KYRKJEBLAD Nr. 1. april 2019 79. årgang
Skjåk og Nordberg
Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Postadresse: Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi bygget Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Kontoret er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 90 95 64 37 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 90 72 50 62 kare.gloslie@skjaak.kommune.no
MESSEPLAN
Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 90 67 75 63 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no
Laurdag 13. april kl. 12.00 Musikkstund på Skjåkheimen med blomeutdeling
Kyrkjetenarar Kjell Morten Kveen, tlf: 99 26 26 91 Jon Runar Kjeken, tlf: 91 35 70 39 jonkjeke@start.no
Sundag 14. april kl. 11.00 Palmesundagsmesse i Bjørkås Grendahus. Offer til Bjørkås. Kyrkjekaffe.
Organist Arturas Budvytis, tlf: 90 70 79 87 nordbergarthur@gmail.com
Torsdag 18. april kl. 12.00 Skjærtorsdagsmesse på Skjåkheimen
Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 94 86 22 67 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Fredag 19. april kl. 11.00 Langfredagsmesse i Nordberg kyrkje.
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 monagrim@online.no
Laurdag 20. april kl. 23.00 Felles påskenattsmesse for Skjåk og Lom i Lomskyrkja
Kyrkjebladsutval: Gunn Siri Steinveg tlf: 91 55 68 42 Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 Sevald Sperstad, tlf: 48 15 16 19 Design og layout: dmt / Merete Dagsgard Trykk: Hamar Media Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 11 46 48 - Merk ”Kyrkjeblad” Foto framside: Olav Solheim
Sundag 21. april kl. 11.00 Påskedagsmesse i Skjåk kyrkje. Offer til Friviljugsentralen Sundag 5. mai kl. 18.00 Tårnagentmesse i Nordberg kyrkje, felles for Skjåk og Lom. Offer til trusopplæringa. Onsdag 8. mai kl. 19.00 Nordberg kyrkje. Nærare annonsering kjem
april – juni 2019 Sundag 12. mai kl.11.00 Skjåk kyrkje. Messe med offer til Kirkens bymisjon Trondheim kl. 13.00 Nordberg kyrkje. Dåpsmesse. Fredag 17. mai kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Lom og Skjåk Brass. Kl. 16.00 Andakt/musikkstund Skjåkheimen Torsdag 30. mai kl. 12.00 Helgetorsdagsmesse på Skjåkheimen Sundag 2. juni kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Himalpartner. Onsdag 5. juni kl. 16.00 Nordberg kyrkje. Konfirmantgjestbod. Sundag 9. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Pinsedagsmesse. Offer til trusopplæringa. Torsdag 20. juni kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. 2
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie
Fleire deltakarar I messene våre lærer vi om den kristne trua, lovsyng Gud og takkar for livet vårt, og ber for dei vi tenkjer på og som treng vår omtanke. Vi samlast og i fellesskapet kring sakramenta våre dåp og nattverd. I kyrkja vår er det mykje flott å være med på! Likevel: Eg har den siste tida løfta fram ei utfordring til soknerådet; korleis kan vi få fleire deltakarar i messene våre?
energisk samtale med mange innspel. Eg ynskjer å legge ut denne problemstillinga og her i kyrkjebladet, og ynskjer attendemeldingar om det er noko du synest vi bør endra på. Her er det lov å være kreativ og vidsynt! KYRKJA STÅR STERKT Tradisjonelt står kyrkja sterkt i bygda vår, med stor deltaking om dåp og konfirmasjon, i gravferder, og i dei vigslane vi har. Ikkje minst er kyrkjene våre viktige og flotte signalbygg i bygda vår, som tyder mykje for folk. Vi har og messer for borna våre knytt til trusopplæringa vår. Her samlas alle generasjonar, og er særs trivelege! Likevel……. Det er disse messene der det ikkje er noko «ekstra»….
UTFORDRING Dette er ikkje ein utfordring som gjeld berre for kyrkjene våre her i Skjåk; dette er ei utfordring som gjeld heile den norske kyrkja. Det er ulike trekk i tida som gjer at ei vanleg sundagsmesse ikkje trekker mykje folk. Er kyrkja og forkynninga lite relevant? Eller vert bodskapen presentert på ein lite engasjerande måte? Er kyrkja si fastsette liturgi keisam? Er det song og musikk som kan gjerast på ein annan måte? Når vi ikkje fram gjennom marknadsføringa og kommunikasjonen vår? Er det for mange messer?
Vi går nå inn i påsketida, som er ei viktig høgtid i kyrkja vår. Vi fylgjer Jesus Kristus på hans veg til døden og korset, og vi vert reist opp med Kristus til nytt liv på påskedagen; frå det mørkaste mørkret til det mest ljose ljoset. I påska får vi verkeleg peikt på livet vårt, som er gjeve oss av Gud, og vi takkar og lovprisar livet for alt det er verdt.
