Kaleido 3 Lese- og språkbok B

Page 1

Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud

3

Kaleido 3 Lese- og språkbok B

Kaleido er Cappelen Damms nye norskverk for barnetrinnet. I dette verket legg vi vekt på arbeid med lesestrategiar og metodar som rettleidd lesing, men med Kaleido tek vi óg med skriving frå første stund.

Kaleido 3 har desse komponentane: •

Kaleido 3 Lese- og språkbok A og B

Kaleido 3 Arbeidsbok A og B

Kaleido LES (småbøker)

• Kaleido 3 Lærarens bok •

3 BOK B K Å R P OG S LES E-

Kaleido Digital: – elevnettstad med oppgåver og lesetrening

– lærarressurs med tavlebok, leselekser og

tilleggsstoff www.kaleido.cdu.no

ISBN 978-82-02-45966-6

9

Kaleido 3 Lese og språkbok B 9788202459666 NYNORSK CADATRYKK.indd 1

788202 459666 www.cdu.no

Nynorsk

I S B N 978-82-02-45966-6

Nynorsk

23.09.15 16.31



Ronny Johansen og Marte J. Tovsrud

Lese- og spr책kbok B Nynorsk


Velkommen til 3. trinnet! I dei to første skuleåra har elevane tileigna seg mange nye ferdigheiter i lesing og skriving. I år skal desse ferdigheitene vidareutviklast og styrkjast. Vi ønskjer at Kaleido skal gjere sitt til å utvikle trygge leseog skrivestrategiar, og samtidig skape engasjement og leseog ­skriveglede. I Kaleido 3 Lese- og språkbok A og B finn de tekstar som skal • gi gode leseopplevingar • øve opp leseforståing • gi lesetrening og betre leseflyt • gi øving i lesestrategiar • gi oppleving, motivasjon og meining • vere eksempel for eiga tekstskaping • lære elevane om nokre av dei formelle sidene ved språket Elevane er ulike og på ulike stader i lese- og skriveutviklinga. For enkelte elevar vil nokre av tekstane vere krevjande, mens andre elevar vil ha behov for å lese lengre og meir komplekse tekstar i tillegg til dei de finn i boka. Læraren bør alltid gi råd om korleis ein tekst skal lesast. Ved at elevane blir rettleidde inn i tekstane, sikrar ein at alle får utbytte av det som tekstane prøver å få fram. Vi ønskjer alle tredjeklassingar lykke til med lesing og skriving dette året! Helsing forfattarane


Innhald Kapittel 7

Les og skriv forteljing

7

I dette kapittelet skal du: u øve meir på å stille spørsmål til det du les u lære å setje punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn u lære om avsnitt u skrive ei forteljing med innleiing, hovuddel og avslutning u lese korte forteljingar

Les og skriv forteljing......................................................................................................................... side 4 Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:

Stille spørsmål til det du les Lære å setje punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn Lære om avsnitt Skrive forteljing med innleiing, hovuddel og avslutning

Viktige ord: m innleiing m hovuddel m avslutning m avsnitt

• Kva gjer dei ulike insekta? • Kva prøver grashoppa å vise? • Kva trur du kjem til å skje?

4

5

Kapittel 8

Tekst og bilete

8

I dette kapittelet skal du: u finne ut kva du veit om eit tema før du les

Tekst og bilete..................................................................................................................................................side 30 Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:

u lære ord med -leg , -lig og -ing u skrive faktatekst u lese og lære om samansette tekstar

Viktige ord: m endeleg m hemmeleg m tidleg m lesing m skriving m rekning

Kva veit du frå før? Lære om ord med -leg og -lig Lære om ord med -ing Skrive faktatekst

• Kva ser du i avisa? • Kva ser barna på tv-en? • Kvifor er det reklame i aviser og på tv?

30

31

Kapittel 9

Eg, i og æ I dette kapittelet skal du:

9

u bruke bilete og overskrifter for å forstå u arbeide med vokalar, konsonantar og alfabetet

Eg, i og æ.....................................................................................................................................................................side 56 Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:

u variere setningar når du skriv u skrive ei beskriving u lese og lære om dialektar og samisk

Viktige ord: m vokalar m konsonantar m alfabetisk rekkjefølgje m dialekt m samisk

Bruke bilete og overskrifter for å forstå Arbeide med vokalar, konsonantar og alfabetet Variere setningar når du skriv Skrive ei beskriving

Mu

Baa Mo • Kva for dyr ser du på biletet? • Kva for ei ku og kva for ein sau seier lyden sin slik du ville sagt han? • Kvifor har dei ulike lydar, trur du?

56

57

Kapittel 10

Om gjengar, pyser og heltar

10

I dette kapittelet skal du: u finne dei viktigaste orda i ein tekst du les u lære om å ramse opp med komma u lære at ord som høyrer saman, ofte har eit fellesord u skrive boktips u lese og snakke om bøker, særleg om gjengar!

Om gjengar, pyser og heltar........................................................................................ side 88 Lesestrategi: Eksempeltekst:

Viktige ord: m oppramsing m bokomtale m høgdepunkt m vendepunkt

Finne viktige ord i teksten Språkleg emne:.Lære å bruke komma ved oppramsing Lære at ord som høyrer saman, har eit fellesord Skrive boktips

• Kva likar desse barna å lese om? • Kvar er dei og kva gjer dei? • Kvifor går dei med masker, trur du?

88

89

Kapittel 11

Før og no I dette kapittelet skal du:

11

Før og no.....................................................................................................................................................................side 114 Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:

Fortelje att tekst for å forstå betre Lære om ord med kj-, ki- og kyTekstar på svensk og dansk Skrive ei forteljing om ein draum

u fortelje att tekst for å forstå betre

• Kva likar du å lese?

u lære om ord med kj-, ki- og ky-

• Når du tenkjer på lesing, er det lett å tenkje på bøker. Kva anna les du?

u skrive ei forteljing om ein draum

• Kva for forfattarar kjenner du til?

u lese tekstar på svensk og dansk u lese nyare og eldre tekstar

Viktige ord: m fortelje m fortelje att m forfattar m nabospråk m lesebok

114

115

Kapittel 12

Snikk-snakk I dette kapittelet skal du: u sjå over teksten før du les

teater

u lære om ord med -rn, -rs og -rt

12

Snikk-snakk..........................................................................................................................................................side 144 Lesestrategi: Språkleg emne: Eksempeltekst:

Sjå over teksten før du les Lære om ord med -rn, -rs og -rt Lånord frå andre språk Skrive reglar for leik eller spel

u skrive reglar for leik eller spel u lese om språk, ord og små humoristiske tekstar

Viktige ord: m ord m språk m vits m historie

leike

super

kylling • Kva gjer jenta og guten på biletet?

spegel

• Kva trur du ein meiner med å leike med ord? • Det står nokre ord inni ballane. Kva ord likar du best? Kvifor?

144

145


Kapittel 7

Les og skriv forteljing I dette kapittelet skal du: u øve meir på å stille spørsmål til det du les u lære å setje punktum, utropsteikn og spørsmålsteikn u lære om avsnitt u skrive ei forteljing med innleiing, hovuddel og avslutning u lese korte forteljingar Viktige ord: m innleiing m hovuddel m avslutning m avsnitt

4


• Kva gjer dei ulike insekta? • Kva prøver grashoppa å vise? • Kva trur du kjem til å skje?

5


I friminutta kan ein leike Mimmi skriv dagbok av og til. Her fortel ho om eit friminutt då elevane lura læraren som passa på dei på skuleplassen. I dag var det Tometeren som gjekk vakt. Han er nokså lang og går alltid med hendene på ryggen. Men han tok dei fram då nokre gutar begynte å slåst. Det var gutar frå klassen til Roberta, og mange av dei er nokså digre og ekle. Ein kunne ikkje sjå kven som slost – berre dei som stod i ein ring rundt og ropa: – Heia Stein! Heia Stein! Tometeren stod akkurat med hendene på ryggen og såg inn i lærarrommet.

6


Innimellom lukta han på ei rose, ei slik nydeleg, raud haustrose som kjennest ut som fløyel. No trava han bortover skuleplassen til slåstkampen med lange steg. – Og kva er dette for noko? brøla han. Men gutane berre dreiv på: – Heia Stein! Heia Stein! No trur vel du, vesle dagbok, og du òg, Brigitte, at det låg to blodige fyrar midt i ringen. Kanskje ein stor som heitte Stein, og ein annan som var liten og puslete. Men då tek du feil, vesle dagbok, og du òg, Brigitte. Midt i ringen låg det berre ein heilt vanleg grå, gammal stein. Gutane hylte av latter. Men det gjorde ikkje Tometeren. Etter Mimmis bok 1 av Viveca Lärn Sundvall

• Kven er Tometeren? • Kva driv barna i ringen med? • Kvifor ler ikkje Tometeren? Har du gjort rampestrekar nokon gong? Skriv ei hemmeleg dagbokside om det.

7


Lesestrategi Når? Etter at du har lese, eller mens du les. Korleis? Ved å spørje om kva som skjer i forteljinga, eller om kvifor noko skjer.

Stille spørsmål til det du les Når du stiller spørsmål til handlinga i ein tekst, må du tenkje nøyare over det du les. Det kan gjere at du forstår betre. Her skal du øve meir på dette.

