
2 minute read
Religiøse perspektiv
«Nordmenn trur på Gud, Allah, Altet og Ingenting.» Dette sa Kong Harald V til det norske folket under hagefesten i Slottsparken i 2016. Det var viktig for kongen å få fram at den norske befolkninga består av mange ulike menneske, og at trass ulikskapar er den norske befolkninga eitt folk. Rundt år 1000 starta kristninga av Noreg. Det vil seie at kristendommen blei den styrande religionen, og at kongen skulle tilhøyre den kristne trua. I dag er fleirtalet av befolkninga i Noreg medlem av ei kristen kyrkje, og det står framleis i Grunnlova at kongen må vedkjenne seg den kristne trua. Samtidig kjem det stadig fleire livssyn og religionar til, og i 2020 var heile 872 ulike religiøse trussamfunn registrerte i Noreg. Desse omfattar alt frå store trussamfunn, som Den norske kyrkja med ca. 3 500 000 medlemmer, til mindre trussamfunn, som Sjamanistisk Forbund med rundt 350 medlemmer (2021).
vedkjenne seg – her: erklære at ein trur på og høyrer til ein religion samfunnsansvar – det ansvaret ein enkeltperson eller ei gruppe har for at samfunnet skal vere så godt som mogleg menneskeverd – verdien til mennesket, det at alle menneske er like mykje verde


Religion og livssyn kan vere både synleg og usynleg i samfunnet vi lever i. Er det ei kyrkje, ein moské eller eit tempel i nabolaget ditt? Har du sett ei gruppe menneske utanfor eller inne i ei kyrkje ein søndag føremiddag – eller inne i eller utanfor ein moské ein fredag ettermiddag? Det religiøse mangfaldet er synleg på ulike måtar i Noreg. Det er òg mange religiøse organisasjonar som tek samfunnsansvar ved å gjere arbeid som støttar opp om verdiane deira. I fleire religionar er det ein viktig verdi å hjelpe menneske i nød. Det har til dømes den kristne organisasjonen Frelsesarmeen gjort noko med, ved mellom anna å hjelpe rusmisbrukarar med mat og klede.
Religion er ein del av kulturen, sidan han er med og bestemmer korleis religiøse oppfattar verda, og kva verdiar og tradisjonar som er viktige. Synet på naturen og verdiar som menneskeverd og respekt for det levande kan bety ulike ting, både i religionar og i livssyn. Menneske med eit religiøst eller livssynsbasert verdssyn kan ha religionen sin eller livssynet sitt som grunnlag når dei skal svare på kva eit godt samfunn er.
1 På kva måte lever du i eit mangfald?
2 Korleis kan vi lære av perspektiva til andre?
3 Undersøk:
• Kor mange ulike religiøse trussamfunn finst i Noreg?
• Kva er det største og det minste trussamfunnet i Noreg?
• Er du overraska? Kvifor / kvifor ikkje?
4 Kva er moglege utfordringar med det å leve i eit mangfald?
5 Kva er moglege fordelar med det å leve i eit mangfald?
6 Kva tenkjer du på når du høyrer ordet fellesskap?
7 Har du nokon gong gjort ei stor forandring i livet? Kven blei i så fall påverka av det, og korleis blei dei påverka? Dersom du ikkje kjem på nokon gode døme, kan du sjå føre deg at du sluttar å ete kjøtt. Kven blir påverka av det, og korleis blir dei påverka?
8 Diskuter denne påstanden: «Religion bør ikkje vere synleg.» Samd/usamd?
9 Kvifor har vi fordommar? Kva kan vi gjere for å unngå at fordommane skapar splitting?