KYRKJEBLAD Nr. 3. desember 2019 79. årgang
Skjåk og Nordberg
Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Postadresse: Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi bygget Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Kontoret er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 90 95 64 37 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 90 72 50 62 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 90 67 75 63 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjetenarar Kjell Morten Kveen, tlf: 99 26 26 91 Jon Runar Kjeken, tlf: 91 35 70 39 jonkjeke@start.no Organist Arturas Budvytis, tlf: 41 39 73 23 nordbergarthur@gmail.com Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 94 86 22 67 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 monagrim@online.no Kyrkjebladsutval: Gunn Siri Steinveg tlf: 91 55 68 42 Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 Sevald Sperstad, tlf: 48 15 16 19 Design og layout: dmt / Merete Dagsgard Trykk: Hamar Media Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 11 46 48 - Merk ”Kyrkjeblad” Foto framside: Gareth Harper/Unsplash
MESSEPLAN
desember – april 2020
Torsdag 28. november kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen
Torsdag 30. januar kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen
Sundag 1. desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje. 1. sundag i advent. Utdeling av julebok til 3-åringar. Presentasjon av nye Skjåk kyrkjelege fellesråd. Offer til Kyrkjebladet.
Sundag 2. februar kl. 11.00 Nordberg kyrkje
Onsdag 4.desember kl. 19.00 Skjåk kyrkje. Ord og tonar med Edvard Hoem. Sundag 15. desember kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Salmemesse i adventstida. Offer til Himalpartner. Sundag 22. desember kl. 19.30 Skjåk kyrkje. Dåp. Vi syng og spelar jula inn med lokale musikalske krefter. Offer til Skjåk songlag. Tysdag 24. desember kl. 12.00 Juleftasmesse på Skjåkheimen kl. 16.00 Juleftasmesse i Nordberg kyrkje. Offer til Kirkens Nødhjelp. Onsdag 25.desember kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Juledagsmesse. Offer til Kirkens bymisjon Trondheim. Tysdag 31. desember kl. 12.00 Nyårsmesse på Skjåkheimen. kl. 23.00 Lomskyrkja. Felles midnattsmesse for Skjåk og Lom. Sundag 5.januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Heilag tre kongarsmesse med konfirmantpresentasjon. Offer til trusopplæring. Kyrkjekaffe. Sundag 12. januar kl. 11.00 Nordberg kyrkje Sundag 26. januar kl. 11.00 Skjåk kyrkje
2
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
Sundag 9. februar er konfirmantane våre på HEKTA-leir på Lillehammer. Messa frå Håkons Hall vert streama på nrk.no/inn Sundag 23. februar kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Fastelavn og utdeling av 4årsbok. Torsdag 27. februar kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen Sundag 1. mars kl. 11.00 Nordberg kyrkje Sundag 8. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje Sundag 22.mars kl.11.00 Nordberg kyrkje Torsdag 26. mars kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen Sundag 26. mars kl. 11.00 Skjåk kyrkje Laurdag 4. april kl. 12.00 Musikkstund og blomeutdeling på Skjåkheimen. Sundag 5. april kl. 11.00 Palmesundagsmesse i Bjørkås
MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja. no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv.
SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie
Gud er nær! E
ller om eg gjer om påstanden til eit spørsmål: Er Gud nær deg?
Kyrkja har gjort ein undersøking på landsbasis blant medlemane sine, og der kjem det fram at kring halvparten trur på Gud. Slik vil eg anta at det og er i Skjåk. Likevel er det stor oppslutning om dåp, konfirmasjon og gravferd, mens litt under halvparten av dei som gifter seg, gifter seg i kyrkja. Men undersøkinga viser at det å delta i kyrkjelege seremoniar ikkje alltid er knytt til ei tydeleg tru på Gud. Vi har sterke tradisjonar i samfunnet vårt som er knytt til kyrkjelege seremoniar, og som gjer at vi tar del i dei. Som prest i Skjåk er eg særs takknemlig og glad for å ta del i dei store dagane i folks liv. Å holde eit nyfødt og nydøypt barn i armane mine gjer meg inderleg glad! Med barnet i armane mine så held eg på det nye livet, og eg vert djupt takknemleg for det nye livet som er skapt av Gud. I dåpen kjenner eg eit intenst nærvær av Gud!