Hanen og grashoppa Kva vil hanen gjere med grashoppa? Kvifor skryter hanen av ­grashoppa?

Kva gjer hanen med grashoppa her?

8

Det var ein gong ein hane som var ute og gjekk. Da fekk han auga på ei grashoppe. Hanen fekk hug til å eta den feite grashoppa. Men ho var ikkje lett å få tak på, slik som ho hoppa og sprang. «Du er flink til å hoppa», sa hanen. «Å ja,» sa grashoppa, «eg er ikkje så verst.» Og så hoppa ho eit langt stykke. «Det var flott,» sa hanen. «Men så høgt som opp til hovudet mitt greier du vel ikkje å hoppa?» «Hå, det er lett nok,» sa grashoppa. Så tok ho sats og hoppa – rett inn i gapet på hanen. «Snipp, snapp,» sa hanen. Frå Thorbjørn Egners lesebøker for småskulen

Spørsmålet mitt skulle vore: Kvifor fekk hanen lyst på grashoppa?


Prøv å bruke lesestrategien «stille spørsmål til det du les» når du les denne forteljinga òg. Lag eitt eller to spørsmål til kvart avsnitt.

Lesestrategi

To framande dyr Det var ein gong ein liten musunge som hadde vori ute åleine og sett seg omkring i verda. Da han kom attende til mor si, fortalde han om alt han hadde sett. «Eg kom inn i ein stor låve,» sa musungen. «Der såg eg eit fælt dyr. På hovudet hadde det ein eldraud kam, og på føtene hadde det digre klør. Det flaksa med vengene, nett som det ville slå i hel alt omkring seg. Så opna det munnen og skreik så fælt at eg vart veldig redd. Men det var eit anna dyr der inne òg. Det dyret var mykje snillare. Det hadde to vakre augo og ein fin, mjuk pels. Det flytte føtene sine så stilt og varsamt. Eg kunne mest ikkje høyra det. Så sette det seg ned og slikka labbane sine. Eg fekk hug til å springa fram og leika med det fine dyret. Men nett i det same skreik det andre dyret så stygt, og da vart eg redd og sprang min veg.» «Det kan du vera glad for,» sa den gamle musa. «Det dyret som skremde deg, gjer aldri oss noko vondt. Men det dyret du lika så godt, det skal du passa deg for. Det er den farlegaste fienden vår!» Frå Thorbjørn Egners lesebøker for småskulen

• Samanlikn spørsmåla dine med ein annan elev. • Får spørsmåla deg til å tenkje nøyare over teksten? Øv på lesestrategien på side 6 og 7 i arbeidsboka.

9


Det Akin ventar p책 Akin liker 책 symje. Bassenget han bruker er djupt. Djupt og bl책tt. Akin er flink til 책 symje. Han kan dukke under. Han kan halde pusten lenge. Han er nesten som ein fisk. Kvar onsdag er Akin i bassenget. For da er det fullt av jenter. Dei er fine og brune. Som ein flokk kvalar fer dei gjennom vatnet.

10


Akin må smile. Fort dukkar han under. Han sym djupt i det blå. Under dei fine jentene. Heilt nær dei. Heilt, heilt nær. Men han kjem aldri borti dei! Det hender at Akin må puste. Da stikk han hovudet opp. – Unnskyld, seier han til jentene. Dei berre ler. – Du kom ikkje borti oss, ler dei. Så kjem dei nærmare. Så dultar dei i han. Og det er dét Akin ventar på. Dultinga til dei fine jentene. Dultingane til jentekvalane. Det er dultinga deira han liker så godt. Den brune dultinga i det blå. Erna Osland

• Kva betyr det at Akin er nesten som ein fisk? • Jentene er brune, og dei er som kvalar. Kva meinest med det? • Kva trur du jentene og Akin synest om dultinga? Akin likar å symje. Kva likar du å gjere, og kva likar du best ved det? Skriv i tre minutt.

11


Forteljing på dialekt Alf Prøysen skreiv mange forteljingar. Han bruka dialekten sin og skreiv slik han snakka. Det har han gjort i denne forteljinga. Her fortel han om den første gongen han var åleine heime. Kanskje bør ein vaksen lese historia høgt for deg – eller saman med deg.

Da jeg var liten Vi var nokså mye aleine hjemme da vi var små. Han far arbeide jo på garden eller i skauen. Og hu mor var på garden og mjølka når sveiser`n hadde fri, og ellers var hu der og klipte sauer og vaske storvask og litt av hvert. Hu mor har fortalt oss om den første gangen hu var borte fra oss. Da var bror min og jeg aleine hjemme. Hun mor skulle bare opp i skauen med maten hans far. – Ja, je var vel itte borte mer enn en hælv time, sa a mor, men da hu skulle gå hjem fikk hu høre de skreik og ropte nedi bakken. Der kom jeg og grein.

12


– Å er `e om å gjøra da, sa a mor. – Er det sæint at bikkjer et folk, sa jeg og skreik i vilden sky. – Nei da, sa a mor, kom nå så går vi hematt. Så tok a mor meg i handa, og da følte jeg meg trygg. Da vi kom ned fra Prøysenbakken, møtte vi bror min, og han skreik mye høgere. – Å mor, hæin Alf har vøri så slem. Hæin ville gå og finne att deg. Je sa det skulle kåmmå ei bikkje og eta opp`n, je, mæin hæin gikk lell. Bror min tok a mor i den andre handa. Så gikk vi hjem.

Alf Prøysen og gitaren

Ja, det var første gangen vi smågutta skulle være aleine hjemme. Alf Prøysen

• Kvifor måtte dei to brørne vere heime åleine? • Kvifor gret dei to gutane? • Kva hadde eigentleg hendt mens mor var borte? • Var det nokre ord i teksten du ville sagt annleis på din dialekt? Har du krangla med søsken når de har vore heime åleine? Fortel om det.

13


Kvifor det er farleg å gå med våte joggesko Det er farleg å gå med våte joggesko fordi den som går med våte joggesko frys, den som frys blir forkjølt, den som er forkjølt får vondt i halsen, den som har vondt i halsen kviskrar, den som kviskrar lyg, den som lyg stel, den som stel kjem i fengsel. Derfor er det farleg å gå med våte joggesko. Etter Jørn Roeim

• Kvifor er det farleg å gå med våte joggesko? • Sjå på linje 2–8. Kva er sant og ikkje sant, meiner du? • Kvifor har Jørn Roeim skrive denne teksten? Korleis kan det bli farleg å ete havregraut eller å køyre buss? Dikt på same måten som i teksten over. Skriv det ned.

14


Ei kort melding Ein forfattar som skriv ei bok, får hjelp av eit forlag til å lage sjølve boka. Det er òg forlaget som sel bøkene for forfattaren. Franske Victor Hugo og irske Oscar Wilde var berømte forfattarar. Om begge to blir det fortalt at dei sende ei melding til forlaget sitt. Truleg lura dei på om det var mange som kjøpte boka dei nettopp hadde gitt ut. Men meldinga dei sende, var svært kort. Det stod berre: «?» Forlaget sende svar til forfattarane, og meldinga som kom tilbake, var ikkje stort lengre. Det stod: «!»

• Kva trur du forfattarane meinte med meldinga si? • Kva trur du forlaget meinte med meldinga si? • Kva kan ha vore grunnen til å skrive så korte meldingar? Skriv ei melding på ein lapp, og send til nokon i klassen. Kan du gjere henne både kort og forståeleg?

15


Punktum og setningar Les denne vesle historia som handlar om å setje punktum: Så var det guten som skulle skrive ei forteljing. Han skreiv og skreiv – linje etter linje. Til slutt var heile arket fullt. Men han hadde ikkje sett eit einaste punktum i teksten sin. Det syntest han var så vanskeleg. Derfor skreiv han like godt to linjer med berre punktum nedst på arket. Så sa han: «Sprei dykk!»

Her kjem ei slik forteljing som guten over skreiv. Ho manglar fem punktum. Kvar ville du sett dei? per gjekk på butikken for mor han kjøpte fire liter mjølk då han kom heim spurde mor om det var tungt å bere då svara per at det gjekk fint det var jo lettmjølk

16

Punktum skal stå til sist i setninga, men hugsar du kva som skal stå først? Fasit: Stor bokstav

Punktum skal stå i slutten av ei setning. Då må vi vite kva ei setning er. Ei setning er fleire ord som seier at nokon gjer ein ting. Ei setning fortel ofte om berre éin ting. Skal vi seie noko meir, lagar vi ofte ei ny setning.

Tips: Les heile teksten høgt, og legg merke til når noko nytt blir fortalt.


Oppgåver 1.

Finn feila. Her har det gått gale! Punktum og stor bokstav står på feil stad. Skriv setningane slik at dei blir rette og teksten gir meining.

Det var ein. gong ein ung mann han. Spurde ei ung jente om. ho ville gifte seg jenta. svara nei og. Snipp snapp snute, så var. eventyret ute

2.

Finn punktum. Les «Kvifor det er farleg å gå med våte joggesko» på side 14. Les òg «Det Akin ventar på» på side 10–11. Kva for ein tekst har flest punktum? Kva for andre teikn fann du i tekstane?

r Kva e u det d ? på øver

IV T SKR ... FØRS ING SETN I E DU KJEM , NÅR DU UTTEN TIL SL ... DU SET

... ktum r pun RT det e VÆ S DEI ER IGE... VIKT

Punktum!

