Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg #1 2020

Page 1

KYRKJEBLAD Nr. 2. juli 2020 80. årgang

Skjåk og Nordberg


Nordberg og Skjåk Sokn

MESSEPLAN

Skjåk kyrkjelege fellesråd Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi Moavegen 28 A, 2690 Skjåk

Sundag 21. juni kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Blå Kors.

Skjåk kyrkjelege fellesråd er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 909 56 437

Sundag 28. juni kl. 11.00 Nordberg kyrkje. MOT lokallag.

Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 907 25 062 kare.gloslie@skjaak.kommune.no

Sundag 5.juli kl. 12.00 Sota sæter DNT. Setermesse.

Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 906 77 563 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no

Sundag 19. juli kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til LHL.

Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 948 62 267 / 971 61 560 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no

Sundag 26. juli kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Kirkens bymisjon Trondheim.

Kyrkjetenar Nordberg kyrkje Jon Runar Kjeken, tlf: 913 57 039 jonkjeke@start.no

Onsdag 29. juli kl. 18.00 Lomskyrkja. Felles olsokmesse for Skjåk og Lom.

Kyrkjetenar Nordberg og Skjåk kyrkje Kjell Morten Kveen, tlf: 992 62 691 Organistvikar Eirik Matias Bøe, tlf: 993 67 323 eirboe@gmail.com Trusopplærar Endre Skjåk, tlf: 901 35 738 endre.skjak@skjaak.kommune.no Kyrkjetenar har kontortid etter avtale. Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 970 95 206 monagrim@online.no Kyrkjebladsutval: Elias Sperstad, tlf: 958 35 907 elias.sperstad@skjaak.kommune.no Eli Skjelkvåle, tlf: 975 04 785 eli.skjelkvale@skjaak.kommune.no Lars Kurt Haugen, tlf: 990 07 490 lkurtha@online.no Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 114648 - Merk ”Kyrkjeblad” Ans. utgjevar: Skjåk kyrkjelege fellesråd Kyrkjebladet vert sendt til alle husstandar i Skjåk, som ikkje har reservert seg for reklame. Og under føresetnad av at distribusjon køyrer ruta. Får du det ikkje i postkassa, kontakt kyrkjekontoret. Foto framside: Lars Kurt Haugen

Sundag 2. august kl. 11.00 Garmo gamle kyrkjetomt. Fellesmesse for Skjåk og Lom. Ta med stol. Sundag 16. august kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Skjåk friviljugsentral.

juni – september 2020 Sundag 6. september kl. 10.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Offer til Kyrkjebladet kl. 12.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Offer til Kyrkjebladet Sundag 13. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Offer til Kyrkjebladet. Sundag 27. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Hausttakkemesse. Utdeling av 6-årsbok. Offer til trusopplæring. Andakter på Skjåkheimen: grunna covid19 og smittevernomsyn vert andaktene i skrivande stund lagt ut digitalt på facebooksida til kyrkja. Om situasjonen endrer seg vert det andakter: Torsdag 27. august kl. 12.00 Torsdag 24. september kl. 12.00

Laurdag 29. august kl. 16.00 Skjåk kyrkje. Samtalemesse og konfirmantjubileum. Offer til konfirmantarbeid.

MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja.no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv. www.nettkirken.no og www. kirken.no er åpen for alle, alltid.

Skjåk kyrkjelege liv

www.skjaak.kyrkja.no


SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie

Likeverd Førre veke reiste eg opp til Ove på Sota seter. Eg trong å lufte hovudet, og eg ville snakke med han om kyrkja på Pride. På den fantastisk vakre turen inn på Sota, så ramla og sumarens overskrift inn i hovudet mitt. Det måtte verta temaet likeverd. Nokre gonger er det ikkje så lett å finne ein raud tråd, og nokre gonger tenkjer eg for vanskeleg. Men det spring ein i auga om dagen, at vi menneskjer har problem med å la vær å krenkje kvarandre og skapa utanforskap. Det gjeld temaet rasisme som no er brennaktuelt, og det gjeld forløparen i Me-too bevegelsen, og det gjeld ikkje minst dei skeive sin kamp om å bli akseptert i samfunnet. Også der kom det nyleg nyheiter frå USA; høgsterett i USA har i ein dom uttalt at arbeidsgjevarar ikkje lenger kan seie opp arbeidstakarar berre fordi dei er homofile.

trua vår eg da formidlar. Eg ynskjer å gje gode grunnar til å ta til seg gode haldningar og ein sann og sunn tenking om tilvære for kvar einskilt av oss, og for kvarandre. Erfaringa mi frå fleire år med arbeid innan attføring har lært meg at det bur utroleg mykje i folk. Vi er ikkje like gode på alle område, men vi er alle gode med det vi kan. Og eg snakkar ikkje om haldningar som kruser på overflata, men dei haldningane som sit djupt i oss, og er styrande for korleis vi tenker, talar og handlar.

