:HMS
Helse - Miljø - Sikkerheit
:Vårt mål Ingen ulukker ingen personskader Vi i Kleven legg vekt på at det skal vere ryddige forhold på arbeidsplassen. Dette gjeld også forholdet til HMS: - HELSE - MILJØ - SIKKERHEIT
Målsetninga er at prosjekta våre skal gjennomførast på ein slik måte at det ikkje på noko tidspunkt er fare for skader på person, eigedom eller miljø. Sikkerheitsinstruksen er eit hjelpemiddel for å forhindre ulukker, skader og uheldige arbeidsbelastningar, forutan å sikre gode og trygge arbeidsforhold. Denne instruksen gjev deg oversikt over våre sikkerheitsreglar og prosedyrar. Den beskriv utfordringar i dei ulike arbeidsmiljøa, og tek for seg generelle retningslinjer for alle våre medarbeidarar og våre underleverandørar. Meir utfyllande informasjon får du ved å vende deg til din næraste overordna.
!
VÅRT MÅL: INGEN ULUKKER INGEN PERSONSKADAR
HMS-organisering og ansvar
Hugs det er din tryggleik vi snakkar om Vi krev av våre tilsette og våre underleverandørar at dei gjer seg kjent med dei HMS-krav som blir stilt, og at dei blir respektert og handheva. Det er ditt ansvar som tilsett å vite det du treng for å utføre arbeidet i tråd med gjeldande sikkerheitsregler. Alle oppdrag skal dessutan utførast i samsvar med offentlege reglar og bestemmelsar. Er det noko du er i tvil om – ta kontakt med din næraste overordna eller verneombod.
Linjeansvar Administrerande direktør i Kleven har overordna ansvar for HMS på verftsområda og for aktivitetar som vert utført i Kleven sin regi. I det daglege HMS- arbeidet ligg ansvaret i linjeorganisasjonen. Kvar enkelt leiar har ansvar for at arbeidet blir planlagt og gjennomført i samsvar med gjeldande krav. All risiko skal kartleggast og nødvendige tiltak settast i verk.
Verneombod og arbeidsmiljøutval (AMU) Kleven har ein etablert verneteneste med hovud- verneombod, verneombod og lokale arbeidsmiljø- utval. Vernetenesten skal ivareta dine interesser. I tilfelle der du føler at du ikkje når gjennom til din
næraste leiar, skal du ta saka din vidare til verneombod eller hovudverneombod. Arbeidsmiljøutvalet virkar for gjennomføring av eit fullt forsvarlag arbeidsmiljø. Utvalet deltek i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og fyl nøye utviklinga i spørsmål som vedkjem arbeidstakarane sin sikkerheit, helse og velferd.
Rapportering av uønska hendingar (RUH) Alle ulykker og uønska hendingar vert forårsaka, og difor kan desse førebyggast. Kleven skal vere ein triveleg og sikker arbeidsplass for deg og dine kollegaer. Alle uønska hendingar skal rapporterast umiddelbart, slik at forbetringar blir sett i verk i HMS-rutinene. Bruk skjema ‘Rapport om uønska hendingar – RUH’. Dette gjeld både små og store hendingar. Hugs at når du rapporterer avvik eller uønska hendingar kan det føre til at ein unngår at dette skjer igjen med deg eller dine arbeidskameratar. Eksempel på kva som skal rapporterast: nesten-ulykker, feil/manglar på maskiner og utstyr, fallande gjenstandar, trakassering og forslag til forbetringar av arbeidsmiljøet.
Arbeidsmiljølova
Ditt HMS-ansvar
Arbeidsmiljølova med forskrifter skal sikre eit arbeidsmiljø som gjev tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknadar. Den skal sikre trygge tilsettingsforhold og gje grunnlag for at verksemda sjølv skal løyse sine arbeidsmiljøoppgåver. Lova med aktuelle forskrifter skal vere tilgjengeleg hos vernetenesta.