3. Les og snakk saman. Les desse to tekstane høgt for kvarandre:

det var ein gong eit svart esel og ein kvit ponni dei krangla og slost støtt gudane var lei av kranglinga derfor bad dei dei to dyra komme til seg gudane klappa i hendene ut kom berre eitt dyr det var kvitt med svarte striper slik blei sebraen til

Det var ein gong eit svart esel og ein kvit ponni. Dei krangla og slost støtt. Gudane var lei av kranglinga. Derfor bad dei dei to dyra komme til seg. Gudane klappa i hendene. Ut kom berre eitt dyr. Det var kvitt med svarte striper. Slik blei sebraen til.

Snakk saman: Korleis er det å lese utan punktum? Korleis er det å lese med punktum? 17


Spørsmålsteikn og utropsteikn Her skal du lære meir om teikna ? og !, som eigentleg heiter spørsmålsteikn og utropsteikn. Leselorten, som eigentleg er eit punktum, har fleire venner. To av dei er Skrikaren og Spørjaren.

Skrikaren Skrikaren er jammen ein bråkete fyr! Ein lang, tynn strek med prikk under! Han dukkar opp når noko skal ropast høgt ut! Skrikaren skrik når han blir glad! Eller begeistra! Eller overraska! Eller irritert! Eller sint! Når Skrikaren stiller seg bak eit ord eller ei setning, veit vi at her står det noko som må ropast ut! Derfor blir Skrikaren òg kalla UTROPSTEIKN! Utropsteiknet brukar vi altså til å «rope» eller «snakke høgt» når vi skriv: • Pass deg! • Fritt for ikkje å stå!

Oppgåver 1. Lag ti setningar som passar når ein vil rope noko ut. Skriv dei med utropsteikn. 2. Kor mange utropsteikn finn du i «I friminutta kan ein leike» på side 6 og 7?

18

Dette er Leselorten.


Spørjaren Jo visst! Her er Spørjaren. Spørjaren er super-nysgjerrig. Ho spør og spør og får aldri vite nok. Kven? Kva? Kvar? Kvifor? Når? spør Spørjaren ustoppeleg. Og veit du? Det er jo heilt supert at Spørjaren spør. Ikkje sant? For korleis skulle ho elles få svar på alt ho lurar på? Etter serien Goboken Lær å lese av Eli Aleksandersen

Spørsmålsteiknet brukar vi i spørsmål: • Kor mykje er klokka? • Kan du sende meg ketsjup?

Oppgåver 1. Lag ti spørsmål. Skriv dei ned med spørsmålsteikn til. 2. Kvar passar det med spørsmålsteikn i denne vitsen? Du lærar, kvifor må vi lære engelsk. Men Solveig, då. Halve verda kan jo engelsk. Held ikkje det, då. 3. Finn feila. Her har det gått gale igjen. Nokre spørsmålsteikn og utropsteikn har bytt plass. Kan du sjå kva for nokre? – No må du passe deg? ropa mamma. – For kva då! svara pappa. – For den varme kjelen der! ropa mamma. – Kva for ein kje…! AU? 19


Avsnitt Å lage avsnitt er å dele opp teksten i mindre delar. I kvar del fortel teksten noko «ferdig». Når teksten skal handle om noko anna, begynner eit nytt avsnitt. Viss du les teksten høgt, passar det med ein liten pause før du les eit nytt avsnitt. Sjå på avsnitta i denne teksten:

I dette avsnittet får vi høyre kven historia handlar om, og kva han gjer. I dette avsnittet får vi høyre at draumen held fram, og vi forstår at det kjem til å halde fram på denne måten. I dette avsnittet forstår vi at guten har drøymt det same fleire gonger, og at han plutseleg vaknar frå draumen. I dette avsnittet kjem poenget med vitsen.

20

Ein gut låg og drøymde at han strekte ut hendene, og at nokon la ti karamellar i dei. I søvne spurde han: «Kan eg få elleve karamellar?» I draumen fekk han ein karamell til. Han spurde igjen, mens han framleis sov: «La meg få tolv karamellar!» Slik heldt draumen fram heilt til guten hadde fått nitten karamellar. Då han spurde om å få endå ein, vakna han plutseleg. Han såg ned i hendene sine og oppdaga at han ikkje hadde nokon karamellar i det heile. «Ok, då», sa guten, «eg skal vere fornøgd med berre ti karamellar.»

Kor mange avsnitt er det i forteljinga?


Oppgåver 1. Korleis lagar vi avsnitt? a) Sjå på «Det Akin ventar på» på side 10–11. Korleis er denne teksten delt i avsnitt? b) Sjå på «To framande dyr» på side 9. Korleis er denne teksten delt i avsnitt? 2. Les denne forteljinga. Ein mann krabba på alle fire på vegen framfor huset sitt ein kveld. Det såg ut som han leita etter noko. – Kva leitar du etter? spurde dei som gjekk forbi. – Eg har mista nøklane mine, svara han. Folk hjelpte han med å leite. Dei leita og leita, men ingen kunne finne nøklane. Til slutt var det ein som blei lei. – Hugsar du kvar du mista nøklane dine? – Ja, det var nede i kjellaren, svara mannen. – Men kvifor leitar vi her ute, då, lura alle på. – Det er lettare her ute, sa mannen. – Her er det lyst. Snakk saman: Kvar passar det å dele teksten i avsnitt?

Lær meir om avsnitt på side 16 og 17 i arbeidsboka.

21


Guten og nøttene Ein gut fann ei krukke full av nøtter og rosiner på kjøkkenet. Nøtter og rosiner lika guten godt, og han stakk handa nedi for å ta så mange han kunne få fatt på. Men då han ville ta handa til seg igjen, var den knytte neven blitt for stor og blei sitjande fast i opninga. «Kva skal eg gjere?» klynka han. «No kjem handa mi til å sitje fast i denne krukka for alltid!» Då kom mor hans inn på kjøkkenet. «Det er vel ikkje noko å gjere slikt oppstyr for!» sa ho. «Prøv å ta berre halvparten så mange nøtter og rosiner, så skal du nok sjå det går betre!» Auge og øyre blir aldri mette. Fra Æsops fablar

• Kva skal guten med nøttene og rosinene? • Kvifor hadde det gått betre med halvparten så mange nøtter og rosiner? • Kva betyr det at auge og øyre aldri blir mette? Korleis ville det gått om a) guten prøvde å bere for mange tallerkar frå oppvasken? b) guten prøvde å gå tur med to hundar samtidig? Bruk fantasien og fortel!

22


Framtidsdraumar Når eg ser opp i himmelen, har eg utruleg lyst til å komme til ein annan klode og sjå kva som er der. Stirar eg lenge nok, ser eg at dei største stjernene rører på seg, og nokre blunkar til meg. Mamma seier at det ikkje er mogleg, men eg trur henne ikkje heilt. Kanskje har eg evner som ho ikkje har, og kanskje ser nokon langt utanfrå verdsrommet på meg, sjølv om han ikkje ser mamma. Det kunne vere ein som har lyst til å snakke med meg, berre fordi det er meg. Om vi no berre kunne komme i kontakt med kvarandre. Det er lenge sidan eg bestemte meg for å bli astronom. Eg veit likevel ikkje heilt kva eg skal gjere, for no har eg òg lyst til å bli pizzabod. Kanskje eg kan bli pizzabod ute i verdsrommet. Etter Kulens side av Kristin Steindóttir

• Kva er ein astronom? • Kva gjer eit pizzabod? • Kva tenkjer du på når du står og ser på stjernene? Lag ei liste over yrke. Kva har du lyst til å bli?

23


Eksempeltekst 1

Å skrive ei forteljing Ei forteljing er ei oppdikta historie. Ho har ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Her er ei forteljing skriven av Oda på 9 år. Ho er ikkje så lang, men ho har med alle tre delane.

Den slemme marihøna Det var ein gong ei marihøne som var slem og ekkel mot alle. Ho erta og øydela for dei som leika og hadde det morosamt.

Innleiing: Opningsord – kven det handlar om

Ein dag kom det ei vakker lita fe flygande omkring i myrulla. Ho spurde marihøna kvifor ho ikkje kunne vere snill. Då begynte Marihøna å gråte og fortalde at ho hadde mista dei raude vengene sine. «Eg skal hjelpe deg å leite», sa den vesle fea.

Hovuddel: Det som hender i forteljinga

Då blei marihøna glad igjen og blei snill og vennleg. Ho fekk mange gode venner mellom dei små dyra og insekta i graset.

Avslutning: Korleis det gjekk

Oda 9 år, etter Reisefuglene

24


Her kjem ei forteljing til, skriven av Grethe på 11 år. Også ho har ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning i teksten sin:

Eksempeltekst 2

Sopphuset Det var ein gong ti leikne sommarfuglar som så gjerne ville ha eit hus å vere i når det regna. Ein av sommarfuglane heitte Mariblå og var den minste av alle. Ho leika mykje åleine og blei ofte erta av dei andre. Ein dag då dei hadde erta Mariblå meir enn vanleg, flaug ho langt av stad til ein stad ho aldri hadde vore før. Ho var litt redd fordi ho ikkje kunne kjenne seg igjen eller sjå nokon av dei andre sommarfuglane. Det var då ho oppdaga eit flott lite hus. Huset hadde raudt tak, og det var både vindauge og dører i det. Glad flaug ho tilbake til dei andre. Frå den dagen hadde sommarfuglane eit fint lite hus å leike i når det regnde. Og det finaste var at ingen erta vesle Mariblå meir, for no forstod dei at ein kan oppdage store ting sjølv om ein er liten.

