Kunskapsparken 2016

Page 1

“Vi legg grunnlaget for vekst og nyetableringar”

15 ÅR


Kva er ein tilretteleggar for innovative idear og driftige menneske?

Dette er vår visjon, å vere ein slik tilretteleggar. Vi ønskjer å ta gode idear opp frå idéstadiet og gjere dei til vekstkraftige bedrifter. Vekstkraftige bedrifter som gir attraktive arbeidsplassar i fylket, og trekker til seg fleire potensielle etablerarar. Enten ideane kjem frå ein gründer eller ei bedrift, vil behovet for å vidareutvikle ideane alltid vere til stades. Det blir etterspurd støtte og drahjelp, noko vi kan bidra med. Vi vil legge til rette for at driftige menneske ønskjer å bli i regionen vår. Vi treng dei! I år er det 15 år sidan Kunnskapsparken blei etablert, 15 år med fleire endringar i næringslivet. Vi lever i ei stadig meir globalisert verd, og bedriftene vi jobbar med har auka fokus på eksport og internasjonale marknader. Dette er spennande. Det viser at sjølv om vi ikkje nødvendigvis har dei største bedriftene i Sogn og Fjordane, kan vi vere store saman. Vi ønskjer at vårt arbeid med gründerar, samarbeid med dyktige aktørar i næringslivet og auka fokus på eksisterande næringsliv, gir eit godt grunnlag for vekst og nyetableringar i framtida. Vi har i over 15 år bygd opp eit solid grunnlag til det beste for næringslivet i Sogn og Fjordane, noko vi håper vil visast att i nye, spennande arbeidsplassar i regionen. Kunnskapsparken vil halda fram med å være navet som bind saman næringsliv og fou i fylket/regionen. Vi skal bidra til vekst av kompetansearbeidsplassar, der vår satsing på tettare samarbeid med Helse Førde og Høgskulen på Vestlandet vil åpne for nye framtidsretta moglegheiter. Eg ønskjer å sjå mange fleire innovative idear og driftige menneske framover. Ikkje nøl med å kontakte oss - vi kan legge til rette for deg.

Kjetil Kvåle, dagleg leiar Sogndal, juni 2016

Utgjevar: Kunnskapsparken Fosshaugane Campus Trolladalen 30 6863 Sogndal

E-post: post@kpsf.no facebook.com/kunnskapsparkenSogF www.kpsf.no

Tekst: Drople Design: Gasta Forsidebilde: Ingar Midtbø Trykk: Natvik


Innhald

4 6 8 10 11 12 14 16

Kunnskapsparken 15 år Det starta i 2001 som eit prosjekt utan tilsette.

Høgskulen i Sogn og Fjordana legg betre til rette for gründerspirer

Klynger og samarbeidsmiljø i Sogn og Fjordane Skal vi styrke innovasjon i fylket, er samarbeid viktig.

VRI-programmet - eit verkemiddel for regional innovasjon

17

Elde Cosmetics begynte å blande kremar heime på kjøkkenet

18

Gründerane trur timinga har gjort Intin til suksess Inkubatorbedrifta bruker smartteknologi til å forenkle kvardagen.

20

Furberg Snowboards vil doble produksjonen kvar vinter

22

Gründerrådgivaren valde sjølv å bli grunder på heiltid Allan (37) sit plutseleg på andre siden av bordet.

Gjer avfallet til ein ressurs Samarbeidsprosjekt med SIMAS.

Nytt smarbeid med Helse Førde skal gi oss morgondagens sjukehus

Kart: Våre aktivitetar i Sogn og Fjordane

Kunnskapsparken Inkubator - eit verktøy for nyskapande gründerar

23

Kapitaltilgang - eit viktig fokus

24 26

Invistorane trur på nLink Inkubatorbedrifta har hanka inn over 20 investorar.

Tidlegare inkubatorbedirfter: Melin Medical og Rocketfarm


Vegard Strand, Geir Opseth, Jøril Hovland

Kunnskapsparken 15 år:

- Det starta som eit prosjekt I dag jobbar Kunnskapsparken med utviklingsprosjekt i heile fylket, og har 20 oppstartsbedrifter som er tett følgde opp gjennom inkubatorprogrammet.

og eit drivverk i samspelet mellom offentleg og privat næringsliv i fylket.

– I løpet av dei 15 åra som er gått sidan etableringa, har vi sakte men sikkert bygt opp langsiktige strukturar. Vi har i dag ei sentral rolle i innovasjonsarbeidet her i fylket, seier Kjetil Kvåle, dagleg leiar.

FEKK I HAMN 6,5 MILLIONAR

Det er 15 år sidan Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane blei etablert, hausten 2001. Den gongen vart arbeidet organisert som eit prosjekt utan eigne tilsette. Dei skulle, den gang som no, vere navet i virkemiddelapparatet EIGARAR AV KUNNSKAPSPARKEN Fjord Invest Såkorn AS Sogn og Fjordane Fylkeskommune SIVA – selskapet for industrivekst SF Sogndal Kommune Stryn Næringshage AS

S 04

38% 38% 15% 8% 1%

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

Det var først i 2004 at Kunnskapsparken fekk dagleg leiar. Mot slutten av året vart Kjetil Kvåle tilsett som rådgivar.

Kunnskapsparken fekk i hamn 6,5 millionar i aksjekapital frå dagens fem eigarar. Med ein slik kapital, kom òg musklane dei trengde for å kunne jobba med nyskaping. Selskapet var i stand til å sette i gang prosjekt, investere og legge til rette for verdiskaping, nettverksbygging og samarbeid. I dag har Kunnskapsparken sju tilsette i Førde og Sogndal som jobbar med å heie frem innovative idear og driftige menneske. Dei deltek aktivt i utviklinga av forretningsidear og gjev gründerar regelmessig oppfylging og rettleiing. Teamet har brei kompetanse innan forretningsutvikling, økonomistyring, prosjekt- og prosessleiing, med eit godt knippe verktøy for dei som vil skapa noko nytt. – I 2006 fekk vi inkubatorstatus hos SIVA. Det er eit trongt nålauge, så det var ein stor opptur. Gjennom ordninga fekk


“Vi har fått på plass ein solid verktøykasse og har det vi treng for å fremme nyskaping.”

Hilde Grinde, Roger Ulvestad, Kjetil Kvåle

utan tilsette gründerar i fylket eit solid verktøy for utvikling og vekst. I ein inkubator får gründerar profesjonell rådgjeving, kontorplass, tilgang til investorar og nettverk, fortel Kvåle.

Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken, med mål om å gi etablert næringsliv «tid til å sjå seg sjølv utanfrå».

