KYRKJEBLAD Nr. 2. juni 2019 79. årgang
Skjåk og Nordberg
MESSEPLAN Laurdag 22. juni kl. 12.00 «Energimesse» ved gamle Aura kraftverk i samband med Skjåk Energi sitt 100-årsjubileum.
Nordberg og Skjåk Sokn Skjåk kyrkjelege fellesråd Postadresse: Kommunehuset Moavegen 30, 2690 Skjåk Kontoradresse: Skjåk Energi bygget Moavegen 28 A, 2690 Skjåk Kontoret er ope kvar dag kl. 10.00-14.00 Mobil: 90 95 64 37 Sokneprest Kåre Gloslie tlf: 90 72 50 62 kare.gloslie@skjaak.kommune.no Kyrkjelydsekretær Kari Ørjasæter tlf: 90 67 75 63 kari.orjaseter@skjaak.kommune.no Kyrkjetenarar Kjell Morten Kveen, tlf: 99 26 26 91 Jon Runar Kjeken, tlf: 91 35 70 39 jonkjeke@start.no Organist Arturas Budvytis, tlf: 41 39 73 23 nordbergarthur@gmail.com
Sommaropen kyrkje Nordberg Onsdag 26. juni kl. 12.00–15.00 Organist Arturas vil spele musikk i opningstida. Sundag 30. juni kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Mental helse Ottadalen. Sundag 7. juli kl. 11.00 Garmo gamle kyrkjetomt. Felles messe Lom & Skjåk. Sommaropen kyrkje Skjåk Onsdag 10. juli kl. 12.00–15.00 Organist Arturas vil spele musikk i opningstida. Sundag 22. juli kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til Kirkens familierådgivningkontor.
Kyrkjeverje Arnborg Teigum tlf: 94 86 22 67 arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Sommaropen kyrkje Nordberg Onsdag 24. juli kl. 12.00–15.00 Organist Arturas vil spele musikk i opningstida.
Leiar i Skjåk kyrkjelege fellesråd: Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 monagrim@online.no
Sundag 28. juli kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til trusopplæring.
Kyrkjebladsutval: Gunn Siri Steinveg tlf: 91 55 68 42 Mona Haugen Grimstad tlf: 97 09 52 06 Sevald Sperstad, tlf: 48 15 16 19
Måndag 29. juli kl. 18.00 Lomskyrkja. Felles olsokmesse for Lom & Skjåk.
Design og layout: dmt / Merete Dagsgard
Sundag 4. august kl. 11.00 Frilufts- og speidermesse på Sota sæter DNT. Messe i samband med markeringa av jubileet for verdsspeidarleiren.
Trykk: Hamar Media Abonnere på kyrkjebladet Innanbygds: Friviljug kontingent Utanbygds: Kr. 150,- pr. år Kontonr: 2085.07.45170 Vipps: 11 46 48 - Merk ”Kyrkjeblad” Foto framside: Unsplash.com
Sundag 11. august kl. 18.00 Vandring med undring langs kulturstigen på Aursjoen. Oppmøte Viahø. Laurdag 24. august kl. 16.00 Nordberg kyrkje. Samtalemesse og konfirmantjubileum. Offer til konfirmantarbeid.
2
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019
juni – november 2019 Torsdag 29. august kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen. Sundag 1. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Offer til Kyrkjebladet. Sundag 8. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Konfirmasjonsmesse. Offer til Kyrkjebladet. Sundag 22. september kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe med dåp. Torsdag 26. september kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen. Sundag 29. september kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Offer til Norsk Folkehjelp. Sundag 6. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Hausttakkemesse. Utdeling av 6-årsbok. Offer til Kyrkjebladet. Kyrkjekaffe. Sundag 20. oktober kl. 11.00 Øygardsskulen. Offer til årets TV-aksjon. Kyrkjekaffe. Sundag 27. oktober kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Offer til Himalpartner. Torsdag 31. oktober kl. 12.00 Andakt på Skjåkheimen. Sundag 3. november kl. 18.00 Skjåk kyrkje. Helgemesse. Kl. 20.00 Nordberg kyrkje. Helgemesse. Sundag 17. november kl. 11.00 Skjåk kyrkje. Messe for forfylgde kristne. Offer til Stefanusalliansen. Sundag 24. november kl. 11.00 Nordberg kyrkje. Messe Lys Vaken. Offer til trusopplæring. MED ATTERHALD OM ENDRINGAR! Fylg med på heimesida vår www. skjaak.kyrkja. no, Skjåk kommune sin kalender eller på facebook-sida vår, Skjåk kyrkjelege liv.