Innleiing: Opningsord – kven det handlar om

Hovuddel: Det som hender i forteljinga

Avslutning: Korleis det gjekk

Grethe 11 år, etter Reisefuglene

• Kvifor blir Marihøna snill og vennleg? • Kva kan vere forklaringa på at sommarfuglar vil vere inne når det regnar? • Kva vil det seie å oppdage store ting? Lær meir om å skrive ei forteljing på side 20 og 21 i arbeidsboka.

25


Kyss kan ikkje vaskast bort Jo da, eg likar Martin. Men dette er for drygt! Midt i det første friminuttet kjem han plutseleg bort og kyssar meg. På kinnet. Utan å spørje. «Kva er det du driv med!» ropar eg sint og flyktar inn på jentedoen. Kven trur han eigentleg at han er? Eg skrubbar kinnet til det er knallraudt. Då eg kjem ut frå do, står Martin der og gliser. «Det går ikkje an å vaske bort kyss.» 26


«Klart det går!» ropar eg sint. «Det er ikkje så lett», seier Martin. «Viss du ikkje vil ha det kysset, må du gi det tilbake!» «Her har du det!» Og vips! Så kyssar eg Martin på kinnet så det smell. Eg skal gå tilbake til klasserommet, men Martin held meg igjen. «Vent litt!» seier han. «Det der var ikkje mitt kyss! Det var eit anna.» Martin gliser breitt: «Eg vil ha mitt kyss. Hit med det!»

27


«Næhei!» seier eg og gliser, eg òg. «Det kysset får du ikkje før i neste friminutt. Og berre viss eg får tilbake mitt kyss først!» Etter Kyss kan ikke vaskes bort av Julia Boehme

• Kva gir og tek dei to barna frå kvarandre? • Kvifor vaskar ho seg på kinnet? • Det høyrest ut som om dei kranglar ein del. Men kva kan det bety at dei gliser og smiler heile tida?

28


Lesestrategi

Korleis? Ved å spørje om kva som skjer i forteljinga, eller om kvifor noko skjer.

Punktum, spørsmålsteikn og utropsteikn – språk og grammatikk

3. Kvar skal du bruke punktum? 4. Kva brukar vi utropsteikn og spørsmålsteikn til? Å lage avsnitt – språkbruk

5. Kva er eit avsnitt? 6. Kvifor bør det vere avsnitt i ein tekst? Å skrive forteljing

To framande dyr Det var ein gong ein liten musunge som hadde vori ute åleine og sett seg omkring i verda. Da han kom attende til mor si, fortalde han om alt han hadde sett.

Men det var eit anna dyr der inne òg. Det dyret var mykje snillare. Det hadde to vakre augo og ein fin, mjuk pels. Det flytte føtene sine så stilt og varsamt. Eg kunne mest ikkje høyra det. Så sette det seg ned og slikka labbane sine. Eg fekk hug til å springa fram og leika med det fine dyret. Men nett i det same skreik det andre dyret så stygt, og da vart eg redd og sprang min veg.» «Det kan du vera glad for,» sa den gamle musa. «Det dyret som skremde deg, gjer aldri oss noko vondt. Men det dyret du lika så godt, det skal du passa deg for. Det er den farlegaste fienden vår!»

«Men så høgt som opp til hovudet mitt greier du vel ikkje å hoppa?» «Hå, det er lett nok,» sa grashoppa. Så tok ho sats og hoppa – rett inn i gapet på hanen. «Snipp, snapp,» sa hanen.

Kva gjer hanen med grashoppa her?

Lesestrategi

«Eg kom inn i ein stor låve,» sa musungen. «Der såg eg eit fælt dyr. På hovudet hadde det ein eldraud kam, og på føtene hadde det digre klør. Det flaksa med vengene, nett som det ville slå i hel alt omkring seg. Så opna det munnen og skreik så fælt at eg vart veldig redd.

«Du er flink til å hoppa», sa hanen. «Å ja,» sa grashoppa, «eg er ikkje så verst.» Og så hoppa ho eit langt stykke. «Det var flott,» sa hanen.

Frå Thorbjørn Egners lesebøker for småskulen

Frå Thorbjørn Egners lesebøker for småskulen

• Samanlikn spørsmåla dine med ein annan elev. • Får spørsmåla deg til å tenkje nøyare over teksten? Spørsmålet mitt skulle vore: Kvifor fekk hanen lyst på grashoppa?

8

Øv på lesestrategien på side 6 og 7 i arbeidsboka.

9

Punktum og setningar

Oppgåver

Les denne vesle historia som handlar om å setje punktum:

1. Finn feila. Her har det gått gale! Punktum og stor bokstav står på feil stad. Skriv setningane slik at dei blir rette og teksten gir meining.

Så var det guten som skulle skrive ei forteljing. Han skreiv og skreiv – linje etter linje. Til slutt var heile arket fullt. Men han hadde ikkje sett eit einaste punktum i teksten sin. Det syntest han var så vanskeleg. Derfor skreiv han like godt to linjer med berre punktum nedst på arket. Så sa han: «Sprei dykk!» Punktum skal stå i slutten av ei setning. Då må vi vite kva ei setning er. Ei setning er fleire ord som seier at nokon gjer ein ting. Ei setning fortel ofte om berre éin ting. Skal vi seie noko meir, lagar vi ofte ei ny setning. Her kjem ei slik forteljing som guten over skreiv. Ho manglar fem punktum. Kvar ville du sett dei? per gjekk på butikken for mor han kjøpte fire liter mjølk då han kom heim spurde mor om det var tungt å bere då svara per at det gjekk fint det var jo lettmjølk

Det var ein. gong ein ung mann han. Spurde ei ung jente om. ho ville gifte seg jenta. svara nei og. Snipp snapp snute, så var. eventyret ute

..

Kva er det du på? øver

2. Finn punktum. Les «Kvifor det er farleg å gå med våte joggesko» på side 14. Les òg «Det Akin ventar på» på side 10–11. Kva for ein tekst har flest punktum? Kva for andre teikn fann du i tekstane? Punktum skal stå til sist i setninga, men hugsar du kva som skal stå først?

Tips: Les heile teksten høgt, og legg merke til når noko nytt blir fortalt.

t SKrIv FørS InG... Setn du eI KJem når du ten, tIL SLut Set du...

tum. punK det er SvÆrt deI er IGe... vIKt

punKtum!

3. Les og snakk saman. Les desse to tekstane høgt for kvarandre: det var ein gong eit svart esel og ein kvit ponni dei krangla og slost støtt gudane var lei av kranglinga derfor bad dei dei to dyra komme til seg gudane klappa i hendene ut kom berre eitt dyr det var kvitt med svarte striper slik blei sebraen til

Det var ein gong eit svart esel og ein kvit ponni. Dei krangla og slost støtt. Gudane var lei av kranglinga. Derfor bad dei dei to dyra komme til seg. Gudane klappa i hendene. Ut kom berre eitt dyr. Det var kvitt med svarte striper. Slik blei sebraen til.

Snakk saman: Korleis er det å lese utan punktum? Korleis er det å lese med punktum? 16

17

Avsnitt

Oppgåver

Å lage avsnitt er å dele opp teksten i mindre delar. I kvar del fortel teksten noko «ferdig». Når teksten skal handle om noko anna, begynner eit nytt avsnitt.

1. Korleis lagar vi avsnitt? a) Sjå på «Det Akin ventar på» på side 10–11. Korleis er denne teksten delt i avsnitt? b) Sjå på «To framande dyr» på side 9. Korleis er denne teksten delt i avsnitt?

Viss du les teksten høgt, passar det med ein liten pause før du les eit nytt avsnitt.

2. Les denne forteljinga.

Sjå på avsnitta i denne teksten:

I dette avsnittet får vi høyre kven historia handlar om, og kva han gjer. I dette avsnittet får vi høyre at draumen held fram, og vi forstår at det kjem til å halde fram på denne måten. I dette avsnittet forstår vi at guten har drøymt det same fleire gonger, og at han plutseleg vaknar frå draumen. I dette avsnittet kjem poenget med vitsen.

Ein mann krabba på alle fire på vegen framfor huset sitt ein kveld. Det såg ut som han leita etter noko. – Kva leitar du etter? spurde dei som gjekk forbi. – Eg har mista nøklane mine, svara han. Folk hjelpte han med å leite. Dei leita og leita, men ingen kunne finne nøklane. Til slutt var det ein som blei lei. – Hugsar du kvar du mista nøklane dine? – Ja, det var nede i kjellaren, svara mannen. – Men kvifor leitar vi her ute, då, lura alle på. – Det er lettare her ute, sa mannen. – Her er det lyst.

Ein gut låg og drøymde at han strekte ut hendene, og at nokon la ti karamellar i dei. I søvne spurde han: «Kan eg få elleve karamellar?» I draumen fekk han ein karamell til. Han spurde igjen, mens han framleis sov: «La meg få tolv karamellar!» Slik heldt draumen fram heilt til guten hadde fått nitten karamellar. Då han spurde om å få endå ein, vakna han plutseleg. Han såg ned i hendene sine og oppdaga at han ikkje hadde nokon karamellar i det heile. «Ok, då», sa guten, «eg skal vere fornøgd med berre ti karamellar.»