Det å takke Gud for livet er viktig for meg. Og det er i denne takken trua mi på Gud er forankra. Paulus seier at ”utan kjærleik er vi ingen ting”, men det er vi ikkje utan det skapte livet heller. Å kjenne på livet er for meg å kjenne at Gud er nær meg. For livet er kring meg over alt, og heile tida. Og det er slik at skal eg takka for livet, så er det naturleg å sende takken til Gud, som er livets opphav! Vi går inn i eit nytt kyrkjeår. Det er adventstid, og om nokre veker skal vi feire jul. I denne tida vert vi heile tida minna om Guds nærleik til oss; gjennom radio og fjernsyn, gjennom alt det som skjer i kyrkjene våre, og gjennom det vi gjer i heimen i denne tida. Advents- og juletida er fylt med mykje hygge og trivelege gjeremål. Eg ynskjer at vi alle tar godt vare på kvarandre i tida som ligg framfor oss; at vi er nær kvarandre og gode mot kvarandre, slik Gud er nær oss og god mot oss!
Slik er det og i alle seremoniane eg tek del i; eg kjenner at Gud er nær oss, og eg vert djupt takknemleg for det livet han har gitt oss.
3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
3
KYRKJEKONTORET INFORMERAR
S
idan førre utgåve av kyrkjebladet har mellom anna dette gått føre seg i det kyrkjelege liv i Skjåk og Nordberg ◆ Energimesse v/Aura Kraftstasjon i samband med 100 års dagen til Skjåk Energi ◆ Open kyrkje ◆ Messe på Sota i samband med speidarjubileet ◆ Samtalemesse og konfirmantjubileum i Nordberg kyrkje ◆ Konfirmasjon av 13 flotte ungdommar ◆ Kyrkjeval ◆ Trusopplæringa i Skjåk var i år og til stades på Hausttakk i Skjåkhallen med tilbod om å lage teikning eller anna kunst. ◆ Hausttakkemesse og utdeling av 6 års bok ◆ Messe m/dåp i Øygardsskulen med triveleg mange frammøtte. ◆ Helgemesser i Nordberg og Skjåk kyrkje der alle som har gått burt sidan helgemesse året før, vert nemnde med namn. Ei kvit rose vert lagt i døypefonten og eit ljos vart tent for alle som har gått burt ◆ Ein kveld til ettertanke - alle har nokon vi saknar, som er i tankane våre på slike merkedagar. ◆ Ljos Vaken for 12 åringar ◆ Messer i båe kyrkjene og på Skjåkheimen GÅVER ◆ Gåve frå Slektsstemne Øvre Haave 1880–2001 til Skjåk Blomefond kr. 2.175,◆ Gåve frå nemnda for konfirmantjubileum til Kyrkjebladet kr. 5.924,56
ÅRET SOM HAR GÅTT Julehøgtida er snart her og eit år er snart til endes. Livet har kanskje berre passert for mange og for s umme har livet vore på vent, stoppa opp for så å gå vidare. DEN STØRSTE GLEDA Ikkje gløym kva advent og jul handlar om- alle har vi vel einkvan som vert ekstra glad for ei vitjing eller ein telefon. Vi kan verte ekstra sårbare i denne tida og det kostar så lite og kan bety så mykje, og som kjent så er den største gleda ein kan ha er å gjera andre glad. SKJÅK KYRKJELEGE FELLESRÅD Skjåk kyrkjelege fellesråd vil få takke kvar og ein av dykk som har vore til hjelp på ein eller annan måte i året som snart er passert. Mange gode hender gjer arbeidet lettare. Skjåk kyrkjelege fellesråd vil og få rette ein takk til Skjåk Helselag. Helselaget har gjeve to gilde utebenkar til kvar kyrkjegard. Produsert av Dei gode hjelparane i Skjåk kommune. KYRKJEKONTORET TAKKAR Kyrkjekontoret vil rette ein stor takk til medlemmane i Skjåk kyrkjelege