Også innanfor religion og livssyn har det gått føre seg mykje bruk og misbruk av heilage skrifter. Tolkingar som krenker menneskjer og set dei utanfor. Her i Skjåk er vi godt kjent med at nokre av dei som ikkje er innanfor A4-folden vel å flytte ut av bygda. Meir før enn nå, men eg er ganske viss på at det skjer enno. Kyrkja har og ein trøblete historie, men utviklinga innanfor teologisk forsking og bibeltolking dei siste ti-åra har vært viktig og riktig med fokus på skaparverket og det skapte mennesket. Det er i dag eit meir tydeleg fokus på den kjærleiken Gud ser til sitt skaparverk med. Kvar einskilt av oss blir sett på av Gud med kjærleik og nåde. Vi er Gud sine skapningar, og vi er like mykje verd i Gud sine auge. Vi er født med ulike føresetnader, men vi er likevel lemer på Kristi kropp. Vi har ulike oppgåver, men vi er likevel ein likeverdig del av kroppen. Paulus skriv flott om tenkinga si om Kristi kropp i sitt fyrste brev til kyrkjelyden i Korint.

Med ynskje om ein god og triveleg sumar for oss alle:

Så igjen; sjå på kvarandre med rause og inkluderande blikk, og vær gode mot kvarandre. Om du tenkjer at desse orda er glatte og overflatiske, så tenk og på at motsett så kan det gå på livet laus for dei vi krenkjer og set utanfor.

Å leva, det er å elska det beste di sjel fekk nå; å leva, det er i arbeid mot rikare mål å trå. Å leva, det er i livet å finna det største verd; å leva, det er å vinna til sanning i all si ferd. Å leva, det er å leggja all urett og lygn i grav; å leva, det er som havet å spegla Guds himmel av.

Eg har forkynt om nestekjærleiken med alle dei perspektiv eg berre kan kome på. Og det vil eg fortsette med. Eg ynskjer å formidle gode verdiar og eit sunt og raust syn på våre medmenneske. Det er kjerna i kristen2-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

3


KYRKJEKONTORET INFORMERAR

S

umar, berre ordet gjev forventning om godt vêr, ljose kveldar, avkopling, godt vekste og mykje anna som den ljose årstida inneheld. Etter ei tid der det meste har vore sett på vent og arbeids kvardagen har vore ei utfordring i mange høve. I det kyrkjelege liv er det alle omstende kring gravferd som har vore mest krevjande. At ikkje alle som ynskjer det, kan få ta del i seremoni og ikkje minst å ikkje kunne halde rundt kvarandre, har vore vanskeleg. Retningslinene har endra seg til kvar tid og vi MÅ alle forholda oss til desse og leggje til rette for at omsynet til smittevern vert gjort. Nå når samfunnet sakte opnar att, så må vi alle gjere vårt til dette og ikkje tru at det er over. Dette gjeld og på kyrkjegardane, som har stor trafikk om dagane. Både reiskap, vatningskanner og kyrkjeport er område som alle er i kontakt med. Spritdispensar vert ikkje sett ut på kyrkjegardane, grunna risiko for branntryggleiken. Vil og minne om at det er ikkje kyrkjetenarane si oppgåve å vatne ved gravminner, men graset som er hovudoppgåva. Når Norge vart «stengt ned» så måtte alle i Den Norske kyrkje snu seg fort rundt og melde seg meir aktivt på digitale kanalar, for å nå ut til folk. Denne løysinga har slege svært positivt ut for heile landet. Her i Skjåk har det vore strauma messer sidan 17.mai og vore gjort opptak som har vore sendt i andaktstida på Skjåkheimen. Dette er ei ordning som vil halde fram på ein eller annan måte, og det er gode attendemeldingar på dette. TRUSOPPLÆRAR OG ORGANIST Skjåk kyrkjelege fellesråd er svært glade for å ha fått Endre Skjåk som trusopplærar. Dette er eit samarbeid med Lom om ei 50 % prosjektstilling i førebels eitt år. 4