Kor mange avsnitt er det i forteljinga?

Snakk saman: Kvar passar det å dele teksten i avsnitt?

Lær meir om avsnitt på side 16 og 17 i arbeidsboka.

20

21

Eksempeltekst 1

Å skrive ei forteljing Ei forteljing er ei oppdikta historie. Ho har ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning.

– tekstskaping

7. Kva kan det stå i ei innleiing? 8. Kva kan det stå i ei avslutning? 9. Lag ei kort forteljing med innleiing, hovuddel og avslutning. Arbeid saman med ein annan elev. Fortel historia til nokon, eller skriv ho ned.

Når du stiller spørsmål til handlinga i ein tekst, må du tenkje nøyare over det du les. Det kan gjere at du forstår betre. Her skal du øve meir på dette.

Det var ein gong ein hane som var ute og gjekk. Da fekk han auga på ei grashoppe. Hanen fekk hug til å eta den feite grashoppa. Men ho var ikkje lett å få tak på, slik som ho hoppa og sprang.

– lesestrategi

1. Kvifor er det lurt å stille spørsmål til teksten du les? 2. Bruk lesestrategien på «I friminutta kan ein leike» på side 6 og 7.

Prøv å bruke lesestrategien «stille spørsmål til det du les» når du les denne forteljinga òg. Lag eitt eller to spørsmål til kvart avsnitt.

Hanen og grashoppa Kva vil hanen gjere med grashoppa? Kvifor skryter hanen av grashoppa?

Å finne dei viktigaste orda i teksten

Stille spørsmål til det du les

Fasit: Stor bokstav

Gøymt eller gløymt?

Når? Etter at du har lese, eller mens du les.

Her er ei forteljing skriven av Oda på 9 år. Ho er ikkje så lang, men ho har med alle tre delane.

Den slemme marihøna Det var ein gong ei marihøne som var slem og ekkel mot alle. Ho erta og øydela for dei som leika og hadde det morosamt.

Innleiing: Opningsord – kven det handlar om

Ein dag kom det ei vakker lita fe flygande omkring i myrulla. Ho spurde marihøna kvifor ho ikkje kunne vere snill. Då begynte Marihøna å gråte og fortalde at ho hadde mista dei raude vengene sine. «Eg skal hjelpe deg å leite», sa den vesle fea.

Hovuddel: Det som hender i forteljinga

Då blei marihøna glad igjen og blei snill og vennleg. Ho fekk mange gode venner mellom dei små dyra og insekta i graset.

Avslutning: Korleis det gjekk

Her kjem ei forteljing til, skriven av Grethe på 11 år. Også ho har ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning i teksten sin:

Eksempeltekst 2

Sopphuset Det var ein gong ti leikne sommarfuglar som så gjerne ville ha eit hus å vere i når det regna. Ein av sommarfuglane heitte Mariblå og var den minste av alle. Ho leika mykje åleine og blei ofte erta av dei andre. Ein dag då dei hadde erta Mariblå meir enn vanleg, flaug ho langt av stad til ein stad ho aldri hadde vore før. Ho var litt redd fordi ho ikkje kunne kjenne seg igjen eller sjå nokon av dei andre sommarfuglane. Det var då ho oppdaga eit flott lite hus. Huset hadde raudt tak, og det var både vindauge og dører i det. Glad flaug ho tilbake til dei andre. Frå den dagen hadde sommarfuglane eit fint lite hus å leike i når det regnde. Og det finaste var at ingen erta vesle Mariblå meir, for no forstod dei at ein kan oppdage store ting sjølv om ein er liten.

Innleiing: Opningsord – kven det handlar om

Hovuddel: Det som hender i forteljinga

Avslutning: Korleis det gjekk

Grethe 11 år, etter Reisefuglene

• Kvifor blir Marihøna snill og vennleg?

Oda 9 år, etter Reisefuglene

• Kva kan vere forklaringa på at sommarfuglar vil vere inne når det regnar? • Kva vil det seie å oppdage store ting? Lær meir om å skrive ei forteljing på side 20 og 21 i arbeidsboka.

24

Lese korte forteljingar 10. Kva for tekstar i dette kapittelet lika du best å lese?

25

Kyss kan ikkje vaskast bort Jo da, eg likar Martin. Men dette er for drygt! Midt i det første friminuttet kjem han plutseleg bort og kyssar meg. På kinnet. Utan å spørje. «Kva er det du driv med!» ropar eg sint og flyktar inn på jentedoen. Kven trur han eigentleg at han er? Eg skrubbar kinnet til det er knallraudt. Då eg kjem ut frå do, står Martin der og gliser. «Det går ikkje an å vaske bort kyss.» 26

«Klart det går!» ropar eg sint. «Det er ikkje så lett», seier Martin. «Viss du ikkje vil ha det kysset, må du gi det tilbake!» «Her har du det!» Og vips! Så kyssar eg Martin på kinnet så det smell. Eg skal gå tilbake til klasserommet, men Martin held meg igjen. «Vent litt!» seier han. «Det der var ikkje mitt kyss! Det var eit anna.» Martin gliser breitt: «Eg vil ha mitt kyss. Hit med det!»

27

29


Kapittel 8

Tekst og bilete I dette kapittelet skal du: u finne ut kva du veit om eit tema før du les u lÌre ord med -leg , -lig og -ing u skrive faktatekst u lese og lÌre om samansette tekstar

Viktige ord: m endeleg m hemmeleg m tidleg m lesing m skriving m rekning

30


• Kva ser du i avisa? • Kva ser barna på tv-en? • Kvifor er det reklame i aviser og på tv?

31


Rutsjekonkurranse* Pappa seier at han har gløymt badebuksa heime. Eg trur han har gløymt henne med vilje. Pappa likar ikkje å bade. Han vil sitje på stranda og lese bok. Mamma og eg leikar i bølgjene. «Ole, kom ut til oss!» ropar mamma. «Vatnet er skikkeleg herleg.» Pappa rister på hovudet Eg elskar Danmark. Eg elskar dei lange strendene og dei store bølgjene. Sanden er mjuk og varm. I ferien skal eg bade kvar dag. Mamma har kjøpt ny badedrakt. Eg har fått bikini med blå prikkar. Bølgjene gyngar oss opp og ned. Vi surfar på magen. «Eg frys!» ropar mamma. «Vi må inn og varme oss.» Eg legg meg på den store handduken og lèt sola steikje. «Pappa, du må bli med oss uti neste gong», seier eg. «Det er kjempegøy i bølgjene.» «Beklagar,» seier pappa. «Det er dessverre forbode å bade naken her. Eg har inga badebukse.»

32

rutsje – skli


«Du bør ta av deg skjorta i alle fall,» seier mamma. «Du har godt av litt sol på kroppen.» «Eg har det heilt fint,» svarar pappa. Mamma sovnar i sola. Pappa er mjuk å sitje på. Eg likar den store magen hans. Det er som å sove i ein herleg sofa. «Skal vi kjøpe is?» kviskrar pappa. «Eg såg at dei selde is ved bassenget.» Eg tek kjolen utanpå bikinien. Så følgjer vi stien opp til bassenget. Rundt vass-sklia har det samla seg masse folk. Vi stiller oss i kø ved kiosken. «Eg skal ha to is med strø på,» seier pappa. Dama i kiosken gir oss is og vekslepengar. Pappa får ein ekstra lapp med eit bilete av den store sklia på. «Her er billetten til konkurransen,» seier dama. «Konkurranse?» spør pappa. Dama peikar på ein reklameplakat. Der står det:

33


«Eg skal ikkje rutsje, eg,» seier pappa. «Det er premieutdeling om fem minutt,» seier dama. «Eg har ikkje badebukse,» seier pappa. «Du kan la isen din stå her mens du rutsjar,» seier dama. «Tenk om du vinn,» seier eg. Pappa går seint opp dei lange trappene til sklia. Han står heilt åleine på toppen. Så stappar han skjorta godt ned i shortsen og strammar buksebeltet. Pappa lukkar auga og set seg på kanten av sklia. Ei stemme ropar frå høgtalaren. «Neste deltakar er Ole Berg frå Noreg. Gi Ole ein stor applaus.» Alle klappar for pappa. «Klar, ferdig, gå!» ropar det i høgtalaren. Pappa dyttar ifrå med begge hendene. Han legg seg heilt flat på ryggen. Eg ser berre magen og to føter. Pappa liknar ein kval som har fått ein rakettmotor i baken. Meir rekk eg ikkje å tenkje. Plutseleg står ei flodbølgje ut av bassenget. Kjolen min er kliss våt. Alle rundt meg er våte i ansiktet. Pappa prøver å gøyme seg på botnen av bassenget. Alle kan sjå han lett som berre det.

