Norsk no! Tekstbok (9788211024565)

Page 1

Kva årstid er det? Kva månad er det?

80

leksjon 7: årEt rUNdt


KORLEIS ER VÊRET?

Det er sol. Sola skin.

Det er skya. Det er overskya.

Det er regn. Det regner.

Det er snø. Det snør.

Det er vind. Det blåser.

Det er torevêr. Det torar. Det lyner.

Det er varmt. Det er tjuefem grader.

Det er kaldt. Det er minus femten grader.

Det er fint vêr. Det er godt vêr.

Det er stygt vêr. Det er dårleg vêr.

KVA GJER DU OM SOMMAREN? Det er sommar. Om sommaren er det varmt. Sola skin. Det torar og lyner av og til. Vi går på stranda. Vi badar og solar oss. Vi har sommarferie. Det er herleg!

Det er haust. Om hausten er det kjølig. Skal vi vere ute? Skal vi vere inne? Det blåser og regner. Vi treng regntøy. Det er tåke av og til. Blada på trea er raude, brune og gule. Det er vakkert!

Det er vinter. Om vinteren er det kaldt. Det snør mykje nokre stader. Det regner mykje nokre stader. Det er mørkt. Det er minus femten grader nokre stader. Vi treng varme klede.

Det er vår. Om våren er det mildt. Det er litt varmt og litt kaldt. Det regner av og til. Sola skin av og til. Snøen smelter. Vi går på tur. Vi er ute.

leksjon 7: årEt rUNdt

81


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.