EIN SOLID VERKTØYSKASSE

– Dette gir bedrifter moglegheit til å teste meir. Det kan så frø til nyskaping og vekst, auka forsking og meir innovasjon, seier Kvåle.

Eit anna verktøy kom i 2010. Kunnskapsparken vart ein del av VRI-programmet, Forskningsrådet si satsing på regional innovasjon. Dette gir tilgang til kunnskap og forskingsbasert innovasjon, og auka samhandling mellom næringsliv, forskingsmiljø og verkemiddelapparat. I tillegg har dei fått på plass eit pre-såkornfond, som gir tilgang til meir midlar og støtte. Dette er eit fond som kan gå inn med investeringskapital i ein tidleg fase. – Skal vi være ein del av virkemiddelapparatet, må vi ha gode verktøy. Eg meiner vi har fått på plass ein solid verktøykasse, og har det vi treng for å fremme nyskaping.

GODE PARTNARAR

Ei viktig satsing har vore utveksling av erfaringar på tvers av bransjar. Prosjektet “Nybrot” er eit godt døme, der fokus har vore på eksisterande næringsliv og moglegheitene for «spin off». Eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og

For auka nyskaping lokalt, har eit godt og tett samarbeid med kommunale næringsapparat og næringshagar vore viktig. På nasjonalt plan har langsiktig samarbeid med dei andre inkubatorane, kunnskaps- og forskingsparkane i Norge gitt mykje erfaring og inspirasjon. – Desse samarbeida har gitt oss fleire gode og effektive løysingar. Dei styrker vår posisjon og gir oss moglegheit til å bidra sterkare til vekst i fylket, seier Kvåle og trekker frem kva som gjer han mest stolt: – Når våre inkubatorbedrifter lukkast. Det er godt å vite at vi har vore med å løfte frem dei driftige menneska og bidrege til nye arbeidsplassar i regionen vår.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 05


Lars Fredrik Ljungberg starta Solid Solutions med hjelp frå Høgskulen og Kunnskapsparken. Foto: Solid Solutions

Høgskulen legg betre til rette for gründerspirer Saman med Kunnskapsparken skal dei fostre meir innovasjon blant tilsette og studentar. – Det er ikkje alltid ein forskar er den fødde gründer, sjølv om ideen er god. Då er det fint å ha Kunnskapsparken som ein partner for kommersialisering, fortel Erik Kyrkjebø, viserektor fou ved Høgskulen på Vestlandet. Samarbeidet mellom høgskulen og Kunnskapsparken har eksistert i fleire år, men det er først no dei har konkretisert samarbeidet.

INKUBATORPLASS FOR STUDENTAR

Kyrkjebø fortel at dei i auka grad oppmodar studentane til å tenkje nytt. Studentane skal sjå at dei kan etablere ei bedrift, at det er mogleg med god hjelp. – Kunnskapsparken hjelper studentidear med høgt

S 06

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

potensiale, og høgskulen dekker studentane sin eigenandel. Det er snakk om ein fast sum i månaden som dei får dekka av HISF, fortel Kyrkjebø. I student-inkubatoren får dei tilgang til profesjonelle forretningsutviklarar frå Kunnskapsparken, hjelp til å finne kapital og tilgang til eit større nettverk.

AUKA MOTIVASJON FOR TILSETTE

Det er ofte mangel på kunnskap om moglegheitene for kommersialisering som gjer at forskingsresultat ikkje kjem stort lenger enn i eit tidsskrift. Med hjelp frå Kunnskapsparken, kan dei tilsette i auka grad få ideane ut til fleire. – Det handlar ikkje nødvendigvis om å tene pengar på ideen. Men det å kunne spreie ideen vidare og lengre, gjer at den i mange tilfelle kan bli noko meir. – I tillegg er det meir motiverande for dei tilsette å vita at dei kan få profesjonell hjelp om dei har ein god idé.


STUDENT-INKUBATOR:

- Utan eit godt tilbod for studentar, hadde ideen min aldri blitt til noko NAUSTDAL: Medan han gjekk på ingeniørstudiet, starta Lars Fredrik (24) bedrifta Solid Solutions - etter eit møte med Kunnskapsparken. Ideen har han gått med lenge. 24-åringen frå Kyrkjebø er utdanna elektrikar og som lærling gjekk han og trakk kablar og stripset leidningar. I nesten eit år. - Eg tenkte at det måtte finnast ein meir effektiv måte å gjere dette på. Å gå rundt og stripse heile dagen slit på både skuldrer, nakke og rygg. Og så er det ein veldig einsformig jobb. Lars Fredrik Ljungberg fekk ideen om å lage ein stripsemaskin som ville lette arbeidet og gjere det mindre monotont. Han fortel at det ofte er lærlingar som blir satt til slike jobbar, men ein blir ingen god elektrikar om ein berre stripser leidningar.

FEKK BESØK PÅ HØGSKULEN

– Det er mykje pengar. Då er det godt å ha hjelp til å disponere dei riktig. Det er fort gjort å bruke for mykje pengar på unødvendige ting.

GOD HJELP GIR TRYGGLEIK

24-åringen har sambuar og ei dotter på snart 4 år. Ein fase i livet det ikkje er like enkelt å bli gründer. Risikoen er høg, og tryggleiken liten. – Inkubatorprogrammet opna augo mine. Det gav meg den tryggleiken eg trengde for å starte opp: Rådgjeving og kompetanse eg ikkje hadde, og tru på ideen min. Ljungberg seier Kunnskapsparken har vore dønn ærlege heile vegen. Dei har saman satt opp ein realistisk plan på kva som er mogleg å få til ved sidan av studiar, og kva som ikkje er mogleg. – Såg dei at eg ikkje fekk det til, ville dei sette meg tilbake på bakken. Dei gjorde det veldig klart at eg måtte ha realistiske mål. Det har vore ei utruleg hjelp å få. Utan deira støtte hadde ikkje ideen min vore noko i dag.

Ideen var god, men blei liggande. Ljungberg starta på ingeniørstudiet i Førde, og ein dag dukka Kunnskapsparken opp på høgskulen. Dei presenterte inkubatorprogrammet for studentane og inviterte fram gode idear. – Eg tente igjen på ideen min. Etter presentasjonen tok eg kontakt med Kunnskapsparken og fekk positiv respons. Dei var nysgjerrige. Vi var fem studentgrupper som kom med idear og eg blei plukka ut til å delta i inkubatorprogrammet, fortel Ljungberg nøgd.

GOD PENGESTØTTE

I dag har Solid Solutions fått etablerartilskot frå Innovasjon Norge, 90.000 kronar i fase ein og 400.000 kronar i fase to, i tillegg til 50.000 frå Sparebanen Vest sitt næringsfond i Sogn og Fjordane.