Ja, det er mange spørsmål vi kan stille kring denne utfordringa. Eg har sortert utfordringa i fylgjande bolkar:
I den flotte salma til Svein Ellingsen vert påska sitt bodskap tyda slik:
1. Innhaldet i messene våre 2. Marknadsføring og kommunikasjon 3. Samlingar utanfor kyrkja som leier opp til sundagsmessene 4. Kyrkja sitt nettverk 5. Tilpassing i kyrkjerommet 6. Andre tilhøve
Døden må vike for Gudsrikets krefter! Livet er gjemt i et jord-dekket frø. Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve. Se, i oppstandelsens lys skal vi dø. Eg ynskjer deg ei flott og gjevande påsketid!
Eg har til no lagt problemstillinga fram for soknerådet, og eg har delt problemstillinga på den siste prestesamlinga vi hadde i prostiet vårt. Blant prestane skapte dette ei 1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
3
KYRKJEKONTORET INFORMERAR
A
lmanakken syner klårt at 2019 alt har brukt opp 3 av sine 12 månader. Vi har passert vårjamndøgn (dag og natt er like lange) med fleire veker og ljoset smyg seg inn både i sinn og skinn. Vi skal snart feire påske og det vert markert i båe kyrkjene våre og på Skjåkheimen. Tradisjonen tru er det messe i Bjørkås i Bråtå palmesundag. Dette er fellesmesse med Lom, slik som det er påskekvelden i Loms kyrkja. INGEN KJENNER DAGEN Året så langt har vore fylt av mangfald, slik det er i det kyrkjelege liv. Fleire sambygdingar har gått burt og nye har kome til. Ingen kjenner dagen, før solen har gått ned er ei strofe frå salma «Lykksalig lykksalig» av Bernhard Severin Ingemann (1841) Dette er ei sannheit som på ingen måte er teken ut av lause lufta. Mange av oss har kjent på kroppen at livet kan endre seg på eit lite sekund. Livsvegen kan brått få både kvasse svingar og bratte motbakkar. SÅ LANGT I 2019 2019 starta med juletrefest og markering av heilage tre kongars messe Nordberg. Nominasjonskomiteen for kyrkjevalet starta arbeidet med å få på plass listekandidatar til Kyrkjevalet 2019 ◆◆ Årets konfirmantleir HEKTA 8-10. februar ◆◆ Misjonsmesse ◆◆ USB leir Dombås ◆◆ Utdeling av 4-års bok ◆◆ Valkurs
JORDTIMEN Vi markerte i år som før, jordtimen 2019 laurdag 30. mars kl. 20:30–21:30. Ein fellesdugnad for miljøet og jordkloda vår.
4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
ÅRSMØTE Skjåk kyrkjelege fellesråd Nordberg kyrkjestugu 5.mai kl. 19.00
ULYKKESMARKERING 8. januar var det ulykkesmarkering for omkomne og trafikkskadde i Oppland fylke. Dette var eit samarbeid mellom Oppland fylkeskommune, Skjåk kommune og Den norske kyrkje. Særskilt takk til: ◆◆ Filip dePresno ◆◆ Another country tysdag (Pål Skjåkødegård, Ola Soglo, Brage Andre Lund og Simen Teigum Slettede) ◆◆ Endre Skjåk ◆◆ Skjåk songlag ◆◆ Pål Svindland ◆◆ 10. klassingane ved Skjåk barneog ungdomskule FØRSKULEUNGAR Årets førskuleungar pyntar påsketre i kyrkjene våre. Dette er ein fin tradisjon og same årskullet vert bedne til fyrsteklasses klubb og 6 års bok på Hausttakk.
MESSE OG MUSIKK PÅ SKJÅKHEIMEN Etterjulsvinteren har det vore utprøvd med messe på Skjåkheimen ein gong i månaden. Dette har vore same sundag som det har vore messe i kyrkja. I tillegg er det musikkstund på Skjåkheimen ein torsdag pr. månad ved Arturas Budvytis. NY KYRKJETENAR I NORDBERG Skjåk kyrkjelege fellesråd har tilsett Jon Runar Kjeken som kyrkjetenar i Nordberg frå 1.april. KYRKJEBLADET Som dykk alt har sett har Kyrkjebladet for Skjåk og Nordberg fått ei endring i utforming, noko vi håpar at dykk som lesarar vert nøgde med. Det er Dmt AS som har teke over produksjon og distribusjon av Kyrkjebladet. Takk til Fjuken som har gjort dette arbeidet ei årrekkje. Kyrkjebladet vert tilgjengeleg på heimesida til Skjåk kyrkjelege fellesråd. Det er fint, med attendemeldingar på kva du som lesar er nøgd eller missnøgd med. Arnborg Teigum Kyrkjeverge
MI SALME
Mi SALME Brit Oline Forberg
Da eg vaks opp, var samling rundt radioen eit viktig bidrag til underhaldning, informasjon og læring. Ønskekonserten var på måndagar, rett etter fjøstid. Begge foreldra mine var glad i musikk, det var derfor ekstra stas med kveldsmaten på måndagskveldane. Særleg hugsar eg godt «Det lysnar i skogen» med Åse Nordmo Løvberg og Robert Levins orkester, og «Broen over Kwai» med Millers kor og orkester. Favoritten min var nok «Broen over Kwai». Trur årsaka til det var at eg spilte trompet i skolemusikken, og kunne identifisere meg med takten og instrumenta. På slutten av femti-talet var salmen «Det er makt i de foldede hender» ein av dei store gjengangarane i nettopp Ønskekonserten. Teksten er skriven av nordmannen Trygve Bjerkrheim, men det var nok svenske Lage Wedins stemme som gjorde denne salmen til ein av dei mest spilte i programmet.