34


Eg hjelper pappa opp på land. «Eg trur vi må gå til hotellet og skifte,» seier pappa. «Nei, vi må vente til premieutdelinga,» seier eg. «Tenk om du vann!» Mamma har nettopp vakna då vi kjem tilbake. «Kvar har de vore?» spør mamma. «Vi har kost oss med is,» seier pappa. «Men de er jo kliss våte.» «Eg har vunne,» seier pappa. «Eg vann ein gullmedalje pluss ein førstepremie.» Pappa viser henne den fine førstepremien. «Fantastisk,» seier mamma. «Har du vunne ei badebukse?» Pappa høyrer ikkje spørsmålet. Han er alt på veg mot bølgjene. «Premien tek eg på meg når eg kjem på land igjen,» ropar pappa. «Førstemann uti!» Bjørn Arild Ersland

• Kva betyr det å rutsje? • K va blir pappa samanlikna med når han rutsjar ned sklia? • Kva har pappa på seg når han går ut i bølgjene til slutt? Tenk deg at dette var din familie og din ferie. Kva ville du fortalt om dette til vennene dine? Skriv eit postkort og fortel.

35


Lesestrategi Når? Før du les. Korleis? Ved å tenkje over kva du alt veit.

Dette visste Milla om Danmark før ho las teksten nedanfor:

Danmark: tt flagg i v k g o t d u Ra K/o benhavn Legoland Tivoli avfrua h le s e v n e D r Raude p/o lse

Kva veit du frå før? Før du les ein tekst, bør du tenkje gjennom det du veit om temaet i teksten. Då er du førebudd på lesinga og forstår og hugsar betre det du har lese.

Danmark: Feriefavoritten for nordmenn Etter Spania er Danmark det landet flest nordmenn reiser til. Norske småbarnsfamiliar dreg ofte til København. Der er det svært populært å besøkje Tivoli. Den eldste berg- og dalbanen her er 100 år gammal. Ein annan populær attraksjon er Legoland, ein heil park der alt er bygt av legoklossar. Legoklossar er forresten ei dansk oppfinning. Danmark har mange sandstrender der det er populært å bade. Det høgaste «fjellet» heiter Møllehøj og ragar* 170 meter over havet. Men mesteparten av Danmark ligg berre 30 meter over havet. Landet er nokså flatt, og derfor passar det fint å sykle her.

Kva lærte Milla som var nytt for henne?

36

ragar – stikk opp, reiser seg


Lesestrategi No skal du sjølv bruke lesestrategien. Teksten nedanfor handlar om Sverige. Før du les: Kva veit du om Sverige? Tenk gjennom før du les, og noter nokre stikkord.

Sverige: Vår nærmaste nabo Sverige er Noregs nærmaste naboland. Dei to landa har 1600 kilometer felles grense. Dei som reiser på ferie til Sverige, besøkjer gjerne Liseberg eller Gröna Lund. Det er dei store fornøyelsesparkane i Göteborg og Stockholm. Ute i verda er Sverige kjent for fleire ting. Særleg kjende er møblane frå IKEA, bilmerka Volvo og Saab og musikken til gruppa ABBA.

Astrid Lindgrens historier om Pippi Langstrømpe er omsette til meir enn 50 språk. I Vimmerby kan du besøkje Astrid Lindgrens Verd. Her finst både Villa Villekulla, Katthult og andre stader som er kjende frå bøkene hennar.

• K va lærte du om Sverige som var nytt, og kva kunne du frå før? • T ekstane om Sverige og Danmark er samansette tekstar. Kva for delar er dei sette saman av? • K vifor er det lurt å tenkje over kva du veit før du les teksten?

Øv meir på lesestrategien på side 30 og 31 i arbeidsboka.

37


Mange likar å kjøpe ting. Vi kjøper mat, klede, leiker, spel, møblar, syklar, ski, telefonar, bøker og mykje anna.

Av og til kjøper vi òg tenester: Vi betalar verkstaden for å fikse bilen, flyselskapet for å fly oss på ferie eller restauranten for å servere oss mat.

Alle som sel noko, vil at vi skal bruke pengar på nettopp deira varer. Dei vil fortelje kva dei sel, slik at vi får lyst til å kjøpe det. Til det brukar dei reklame. Det finst reklame i aviser og blad, på tv og i radio, på kino og på internett, på vegger og på plakatar … overalt! 38


I reklamar kan alt sjå finare og betre ut enn det verkeleg er. Dei som lagar reklame, kan ofte skryte og overdrive litt for å få fram det dei vil seie.

Visste du at: • dei som vil ha reklame på tv, i avisa og andre stader, må betale for det? • mange tv-kanalar og aviser tener pengar på reklame? • reklamar ikkje skal oppfordre* barn til å kjøpe noko? • det ikkje er lov med reklame for barn på tv? • det ikkje er lov med reklame ti minutt før eller etter barneprogram på tv?

oppfordre – oppmuntre til, prøve å få nokon til å gjere noko

• Kva er reklame? • Kvar finn vi reklame? • Kan vi tru på det reklamar seier? Leit etter reklame i avisa, i vekeblad eller på nettet. Vel ein du likar godt, og presenter han for ein medelev.

39


Eksempel på reklametekstar

Kylling er fantastisk god mat. Og ikkje berre det! Kjøtt frå kylling er både sunt og næringsrikt, og det har ikkje for mange kaloriar. Mange ekspertar på mat og helse anbefaler at vi byter ut meir raudt kjøtt frå sau og storfe med kvitt kjøtt frå kylling og annan fugl. Kylling er eit av kjøttslaga som folk et mest av i verda! Millionar av menneske kan ikkje ta feil: Et meir kylling!

• Kva vil denne reklamen at vi skal kjøpe? • Kvifor er det kyr med i reklamen? • Kva slags dyr er storfe? Lag denne reklamen med andre dyr og noko anna som skal seljast.

40


I Oslo har dei skihopp og Munch-­ museum, har eg høyrt.

Men dei har visst ikkje noko eige tivoli midt i byen.

«Det er deilig å vere norsk i Danmark» Tivoli er så utruleg festleg! Å suse opp og ned i veldig fart på berg-og-dal-­ banen eller bli kasta rundt på det flygande teppet. Likar du å ta det litt rolegare, kan du køyre pariserhjulet!

Her kan de sjå huset der H.C. ­Andersen budde, eller besøkje den vesle ­havfrua. Blir de svoltne, kan de gå på ei h ­ yggjeleg kneipe* og ete ­nydeleg mat.

Blir du lei av tivoli, gjer det ingenting. For rett utanfor porten ligg nemleg heile det trivelege København, hovudstaden i Danmark.

Til Danmark kjem du og familien din lett. Det går ferje dagleg frå mange norske byar, mellom anna Oslo, ­Bergen og Stavanger.

kneipe – kafé der du kan ete og drikke

• Kven var H.C. Andersen? • Korleis kan vi reise til Danmark? • Kva prøver reklamen å lokke oss til København med? Kva ville du fortalt om viss du skulle reklamere for staden der du bur? Skriv ein liten reklametekst!

41


Ord med -leg og -lig I Noreg har vi mange ulike måtar å seia orda på. Derfor er det ikkje alltid vi skriv orda akkurat slik vi uttalar dei. Du veit frå før at nokre ord har stumme bokstavar. På førre sida finn du eksempel på dette. Sjå etter kva ord som manglar her: Det er ingen … dag i dag, det er bursdagen min! Det er … kjekt å køyre berg-og-dal-bane. Orda vanleg og utruleg har stum g dei fleste stadene i Noreg. Dette gjeld dei fleste orda som sluttar med -leg og -lig. Nokre stader i landet vil g-en i somme ord bli til -kt (stilikt, kjølikt). Mange vil uttala g-en når dei les eit ord høgt frå ei bok, men korleis uttalar DU orda når du snakkar til vanleg? Sei dette høgt: Eg er så forferdeleg svolten! For å vere ærleg synest eg ikkje maten smakar særleg godt. Straumrekninga blir ikkje billig når vêret er så kjølig. Uttalar du g-ane? Mange vil ikkje det, men det er viktig å skrive dei for at orda skal bli riktige.

Barn som har det herleg!

42

Hvordan sier du ord med g på slutten?


Oppgåver 1. Finn fleire ord med -leg og -lig i teksten på side 41. 2. Kva for eit leg-ord manglar i setningane under? Det er … å takke for maten. Ikkje sei det til nokon, det er … Eg må leggje meg, for eg skal opp … Dette får eg ikkje til, det er for … 3. Kva for ord i liste A og liste B betyr omtrent det same? Liste A: ganske kald flott trist flautt rar brått søt sjalu 4.

Liste B: pinleg merkeleg plutseleg temmeleg nusseleg misunneleg sørgjeleg kjølig stilig

Set orda i rett rekkjefølgje. a) rimeleg. triveleg blir seld hundekvalp Reinsleg b) billig. latterleg Bil blir seld c) til leige. Temmeleg leilegheit stilig d) dårleg? Sove behageleg ein madrass! Kjøp

Øv meir på ord med -leg og -lig på side 34–36 i arbeidsboka. 43


Ord med -ing I somme ord er g-en nesten stum. I reklamen for Danmark finn du òg denne setninga. Kva for eit ord manglar? Blir du lei av tivoli, gjer det … Mange ord sluttar med -ing, eller dei har -ing inni seg. Mange stader i Noreg «smeltar» n og g saman til ein eigen lyd. Andre stader blir både n og g uttala. Les dette høgt: Ingvild datt på sykkel, men det gjorde ingenting, sjølv om sykkelen fekk riper og Ingvild fire sting.