“Inkubatorprogrammet opna augo mine. Det gav meg den tryggleiken eg trengde for å starte opp.”

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 07


Klynger og samarbeidsmiljø – Skal vi styrke innovasjon og vekst i fylket, er samarbeid og kompetansedeling essensielt. I ei praktisk forståing av ordet ”klynge” er det gjennomgåande i næringslivet at det betyr ein form for fysisk samlokalisering eller virtuell nettverksmodell. Ei klynge legg til rette for samarbeid som skapar synergieffekt og meirverdi. Dette skjer i form av auka innovasjon, vekst og verdiskaping. Sogn og Fjordane fostrer stadig opp fleire bransjeuavhengige klynger og innovasjonsmiljø, ei utvikling som Kunnskapsparken ønskjer å forsterke.

– Dei fleste bedriftene kan lære mykje av å sjå til kvarandre og skape tettara samarbeid på tvers av bransjar. Ein skreddarsydd klynge styrker bedriftene sine verdikjeder, og aukar potensialet for vekst og verdiskaping betraktelig, seier Haakon Walnum i Kunnskapsparken. Walnum har sett på nærings- og kunnskapsklynger som eksisterer i Sogn og Fjordane, korleis disse kan forsterkast og korleis nye miljø kan etablerast. I hovudsak ønskjer Kunnskapsparken å gå inn i klyngene som ein sparrinspartnar og tenesteytar: – Vi skal styrke eksisterande og nye tiltak og bidra med tenester der det er behov.

Foto: Drople

FOSSHAUGANE CAMPUS Fosshaugane Campus i Sogndal består av eit mangfald av bedrifter og gründerar. Gjennom Sogndal Fotball og Sogn Næring har Kunnskapsparken bidrege i arbeidet med vidareutviklinga av innovasjons- og gründermiljøet. Eit nytt innovasjonsbygg vil etter planen stå klart i 2017. Kunnskapsparken har inkludert gründermiljøet i workshops og laga ein rapport med innspel og løysingar for korleis bygge opp eit fysisk miljø, som utnyttar innovasjonspotensialet mellom gründerar og eksisterande kompetansemiljø på ein best mogleg måte.

S 08

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


KAUPUS INDUSTRIKLYNGE

Næringslivet i Kaupanger ønskjer å utvikle ei industri- og teknologiklynge under namnet ’Kaupus’. Samla har Kaupanger om lag 70 verksemder med ei samla omsetning nær 2 mrd. Kunnskapsparken er engasjert som prosjektleiar og til å bidra med kompetanse i å utvikle denne klynga, i første omgang med å gjennomføre ein moglegheitsstudie i 2016. Målet med denne studien er mellom anna å definere eit samarbeidsprosjekt mellom verksemdene for den vidare utviklinga.

TECHHUB-STRYN

TechHub Stryn er ei teknologi- og innovasjonsklynge som allereie er etablert og under utvikling. Initiativet kjem frå selskapa Norva 24 AS, Nomek AS og Vendanor AS. Målet er å styrke verdiskaping og skape nye produkt og tenester, gjennom å kople ressursar og kompetanse på tvers av selskap og bransjar i og utanfor Stryn. Kunnskapsparken har bidrege i prosessen med utviklinga av klyngekonseptet, og skal fortsatt vere ein sparringspartnar og tenesteytar i dette arbeidet. Klynga skal òg tilby inkubatorplassar i samarbeid med Kunnskapsparken som skal vere tilstade fysisk i klynga med jamne mellomrom.

TEKNOLOGICAMPUS FØRDE Sogn og Fjordane Fylkeskommune har teke iniativ til prosjektet Teknologicampus i Førde. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom fylkeskommunen, Høgskulen, Innovasjon Norge, Hellenes AS og Kunnskapsparken. Formålet med etableringa av Teknologicampus er å utvikle eit innovativt miljø samansett både av utdannings- og forskingsinstitusjonar og industrielle aktørar. Det kan vi gjere ved å etablere ein møteplass, som set teknologiutvikling og innovasjon i sentrum, og der dei ulike miljøa kan samlokaliserast. Dette må vere ein møteplass som er relevant for ulike næringsaktørar å søke mot for å utvikle teknologi og søke kunnskap. Desse aktørane er alle på forskjellig vis involvert og er kjent med planene om å etablere ei teknologiklynge på Verftet (Hellenes). Kunnskapsparken er allerede etablert med sin inkubasjonsvirksomhet på verftet, slik at bedrifter som er tekne opp i inkubatorprogrammet kan tilbys kontorplass i miljøet.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 09


VRI-programmet

- eit verkemiddel for regional innovasjon VRI er Fylkeskommunen og Forskningsrådet si satsing på innovasjon gjennom samhandling. Å vere ein del av dette programmet, betyr at Kunnskapsparken i auka grad kan dra forsking inn i ulike prosjekt.

I Sogn og Fjordane har vi fokus på tre område: 1. Energi, produksjon og bruk av fornybar energi 2. It og teknologi 3. Mat og reiseliv, grøn og blå mat

Har du ei problemstilling du vil løyse? Ta kontakt med joeril@kpsf.no

“Kunnskapsparken og VRI var med i den spede byrjinga. Det er like viktig som ein far si rolle i eit svangerskap. Utan han blir det ingenting.” Sindre Kvalheim i Lefdal Mine Foto: Privat

“Vi har fått god oppfølgjing frå VRI, og kan difor planlegge eit konkret prosjekt på Lutelandet både innan energiproduksjon, energilagring og industriutvikling i fylket vårt. VRI har vore direkte involvert i koplinga mellom ulike miljø, og det er usikkert om desse koplingane hadde oppstått på same måte utan VRI.” Geir Arne Solheim i Havkraft

Foto: Privat Foto: Privat

S 10

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


Gjer avfallet til ein ressurs SKAPER ARBEIDSPLASSAR Gjenbruk av kompost, trevirke og Ein overgang til sirkulær produksjon vil hindre tap av jordartsmetall. Effektiv pakking og verdifulle materialar. Nye forretningsmodellar og auka frakt av restavfall. Kunnskapsparken industriell samhandling kan få oss eit steg vidare i retning av null avfall. tek det grøne skiftet på alvor. Kunnskapsparken ser store moglegheiter for næringsutvikling basert på naudsynte endringar som det vestlege samfunnet må gjennom. Sogn og Fjordane har mange gode naturgitte og kulturelle føresetnader for å ta ei rolle. – Vi må tenkje store tankar om gjenbruk. Skal vi nå dei hårete måla som er sett på verdsbasis for å møte klimaog ressursutfordringane, må det handling til på alle nivå. Også her i fylket, seier Jøril Hovland i Kunnskapsparken. Hovland leier «Grønt skifte», eit prosjekt i regi av Simas Næring, Sogn Næring, Høyanger Næringsutvikling og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane. Dei samarbeider om å fremme ein overgang frå lineær til sirkulær produksjon. Bedrifter må sjå bort frå ”start og slutt” i ei produktlinje, og heller lære korleis gjenbruk av avfall kan gjerast til ein ressurs.