kommentaren til mor mi kvar gong den blei spilt: «Hainn e no ein smørsongar». Ho var i det heile skeptisk til mannlege songarar med pent utsjåande. Den same kommentaren brukte ho òg om Jim Reeves, da han blei eit fast innslag i kveldsstunda litt seinare på 60-talet, med «I love you because». Den andre grunnen til at eg festa meg ved denne salmen, var at Lage Wedin kom til Noreg tidleg på 60-talet på konsertturne, og deriblant til Trøndelag og Melhuskyrkja. Det var ikkje kvardagskost for oss barn å få bli med på konsert utanfor bygda den gongen. Eg var heldig, hadde fleire eldre systrer, og ei av dei tok meg med. Det ble ei minnerik oppleving. Det store kyrkjerommet hadde ein akustikk som ga ei heilt anna oppleving enn å høyre på radio, og både det å sjå denne såkalla smørsongaren i levande livet, og høyre salmen framførd i ei fullsatt kirke, gjorde at den festa seg hos meg.
Denne salmen festa seg hos meg særleg av to grunner. Den eine var
God påske!
Det er makt i de foldede hender Tekst: Trygve Bjerkrheim Det der makt i de foldede hender, i seg selv er de svake og små. Men mot allmaktens Gud du dem vender, han har lovet at svar skal du få.
Du som ber for ditt barn, dine kjære, er i forbønn fra år og til år. Om du tålmodets lekse må lære, himlens bønnesvar engang du får.
Det er svar undervegs, engler kommer med bud. Om det drøyer, det fram dog skal nå. For det lovet jo løftenes trofaste Gud: Kall på meg, og du hjelpen skal få.
Det er makt i de foldede hender, når i Frelserens navn du får be. Og en gang, når du livsløpet ender hvert et bønnesvar klart skal du se.
1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5
NEPAL
Tur til Nepal oktober 2018
HIMALPARTNER Rett etter hausttakk reiste eg til Gardermoen for å møte Inger Gravem og Oddny Aspenes; to kvinner som kvar for seg har nær 30 års erfaring frå arbeid og mange besøk i Nepal. Å reise til Nepal med desse, vert ei reise som garantert går langt utanfor turistløypa. Og slik vart det. Tekst: Kåre Gloslie 6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
På veg til Katmandu
M
ålet var å vitje prosjekt som Himalpartner tek del i i Nepal, men og å vera turist og sjå nokre av dei mange spanande turiststadane i Nepal. Slik vart vi turistar i og kring hovudstaden Katmandu, på jungelsafari i Chitwan nasjonalpark heilt sør i Nepal, og turist i Pokhara, som er den nest største byen i Nepal, og eit viktig utgangspunkt for tracking-turar i dei høge Annapurna-fjella. Vi fekk sjå fjelltoppane som raga over 7 kilometer opp mot himmelen. Eit fantastisk syn! På vår veg vitja vi og ein familie som budde på landsbygda før vi kom til Pokhara. To koner og mange barn; og med to søner som var autistar. Faren i huset var analfabet og arbeidde langt borte, som gatespelar i turiststrøket Thamel i Katmandu. Med lita inntekt og lita hjelp frå det offentlege, var dette ein særs krevjande situasjon for familien. Vi vitja og vasskraftanlegget som Himalpartner bygde i Andikholavassdraget sør for byen Tansen. Her vart turbinane frå det gamle vasskraftanlegget i Mesna ved Lillehammer montert på nytt. Dei fungerte i 25 år, før dei vart så nedslitne at dei måtte bytast ut med moderne turbinar for eit par år sidan. I samband
med dette byggeprosjektet vart det og bygd ein skule for utdanning av mekanikarar og elektrikarar i byen Butwal nokre mil lenger sør. Vi vitja og denne plassen, og fekk sjå eit særs gamaldags skuleanlegg utan moderne data og med skrustikkar så langt auge kunne sjå. Eg mintest metallsløyden, eller det vi kalla «filern», på folkeskulen når eg såg desse klasseromma. Men nå var tida der for å modernisera skulen. Her på denne skulen møtte vi ein ganske gjengs utfordring i Nepal. Elevane som vert uteksaminerte på denne skulen i dag, tek seg arbeid utanlands. Kompetansen flyttar ut frå eit land som mest treng denne kompetansen sjølve. Og i Nepal er det særs mange som reiser ut for å tene pengar til seg og familien.Vi møter mange av desse nepalarane og her i Noreg. Høgdepunktet på turen vår, var ei vitjing i ein landsby der vi budde privat. Inger hadde hatt arbeid som lærar i denne landsbyen, og ho kjente mange der frå tidlegare. Vi fekk sjå inn i ei storfamiliestruktur, der alle hadde si rolle i den daglege arbeidsfordelinga. Og vi fekk sjå eit liv i hus med bambusvegger og stråtak, med matlaging på open eld i ei grue i golvet, og med ei enkel ljospære som gav ljos om kvelden, med straum som kom frå ein solcellepanel. Og der var det og straum til å lade mobiltelefonen! Og på andre sida av dalen kom framsteget; ein ny veg. Alt dei trong for å leve henta dei frå rismarkene og grønsakshagen, og frå husdyra dei sjølv hadde kring seg.
