8 minute read
Kontantstraumoppstilling
Note 1 Rekneskapsprinsipp
Årsrekneskapen er sett opp i samsvar med rekneskapslova og god rekneskapsskikk.
Sjølvkostfond
ØyVAR AS har ikkje som føremål å skaffe aksjonæren økonomisk utbytte. Selskapet har derfor valt å synleggjere opptente midlar knytte til sjølvkostverksemda som eit sjølvkostfond, sidan dette er forskotsbetalingar frå kundane. For lite innbetalt frå kundane blir synleggjort som ei fordring.
Salsinntekter
Frå 1. oktober 2014 overtok ØyVAR AS ansvaret for utfakturering av dei kommunale vass-, avløps- og renovasjonsgebyra. Årsgebyr blir rekna inn over abonnementsperioden. Kundar som nyttar vassmålar, blir fakturerte a konto seks gonger, med endeleg avrekning på slutten av året etter faktisk forbruk. Tilknytingsgebyr blir inntektsførte i det året tilknytinga skjer. ØyVAR AS har sikra sine krav gjennom legalpant i dei respektive eigedomane.
Sal av andre varer blir inntektsført på leveringstidspunktet. Tenester blir inntektsførte etter kvart som dei blir utførte.
Hovudregel for vurdering og klassifisering av eignelutar og gjeld Eignelutar som er bestemte til varig eige eller bruk i verksemda, er klassifiserte som anleggsmiddel.
Andre eignelutar er klassifiserte som omløpsmiddel. Fordringar som skal betalast tilbake innan eitt år, er klassifiserte som omløpsmiddel. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld er tilsvarande kriterium lagde til grunn.
Anleggsmiddel blir vurderte til kost, men nedskrivne til verkeleg verdi når verdifallet er venta å ikkje vere forbigåande. Langsiktige lån blir balanseførte til nominelt motteke beløp på etableringstidspunktet. Omløpsmiddel blir vurderte til den lågaste verdien av kost og verkeleg verdi. Kortsiktig gjeld blir balanseført som nominelt motteke beløp på etableringstidspunktet.
Fordringar
Kundekrav og andre krav er oppførte i balansen til pålydande etter frådrag for avsetjing til forventa tap. Avsetjing til tap blir gjort på grunnlag av en bloc-avsetjing på 2% av fordringsmassen.
Spesifikke fordringar blir nedskrivne når leiinga meiner at dei ikkje kan drivast inn heilt eller delvis.
Varebehaldning
Lager av innkjøpte varer er verdsett til den lågaste verdien av anskaffingskost og verkeleg verdi. Anskaffingskost blir vurdert etter FIFOprinsippet.
Varige driftsmiddel
Varige driftsmiddel blir balanseførte og avskrivne over driftsmiddelet si økonomiske levetid dersom levetida er over 3 år. Vedlikehald av driftsmiddel blir kostnadsført etter kvart som det blir utført, medan påkostnad eller forbetring blir lagt til kostprisen på driftsmiddelet og avskriven over resterande økonomisk levetid. Utgifter til forsking og utvikling blir resultatførte når dei oppstår. Avskrivingar følgjer ein lineær avskrivingsplan.
Pensjonar
Verksemda har kollektiv (felles) pensjonsordning i Kommunal Landspensjonskasse (KLP) for dei tilsette. I samband med fusjonen med Sund VA har selskapet også overteke pensjonsordninga i Nordea for eit fåtal tilsette. Ordninga i KLP inkluderer også tariffesta AFPordning frå fylte 62 år. Ordningane er ytingsplanar, dvs. at selskapet har det økonomiske ansvaret for at dei tilsette får dei avtalte ytingane. Dei tilsette betaler premie tilsvarande 2% av løna, og selskapet betaler resten av premien. Dei ytingsbaserte pensjonsordningane blir vurderte til noverdien av dei framtidige pensjonsytingane som er rekneskapsmessig opptente på balansedagen. Pensjonsmidlar blir vurderte til verkeleg verdi.
Endringar i ytingsbaserte pensjonsforpliktingar som kjem av endringar i pensjonsplanar, blir fordelte over anteken gjennomsnittleg resterande oppteningstid.
Akkumulert verknad av estimatendringar og endringar i finansielle og aktuarielle føresetnader (aktuarielle vinstar og tap) under 10% av det som er størst av pensjonsforpliktingane og pensjonsmidlane ved starten av året, blir ikkje rekna inn. Når den akkumulerte verknaden er over 10%-grensa ved starten av året, blir det overskytande resultatført over anteken gjennomsnittleg resterande oppteningstid.