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2020

Og likeins er det Eirik Matias Bøe som styrer tangentane i kyrkjene våre og har teke over etter Arturas Budyvtis, som har sagt opp stillinga si som organist. Skjåk kyrkjelege fellesråd er glade for at desse er plass i den kyrkjelege stab og ønskjer dei velkomne PLANTER FRÅ SKJÅK GARTNERI I år som tidlegare, har Skjåk Gartneri kome med plantar og det er høve til planting på Nordberg kyrkjegard på ein annonsert dato. Ikkje noko stort frammøte i år, men vi vil prøve neste år og, for å vurdere om tilbodet skal halde fram. Elles så er det ope for å hente ut plantar på Blomefondet, hjå Akantus eller i Skjåk gartneri t.o.m.31.juli kr.75,- pr. gravminne KONFIRMANTAR Konfirmanttida vart noko annleis enn planlagt for årets kull, men det har vore gjennomført ei samling ute, der alle møtte ved Bångråttjønne, grilling, rollespel, vandring om Plasskvee, der kyrkjetenar og organist var på plass med musikk og aggregat. Tema var pilegrim/vandring/bøn /kristen etikk. Turen gjekk vidare til Nordberg kyrkje der samlinga vart avslutta i kyrkja, som alle konfirmantsamlingar gjer. Konfirmantbryllaupet vart gjennomført i Skjåk kyrkje/kyrkjestugu 10. juni der «brudeparet» lova kvarandre evig venskap. Grunna koronatida, var ikkje Skjåk bygdekvinnelag, som bruka å ha ta seg av matsteillet, med på dette i år. Men rumgraut, spekemat og anna som høyrer til var på plass likevel. Til og med tale og anna informasjon om skikkar frå før i ti`n! VEDLIKEHALD Skjåk kyrkjeleg fellesråd har utfordringar på vedlikehald av kyrkjene våre. Det har vorte utarbeidd kon-

troll på lynvernet og ein tilstandsrapport på kyrkjene våre. Vedlikehald på både Nordberg kyrkje og Skjåk kyrkje skal utførast dette året med atterhald om godkjenning av Riksantikvaren, som har det endelege avgjersla om korleis arbeidet skal utførast. Vedlikehald av Skjåk kyrkja: ◆ Utbedre råteskader på sperrer og taktro i tårnet. ◆ Skifte 2-3 råteskadde golvbord oppe i klokketårnet. ◆ Tetting av åpninger mellom taktrobord med tjæredrev og tjære. ◆ Bøte åpninger/skader ved lukene i klokketårnet. ◆ Reparere kopperbeslag og bord på fialene. ◆ Bøting av mønekam mot nord og sør. ◆ Utbedre hjørnekasse mot nordvest på tårnet. Skaden er nedst ◆ på hjørnekassa mot hovudtaket. ◆ Skifte/utbedre noen spon på taket. ◆ Utbedre/skifte botnsvill mot nord på våpenhuset. Botnsvilla mot sør bør også sjekkast nøye. ◆ Tjærebreiing av heile kyrkja, evt tårn og tak som et minimum. Vedlikehald av Nordberg kyrkja: ◆ Spunse hakkespetthull i tårnet, ved inngangen og på porten. Platebitene bør fjernes og hullene spunses med materialer av samme dimensjon som opprinnelig. ◆ Åpningen mellom skifertak og tårnvegg tettes. ◆ Sjekke sinkbeslag på skifertaket og slå inn løs spiker. ◆ Tette åpningen mellom to stokker på sørøstveggen. ◆ Gå over vinduene og skifte sprukne glass, kitting og maling. ◆ Reparere/skifte råteskadde bord/ listverk på porttaket. ◆ Tjærebreie porten. ALARM Det er arbeidd med å få inn pristilbod på nye alarmar til kyrkjene. Det er sjølvsagt eit stort økono-


KYRKJEKONTORET INFORMERAR misk lyft som Skjåk kyrkjelege fellesråd ikkje klarar utan hjelp og støtte frå andre. RIS ELLER ROS Elles så er alle velkomne til å ta kontakt med oss i den kyrkjelege stab om det er ris eller ros eller du berre vil ha ein prat.

