sak eller teia. ein stor ordflaum er ofte til skade kjem ein til kaldhuga mann.» 11
Vavtrudne kvad: «sei meg no, Gagnråd, av di du på golvet vil freista få frægd og ære, kva han heiter, den hesten som dreg dag over vide verda.» [ 19 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 20
12
Óðinn kvað: «skinfaxi heitir er inn skíra dregr dag um dróttmo˛gu; hesta beztr þykkir hann með Hreiðgotum, ey lýsir mo˛n af mari.» 13
Vafþrúðnir kvað: «segðu þat, Gagnráðr, alls þú á golfi vill þíns um freista frama, hvé sá jór heitir er austan dregr nótt of nýt regin.» 14
Óðinn kvað: «Hrímfaxi heitir er hverja dregr nótt of nýt regin; méldropa fellir hann morgin hvern, þaðan kømr do˛gg um dala.» [ 20 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 21
12
Odin kvad: «skinfakse heiter han som dreg den skire dag over vide verda. raskaste hesten tykkjer reidgotane, fakset hans lyser som logar.» 13
Vavtrudne kvad: «sei meg no, Gagnråd, av di du på golvet vil freista få frægd og ære, kva han heiter, hesten som austfrå dreg natt over gode gudar.» 14
Odin kvad: «rimfakse heiter han som dreg natt over gode gudar. Fròde kvar morgon fell frå bekslet, derfrå kjem dogg i dalar.» [ 21 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 22
15
Vafþrúðnir kvað: «segðu þat, Gagnráðr, alls þú á golfi vill þíns um freista frama, hvé sú á heitir er deilir með jo˛tna sonum grund ok með goðum.» 16
Óðinn kvað: «Ífing heitir á er deilir með jo˛tna sonum grund ok með goðum; opinn renna hon skal um aldrdaga, verðrat íss á á.» 17
Vafþrúðnir kvað: «segðu þat, Gagnráðr, alls þú á golfi vill þíns um freista frama, hvé sá vo˛llr heitir er finnask vígi at surtr ok in svásu goð. » [ 22 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 23
15
Vavtrudne kvad: «sei meg no, Gagnråd, av di du på golvet vil freista få frægd og ære, kva elva heiter som jotnane skil frå gudars grunn.» 16
Odin kvad: «Iving heiter elva som jotnane skil frå gudars grunn. Open skal ho renna i all æve, is frys ikkje på den elva.» 17
Vavtrudne kvad: «sei meg no, Gagnråd, av di du på golvet vil freista få frægd og ære, kva vollen heiter som valplass vert for surt og dei gode gudar.» [ 23 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 24
18
Óðinn kvað: «Vígríðr heitir vo˛llr er finnask vígi at surtr ok in svásu goð; hundrað rasta hann er á hverjan veg, sá er þeim vo˛llr vitaðr.» 19
Vafþrúðnir kvað: «Fróðr ertu nú, gestr, far þú á bekk jo˛tuns, ok mælumk í sessi saman; ho˛fði veðja vit skulum ho˛llu í, gestr, um geðspeki.»
Capitulum
[ 24 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 25
18
Odin kvad: «Vigrid heiter vollen som valplass vert for surt og dei gode gudar. Hundre rast i kvar retning er han, slik er stridsvollen sett.» 19
Vavtrudne kvad: «snedig er du no, gjest, set deg på jotunbenk lat oss sitja saman og talast. I halla skal vi hovuda våga, gjest, i kunnskapskamp.»