Periodens netto pensjonskostnad blir klassifisert som løns- og personalkostnader.
Skatt
ØyVAR AS har ikkje som føremål å skaffe aksjonæren økonomisk utbytte. Eit eventuelt overskot i verksemda skal berre nyttast til å realisere selskapet sitt ideelle føremål. På bakgrunn av dette har Skatt Vest etter ei samla vurdering komme til at selskapet ikkje har erverv til føremål med noverande verksemd, og at det derfor skal fritakast for formues- og inntektsskatt.
Etter lovendring av 01.07.2004 skjer handtering av avfall frå bedriftskundar i fri konkurranse med andre aktørar. ØyVAR AS er ikkje lovpålagt å gi eit renovasjonstilbod til slike kundar, og lova krev ikkje at denne tenesta skal drivast etter sjølvkostprinsippet. Likningskontoret har bede om at det blir levert skattemelding for denne delen av verksemda. ØyVAR AS betaler derfor skatt berre av netto inntekter relaterte til handtering av avfall frå bedriftskundar. Skattepliktig resultat avvik dermed frå det ordinære resultatet til heile selskapet.
Kontantstraumoppstilling
Kontantstraumoppstillinga er utarbeidd etter den indirekte metoden. Kontantar og kontantekvivalentar omfattar kontantar, bankinnskot og andre kortsiktige, likvide plasseringar.
Meirverdiavgift er ikkje inkludert i revisjonshonoraret.
Note 3 Pensjonar
Verksemda pliktar å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tjenestepensjon. Selskapet sine pensjonsordningar tilfredsstiller krava i denne lova.
Verksemda har pensjonsordningar som omfattar alle tilsette i selskapet. Pr. 31.12.22 omfattar pensjonsordninga 57 aktive tilsette, inkludert vikarar og deltidstilsette, 18 pensjonar og 31 med oppsette rettar. Ordningane gir rett til definerte framtidige ytingar. Desse er i hovudsak avhengige av tal oppteningsår, lønsnivå ved oppnådd pensjonsalder og storleiken på ytingane frå folketrygda. Forpliktinga er i hovudsak dekt gjennom Kommunal Landspensjonskasse (KLP), men i samband med fusjonen med Sund VA har verksemda overteke ordninga i Nordea som gjeld for eit fåtal tilsette.
Dei aktuarmessige føresetnadene er baserte på vanlege nytta føresetnader innan forsikring når det gjeld demografiske faktorar.
Note 4
Varige driftsmiddel og immaterielle eignelutar
* Tomter er bokførte til kr 10 106 698 og blir ikkje avskrivne.
Note 5
Gjeld som forfell meir enn 5 år etter rekneskapsårets slutt
ØyVAR sine lån er tekne opp som serielån med resterande tid 10–40 år. Dei er dessutan fullt ut sikra med sjølvskuldnarkausjon frå Øygarden kommune.
Selskapet har inngått avtale om rentesikring for delar av sine lån. Rentesikringa er eit ledd i selskapet sitt ønske om føreseielege rentebetalingar for å hindre store resultatutslag som følgje av rentesvingingar, og for å redusere risikoen knytt til låna.
Estimert negativ marknadsverdi av rentesikringsavtalen pr. 31.12.2022 er vist nedanfor.
Note 6 Pantegarantiar
Eigaren av selskapet, Øygarden kommune, har stilt kommunal garanti for totalt 8 lån. Sum av opphavleg låneopptak er kr 1 295 611 777, der restlån pr. 31.12.2022 er kr 1 088 050 506.
Note 7
Mellomvære med ØyVAR AS
Note 11 Skatt
Verksemda har i hovudsak skattefritak (sjå rekneskapsprinsipp om skatt i note 1).
Skattepliktig resultat er berre resultat for den skattepliktige delen av verksemda. Det er derfor ikkje direkte samsvar mellom ordinært resultat i rekneskapen og i skattenoten.