LIKEVERD Eit tema som er sterkt framme i alle samanhengar nå og skal vere det heile tida er likeverd og respekt for andre menneskje. Kan uttrykkast på fleir måte, men ein god leveregel er noko som dei fleste av oss, har i ryggmargen frå ein var liten, ver mot andre, slik som du ønskjer at dei skal vere mot deg.

Med ønskje om ein god sumar til dykk alle lesarar av kyrkjebladet, vil eg avslutte med ei strofe frå ein song som Maria Mena syng: Jeg er skjør, jeg kan knuses, jeg er hellig, jeg er ikke perfekt, men jeg er fri. Menneskeverdet er hellig, jeg er hellig – det ønsker jeg at flere av oss kan våge å si. Arnborg Teigum Kyrkjeverje i Skjåk

Mi SALME

MI SALME

Foto: Xxxxx xxx

Denne salma har fyrste verset på latin. Laudate tyder syng lovsang, omnes gentes tyder alle mennesker. Det er ei enkel og stutt salme, men med ei tekst eg synes er stor og kraftfull. Det er ekstra fint når ein hører denne salma flerstemt. Haldis Vange

Laudate omnes gentes Tekst: Taize Laudate omnes gentes, Laudate Dominum. Laudate omnes gentes, Laudate Dominu. Syng lovsang hele jorden, syng lovsang for vår Gud. Syng lovsang hele jorden, syng lovsang for vår Gud. Hans nåde varer evig, hans kjærlighet er stor. Hans nåde varer evig, hans kjærlighet er stor.

2-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

5


FØR I TI´N

Krigen stoppa kyrkjebladet 8.

mai var det nøyaktig 75 år sidan freden kom tilbake til Norge – etter fem lange år med okkupasjon. Markeringa ved Nordberg kyrkje er omtala i denne utgåva av kyrkjebladet. Dei som opplevde krigsåra veit kor vondt og vanskeleg det var. Sensuren låg som eit teppe over landet. Dette fekk også kyrkja merke. Utgjeving av Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg vart stoppa i 1942. I det fyrste nummeret som vart gjeve ut etter krigen i juli 1945, er dette omtala. Den 29. oktober 1942 fekk bladstyraren fylgjande skriv: «Herr politimesteren i Lillehammer. Kulturdepartementet har gitt ordre om at alle menighetsblad straks skal stanse. Jeg har varslet de menighetsblad som jeg har vært i stand til å oppspore, men det er en del som har holdt sig skjult og som jeg har fått rede på. Denne taktikk har naturligvis passet godt for den halvt skjulte politiske virksomhet som de fleste av disse oppbyggende blad har drevet. Jeg er derfor nødt til å be herr politimes-

Det fyrste kyrkjebladet som vart gjeve ut etter krigen kom i juli 1945. teren om å varsle samtlige lensmenn om å ha sin oppmerksomhet henvendt på forbudet og rapportere til mig hvis noe menighetsblad heretter utkommer i lensmannens distrikt.» Brevet er signert W.W. Valle.

Slik gjekk det til at kyrkjebladet vart stoppa i 1942. Etter at det starta opp att i 1945, har bladet vore krydra med mykje god informasjon og mange interessante artiklar. Det var stor iver etter å koma i gang att med diverse arrangement, som til dømes sumarskule som Det norske misjonsselskap saman med Norges kristelege Ungdomsforbund - med god støtte frå lokale kvinneforeiningar - arrangerte i Skjåk 27.–29. juli 1945. Det hadde Marlo skule som base. Av programmet og påmeldinga les vi at deltakarane skulle ta med seg litt sukker, potetmel - og for dei som hadde høve til det - lapskauskjøtt. Bibel, salmebok og sangbok vart dei også oppmoda til å ta med seg. Kontingenten var sett til 15 kroner pluss to kroner i innmeldingspengar.

8. mai i Nordberg Tekst: Kåre Gloslie

Det var i år 75 år sidan fredsdagen etter den andre verdskrigen i 1945. Difor var det i år særs viktig med ei markering ved minnestøtta utanfor Nordberg kyrkje. Nyare generasjonar har ikkje eit forhold til andre verdskrigen, så det er viktig å markere at fred og friheit ikkje gjer seg sjølve. Ordførar Edel Kveen held ei innhaldsrik og flott tale, der ho fortalde om krigshendingane i Skjåk. Ho fortalde og forteljingane om Gudmund Bøye 6

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2020

eie og Saras Partapouli frå bygda vår, som gav livet sitt under krigen. Øystein Tofte hadde tatt den viktige jobben med å samla veteranane frå FN-styrkane. Dei vart rikt representert, og Ståle Bøje og Øyvind Aaboen sto æresvakt ved minnestøtta under seremonien. Slik vart 8.mai ei flott markering òg for veteranane. Lom og Skjåk Brass spelte, og Skjåk Songlag song. Som felles song vart det sunge «Ja, vi elsker dette landet» og «Gud signe vårt dyre fedreland».