– I tillegg skapar det arbeidsplassar og økonomisk vekst. Auka gjenbruk reduserer klimagassutslepp og andre negative miljøkonsekvensar, legg Hovland til.

100 FÆRRE BILAR PÅ VEGANE

Prosjektet består av fire delprosjekt, i samarbeid med fleire aktørar. Prosjekta fokuserer på våtorganisk avfall, gjenvinning av sjeldne jordmetall, trevirke og effektivisering av restavfall med fokus på oppbevaring og transport. Alle prosjekta har fokus på å gjere avfallet til ein ressurs. I Festingdalen er det til dømes bygd eit nytt anlegg for restavfall som gjer pakking og transport meir effektivt. Dette gjer at vi kan spare så mykje som 100 bilar ut av anlegget i året. Dette gir oss positive miljøkonsekvensar. – Vi ønskjer å mobilisere bedrifter i fylket ved å vise potensialet og finne moglegheiter for ein meir grøn industri. Vi har fleire fortrinn her i fylket vi må lære å nytte oss av; fornybar energi, store areal, sjøtransport og godt kompetansemiljø.

Den nye omlastingsstasjonen i Festingdalen. Foto: SIMAS

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 11


Nytt samarbeid skal gi oss morgondagens sjukehus – Helsetenesta treng innovasjon og vil RASKARE UT PÅ MARKNADEN forretningsrådgivarar veit Kunnskapsparken korleis at næringslivet skal bli meir engasjert. Som ein kan få ting raskare ut på marknaden. Dei kan rettleie Det seier Guro Mjanger, seksjonsleiar i Helse Førde. Ho er ikkje i tvil om at samarbeidet med Kunnskapsparken har sådd nye frø i utviklinga av eit meir moderne sjukehus. – I Sogn og Fjordane er demografien ei utfordring. Vi blir stadig fleire eldre, samstundes som talet på yrkesaktive vil vere relativt stabilt framover mot 2030–2040. Vi er nøydde til å tenkje nytt og annleis.

SKAL KOMMERSIALISERE NYE IDEAR

Kunnskapsparken har vore involvert i samarbeidsprosjektet Fjordomics med Helse Førde sidan 2013.

korleis ein skal tenkje forretningsutvikling, lage gode rammeavtalar og vere oppteken av kvalitet. Som tredjepart kan dei styre unna konfliktar og eigeninteresser.

Mjanger trur eit auka fokus på innovasjon kan vere med på å skape betre helsetenester og betra pasientopplevd kvalitet. For mange kan det vere ein framand tanke at andre sjukehus kan nyttiggjere seg gode idear som spring ut av eige sjukehus. – Vi vil jo at andre òg skal kunne nytte seg av nyvinningane, ikkje berre tilsette og pasientar ved vårt eige sjukehus. Derfor er det viktig å tenkje kommersialisering.

I 2015 starta utviklinga av ny samarbeidsavtale, der Kunnskapsparken skal hjelpe Helse Førde med å kommersialisere nye forskningsresultat og idear. Fram til i dag har innovative idear i Helse Førde ofte stoppa opp eller blitt nytta internt i den einskilde avdelinga. Dette skuldast gjerne mangel på kunnskap om korleis ein får ein god idé ut på marknaden.

VIL HA TAK I “PETTER SMART-AR”

– Det er her Kunnskapsparken kjem inn. Dei kan nærinsliv, vi kan helse. Vi har eit underutnytta potensial. Vi har heile tida hatt fokus på innovasjon, men ikkje på kommersialisering, altså å breidde bruken av eit nytt produkt eller ei ny teneste. Saman kan vi bli gode på å etablere morgondagens sjukehus, seier Mjanger.

– Det er mange Petter Smart-ar og dyktige firma i fylket. Vi treng alle gode hjelparar vi kan få. Eg tippar at det er mange som sit på gode idear som vi kan ha nytte av.

Ein annan effekt av eit nytt samarbeid er tilgangen på fleire Petter Smart-ar i helsevesenet og i næringslivet. Mange kan oppleve helsesektoren som eit lukka system. Mjanger ønskjer auka samarbeid med næringslivet og trur Kunnskapsparken kan spele ei vesentleg rolle med å knyte kontaktar og nettverk.

Helse Førde nyttar Kunnskapsparken som kommersialiseringsaktør. Foto: Helse Førde

S 12

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


“Det er her eit samarbeid med Kunnskapsparken kjem inn. Dei kan næringslivet, vi kan helse.”

Christian Moltu får hjelp frå Kunnskapsparken til å kommersialisere sin nyvinning innan psykisk helse. Foto: Per Marifjæren

Samarbeidsprosjektet NORSE vil bane veg for fleire spennande idear FØRDE: Psykologspesialistar kom med ideen. Kunnskapsparken skal hjelpe til med å gjere ideen til noko som blir brukt av fleire. – Her er det utfordringar vi treng hjelp med, til dømes juridiske spørsmål. Då er det bra å ha ein tredjepart som Kunnskapsparken, seier Christian Moltu, psykologspesialist og gründer ved Helse Førde. Saman med Sam Nordberg har han utvikla eit klinisk tilbakebehandlingssystem. Pasientar med psykiske lidingar svarer på persontilpassa kliniske instrument om korleis dei har det, kva behov dei har, og korleis behandlinga verkar.

FOR PASIENTAR SOM DROPPAR UT

– Vi ser pasientar som startar på ei behandling, droppar ut, startar på ei ny behandling og droppar ut igjen. Nokre går inn og ut av systemet i fleire år, og ofte slit desse pasientane med ting vi kan behandle. Med eit system der pasientane svarer på spørsmål før og undervegs i behandlinga, kan spesialistane lettare få

tilbakemelding tidleg i løpet. Pasientane får ta større del i behandlinga og kan lettare snakke om vanskelege ting. Etter kvart som systemet blir betre kjent med pasienten, er det lettare å gi rett behandling.

– EIT STORT POTENSIAL

Hilde Grinde i Kunnskapsparken finn det spennande å tenkje nytt saman med Helse Førde, som representerer eit mangfald av ekspertise frå mange fagfelt. – Her finst eit stort potensial for nye innovative produkt og tenester. Miljøa og fagkunnskapen gir moglegheiter for nye arbeidsplassar og næringar innan helseteknologi i fylket vårt. Derfor er det viktig at vi samarbeider tett om å realisere ei slik utvikling. NORSE er eitt av dei første kommersialiseringsprosjekta Kunnskapsparken har med Helse Førde, eit samarbeid dei trur vil bane veg for fleire spennande idear med eit internasjonalt nedslagsfelt. Til no er systemet brukt på ein poliklinikk som dekkjer heile Sunnfjord og ytre Sogn, og på to sengepostar. I tillegg er produktet på veg til USA og kan bli teke i bruk i fleire land i Europa dei neste åra.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 13


SELJE

VÅGSØY

EID BREMANGER

GLOPPEN FLORA

NAUSTDAL

ASKVOLL FØRDE FJALER SOLUND

HYLLESTAD

GAULAR HØYANGER BALESTRAND

GULEN

Klynger FoU-miljø Bedrifter i inkubasjon Utviklingsprosjekt i bedrifter Tidlegare inkubasjonsbedrifter S 14

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


AKTIVITETAR I FYLKET HORNINDAL

STRYN

JØLSTER

LUSTER

LEIKANGER

ÅRDAL

SOGNDAL VIK

LÆRDAL

AURLAND

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 15


Kunnskapsparken Inkubator - eit verktøy for nyskapande gründerar og bedrifter

Kunnskapsparken gjer bedriftsutviklinga meir effektiv og sørger for vekst, auka verdiskaping og overlevingsevne. Vårt inkubatorprogram passar for deg som ønsker å utvikle ein nyskapande forretningsidé til levedyktig bedrift - og omfattar gründerar i heile fylket.

Vi tilbyr ein raskare veg frå idé til kommersialisering

Vi hjelper deg der du er

Kva tilbyr Kunnskapsparken Inkubator? • • • • •

Kontorfasilitetar Rådgjeving og oppfylging Tilførsel av intern og ekstern kompetanse Tilgang til investeringskapital Kopling mot nettverk og relevante miljø

Korleis søke? Sjå søknadsskjema på kpsf.no eller ta kontakt med ein av våre tilsette.

Kunnskapsparken er del av det nasjonale inkubatorprogrammet til SIVA. Vårt tilbod er fylkesdekkande, og vil saman med våre samarbeidspartar hjelpe gründerar i heile fylket.

S 16

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


“Når ein brenn for noko, er det utruleg kor mykje motivasjon ein får.”

Vemund Eldegard lagar 100 prosent organiske hudprodukt. Foto: Elde Cosmetics

Vemund (19) begynte å blande kremar heime på kjøkkenet FØRDE: No har inkubatorbedrifta Elde Cosmetics selt kosmetikk for over 300 000 kroner. Vemund Eldegard frå Førde var 15 år då han begynte å blande hudkrem. Behovet for eit godt produkt mot urein hud, var starten på eventyret.

– Når ein brenn for noko, er det utruleg kor mykje motivasjon ein får. No håper eg å kunne jobbe fulltid, fortel 19-åringen, som fullførte vidaregåande skule i fjor.

IKKJE REDD FORDOMMAR

Det er tøft av ein tenåringsgut å drive med hudprodukt og kosmetikk. Og det finst dei som er skeptiske, men Eldegard bryr seg ikkje.

– Eg starta med kaldpressa olje og botaniske ekstraktar. Det blei ein ansiktsolje mot hudproblem.

– Mange gutar ser verdiane i det vi produserer. Eg håper vi kan bidra til å gi dei betre sjølvtillit.

Produkta i Elde Cosmetics er 100 prosent veganske, fairtrade og organiske. Det skal vere heilt naturlege produkt.

VIKTIG HJELP FRÅ KUNNSKAPSPARKEN

PLANLA IKKJE Å BLI GRÜNDER

Tenåringen er sjølvlærd og har produkt som er etterspurde i heile landet. I 2015 selde han for over 300 000 kroner. – Eg tenkte aldri å bli gründer. Eg produserte til eige bruk, men så begynte familie og venner å bli veldig interesserte. Det balla berre på seg. Eldegard har brukt tallause timar på å lese om hudprodukt. Han har snakka med ekspertar, teke kurs og funne ingrediensar i ulike land. Det har vore mange samtalar og testrundar på venner og familie.

Med suksess følgjer det mykje arbeid. Då er det alfa og omega å ikkje vere åleine. – Eg var smådesperat på eit tidpunkt. Etter ein artikkel i lokalavisa gjekk det fort, så eg trong mykje rådgiving. Korleis skrive søknader, korleis vekse, korleis få tak i ein mentor? Med hjelp frå Kunnskapsparken har Vemund fått seg kontor og laboratorium i Førde. Mentor er snart på plass, og Innovasjon Norge har blitt med på laget. – Det har gått fortare med så god hjelp. Og det trur eg er mykje av nøkkelen til suksess. Ein kan ikkje nøle, det er berre å køyre på.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 17


Rune Viken (t.v.) og Geir Henning Nore blei gründerar som 40-åringar. Foto: Børje Fonn Skaar

Gründerane trur timinga har gjort Intin til ein suksess FØRDE: Intin bruker smartteknologi for å forenkle kvardagen i ”dei tusen heimar”. Lyd, lys og varme skal leve som deg. – Ein kan ikkje komme med eit teknologiprodukt for tidleg. Då vil ingen ha det. Samtidig kan ein ikkje komme for seint. Då er det nokon andre som tilbyr det allereie, seier Rune Viken.

TINGAS INTERNETT

Viken og Nore har begge teknologibakgrunn. Dei såg at det var moglegheiter innanfor “tingas internett” eller “The Internet of Things”, altså einingar som blir kopla på nett. Produkt som gjer kvardagen vår enklare og tryggare. – Det er rart at vi ikkje er komne lenger. Bilane våre har det, og hytter har fjernstyring av lys og varme. Men i bustaden, der vi oppheld oss mesteparten av tida, der har vi ikkje mykje automatikk, seier Viken.

Saman med Geir Henning Nore starta han bedrifta Intin AS hausten 2014. Innan eit halvt år var begge tilsette på fulltid, og i 2015 omsette dei for godt over éin million kroner.

Gründerbedrifta vil forenkle kvardagen med system som får bustaden din til å leve som deg. Lyset slår seg på når du kjem heim, og kaffitraktaren startar når du trykkjer på ein brytar i gangen. Når du dreg, trykkjer du på brytaren, og alt slår seg av.

– Vi gjorde marknadsanalysar før vi starta, og såg at marknaden var moden. Eg trur vi er passeleg tidleg ute med smarthusteknologien.

