2 minute read

Religion, etikk og berekraftig utvikling

etikk – læra om det som avgjer kva som er moralsk rett eller gale

Dei aller fleste menneske har ei forståing av kva som er rett og gale. Religiøse og ikkje-religiøse kan vere samde om kva som er rett å gjere, og religiøse innanfor same religion kan vere usamde om kva som er etisk rett. I ulike religionar finst det tekstar, reglar og verdssyn som grunngir etikken i religionane. Sentrale forteljingar og historiske hendingar gir retningslinjer for kva som er rett og gale. Ulike menneske kan tolke heilage tekstar ulikt, og dermed kan det oppstå meiningsskilnader internt i den same religiøse fellesskapen.

Rettleiing for rett og gale kan du òg finne i andre kjelder enn religiøse tekstar. Også filosofien og menneskerettane tek opp og gir svar på etiske spørsmål.

I dag tilhøyrer meir enn 80 prosent av befolkninga i verda ein religion. Kristendommen er den største, med over 30 prosent av befolkninga i verda som tilhengjarar. Omtrent 25 prosent tilhøyrer islam. Dette viser at religiøse fellesskapar kan nå ut til veldig mange menneske. Her spelar religiøse leiarar, som prestar, imamar og guruar, ei viktig rolle.

Ulike menneske kan tolke heilage tekstar ulikt, og dermed kan det oppstå meiningsskilnader internt i den same religiøse fellesskapen.

I nokre land brukar leiarar maktposisjonen sin til å arbeide for at religionen skal få ein sterkare posisjon i samfunnet. I andre land er religion og politikk skilde frå kvarandre. Religionen blir då mindre tydeleg i politikken. Noreg er eit døme på eit slikt land. Sjølv om det står i Grunnlova at samfunnet er bygt på humanistiske og kristne verdiar, er det ingen politiske leiarar som lagar lover på bakgrunn av det som står i Bibelen.

Religion gir retningslinjer til tilhengjarane om etikk, altså kva som er rett og gale. Men kan religion òg gi retningslinjer til ei berekraftig utvikling?

Pave Frans er leiar for det største religiøse trussamfunnet i verda, den katolske kyrkja. I 2015 sa han at «om vi øydelegg skaparverket, øydelegg det oss». Kristendommen gir fleire grunnar til at mennesket skal bidra til ei berekraftig utvikling, mellom anna forvaltaransvaret, som seier at mennesket blei sett på jorda av Gud for å ta vare på skaparverket. Kristne les òg om Jesu bod om nestekjærleik, der det å elske andre som seg sjølv er ein viktig premiss. Ut frå dette kan kristne argumentere for solidaritetsarbeid og arbeid for ei berekraftig verd.

1936– a Kva for tre mål meiner du er viktigast for at flest mogleg skal få eit godt liv? Grunngi svaret. b Kan det oppstå konfliktar når ein skal arbeide for å nå desse måla samtidig? Kvifor / kvifor ikkje?

På liknande måte har òg muslimske leiarar argumentert for at alt som lever, er skapt av Gud og viser noko av Gud. Menneska blei skapte av Gud for å ta vare på jorda. Derfor har fleire muslimske trussamfunn og organisasjonar engasjert seg i kampen for ei berekraftig utvikling, til dømes ved å oppmode moskear til å få solcellepanel på taket og engasjere pilegrimar til ikkje å bruke eingongsplast.

Også i hinduismen kan vi finne grunngivingar om at berekraftig utvikling er viktig. Respekten hinduane har for naturen og alt levande, inneber å ta vare på naturen. Hinduar meiner at alt levande har noko guddommeleg i seg, og at ein derfor må ta godt vare på det. I tillegg må mennesket passe på å ikkje øydeleggje balansen som held oppe verda.

Innanfor dei fleste religionar finst det folk som ønskjer å gjere noko for ei berekraftig utvikling. Eit døme på det er organisasjonen Religions for Peace, som har samla representantar for 11 ulike religionar frå 100 land og starta eit initiativ for å redde regnskogen.

1 Undersøk berekraftsmåla.

2 Kva kunne menneska rundt deg gjort for å leve eit meir berekraftig liv? Lag ein plakat eller presentasjon som viser fram korleis ei enkel endring kan ha mykje å seie.

3 Er det etisk problematisk å ønskje seg ein ny jeans til jul sjølv om du ikkje treng han? Kvifor / kvifor ikkje? Grunngi svaret ditt.

4 Har menneske eit ansvar for å ta vare på naturen? Kvifor / kvifor ikkje?

This article is from: