Soga om Gunnlaug Ormstunge - 3. utgåve (9788211034267)

Page 1

Soga om Gunnlaug Ormstunge

ISBN 978-82-11-03426-7

,!7II2B1-adecgh!

SKU LEUTGÅVE

Soga er eit av dei kortare verka frå den norrøne kulturarven, og ho eignar seg derfor godt til ei innføring i sagalitteraturen. Denne tredje skuleutgåva er utstyrt med etterord, ordforklaringer, kart og oversikt over hovudpersonane.

SOGA OM GUNNL AUG ORMSTUNGE

Soga om Gunnlaug Ormstunge fortel den dramatiske trekanthistoria om Gunnlaug, Helga og Ravn. Handlinga går føre seg på Island, i Noreg og i landa rundt Nordsjøen, truleg rundt år 1000. Stormannssonen Gunnlaug blir driven av utferdstrong og stridslyst, men han utmerker seg særleg med skaldekunsten sin.

S og a om G unnl aug O r ms tunge S KU L E U TG ÅV E


Innhald 1. Far og mor til Helga 2. Torstein drøymer 3. Helga blir fødd og sett bort 4. Illuge Svarte og sonen Gunnlaug 5. Ånund og sonen Ravn. Gunnlaug bed om å få Helga 6. Gunnlaug hos Eirik jarl 7. Gunnlaug hos kong Adalråd 8. Gunnlaug i Dublin, på Orknøyane og i Gautland 9. Gunnlaug og Ravn i Svitjod. Ravn bed om å få Helga 10. Gunnlaug kjem til Island 11. Ravn og Helga gifter seg. Gunnlaug byr Ravn holmgang 12. Ravn og Gunnlaug fer til Noreg. Holmgang på Dinganes 13. Illuge og Ånund drøymer om sønene. Helga gifter seg opp att Etterord

3

5 5 8 11 14 20 22 26 30 35 39 48 54 58


Kart over Vest-Island og oversikt over hovudpersonane

Sk Skjeljavik kjeljavik

Steingrimsfjord

Rutafjord

Breidafjorden

Kv Kvam v m

Løys Løysingstad y ingstad

Grimstunga

Bordøy Bordøyra øyra øy

Hjardarholt

Kvamsfjord Kvamsfjorden rd den

Holtavarde Holtavardeheia d heia a

Raudem l Raudemel Reduvatn

Gilsbakke

Gilsbakke G

dal sd

Raun

Borg Borr

Ge

f

Hauk Haukadal kad d Li Li

Mosfell Moste

Sk

Røykjavik

A tinget Alltinget

Røykjanes

ik ik Grindavv

Hjalle

Ølfus Øy tar

Reppar

a ng Tu

T jo rs åd al

Øk sar å

Røykjardal Røyk Rø ykja yk j rda

våg

u Leir

Bruarå

ar

rg

Bo

l l) ku ku sjø gjø nd Lan a l ( it

n de jor

eid

Faksafjorden

itå Kv Guvåos Guvåosen

Skåånøy Sk Skånøy

Hekla

å jorrsså Tjo

ngskalatinget Ting Ti Tingskalatinget ne l ne lla olla vo gavo anga RRan ng bø i ju k n i ir ar K tsglia inhgy Tru FTljuon rend Lidarend de nde nd La Lida nd Holar øy t ka garfljo Bergtor kv Bergtorskvål kvå ar M Tarng Tu så or

Tj

Ho t Holt

Øvafjell

sen

rb

na

Ar

Gilsbakke Illuge Svarte + Ingebjørg

s-o øli

Borg Torstein Egilsson + Jofrid

Mosfell Ånund + Geirny

Helga

Ravn

Torkjell Svarte (frende)

Gunnlaug

fosterbror

4


1.

Far og mor til Helga

Torstein heitte ein mann. Han var son til Egil, son til Skallagrim, son til Kveldulv, ein herse frå Noreg. Åsgjerd heitte mor til Torstein. Ho var dotter til Bjørn. Torstein budde på Borg i Borgarfjorden. Han var rik og ein stor hovding, ein klok mann, fredeleg og måtehalden på alle vis. Han var ikkje ei kjempe i vokster eller styrke som Egil, far hans; men endå var han ein framifrå mann og vel omtykt av alt folket. Torstein var ein ven mann, ljoshærd og med utifrå fagre augo. Han var gift med Jofrid, dotter til Gunnar Livsson. Før hadde ho vore gift med Torodd, son til Tunge-Odd, og dotter deira var Hungjerd, som voks opp på Borg hos Torstein. Jofrid var ei overlag dugande kvinne. Ho og Torstein hadde mange born, men få av dei kjem denne soga ved. Den eldste av sønene deira heitte Skule, den andre Kollsvein og den tredje Egil.