fellesråd 2015–2019, det har vore ei glede og samarbeidd med dykk. Vi ønskjer alle i det nye Rådet velkomne og ser fram til samarbeidet 2019–2023. Til stor glede vart Aud Jotun, Mona Haugen Grimstad og Robert Kvålshagen med vidare i ei ny periode. KYRKJENE Det er mange utfordringar i åra som kjem, både med tanke på endringar i lovverk og alt som høyrer det kyrkjelege livet til. Det har m.a. vore utført ein tilstandsrapport på båe kyrkjene dette året og det er behov for løyvingar for å få gjort naudsynt vedlikehald. DIKT Avsluttar med ord frå Jan Magnus Bruheim, eit dikt til ettertanke i desse «handelstider». Det likaste får ein ikkje kjøpt for skilling. Ønskjer alle lesarar ei god advent og julehøgtid og velkomne til kyrkja. Arnborg Teigum Kyrkjeverge
MANGT KAN DU GREIE DEG UTAN Mangt har du bruk for. Mykje må røynast før dagen er all. Mangt kan du greie deg utan. Men utan menneskevarme blir verdi for kald. Jan-Magnus Bruheim
4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
MI SALME
Foto: Mona Grimstad
Mi SALME Elin Rø Krogstad
Salmeboka er full av vakre salmar som kan nyttast i sorg og glede. Den famnar alle, den einskilde, dyra og blomane. Ja, heile skaparverket. Eg valde meg ”Deilig er jorden”. Den høver godt no like innunder jul. Men den er ikkje berre ein julesong. Ein kan syngje den heile året. Eg elskar å syngje i lag med andre, og eg har hatt mange fine år i lag med Skjåk songlag. Når koret like før jul står oppstilte i koret i Nordberg kyrkje, då er det høgtid. Ekstra flott er det når kyrkjelyden og ”brassbandet” smeltar saman med koret. Det er den eine gongen i året at songen brusar, augo vert blanke, og vi kjenner på at det godt å vere i lag.
du kjenner ei stor glede å få vere ein del av denne fellesskapen. Ein salme må gje ein eit håp som kan lyfte ein ut av kvardagen. Når salmediktaren seier at jorda er god, så seier eg meg samd i det. Når han seier i neste verset at slekt skal ”Følgje slekters gang”, så trur eg på at det er håp for framtida. Eg er ikkje blind for at vi er flinke til å øydeleggja den vakre jorda vår, men dei gode kreftene vil sigre. Englane song om håpet om fred. Håpet er noko av det viktigaste vi har. God jul
Denne salmen er vorte eit fast innslag som avslutning på ulike julekonsertar. Alle reiser seg og syng, for denne salmen kan dei fleste. Plutseleg kjenner du eit fellesskap med ukjende menneske, og
Deilig er jorden Tekst: B.S. Ingemann Deilig er jorden. Prektig er Guds himmel Skjønn er sjelenes pilgrimsgang! Gjennom de fagre riker på jorden Går vi til pardis med song.
Tider skal komme, tider skal henrulle. Slekt skal følgje slekters gang. Aldri forstummer tonen frå himmelen. I sjelens glade pilgrimssang
Englene sang den først for markens hyrder; skjønt frå sjel til sjel det lød: Fred over jorden, menneske, fryd deg. Oss er en evig Frelser født.
3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5
KYRKJEVALET
8.–9. SEPT. 2019
RESULTATET AV KYRKJEVALET 2019 RESULTATET AV KYRKJEVALET 2019 Desse vart valde inn i Skjåk kyrkjelege fellesråd 2019 – 2023 FRÅ SKJÅK SOKN:
Faste medlemmar: Mona Haugen Grimstad Robert Kvålshagen Aud Jotun Varamedlemmar: Lars Kurt Haugen Jostein Hole Marte Løkken Knut Arne Olstad
FRÅ NORDBERG SOKN:
Faste medlemmar: Bjørnar Knutsødegård Stenersen Magnhild Teigum Eli Skjelkvåle Varamedlemmar: Tormod Sperstad Oda Jonsdotter Brennhaug Roy Olav Lund Olav Synstnes
Det nye rådet vert presenterte 1. sundag i advent i messa i Skjåk kyrkje kl. 11.00.
Juletrefest for store og små i Bjørkås grendahus. Laurdag 28. desember (4. juledag) Kl. 12-15 Ein frå kvar heim tek med mat. Utlodding. Alle hjarteleg velkomne!