Note 14 Sjølvkostrekneskap
ØyVAR AS fører sin selskapsrekneskap etter lov om årsregnskap m.v. Grunnlaget for sjølvkostkalkylane til ØyVAR AS vil vere rekneskapsførte inntekter og kostnader ifølgje reglane i rekneskapslova. Etterkalkylen er basert på eit samandrag av rekneskapsuttrekk frå selskapsrekneskapen. Kalkylen inkluderer også eventuelle forskjellar i periodisering og årets finansielle resultat. Men forskjellar skal tilbakeførast over 5 år. ØyVAR AS forventar at avløpsfondet blir redusert dei kommande åra, då det er planlagt større vedlikehald og investeringar knytte til avløpsavdelinga. Selskapet nyttar kalkylerenter i 2022. Bruk av kalkylerente i staden for faktisk rente kan skape problem, fordi det over tid blir ulik rente mellom sjølvkostrekneskapen og rekneskapen ifølgje reglane i rekneskapslova.
Kva er sjølvkost?
Sjølvkost inneber at kommunen sine kostnader med å yte tenestene skal dekkjast av gebyr som brukarane av tenestene betaler. Kommunen har ikkje høve til å tene pengar på tenestene. For å kontrollere at dette ikkje skjer, må kommunen etter kvart rekneskapsår utarbeide ein sjølvkostkalkyle som viser sjølvkostrekneskapen for det enkelte gebyrområdet. Elementa i ein sjølvkostkalkyle avvik frå kommunen sin ordinære driftsrekneskap og vil ikkje vere direkte samanliknbare.
I sjølvkostkalkylen til ØyVAR AS inngår ikkje rekneskapsmessige avskrivingar eller renteinntekter eller -kostnader knytte til finansiering. I staden blir det berekna kalkulatoriske kapitalkostnader.
Kalkulatoriske kapitalkostnader: Ved berekning av kalkulatoriske kapitalkostnader (avskrivingar og renter) skal framandfinansiering trekkjast ut av berekningsgrunnlaget. Kalkulatorisk rentekostnad inngår ikkje i driftsrekneskapen til ØyVAR, men representerer ei alternativ avkasting som ØyVAR går glipp av ved at kapital er bunden i anleggsmiddel. Den kalkulatoriske rentekostnaden blir berekna med utgangspunkt i restavskrivingsverdien til anleggsmidla og ei kalkylerente. Kalkylerenta er årsgjennomsnittet av 5-årig swaprente + 1/2 prosentpoeng. I 2022 var denne lik 3,54 %.
Indirekte driftsutgifter og handtering av over- og underskot: Sjølvkostforskrifta fastset reglar for kva kostnader som kan inngå i gebyrgrunnlaget. Vidare er det bestemt at eventuelle overskot skal setjast av til bundne sjølvkostfond. Eit overskot frå eit enkeltår skal tilbakeførast til brukarane i form av lågare gebyr i løpet av ein femårsperiode. Ein generasjon brukarar skal ikkje subsidiere neste generasjon, eller omvendt. Kostnadene ved tenestene som blir ytte i dag, skal dekkjast av dei brukarane som dreg nytte av tenesta. Dette inneber at dersom kommunen ved ØyVAR AS har overskot som er eldre enn fire år, må heile overskotet gå til reduksjon av gebyra i kommande budsjettår. For eksempel må eit overskot som stammar frå 2022, i sin heilskap vere disponert innan 2027.
Krav om utarbeiding av kalkylar:
I tillegg til å utarbeide ein etterkalkyle for kvar betalingsteneste må kommunen utarbeide forkalkylar i forkant av budsjettåret for å estimere drifts- og kapitalkostnader for neste økonomiplanperiode. Forkalkylane gir grunnlaget for gebyrsatsane til kommunen. Ved budsjettering er det ei rekkje usikre faktorar, blant anna framtidig kalkylerente, utvikling av tal brukarar og generell etterspurnad. I tillegg til å overhalde generasjonsprinsippet bør kommunen ha eit mål om minst mogleg svingingar i dei kommunale gebyra. Resultatet for 2022 var ikkje kjent ved budsjettarbeidet i fjor haust. Dette fører til avvik mellom prognosar i budsjettet for 2023 og etterkalkylen for 2022.
Melding frå uavhengig revisor
Til generalforsamlinga i ØyVAR AS
Konklusjon
Vi har revidert årsrekneskapen til ØyV AR AS.
Årsrekneskapen består av:
• Balanse per 31. desember 2022
• Resultatrekneskap for 2022
• Oppstilling over kontantstraumoppstilling for rekneskapsåret avslutta per 31. desember 2022
• Notar til årsrekneskapen, irekna eit samandrag av viktige rekneskapsprinsipp.