Kyrkjeverje Arnborg las diktet «Ja, du store tid 8.mai» av Agnes Tertnes. Etter seremonien vart det servert kaffe og biteti i kyrkjestugu. Det var godt frammøte ved seremonien. Det var godt å kunne vera i lag igjen, etter ei lang tid der alt vart stengd ned på grunn av korona-pandemien. På grunn av dei stramme ramane det var mogleg å få til kring 8.mai markeringa, så vart det bestemt at markeringa av 75-årsdagen for frigjeringa vert fylgd opp på FN-dagen den 24. oktober.


Kyrkjetenaren Kjell Morten Slik varme som det er nå, går det i eitt med vatning og slått. Det kan bli lange dagar. Men eg trivst godt med arbeidet. Tekst og bilde: Elias Sperstad

Kyrkjetenar Kjell Morten Kveen tek ei lita pause i plenklyppinga. Det er steikande varmt. Utan kunstig vatning hadde kyrkjegarden vore brunsvidd etter så mange solrike dagar. Dei store bjørketrea drikk kvar rundt 8001000 liter i døgnet når sommaren er på sitt heitaste. Skjåk kyrkjegard er velstelt. Kyrkjetenaren får velfortent skryt frå både sambygdingar og tilreisande. Det ligg eit solid arbeid bak. Arbeidet er varierande. Kjell Morten er av det hendige slaget, og det kjem godt med når ting skal stellast. Det er ekstra viktig å ha eit godt auge på den flotte kyrkja som vart bygd i 1752. Skjåk kyrkje er Skjåk kommune sin viktigaste kulturskatt.

Kjell Morten starta som kyrkjetenar i april 2017. – Grannekona tykte eg skulle søkje. Da gjorde eg det. Etter mange år som yrkessjåfør tykte eg det var godt å koma ut av lastebilen. Eg var borte mykje, og hadde meir helgearbeid enn

Bismo Bilverksted AS

2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no

2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597

Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13

www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00

Velkomen til triveleg handel!

Skeimo

Skjåk Kjøpesenter

Tlf: 61 21 40 65

SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk

2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no

nå. Nå har eg eit fritt yrke. I tillegg er eg med på litt asfaltlegging i fritida. Fin avveksling, seier Kjell Morten. Som kyrkjetenar møter han folk i sorg og glede. Særleg på fine dagar er det mange som er på kyrkjegarden for å stelle gravene. Det er festaren som er ansvarleg for stell og pynting av gravene. Det er viktig at gravstøttene står godt. Kjell Morten trer meir enn gjerne til i så måte. Han kjem ofte i prat med dei som stikk innom kyrkjegarden. – Det blir gjerne prat om slekt, og da er det greitt å vite litt om det. Her kjem ein i kontakt med folk frå bygda og ikkje minst utfløtte. Det blir gjerne både skjemt og alvor, seier 56-åringen, som er bevisst på ikkje å ta med seg arbeidet heim til Kveen, der han bur saman med sambuar og to bortskjemte kattar.

Tlf: 61 21 36 70

AKANTUS BLOMSTER

Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055

Gravferdshjelpa Lom og Skjåk www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72

Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671

tlf 97 03 05 96

Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no

Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.

2-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

7


STORT OG SMÅTT

KONFIRMANTAR I SKJÅK KYRKJE 2020

Stilig konfirmantbryllaup

Sundag 6. september kl. 10.00 Kari Krogstad Tore Krogstad Gorm Aamodt Holø Sondre Myhren Tea Gustavsen Rakstad Magnhild Hjeltar Alf Tore Forberg Live Galde Tråstad

Det var nesten som eit ekte Skjåk-bryllaup da årets konfirmantkull arrangerte liksom-bryllaup i Skjåk kyrkje.