SOKNEPRESTEN Kåre Gloslie
Doggmorgon Gleda vekte meg ein morgon så eg måtte ut å gå. Og det skein og lyste mot meg glitredogg på blom og strå. Blank forundra laut eg stane, for eg tykte eg fekk sjå i det grøne glitregraset deg eg gjekk og tenkte på. Himlen var så blå av lukke, stråla liksom smilen din. Blomen var som augo dine, slik dei skein i hugen min. Da eg satt og skreiv på ein bryllaupstale no, så kom eg over dette vakre diktet av Jan Magnus Bruheim. Han skriv på ein framifrå måte korleis vi kan tenke godt om kvarandre. Tenk deg den gode tanken «å skine i hugen til einannan»! Vi lever i ei tid der det er mange trådar som leier oss i den stikk motsette retninga. Der alt for mange menneske høgg laus på kvarandre med negativiteter, er nedlatande og mobbande, og ynskjer kvarandre alt vondt. Ei setning som går igjen er: «det er heilt utroleg at folk kan te seg slik»! Dette har vorte eit utsegn som mister si kraft for tida, for den vert gjentatt gong på gong av dei som ynskjer å vera meir ansvarlege. Vi har aldri vore så kunnskapsrike som no, vi har det materielt utroleg godt, vi har alle tilhøve til å vera takknemlege og rause overfor kvarandre. Likevel….. Internett, media og politikk har vorte ei giftig miks som nyttes til å halde folk nede av dei som misbrukar desse tilhøva. Og fleire av dei som er politikare og våre tillitsvalde heng seg på, og vert med det ugreie eksempel for andre.
å påpeike at vi skal unne oss alle eit trygt og godt liv. Kvar gong det er dåp i kyrkja vår er det nettopp dette eg understrekar når eg ber fram barnet for kyrkjelyden. Og eg preiker gong på gong om korleis vi skal vera nestekjærlege for kvarandre på messene våre. Og kva tyder det så å være gode mot kvarandre? Jo, å vise kvarandre respekt, vise kvarandre omsorg, vise ansvar for kvarandre og tilhøva kring oss og lære kvarandre å kjenne. Dette er kjærleikens fire viktigaste hjørnesteinar. Og det er ikkje sagt at det er lett å fylgje opp desse, for det kan vera utroleg utfordrande om vi sjølve møter motbør og mangel på kjærleik. Likevel er vi moralsk forplikta på å vera gode mot kvarandre. Enno ein gong Jesus sitt gylne bod: Alt du vil at andre skal gjera mot deg, skal du gjera mot andre! Eg ynskjer kvar einskild ein god og trygg og glad sumar i saman med kvarandre.
Tilhøva her i Skjåk er framleis gode for ei sunn utveksling av meiningar, men eg kjenner på meg at det er viktig 2-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
3
KYRKJEKONTORET INFORMERAR
T
ida går og nå er alt rundt om i naturen på sitt fagraste og eg sluttar aldri å undre meg over kor mange nyansar av grønt det er. Eit mangfald utan like. I kyrkjene våre har det vore feira både påske og pinse, og mellom dette: ◆◆ Tårnagentsamling for 8-åringane i Skjåk og Lom ◆◆ Årsmøte i Skjåk kyrkjelege fellesråd ◆◆ Rakar dugnadar ◆◆ 8.mai - bekransing ved bauta v/Prost Birgitte Bentzrød ◆◆ Lom og Skjåk Brass, konsert v/Sondre Bratland og Skjåk Songlag ◆◆ 17 .mai har vore markert med høgtidsmesse i Skjåk kyrkja og på Skjåkheimen ◆◆ 2 messer med dåp ◆◆ Konfirmantbryllaup KYRKJEVAL Og i skrivande stund er svært mange opptekne av valet som skal gå føre seg i september. Nominasjonsnemnd har vore i arbeid over lengre tid, for å halde fristane for å leggje fram kandidatlister. Det er slikt vorte av at det kan vere både krevjande og utfordrande oppgåve å kome inn i valkomité. Men all ære til dei som tek på seg og vil stå på lister, om det er for den eine eller andre. For å fremje kandidatar til kyrkjevalet er det mange omsyn å ta, alder, kjønn og heile bygda skal vere mest mogleg representert. Og ikkje minst ha ei interesse for å vere med å påverke kyrkja vår. Her i Nordberg og Skjåk sokn, er vi så heldige at listene var klare i god tid. Ikkje alle stader det er slik. Og det er viktig at alle som har stemmerett, nyttar retten sin til å velje. Det er Skjåk kyrkjelege fellesråd si samansetning dei neste 4 år, som vert dei kyrkjelege tilsette sin arbeidsgjevar. Soknepresten er tilsett i Hamar Bispedømme.