Det handlar like mykje om sikkerheit og energiforbruk som fancy duppedittar. Er det noko som ikkje er som det skal, får du alarm på mobilen.

S 18

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


”Vi er vel gammal-gründerar samanlikna med mange andre. Men eg trur ikkje det er noka større utfording.”

Smarthus kan gi kommando via ei smartklokke. Foto: Børje Fonn Skaar

“GAMMAL-GRÜNDERAR”

Dei er i 40-åra og etablerte med kone og barn. Men det hindra dei ikkje i å bli gründerar. – Vi er vel gammal-gründerar samanlikna med mange andre. Eg trur ikkje det er noka større utfordring å bli gründer av den grunn. Ein må tore å satse, seier Viken. – Klart vi hadde ein runde på heimebane, for å sjå på timebruk og prioriteringar. Vi er heldige som har tolmodige familiar, som òg tør å setje ned foten. Lysta til å skape noko og utfordre seg sjølv, er drivkrafta. Viken er oppteken av lokalmiljøet og ønskjer å vere ein tilbydar av framtidige arbeidsplassar. Han er bevisst på å bruke lokale bedrifter og studentar, og har knytt til seg lærlingen Kristian på fulltid. Håpet er ei omsetning på fem millionar i 2016 og å bli fleire tilsette. I tillegg ønskjer Intin å vere med i ei teknologiklynge der ein kan dele erfaringar. – Samarbeid er viktigare enn å vere redd konkurrentar. Vi må støtte kvarandre og skape ting saman.

DET BESTE RÅDET

Dei kloke orda kjem etter god hjelp til eigen oppstart. Viken meiner det ikkje er lett å vite kva rekkjefølgje ein bør gjere ting i, eller kvar ein skal starte. – Det Kunnskapsparken har pusha oss mest på, er å komme oss ut i marknaden og vise produkta, ikkje sitje for oss sjølve og tenkje på teknologien. – Vi måtte ut og selje, møte kundar og få tilbakemeldingar. Det har vore utruleg lærerikt. Det er kjekt å møte kundar, dei stiller dei rette spørsmåla. Intin har fått hjelp til søknader og framdrift med økonomisk støtte frå Innovasjon Noreg og Sunnfjord næringsutvikling. I tillegg har dei investert eigne midlar og nytta hjelp frå bedrifter rundt seg. Det er fleire utfordringar som skal taklast, og då er Viken klar på at Kunnskapsparken er god å ha som sparringspartnar. – Skal eg gi eit tips til nye gründerar, så må det vere at samarbeid er viktig. Vel ut gode ressursar, sparr med folk, og ikkje ver så redd for konkurrentar.

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 19


Furberg Snowboards vil doble produksjonen kvar vinter SOGNDAL: Dei sel allereie fleire hundre brett, men ambisjonane til Daniel (36) er høge. For Daniel Furberg, som for mange andre, starta det med ei verksemd i garasjen. I 2009 var frikøyraren lei av at utviklinga av frikøyringsbrett stod på staden kvil medan skisporten drog lasset med nyvinningar år etter år. Han starta eit enkeltmannsføretak og har bygd opp ei bedrift som i 2015 omsette for over éin million kroner. – I vinter har vi selt over 300 brett. Vi satsar på å doble produksjonen kvar vinter, fortel 36-åringen.

GJORDE HOBBY TIL JOBB

Sivilingeniøren er oppvaksen utanfor Gøteborg og har vore lidenskapleg oppteken av brettkøyring heile livet. Han har budd i Alpane, køyrt for POC-teamet, vore kvalifisert for Freeride World Tour og jobba i Nordsjøen. I 2014 flytta han og sambuaren til Sogndal.

– Vi ville bu ved fjellet, på ein stad der folk hadde tru på bedrifta. Eg kjende til SGNskis og såg at dei kunne drive bedrift frå Sogndal. Eg òg ville prøve.

MEIR ENN EIT PRODUKT

Bretta er optimaliserte for frikøyring og fungerer bra der det er avblåse og isete. Og dei er populære. Frå å bli selde til venner og kjende er dei no etterspurde i fleire delar av verda, mellom anna Nord-Amerika, Japan, Alpane og New Zealand. – Eg har innsett at det å utvikle produkt berre er ein liten del. Ein skal gjere ein god jobb med marknadsføring, sal, distribusjon og økonomi. Det å lage produkta er ein overraskande liten del. Derfor er Furberg glad for å ha gode rådgivarar rundt seg og for å vere med i inkubatorprogrammet. – Kunnskapsparken har hjelpt oss mykje med å søkje støtte og har gitt råd i ulike prosessar. Eg får kontorplass på Fosshaugane Campus, det er gull verdt. Det gir òg meir kredibilitet å ha dei i ryggen.

“Nøkkelen til utvikling i Sogn og Fjordane ligg i å heie fram bedrifter som vil utvikle seg og løfte fram etablerarar som verkeleg torer å satse. Kunnskapsparken er ein god rådgjevar og hjelpar for bedrifter, ikkje minst gjennom inkubatortenesta. Dei skussmåla som desse bedriftene gjev, talar for seg.” Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur.

Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

S 20

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


“Eg har innsett at det å utvikle produkt berre er ein liten del. Ein skal òg gjere ein god jobb med marknadsføring, sal, distribusjon og økonomistyring.”

Daniel Furberg produserer frikjøringsbrett og splitboard. Foto: Fredrik Schenholm

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 21


“Eg seier til gründerar eg møter at dei må hoppe i det. Så då måtte eg gjere det same.”

Allan Madsen samlar produsentar av lokalmat i ein app. Foto: Kortmat

Gründerrådgivaren valde sjølv å bli gründer på heiltid FLORA: Med ein genial idé sit Allan (37) plutseleg på andre sida av bordet.

OVER 1000 TILBYDARAR

Allan Madsen har jobba i Fram Flora i fleire år. Han har hjelpt gründerar med å komme i gang, få finansiering og skaffe seg eit nettverk. No har han teke permisjon for å prøve sin eigen idé: Kortmat AS.

Allan ønskjer å vere eit bindeledd mellom deg og ditt middagsbord, og produsentane. Han har gjort ein grundig marknadsanalyse og fortel at det finst over 1500 tilbydarar av lokalmat i Noreg.

– Eg seier til gründerar eg møter, at dei må hoppe i det. Så då måtte eg gjere det same, seier 37-åringen.

– Eg trur marknaden er moden for eit slikt produkt.