Det er ditt ansvar som tilsett å vite det du treng for å utføre arbeidet i høve til sikkerheitsreglane. Du må på eige initiativ bidra til å redusere ulykkesrisikoen ved å halde arbeidsplassen din ryddig, bruke pålagt verneutstyr og ikkje fjerne sikkerheits- anordning, men montere slike der du oppdagar manglar. Forhold som du ikkje sjølv kan rette på, må du straks melde frå om til næraste arbeidsleiar eller verneombod.
Industrivern og beredskap Vårt industrivern inngår i det systematiske HMS- arbeidet og er ein viktig del i beredskapen for å auke tryggleiken. Dette betyr at i tillegg til grunnberedskapen har vi organisert: Redningsstab Forsterka sanitet Forsterka brannvern Røykdykkarar Orden- og sikringsteneste Industrivernet har også eigen hjartestartar. På oppslagstavlene finn du informasjon om kvar du finn førstehjelpsutstyr, brannvernutstyr, samt viktige telefonnummer og handlingsplan ved ulukker. Gjer deg kjent med dette. Nestenulukker, uønska hendingar og avvik rapporterast til næraste arbeidsleiar, verneombod eller HMS-leiar på skjema ‘Rapport om uønska hendingar – RUH’.
Di helse er ditt ansvar God planlegging og tilrettelegging er nøkkelen til å førebygge belastningsskader. Lær riktig arbeids- teknikk og varier arbeidsstilling når mogleg. Bruk dei tekniske hjelpemiddel som finnast. Lær riktig arbeidsteknikk – førebygg belastnings- skader. Mange korte pausar er betre enn få lange. Hugs å tøye ut. Utfør arbeid slik at det ikkje skapast unødig støy og hugs å bruke hørselsvern i produksjons- sone. Bruk augevern for å unngå augeskader. Bruke rett type brille til type arbeid. Ver lojal mot dei bestemmelsar som er tatt. Kom med forslag til forbetringar på arbeidsplassen din. Vis respekt for dine kollegaer.
Adgangskontroll For å få tilgang til verftet må du registrere deg i portvakta og få eit ID-kort/besøkskort. Du må også gjennomgå obligatorisk introduksjonskurs. Godkjent verneutstyr skal brukast. HUGS: Du skal alltid bere kortet på deg inne på verfts- området. Ved ein evt. evakueringssituasjon skal du registrere deg ved å bruke ID-kortet ved mønstringsplass. Gjer deg kjent med plassering av desse. Lever tilbake adgangskortet og lånt utstyr når du avsluttar ditt arbeidsforhold/besøk. Ved behov for adgang med bil skal skriftleg søknad vurderast.
Rusmiddel Bruk av alkohol, narkotiske stoff og andre rusmiddel er strengt forbode i arbeidstida. Det er også strengt forbode å møte fram til arbeidet i påverka tilstand. Ved mistanke kan alkotest bli brukt. Brot på rusmiddelreglane vil med ein gong medføre bortvisning frå arbeidsplassen. Andre konsekvensar blir også sett i verk. Du finn vår ruspolitiske handlingsplan i personalhandboka.
:Sikring Generelle sikkerheitsreglar
Personleg verneutstyr
Kran og transport
Alle som utfører arbeid for Kleven, skal vere kjende med krava til personleg verneutstyr og lojalt bruke det. Områda skal vere merka med skilt som viser kva type utstyr som kan brukast og kvar det skal brukast. Sjekk kva som gjeld når du kjem til verftet. Dette gjeld alle tilsette, besøkande og under- leverandørar. Verneutstyr er personleg utstyr som du har ansvar for å halde i forsvarleg stand. Skada utstyr skal skiftast omgåande.
All transport skal utførast av personell med nødvendig opplæring og sertifikat i samsvar med interne og offentlege forskrifter. Løftereiskap med utstyr skal vere tilstrekkeleg dimensjonert og sertifisert. Dersom ståltaustropper eller nylonstropper har skader på fibrane skal dei skiftast omgåande, så kuttast over og kastast. Utstyr og last skal sikrast mot velt og ras. Gå aldri under hengande last!