4
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019
JUNIKVELD Vi sitter i slørblå junikveld og svaler oss ute på trammen. Og alt vi ser på har dobbelt liv, fordi vi sanser det SAMMEN. Se - skogsjøen ligger og skinner rødt av sunkne solefalls-riker. Og blankt som en ting av gammelt sølv er skriket som lommen skriker. Og heggen ved grinda brenner så stilt av nykveikte blomsterkvaster. Nå skjelver de kvitt i et pust av vind, - det er som om noe haster ... Å, flytt deg nærmere inn til meg her på kjøkkentrammen! Den er så svinnende kort den stund vi mennesker er sammen. Hans Børli
DÅP Vi har heile livet ei moglegheit til å ta eit val, om det er i den eine eller anna retning. Politikk, trusretning eller korleis du vel å takle dagleglivet. Ikkje like enkelt å stå sikkert i dette, og av og til kan valet vi tek, vere avgjerande for fleir enn oss sjølve. Eit val som fleir enn før kjem i kontakt med er, viss du er så heldig å få born, skal dei døypast eller ikkje? Dette er nok ei kjelde til diskusjon i fleire enn ein ny stifta familie. Nokre år attende var eg i kontakt fleir gongar med ein familie som vog for og imot dåp eller ikkje. Ein dag kom far innom kontoret for å bestille dåpen, familien hadde vorte samde om dette. Far sa dette, ved bestilling av dåpen: Du veit «døm ha nok ikkje sett ein viss ein i kvitauga, viss du ikkje vil døype ungen din» Det får stå for han sitt utsegn, men det er nok fleir som er samde i dette. Familien har etter kvart fått fleir born, døypte utan diskusjon etter som eg har forstått.
SOM DAGEN ER Livet kan endre seg brått for oss alle i løpet av nokre sekund - og der står du og må kanskje ta eit val-korleis vil du påverke vegen vidare? Ikkje støtt at ein tykkjer at valet er lett, men korleis vi løyser dette, er nok ofte opp til oss sjølv og gjev at ein får styrke til dette. Som dagen er, skal din styrke vere, er eit ord som bestemor mi nytta i livets motbakkar. Men ved erfaring så veit ein kvar ein vender seg når livet vert sett på prøve. Lykke til med valet og med ønskje om ein god sommar og nyt livet ! Arnborg Teigum Kyrkjeverge
MI SALME
Mi SALME Elias Sperstad
Når eg høyrer ein vakker melodi har eg lett for å sveve av stad og drøyme meg bort. Teksten får leve sitt eige liv. Ofte må eg gå i meg sjølv for å få med meg teksten. Den komplette sangen er den som har begge delar. Ein fin melodi og ei tekst med meining. Som grip ein. Det finst mange slike. I min barndom måtte vi pugge salmevers om ein ville eller ikkje. Eg må nok vedgå at det var ikkje det likaste eg visste. Men måtte ein, så måtte ein. Det var ikkje tale om å reise på skulen utan at alle versa sat som klistra. Det var stor skam å ikkje kunne salmeversa. Da var det på’n igjen. Da som nå er det delte meiningar om nytten av å lære salmevers, men uansett var det svært god hjernetrim. I godt vaksen alder skulle ein helst ha trimma hjernen på denne måten kvar einaste dag. Det blir som regel med tanken. Eg vil heller ikkje skryte på meg at eg var av dei som gledde meg mest til sundagsskulen i bedehuset. Sjølv om det vart både stjerner og fiskar i boka, var det liksom ikkje mine greier. Men for mor og far var
dette gode friminutt. Med huset fult av ungar var det godt for dei å få kvile øyro, og gjerne få den gode samtala seg i mellom. Det var naturlegvis ikkje alt vi barna skulle høyre, og heller ikkje blande oss inn i. Med ein stor barneflokk var det andre ting enn gudstenest som hadde fyrsteprioritet. Men vi hadde ein god barndom; ein fin oppvekst. Vi vart teke godt vare på. Det var det viktigaste i ei tid det var vanskeleg å få endane til å møtast. Så vart det vår tur til å få eigen barn. Aud og eg har fire barn og seks barnebarn som vi er glade i. Det største i livet er å halde ein nyfødd i armane. Det er eit like stort under kvar gong. Når eg skal velje mi salme, kunne det stått mellom svært mange. Men det må bli dåpssalmen «Fylt av glede over livets under», som Svein Ellingsen har skrive. Salmen har ei tekst som gjer noko med meg. Som grip meg og minner meg om kor heldige vi er som får oppleve slikt. Melodien er enkel og står godt attåt. Salmen vil fylgje meg heile livet. Ha ein god sommar. Nyt den!