Fra landsbyen i Walung
Då vi reiste frå landsbyen gjekk vi i 5 timar, og reiste med jeep i 3 timar. Turen med jeep var på 3 mil, så hastigheita var ikkje stor på dei særs dårlege vegane. Ein grusveg her i Skjåk vert reine autostradaen i samanlikning! Eit tankekors var det at fyrste gongen Inger vitja landsbyen gjekk ho i tre døgn for å kome dit! Det er mykje meir å fortelja frå denne innhaldsrike turen. Men turen fekk eit etterspel; eg var med på eit seminar i Oslo om mental helse i utviklingsland, som Himalpartner var med å arrangere. Der fekk eg kunnskap om dei store utfordringane knytt til mental helse i verda, og det store gapet mellom behovet for hjelp i dette arbeidet, og kor lite som vert gjeve til dette formålet. Eg vart glad for at kyrkja i Skjåk har eit samarbeid med Himalpartner, som har mental helse blant folk som sitt viktigaste arbeid. Sjå meir om dette arbeidet på internett; www.himalpartner.no. Og gje gjerne eit bidrag! 1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
7
HIMALPARTNER FAKTA
Ein betre skulekvardag Mental helse og næringslivsutvikling er HimalPartners to satsingsområde. Innafor desse overskriftene samlar dei de fleste av sine aktivitetar i Himalaya. Tekst: Terje Holmedahl
I
vår kyrkjelyd har vi spesielt fokus på barn og unge i Nepal. Vi vil vera med og gje barn i Himalaya utdanning og ein god skulekvardag. Skule er kan hende den viktigaste måten å skape utvikling i eit samfunn på. På femtiog sekstitallet blei det stadig meir tydeleg for styresmaktene i Nepal at dei måtte gje gutane utdanning. Det fell saman med oppstarten av paraplyorganisasjonen United Mission to Nepal. Misjonærar frå heile verda var med og underviste barn og unge, og mange fekk eit møte med den kristne tru.
Framleis var det slik at folk flest opplevde det som bortkasta å sende jentene på skulen. Dei var jo berre «til låns» og skulle gjerast til gode koneemne i ein annan familie. Då trong dei inga utdanning. Mor kunne berre lera dei det mest grunnleggjande husarbeidet. Dette er ein av fleire årsaker til at kvinner har hatt så lite å stille opp med når dei blei utsett for utnytting, misbruk og overgrep. Dei hadde ikkje begrep om eigenverdi, dei kjente seg 8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
underdanige og trudde kanskje dei måtte finne seg i alt. Dei siste tiåra har det skjedd veldig mykje med omsyn til skulegang for jenter i Nepal. HimalPartner har vore aktive pådrivarar for å få jenter på skulen og leggje betre til rette for læring. Gjennom prosjektet «Ein betre skulekvardag» stør HimalPartner – og vi - arbeidet som Education Horizon Nepal (EHN) og Early Childhood Educational Center (ECEC) gjer for å lære opp førskule- og småskulelærarar. Det er veldig vanlig å slå ungane og å bruke trusler. Frå gammalt har mange
tenkt at det er den beste måten, - å bokstaveleg tala banka kunnskap inn i ungane. Gjennom å få lærarane til å ta utgangspunkt i elevane, prøve å forstå dei og gjennom å bruke leik vert det skapt ein heilt ny og betre skulekvardag. Og det er mykje meir gøy å vera lærar også. Parallelt med dette arbeider ECEC med å halde kurs for foreldre og omsorgspersonar, så dei betre skal skjøna barnas situasjon. Mange av dei som har delteke på desse kursa, kalla ICDP, seier dei har fått ein heilt anna kommunikasjon og relasjon med barna enn før.
