1 minute read

Under prosjektering

Sotrasambandet

Samstundes med bygging av nytt Sotrasamband skal det også leggast ny vassleidning som skal koplast saman med Bergen kommune si vassforsyning. Sotralink har kome godt i gang med planlegginga.

Gjenbruksstasjonen på Straume

Gjenbruksstasjonen på Straume har parallelt med vidare planlegging fått tilført og komprimert større mengder overskotsstein. I samarbeid med Øygarden kommune, har ØyVAR fått overskotsstein frå ny brannstasjon i Skogsvåg. Fyllinga er no stort sett ferdig, og prosjekteringsarbeidet med utvida gjenbruksstasjon går føre seg.

Grønamyrsvegen

Øygarden kommune skal oppjustere Grønamyrsvegen mellom rundkøyring Arefjordsvegen og til entreprisegrense Sotrasambandet. I samband med dette, deltek ØyVAR AS i prosjekteringa av nye vass- og avløpsleidningar som skal leggjast i nytt fortau som erstatning for vatn og avløp slik det er i dag.

Under prosjektering

Brattholmen skule – Brattholmen kai

I samarbeid mellom privat utbyggjar og Øygarden kommune skal det etablerast fortau frå krysset Nygårdsvegen til Brattholmen kai. I samband med dette deltek ØyVAR AS i prosjektet med planlegging av oppgradering av vatn og avløp i samme grøft som nytt system for overvatn.

Midtstegen avløpsreinseanlegg

Planlegging av nytt avløpsreinseanlegg ved Midtstegen går føre seg. Planlagt ny avløpsleidning gjennom fjell og ut på djup sjø på kote cirka 50/60 m.

Dala vassleidning

Vestland fylkeskommune planlegg utviding av veg på Dala med fortau. ØyVAR AS deltek i planleggjinga med plan og å leggje vassleidning i fortau.

Ny Øygardskabel

ØyVAR AS medverkar til Statnett si prosjektering av ny Øygardskabel då det på delar av strekket vil bli konflikt mellom eksisterande vatn og avløp og ny kabel.

This article is from: