SAMANDRAG AV HMS-RAPPORT 2013
Vi skal gjere godt arbeid, og vere til å stole på. I Kleven tek vi helse, miljø og sikkerheit på alvor. Arbeidet med HMS skal fremme • godt arbeidsmiljø • ivaretaking av sikkerheita til dei tilsette • vern mot helse- og miljøskader frå produkt og arbeidsprosessar • hindre forureining av det ytre miljø Dette skal settast inn i ein samanheng som gjer Kleven sine verksemder til arbeidsplassar der dei tilsette trivast, der lover vert følgde, kundar vert tilfredse og drifta vert lønsam. Kleven har nedfelt følgande i retningslinene for berekraftig drift og utvikling: • Vi skal følgje offentlege og eigne krav vedkomande miljøet som gjeld verksemda vår • Vi skal ha tydelege miljømål basert på risikoanalysar, og program for oppfølging av desse • Vi skal kontinuerleg arbeide for å betre våre miljøprestasjonar • Vi skal arbeide målretta for at dei fartya vi produserer skal ta i bruk dei beste miljømessige løysingane • Vi skal sikre at alle i vår organisasjon kjenner miljøambisjonane våre og korleis verksemda vår arbeider for å kontrollere miljøaspekta våre • Vi skal aktivt kommunisere vår miljøprestasjon med allmenheita Denne miljøpolitikken, saman med Kleven sitt verdigrunnlag ‘Vi skal gjere godt arbeid og vere til å stole på’, skal sikre at Kleven sine prioriterte miljøtiltak vert integrerte i ein heilskap der forretningsstrategiar, dagleg drift og interessegruppene sine ulike behov vert tekne omsyn til. Kleven Verft AS vart i 2013 sertifisert av DNV til å tilfredsstille krava i ISM-kodene ISO 9001:2008 og ISO 14001:2004. Myklebust Verft AS er i ein tilsvarande prosess med forventa sertifisering 1. kvartal i 2016.
Mål for 2014: Mål for sjukefråver, skader og uønska hendingar: • Redusere sjukefråver gjennom førebygging, tilrettelegging og tett oppfølging • Redusere skadefrekvens gjennom rett bruk av verneutstyr, sikre farlege områder, bruk av sikker-jobb-analyse • Auke rapporteringsfrekvensen av RUH Miljømål for Kleven Verft: • Finne og iversette tiltak for å redusere forbruk av olje og straum • Auke sorteringsprosenten for avfall • Søkje å redusere risiko for forureining til luft og vatn Miljømål for Myklebust Verft: • Førebygge helseskader og miljøpåverknad frå produkt/aktivitet • Avfallshandtering: Iverksette tiltak for å auke sorteringsprosenten, spesielt førsteleddssortering • Energieffektivisering: Etablere energiteam som skal jobbe med effektivisering i.h.t. avtale med Enova
NĂ˜KKELTAL HMS
2013
2012
SjukefrĂĽver: Totalt for konsernet: Kleven Verft: Myklebust Verft: Kleven Maritime Contracting: Skadestatistikk: Totalt for konsernet: Kleven Verft: Myklebust Verft: Kleven Maritime Contracting: H-verdi: Totalt for konsernet: Kleven Verft: Myklebust Verft: Kleven Maritime Contracting: Avfall: Kleven Verft: Myklebust Verft:
6 418 tonn 1 143 tonn
4 076 tonn 997 tonn
Sorteringsprosent: Kleven Verft: Myklebust Verft:
85,0 % 77,0 %
86,7 % 83,5 %
Dieselforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
340 000 l 120 000 l
344 763 l 35 000 l
Energiforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
12,00 GWh 4,60 GWh
11,20 GWh 3,26 GWh
Ferskvatnsforbruk: Kleven Verft: Myklebust Verft:
66 300 m3 50 151 m3
45 046 m3 55 975 m3
4,21 % 5,30 % 7,00 % 1,28 %
4,91% 5,21 % 8,09 % 1,31 %
28 16 6 6
23 15 5 3
10,64 10,68 12,53 9,50
12,53 11,60 18,97 8,62