HEKTA LEIR
Tekst: Kari Ørjasæter
I nokre år nå har konfirmantane våre reist på helge-leir i februar i Håkons hall på Lillehammer i regi av HEKTA.
D
ei aller fleste har storkosa seg heile helga, med fyrverkeri, aktivitetar, store show, undervising og litt for lite søvn. Men ungdommane våre reiser ikkje åleine. Sokneprest Kåre er sjølvsagt med, han har ofte vakt i kapellet i hallen og tek del i messa sundag. For å kunne reise på leiren må vi stille med nattevakter, slik at alle har nok vakne, vaksne til å passe på seg. Denne oppgåva har vi på kyrkjekontoret og føresette ofte delt på. Keitt, vil kanskje mange seie, men ei natt i Håkons hall går faktisk ganske fort, og ein har alltid selskap av ein eller fleire andre nattevakter – ein fin måte å bli kjent med nye folk på! Og når Tina Turner sin «Simply the
AKANTUS BLOMSTER
best» ljomar over lydanlegget klokka åtte på morgonen er det ordna så fint at den som ynskjer det, har ei seng å gå til for å sove ut! Vi har ofte eit ynskje om å ha med fleire vaksne på leiren. Det er både sosialt, og vi veit at ein del konfirmantar kjenner seg tryggare når det er med vaksne som dei kjenner litt betre enn vi som arbeider i kyrkja. Ein treng ikkje ta på seg konkrete oppgåver, men det er alltid bruk for ekstra hender på eit så stort arrangement! Ein kan få vera med i helseteam, vera dørvakter, og ikkje minst hjelpe til ved måltida. Det er nokre timar på vakt, og så er ein fristilt mykje av tida. I leiarkantina er det tilgang på mat og drikke heile døgeret, og alltid nokon å prate med. Laurdagskvel-
den er det fest for friviljuge, med god mat og kulturprogram. Eit argument mange føresette har for ikkje å vera med på leir er at konfirmanten deira ikkje ynskjer å ha dei med. Vel, det forstår vi, men erfaringa vår er at vi knapt ser konfirmantane våre i løpet av helga! Men vi er til stades for dei om dei skulle trenge oss, det er den viktigaste oppgåva. Vi vil oppfordre føresette til komande konfirmantar om å vurdere å vera med på leir – det er ei fantastisk flott oppleving! Det er heller ikkje noko i vegen for at ein fadder , onkel eller tante kan få vera med på leir ei helg i februar heller – om dei har lyst!
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671
tlf 97 03 05 96
Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane
Skjåk Turistheim Skeid Kro
Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
epost: sissel@skeidkro.no
Nergård Steinindustri A/S
tlf 61 28 45 45
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
Bismo Tlf: 61 21 40 65 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30
POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest
pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com
1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
KYRKJEVALET
8.–9. SEPT. 2019
KVEN SKAL STYRA KYRKJA VÅR? Det er kyrkjeval (8.) og 9. september 2019. Kanskje skal du stilla til val? Du er invitert til å vera med på å skapa kyrkja i framtida! Kyrkjevalet vert arrangert i eit lokale i nærleiken av der du stemmer ved kommune- og fylkestingvalet. Oversyn over stemmelokale og kandidatar du kan røysta på, finn du på www. kyrkjevalet.no når valet nærmar seg. Frå nettsida kan du frå sommaren 2019 òg lasta ned stemmesetlar. MEIR ENN DU TRUR I Den norske kyrkja er det rom for mange meiningar, men vi står saman om trua på Gud. I trusfellesskapen er det rom for meir enn du trur, og verksemda i kyrkja omfattar meir enn du trur. Ser du nærare på arbeidet med gudstenester, omsut for utsette menneske, dåp og trusopplæring, konfirmasjon og ungdomsarbeid, kor og kyrkjemusikk, vern om skaparverket og mykje meir, vil du oppdage eit mangfald av menneske og tenester. Korleis vil du at kyrkja skal vera? Du har høve til å påverka ved kyrkjevalet. TA ANSVAR FOR KYRKJA DI Kyrkja byggjer fellesskap der du bur. Vi har ansvar for kvarandre. Det står sentralt i kyrkja sitt arbeid. I kyrkja skal det vera rom for alle. Eit stort rom. Høgt til taket. Sterkt fundament. Nye impulsar. Gode tradisjonar. Ulike meiningar. Du trengst til den viktigaste 10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