Vi syng og spelar jula inn Sundag 22.desember kl. 19.30 i Skjåk kyrkje
RESULTAT FRÅ BISPEDØMEVALET HAMAR BISPEDØME Trond Rønning - Bønnelista Inger Margrethe Kragh Nyhus - Nominasjonskomiteens liste Iselin Vistekleiven - Nominasjonskomiteens liste Gunhild Tomter Alstad - Åpen folkekirke Finn Ragnvald Huseby - Åpen folkekirke Lisbeth Sydbøge - Åpen folkekirke Lars Erik Flatø - Åpen folkekirke Thomas Tinglum - Prestenes representant Gunnstein Endal - Representant for leke kirkelig tilsatte Solveig Fiske - Biskop
6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
Vi syng og spelar jula inn saman med lokale musikalske krefter, Lom og Skjåk Brass og Skjåk songlag.
Julekaffe Skjåk Bygdekvinnelag inviterar til julekaffe på Skjåkheimen 4. juledag, kl. 12 Alle hjarteleg velkomne!
LESERBREV
Bekker små Vi er mange som lever hektiske liv. Vi planlegger fremover og har mye vi skal gjøre, men stopper vi opp og lever i øyeblikket, eller jager vi bare det som kommer? Og når det da kommer, er vi da i gang med å jage det neste?! Travle liv og hektisk tid, men hva med felles tid! La oss bli flinkere til å eie øyeblikkene sammen. Stoppe, lytte, bekreft, ta til seg. Ikke de store øyeblikkene, men de små. De små øyeblikkene som er som bekker å regne, som samler seg til et vann av opplevelser og minner vi kan speile oss i. De små øyeblikkene som ligger i det vi kaller hverdagen. Ta vare på dem og bidra til at andre sin hverdag også blir fylt med bekker, så de også har et vann de kan speile seg i. I julen er mange flinke og gir av seg selv for at andre, og en selv skal ha det godt. Slutt for all del ikke med det, men glem nå heller ikke hverdagen og øyeblikket. Både for deg og de rundt deg. Jo-Andre Sperstad Fjeld, Skjåk Friviljugsentral
3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
7
Frilufts-og speidarmesse på Sota Fyrste helga i august vart det markert at det var 70 år sidan verdsspeidarleiren Rover Mood vart arrangert i Skjåk. Under speidarleiren i 1949 deltok 2500 roverspeidarar frå 42 nasjonar. Markeringa i august gjekk føre seg i Bismo og vart avslutta med frilufts-og speidarmesse på tunet ved Sota Sæter DNT. Mykje folk hadde funne vegen til Sota denne fine sommardagen.
Foto: Sevald Sperstad.
Energimesse ved Aura kraftstasjon I høve Skjåk Energi sitt 100-årsjubileum, vart det halde energimesse ved Aura kraftstasjon. God stemning i sola, med ord og tonar frå Kåre Gloslie og Arturas Budvytis.
Attpålag for konfirmantane
Foto: Kari Ørjasæter
Full fart og god stemning da årets konfirmantkull hadde sitt attpålag på gocartbana i Botn i september. Ein stor takk til NMK Skjåk for tilrettelegging og Billingen Seterpensjonat for god traktering!
Foto: Mona Grimstad
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no
Bismo Bilverksted AS www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72
2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no
8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
tlf 90 68 81 13
tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter
Ord og tonar v/Edvard Hoem Skjåk kyrkje 4.12.kl.19.00 Velkomne til å møte salmediktaren og forfattar Edvard Hoem. Her vil han fortelje og halde foredrag. Det vert song av salmane han har skrive og foredrag om Bibelen, som er årets bok. Utstilling av gamle biblar. Skjåk Songlag tek del Inngang kr. 200,- inkl.servering Arr. Skjåk kyrkjelege fellesråd
