Nynorsk på 1-2-3

Page 1


Eldre historie.indb 2

12-04-10 14:17:56


ANNE KRISTIN DAHL

NYNORSK PÅ 1-2-3

MED TEKSTAR AV ARE KALVØ


© 2010 Cappelen Damm AS Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillaten så langt det har heimel i lov eller gjennom avtale med Kopinor, interesseorgan for rettshavarar til åndsverk. Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre til erstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel. Redaktør: Thomas Tønnessen / Hege Rødahl Scarpellino Illustrasjonar: Line Jerner / Torgrim Nærland Omslagsdesign: Sandvik Design Grafisk formgiving: Sandvik Design Trykk og innbinding: Livonia Print SIA, Litauen 5. opplag 2010 ISBN 978-82-04-09588-6 www.cappelendamm.no FOTO: Getty Images: Side 6: Ryan McVay / Digital Vision, side 15: Jupiterimages / Comstock Images, side 19: Digital Vision / Photodisc, side 24: Digital Vision, side 31: Digital Vision, side 37: Stockbyte, side 40: Medioimages /Photodisc, side 45: Barbara Penoyar / Photodisc, Scanpix: Side 5: Heiko Junge


INNHALD • Til deg 4 • Are om nynorske fanklubbar 5 • Substantiv 6 • Genitiv 15 • Adjektiv 19 • Verb 24 • Pronomen 31 • Determinativ 37 • Ordstilling 40 • Snart i mål 45 • Fasit 49 • Miniordliste 57 • Minigrammatikk 63 • Tips til prøver og eksamen 64 • Korte, morosame tekstar 66


4

TIL DEG Denne boka er laga for deg som ønskjer ei rask innføring i nynorsk språkføring og som liker å føle deg trygg ved å ha kontroll over det viktigaste. Nynorsk er lettare enn du trur! Erfaring viser at elevar som beherskar dei få grunnleggjande reglane og bruker dei systematisk gjennom heile teksten sin, svært ofte får gode karakterar. Utgangspunktet no er nemleg at du skal lære deg å bruke åtte – 8 – reglar! Når du kan desse reglane, forstår kva dei fortel deg, og kan bruke dei riktig, kjem arbeidet med nynorsk til å gå svært bra. Men du må setje av tid, for eksempel 15 minutt kvar dag i 10–12 dagar.

Og da går det bra! • I dette heftet får du innsikt i dei viktigaste reglane og dei viktigaste unntaka frå reglane. • Det er stor valfridom i nynorsk, men her bruker vi dei normerte formene og dei meir moderne formene der det er valfridom. • Strukturen er enkel og stort sett den same for alle kapitla. • Du kan jobbe aleine med stoffet, og det er fasit til nesten alle oppgåvene.

Til norsklæraren • Dette heftet kan brukast i vanleg undervisning, og det kan brukast av elevar til sjølvstudium. • Heftet er lett å bruke for elevar på ulike nivå. • Innføring i bruk av ordlista er knytt til kvart kapittel og blir vist med eige symbol. Lykke til!


5

ARE OM NYNORSKE FANKLUBBAR Det finst folk som likar nynorsk. Det finst også folk som liker nynorsk grammatikk. Det ikkje alle veit, er at det også finst folk som elskar nynorsk grammatikk. Rundt om i landet finst det faktisk mange fanklubbar for nynorsk grammatikk, klubbar der grupper med nynorske grammatikknerdar kjem saman. Medlemmene i desse klubbane ser på nynorsk grammatikk som det tøffaste i verda. Dei diggar nynorsk grammatikk. Dei har plakatar med nynorsk grammatikk på veggane heime. Dei veit minst like mykje om nynorsk grammatikk som United-fans veit om Manchester United. Som naturleg er, ser mange på desse gruppene som rare. Derfor lever dei ofte under jorda. Dei har som regel møta sine i kjellarar eller bomberom, der ingen kan sjå eller høyre dei. I dette heftet skal eg presentere nokre av desse fanklubbane.