Fylt av glede over livets under Tekst: Svein Ellingsen Fylt av glede over livets under, med et nyfødt barn i våre hender, kommer vi til deg som gav oss livet kommer vi til deg som gav oss livet
Fylt av undring er vi i din nærhet! Du som bærer verdensrommets dybder, venter på de små og tar imot oss. venter på de små og tar imot oss.
Og ved tidens grense lever fortsatt dine løftes-ord ved døpefonten, dåpens lys forblir når livet slukner. dåpens lys forblir når livet slukner.
Fylt av beven foran ukjent fremtid legger vi vårt barn i dine hender. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet. Det som skjer i dåpen, gir oss trygghet.
Ved ditt verk, ved Kjærlighetens vilje, er vi født på ny til liv i Kristus, til et åpent liv i tro og tillit. til et åpent liv i tro og tillit.
Større rikdom enn hva ord kan romme, har du gitt oss gjennom dåpens gave. Herre, la vår tro bli fylt av glede! Herre, la vår tro bli fylt av glede!
2-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
5
KYRKJEVALET
8.–9. SEPT. 2019
KYRKJEVALET 2019 Kyrkjevalet for Nordberg og Skjåk sokn i 2019 vert gjennomført måndag 9. september 2019. Vallokalet blir å finne på Studiesenteret, Skjåk kommunehus, Moavegen 30, 2690 Skjåk og er ope mellom kl. 09.00 og kl.18.00. FØREHANDSRØYSTING Førehandsrøysting er det høve til å gjera på kyrkjekontoret, Moavegen 28A, 2690 Skjåk mellom 12. august og 6. september. Opningstider er måndag – fredag kl.10.00–14.00. Det vert høve til førehandsrøysting på Skjåkheimen i samband med andakta der torsdag 29. august 2019 kl. 12.00–14.00. Du kan og førehandsrøyste i etterkant av samtalemessa i Nordberg kyrkje laurdag 24. august 2019, kl.17.00–18.00. Ynskjer du å røyste i eit anna sokn enn der du bur, er frista 1. september 2019. Vi håper mange vil nytte røysteretten sin! Kandidatliste til Kyrkjevalet 2019 Nordberg Sokn: 1. Bjørnar Knutsødegård Stenersen 1978 2. Magnhild Teigum 1972 3. Eli Skjelkvåle 1967 4. Tormod Sperstad 1974 5. Oda Jonsdotter Brennhaug 1995 6. Roy Olav Lund 1975 7. Olav Synstnes 1955 8. Aud Wenche Kvålshagen Banken 1969 9. Solfrid Risheim 1971 10. Ann Heidi Bjotveit 1977 11. Egil Fallingen 1970 12. Eldbjørg Eiesar 1955 Kandidatliste til Kyrkjevalet 2019 Skjåk Sokn: 1. Mona Haugen Grimstad 1963 2. Robert Kvålshagen 1988 3. Aud Jotun 1962 4. Lars Kurt Haugen 1972 5. Jostein Hole 1971 6. Marte Løkken 1988 7. Knut Arne Olstad 1958 8. Hilde Marit Hauge Flatmo 1963 9. Astrid Svanhild Nårstad Skjåk 1959 10. May Edit Dagsgard 1972 11. Yngve Finnekåsa Aaboen 1977 12. Evy Vang 1985 Leiar i nominasjonsnemnda: Torstein Kåre Frøise
6
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019
Vellykket gjenreising etter jordskjelvet i 2015 HimalPartner har bidratt til gjenoppbyggingen i Dhading distrikt etter jordskjelvet i 2015. Området var hardt rammet. Bjørn Ødegaard, ulønnet medarbeider i HimalPartner på Møre, var i Nepal i påsken for å samle informasjon om arbeidet som har vært gjort. Tekst: Terje Holmedahl. Fotos: Bjørn Ødegaard/HimalPartner