SATSAR PÅ LOKALMAT

Ideen er å samle alle som produserer og sel lokalmat, i ein portal. Her kan du få informasjon om alle produkta. – Det er auka interesse for lokalmat i Noreg, men kvar skal folk finne tilbydarane? spør Madsen. Gründeren frå Florø har laga ei plattform der ein finn den gode maten som blir tilbydd, og der produsentane kan marknadsføre seg utan å bli robba.

S 22

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

– Det starta med ein idé eg fekk i 2014. Eg ville berre teste om det gjekk an å samle lokalmat på ei side. Og eg fekk utruleg mykje respons.

GOD STØTTE FRÅ FYLKET

Med god kunnskap om ordningane for gründerar, er Allan godt i gang. Han har fått økonomisk støtte frå Sparebanken Vest og Innovasjon Noreg og jobbar tett med Kunnskapsparken. – Eg kjende til Kunnskapsparken og visste at dei var ein god ressurs. Eg har fått vanvitig god hjelp. Dei har hjelpt meg til å halde momentet oppe og få ting til å skje, og det har utfordra meg til å setje delmål undervegs og jobbe hardt for å nå dei.


Kapitaltilgang – eit viktig fokus Skal ein få til noko av gode idear, er tilgangen på kapital ofte avgjerande. Kunnskapsparken er rusta for å hjelpe dei som treng kapital i ein tidleg fase.

NÆRINGSSTIFTINGA SOGN OG FJORDANE

Vårt nyetablerte pre-såkornfond, samarbeid med Næringsstiftinga Sogn og Fjordane, Fjord Invest, Innovasjon Norge og Forskingsrådet, og eit bredt nettverk med ulike investorar, gjer at vi er vi kan hjelpe bedrifter med å finansiere gode idear.

FORSKINGSRÅDET, INNOVASJON NORGE OG ANDRE MOGLEGHEITER

– Gründerar har ofte begrensa kunnskap om moglege finansieringskjelder og investorer. Dette kan gjere det vanskeleg å sikre naudsynt kapital til bedriftsutviklinga. Vi jobbar aktivt med gründerar og bedrifter for å finne rett finansiering som kan bidra til å løfte bedrifta, seier Roger Ulvestad, forretningsutviklar i Kunnskapsparken.

PRE-SÅKORNFOND

Sparebanken Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen og Kunnskapsparken har i fellesskap etablert eit presåkornfond (Sogn og Fjordane Fondet) med ein kapital på 6,5 millionar kronar. Dette gjer oss godt rusta når det gjeld tilgang på tidleg risikokapital. Målsetjinga er å auke denne til 10 millionar innan utgangen av 2018. – Kunnskapsparken har, saman med Bergen Teknologioverføring (BTO), fått innvilga ei ramme på 6 millionar kroner av det nasjonale pre-såkornfondet i 2016. Det nasjonale pre-såkornfondet er tenkt som matchingskapital til regionale fond, forklarar Kjetil Kvåle.

Sparebanken Vest si allmennyttige verksemd har sett av tre millionar kroner til ei næringsstifting i Sogn og Fjordane. Midlane frå stiftinga skal i fyrste rekke gå til gode næringsidear i ei tidlig prosjektfase.

Kunnskapsparken har god oversikt over kva finansieringsmoglegheiter vi har i fylket. Vi kan hjelpe til å utforme prosjektbeskrivingar basert på bedrifter sine konkrete utfordringar, assistere organisering av prosjektet og kartlegge potensielle finansieringskjelder.

CONNECT VEST

Kunnskapsparken er regional partnar og har tett samarbeid med Connect Norge. Connect bidreg med å kople gründerar og vekstselskap med kompetanse og kapital.

INVESTORJAKT

Kunnskapsparken hjelper gründerar med å finne aktuelle investorar og førebur gründerane for eit samarbeid med investorar.

FJORD INVEST

Fjord Invest er eit investeringsselskap i Førde og investerer i lovande vekstbedrifter på Vestlandet. Fjord Invest er også eigar i Kunnskapsparken, og selskapa samarbeider tett for å skape vekst i Sogn og Fjordane.

“Kunnskapsparken skal være navet i innovasjonsnettverket i fylket. Vi opptrer som regionale utviklingsaktørar i høve gründerskap og kompetansemekling. Gjennom dette vert ressursar og raportering koordinert til dei einskilde aktørane i nettverket”.

Foto: Høyre

Vidar Grønnevik, styreleier Kunnskapsparken

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 23


”Hovudkontoret vil aldri bli flytta frå Sogndal. Det er her vi høyrer til.”

nLink er det første selskapet i verda som har laga eit robot som er ute og gjer ein jobb på byggjeplassen. Foto: nLink

Tomas Henninge og Håvard Halvorsen i nLink, saman med Arild Vangen frå Vintervoll. Foto: nLink

S 24

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


Investorane trur på nLink SOGNDAL: Å utvikle robotar er alt anna enn gratis. Derfor har nLink hanka inn over 20 investorar, alt frå tannlegar til folk i byggjebransjen. – Det er skummelt å be folk om pengar. Du føler at du tiggar, seier Halvor Gregusson i nLink, og utdjupar: - Men eg trur investorane våre er vel så samfunnsengasjerte som investorfokuserte. Dei vil at noko skal skje, og har investert pengar fordi dei trur på nyskaping.

I mars blei roboten testa av Skanska under bygginga av Sundtkvartalet i Oslo. I ei pressemelding skriv dei: “Resultatene viste at roboten var mye raskere. Faktisk så mye raskere at om robot hadde blitt brukt i alle etasjer i Sundtkvartalet, ville boring i underkant av dekker vært ferdig 50 arbeidsdager før den manuelle jobben ble ferdig.”

INKUBATORBEDRIFT FRÅ START

nLink blei til i 2012. Bedrifta skulle drive med borerobotar. Håvard Halvorsen og Tomas Henninge sat i førarsetet, i tett samarbeid med gründerane av Rocketfarm, deriblant Halvor Gregusson.

2015 var året då gründerbedrifta fekk investorane med på laget, med midlar på 8,5 millionar kroner. Roboten blei nLink kom tidleg inn som ei inkubatorbedrift, eit program som har vore avgjerande for ei bedrift som berre består bygd og testa, og kundane fekk sjå produktet dei skulle av tilflyttarar. kjøpe. Dette har sikra gründerbedrifta over 20 investorar frå heile landet i tillegg til sponsormidlar. nLink har per dags dato ingen såkalla venturefond, alle investorar er privatpersonar eller mindre bedrifter. Dette gjer at investeringane varierer, men felles for alle er nysgjerrigheita på utvikling av robotikk. – Vi kallar det fasen der ein har proof of concept. Det er ein fase der det er lettare å få med seg investorar. Dei ser kva pengane blir investerte i, utdjupar Geir Opseth i Kunnskapsparken.