2.

Torstein drøymer

Det er sagt at ein sommar kom det eit skip til lands i Guvåosen. Styresmannen på skipet er kalla Bergfinn. Han var av norsk ætt, rik og noko tilårskomen. Han var ein klok mann. Torstein bonde reid ned til skipet. Han var til vanleg den som 5


hadde rømt bort og stole med seg hesten hennar. Torstein sa ho hadde gjort vel, og fekk seg ein annan sauepassar. No gjekk det seks vintrar, utan at dette kom opp. Då reid Torstein i gjestebod vest til Hjardarholt, til Olav Hoskuldsson Påe4, mågen5 sin, som då tyktest vera den mest vørde av alle hovdingane der vest. Torstein vart vèl fagna6, som rimeleg var. Ein dag i gjestebodet er det sagt at Torgjerd sat i høgsetet og tala med Torstein, bror sin, og Olav sat og tala med nokre andre. Men på benken andsynes dei sat tre jenter. Då sa Torgjerd: «Korleis likar du, bror, desse småjentene som sit her imot oss?» Han svara: «Svært godt, men den eine er likevel mykje fagrare enn hine. Ho har venleiken til Olav, men den ljose hamleten og andletsdraga til oss myremenn7.» Torgjerd svara: «Visst er det sant som du seier, bror, at ho har den ljose hamleten og andletsdraga til oss myremenn, men ikkje venleiken til Olav Påe, for ho er ikkje hans dotter.» «Korleis kan det ha seg,» seier Torstein, «når ho likevel skal vera di dotter?» Ho svara: «Når sant skal seiast, frende8, så er ho di dotter, og ikkje mi, denne fagre møya.» Sidan fortalde ho han

4 5 6 7 8

Påe, påfugl måg, svoger (mannen til Torgjerd) fagna, ta i mot myremenn, namn på hovdingætta på Borg. Landskapet derikring heiter Myrar. frende, slektning

10


korleis alt hadde bore til og bad han tilgje henne og kona si denne ulydnaden. Torstein sa: «Ikkje kan eg lasta dykk for dette. Det går som det er laga med dei fleste ting, og de har jamna vèl over uklokskapen min. Eg likar denne jenta så godt at eg tykkjer det er ei stor lukke å ha så fagert eit barn. Men kva heiter ho?» «Helga heiter ho,» sa Torgjerd. «Helga den fagre,» sa Torstein. «No skal du bu henne til å fara heim med meg.» Ho gjorde så. Torstein vart følgd ut derifrå med gode gåver, og Helga reid heim med han og vart oppfødd der med stor heider og kjærleik av far og mor og alle frendar.

4.

Illuge Svarte og sonen Gunnlaug

Denne tida budde Illuge Svarte, son til Hallkjell Rosskjellsson, på Gilsbakke oppå Kvitåsida. Mor hans var Turid Dylla, dotter til Gunnlaug Ormstunge9. Illuge var den største hovdingen i Borgarfjorden nest etter Torstein Egilsson. Han hadde store eigedomar og var mykje hardlyndt, men heldt venene sine vel. Han var gift med Ingebjørg, dotter til Åsbjørn Hordsson frå Ørnulvsdal. Mor til Ingebjørg var Torgjerd, dotter til Midfjords-Skjegge; ho og Illuge hadde mange born, men få kjem denne soga ved. Hermund heitte eine sonen deira, 9

d.e.; dvs. oldefar til Gunnlaug som soga handlar om

11


Soga om Gunnlaug Ormstunge

ISBN 978-82-11-03426-7

,!7II2B1-adecgh!

SKU LEUTGÅVE

Soga er eit av dei kortare verka frå den norrøne kulturarven, og ho eignar seg derfor godt til ei innføring i sagalitteraturen. Denne tredje skuleutgåva er utstyrt med etterord, ordforklaringer, kart og oversikt over hovudpersonane.

SOGA OM GUNNL AUG ORMSTUNGE

Soga om Gunnlaug Ormstunge fortel den dramatiske trekanthistoria om Gunnlaug, Helga og Ravn. Handlinga går føre seg på Island, i Noreg og i landa rundt Nordsjøen, truleg rundt år 1000. Stormannssonen Gunnlaug blir driven av utferdstrong og stridslyst, men han utmerker seg særleg med skaldekunsten sin.

S og a om G unnl aug O r ms tunge S KU L E U TG ÅV E


Turn static files into dynamic content formats.

Create a flipbook
Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.