Den 25. april 2015 er en dag ingen i Nepal vil glemme. Like før klokken tolv på formiddagen rammet det kraftigste jordskjelvet siden 1934. Episenteret var like øst for Gorkha og skjelvet ble målt til 7.8 på Richters skala. Nærmere 9.000 mennesker mistet livet og 22.000 mennesker ble skadet. Hvor mange som mistet hjemmene sine eller led andre tap, er det vel ingen som vet. Svært mange overlevere våget ikke å sove i husene sine på lange tider pga frykt for etterskjelv. Lørdag er fridag i Nepal. Vi våger ikke tenke på hvor mange barn som ville dødd om de hadde vært på skolen; mange skoler ser ut til å ha vært dårlig bygd, for svært mange av dem ble ødelagt. DÅRLIG OPPFØLGING Den nepalske hær og andre offentlige institusjoner gjorde en heltemessig innsats de første døgnene etter katastrofen, men gjenoppbyggingen har tatt uendelig lang tid. Mange fattige som mistet hjemmene sine, har fått dårlig hjelp til gjenoppbygging og blitt møtt av mange byråkratiske hindringer. Sammen med flere kristne organisasjoner har HimalPartner bidratt til å bygge opp igjen skoler i Dhading distrikt, et område som var hardt rammet, og der United Mission to Nepal har gode og pålitelige kontakter. Bjørn Ødegaard og Himalaya Møre har ledet an i innsamlingen til dette gjennom aksjonen «Gi jernet». Han rapporterer om gode møter med mange av de viktigste aktørene i gjenoppbyggingsarbeidet HimalPartner har vært involvert i. –70 gjenreiste skoler står ferdig i Dhading fylke. Mange landsbyer har også fått sanitæranlegg, rent drikkevann, trygge broer, skolebøker, lærerkurs og allmenn folkeopplysning, skriver Ødegaard i sin rapport.
NEPAL
De nye skolebygningene er jordskjelvsikre.
2690 Skjåk • tlf 61 21 38 90 • www.skjak-trelast.no
www.ottadalen.norgesfor.no avd. Lom 61 21 18 20 // avd. Vågå 61 23 70 72
Barna er stolte av sin nye skole. tlf 61 21 90 00 // bankpost@sb1ls.no
UTVIKLINGSARBEID I LAPA Han er imponert over Silas i organisasjonen HIMS, som har kontor i Dhading Besi, en fjellby i Dhading distrikt med rundt 20.000 innbyggere. Silas er pastorsønn, av Tamangfolket og har fulgt utviklingen i Lapa, en landsbyutviklingsorganisasjon, fra de var nærmest en røverbande til de nå er en flokk velorganiserte «haugianere», - idealistiske kristne som vil skape utvikling. Silas startet opp HIMS, en bedrift som ansetter bærere, murere, tømrere, rørleggere og bidrar til pedagogisk utvikling innenfor Lapa. BYGGER MED EGNE HENDER OG FÅR EIERSKAP United Mission to Nepal er en paraplyorganisasjon, der også HimalPartner er medlem. De har hovedansvar for gjenoppbyggingsarbeidet; de bestemmer utbygging, setter standarder og lønner kontraktører. HimalPartner får være med og bidra
til dette viktige arbeidet. – Silas og fjellfolket bygger med egne hender. Slik får de stolthet og eierskap, sier Bjørn Ødegaard. – Det er det viktigste. I Dhading, mindre enn ti mil fra episenteret av jordskjelvet, fikk United Mission to Nepal oppdraget å bygge opp igjen skoler og infrastruktur. De fikk tildelt 7 – 8 kommuner, med et samlet budsjett for gjenreisingen på 70 millioner kroner. HimalPartner har påtatt seg å bygge opp igjen 7 skoler i fjellbygda Lapa. Noen av skolene er ferdigstilt. Det er skoler for elever fra 3 år til 15, noen til de er 17. – Det er stas å se hvordan barna fryder seg over de nye skolehusene sine, sier Bjørn Ødegaard, som tenker seg tilbake til høsten for å lage reportasjer fra arbeidet. Bjørn er veldig takknemlig og stolt over det han ser.