Capitulum
[ 25 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 26
20
Óðinn kvað: «segðu þat it eina, ef þitt ǿði dugir ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan jo˛rð um kom eða upphiminn fyrst, inn fróði jo˛tunn.» 21
Vafþrúðnir kvað: «Ór Ymis holdi var jo˛rð um sko˛puð, en ór beinum bjo˛rg, himinn ór hausi ens hrímkalda jo˛tuns, en ór sveita sjór.» 22
Óðinn kvað: «segðu þat annat, ef þitt ǿði dugir ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan máni um kom svá at ferr menn yfir, eða sól it sama.» [ 26 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 27
20
Odin kvad: «sei meg då eitt, om du det evnar og du, Vavtrudne, veit det: Kvar frå kom jorda og opphimlen først, du frode jotun?» 21
Vavtrudne kvad: «av Ymes kjøt vart jorda skapt og beina vart til berg. Himlen av rimkalde hausen på jotunen, blodet han sveitta vart sjø.» 22
Odin kvad: «sei meg eit anna, om du evnar og du, Vavtrudne, veit det: Kvar frå kom måne som fer over menn, og sameleis sol?» [ 27 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 28
23
Vafþrúðnir kvað: «mundilfǿri heitir, hann er mána faðir ok svá sólar it sama; himin hverfa þau skulu hverjan dag o˛ldum at ártali.» 24
Óðinn kvað: «segðu þat it þriðja, alls þik svinnan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan dagr um kom, sá er ferr drótt yfir, eða nótt með niðum.» 25
Vafþrúðnir kvað: «dellingr heitir, hann er dags faðir, en nótt var no˛rvi borin; ný ok nið skópu nýt regin o˛ldum at ártali.» [ 28 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 29
23
Vavtrudne kvad: «Han heiter mundilfare og er far åt måne og sameleis åt sol. Kvar dag skal dei snu seg kring himlen så år og tid kan teljast.» 24
Odin kvad: «sei meg eit tredje, du som trur deg klok og om du, Valtrudne, veit det: Kvar kom dagen frå som fer over folk og natt med minkande måne?» 25
Vavtrudne kvad: «delling heiter far åt dag, narve er far åt natt. ny og ne skapte nådige gudar, så alder og år kan teljast.» [ 29 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 30
26
Óðinn kvað: «segðu þat it fjórða, alls þik fróðan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan Vetr um kom eða varmt sumar fyrst með fróð regin.» 27
Vafþrúðnir kvað: «Vindsvalr heitir, hann er Vetrar faðir, en svásuðr sumars.» 28
Óðinn kvað: «segðu þat it fimta, alls þik fróðan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hverr ása elztr eða Ymis niðja yrði í árdaga.»
[ 30 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 31
26
Odin kvad: «sei meg eit fjerde, du som trur deg frod og om du, Vavtrudne, veit det: Kvar kom Vinter frå og varme sumar først til dei frode gudar?» 27
Vavtrudne kvad: «Vindsval heiter far åt Vinter, svåsud er far åt sumar.» 28
Odin kvad: «sei meg eit femte, du som trur deg frod og om du, Vavtrudne, veit det: Kven var eldst blant æser og av Ymes ætt då verda vart til?»
[ 31 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 32
29
Vafþrúðnir kvað: «Ørófi vetra áðr væri jo˛rð sko˛puð, þá var Berggelmir borinn, Þrúðgelmir var þess faðir, en aurgelmir afi.» 30
Óðinn kvað: «segðu þat it sétta, alls þik svinnan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan aurgelmir kom með jo˛tna sonum fyrst, inn fróði jo˛tunn.» 31
Vafþrúðnir kvað: «Ór Élivágum stukku eitrdropar, svá óx, unz varð ór jo˛tunn; þar eru órar ættir kómu allar saman, því er þat æ allt til atalt.» [ 32 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 33
29
Vavtrudne kvad: «tallause vintrar var før Jord vart skapt, då vart Bergjelme boren. trudgjelme var gutens far avla av aurgjelme.» 30
Odin kvad: «sei meg eit sjette, du som trur deg vis og om du, Vavtrudne, veit det: Kvar frå kom aurgjelme med jotunsøner først, frode jotun?» 31
Vavtrudne kvad: «Or elivågane skvatt eiterdropar, dei voks og vart til jotun. derfrå våre ætter alle er komne, difor vart vi alle så vonde.» [ 33 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 34
32
Óðinn kvað: «segðu þat it sjaunda, alls þik svinnan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvé sá bo˛rn gat, inn baldni jo˛tunn, er hann hafðit gýgjar gaman.» 33
