Sognefjordguide - Visit Sognefjord - norsk

Page 32

Luster ©Vegard Aasen VERI Media

AKTIVITETAR Sognefjordlandskapet er fullt av kontrastar, og her ligg forholda tilrette for store naturopplevingar og forfriskande aktivitetar. Det er svært få plassar i verda du kan finne eit så stort utval aktivitetar innan eit så lite område! Enten du ønskjer å slappe av, eller søkjer fysiske utfordringar, så vil du finne passande aktivitetar der du kjem i nær kontakt med naturen. Dyktige guidar tek deg med på organiserte aktivitetar som er tilpassa folk i alle aldrar.

OPPLEV AURLANDSFJORDENI KAJAKK OG BÅT PÅ EIGA HAND Stad: Undredal www.visitundredal.no Sesong: Mai – september

SYKKELTUR Fjord Cycling Stad: Sognefjord: Vik – Skjolden Tel: (+47) 988 85 415 www.fjordcycling.no Sesong: mai – September

Utleige av kajakk og båt med utstyr. Med utgangspunkt i Undredal ved Aurlandsfjorden er du midt inne i Unesco verdsarvområdet. Du har kort avstand til Nærøyfjorden og kan oppleve fjorden og fjordlandskapet på nært hald i eige tempo, tett innpå bratte fossar, frodig kulturlandskap og eit rikt fugle og dyreliv.

Opplev Sognefjorden frå sykkelsetet! Båt frå Bergen gjennom fjordlandskapet, eller start ved fjorden. Nyt den friske lufta, det fantastiske landskapet med snøkledde majestetiske fjell og buldrande fossar. Tursykling med eller uten guide på smale asfalterte veger, gir deg muligheten til å oppleva det virkelige fjordlandskapet i unik nærkontakt med kulturen og tradisjonane. Turen må forhåndsbestillast.

32 SOGNEFJORD GUIDE 2022-2023


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.