2690 Skjåk tlf 61 21 38 00 www.sken.no firmapost@sken.no
Bismo Bilverksted AS 2690 Skjåk Tlf: 61 21 44 00/ 922 13 597
Radon i huset ditt? Vi tar målinger. Vi gjør tiltak for å fjerne radon. tlf 90 68 81 13
2690 Skjåk tlf 61 21 36 00 post@interfil.no www.interfil.no
tlf 61 21 37 00 // post@melbytransport.no
Velkomen til triveleg handel!
Skjåk Kjøpesenter 2-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
7
STORT OG SMÅTT
BARNEDÅP
Dåpsdagen til Thea. Stolte foreldre er Marianne Terum Dalen og Tom Henry Lien.
Dåpsdagen til Amund Fallingen. Stolte foreldre er Pernille Teigum og Jonny Fallingen.
Dåpsdagen til Ole Jakob Akslen. Stolte foreldre er Iselin Margrethe Maurstad Risheim og Frank Akslen.
Konfirmantbryllaup Onsdag 5. juni hadde konfirmantane våre samling med konfirmantbryllaup i Nordberg kyrkje. Ein stivpynta gjeng gjennomførte seremonien prikkfritt der Pål
Skjåkødegård og Helene Teigum Østengen lova kvarandre evig venskap. Og etter gratulasjonar og fotografering på kyrkjetrappa, bar det inn
Festmåltid i Nordberg Kyrkjestugu.
8
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019
i Nordberg kyrkjestugu til festmåltid som Skjåk bygdekvinnelag hadde ordna til.
Frå vogge til grav Blomefonda i Nordberg og Skjåk Det er alltid lagt ut liste til Blomefond ved alle gravferder. Skjåk Blomefond 2085.64.32409 eller Vipps 14 15 47
NORDBERG SOKN
SKJÅK SOKN
09. 06. 2019 Amund Fallingen
Døde Anna Gunvor Tofte f. 21.09.1928 – d. 08.04.2019
Døypte 12.05.2019 Thea Terum Dalen Lien
Døypte 16.06.2019 Ole Jakob Akslen
Nordberg Blomefond 2085.64.37400 eller Vipps 14 15 43
Døde Oddveig Gunvor Plassen f. 24.04.1930 – 3.06.2019
tlf. nr: 90 95 64 37 / 94 86 22 67 / 90 67 75 63 eller e-post til: arnborg.teigum@skjaak.kommune.no
Heidi Kristin Bøje f. 24.05.1962 – d. 14.03.2019
Sylfest Lundemo f. 15.05.1933 – d. 22.04.2019
Eller velkomen innom kyrkjekontoret for kontant betaling. Du MÅ ringe eller kome innom kontoret for å kome på lista!
Svein Aaboen f. 31. 10. 1944 – d. 04.05.2019
Gerd Flatmo f. 01.03.1938 – d. 29.04.2019
Konfirmantjubileum 2019 Konfirmantjubileumskomiteen har fylgjande melding: Har du gløymt å melde deg på til konfirmantjubileet den 24. august?