Edvard Hoem (f. 1949) debuterte i 1969 og har sidan vore svært produktiv som romanforfattar, dramatikar, salmediktar og Shakespeare-gjendiktar. For Kjærleikens ferjereiser (1974), Prøvetid (1984), Ave Eva (1987) og Mors og fars historie (2005) vart han innstilt til Nordisk Råds litteraturpris. For Mors og fars historie mottok han Melsomprisen og Petter Dass-prisen, og han vart òg innstilt til Kritikerprisen. I 2007 gav han ut den kritikerroste Faderen. Peder Bjørnson forsvarer seg. Frå 2009-2013 gav Hoem ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band: Villskapens år. Bjørnstjerne Bjørnson 1832–1875 (2009), Vennskap i storm. Bjørnstjerne Bjørnson 1875–1889 (2010), Syng mig
hjæm. Bjørnstjerne Bjørnson 1890–1899 (2011) og Det evige forår. Bjørnstjerne Bjørnson 1899–1910 (2013). I 2011 vart Hoem tildelt statsstipend og i 2013 fekk han Språkprisen. I 2014 gav Hoem ut Slåttekar i himmelen, første band i den bestseljande romanserien om slekta frå Romsdal. Dei fire bøkene, Slåttekar i himmelen (2014), Bror din på prærien (2015), Land ingen har sett (2016) og Liv andre har levd (2017), har eit opplag på over 300.000. Den kritikerroste Jormor på jorda. Huset under Blåhammaren er eit forspel til serien, og kom ut i 2018 til strålande kritikkar. Romanen bygger på Jordmor på jorda (2008), ein roman som blei skriven på oppdrag frå Den norske jordmorforening. 3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
KONFIRMANTAR
Konfirmantar 2019
Nordberg kyrkje
Framme frå venstre: Helene Rustad, Helene Teigum Østengen, Robin Randen Bak frå venstre: Sokneprest
Kåre Gloslie, Markus Dam, Geir Edu Mejorada Øyberg, Bjørn Risheim
Skjåk Kyrkje
SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk
Alle foto: Lars Kurt Haugen
Framme frå venstre: Hayla Kjeken, Paula Gerianne Kjeka, Silje Andersbakken, Sigrid Visdal Bak frå venstre: Sokneprest Kåre Gloslie, Pål Skjåkødegård, Jonas Sveen Andreassen, Filip Garcia dePresno
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53
Tlf: 61 21 36 70
tlf 61 28 45 45
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80
POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest
pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com
10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
Alle foto: Lars Kurt Haugen
50-årskonfirmantar
Fremst frå venstre: Kari Marie Heggerusten Håndå, Jorunn Berger Sandbu, Embjørg Heggerusten Fallingen, Haldis Auale Mork, Anna Aaboen Bruland, Gyda Austin, Synnøve Bismo Dagsgard og Aud Jorunn Brustugun Sperstad. 2. rekkje frå venstre: Per Volden, Bjørn Dalen, Thor Helge Morken, Tor Spilling, Oddveig Teigum Rundtom, Gro Sissel Sveen Moan, Helge Forberg og Arne Bergon. Bak frå venstre: Ivar Risheim, Odd Arve Rakstad, Odd Ivar Bakken, Ragnar Storlien, Arve Bakken og Odd Jostein Bøhle.
60-årskonfirmantar
Fremst frå venstre: Alfred Teigum, Marit Brekkum, Mary Signe Nygjerdet, Liv (Brennhaug) Dagsgard, Liv (Åmodt) Moen, Gunnvor Bøyeie, Ingrid (Hidemstrædet) Nyhus, Jorunn (Falling) Ramstad, Sigrun (Tuna) Åmodt, Anna Kjellfrid Eide og Kjell Mork. 2. rekkje frå venstre: Ragnhild Sigrun (Ramstad) Tallerås, Liv Pauline (Hosar) Stokstad, Kari (Ramstad) Skjåk, Gunhild (Banken) Midtli, Mari (Tøfte) Gjeilo, Liv Eldbjørg (Kirkeby) Jensen, Oddveig Rønnaug (Bustad) Yttre, Magnhild (Ødegård) Edvardsen, Arnfrid Austin, Målfrid (Forberg) Østhagen, Tora Sperstad, Marit (Kveum) Dalsheim, Liv Gunnhild Håve, Anna Eline (Forberg) Vestheim, Anna (Blikken) Tråseth, Anna (Lund) Runningen og Ingeborg Marthe (Lund) Flaen. Bak frå venstre: Ivar Aaboen, Jarle Skamsar, Per Forberg, Nils Bjerkan, Per Hagen, Ingar Aaboen, Oddbjørn Lien, Torkjell Teigen, Kristen Holø, Ivar Hove, Ola Plassen og Torvald Ramstad.
70-årskonfirmantar
Frå venstre: Mathias Bruheim, Olga Hosar Nyhus, Marie Brumillom Risheim, Aase Målfrid Forberg Sperstad, Marit Rikke Ulen og Jakop Moen. 3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
11
STORT OG SMÅTT
Foto: Mona Grimstad
Foto: Mona Grimstad
BARNEDÅP
Dåpsbarnet heiter Elly. Stolte foreldre er Silje Kalland Nærø og Knut Roger Aamodt.