6 SUBSTANTIV

SUBSTANTIV Are om substantiv Den første er Fanklubben For Folk Som Er Av Den Oppfatninga At Nynorske Substantiv Er Sjølve Meininga Med Livet (FFFSEADOANSESMML). Substantivtilhengarane held til i ein kjellar i eit hus i ein hage i eit nabolag i Stavanger. Her møtest dei for å bøye substantiv fleire kveldar i veka. På veggene i kjellaren heng det slagord som «Hankjønnsord med omlyd er kunst!» og «Bestemt og ubestemt, hand i hand». Substantivtilhengarane er tolerante og opne for alle slags menneske med alle slags bakgrunnar og alle slags preferansar. Til dømes har substantivfansen ein eigen inkjekjønnsfraksjon, for mannlege substantivbrukarar som går i skjørt, eller kvinner som er substantivfanatikarar og bruker lausbart. Slagordet til FFFSEADOANSESMML er «Substantivbrukarar er nynorskbrukarar som bruker substantiv hei hei hei!»

FAKTA Substantiv er namn på ting, fenomen og personar. Nynorsk bruker færre substantiv enn bokmål. Det er eit aktivt språk, det er mykje som skjer i setningane. Derfor finn du mange verb (handlingsord) i nynorsk. Dei fleste substantiva har same kjønn som på bokmål.


7 NYNORSK

en film

ein film

hankjønn

en/ei jente

ei jente

hokjønn

et idol

eit idol

inkjekjønn

OPPGÅVE 1 Finn minst ti substantiv på teikningane over og plasser dei etter kjønn utan å bruke ordlista. HANKJØNN

HOKJØNN

INKJEKJØNN

SUBSTANTIV

BOKMÅL


8 SUBSTANTIV

HANKJØNN Det einaste du treng å tenkje på, er at fleirtal er annleis enn på bokmål. Hankjønnsorda har ein som ubestemt artikkel. EINTAL

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein dag

dagen

dagar

dagane

ein film

filmen

filmar

filmane

ein film – filmen: -en fortel deg at dette er eit hankjønnsord.

REGEL 1

Hankjønnsord får endingane -ar og -ane i fleirtal.

OPPGÅVE 2 Les teksten og bøy dei hankjønnsorda som står i kursiv. Set dei inn i skjemaet nedanfor. Silje gjekk nedover vegen mot t-banestasjonen. Ho tenkte på ferien som nærma seg for kvar dag no. Ein tur til Samos saman med dei to klassekameratane var det viktigaste som skulle skje i sommar. Turen hadde vore planlagt i fleire omgangar, og endeleg hadde dei fått positive kommentarar frå dei vaksne. Denne ettermiddagen skulle dei møtast hos Ingrid for å bestemme bustad, prisklasse og andre detaljar. EINTAL

veg

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein

denne

fleire

alle

vegen

vegar

vegane


9

EINTAL

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ein son

sonen

søner

sønene

ein bror

broren

brør

brørne

ein fot

foten

føter

føtene

OPPGÅVE 3 Skriv ei kort forteljing der du bruker desse hankjønnsorda i fleirtal: kniv, tannbørste, bror, joggar, buss, arbeidar, amerikanar, lærar

OPPGÅVE 4 Sjå på teikninga over og skriv kva du ser (for eksempel klede, fargar, handlingar). Begynn setninga med «Her ser eg …»

Sett strek under alle substantiva, to strekar under hankjønnsorda.

SUBSTANTIV

Unntak: Nokre hankjønnsord får omlyd i fleirtal.


10 SUBSTANTIV

HOKJØNN Hokjønnsorda blir bøygde akkurat som på bokmål. Hokjønnsorda har ei som ubestemt artikkel. EINTAL

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ei kake

kaka

kaker

kakene

ei plate

plata

plater

platene

ei plate – plata: -a fortel deg at dette er eit hokjønnsord.


11

Hokjønnsorda blir bøygde som på bokmål.