Kl.12.00: Bård Bårdseng Eilen Aurmo Torbjørn Bustad Jøingsli Sander Kristoffer Sørhage Forberg Oskar Sæther Edvard Haugen Jens Lyngved Jørgen Lyngved

KONFIRMANTAR I NORDBERG KYRKJE 2020 sundag 13. september kl. 11.00 Olve Flækøy Brekk Preben Gjerdet Hannah Biløygard Johansen Vemund Lund Sperstad Henning Storlien

Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no

2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30

8

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2020

Som opptakt til «bryllaupet» framførte bodsmann Endre Skjåk tinglysinga om at det skulle stå eit gjestebod, slik det gjerne vart gjort i gamle dagar. Så tok gjestene plass i kyrkja, og helsa «brurparet» velkomne da dei gjekk opp kyrkjegolvet saman med «forloverane». Sokneprest Kåre Gloslie framførte velvalde ord for dei frammøtte. Organist Eirik Matias Bøe

spelte inn «brurparet», og til salmane. For å gjera ekstra stas på arrangement framførte Lina Brenden og Iselin Aukrust vakkert felespel og sang. Det var ei særdeles fin stund i kyrkja. Etterpå var konfirmantane samla til servering i kyrkjestugu. På grunn av koronapandemien var arrangementet noko amputert. Men triveleg var det for dei som fekk vera med.


Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Tlf. nr. eller SMS: 909 56 437 / 948 62 267 / 906 77 563 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Kontonr. Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 141543 Kontonr. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 141547 Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!

NORDBERG SOKN

SKJÅK SOKN

Døypte 14.06.2020 Kristian Fosstuen

Døde Gerd Brennhaug f. 15.04.1937 – d. 11.01.2020

Døde Torbjørg Tenden f. 24. 09.1926 – d.22.11.2019 gravlagt ved Oppstryn kyrkje

Aud Helene Svare f. 10.07.1934 – d. 24.04.2020

Embjørg Skalmstad f. 11.05.1940 – d. 09.04.2020 Hans Øiberg f. 27.01.1934 – d. 11. 04. 2020

John Sveen f. 03.0.2.1936 – d. 05.05.2020 Kjellfrid Aamodt f. 29.08.1935 – d. 10.06.2020

Magnus Jøingsli f. 17.11.1931 – 26.04.2020 Nils Otto Oftedal Hilsen f.26.03.1936 – d. 26.04.2020

Foto: Tormod Sperstad

BARNEDÅP

Kristian Fosstuen vart døypt av sokneprest Kåre Gloslie i Nordberg kyrkje 14. juni. Her med foreldre Yulia Lobanova og Kjell Inge Fosstuen, storebror og fadrar. 2-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

9


Miniquiz Mini quiz 1. 2. 3. 4. 5. 6. 7. 8.

Kva er ein Olavsstake? I Skjåk har vi Aursjoen. I kva kommune(r) ligg den meir kjende storebroren Aursjøen? Aur, (øyr, ør) er del av mange norske stadnamn, kva tyder «aur»? Kvar i Skjåk finn vi Sjomannssletta? Er salmen «Fager kveldsol smiler» norsk? Kva er ein mitra? Kva for opplysningar om gauken sitt levesett får vi i songen «Jeg gikk en tur på stien»? Kvifor er det ofte raudleg fargespel på himmelen ved soloppgang og solnedgang?

1. Olavsstake er ein markblome vi ofte finn i barskog med mosebotn. 2. Brorparten av Aursjøen ligg i Lesja, resten i Molde kommune. 3. Aur er ei blanding av sand, grus og stein. Ofte brunfarga. 4. Sjomannssletta ligg langs den gamle ferdselsvegen mellom Skjåk og Sunndalen i Oppstryn. Mellom Framrustsetre og Rudberget. 5. Salma er tysk. Norsk tekst av Peter Hognestad. 6. Mitra vert brukt om ulike hovudplagg, bla. det vi i daglegtale kallar bispelue. 7. Gauken legg egg i reira til andre fuglar. «Vi bygger ikke rede,…fru spurv er mor til barna…». 8. Partiklar i atmosfæren bryt ljoset slik at blåtonar vert bøygd bort og raudtonar slepp gjennom. 2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no

KONFIRMANTJUBILEUM 2020 Komiteen for årets konfirmantjubileum er i gang med arbeidet, og har hatt sitt fyrste planleggingsmøte.

YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53 BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80

Jubileet vert markert laurdag 29. august. Invitasjon og informasjon kjem i posten til dei som vart konfirmerte i 1970, 1960 og 1950.

tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no

POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest

pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com

10

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2020

tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no

tlf 61 28 45 45


S ID E

Finn 5 feil

Fargelegg!

David var gjetergutten som Gud valgte til konge over Israel. De to bildene er nesten like. Finner du de fem Tegning: Kari Sortland feilene på bildet under?

Tegning: Kari Sortland

David laget mange sanger som står i Bibelen.

Finn navn på 10 edelsteiner!

Gi barnebladet

I rutenettet under har vi gjemt navnene på 10 edelsteiner. Navnene står fra venstre mot høyre og nedover. Klarer du å finne alle sammen?

S

K

R

Y

S

T

A

P

K

A

O

S

B

E

R

G

Y

F

P

Ø

R

U

B

I

N

D

I

A

M

A

N

T

U

T

R

R

L

U

R

E

R

I

E

O

K

S

M

A

R

A

G

D

M

J

A

T

T

O

P

A

S

P

A

G

A

T

M

U

R

L

E

D

I

A

M

R

A

V

I

T

E

P

P

E

R

L

E

P

Bestill

min Gud er

V

Sånn som du er

GudDe ern stø kjærlighetrste Ufortjent godhet

julegaven

il Gud vere anrde med oss sånn sam somhy vi er? Vil han vere saman med om vi er litt rufsete, sånn oss Eller når vi har rota det som Esel? skikkeleg til? I denne herl 13 ege 27. oktober 2019 Supersetning For Gud ga oss ikke en ånd som finn Esel ut historia 2. Timoteus 1,7 gjør motløs; vi fikk Ånden som gir at kraft, kjærlighet og visdom. kome til Gud vi kan toersønnene De kk akkurat 24. november sånn som Jesus vekens vi er. Supersetn

abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00 Suzy Senior • Estelle Corke

O

Disse oppgavene Sånn som du er hentet er fra bladet.

SÅNN SOM DU ER

I

BARNAS til et barn du er glad i!

opp en sønn

ing

Matteus 6,33

10. november

Supersetning 1. Kor 13,13

8. desembe

29.

13. oktober september

r

Søk først Guds rike og hans rettferdighet så skal dere få alt , det andre i tillegg. 2019

14

Så blir de stående, disse tre: tro, håp og kjærlighet. Men størst blant dem er kjærligheten.

11 12

20192019

15. septe Gud, er i nød. min jeg Herre, når navn. deg,ansiktet dittsvar når jeg roper! mber ing Jeg vilSkjul priseikke æredeg, SØNDA Supersetn skynd og evig g GSSKO til meg, øret hjerte Vend mitt 102,3 LENav hele Salme Supersetnin NORGE 86,12

Supers

etning

Johannes

Salme

Samuel salve r David 15

2019

3,16

For så

16

høyt har Sup ersetnin Gud elske 2019 han g t verden Salme Sønn Sk riven avtror ga sin 86,12 , den enbå Jeg at vil prise Suzpå y ham rne, for deg, Senio , ikke av r • skal hele mitt at hver Herre, min Illusgåt rer Gud, forta hjertden t pt, av men Es telle e og som evig ære Cork ha evig e ditt liv.

10

2019 navn.

VITSER

– Pappa, hvorfor giftet du deg med mamma? – Fordi din mor er en helt spesiell kvinne. – Hvordan da? – Hun var den eneste som ville ha meg.

– Jeg klarer ikke å sove når jeg har drukket kaffe! – Så rart! Med meg er det omvendt: Jeg klarer ikke å drikke kaffe når jeg sover.

2-2020 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg

11


I Skjåk eller Nordberg kyrkje?

Frå 2018 får ikkje kyrkjekontoret lenger fødselsmeldingar tilsendt, og de lyt sjølve ta kontakt med kyrkja om de ynskjer dåp. Dette er grunna nye lov om GDPR (personvern). Fødselsattest for dåpsbarnet lyt og leggast fram.

Kyrkjekontoret i Skjåk ligg i Moavegen 28A (Kraftverkbygget) Vi er og å treffe på telefonnummer: Kyrkjekontoret: 90 95 64 37 Kyrkjelydssekretær: 90 67 75 63 Kyrkjeverje: 94 86 22 67 OPE måndag - fredag kl. 10–14 12

Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2020

Design og layout: DMT Trykk: Hamar Media

DÅP


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.