FØRSTE I VERDA

nLink er det første selskapet i verda som har laga eit robotprodukt for byggjebransjen som er ute og gjer ein jobb på byggjeplassen.

– Kunnskapsparken kjenner ein del folk og veit kva ulike investorar er interesserte i. Når vi møter gründerar, kan vi kople rette folk. Det handlar om kjemi når ein investor vel å bli med på laget, fortel Opseth.

SIKTAR MOT UTLANDET

nLink har nettopp selt sin første robot og håper å få landa internasjonale partnarar framover. Med fem tilsette i Sogndal og Oslo er dei på veg ut av inkubatorprogrammet. Dei håper å vere skikka til å drifte sjølv. – Kunnskapsparken har hjelpt oss med primærting som kontor, nettverk og verdifull rådgiving. At dei tok den første delen av investeringa, har vore heilt avgjerande for oss. Dei såg potensialet i ideen. Dei tør å tru på menneskene, teknologien og vekstpotensialet, seier Gregusson.

Roboten borar hol i betongtak ved hjelp av datafiler som fortel kvar hola skal vere. Dette gjer bygningen klar for elektrikarar, himlingsmontørar og andre som treng oppmåling eller boring. – Vanlegvis er dette ein jobb for menneske, men med fleire tusen hol som skal borast, blir det stor tidsbruk og mange belastningsskadar, fortel Gregusson. Det var elektrikarbedrifta Vintervoll AS som kartla behovet for automatisert boring på byggjeplassar. Dei kom til nLink i 2012. Utviklinga av borerobotane kom i gang som eit FoU-prosjekt med sponsormidlar frå Innovasjon Norge, Sparebanken Vest og Vintervoll AS.

“Det er skummelt å be folk om pengar. Du føler at du tiggar.”

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 25


Tidlegere inkubatorbedrifter

Foto: Melin Medical

Inkubatorbedrift 2009-2012 Ingvill Hestenes, dagleg leiar 1. KVEN ER MELIN MEDICAL?

Vi leverer betalings- og administrasjonsløysingar som frigjer legar og anna helsepersonell frå administrativt arbeid. På landsbasis handterer vi om lag 50 000 transaksjoner kvar dag. Vi er 65 tilsette på Sandane, i Oslo og i Danmark, og vi er ein del av konsernet Helse Innovasjon. Vi blei Årets gasellebedrift i Sogn og Fjordane i 2015 med over ti tusen prosent vekst frå 2011 til 2014.

2. KORLEIS BLEI DE EI INKUBATORBEDRIFT?

Vi blei inkubatorbedrift frå starten. Kunnskapsparken tok rolla som potet og sparringspartnar og hjelpte oss der vi trong innspel og hjelp. I ein startfase er det viktig å kunne ha fokus på sjølve ideen og nyskapinga og få hjelp til det administrative. Her var dei ein stor bidragsytar. Etter kvart bygde vi dette sjølve og kunne tre ut av inkubatorprogrammet i 2012.

3. STØRSTE OPPTUR?

Det å sjå at vi har klart å endre tankesettet radikalt i ein forholdsvis tradisjonell bransje som helse, og at vi saman løyser ei oppgåve mange ikkje trudde kunne løysast. Det Jesper Melin har utvikla, er «game-changing».

4. STØRSTE UTFORDRING?

Utfordringane står i kø, og dei er med på å forme ein sjølv og selskapet. Det avgjerande er korleis ein angrip problemstillingane og snur dei til eigen fordel.

5. EIT GODT RÅD TIL EIN FERSK GRÜNDER?

Tru på ideen, og tru på at du kan lykkast. Set pris på kvar «hump» på vegen. Lær av det, og bruk det som drivkraft til å blir betre. Det einaste som hjelper, er hardt arbeid, kapital, hardt arbeid, kapital og endå meir hardt arbeid!

S 26

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE


Foto: Rocktfarm

Inkubatorbedrift 2012-2015 Aslak Os, dagleg leiar 1. KVEN ER ROCKETFARM?

Vi tilbyr konsulenttenester og produktutvikling innan IT og automasjon, mellom anna robotikk. Vi er 13 tilsette: 1 i Skien, 1 i Stavanger og 11 i Sogndal. Omsetninga i 2015 var på 13 millionar kroner.

2.KORLEIS BLEI DE EI INKUBATORBEDRIFT?

Vi har brukt Kunnskapsparken aktivt sidan vi starta. Halvor Gregusson blei tilsett og fekk jobbe med prosjektet medan han jobba der. Vi fekk veldig god hjelp og støtte med søknader, finansiering og utforming av forretningsmodell. Som inkubatorbedrift får du tilgang til ressursar og personar med kunnskap du ikkje har sjølv. Etter tre år har vi vakse ut av inkubatoren og blitt sjølvstendige.

3. STØRSTE OPPTUR?

Då vi såg at heile oppsettet vårt fungerte. Vi gjekk frå prosjektet Yast, eit selskap som sleit og ikkje vaks som vi ville, til eit selskap som kunne stå på eigne bein. Vi hadde eit godt fundament som kunne levere bra på teknologi. Den kjensla der, den var bra.

4. STØRSTE UTFORDRING?

Då vi ikkje fekk refinansiert Yast-prosjektet vårt. Det var tøft. Men det enda jo opp i starten på Rocketfarm, så det kom noko bra ut av det.

5. EIT GODT RÅD TIL EIN FERSK GRÜNDER? Våge å satse!

KUNNSKAPSPARKEN SOGN OG FJORDANE

S 27


”Som gründer er ein kreativ, ser moglegheiter og har mange planar og oppgåver. Utfordringa er ofte å vere strukturert og målretta.”

Foto: Backtostart

“I oppstartsfasen er det gull verdt med eit apparat. Kunnskapsparken har utfordra oss på ting som ikkje alltid heng samman - nettopp det ein gründer treng.”

Siri Linn Opsahl Haugen og Silje Blindheim i Backtostart, tidlegare inkubatorbedrift. Foto: Backtostart

Kontakt oss for ein hyggeleg og uformell prat Tlf.: 95 20 65 74 | E-post: post@kpsf.no

KPSF.NO

STYRET VÅREN 2016 Vidar Grønnevik (styreleiar) - sjølvstendig næringsdrivande • Erik Kyrkjebø - viserektor fou ved HiSF Hjørdis Vik – avdelingsleiar Innovasjon Norge • Ulf Hustad – prosjektleiar i SIVA • Terje Laberg – dagleg leiar Årdal Utvikling Audhild Botnen Schaathun – rådgjevar Fylkeskommunen • Astrid Hove (vara) – rådgjevar HiSF


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.