Finn ut kva ing-ord som manglar: • Er du heilt … i bollen? • Der borte gjer vegen ein … • Nei, eg vil ikkje. Du kan ikkje … meg! • Ta telefonen og … til Petter! • Eg skar meg i ein … då eg skulle kutte gulrøter.

Verb + ing = sant Hugsar du kva eit verb er? Verb er gjere-ord, som erte, sove, leike, spele og jobbe. Sjå kva som skjer når vi tek eit verb og legg til -ing: 44

erte + ing = erting sove + ing = soving leike + ing = leiking spele + ing = speling jobbe + ing = jobbing

Korleis uttalar du -ing på din dialekt?


Oppgåver 1. Lag ing-ord av desse verba: sykle, svømme/symje, syngje, sparke, danse, herje, bake, sove, drikke 2. Kva verb er desse orda laga av? hopping, lesing, skriving, rekning, bading, dusjing, teikning

Adjektiv + ing = sant Hugsar du adjektiv? Adjektiv er ord som beskriv: tøff, svær, rik, lur, sprek Sjå kva som skjer når vi legg -ing til eit adjektiv: slem + ing = slemming svær + ing = sværing rik + ing = riking lur + ing = luring sprek + ing = spreking Oppgåver

3. Lag ing-ord av desse adjektiva: gammal, sterk, smart, tøff, god 4. Kva for nokre adjektiv er desse orda laga av? fersking, gluping, kloking, rasking, sløving

v meir på ord med -ing Ø på side 37–39 i arbeidsboka. 45


Har du foreldre som masar pĂĽ deg? Denne teksten er frĂĽ ei bok som skal forklare for barn korleis foreldre verkar. Her handlar det om masing:

46


Frå Endelig en bok som forklarer deg alt om foreldre av Francoize Boucher

• Kva er det foreldre masar om her? • Kva er eit vedunderbarn? • Korleis kan dette gå frykteleg gale, trur du? Er det nokon heime som masar på deg om noko? Lag ein plakat, du òg!

47


Samansette tekstar Ein tekst kan vere sett saman av fleire delar. For eksempel:

• ord og setningar

• bilete

• overskrifter

Vi kallar det samansette tekstar. Dei ulike delane kan fortelje ulike ting, eller dei kan fortelje det same. Reklamar og faktatekstar er som regel samansette tekstar. Det er òg skulebøker.

Når bilete og tekst seier det same Her ser du framsida og baksida på eit naturkort om fuglar.

48


jå nøye på begge sidene av kortet. Her viser både tekst og bilete S korleis ei knoppsvane ser ut.

Fra Mylder Naturkort, boks 1

• Kva for delar er dette naturkortet sett saman av? • Korleis ville det vore å lese kortet utan bileta? • Bilete og tekst fortel korleis svana ser ut. Får vi vite noko meir når vi les på kortet?

49


NĂĽr biletet seier meir enn teksten I Bukkene Bruse vender tilbake har den mellomste bukken nettopp stanga trollet ut frĂĽ gamleheimen, og no er det fest til ĂŚre for han.

Alle de gamle ville se pĂĽ

hor na til den mellomste buk ken, og finere hor n hadde de ald ri sett.

50


• K va fortel biletet oss, som teksten ikkje seier noko om? • K va kan du lese i teksten som du òg ser på biletet? • K orleis ville det vere å lese teksten utan at biletet var med? Frå Bukkene Bruse vender tilbake av Bjørn F. Rørvik og Gry Moursund

51


Eksempeltekst 1

ttedyr a k t r o t S 1. og Asia 2. Afrika kg kjøtt 5 3. 43 og 2 , men tar 4. Hoa jak r sterkast. hannen e rst ø t s r e n e 5. Hann anke. og har m timar. 0 2 v ø S 6.

Å skrive faktatekst Å skrive faktatekst er ein fin måte å lære noko på. Då må du først finne ut noko, og så må du skrive om det. Tobias blei interessert i løver etter at han var i Løveparken i Danmark. Han las om løver i bøker og på nettet og noterte seks stikkord på eit ark. Slik blei det då han skreiv ein faktatekst om løva:

Løve Stikkord 1

Ei løve er eit stort kattedyr.

Stikkord 2

Ville løver finst berre i Afrika og Asia. I Noreg og i Danmark kan du sjå dei i dyreparkar.

Stikkord 3 og 4

Løver et mykje kjøtt. Sjølv om hannløva er sterkast, er det holøva som jaktar og skaffar mat.

Stikkord 5

Stikkord 6

Sjølv om løver er nokså farlege for andre dyr, søv dei nesten heile tida. Løver søv 20 timar i døgnet. • Er det ville løver i Danmark? • Har løva nokre slektningar i Noreg? • Kva kjenneteiknar ein faktatekst?

52


Danuta har vore i Astrid Lindgrens Verd i Vimmerby i Sverige. Derfor ville ho skrive ein faktatekst om Astrid Lindgren. Her er stikkorda ho fann i bøker og på nettet:

Eksempeltekst 2

Ronja, g o i p ip P , r å 4 9 k 1941, Karin 7 år, sju ned, iv vrikka fot, skre 100 land Slik blei faktateksten hennar:

Astrid og Pippi Den svenske forfattaren Astrid Lindgren blei 94 år gammal. Den siste boka si skreiv ho 20 år før ho døydde. Den boka heiter Ronja Røverdatter. Ei av dei første bøkene handla om Pippi Langstrømpe. Historia om Pippi blei til då dotter hennar, Karin, var 7 år.

Karin var sjuk og ville at mora skulle fortelje. «Fortel om Pippi Langstrømpe», sa ho. Og det gjorde Astrid. Då Astrid vrikka foten sin tre år seinare, skreiv ho ned historiene om Pippi. Så kom dei ut i bok. I dag blir historiene om Pippi Langstrømpe lesne i 100 land!

• Kva for stikkord bruka Danuta, og kva for nokre bruka ho ikkje? • Kva for stikkord hamna i eitt og same avsnittet? • Kvifor blei Pippi til bok då Astrid vrikka beinet, trur du? Lær meir om å skrive faktatekst på side 44 og 45 i arbeidsboka.

53


Reis frå Noreg til Danmark og Sverige Togtider Narvik–Stockholm 1100 Avgang Narvik 0630 Framkome Stockholm (neste dag) 1240 Avgang Narvik 0915 Framkome Stockholm (neste dag)

Togtider Trondheim–Stockholm 0750 Avgang Trondheim 1940 Framkome Stockholm 0830 Avgang Trondheim 2200 Framkome Stockholm

Seglingstider Bergen–Stavanger–Hirtshals Avgang Bergen 1330 Avgang Stavanger 2000 Framkome Hirtshals 0800 (neste dag) Avgang Hirtshals 2000 Framkome Stavanger 0630 (neste dag) Framkome Bergen 1230 (neste dag)

Togtider Oslo–Göteborg 0700 Avgang Oslo 1040 Framkome Göteborg 1300 Avgang Oslo 1650 Framkome Göteborg

Sandefjord–Strømstad Avgang Sandefjord: 0645 0800 1000 1300 1400 1700 Avgang Strømstad: 0945 1100 1330 1600 1730 2000 Overfarten tek 2 timar og 30 minutt.

Oslo–København tur/retur Seglingstider Frå Oslo (dagleg) Avgang 1700 Framkome 0945 (neste dag) Frå København (dagleg) Avgang 1700 Framkome 0945 (neste dag)

• Viss du bur i Bergen, korleis kan du reise til Larvik eller Langesund? • Kva tek lengst tid: å reise Narvik–Stockholm eller Trondheim–Stockholm? • Kva for ein hovudstad kan ein ikkje reise med ferje til, på dette kartet?

54

Lag fleire spørsmål til teksten. Still dei til ein medelev.


Gøymt eller gløymt?

Lesestrategi Når? Før du les. Korleis? Ved å tenkje over kva du alt veit.

Dette visste Milla om Danmark før ho las teksten nedanfor:

Finne ut kva du kan, før du les ein tekst

Danmark: flagg Raudt og kvitt Ko/benhavn Legoland Tivoli rua Den vesle havf Raude po/lser

– lesestrategi

Kva veit du frå før? Før du les ein tekst, bør du tenkje gjennom det du veit om temaet i teksten. Då er du førebudd på lesinga og forstår og hugsar betre det du har lese.

Danmark: Feriefavoritten for nordmenn Etter Spania er Danmark det landet flest nordmenn reiser til. Norske småbarnsfamiliar dreg ofte til København. Der er det svært populært å besøkje Tivoli. Den eldste berg- og dalbanen her er 100 år gammal. Ein annan populær attraksjon er Legoland, ein heil park der alt er bygt av legoklossar. Legoklossar er forresten ei dansk oppfinning.

Sverige: Vår nærmaste nabo Sverige er Noregs nærmaste naboland. Dei to landa har 1600 kilometer felles grense. Dei som reiser på ferie til Sverige, besøkjer gjerne Liseberg eller Gröna Lund. Det er dei store fornøyelsesparkane i Göteborg og Stockholm. Ute i verda er Sverige kjent for fleire ting. Særleg kjende er møblane frå IKEA, bilmerka Volvo og Saab og musikken til gruppa ABBA.

Danmark har mange sandstrender der det er populært å bade. Det høgaste «fjellet» heiter Møllehøj og ragar* 170 meter over havet. Men mesteparten av Danmark ligg berre 30 meter over havet. Landet er nokså flatt, og derfor passar det fint å sykle her.