Unntak: Det einaste unntaket er ord som endar på -ing. Dei blir bøygde som i hankjønn i fleirtal (endar på -ar og -ane). Nokre hokjønnsord får omlyd i fleirtal. Det er stort sett dei same orda som får omlyd på bokmål og nynorsk. EINTAL

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

ei meining

meininga

meiningar

meiningane

ei dotter

dottera

døtrer

døtrene

ei bok

boka

bøker

bøkene

OPPGÅVE 5 Set om til nynorsk: Joakim ser på hendene sine som ligger oppå historieboka. Han snur venstrehånda og oppdager de to tegningene som skulle hjelpe ham til å huske hendelsene som var så viktige for å lage tidslinjer i historieleksa til i dag. Plutselig kommer han på matpakkene han hadde lagd kvelden før. En pakke med to skiver og en pakke med tre wienerpølser! Og i veska har han to halvlitersflasker med Cola. Historiefortellingene til læreren er langt borte nå, Joakim har bare matpausen i tankene.

SUBSTANTIV

REGEL 2


12 SUBSTANTIV

INKJEKJØNN Det einaste du treng å tenkje på her, er at fleirtal er annleis enn på bokmål. Men er du lur, så er du oppmerksam. Her gjer elevar mange feil! Inkjekjønnsorda har eit som ubestemt artikkel. EINTAL

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form

Ubestemt form

Bestemt form

eit hus

huset

hus

husa

eit problem

problemet

problem

problema

eit hus – huset: -et fortel deg at dette er eit inkjekjønnsord.

Inkjekjønnsord i fleirtal får inga ending i ubestemt form, og endinga -a i bestemt form.

REGEL 3

OPPGÅVE 6 Set inn rett form av inkjekjønnsorda:

spansk og italiensk, fordi det er mange

Hanne har lyst til å lære seg dei to språk

som snakkar dei. Ho kjenner til fleire menneske

som krev minst to yrke

. Ho veit at i 1. klasse på vidaregåande må ho fylle ut fleire

der ho

språk

språk

skal krysse av for dei

ho vil ha. Ho ser ikkje noko

med dette,

språk

det er lett å gjere desse

problem

. Engelsklæraren seier at ho har eit godt språk val

at det er mange

, øyre

som seier at det er dei rette teikn

å ta for ho. Ho kjenval

ner ei som går på Sandefjord vidaregåande. Dei vellykka

dei har hatt der, opplegg

har verka inn. Turane til Roma og Madrid har ført til mange bankande

etter hjarte

dei ulike

på skolane. Det er visst ein gut som fikk seg brevvenn i Madrid, og besøk

han har allereie fått brev og fleire

av Maria, som er bilete

hennar. namn


13 SUBSTANTIV

Hankjønn endar på -ar og-ane. Hokjønn – som på bokmål. Unntak: -ing Inkjekønn endar på - og -a.

OPPGÅVE 7 Bøy desse substantiva: EINTAL

Ubestemt form radio -en søknad -en eple -et løysing -a rase -en rop -et kollega -en oppskrift -a fridom -en blomstring -a politikar -en menneske -et draum -en

ein radio

Bestemt form

FLEIRTAL

Ubestemt form

Bestemt form


14 SUBSTANTIV

FØR DU GÅR VIDARE

Korleis viser ordlista deg kva for kjønn substantiva har? Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn

Kva er skilnadene mellom bokmål og nynorsk når det gjeld bøying av substantiv?

Kvifor blir hokjønnsordet mekling bøygd slik: ei mekling – meklinga – meklingar – meklingane

Dei aller fleste feila på nynorsk gjeld substantiv og verb. Bruk di eiga språkkjensle og frigjer deg mest mogleg frå ordlista, så slepp du å bruke så mykje tid på å slå opp. Reglane for substantiv er få og svært enkle – og nesten utan unntak. Her er det mykje å hente ved å lære seg dei tre reglane!