Dåpsbarnet Agna Kristine vart døypt i Øygardsskulen 20.10.19. Stolte foreldre er Veronica Westli og Svein Rune Letrud Moen.
12
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
29.09.19 vart Jonas døypt. Stolte foreldre er Hege Katrin Falling og Kjell Tore Bergh Lande.
Foto: Mona Grimstad
Foto: Einar Banken
Foto: Tom Erik Solstad
Dåpsbarnet heiter Marius Vegard. Stolte foreldre er Charlotta Ericsson og Frode Aaboen.
Dåpsbarnet heiter Mari. Stolte foreldre er Ella Bøe Mølmen og Kristen H. Dagsgard
Frå vogge til grav
Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 14 15 47 Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 14 15 43 tlf. nr: 90 95 64 37 / 94 86 22 67 / 90 67 75 63 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!
NORDBERG SOKN
SKJÅK SOKN
Døypte 22.09.2019 Elly Aamodt Mari Mølmen Dagsgard Marius Vegard Ericsson Aaboen
Døypte 22.09.2019 Ingvild Breie Solheim – døypt i Herad kirke, Gol
Vigde 10.08.2019 Oda Jonsdotter Brennhaug og Ola Hagen
31.08.2019 Agnes Lykre og Håkon Bøe Mølmen Døde Oddveig Gunvor Plassen f. 24.04.1930 – d. 12.06.2019 (retting frå førre nr)
Margrete Kveum f. 17.01.1929 – d. 17.06.2019 Ingrid Ødegård f. 01.02.1948 – d.17.07.2019 Kari Lillian Skjåkødegård f. 09.10.1952 – d.16.07.2019
29.09.2019 Jonas Falling Lande 20.10.2019 Agna Kristine Westli Moen – døypt i Øygardsskulen Vigde 03.08.2019 Laila Arnestuen og Tor Inge Bårdseng Døde Alma Teigen f. 30.06.1926 – d. 16.08.2019
Ragna Marie Sperstad f. 29.01.1939 – d. 25.08.2019 Anne Petra Solibakke f. 27.04.1944 – d. 26.09.2019
Ingeborg Langleite f. 19.09.1930 – d. 16.08.2019 Amund Melvin Fosttuen f. 21.01.1936 – 29.08.2019
NYTT FRÅ TRUSOPPLÆRINGA ADVENTSHELSING TIL TREÅRINGAR FØDT I 2019 1.sundag i advent, sundag 1. desember er alle som fyller tre år i 2019 inviterte til å kome til kyrkje og få ei lita adventshelsing til å korte ned ventetida til jul med, ei klistremerkebok med juleforteljinga i.
PRESENTASJON AV KONFIRMANTAR Sundag 5. januar kl. 11.00 er det messe i Skjåk kyrkje. Der vil dei nye konfirmantane våre bli presenterte for kyrkjelyden og få sin eigen bibel.
FASTELAVN OG FIREÅRSBOK Sundag 23. februar feirar vi fastelavn og deler ut fireårsboka. Invitasjon kjem i posten!
3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
13
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671
JULEQUIZ
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
Bismo 1. Kven har skreve «Nordnorsk julesalme»? 2. Kva julekake likar flest nordmenn best (iflg undersøking)? 3. Kor mange julegryter har Frelsesarmeen rundt i landet før jul? 4. Kor mykje pengar blir innsamla i dei? 5. Kva to sitrusfrukter er klementinen krysning av? 6. Kven syng inn jula kvart år i ei av kyrkjene våre? 7. Kven syng inn jula på NRK juleftan kl 1700? 8. Kva slags nøtter er det i waldorfsalat? 9. Kven sa «Olaf, æ står under misteltein»? 10. Kven skreiv boka «Hel ved»? 11. Kva er ein Hyacinthus orientalis? 12. Frå kva tørka frukt kjem svisker? 13. Kva slags krydder er det i surkålen? 14. Kor mange spissar har ei Davidstjerne? 15. Kva heiter Super Marios bror? 16. Kva kallast tårnet i ein moske Der bønneropet blir gjort? 17. Kva år fall Berlinmuren? 18. Kva år hende månelandinga? 19. Kva heiter leiaren i kvinnenettverket LOS? 20. Kva heiter vår nye ordførar?
Tlf: 61 21 40 65
AKANTUS BLOMSTER
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
tlf 97 03 05 96
Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting.
Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no
2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30
Svar: 1. Trygve Hoff, 2. Krumkake, 3. Ca 180, 4. Ca 30 millionar, 5. Mandarin og pomerans, 6. Skjåk songlag, 7. Sølvgutane, 8. Valnøtter, 9. Gjertrud Sand (The Julekalender), 10. Lars Mytting, 11. Ein svibel, 12. Plommer, 13. Karve, 14. Seks, 15. Luigi, 16. Minaret, 17. 1989, 18. 1969, 19. Brit Oline Forberg, 20. Edel Kveen
14
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
SIDE Finn fem feil!
Ein engel viste seg for Josef i ein draum. Den fortalde Josef at barnet i magen til Maria var Guds son. Teikning: Alessandro Coppola
Fargelegg! Jesus vart fødd i ein stall i Betlehem.
Finn vegen til stjerna! Finn du vegen frå trestammen og heilt opp til stjerna i toppen av juletreet?
Gje barnebladet Barnas til eit barn du er glad i! ive Jona i Nin
Desse oppgåvene er henta frå bladet.
Frisk påagen hviled
Jona
og den store fisken 24. februar
Supersetning Salme 102,3
Bestill abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00
4
Matteus 6,33
Supersetnin s 1,7 2. Timoteu
g
Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.
e 2
1
Supersetning Salme 102,3
27. januar
2019
Supersetning
yd okbø Den krinnen kv
3. februar
3
2019 Skjul ikke ansiktet når jeg er i nød. Vend øret til meg, skynd deg, svar når jeg roper!
3. mars
2019
når jeg er i nød. Skjul ikke ansiktet svar når jeg roper! skynd deg,2019 Vend øret til meg,
gjør et og visdom. en ånd som ga oss ikke som gir kraft, kjærligh For Gud fikk Ånden motløs; vi
Vitsar – Kan eg få hund til jul, pappa? – Nei, i år blir det ribbe, som vanleg!
Teikning: Francesca De Luca
– Kvifor sit du i fengsel? – Eg starta julehandelen litt for tidleg. – Ein kjem vel ikkje i fengsel for det? – Dersom ein startar før butikkane opnar, så … 3-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
15
HAMAR BISPEDØME
Kim, alle klokker! Jula ringes inn. Ut over by og land høres tonen som salmedikteren Grundtvig formidler: Julen er kommet med solhverv for hjertene bange. Dette er et glederikt bud. Håp, trøst, mot og gnist til hjertene bange.
16
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 3-2019
Jula er ei annerledes tid. Ei tid som er overskridende i tid og innhold. Kristi kjærlige lys holder oss fast i sannhet og håp. Juleevangeliet setter oss nær til naturen, livet, skaperkreftene og til tidligere generasjoner, de som er gått ut av tida før oss. Våre forskjellige tradisjoner knytter oss sammen med det som var og det som er. Vi inviteres til å synge julens mysterium med englene: Ære være Gud i det høyeste og fred på jorden blant mennesker som Gud har glede i! Jesusbarnets livgivende og trøstefulle nærvær er midt i blant oss. Velsignet julehøytid ønskes dere alle!
Foto: Hallvard Bjørkås
Grundtvig skrev det slik midt på 1800-tallet. Livet var sammensatt den gangen som nå. Men det skjer noe stort og vakkert med barnet som fødes. Det er som når dører mot alle odds stilles på gløtt i en vanskelig situasjon der gode løsninger ikke uten videre er tydelige. Her er vi i nærheten av budskapet om Jesusbarnets livgivende og trøstefulle nærvær midt i blant oss. Julebudskapet er brakt videre gjennom generasjoner. Dynnasteinen på Hadeland fra tidlig på 1000-tallet formidler hvordan juleevangeliet er brakt videre. Bildescenene som er risset inn, viser ingen majestetisk guddom, men et nyfødt barn som blir tilbedt. Vi ser Betlehemsstjerna i toppen, stallen med Jesusbarnet og Maria og de hellige tre konger som kommer ridende. De kommer for å tilbe Jesusbarnet og blir påminnet Guds nærvær. Mennesker hører sammen på tvers av geografi og tid. Sammen minnes vi om å rekke og gi hverandre handa og uttrykke vilje og ønske om å bygge felles fremtid. Felles fremtid i et grensesprengende fellesskap med rettferdighet lokalt og globalt.
Solveig Fiske Hamar biskop