Eksempel på når verneutstyr skal brukast: Alle tilsette og besøkjande skal bruke hjelm ute på området Vernesko og tilfredsstillande arbeidstøy skal brukast av alle i produksjonen. Vi rår til at du alltid brukar hørselsvern i produksjonssone. Vi rår til at augevern vert nytta til ei kvar tid, ettersom augene er svært sårbare og utsette for skader. Fallsikring skal brukast ved arbeid i høgda. Åndedrettsvern skal brukast ved sveising, brenning og overflatebehandling. Ved bruk av helsefarlige stoff skal det brukast verneutstyr i henhold til HMS-datablad. Flytevest skal brukast under arbeid frå båt, ved kaikant, på lekter og pongtong utan rekkverk.
Handsignalisering: 1. Lær signala 2. Plasser deg riktig 3. Pass på at lasten blir riktig stroppa 4. Gje tydelige signal 5. Unngå skeivtrekk Radiosignalisering: 1. Lær deg å bruke radioen 2. Test sambandet før ein lyfteoperasjon 3. Snakk sakte og tydeleg 4. Hald kontinuerleg samband når lasten ikkje er synleg for kranførar 5. Unngå unødvendig bruk av radio
Tronge rom/tankar Ved arbeid i tronge rom og tankar må ein vere ekstra påpasseleg med skadeførebygging og ta rette førehandsreglar før arbeidet blir sett i gong. Sørg for tilstrekkelig ventilasjon og belysning. Vær merksam på at ingen skal arbeide i tankar og tronge rom aleine. Ved usikkerheit om gassførekomstar og/eller oksygenoverskot/underskot, skal gassmålingar bli føretatt av kvalifisert personell. Sikring av opningar Alle opningar, utkapp, rørgjennomgangar, mannluker og liknande i dekk og gangvegar skal alltid sikrast. Vis respekt for sperreband.
Orden og reinhald
Arbeidsutstyr
Ein føresetnad for trivsel, effektivitet og godt sikkerheitsarbeid er at reinhaldsprosedyrar blir fulgt, samt at det blir halde god orden på utstyr og materiale. Dette gjeld både på arbeidsplassen, i brakker, i lagerboder og containerar. Sørg for at avfallscontainer finnast ved arbeidsstaden (ved behov ta kontakt med serviceavd.) og rydd regelmessig.
Du er sjølv ansvarleg for at du har gyldig opp-læringsdokumentasjon på arbeidsutstyr som blir tatt i bruk på verftet. Dersom du meiner at du ikkje har fått tilstrekkeleg opplæring eller instruksjon ved bruk av maskiner eller utstyr må du kontakte overordna. Kontroll og vedlikehald av arbeidsutstyret skal utførast i høve til gjeldande forskrifter. Dårleg eller delvis defekt utstyr, eller arbeidsutstyr med manglande verneinnretningar skal ikkje brukast. Før arbeidsstart skal kopi av opplæringsdokumentasjon for arbeidsutstyr underlagt dokumentert og sertifisert opplæring, og kontrolldokumentasjon for arbeidsutstyr underlagt sakkyndig kontroll, bli levert til HMS-leiar som arkiverer det.
Det er kvar enkelt sitt ansvar å halde orden på sin arbeidsplass. Tomgods, materiale og materialrestar skal samlast saman og leggast på tilvist plass. Gangvegar skal vere ryddige og fri for alle hinder. Fett og oljesøl på golv, gangvegar, rekkverk eller utstyr er farlege forhold. Gjer det reint før det skjer ei ulukke. Det skal alltid være fri tilgong til brannutstyr, alarmstasjonar og anna sikkerheitsutstyr. Slangar og leidningar skal koblast frå og kveilast saman når arbeidet er over. Etter bruk skal begge hovudventilane på brenneskaftet på skjerebrennar stengast Alt utstyr og verkty skal leggast på plass etter bruk. Skada, øydelagde verkty/utstyr skal leverast til reparasjon eller fjernast. Røyking er ikkje lov ombord i våre prosjekt. Reglar for kjeldesortering og reint bygg skal fylgjast. Avfall skal ikkje kastast i sjøen. Gjer deg kjend med fargekodane på containerane og sorter avfallet rett. Er du usikker – spør! Utplassert brannutstyr skal ikkje fjernast. Om det blir brukt i nødssituasjon skal dette rapporterast, og brukt utstyr erstattast. Sørg for tilstrekkelig belysning, men ikkje ta ned belysning som er opphengt. Hent eige lys på lageret om nødvendig. Opphengte nødlys skal aldri flyttast. Den som arbeider på stillas, skal berre ha med seg nødvendig verkty/utstyr. Ein må vere spesielt merksam og halde ryddig til ei kvar tid.