oppgåva i dagens Noreg: Å skapa sterkare fellesskap i bygd og by. Mange tendensar bryt ned fellesskapet mellom oss. Vi treng å engasjera oss for å motarbeida isolasjon og splitting. Vi må åtvara mot alle teikn som tyder på forakt for veikskap. Vi vil støtte det som fremjar respekt for både skaparverket og for kvart enkelt menneske. Kyrkja di gjev mange høve for ditt engasjementet. I møta med folk i nabolaget ditt kan haldningane dine og handlingane dine utgjera ein stor skilnad. Ved kyrkjevalet skal det veljast 8000 friviljuge til å leia arbeidet til kyrkja. Du kan vere med på noko stort: Sei ja dersom du vert spurd om å stilla til val. Og gje di røyst på valdagen. Vi vil samarbeida for at fleire oppdagar det store og gode ved å gje av si tid til det som byggjer fellesskap. RØYSTERETT Alle medlemmar av Den norske kyrkja har røysterett i kyrkjevalet frå det året dei fyller 15. Du kan røysta på dei personane du ynskjer inn i bispedømmerådet og felles/soknerådet der du bur. Kyrkjevalet finn stad (8.) og 9. september 2019, med førehandsrøysting frå 10. august. Kyrkjevalet vert halde same dag som kommune- og
fylkestingvalet og i nærleiken av dei offentlege vallokala. Alle røysteføre medlemmar av kyrkja få tilsendt eit valkort i posten før 10. august. Der vil det stå kvar ein kan gje si røyst. KANDIDATLISTER Felles/soknerådet skal setja ned ein nominasjonskomité som skal nominera kandidatar. Det er i tillegg høve for andre til å levera inn eigne kandidatlister. Alle kandidatlister er sette opp i prioritert rekkjefølgje. Til dei regionale bispedømmerådsvala vil det finnast lister frå ein nominasjonskomité (som består av éin medlem frå kvart prosti i bispedømmet etter avstemming i eit valmøte der kvart sokneråd sender sin representant), og frå andre nomineringsgrupper. TO VAL Ved kyrkjevalet kan du røysta på kandidatar til og til bispedømmerådet/Kyrkjemøtet. Direkte val på alle dei sju leke medlemmane av bispedømmerådet finn stad samstundes som fellesrådsvalet. Medlemmane av bispedømmerådet er òg medlemmar av Kyrkjemøtet, det høgaste organet i Den norske kyrkje. Bispedømmerådet tilset prestar og enkelte andre tilsette i kyrkja. Kjelde: www.kyrkjevalet.no
Kva gjer soknerådet? Fellesrådet/soknerådet leier verksemda til kyrkjelyden der du bur. Som medlem i fellesrådet/soknerådet kan du ha stor innverknad på dei lokale oppgåvene og utfordringane i kyrkja di. Arbeidet til soknerådet spenner over mange tema – m.a. miljø og rettferd, gudsteneste, musikk, misjon, barne- og ungdomsarbeid, og dessutan jus og økonomiforvalting. Her er nokre døme på soknerådet sitt ansvarsområde: ◆◆ Trusopplæring for alle døypte mellom 0 og 18 år ◆◆ Diakonalt arbeid (omsutstenesta til kyrkja) ◆◆ Gudstenester ◆◆ Kyrkjemusikk ◆◆ Ofringar ◆◆ Utleige av kyrkja ◆◆ Uttalerett ved tilsettingar av prest, prost og biskop ◆◆ Samarbeid med friviljuge ◆◆ Langsiktig planlegging av arbeidet til kyrkjelyden ◆◆ Soknerådet har ein representant i kyrkjeleg fellesråd. Kyrkjeleg fellesråd tek seg av administrative og økonomiske oppgåver på vegne av sokna, og dei opprettar og legg ned stillingar Skjåk kyrkjelege fellesråd har 7 medlemmar og 9 vara medlemmar. Medlemmane har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn og mange er òg aktive på andre arenaer i lokalsamfunnet. I tillegg deltek presten fast på rådsmøta. Soknerådet møtest 2 – 5 gonger i halvåret. Medlemmane er valde for fire år. Ei undersøking blant soknerådsmedlemmer viste at eit stort fleirtal trivst og opplever det som meiningsfylt å vera med i soknerådet. 85 prosent synest vervet er meir eller like tilfredsstillande som dei hadde forventa.
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
10
Ti gode grunnar til å vera med i soknerådet:
1. Du bidreg til å halda lokalkyrkja levande 2. Du vert del av eit kristent fellesskap 3. Du gjer ein viktig jobb for fellesskapet 4. Du kan sørgja for eit trygt og godt fritidstilbod for barn og unge 5. Du får innblikk i og påverkar dei demokratiske prosessane i kyrkja 6. Du får eit nytt nettverk i lokalmiljøet ditt 7. Du kan sørgja for at kyrkja di er ein open og inkluderande kyrkje 8. Du pregar aktivitetstilbodet i nærmiljøet ditt 9. Du får nyttig styrerøynsle som du kan bruka i andre samanhengar 10. Du kan oppdaga nye sider ved deg sjølv
Kjelde: www.kyrkjevalet.no
2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no
Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13
tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter
tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no
1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
11
BARNEDÅP
Foto: Helga Rakstad Haugen
STORT OG SMÅTT
Jo Løkken vart døypt i Nordberg kyrkje 17. mars 2019. Foreldre: Ragnhild og Ola Løkken.