15 GENITIV

GENITIV Are om genitiv Medlemmene i genitivfanklubben er litt klysete. Det er ikkje til å komme frå. Dei trur dei eig heile nynorsken. Sidan alle medlemmene også synest dei eig fanklubben, har denne fanklubben fått det noko tunge namnet Fanklubben Til Alle Dei Som Dyrkar Interessa For Nynorsk Genitiv, Altså Klubben til Kåre, Tore, Anne, Berit, Tony … . og slik kunne vi halde fram. Namnet til klubben er svært langt, og det blir forandra kvar gong klubben tek opp nye medlemmer. For å gjere det enkelt kan vi seie at namnet til klubben er FTADSDIFNG, AKTK, T, A, B, T osv. Dei har dei fleste møta sine i Påls nye hus i Brattvåg. Frå huset til Pål kan du høyre stemma til Lise. Lise er leiar i fanklubben. Fuglane må vite korleis dei har greidd å bli einige om ein leiar. Det er ikkje alltid dei får låne huset til Pål. Da møtest dei på loftet til Per eller i ungdomshuset. Ungdomshuset er Brattvågs styggaste bygning. FTADSDIFNG, AKTK, T, A, B, T osv. har slagordet «Tilhengarane av genitiv er nynorskens redning, eller redninga til nynorsken om du vil!»

FAKTA Genitiv fortel oss om eigedomsforholdet mellom personar, ting og fenomen. På nynorsk bruker vi genitiv-s berre saman med namn – elles skriv vi om. Hugs òg at vi aldri bruker apostrof på norsk! (Gunnar’s jakke er feil!)


16 GENITIV

Det er ulike måtar å få fram eigedomsforhold på: Med -s

Lisas genser, Sveriges skogar

Med preposisjonar

taket på huset, hunden til naboen, innbyggjarane i landet

Med eigedomsord

læraren si bok, barna sine leiker, teltet hans, jakka hennar

Med å setje saman orda

huseigaren (bokmål: husets eier)

REGEL 4

Vi bruker genitiv-s berre saman med namn.

OPPGÅVE 1 Kva for måtar er brukte her? Fyll ut resten av skjemaet. BOKMÅL

NYNORSK

Joakims nye bukse bokas tittel mors livrett er lasagne menneskenes vandring mot sør

Joakims nye bukse tittelen på boka mor sin livrett er lasagne menneskevandringa mot sør

guttens hår

håret til guten

NRKs programoversikt

NRKs programoversikt

elevrådets leder

elevrådsleiaren

årets kaldeste dag

den kaldaste dagen i året

jentas smykke

jenta sitt smykke

med -s med preposisjon med eigedomsord samanskriving

Alle variantane på bokmål har her -s. Men dei fleste av oss varierer når vi skriv og snakkar. Kva ville du sjølv ha brukt i eksempla ovanfor?


17

Verdens matproduksjon er i vekst, og Vestens folk blir stadig tyngre. Likevel sulter store deler av jordas befolkning.

Bygningenes særpreg blir tatt vare på i styrelederens utkast.

Fars julekake smaker alltid godt.

Alpingruppas leder var sikker på at årets tur burde gå til Kvitfjell.

OPPGÅVE 3 Set teksten om til nynorsk: Det er stor misnøye med skolens utemiljø. Rektors vurdering av benkenes plassering og lærernes krav om bare fredags-matfri til musikk i skolegårdens hyggeligste hjørne, har satt sinnene i kok i de ulike klassenes komiteer. Elevrådets forslag er det ikke tatt hensyn til, og sakens videreføring er nå helt i det uvisse.

GENITIV

OPPGÅVE 2 Set om til nynorsk:


18 GENITIV

OPPGÅVE 4 Skriv 3–4 setningar om kva du foreslår at elevane skal gjere. Konsentrer deg mest om det du har lært til no: reglane for substantiv og genitiv.

OPPGÅVE 5 Set om til nynorsk: Plantenes vekst Folkets vilje Siljes nye bukse Bilens farge Husets rom

FØR DU GÅR VIDARE Når bruker du genitiv med -s på nynorsk?

På kva måtar kan du variere når du skal skrive om eigedomsforhold? 1. 2. 3. 4.

Kva er feil her? Camilla’s jakke

Viss du no repeterer det du lærte om substantiv, og er sikker på at du har kontroll over både det og genitiv, er du kommen svært godt i gang!


