
2 minute read
Kulturelle perspektiv
Når vi snakkar om kultur, tenkjer mange på kunst, som måleri og musikk. Kultur kan òg vere ting vi opplever som felles, til dømes korleis vi lever livet vårt, kva feiringar vi har, eller kva mattradisjonar vi følgjer.
verdi – noko som har stor betyding
Kultur omfattar òg verdiane vi har, det vi ser på som ekstra viktig i livet. I Noreg er fridom og retten til å seie det vi vil –ytringsfridom – ein viktig verdi. I andre land kan det å ta vare på og vise respekt for dei eldre vere ein viktigare verdi enn det er i Noreg. Då vil det til dømes vere uhøyrt å sende bestefar på sjukeheim, fordi dette blir rekna for å vere respektlaust og for å bryte med ein viktig verdi i samfunnet.
Kultur kan altså vere korleis vi lever, kva høgtider vi feirar, og korleis vi feirar dei, og kva vi oppfattar som viktig og vakkert. Alt dette er med på å skape kulturen vi lever i.
Mangfald i den norske kulturen
Den norske befolkninga er samansett, og vi har alltid hatt eit kulturelt mangfald i Noreg med ulike kulturelle grupper. Til dømes er samar urfolk som har sin eigen kultur. Det same har dei nasjonale minoritetane kvener, taterar, skogfinnar, jødar og romar. Alle har rett til å ta vare på og styrkje sin kultur i Noreg.
I tillegg til ulike grupper finst det andre kulturelle skilnader i det norske samfunnet, mellom ulike landsdelar, stader og miljø. Til dømes kan måten folk lever på i ein storby, vere annleis enn korleis folk lever i ei lita bygd der alle kjenner alle.
Kulturen endrar seg over tid. Noreg har i løpet av historia blitt påverka av andre kulturar. I vikingtida, før år 1000, reiste vikingane ut og tok med seg inspirasjon frå andre stader. Slik blei norsk kultur påverka av kulturar frå andre land. Dei siste tiåra har teknologi og reising «gjort verda mindre» og ført til at vi har blitt endå betre kjende med og endå meir påverka av andre kulturar. Sosiale medium spelar ei viktig rolle, og sjansen er stor for at du har dei same interessene og følgjer dei same trendane som ein jamaldring i USA. Påverknad gjennom sosiale medium er med på å endre kulturen vår.
Alle har rett til

Det kulturelle mangfaldet i Noreg blir òg påverka av at fleire har flytta hit frå andre land. Både i bygd og by kan vi til dømes finne restaurantar med mat frå Kina, India og Japan.


I tillegg til mat og tradisjonar er normer og verdiar frå ulike kulturar ein viktig del av samfunnet vårt. Medan nokre delar av andre kulturar, som matvanar, er lette å akseptere, kan andre delar, som ulike normer og verdiar, vere meir kompliserte. Normer og verdiar påverkar synet vårt på korleis eit godt samfunn bør vere. Til dømes meiner nokre at det er familien som bør ta vare på dei eldre, medan andre meiner at dette er ei oppgåve for staten.
Også i mindre grupper i samfunnet kan det vere ulike verdiar. Førestill deg at Karin og Kim er i same vennegjeng. Karin meiner at ingen bør kjøpe klede frå billige klesprodusentar, fordi ho meiner det er viktig at ingen støtter ein industri der arbeidarane ikkje får ordentleg betalt eller har dårlege arbeidsforhold. Kim, på si side, meiner at det ikkje er noko problem å kjøpe slike klede, fordi han meiner det bidrar til at arbeidarane faktisk har ein jobb. Her kan det oppstå ein konflikt mellom ulike verdiar.