Magnhild Beatrice Ødegård Gjeilo vart døypt i Skjåk kyrkje 24. mars 2019. Foreldre: Ellen Marie Gjeilo og Lars Emil Ødegård. www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80
SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk Tlf: 61 21 36 70
12
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
Theodor Kveum Aamodt vart døypt i Skjåk kyrkje 24. mars 2019. Foreldre: Merete Kveum og Remi Andre Lærum Aamodt.
Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 14 15 47
NORDBERG SOKN Døypte 17. 03.2019 Jo Løkken
Døde Sverre Fallingen f. 16.07.1941 – d. 14.01.2019
Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 14 15 43
Per Banken f. 24.03.1947 – d. 22.01.2019
tlf. nr: 90 95 64 37 / 94 86 22 67 / 90 67 75 63 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Olger Banken f. 19.0.9.1934 – d. 30.01.2019
Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!
Heidi Kristin Bøje f.24.05.1962 – d. 14.03.2019
SKJÅK SOKN
Døypte 24.03.2019 Theodor Kveum Aamodt Magnhild Beatrice Ødegård Gjeilo Døde Jakop Arnestuen f. 19.05.1938 – d. 14.12.2018
Kjellaug Sveen f. 01.11. 1930 – d. 23.12.2018 Aase Liv Gjeilo f. 29.10.1928 – d. 20.03.2019 Liv Brandsarbakken f. 04.06.1949 – d. 24.03.2019
Utdeling av 4-årsbok
På messa den 17. mars var det 7 fireåringar som fekk 4-årsboka i kyrkja. Før messa var dei i kykjestuggu og øvde på songen «Kven har skapt alle blomane» saman med Jovita Būdvytiene, og dei pynta fastelavnsbollar til kyrkjekaffen.
Konfirmantjubileum 2019 I år vert det jubileumsmarkering for dei som var konfirmerte i 1949, 1959 og 1969. Dato for jubileumet vert laurdag 24. august. Da er det messe i Nordberg kyrkje kl. 16.00, med påfylgjande fotografering og sosialt samvær. Komiteen har starta arbeidet, invitasjon kjem i posten!
1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
13
PÅSKEQUIZ 1. Kva år stod Skjåk kyrkje ferdig? 2. Når hadde Nordberg kyrkje 150-årsjubileum? 3. Kva for 7 kommunar grensar Skjåk til? 4. Kven er ny prost i Nord-Gudbrandsdal prosti? 5. Kva er opphavet til namnet Skjåk? 6. Kva var Skjåk kalla til det vart eige prestgjeld? 7. Når er St. Patricks dag feira, som og er Irlands nasjonaldag? 8. Kva slags festmat er svenskane spesielt glade i? 9. Kva dag i påska er heilag i Noreg, men ikkje i Sverige? 10. Kven har skreve boka «Bienes historie»? 11. Kva heiter «bakern» i Lom? 12. Kva heiter forfattaren og advokaten, som og har vore justisminister? 13. Kva er ei oase? 14. Kva er det kjemiske teiknet for vatn? 15. Kven budde i 221 b Baker Street i London? 16. Kva heiter den største planeten i solsystemet? 17. Kor mange spissar har ei Davidstjerne? 18. Kven har måla taket i Det sixtinske kapell? 19. Kor mange brikkar startar ein eit sjakkparti med? 20. Kva manglar ein albino?
Årets tårnagentsamling for 7- og 8 åringar blir i Nordberg kyrkje sundag 5. mai kl. 16.00 med påfylgjande messe kl. 18.00. Invitasjon til agentar kjem i posten – fylg med !
Rakardugnader Nordberg kyrkjegard måndag 6. mai frå kl. 18.00 Skjåk kyrkjegard tysdag 7. mai frå kl. 18.00. Ta med rive og høveleg reiskap. Kaffe og vaflar i kyrkjestugu.
Kyrkjelydstur 2019 Blir i år laurdag 15. juni, saman med konfirmantane våre. Turmålet er Høvringen, med messe på fjellalteret der. Programmet er ikkje heilt fastsett, meir informasjon kjem! Pris pr pers kr. 750 som tidlegare år. Påmelding til kyrkjekontoret innan 1. juni!
Svar: 1. 1752, 2. 2014, 3. Norddal,Rauma,Lesja,Lom,Luster,Stryn og Stranda, 4. Birgitte Bentzrød, 5. Skeidåker(plass til leik, kappestrid), 6. Nordherad, 7. 17.mars, 8. Sild, 9. Skjærtorsdag, 10. Maja Lunde, 11. Morten Schakenda, 12. Anne Holt, 13. Ei vasskjelde i ørkenen, 14. H2O, 15. Sherlock Holmes, 16. Jupiter, 17. 6, 18. Micheangelo, 19. 32, 20. Pigment
14
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
SIDE Finn fem feil!