Spesielle arbeidsoperasjonar Enkelte spesielle arbeidsoperasjonar må utførast etter ein fastlagt plan for at sikkerheita skal bli ivaretatt. Dette vil du få informasjon om av arbeidsleiaren før arbeidsstart. Ingen farlige arbeidsoperasjonar skal bli sett i verk før ein ansvarleg arbeidsleiar er kontakta. Arbeidsoperasjonar som krev spesiell opplæring, som for eksempel ved stillasbygging eller ved varmtarbeid, skal berre bli utført av kvalifisert personell med nødvendig opplæringsdokumentasjon. Før einkvar jobb startar bør du stille deg sjølv tre spørsmål: - Kan det vere fare forbunde med jobben eg skal utføre? NEI – då kan du fortsette JA – då spør du neste spørsmål: Kva for farer? Og kva for tiltak skal eg sette i verk for å unngå å utsette meg og andre for fare?
Sikker jobb-analyse (SJA) Ved arbeidssituasjonar som er ukjent, skal Sikker jobb-analyse utførast. Analysen går ut på å kartlegge kva for farer ein kan forvente i jobben som skal utførast og kva for tiltak som må settast i verk for å unngå skader. Kontakt din overordna for gjennomføring av SJA. Ikkje ta unødvendige sjansar og snarvegar!
Arbeid i høgda/stilas
Skader/sjukdom/fråver
Ved arbeid i høgda og på stillas må ein vere spesielt merksam og halde det ryddig til ei kvar tid. Den som jobbar i høgda og på stillas skal berre ha med seg nødvendig utstyr/verkty. Alt verktøy skal sikrast mot fall til lavare nivå. Ved fare for fallande gjenstandar, skal området under og i nærleiken sperrast av og merkast med skilt. Bygging og ombygging av stillas skal kun gjennomførast av personell med sertifikat. Sjekk at stillaset er kontrollert og merka før du tek det i bruk! HUGS: Sele og anna personleg sikringsutstyr.
Dersom du blir skada på arbeidet eller pådreg deg sjukdom som du meinar kjem av forhold på arbeidet, må du snarast varsle næraste overordna om dette. Sjukefråver skal varslast første fråversdag til sentralbordet som så set deg over vidare til næraste overordna. Melding om sjukdom per tekstmelding vert ikkje godkjent. Dersom sjukdommen kjem av forhold på arbeidet eller vert påvirka av desse, er det viktig at du tek dette opp med næraste leiar.
Helsefarlege/brannfarlege stoff Alle helse- og brannfarlege stoff skal vere forskriftsmessig merka. Lær kva faresymbola på etikettane i HMS-datablada betyr. HMS-datablad for dei enkelte stoffa er arkivert i eit eige stoffkartotek som du finn plassert på lageret. Før stoffa blir tatt i bruk skal brukar og dei som arbeider i hans næraste omgjevnadar bli kjent med risikoforholda knytte til stoffa i høve til HMS-datablad. Nødvendige tiltak blir sett i verk, der iblant rett bruk av verneutstyr.
Brot på sikkerheitsbestemmelsane Brot på sikkerheitsbestemmelsane blir tatt svært alvorleg, og blir behandla deretter, jfr. arbeidsmiljølova §86. Dette gjeld både eigne tilsette og underleverandørar. Dersom ein person opptrer uaktsomt overfor sikkerheitsbestemmelsane, eller bevisst fjernar eller skadar sikkerheitsutstyr, vil den som har ansvaret for sikkerheita kunne foreta bortvising frå arbeidsplassen med trekk i lønn.