Ola P. Stensgård f. 19.03.1941 – d. 06.04.2019
Arnfrid Oddrun Sæther f. 22.12.1941 – d. 25.05.2019
KONFIRMANTAR I NORDBERG KYRKJE
KONFIRMANTAR I SKJÅK KYRKJE
sundag 1. september 2019 kl. 11.00
sundag 8. september 2019 kl. 11.00
Robin Randen Markus Dam Geir Edu Mejorada Øyberg Bjørn Risheim Helene Teigum Østengen Helene Rustad
Hayla Kjeken Sigrid Visdal Jonas Sveen Andreassen Paula Gerianne Kjeka Silje Andersbakken Pål Skjåkødegård Filip Garcia dePresno
AKANTUS BLOMSTER
Skjåk Kjøpesenter • Tlf 612 14055
Skjåk Turistheim Skeid Kro epost: sissel@skeidkro.no
Det er ikkje for seint! Ta kontakt med Ragnar Storlien tlf. 95 28 27 60 eller Aud Jorunn Sperstad tlf. 95 23 21 92
tlf 97 03 05 96
Nergård Steinindustri A/S Tlf: 71 29 98 88 // ta kontakt med kyrkjetenarane Alt i gravstein, innhogging, oppussing og oppsetting. 2693 Nordberg - Telefon 90 17 79 30
1-2019 | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
9
SOMMARQUIZ 1. Kven feirar vi St. Hans til minne om? 2. Kva anna namn har vi på St. Hans? 3. Kva er eit anna namn på Tiriltunga? 4. Kva farge er det på blomane til Tiriltunga? 5. Kven var den fyrste kvinna i verdsrommet? 6. Kven har skreve boka En mann ved navn Ove? 7. Kva slags dyr er Aslan i Legenden om Narnia? 8. Kven har skreve sommarhiten Sommerkroppen? 9. Kva er eit anna namn på aspik? 10. Kva er Jansons Fristelse? 11. Kva er namnet på kanalen som vart opna i 1914? 12. Kva kallast hann-rypa? 13. Kva heiter kjærasten til Skippern? 14. Kven var den fyrste i verda til å vinne to nobelprisar? 15. Kor mange meter er ei nautisk mil? 16. I kva religion heiter den heilage boka Tanakh? 17. I kva land foregår mesteparten av verdas koboltproduksjon og -utvinning? 18. Kven bur i Downing Street nr 10? 19. Kva heiter personen som bur der no(juni 2019)? 20. Kva forfattar frå Skjåk ville fyllt 100 år i 2016?
Tårnagentsamling
Sundag 5. juni var 7- og 8-åringane i Skjåk inviterte til tårnagentsamling i Nordberg kyrkje. Her var Øyvind Aaboen og Roger Haugen frå politiet til stades med sperreband og elles det som høyrer til når ein er ute på oppdrag. Det var òg servering av kaffe og bite-ti i kyrkjestuggu.
Rakardugnader Det var fint vêr og god oppslutning på rakardugnadane ved Nordberg og Skjåk kyrkje fyrst i mai. Tusen takk til alle som møtte fram og var med på å gjere det fint på kyrkjegardane våre.
Gravferdshjelpa Lom og Skjåk Båretransport • Kiste • Stell/Visning Annonse • Salmeark • Blomar anne.sperstad@online.no // tlf 957 23 671
www.skjak-almenning.no 2690 Skjåk • tlf: 61 21 39 00
Bismo Tlf: 61 21 40 65
Svar: 1. Døyparen Johannes, 2. Jonsok, 3.Maria Gullsko, 4. Gule, 5. Valentina Teresjkova, 6. Fredrik Backman, 7. Løve, 8. Mads Hansen, 9. Kabaret, 10. Potet og -ansjosgrateng, 11. Panamakanalen, 12. Stegg, 13. Olivia, 14. Marie Curie, 15. 1852 meter, 16. Jødedommen, 17. DR Kongo, 18. Statsministeren i Storbritania, 19. Theresa May, 20. Aslaug Høydal
10
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019
SIDE Finn namn på 11 fotballspelarar!
Finn fem feil!
Dei to bileta er nesten like. Finn du dei fem feila på biletet under?
I rutenettet under har vi gøymd namna på 11 kjende fotballspelarar. Namna står frå venstre mot høgre og nedover. Klarar du å finne alle namna?
R
A
V
I
O
B
U
K
R
I
F
E
M A
R
L
A
S
R
Å
P
A
M R
O N
A
L
D
O
V
I
C
I
E
N
E
P
E
P
O G
B
A
A
H
S
Y
L
T
E
S
N Ø
V
L
A
A M
E
S
S
I
O
R
A
T
Z
L
A
T
A
N
T
S
U N
A
R
A
R
N Y
I
B
Y
C
I
V
D
H M A
R
C
E
L
O
X
O
T
I
Z
A
L
P
E
T
V
O
Fargelegg!
Gud skapte dei første menneska og lot dei bo i ein vakker hage.