19 ADJEKTIV

ADJEKTIV Are om adjektiv Adjektivfanklubben er godt likt. Det finst unntak, som vi skal komme tilbake til seinare, men stor sett er denne klubben populær. Adjektivfanklubben blir oppfatta som både triveleg, positiv, inkluderande, søt, festleg, snerten og dyktig. Klubben har namnet Den Fjonge Klubben For Alle Dei Stilige Folka Som Synest At Eit Nynorsk Adjektiv Kan Vere Både Vakkert, Flott, Rart, Gåtefullt Og Gult (DFKFADSFSSAENAKVBVFRGOG). Adjektivfanklubben har lange møte i ein mørk og våt gammal kjellar i eit kvitt trehus i ein overgrodd hage i eit fråflytta bustadfelt i den vesle byen Lillesand. Adjektivfanklubben og substantivfanklubben har ofte fellesmøte der dei driv med gradbøying til langt ut i dei små timar. Desse fellesmøta ser medlemmene på som fine, men slitsame. Sjølv om adjektivfansen er ein populær gjeng, så finst det også dei som synest det kan bli for mykje av det gode med desse grenselaust positive menneska som strør om seg med superlativ heile tida. Slagordet til DFKFADSFSSAENAKVBVFRGOG er «Bra bra bra adjektiv adjektiv adjektiv!»

FAKTA Adjektiv fortel oss korleis personar, ting og fenomen er. Dei gir oss nyttig informasjon om korleis noko ser ut – altså eigenskapar, nyansar og kvalitetar ved substantiva. Adjektiv og substantiv høyrer med andre ord saman. Ein god tekst inneheld mange ulike adjektiv, som set farge på språket.


20 ADJEKTIV

REGEL 5

Dei fleste adjektiva får endingane -are og -ast.

Bokmål Silje har en dyr sykkel, men sykkelen til Lise er dyrere. Joakim har en tøffere dress enn Andreas, men Vegar har den tøffeste! Nynorsk Silje har ein dyr sykkel, men sykkelen til Lise er dyrare. Joakim har ein tøffare dress enn Andreas, men Vegar har den tøffaste!

GRADBØYING Dei fleste adjektiva får endingane -are i komparativ og -ast i superlativ. Nokre adjektiv må ha hjelp av meir og mest – det gjeld særleg adjektiv med tre stavingar. POSITIV

KOMPARATIV

SUPERLATIV

vanleg grad

sterkare grad

sterkaste grad

varm

varmare

varmast

sterk

sterkare

sterkast

lekker

lekrare

lekrast

interessant

meir interessant

mest interessant

spennande

meir spennande

mest spennande


21

POSITIV

KOMPARATIV

SUPERLATIV

vanleg grad

sterkare grad

sterkaste grad

kaldare gammal mest hjelpsam mange meir strålande høgast mjukare aktiv

OPPGÅVE 2 Finn tre adjektiv som fortel noko om: ein kamerat

kameratar

ei reise

reiser

trufast

trufaste

skummel

skumle

eit problem

problem

håplaust

håplause

ADJEKTIV

OPPGÅVE 1 Set inn formene som manglar!


22 ADJEKTIV

OPPGÅVE 3 Finn adjektiva her og gradbøy dei. Fanklubben til dei som likar adjektiv, heiter «Den Fjonge Klubben For Alle Dei Stilige Folka Som Synest At Eit Nynorsk Adjektiv Kan Vere Både Vakkert, Flott, Rart, Gåtefullt Og Gult». POSITIV

KOMPARATIV

SUPERLATIV

vanleg grad

sterkare grad

sterkaste grad

OPPGÅVE 4 Set inn riktig form av adjektivet:

Silje fekk (ny) ________ kjole, ________ skjørt, ________ bluse og _______ sko. Den (ny) ________ kjolen var kvit, det ________ skjørtet var grønt, den ________ blusen blå og dei ________ skoa var svarte. Du er (aktiv) ____________ enn meg, men eg veit (mykje) ____________ av alle. Mobiltelefonen din er (gammal) ____________ enn min, men min er (god) ____________. Kaffi smaker (vondt) ____________ enn te, men mjølk smaker ____________.

OPPGÅVE 5 Bøy adjektiva: få mange mykje

Dei fleste adjektiva får endingane -are og -ast. Nokre adjektiv må ha hjelp av meir og mest.


23 ADJEKTIV

FØR DU GÅR VIDARE Kva for oppgåver har adjektiva i setningane våre?

Korleis gradbøyer vi adjektiv?

No kan du så mykje at du greier å skrive frodigare og meir personlege tekstar!


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.