:HLR Førstehjelp
Sjølv om ambulansen er på veg, er det heilt avgjerande at ein person med hjertestans får hjartelungeredning så snart som mogleg. 1 Undersøk om personen reagerer på tilrop og forsiktig risting Dersom personen ikkje reagerer – rop på hjelp! 2 Opne luftvegar Legg personen på ryggen, undersøk pusten. Løft haka fram og bøy hovudet lett bakover med den andre handa. Sørg for frie luftvegar og sjå, lytt og kjenn etter pust i inntil 10 sekund. Dersom personen pustar normalt – la personen bli liggande i same stilling i eit minutt – overvak pusten. Dersom du er sikker på at personen pustar normalt etter eit minutt, skal personen leggast i stabil sideleie. Sjekk deretter for andre skader som må behandlast. 3 Ved unormal eller ingen pust: Ring sentralbord, så ring 113 Om mogleg, få andre til å varsle sentralbordet og til å ringe 113, slik at du omgåande kan starte hjarte – lungeredning. HUGS: vi har hjartestartarar på anlegga.
HLR ( hjarte-og lungeredning) for vaksne Start HLR med 30 brystkompresjonar og deretter 2 innblåsingar. Kompresjonar Trykk midt på brystet. Plasser den andre handa di på oversida av den første. Komprimer med 2 strake armar, rett ned mot brystet. Brystkompresjonar bør vere 4-5 cm djupe og med ei takt av 100 pr minutt. Innblåsingar Legg ei hand på panna og klem saman nasevingane. Bøy så hovudet lett bakover. Legg to fingrar under haka og løft kjeven fram. Dekk heile personen sin munn med din munn. Blås roleg inn, til brystet hevar seg. Innblåsinga skal kun ta eit sekund før du let lufta sleppe ut. Fortsett slik med 30 brystkompresjonar og 2 innblåsingar til profesjonell hjelp kjem. Bytt gjerne på om de er fleire. Dersom årsaken til ulukka er kvelning, drukning eller liknande – gje 5 innblåsingar før HLR. Vil du lære meir om LHR – ta kontakt med industrivernleiar.
Kleven Verft AS Site safety
All visitors must report to main gate
Reception 2. floor
Main Gate Production zone Walking zone Muster station
Safety footwear in RED zone
Brann/ulukkeinstruks
Safety helmets in RED zone
Ved brann eller ulukke pĂĽ dagtid, kontakt sentralbord: Kleven Verft Myklebust Verft
Brann Politi Ambulanse
Eye protection recommended, and to be carried with you at all times
Tlf. 110 Tlf. 112 Tlf. 113
20
Photography not allowed Maximum speed
Hearing protection in high noise area
Tlf. 70019100 Tlf. 70026200
Ved brann eller ulukke etter ordinĂŚr arbeidstid, ring alarmtelefonar:
No unauthorized persons may enter this site
Myklebust Verft AS Site safety
All visitors must report to main gate
Safety footwear in RED zone Safety helmets in RED zone
Vakt-telefon:
Production zone Walking zone Muster station
Eye protection in RED zone
Kleven Verft Tlf. 91684360 Myklebust Verft Tlf. 90783950
Hearing protection in high noise area
Canteen
Reception 2. floor
No unauthorized persons may enter this site
20
Photography not allowed Maximum speed
Ship owners offices
Main gate Parking
Main road
Myklebust Verft AS N-6082 Gursken, Norway +47 70 02 62 00 post.mve@kleven.no Kleven Maritime Contracting AS N-6065 Ulsteinvik, Norway +47 70 01 91 00 post@kleven.no
www.kleven.no
Design & production: Tegneren  Photo: Olav Thokle, Kleven
Kleven Verft AS N-6065 Ulsteinvik, Norway +47 70 01 91 00 post.kve@kleven.no