Gje barnebladet Barnas til eit barn du er glad i! ive Jona i Nin
Desse oppgåvene er henta frå bladet.
Frisk påagen hviled
Jona
og den store fisken 24. februar
Supersetning Salme 102,3
Bestill abonnement på sondagsskolen.no eller 22 08 71 00. 3. februar
Matteus 6,33
Supersetnin s 1,7 2. Timoteu
ar Vits
Teikningar: Francesca De Luca
g
Søk først Guds rike og hans rettferdighet, så skal dere få alt det andre i tillegg.
– Mamma! Veslesyster er så søt, ho hermar etter fuglane! – Jaså, kvitrar ho? – Nei, ho et meitemark. 2
1
Supersetning Salme 102,3
27. januar
2019
Supersetning
yde okbø Den krinnen kv
3
2019 Skjul ikke ansiktet når jeg er i nød. Vend øret til meg, skynd deg, svar når jeg roper!
4
3. mars
2019
når jeg er i nød. Skjul ikke ansiktet svar når jeg roper! skynd deg,2019 Vend øret til meg,
gjør et og visdom. en ånd som ga oss ikke som gir kraft, kjærligh For Gud fikk Ånden motløs; vi
Den vesle jenta kom inn i ein dyrebutikk og sa: – Eg vil kjøpe ein kanin. – Vil du ha denne søte med dei store augo, eller han med den nydelege kvite pelsen? spurde ekspeditøren. – Det er ikkje så nøye, svara jenta, eg trur pytonslangen min likar begge2-2019 deler. | Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg
11
8. MAI
Frigjerings- og veterandagen
Fredsmarkering 8. mai
Kl. 18.00 ynskte sokneprest Kåre Gloslie alle velkomne til fredsmarkeringa ved Nordberg kyrkje. I fin sol, om enn litt surt, så var det mange som møtte fram for å få med seg dette. Etter nokre velvalte ord om kor viktig det er å hugse denne dagen, la Kåre og prost i Nord-Gudbrandsdal, Birgitte Bentzrød, ned kransen for å heidre og minne dei som gav livet sitt under krigen. Prost Birgitte Bentzrød har sjølv arbeidd som feltprest i blant anna Libanon og Kosovo. Då kjem ein nært innpå krigen. Ho held tale etter nedlegginga og Kåre las eit dikt av Jan Magnus Bruheim. Lom og Skjåk Brass stod nokonlunde i ly for vinden og spelte flott
SKJÅK BIL AS Din verkstad i Skjåk
Songar Sondre Bratland.
for dei framøtte. Dei avslutta med Gud signe vårt dyre fedreland, der alle song med. Så var det kaffe og biteti i kyrkjestugu. Folk kosa seg og praten gjekk lett. Kl .19.00 var det duka for konsert i Nordberg kyrkje. Sondre Bratland hadde takka ja til å kome, og det var ein staseleg kar i bunad som underheldt med forteljing og kveding.
tlf 61 28 45 45
I den fyrste bolken tok han for seg Draumkvedet om Olav Åsteson. Så var det Skjåk Songlag sin tur som tok oss til nye høgder med korsong, dei avslutta med den keltiske velsigninga Må din veg. Etter korsongen held Bratland fram med ein bolk, der han vekselvis fortalde historier og kveda, og med ei stemme som bar godt, sjølv om han er over 80 år. Då konserten var slutt, reiste alle seg og stemte i med Ja, vi elsker, med Songlaget i front. Det var ei oppleving, og all ære til kyrkjeverje Arnborg Teigum frå Skjåk kyrkjelege fellesråd, som fekk i stand både markeringa og konserten.
YX Skjåk 2690 Skjåk • tlf 61 21 41 53
Tlf: 61 21 36 70
Tekst: Mona Haugen Grimstad
tlf 97 70 08 14 • www.turistforeningen.no/sotaseter sotaseter@turistforeningen.no
BYGGER´N SKJÅK, 2690 SKJÅK • Tlf. 61 21 38 80
POLLFOSS HOTELL OG GJESTEHUS En perle mellom øst og vest
pb. 6, 2693 Nordberg, tlf: 61 21 47 00 polfoss @online.no • www.pollfoss.com
12
Kyrkjeblad for Skjåk og Nordberg | 2-2019