Jesus venta på dei på stranda med nysteikt brød og fisk. Dei to bileta er nesten like. Finn du dei fem feila på biletet til høgre?
Fargelegg!
Jesus viste seg for læresveinane etter at han hadde stått opp frå dei døde. Peter vart så glad at han hoppa ut av båten!
Hjelp ekornet å finne nøttene! Ekorn er veldig flinke til å gøyme nøtter, men dei er ikkje like flinke til å finne igjen gøymestadane sine. Kan du hjelpe ekornet å finne nøttelageret sitt?
Gje barnebladet Barnas til eit barn du er glad i! Desse oppgåvene er henta frå bladet.
Frisk på gen hvileda
Bestill abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00.
nive Jona i Ni
Jona
og den store fisken 24. februar
yde okbø n Den krinSupersetning kv ne
Supersetning Salme 102,3
4
3. mars
3. februar
27. januar
Matteus 6,33
3
2019 Skjul ikke ansiktet når jeg er i nød. Vend øret til meg, skynd deg, svar når jeg roper!
2019 Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.
1
2
2019 2019 når jeg er i nød. roper!. Skjul ikke ansiktet som gjør deg, svar når jegvisdom
åndskynd kjærlighet og Supersetning ikketilenmeg, Vend ossøret Salme 102,3 For Gud ga som gir kraft, fikk Ånden ing motløs; vi Supersetn us 1,7 2. Timote
ar Vits
Teikningar: Kari Sortland
Kannibalen var på flytur. – Har du lyst til å sjå menyen? spurde flyvertinna. – Nei takk, men eg vil gjerne sjå passasjerlista.
Tre menn snakka saman om merkelege samantreff: – Kona mi las ei bok om tvillingar, og så fekk ho det, sa den eine. – Kona mi las ei bok om trillingar og så fekk ho det, sa den andre. – Hjelp! ropa den tredje. Kona mi sit heime og les Ali Baba og dei 40 røvarane! 1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
15
PÅSKEANDAKT SOKNEPRESTEN
Påske og oppstandelsens håp Korset kan vi fatte. Dødens virkelighet kjenner vi godt til. Men kan vi fatte oppstandelsen?
16
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 1-2019
av Mesteren, og at hun vil ære Ham ved å vaske føttene hans. Senere klamrer hun seg gråtende til korset, og i sorg går hun til graven og får oppleve den oppstandne i hagen. På det neste ikonet i serien ser vi hvordan hun forteller de andre om hva hun har opplevd. Rak og myndig står hun der og forteller at Mesteren lever. Hun har møtt Ham! Hun har opplevd kraften og håpet i møtet med den oppstandne. Påskemorgen slukker sorgen, sier salmen. Og jeg vil gjerne legge til – og skaper mot og håp! Påskens budskap kaster lys over livet og døden, forsoning og kjærlighet, nestekjærlighet og gudskjærlighet. Det folder seg ut i stadig nye nyanser i håpet som får sin sterkeste ramme i Jesus Kristus, som på påskedag viste oss at selv ikke døden kan stå imot kjærlighetens kraft. Med ønske om velsignet påskehøytid!
Foto: Hallvard Bjørkås
At våren kommer snart, det vet vi. Så lenge det er tale om sol og måne, blomster og trær, kan vi være i en grunnleggende tillit til tilværelsen. Men at oppstandelsen fra de døde, og nytt liv angår oss som hendelse, kan det være vanskeligere å tro eller begripe. For kort tid tilbake besøkte jeg Sankt Peter-kirka i Kairo i Egypt. I 2014 var det et terrorangrep her. Det var vondt å se minneplatene med bilder av de 29 som ble drept. Da vi stod utenfor kirkeporten kom ei kvinne bort og pekte på bildet av ei av de drepte og sa at dette var hennes søster. Hun uttrykte sorg og savn i det hun fortalte, og slik ble de døde på minneplata mer enn navn. Dette gjorde et sterkt inntrykk sammen med det som under besøket ellers ble formidlet av tro, håp og tillit til at døden ikke er det siste. I møtet med hun som hadde mistet søstera si, med kirkerommet og minneplatene tenkte jeg på påskeberetninga der mismot og frykt bredte seg blant Jesu venner da han døde. Da han sto opp, vendte motet tilbake. Det sier noe om at Jesu oppstandelse er vårt fremtidshåp, men også en livgivende kraft her og nå. – Frykt ikke! sa engelen ved graven. – Fred! Sa Jesus da han møtte sine venner. Ved besøket i Egypt var jeg også på retreat - og opplæringssenteret Anafora. Etter koptisk tradisjon har de mange ikoner og malerier. I en egen halvsirkel formidles historia om Maria Magdalena. Bildene viser at Maria Magdalena opplever seg sett
Solveig Fiske Hamar biskop