Grunnlag for konklusjonen
Etter vår meining:
• Oppfyller årsrekneskapen gjeldande lovkrav, og
• Gjev årsrekneskapen eit rettvisande bilete av den finansielle stillinga i selskapet per 31. desember 2022, og av resultata og kontantstraumane for rekneskapsåret avslutta per denne datoen, i samsvar med reglane i rekneskapslova og god rekneskapsskikk i Noreg.
Vi har gjennomført revisjonen i samsvar med International Standards on Auditing (ISA -ane). Våre oppgåver og plikter etter desse standardane er beskrivne under overskrifta Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen. Vi er uavhengige av selskapet, i samsvar med krava i lover og forskrifter i Noreg og International Code of Ethics for Professional Accountants (medrekna dei internasjonale standardane om habilitet), utgjeve av International Ethics Standards Board for Accountants (IESBA-reglane), og vi har oppfylt dei andre etiske pliktene våre i samsvar med desse krava. Etter vår oppfatning er innhenta revisjonsbevis tilstrekkeleg og formålstenleg som grunnlag for konklusjonen vår.
Annan informasjon
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarlege for annan informasjon. Annan informasjon består av årsmeldinga.Vår konklusjon om årsrekneskapen ovanfor dekkjer ikkje annan informasjon.
I samband med revisjonen av årsrekneskapen er det oppgåva vår å lese annan informasjon identifisert ovanfor for å vurdere om det er vesentleg inkonsistens mellom denne og årsrekneskapen eller kunnskap vi har opparbeidd under revisjonen, eller om den tilsynelatande inneheld vesentleg feilinformasjon. Vi har plikt til å rapportere dersom annan informasjon framstår som vesentleg feil. Vi har ingenting å rapportere i så måte.
Konklusjon om årsmeldinga
Basert på kunnskapen vi har opparbeida oss i revisjonen, meiner vi at årsmeldinga
• er konsistent med årsrekneskapen og
• inneheld dei opplysningar som skal givast i tråd med gjeldande lovkrav.
Styret og dagleg leiar sitt ansvar for årsrekneskapen
Styret og dagleg leiar (leiinga) er ansvarleg for å utarbeide årsrekneskapen og for at det gjev eit rettvisande bilete i samsvar med rekneskaps lova sine reglar og god rekneskapsskikk i Noreg. Leiinga er óg ansvarleg for slik intern kontroll som den finn naudsynt for å kunne utarbeide ein årsrekneskap som ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framferd eller utilsikt a feil.
Ved utarbeidinga av årsrekneskapen må leiinga ta standpunkt til selskapet si evne til vidare drift og opplyse om forhold av betyding for vidare drift. Føresetnaden om vidare drift skal leggjast til grunn for årsrekneskapen, så lenge det ikkje er sa nnsynleg at verksemda vil bli avvikla.
Revisor sine oppgåver og plikter ved revisjonen av årsrekneskapen
Vårt mål er å oppnå tryggande sikkerheit for at årsrekneskapen totalt sett ikkje inneheld vesentleg feilinformasjon, verken som følgje av misleg framfe rd eller utilsikta feil, og å gi ei revisjonsmelding som inneheld konklusjonen vår. Tryggande sikkerheit er ei høg grad av sikkerheit, men ingen garanti for at ein revisjon utført i samsvar med ISA -ane, alltid vil avdekke vesentleg feilinformasjon. Feilinformasjon kan oppstå som følgje av misleg framferd eller utilsikta feil. Feilinformasjon er å anse som vesentleg dersom den, enkeltvis eller samla, innanfor rimelege grenser kan forventast å påverke dei økonomiske avgjerdene som brukarane tar på grunnlag av årsrekneskapen.
For vidare beskriving/omtale av revisor sine oppgåver og plikter visast det til: https://revisorforeningen.no/revisjonsberetninger
Bergen, 28 april 2023 BDO AS
STYRET 2022
Børge Haugetun, leiar
Ingvill Kvalsnes Blom, nestleiar
Liv Trellevik
Tommy Angeltveit
Ketil Christensen
Tonje Tangen Alvsvåg
Cathrine Østervold, for dei tilsette
BEDRIFTSLEIING
Bjarne Ulvestad, administrerande direktør
Stig Hagenes, fagleiar vatn og avløp
Espen Elstad, fagleiar renovasjon
Tore Brakstad, fagleiar utbygging
Marianne Vindenes, personal- og økonomileiar
REVISJON BDO AS
Inger Bang Lundsvei 4
5059 Bergen
Foto: Rune Sætre, ØyVAR, Apriil
Design og innhald: Apriil