1. Kvifor er det lurt å tenkje gjennom kva du veit om eit emne, før du les ein tekst om det? 2. Forklar korleis du gjer det.

Astrid Lindgrens historier om Pippi Langstrømpe er omsette til meir enn 50 språk. I Vimmerby kan du besøkje Astrid Lindgrens Verd. Her finst både Villa Villekulla, Katthult og andre stader som er kjende frå bøkene hennar.

• Kva lærte du om Sverige som var nytt, og kva kunne du frå før? • Tekstane om Sverige og Danmark er samansette tekstar. Kva for delar er dei sette saman av? • Kvifor er det lurt å tenkje over kva du veit før du les teksten?

Kva lærte Milla som var nytt for henne?

Øv meir på lesestrategien på side 30 og 31 i arbeidsboka.

ragar – stikk opp, reiser seg

36

37

Ord med -leg og -lig

Oppgåver 1. Finn fleire ord med -leg og -lig i teksten på side 41.

I Noreg har vi mange ulike måtar å seia orda på. Derfor er det ikkje alltid vi skriv orda akkurat slik vi uttalar dei.

2. Kva for eit leg-ord manglar i setningane under? Det er … å takke for maten. Ikkje sei det til nokon, det er … Eg må leggje meg, for eg skal opp … Dette får eg ikkje til, det er for …

Du veit frå før at nokre ord har stumme bokstavar. På førre sida finn du eksempel på dette. Sjå etter kva ord som manglar her: Det er ingen … dag i dag, det er bursdagen min! Det er … kjekt å køyre berg-og-dal-bane. Orda vanleg og utruleg har stum g dei fleste stadene i Noreg. Dette gjeld dei fleste orda som sluttar med -leg og -lig. Nokre stader i landet vil g-en i somme ord bli til -kt (stilikt, kjølikt). Mange vil uttala g-en når dei les eit ord høgt frå ei bok, men korleis uttalar DU orda når du snakkar til vanleg? Sei dette høgt:

Ord med -ing, -leg og lig – språk og grammatikk

3. Finn tre ord som sluttar på -ing. 4. Finn tre ord som sluttar på -leg eller -lig.

Lesestrategi No skal du sjølv bruke lesestrategien. Teksten nedanfor handlar om Sverige. Før du les: Kva veit du om Sverige? Tenk gjennom før du les, og noter nokre stikkord.

Eg er så forferdeleg svolten! For å vere ærleg synest eg ikkje maten smakar særleg godt. Straumrekninga blir ikkje billig når vêret er så kjølig.

3. Kva for ord i liste A og liste B betyr omtrent det same?

Hvordan sier du ord med g på slutten?

Uttalar du g-ane? Mange vil ikkje det, men det er viktig å skrive dei for at orda skal bli riktige.

Barn som har det herleg!

Liste A: ganske kald flott trist flautt rar brått søt sjalu

Liste B: pinleg merkeleg plutseleg temmeleg nusseleg misunneleg sørgjeleg kjølig stilig

4. Set orda i rett rekkjefølgje. a) rimeleg. triveleg blir seld hundekvalp Reinsleg b) billig. latterleg Bil blir seld c) til leige. Temmeleg leilegheit stilig d) dårleg? Sove behageleg ein madrass! Kjøp

Øv meir på ord med -leg og -lig på side 34–36 i arbeidsboka.

42

43

Samansette tekstar

Sjå nøye på begge sidene av kortet. Her viser både tekst og bilete korleis ei knoppsvane ser ut.

Ein tekst kan vere sett saman av fleire delar. For eksempel:

Samansette tekstar – språk og grammatikk

• ord og setningar

• bilete

• overskrifter

Vi kallar det samansette tekstar. Dei ulike delane kan fortelje ulike ting, eller dei kan fortelje det same. Reklamar og faktatekstar er som regel samansette tekstar. Det er òg skulebøker.

Når bilete og tekst seier det same Her ser du framsida og baksida på eit naturkort om fuglar.

5. Kva er ein samansett tekst? 6. Kva for delar kan ein samansett tekst ha?

Fra Mylder Naturkort, boks 1

• Kva for delar er dette naturkortet sett saman av? • Korleis ville det vore å lese kortet utan bileta? • Bilete og tekst fortel korleis svana ser ut. Får vi vite noko meir når vi les på kortet?

48

Å skrive faktatekst – tekstskaping

7. Kvifor skriv vi faktatekstar? 8. Korleis kan du gjere det? Forklar.

49

Eksempeltekst 1

tedyr 1. Stort kat Asia og 2. Afrika kg kjøtt 3. 43 og 25 men ar, 4. Hoa jakt sterkast. hannen er er størst 5. Hannen ke. og har man timar. 6. Søv 20

Å skrive faktatekst Å skrive faktatekst er ein fin måte å lære noko på. Då må du først finne ut noko, og så må du skrive om det. Tobias blei interessert i løver etter at han var i Løveparken i Danmark. Han las om løver i bøker og på nettet og noterte seks stikkord på eit ark. Slik blei det då han skreiv ein faktatekst om løva:

Løve Stikkord 1

ei løve er eit stort kattedyr.

Stikkord 2

ville løver finst berre i Afrika og Asia. I Noreg og i Danmark kan du sjå dei i dyreparkar.

Stikkord 3 og 4

Løver et mykje kjøtt. Sjølv om hannløva er sterkast, er det holøva som jaktar og skaffar mat.

Sjølv om løver er nokså farlege for andre dyr, søv dei nesten heile tida. Løver søv 20 timar i døgnet. • Er det ville løver i Danmark? • Har løva nokre slektningar i Noreg? • Kva kjenneteiknar ein faktatekst?

Eksempeltekst 2

Ronja, 94 år, Pippi og 1941, Karin 7 år, sjuk ned, vrikka fot, skreiv 100 land Slik blei faktateksten hennar:

AStRID og PIPPI Den svenske forfattaren Astrid Lindgren blei 94 år gammal. Den siste boka si skreiv ho 20 år før ho døydde. Den boka heiter Ronja Røverdatter. ei av dei første bøkene handla om Pippi Langstrømpe. Historia om Pippi blei til då dotter hennar, Karin, var 7 år.

Stikkord 5

Stikkord 6

Danuta har vore i Astrid Lindgrens Verd i Vimmerby i Sverige. Derfor ville ho skrive ein faktatekst om Astrid Lindgren. Her er stikkorda ho fann i bøker og på nettet:

Karin var sjuk og ville at mora skulle fortelje. «Fortel om Pippi Langstrømpe», sa ho. og det gjorde Astrid. Då Astrid vrikka foten sin tre år seinare, skreiv ho ned historiene om Pippi. Så kom dei ut i bok. I dag blir historiene om Pippi Langstrømpe lesne i 100 land!

• Kva for stikkord bruka Danuta, og kva for nokre bruka ho ikkje? • Kva for stikkord hamna i eitt og same avsnittet? • Kvifor blei Pippi til bok då Astrid vrikka beinet, trur du? Lær meir om å skrive faktatekst på side 44 og 45 i arbeidsboka.

52

Å lese samansette tekstar 9. Kva for tekstar lika du å lese i dette kapittelet? 10. Sjå på reklameteksten om Danmark på side 41, og «Har du foreldre som masar på deg?» på side 46 og 47. Kva for delar er tekstane sette saman av?

53

Eksempel på reklametekstar

I Oslo har dei skihopp og Munchmuseum, har eg høyrt.

Men dei har visst ikkje noko eige tivoli midt i byen.

«Det er deilig å vere norsk i Danmark» Kylling er fantastisk god mat. Og ikkje berre det! Kjøtt frå kylling er både sunt og næringsrikt, og det har ikkje for mange kaloriar. Mange ekspertar på mat og helse anbefaler at vi byter ut meir raudt kjøtt frå sau og storfe med kvitt kjøtt frå kylling og annan fugl. Kylling er eit av kjøttslaga som folk et mest av i verda! Millionar av menneske kan ikkje ta feil: Et meir kylling!

• Kva vil denne reklamen at vi skal kjøpe?

Tivoli er så utruleg festleg! Å suse opp og ned i veldig fart på berg-og-dalbanen eller bli kasta rundt på det flygande teppet. Likar du å ta det litt rolegare, kan du køyre pariserhjulet!

Her kan de sjå huset der H.C. Andersen budde, eller besøkje den vesle havfrua. Blir de svoltne, kan de gå på ei hyggjeleg kneipe* og ete nydeleg mat.

Blir du lei av tivoli, gjer det ingenting. For rett utanfor porten ligg nemleg heile det trivelege København, hovudstaden i Danmark.

Til Danmark kjem du og familien din lett. Det går ferje dagleg frå mange norske byar, mellom anna Oslo, Bergen og Stavanger.

kneipe – kafé der du kan ete og drikke

• Kven var H.C. Andersen?

• Kvifor er det kyr med i reklamen?

• Korleis kan vi reise til Danmark?

• Kva slags dyr er storfe?

• Kva prøver reklamen å lokke oss til København med?

Lag denne reklamen med andre dyr og noko anna som skal seljast.

Kva ville du fortalt om viss du skulle reklamere for staden der du bur? Skriv ein liten reklametekst!

40

41

55


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.