1 minute read
Slik jobbar Øy VAR med berekraft
Som miljøfyrtårnsertifisert bedrift er det viktig for ØyVAR å bli betre på miljø og effektiv bruk av ressursar. I 2022 har vi, som så mange andre, hatt fokus på straumsparing som ein konsekvens av dei høge straumprisane.
Derfor har vi mellom anna bytta ut gamle, energikrevjande pumper med nye, meir energieffektive pumper og har totalt redusert straumforbruket vårt med 6 prosent samanlikna med forbruket i 2021. I tillegg har vi søkt om, og fått innvilga, pengar frå Enova til fleire energitiltak som skal gjennomførast i 2023. Tiltaka inkluderer mellom anna etterisolering av kontorbygg og montering av solcellepanel.
Utbygginga av Storanipa reinseanlegg med varmegjenvinning og solcellepanel gjer at ØyVAR kvalifiserer til grøne lån, noko som gjer at lånevilkåra er betre og at rentekostnadene på desse låna er lågare enn på dei andre låna. Dei grøne låna utgjer 28 prosent av totalen.
FN berekraftmål
3 God helse og livskvalitet
8 Anstendig arbeid og økonomisk vekst
9 Industri, innovasjon og infrastruktur
11 Berekraftige byar og lokalsamfunn
14 Livet under vatn
17 Samarbeid for å nå måla
Øygarden kommune har definert som hovudmål i samfunnsdelen til kommuneplanen at Øygarden er eit klima- og miljøvenleg samfunn og har knytt dette opp mot FN sine berekraftsmål. ØyVAR bidreg til dette mellom anna gjennom at alle innkjøp og kontraktar som ØyVAR inngår, har eit miljøkriterium for tildeling og på den måten påverkar vi tilbydarane til å levere meir berekraftige løysingar. Kommunen sitt delmål om å ta vare på naturen på land og i sjø er og vesentleg for ØyVAR gjennom god drift av avløpsreinseanlegga for minst mogeleg utslepp til sjø.
Straum produsert av Solceller
Nokre av dei nye bygga våre er utstyrte med solcellepanel. Desse har i 2022 produsert 34 409 kWt, noko som svarer til 6 % av straumforbruket på Storanipa reinseanlegg i 2022.