Vafþrúðnir kvað: «undir hendi vaxa kváðu hrímþursi mey ok mo˛g saman; fótr við fǿti gat ins fróða jo˛tuns sexho˛fðaðan son.» 34
Óðinn kvað: «segðu þat it átta, alls þik fróðan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvat þú fyrst mant eða fremst um veizt, þú ert alsviðr, jo˛tunn.» [ 34 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 35
32
Odin kvad: «sei meg eit sjuande du som trur deg vis og om du, Vavtrudne, veit det: Korleis avla jotunkjempa born utan gaman med gyger?» 33
Vavtrudne kvad: «Innunder rimtussens armhole voks fram dotter og son saman. Fot med fot den frode jotun avla ein sekshovda son.» 34
Odin kvad: «sei meg eit åttande du som trur deg vis og om du, Vavtrudne, veit det: Kva er det aller eldste du hugsar, allvise jotun?» [ 35 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 36
35
Vafþrúðnir kvað: «Ørófi vetra áðr væri jo˛rð um sko˛puð, þá var Bergelmir borinn; þat ek fyrst um man er sá inn fróði jo˛tunn var á lúðr um lagiðr.» 36
Óðinn kvað: «segðu þat it níunda, alls þik svinnan kveða ok þú, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan vindr um kømr, svá at ferr vág yfir; æ menn hann sjalfan um sjá.» 37
Vafþrúðnir kvað: «Hræsvelgr heitir, er sitr á himins enda, jo˛tunn í arnar ham; af hans vængjum kveða vind koma alla menn yfir.» [ 36 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 37
35
Vavtrudne kvad: «tallause vintrar før Jord vart skapt då vart Bergjelme boren. det første eg hugsar er den frode jotun lagd på likbåre.» 36
Odin kvad: «sei meg eit niande du som trur deg vis og om du, Vavtrudne, veit det: Kvar kjem vinden ifrå som fyk over våg endå vi aldri får sjå han?» 37
Vavtrudne kvad: «ræsvelg heiter ein som sit ved himmelenden, jotun i ørneham. av hans venger kjem vind, er det sagt, over alle menneske.» [ 37 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 38
38
Óðinn kvað: «segðu þat it tíunda, alls þú tíva ro˛k o˛ll, Vafþrúðnir, vitir, hvaðan njo˛rðr um kom með ása sonum, – hofum ok ho˛rgum hann ræðr hunnmo˛rgum – ok varðat hann ásum alinn.» 39
Vafþrúðnir kvað: «Í Vanaheimi skópu hann vís regin ok seldu at gíslingu goðum; í aldar ro˛k hann mun aptr koma heim með vísum vo˛num.» 40
Óðinn kvað: «segðu þat it ellipta, hvar ýtar túnum í ho˛ggvask hverjan dag.»
[ 38 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 39
38
Odin kvad: «sei meg eit tiande du som tykkjest gudanes lagnad vita, Vavtrudne: Kvar frå var det njord kom til æsene? Hov og horgar i hopetal eig han, men vart ikkje av æser alen.» 39
Vavtrudne kvad: «I Vaneheim vise makter han skapte og selde åt gudar som gissel. Ved tiders ende han atter skal koma heim til dei vise vaner.» 40
Odin kvad: «sei meg eit ellevte, kvar i tunet menn slåst og stuper kvar dag.»
[ 39 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 40
41
Vafþrúðnir kvað: «allir einherjar Óðins túnum í ho˛ggvask hverjan dag; val þeir kjósa ok ríða vígi frá, sitja meirr um sáttir saman.» 42
Óðinn kvað: «segðu þat it tolfta, hví þú tíva ro˛k o˛ll, Vafþrúðnir, vitir; frá jo˛tna rúnum ok allra goða segir þú it sannasta, inn alsvinni jo˛tunn.»
[ 40 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 41
41
Vavtrudne kvad: «alle einherjar i Odins tun kjempar kvar dag. dei feller kvarandre og rid frå kampen, sit så forlikte saman.» 42
Odin kvad: «sei meg eit tolvte, korleis såg du lagnaden lagd for gudar? Om alle gudars og jotnars løyndom seier du sant, du allvise jotun.»
[ 41 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 42
43
Vafþrúðnir kvað: «Frá jo˛tna rúnum ok allra goða ek kann segja satt, þvíat hvern hefi ek heim um komit; níu kom ek heima fyr niflhel neðan, hinig deyja ór helju halir.» 44
Óðinn kvað: «Fjo˛lð ek fór, fjo˛lð ek freistaðak, fjo˛lð ek reynda regin; hvat lifir manna, þá er inn mæra líðr fimbulvetr með firum?»
[ 42 ]
Materie orig 22.04.14 12:47 Side 43
43
Vavtrudne kvad: «Om alle gudars og jotnars løyndomar kan eg seia sant, for i kvar ein heim har eg kome, eg kom til ni heimar nedanfor nivlhel, dit kjem dei daude frå Hel.» 44
Odin kvad: «mangstad eg fór, mangt eg freista, i mangt eg maktene prøvde. Kven finst att når Fimbulkjølda har herja heimen?»
[ 43 ]